Den kapitalistiske marknaden kan ikkje sikre dette
Dette skulle vere eit enkelt krav og det skulle vere enkelt å få det til med den enorme utviklinga av produktivitet og produksjon som har funne stad dei siste femti åra. Men det skjer ikkje i heile den gamle columbiske verda og i dei fleste andre land. Det vil særleg seie den delen av verda der overklassane bygga opp eit system for utnytting av heile resten av verda til beste for desse overklassane. Det har berre skjedd i nokre land utanfor desse. Nokre av dei har blitt allierte med columbiarane som Japan og Sør-Korea. Men det er nokre som står utanfor den columbiske dominansen, som Nord-Korea, Cuba, Venezuela, Syria, Russland, Iran, Kina som kanskje dei viktigaste. Desse har prøvd å sette i gang prosessar for å få betre velferd for folkesetnaden sin, men det har vorte svært vanskeleg på grunn av den økonomiske krigføringa som dei columbiske statane har ført mot dei. Det landet som har lukkast i størst monn i dei siste generasjonane er Kina. Eit viktig kjenneteikn for Kina er at Det kommunistiske partiet har kontrollen på den kapitalistiske utviklinga som har skjedd. Marknadskreftene har vore halde i ganske stramme tyglar. Dette gjeld for alle stader der velferda har vore relativt godt utvikla. Når vi seier at marknadskreftene ikkje kan sørge for rimeleg god velferd for alle, så vil alle utan bind for auga sjå at det stemmer.
Det som har kjenneteikna dei siste rundt 50 åra er at kapitalismen har nådd eit stadium der det blir stadig vanskelegare å oppretthalde velferd for alle saman med eit kapitalistisk profittsystem i det heile. Det kjem av at den enorme utviklinga av produktiviteten i økonomien har ført til stadig minkande avkastning på heile kapitalen, profittraten sin tendens til å falle har vore aktivert. Og under kapitalismen er velferd for alle avhengig av relativt høg profittrate. Den gjer det mogleg å halde oppe overføringar til det arbeidande folket som gjer ei viss velferd mogleg. Når profittraten fell blir denne moglegheita stadig meir svekka. Det er dette vi har sett no i nokre tiår.
Leiande kapitalistar forstår problemet og har si løysing
Dei leiande kapitalistane sjølv ser no dette. I siste nummer av magasinet Time (Time 2. til 9. november 2020.) fortel nokre av dei at det som er kalla nyliberalismen har mislukkast, mellom anna fordi systemet ikkje har klart å utvikle nett velferd for alle, men at det har gått i motsett lei, med meir rikdom for nokre få og stadig vanskelegare kår for det store fleirtalet. No vil dei lage noko dei kallar «the Reset», ei ny begynning som når du startar opp at ein datamaskin ut frå eit tidlegare punkt, slik at dei feila som er lagt inn i den siste tida, før det tidspunktet du går tilbake til, blir fjerna.
«I dei siste 30 til 50 åra har den nyliberale ideologien vorte leiande i store delar av verda. Sentralt for denne tilnærmingsmåten er den oppfatninga at marknaden veit best, at oppgåve til forretningsdrifta er å drive forretning» og at regjeringa bør halde seg vekke frå å sette klare reglar for korleis marknaden fungerer. Denne dogmatiske trua har vist seg å vere feil. Men heldigvis er det ikkje lagnaden at vi skal følgje ho.» Dette skriv Klaus Schwab som var grunnleggaren av World Economic Forum, og som er arbeidande styreleiar der, når han gir eit samandrag av hovudpunkta boka si, Stakeholder Capitalism, som kjem ut i 2021.
Så seier han: «Det er verkeleg slik at dei dårlege nyheitene som er knytt til Covid-19 kom på toppen av enorme økonomiske, økologiske, samfunnsmessige og politiske utfordringar (han kan jo ikkje ordet problem) som møtte oss allereie før pandemien kom. Og kvart år som gjekk gjorde at desse utfordringane, som folk erfarte direkte, syntest å bli verre, ikkje betre. Det er også sant at det ikkje finnast nokon lett veg ut av denne vonde sirkelen, sjølv om mekanismane for å gjere det ligg rett føre oss. Kvar dag finn vi opp nye teknologiar som kunne ha gjort liva våre og planeten sin helse betre. Frie marknader, handel og konkurranse skapar så mykje rikdom at det i teorien skulle kunne gjere at alle får det betre viss det var vilje til å gjere det. Men det er ikkje vår røynd i dag.» Så seier han at det økonomiske systemet som skapte rikdom i USA på 1950- og 60-talet ikkje fungere lenger, men bidreg til samfunnsmessige usemje og missnøye. Men likevel er det mogeleg å tru på et at eit betre økonomisk system er mogeleg.
Han skriv altså at det er mogleg med eit betre økonomisk system, og at det kan vere like om hjørnet. Så tar han covidkrisen som eksempel og seier at «stakeholders act for the public good and well-being of all, instead of just a few.” Altså at desse som no blir kalla stakeholders handlar til alle sitt beste og for at alle skal ha det godt. Omgrepet stakeholder blir stort sett gitt tydinga anten eit individ, ei gruppe eller ein organisasjon som blir påverka av resultatet av eit prosjekt. Dei er interessert I at prosjektet skal lukkast og kan vere både innan og utanfor organisasjonen som sponsar prosjektet., Ifølgje Oxford Shorter Dictionary, tyder stakeholder economy ein økonomi der alle i samfunnet som har satsa får del i resultatet når ein lukkast. Dette tyder til dømes at arbeidarar er stakeholders i føretaket som utbytar dei, fordi dei er avhengige av at føretaket går godt for å få utbetalt lønna si. Regjeringar er også stakeholders i prosjekt som finanskapitalen set i verk når dei er med på satsinga. Det same gjeld internasjonale organisasjonar.
Men omgrepet kan også tyde den som tar imot pengar som du veddar for. Det vil seie at enkeltpersonar og føretak som sponsar tiltak og reklamerer godt for dei, kan få store overføringar frå staten sine skattepengar, frå internasjonale organisasjonar og private investorar. Staten og dei andre veddar då på ein måte på at dei skal få fordel av dette. Når staten etablerer sugerøyr for finanskapitalen i fellesskapet sine kassar for å utvikle til dømes velferd og vindturbinar og mange miljøtiltak, er det slik vedding. Det viser seg ofte at reklamen ikkje samsvarer med røynda, og at regjeringa sine sugerøyr til finansmonopola, som ifølgje illusjonane våre tener fellesskapen av arbeidande menneske, berre, eller i all hovudsak, tener til meir profitt for finanskapitalen. Ofte ser vi heller ikkje noko særleg til dei fordelane som det blei reklamert med, mens ulempene kjem fram i rikt monn.
Schwab legg stor vekt nett på det sterke samarbeidet mellom regjeringane og forretningsverda for å sikre fond som trengs for å utvikle og distribuere vaksine. Og han vil at dette skal bli eit mønster for all økonomisk aktivitet frametter. Og sjølvsagt understrekar han at føretak ikkje treng så stanse strevet etter profitt for aksjeeigarane. Dei treng berre å «skifte til eit lengre perspektiv på organisasjonen sin og misjonen hans og sjå forbi det neste kvartalet eller rekneskapsåret til det neste tiåret eller den neste generasjonen.» Så tar han Maersk og Black Rock som gode eksempel.
Med desse eksempla i tankane skal vi altså bygge eit etisk økonomisk system.
Kva er då «reset»?
Derfor betyr denne «reset» at den grunnleggjande logikken i det kapitalistiske systemet blir halde oppe, mens dei seier dei skal fjerne som har skada denne logikken på eit vis. Det rådande systemet, kapitalismen, skal derfor haldast oppe, men kapitalistane skal prøve å unngå dei feila som blir tatt vekk ved «reset». Vi skal derfor også merke oss at tittelen på artikkelen i Time er Capital Ideas, og i innleiinga skriv dei Ei gruppe føretak begynner å omdefinere korleis vi skal måle suksess. Capital kan tyde både store og viktige og kapital. Eg trur begge tydingane er rette. Og den neste setninga viser at vi her har kapitalens viktige store og nye ideer. Ideas (idear) viser til den borgarlege ideologien som Schwab er talsmann for og som han vil sluse oss inn i.
Artikkelen i Time, og boka som kjem, er den friserte reklamen for dei planane som no verserer i storfinansens verd. I september organiserte International Business Council, ei underavdeling av World Economic Forum, ei samling for lage mal for den nye moralske kapitalismen. Samlinga var leia av Brian Moynihan frå Bank of America. Dei diskutere nokre ikkje-finansielle mål som føretak kan legge inn i planane og årsmeldingane sine. Dei diskuterte då slike spørsmål som, kva er forskjellane mellom kjønna innan føretaket, kor mange folk med forskjellige bakgrunnar blei tilsett og forfremja, kva har føretaket gjort for å redusere gassar som skaper drivhuseffekt, kor mykje skatt betaler føretaket internasjonalt og lokalt, og kva gjorde føretaket for å tilsette og trene opp folk.
Vanlege arbeidsfolk må sjå realitetane bak reklamen for å kunne handle passande når dei forskjellige lure angrepa på dei kjem. Instinktivt kan vi forstå mykje, men ei djupare forståing krev at vi kjenner den kapitalistiske logikken. Og den er det berre Marx som har avdekka skikkeleg. Det er derfor det er så viktig å lese Marx. Utan hans omgrep og analyser har vi ikkje eit skikkeleg våpen mot dei variantane av borgarleg ideologi som vi er utsette for heile tida. Legg merke til at lønn og makt over produksjonsmidla og kva som skal produserast til beste for kven, ikkje er nemnd av Schwab. For kvinnene er det sjølvsagt den borgarlege likestillingsfeminismen som gjeld, ikkje arbeidarklassen sin frigjeringsfeminisme. Dei store finansmonopola si utbytting av både «eigne» arbeidarar og mindre føretak pluss folk i andre land er heller ikkje noko emne for han, sjølvsagt.
Attende til moralisten Adam Smith
I røynda går no finanskapitalistane tilbake til den store kapitalistiske økonomiteoretikaren, Adam Smith, som utforma sine økonomisk teoriar før 1800. Men Adam Smith var eigentleg ein moralist og hadde skrive eit stort verk om etikk og moral før han kom med det store verket sitt om kapitalistisk økonomi. Han sa då også at det kapitalistiske systemet i seg sjølv ikkje var moralsk i sin funksjon, og at det måtte styrast av kapitalistane sin moral der sympati var eit grunnleggande omgrep. Det vil seie sympati med arbeidarane og dei fattige som blei utbytta og undertrykt som ei følgje av den lovmessige utviklinga av kapitalen. Han foreslo altså at kapitalen skulle bli styrt av moralsk og etisk høgverdige kapitalistar som sympatiserte med arbeidarane sine.
Men botnlinja trumfar moralen
I dag, som tidlegare, veit vi at botnlinja trumfar moralen. Når det er god forteneste fordi utbyttinga av dei «eigne» arbeidarane og/eller folka i andre land går godt, så kan kapitalisten tillate seg moral og etikk og sympati. Men når føretaket, eller heile systemet slit med fortenestegraden, eller profitten, då gjer dei det som må til for å hindre raude tal på botnlinja og ha eit betre resultat enn konkurrentane. Smulane som kjem ned til dei som skapar verdiane blir då mindre.
Dette har vi sett ved overgangen frå den sosialdemokratiske til det nyliberale versjonen av kapitalismen. I dei gamle kapitalistiske landa blei profittraten så låg fram mot 1980 at sosialdemokratismen måtte vekk, sjølv om ein del slagord blei med vidare. Sosialdemokratiet sine positive reformar blei erstatta av sosialdemokratiet sine deformar, negative reformar som gjekk ut over arbeidsfolket. Av og til var det deformar som samsvarte godt med dei erklærte høgrepartia sin politikk og av og til gjekk dei i same lei som denne politikken, men var ikkje heilt like ille. Dette er hovudgrunnen til sosialdemokratiets fall. Dei har måtte forlate det grunnleggande prosjektet sitt med positive reformar for arbeidarklassen for å halde på tiltrua frå den herskande utbyttarklassen. Då profittraten fell blei det avslørt kven dei tente. Dei kunne ikkje kamuflere det lenger med milde gåver til folket. Samstundes fekk vi endå større kapitalistiske monopol enn før, og dei både utbytta «eigne» arbeidarar og andre mindre føretak. Slik har fleire av dei klart å halde sine profittar oppe.
Dette har opna markene for dei gamle høgrepartia og nye høgreparti som Framstegspartiet. Særleg Frp sette opp nokre freistande krav om lågare skattar og mindre statsbyråkrati. Men når det kom til stykket har det vist seg at det først og fremst var dei rikaste som fekk lågare skattar og dei vanlege arbeidsfolka og meir fattige folk, fekk det verre medan statsbyråkratiet vaks og leiarane fekk mykje høgare betalt. Velferd blei privatisert og svekka. Eit eksempel er den store nedgangen i sjukehusplassar frå 1980 til i dag. Det skal ha vore ei halvering. Og sjukepleiarane blir pressa stadig hardare av foretaksøkonomiske system der sjukehus blir sett på som eit føretak på linje med andre. Eit anna eksempel er privatiseringa av barnehagane som blei sett i verk under ei arbeidarpartiregjering med SV på slep, då dei skulle bygge ut barnehagar i stort tempo for å gi tilbod til alle barn. Og som høgreregjeringar har følgt opp.
No skal altså finansoligarkane i gang med ei ny utvikling av det kapitalistiske systemet der alle verdiar i samfunnet skal mobiliserast for å halde oppe profitten til dei største finansmonopola, mellom anna Black Rock som var nemnd av Schwab. Og dei verdiane skal mellom anna komme frå dei skattane arbeidsfolk betalar ved at monopola får stadig fleire sugerøyr i statskassane. Då blir det mindre att til den velferda desse skattane skulle sikre. Dette er beinhard klassekamp vidare frametter, folkens. Og det må vi innrette oss på.
Terje Valen, 2. november 2020.