Når du har lest artiklene om NGOenes arbeid på Haiti, så vet du hva realiteten er. NGOene utgjør det siste, mest utspekulerte trekket i USA-imperialismens og columbismens herjinger i andre land. Men reklamen er like fin som den er løgnaktig, eller i det minste villedende fordi en velger ut noen få eksempler, som kanskje er ok, men som likevel bidrar til det som står nederst i den rapporten dere nå skal se
Etter eit
par procolumbiske og villeiande artiklar i Klassekampen om Haiti for kort tid
sidan har et tatt på meg å drive litt anticolumbisk folkeopplysning. Her er
tredje innlegget i dette høvet.
NGOar (Non
Governmental Organisations) er organisasjonar som formelt sett ikkje er
statlege. I røynda er dei no finansiert og dirigert av statar og dei rikaste
finansfolka i verda. USA og deira finansoligarkar kontrollerer flest NGOar.
For dei
som vil vite korleis verda fungerer i dag er boka Washington Bullets – A
History of the CIA, Coups and Assassinations frå 2020 av Vijayd Prashad
viktig. Han følgjer opp slike tidlegare bøker som Free World Colossus
frå 1962 av David Horowitz (utgjeven på norsk av Pax i 1964 og 65) og 1965 med
tittel USA og den tredje verden, søkelys på amerikansk utenrikspolitikk
bind 1 og 2) og War Without End – America Planning for the Next Vietnams
frå 1972 og fleire bøker av William Blum, der den siste var America’s
Deadliest Export – Democracy – The Truth About US Foreign Policy and Everything
Else frå 2014.
Eg
omsette her eit avsnitt frå Prashad si bok, sidene 132-135, med overskrifta Republic
of the NGOs.
Det er
fleire NGOar i Haiti per hovud enn nokon anna stad i verda. Men det er det mange
andre stader og. IMF (Det internasjonale pengefondet) forlangar at regjeringar
må kutte i budsjetta sine gjennom program for strukturendring og det tener til
å krympe staten. I staden for den svekka staten kjem mengder av NGOar, mange av
dem for å gi tenester som ein gong var vedtatt i grunnlova at den demokratiske
staten skulle gjeva; eller det var i det minste det dei håpa på. Med den svekka
staten, og med NGOane over alt, hadde regjeringa mindre grunnlag for støtte frå
folket enn før. Andre maktkjelder begynte å tre fram. Desse maktkjeldene hadde
ikkje noko formelt ansvar i noko demokratisk prosess; dei skal ofte berre stå
til rekneskap for dei som finansierer dei, og i dei viktige sakene viser det
seg at er dette er regjeringar i USA og EU. Dagsetelen for land som Haiti blir
ikkje sett opp av regjeringa der. Den har berre att oppgåva å halde oppe
sikkerheita i landet. Dei som set opp dagsetelen er dei internasjonale
institusjonane som IMF og regjeringar i USA og Frankrike, men også av FN. Dei
set opp vilkåra for det haitiske folket. Med andre ord dei er herskarane på
Haiti.
Haiti
hadde aldri ein sjanse. Landet var handsame som ein ståande trussel sidan
revolusjonen i 1804. Demokrati vart aldri tillate. Den franske regjeringa tok
22 milliardar dollar frå Haiti på grunn av revolusjonen. Det USA-støtta
diktaturet til Duvalier-familien, som varte i tretti år, saug landet tørt.
Francois Duvaliers sine paramilitære grupper – Tonton Macoutes – opplært av USA
sine militære som var stasjonert i landet – drap over 50 000 menneske i
denne perioden og spreidde sine antikommunistiske og anti-folkelege ideologiar
i samfunnet gjennom frykt og løgner.
Masseoppstandar
kasta Duvalier-regimet i 1986. Det nye landet gjekk inn i den demokratiske
fasen sin med eit besøk til IMF, som – saman med utanriksdepartementet i USA –
«rådde til» ein tvungen politikk for liberalisering av handelen. Det var ingen
som ettergav den skammelege gjelda som var tatt opp av den tidlegare
diktatoriske regjeringa, utan mandat frå folket.
Det var
ei rørsle kjend som floden (lavalas), leia av den tidlegare presten,
Jean-Bertrand Aristide, som hadde kasta Duvalierane. I det første valet sitt var
det pengar utanfrå som finansierte valkampen til høgrekandidaten, Marc Bazin,
som hadde hatt sete i Duvalier sitt kabinett og vore tilsett ved Verdsbanken.
Likevel vann Aristides over Bazin. Før Aristides kunne bli tilsett i stillinga
blei det gjort eit kupp av eit råskinn blant Duvalier sine folk. Ei stor folkeleg
mobilisering gjorde at dette ikkje vart varig. Men etter åtte månader som president
blei Aristides fjerna av Raol Cédras. Hans gangsterorganisasjon FRAPH, som
var finansiert av CIA, gjekk til åtak på Aristides støttespelarar. Cédras var
finansiert av International Republican
Institute med base i Washington. Valden frå Cédras si regjering var verre en
den som Duvalier hadde utført. Denne valden øydela det nye radikale samfunnet
som blei skapt av Lavalas.
Likevel
gjorde presset nedanfrå at Aristides kom tilbake i 1994. Då blei han tvinga til
å signere ein avtale kalla Governor’s Island Accord som tillèt internasjonale
institusjonar å drive Haiti og tillèt NGOar full opning i eit land der dei
demokratiske institusjonane var blitt systematisk underminert. Då han fekk
makta tilbake i 1994 var det under dei mest gagnlege vilkåra som var sett fast
av Clinton i Det kvite huset og Wall Street. Dei ville at Haiti skulle bli ein
maquiladora – eit skattefritt område som skulle tene dei multinasjonale
korporasjonane. Fordi Haiti ikkje klarte å betale avdrag på gjelda si i 1998
gjekk dei til det internasjonale pengefondet (IMF) som kravde
innsparingspolitikk. Aristides klarte ikkje å møte krava til IMF og det fekk
IMF til å fryse fond som skulle til regjeringa. NGOane fekk ikkje nokon frys,
så pengar flaut inn til dei. USA sitt Agency for International Development
(USAID), som blei skapt i 1961, er finansiert av den amerikanske regjeringa og finansiere
– i sin tur – NGOar. Grupper som blei finansiert av USAID opplevde stadig auke
i budsjetta sine etter 1998 (i 1995 tvinga Kongressen i USA USAID til å stanse finansiering
av regjeringa i Haiti og bestemde at dei berre skulle finansiere NGOar). I 1995
fortalde Clinton sin viseutanriksminister til Senatet i USA at «sjølv etter vi
gjekk ut i februar 1996» – han viste då til ein planlagt uttrekking av
amerikanske militære styrker – «vil vi fortsette å ha makta ved hjelp av USAID
og den private sektor». USAID finansierte tusenvis av NGOar, som fremma USAID sin
agenda i landet. USAID arbeidde for å omdanne jordbruket på Haiti til ein eksport
retta dyrking, dei jobba for å hindre lover om minimumsløn (som då Aristides
prøvde å få opp minimumsløna frå 33 cent per time til 50 cent per time), og dei
arbeidde for å få inn mathjelp som dumpa «fri» ris som blei dyrka av
amerikanske bønder (og kjøpt av fonds frå USAID) og øydela Haiti sin eigen risproduksjon.
USAID støtta private skular og undergrov offentlege skular og program for å lære
vaksne å lese og skrive. Dei avskaffa importtoll
på mat slik at kyllingfarmar i USA kunne dumpe dei delane av kyllingen som dei
ikkje ville ha på Haiti og dermed øydela dei Haiti sin eigen fjørfeproduksjon.
I 2009,
under eit umåteleg folkeleg press, vedtok regjeringa i Haiti ein lov som heva
minimumsløna frå 24 cent i timen til 61 cent i timen. Med den nye løna ville arbeidarane
på Haiti få 5 dollar dagen, mindre enn dei 12 dollar som ein familie på fire treng
for å leve på Haiti. Amerikanske tekstilfabrikkar som opererer på Haiti klaga
til den amerikanske ambassaden på Haiti og dei dreiv vellukka lobbyverksemd for
å få omgjord auken. Nestkommanderande ved ambassaden sa at den nye minimumsløna
«ikkje tok dei økonomiske realitetane med i rekninga». Derfor heva regjeringa på
Haiti, takka vere den amerikanske ambassaden, berre minimumsløna med 7 cent per
time og tillét slik føretak slik som Fruit of the Loom, Hanes og Levi Strauss å
hauste massive profittar.
Aristides
blei kast ved eit kupp i 1991. Attendekomsten i 1994 var ein tom tilbakekomst –
avtalen han var blitt tvinga til å godta – førte til at han berre kunne sjå på at
NGOane uthola landet hans sine demokratiske moglegheiter. Likevel vann
Aristides valet i 2000. Han kom tilbake
med friske steg og forlanga at Frankrike skulle betale tilbake til Haiti dei 21
milliardar dollar som dei hadde kravd frå Haiti for at Haiti i 1804 hadde
avskaffa slaveriet gjennom si uavhengigheit. På bakken var det klart at ytre
høgre grupper sine drap på Fanmi Lavals støttespelarar hadde utanlandsk støtte
og enno klarare at dette var ein metode for å undergrave Aristides totalt. Han
blei kasta under eit andre kupp i 2004, då han blei – med hans eigne ord –
kidnappa. Det var ikkje lenger berre Aristides som blei kidnappa, men også staten
Haiti. Den finst ikkje lenger. Den er no ein NGOrepublikk, slik det er med mange
andre nasjonar der dei demokratiske institusjonane har blitt kasta. Desse representerer
ein tredje slags kupp – etter kupp med tanks og bankar, har vi no kupp frå
NGOar.
Denne teksten er blitt til fordi Klassekampen nett har hatt to artiklar
som handsamar Haiti si historie og noverande situasjon ut frå eit pro-columbisk
perspektiv, altså sett frå dei columbiske okkupantane si side og ikkje ut frå det
anti-columbiske perspektivet til innbyggarane i landet.
Innleiing
Heilt frå starten har dei ikkje-columbiske folka kjempa mot columbismen
og for å sleppe ut av den columbiske sfæren.[i]
Dei første som braut ut av det columbiske systemet var dei svarte slavane
på Haiti. Alle dei 8 millionane som budde på øya som spaniarane kalla Hispania
opphavleg vart drepne av Columbus og broren i løpet av ein generasjon frå 1493
og utetter. Men i 1891 kasta slavane ut franskmennene og oppretta den første
frie ikkje-columbiske staten. Seinare sendte Napoleon franske (og polske)
troppar for å ta øya tilbake og dei såg ut til å klare det gjennom ein nådelaus
drapspolitikk, men dei tidlegare slavane klarte til slutt å slå også desse. Men
så slutta USA England, Canada og Frankrike seg saman og gjennom militære
intervensjonar og støtte til innlandske rikfolk, militære og dødsskvadronar klarte
ein kvit elite etter kvart å ta tilbake makta og slik redda dei Haiti for
columbismen[ii]
med fryktelege følgjer for folket der.
Frå eit intervju i Monthly
Review med anti-columbisk perspektiv – kort om tidleg historie i den columbiske
epoken
Dette har fortsett heilt fram til i dag. I siste nummer av Monthly
Review intervjuar Camilla Valle Margaret Prescod og Pierre Labosiere om
utviklinga på Haiti under tittelen The Long Haitian Revolution. Her
gjennomgår dei Haiti si columbiske historie heilt fram til i dag.[iii]
Dei som blir intervjua seier at revolusjonen til dei svarte slavane på
Haiti førte til at dette blei det første landet i verda som braut ut or det
columbiske kvelegrepet så tidleg som i 1791 og oppretta sin eigen uavhengige
stat, Haiti, den 1.1. 1804.
Min kommentar er at dette skjedde mens Norge framleis var ein provins
under Danmark før vi blei gitt til svenskekongen i 1814.
Det frie Haiti såg det som si oppgåve å kjempe mot slaveri over alt og
vere ein fristad for rømte slavar. Sjølv om columbiarane kom att, har dette
vore ein enorm inspirasjon for alle land som har vore og er undertrykte, røva
og utbytta av det columbisk-imperialistiske systemet.
Min kommentar er at det difor har vore ekstra viktig for columbiarane å
statuere eit eksempel her.
Frankrike, England, Spania og seinare USA, der slaveriet framleis var i
gang, ville øydelegge dette eksempelet på fridom eg vellukka revolusjon. Vi
veit jo at slaveriet i USA var ein av
dei heilt grunnleggande føresetnadene for utviklinga av industrikapitalismen i
England, med bomull frå USA og spinning og veving, først med vassdrivne
fabrikkar og daudeleg barnearbeid i Lancashire i England, og etter kvart meir
og meir med dampkraft i Manchester og andre stader.[iv]
Og sidan det har folket i Haiti vore fanga i denne kampen.
Nyare historie
I 1915 kom eit vendepunkt då regjeringa i USA invaderte Haiti. Jord
blei tatt frå innbyggarane og gitt til utanlandske føretak, helst amerikanske.
Det kom til eit massivt opprør og amerikanske marinesoldatar kom inn og kjempa
for at dei rike i Haiti og deira utanlandske allierte skulle kunne «bygge opp
att» landet og hindre at folkerørsla tok makta. Sidan då har folket på Haiti
kjempa mot den amerikanske makta. Etter kvart blei Francois «Papa Doc» Duvalier
og sonen hans Jean-Claude dei mest brutale uttrykka for klassekampen mot folket
for å halde oppe det gamle columbiske systemet.
I 1986 gjorde folket opprør att og kasta Duvalier, men USA har sidan
jobba for å få tilbake dei reaksjonære styrkane som blei bygga opp under han og
faren hans. Dei klarte å få på plass ei regjering som var dominert av desse
styrkane, men i 1990 valde folket Jean-Bertrand Aristide, ein lokal prest som
leia den nye fridomsrørsla. Han var den første demokratisk valde presidenten på
Haiti og klarte berre å halde seg ved makta i sju månader.
Den 30. september 1991 organiserte USA eit kupp som blei utført av ei
militære styrkane på Haiti. Meir enn fem tusen menneske vart massakrerte. Det
var massiv motstand i folket og mykje internasjonal solidaritet og Aristides
klarte å komme tilbake to år seinare for å fullføre sin valperiode. René følgde
opp lina hans som neste valde president i 1996. Aristides klarte å få i gang
store demokratiske reformar og velferdsreformar i si tid. Mellom anna gav han hæren
sitt hovudkvarteret til Haiti si kvinneforeining. René følgde opp dette. Folket
på Haiti klarte også å utarbeide ein ny grunnlov som førte vidare Aristides sin
demokratiske line og var basert på folkeleg medverknad. Han vart vedtatt med
overveldande fleirtal.
Programmet til Aristides
og lavalas og kva dei fekk til
Det kan vere verd å høyre kva dei seier om kva som gjorde Aristides og
hans følgjarar så farlege for USA, Frankrike og Canada at dei måtte okkupere
landet i 2004. Dei som blir intervjua seier følgande om dette:
Intervjuaren seier først at ho veit at Aristides gjekk inn for at Haiti
skulle vere eit uavhengig land og at han prioriterte matsikkerheit, helse, utdanning,
jordbruk, kulturkooperativ, høgare minimumsløner og tilbakebetaling frå Frankrike,
demokrati i landet og at dei skulle vere uavhengige frå utanlandske organisasjonar
og så bortetter. Så vil ho ha detaljar om dette. Dei som blir intervjua svarer
at rørsla til Aristides og hans følgjarar
som vart kalla lavalas gjekk mot det allmenne synet på Haiti. Dei publiserte ei
bok der dei sa at Haiti var eit rikt land med mange ressursar. Dei gjorde
verkeleg folket på Haiti klar over at dei var eit stolt folk som hadde kjempa mot
utbytting og visste kvifor landet hadde hamna der det no var. Dei hadde også
eit program som dei kalla « å investere i folket. Det viste alle ressursane
landet hadde og korleis dei kunne bli brukt for utvikling av landet for å betre
livsforholda slik at folk kunne ha eit godt liv som tente dei som menneskelege
individ, med ære.
President Aristides og hans regjering la ned mykje arbeid for å skape
eit likeverdig rettssystem. Han avvikla militæret i 1995 (det blei først mobilisert
att av Moïse) og det var ikkje nokon liten sak. Militærvesenet på Haiti tok
vanlegvis 40 prosent av det nasjonale budsjettet. Det blei skapt av USA etter
invasjonen i 1915 for å krige mot folket. Det sto for statskupp, undertrykking,
tortur og massakrar. Aristides oppretta i staden ein sivil politistyrke og
investerte 40 prosent i sosialsektoren og den lokale økonomien. Han
omorganiserte det bynadskompleksetkomplekset som var Haiti sin kopi av Pentagon
og gav bygnaden til kvinnerørsla. Dei organiserte eit departement for å ta opp problem
som dei fleste kvinnene på Haiti har.
Han investerte i skular, sjukehus, lokal matproduksjon og liknande og la
opp til ein politikk som skulle forme om samfunnet på Haiti slik at folket
hadde fordel av det. Og folket på Haiti engasjerte seg verkeleg. For første
gong slutta folk frå Haiti å flytte til utlandet og dei kom tilbake for å
investere i landet. Heilt sidan USA sin okkupasjon i 1915 har haitiarar flykta
på grunn av krigen både USA og det haitiske militæret førte mot folket. Folk
hadde flykta til Cuba og Den dominikanske republikken og til andre øyer.
Aristides og lavalas-rørsla skapte vilkår for å bygge landet.
Ei anna viktig sak var at dei kunne feire bruk av nasjonalspråket på
Haiti, som var kreolsk, som mest alle i landet snakka. Det var likevel fransk
som var det offisielle språket sjølv om berre 10 til 15 prosent av folket
snakka det. Aristides var den første presidenten som tok eiden då han vart
innsett, på kreolsk. Og då han kom til FN snakka han og kreolsk. Då måtte dei i
all hast finne ein tolk.
Dessutan understreka Aristides at folket der kom frå Afrika og at dei karibiske
øyene verkeleg var ein del av Afrika. Han gjekk derfor inn for samarbeid mellom
Afrika, Haiti og CARICOM.[v]
Min kommentar er at når vi har høyrt dette skjønner vi sjølvsagt kvifor
USA og dei andre columbiske statane måtte underminere, invadere og okkupere
landet og erstatte den valde regjeringa der med ein marionett som statsleiar,
dødsskvadronar, FN-styrkar og NGOar.
Etter kuppet i 2004 – marionettar, FN, NGOar[vi]
og ny organisering av dødsskvadronar
I 2004 organiserte USA under George W Bush eit nytt kupp (faren hadde
organisert det i 1991) som førte til drap på nærare ti tusen menneske. Den
gamle militære leiinga, som Aristides hadde avsett, blei sett inn att saman med
mange leigesoldatar og drapsmenn frå Haiti, medrekna dødsskvadronen med det
fine namnet Front for the Advancement and Progress of Haiti, som var lik den
gamle drapsavdelinga til Duvalier, Tonton Macoutes. Fordi dei haitiske
reaksjonære kreftene ikkje var sterke nok blei det sendt inn spesialstyrkar frå
USA, Frankrike og Canada som fjerna Aristides frå makta og kidnappa han. Men
folket på Haiti godtok aldri denne situasjonen og har fortsett å kjempe vidare
for fridom til denne dag.
Dødsskvadronane vart organisert på ny under leiing under den illgjetne
drapsmannen, Jimmy (Barbecue) Cherizier. Av dei columbiske okkupantane, kjernelanda
USA, Frankrike, Canada og deira hjelparar i FN og NGOane har dei blitt kalla bandar,
men alle på Haiti veit kva dei i røynda er. Dei er dødsskvadronar betalt av
regjeringa. Cherizier organiserte ein føderasjon av dei såkalla gjengane og
dødsskvadronar, G9 familien med allierte. Denne føderasjonen blei organisert av
regjeringa på Haiti og får betalt millionar av dollar under dekke av såkalla nedrusting.
Sjølv generalsekretæren ved paven sitt kontor, Antonio Guterres, roste Cherisier
for dette viktige arbeidet. Men dei blei organisert for å gi dei pengar og meir
ammunisjon slik at dei kunne drepe folk, skape ein terrorkampanje over heile
Haiti og har drive med desse massakrane heilt fram til i dag.
Min kommentar her er at det er mange som deltar i denne desinformasjonen,
ein av dei er journalisten Milo Milfort som har fått ein pris frå FN for «opplysningsarbeidet»
sitt. Han fekk det for ein artikkel som roser at føretak frå okkupantstaten USA
har fått profittmoglegheiter på Haiti ut frå miljøperspektivet med produksjon
av solenergi.[vii]
Det var han som skreiv ein e-post til Klassekampen og som journalist Roya
Shahibzadeh brukte for i avisa den 26. oktober. Det var hennar andre innslag om
Haiti. Ho førte desinformasjonen rett ut til lesarane i Norge. Slik er det når
ein ikkje har eit anticolumbisk perspektiv og manglar kunnskap. For «venstresida
si avis» er det sjølvsagt ein skam. Så tilbake til intervjuet.
Rolla til FN og NGOane
Etter 2004 har Haiti vore under okkupasjon av USA, Frankrike og Canada,
alle sentrale columbiske aktørar. Først brukte dei FN som eit dekke for å få
folk til å godta det og få folk i verda til å synes vel om det. FNstyrkar har
verkeleg utført oppdraget frå USA. Dei har massakrert folk i fattige naboskap og
samfunn over heile Haiti fordi folk har fortsett å demonstrere mot det rote
utbyttingssystemet, og kravd sine demokratiske rettar, og at personar som dei
har vald skal tilbake i leiing. Massakrane fortsett framleis. I augneblikket kan
eg hugse minst fire slike massakrar. No
er det eigentleg ikkje lenger FN-troppar eller politiet som står i spissen for
dette, men dødsskvadronane til marionettane som blir styrt av dei columbiske
kjernelanda, USA, Frankrike og Canada. Dette blir presentert for omverda som
gjengkrigar, men alle på Haiti veit at det ikkje er tilfelle.
Gjennom mange år har Frankrike og andre kravd Haiti for store summar.
Frankrike var først med å krevje 21,7 milliardar dollar for å dei skulle
godkjenne Haiti som ein fri stat. Så heilt frå starten var landet tungt tynga
av gjeld. Dette har fortsett. I 2003 hadde president Aristide kravd at
Frankrike gav opp kravet sitt og i staden betalte tilbake pengar. Det var ein
viktig grunn til at Frankrike deltok i kuppet i 2004. Det var også slik at då
USA invaderte landet i 1915 kravde dei og at Haiti dekte kostnadene som USA
hadde hatt under okkupasjonen og betalingane for dette fortsette til 1947.
Dette har vore med på å halde Haiti i konstant fattigdom.
Haiti har også vore ramma av store naturkatastrofar. For å «bøte på»
alt dette har dei columbiske kjernelanda invitert inn mengder med NGOar som
Redd Barna og andre. Som «humanitære» organ for okkupasjonen av landet har desse
har så å seie overtatt heile den økonomiske styringa av landet på vegne av dei
columbiske kjernelanda gjennom det som blir kalla NGOs industrielle kompleks.
Det har ikkje vore til nokon nytte for folket der. Pengane som blir samla inn
over alt i verda kjem dei ikkje mykje til gode. Folka frå NGOane har heilt
andre livsvilkår enn dei «innfødte». Dei har høge løner, flotte hus og køyrer
rundt i dyre bilar.
Etter jordskjelvet i 2010 fekk NGOane ein flaum av pengar frå heile
verda til hjelpearbeid. Kva skjedde med desse pengane? Folket på Haiti seier at
det er eit god spørsmål. Til dømes fekk Raude Krossen ein halv milliard dollar
og alt dei gjorde var å bygge seks hus. Desse NGOane møter regelmessig i USA
sin ambassade og samarbeider med dei om okkupasjonen.
Ein avsluttande kommentar
Dette, og mykje meir er utførleg handsama i intervjuet eg har tatt det
frå.
Min kommentar er at alle slike forsøk på å komme ut av famntaket til
columbiarane har blitt møtt slik, med dei smartaste, mest brutale og mordariske
middel frå columbiarane. Frå den heimlege debatten i dei siste åra er vi mest
kjend med Venezuela og Syria om har klart det som folket på Haiti og Aristides
ikkje klarte. Alle som kjenner alle desse historiene veit kva som er sant og
kva som ikkje er det som den columbiske verdspressa og andre media gir oss om
Venezuela, Syria og andre.
Den columbiske pressa er eit krigsvåpen for
den columbiske orden. Det er ille å sjå at også Klassekampen, nett når eg skriv
dette (25.10.2021), har eit slikt procolumbisk perspektiv på situasjonen i
Haiti. Journalist Roya Shahibzadeh har gått rett på den columbiske historia med
gjengane og nemner ikkje med eit ord at landet er okkupert av USA med hjelp Frankrike,
England og Canada pluss heimlege reaksjonære militære og dødsskvadronar. Ho
følgjer det også opp med å ta historia frå ein som har fått ein pris frå ein av
dei som no praksis står for «humaniseringa» av dei columbiske maktene, USA, Frankrike
og Canada sin okkupasjon og opning av Hatiti for amerikanske føretak. Nett som
våre NGOar står for det same i Idlib i Syria. Dei har blitt eit system for «humanitær»
imperialisme og columbisme med eit menneskeleg andlet, slik det meste av hjelpa
til dei undertrykte landa har vore heile tida.
I staden for å gi oss litt tekst som set sakene i det rette historiske
perspektiv, med USA i columbiske rolle i sentrum, gir avisa i den første
artikkelen oss eit bilete på 35 gangar 25 centimeter av ein motorsyklist som
køyrer gjennom ei gate der det brenn, med ein tekst som ikkje nemner USA si
rolle med eit ord og som viser at journalisten ikkje veit kva dei såkalla
«bandane» er heller. I den andre artikkelen får vi og gedigen columbisk desinformasjon
med eit bilete på 15 gangar 25 cm som blikk fang, med ein i realiteten
fullstendig meiningslaus tekst om at haitiarane har mist tilliten til myndigheitene
på grunn av usikkerheit og aukande kriminalitet, og ikkje på grunn av styret
til marionettane for dei columbiske okkupantane og deira NGOar og dødsskvadronar.
Det gjer det heilt umogeleg å forstå kva som skjer i landet. Og slik er det
over alt der ein ikkje har det anticolumbiske perspektivet og den kunnskapen som
trengs. Her det haitiske kriminelle som får skulda for kor ille det er på Haiti
og ikkje okkupanten. Som sagt, for ei skam.
Eg har gått litt inn på Haiti si historie fordi han seier mykje om
situasjonen for alle land som kjemper mot den USA-leia columbismen i det, som
Cuba, Venezuela, Syria, Russland, Iran, Kina, Nord-Korea for å nemne nokre som
faktisk har klart det Haiti har blitt frårøva. Derfor høyrer vi ikkje noko
særleg om dei gruelege overgrepa som skjer der dei columbiske maktene rår. Og medan
vi anten ikkje får høyre noko eller skjønmalte framstillingar av dei landa columbiarane
okkuperer eller dominerer får vi ei enorm og stadig gjentatt svartmaling av
land og personar der dei columbiske maktene har blitt kasta ut.
[vi]https://snl.no/NGO_-_ikke-statlig_organisasjon
Opplysningane her er villeiande. I dag er dei fleste større NGOane tett knytt
opp mot staten og utfører dei forskjellige statane og det USAdominerte FN sin politikk.
Terje Tvedt har skrive godt om dette i Det internasjonale grennombruddet,
2018.
Heilt frå starten har dei ikkje-columbiske folka kjempa mot columbismen
og for å sleppe ut av den columbiske sfæren.
Dei første som braut ut av det columbiske systemet var dei svarte slavane
på Haiti. Alle dei 8 millionane som budde på øya som spaniarane kalla Hispania
opphavleg vart drepne av Columbus og broren i løpet av ein generasjon frå 1493
og utetter. Men i 1891 kasta slavane ut franskmennene og oppretta den første
frie ikkje-columbiske staten. Seinare sendte Napoleon franske (og polske)
troppar for å ta øya tilbake og dei såg ut til å klare det gjennom ein nådelaus
drapspolitikk, men dei tidlegare slavane klarte til slutt å slå også desse. Men
så slutta USA England, Canada og Frankrike seg saman og gjennom militære
intervensjonar og støtte til innlandske rikfolk, militære og dødsskvadronar klarte
ein kvit elite etter kvart å ta tilbake makta og slik redda dei Haiti for
columbismen[i]
med fryktelege følgjer for folket der.
Dette har fortsett heilt fram til i dag. I siste nummer av Monthly
Review intervjuar Camilla Valle Margaret Prescod og Pierre Labosiere om
utviklinga på Haiti under tittelen The Long Haitian Revolution. Her
gjennomgår dei Haiti si columbiske historie heilt fram til i dag.[ii]
Eg kan ikkje gå gjennom alt her, men nokre kommentarar, særleg om den
nyaste historia er på sin plass. Revolusjonen til dei svarte slavane på Haiti
førte til at dette blei det første landet i verda som braut ut or det
columbiske kvelegrepet så tidleg som i 1791 og oppretta sin eigen uavhengige stat,
Haiti, den 1.1. 1804, mens Norge framleis var ein provins under Danmark før vi
blei gitt til svenskekongen i 1814. Det frie Haiti såg det som si oppgåve å kjempe
mot slaveri over alt og vere ein fristad for rømte slavar. Sjølv om columbiarane
kom att, har dette vore ein enorm inspirasjon for alle land som har vore og er
undertrykte, røva og utbytta av det columbisk-imperialistiske systemet. Difor
har det vore ekstra viktig for columbiarane å statuere eit eksempel her.
Frankrike, England, Spania og seinare USA, der slaveriet framleis var i
gang, ville øydelegge dette eksempelet på fridom eg vellukka revolusjon. Vi
veit jo at slaveriet i USA var ein av
dei heilt grunnleggande føresetnadene for utviklinga av industrikapitalismen i
England, med bomull frå USA og spinning og veving, først med vassdrivne
fabrikkar og daudeleg barnearbeid i Lancashire i England, og etter kvart meir
og meir med dampkraft i Manchester og andre stader.[iii]
Og sidan det har folket i Haiti vore fanga i denne kampen.
I 1915 kom eit vendepunkt då regjeringa i USA invaderte Haiti. Jord
blei tatt frå innbyggarane og gitt til utanlandske føretak, helst amerikanske.
Det kom til eit massivt opprør og amerikanske marinesoldatar kom inn og kjempa
for at dei rike i Haiti og deira utanlandske allierte skulle kunne «bygge opp att»
landet og hindre at folkerørsla tok makta. Sidan då har folket på Haiti kjempa
mot den amerikanske makta. Etter kvart blei Francois «Papa Doc» Duvalier og
sonen hans Jean-Claude dei mest brutale uttrykka for klassekampen mot folket
for å halde oppe det gamle columbiske systemet.
I 1986 gjorde folket opprør att og kasta Duvalier, men USA har sidan
jobba for å få tilbake dei reaksjonære styrkane som blei bygga opp under han og
faren hans. Dei klarte å få på plass ei regjering som var dominert av desse
styrkane, men i 1990 valde folket Jean-Bertrand Aristide, ein lokal prest som leia
den nye fridomsrørsla. Han var den første demokratisk valde presidenten på
Haiti og klarte berre å halde seg ved makta i sju månader. Den 30. september
1991 organiserte USA eit kupp som blei utført av ei militære styrkane på Haiti.
Meir enn fem tusen menneske vart massakrerte. Det var massiv motstand i folket
og mykje internasjonal solidaritet og Aristides klarte å komme tilbake to år
seinare for å fullføre sin valperiode. René følgde opp lina hans som neste
valde president i 1996. Aristide klarte å få i gang store demokratiske reformar
og velferdsreformar i si tid. Mellom anna gav han hovudkvarteret til dei amerikanske
inntrengarane til Haiti si kvinneforeining. René følgde opp dette. Folket på
Haiti klarte også å utarbeide ein ny grunnlov som førte vidare Aristides sin
demokratiske line og var basert på folkeleg medverknad. Han vart vedtatt med
overveldande fleirtal.
Men USA fortsette å underminere den demokratiske prosessen. I 2004
organiserte USA under George W Bush eit nytt kupp (faren hadde organisert det i
1991) som førte til drap på nærare ti tusen menneske. Den gamle militære
leiinga som Aristides hadde avsett blei sett inn att saman med mange leigesoldatar
og drapsmenn frå Haiti, medrekna dødsskvadronen med det fine namnet Front for
the Advancement and Progress of Haiti, som var lik den gamle drapsavdelinga til
Duvalier, Tonton Macoutes. Fordi dei haitiske reaksjonære kreftene ikkje var
sterke nok blei det sendt inn spesialstyrkar frå USA, Frankrike og Canada som fjerna
Aristides frå makta og kidnappa han. Men folket på Haiti godtok aldri denne
situasjonen og har fortsett å kjempe vidare for fridom til denne dag.
Etter 2004 har Haiti vore under okkupasjon av USA, Frankrike og Canada,
alle sentrale columbiske aktørar. Først brukte dei FN som eit dekke for å få
folk til å godta det og få folk i verda til å synes vel om det. FNstyrkar har
verkeleg utført oppdraget frå USA. Dei har massakrert folk i fattige naboskap
og samfunn over heile Haiti fordi folk har fortsett å demonstrere mot det rote
utbyttingssystemet, og kravd sine demokratiske rettar, og at personar som dei
har vald skal tilbake i leiing. Massakrane fortsett framleis. No er det
eigentleg ikkje lengre FN som står i spissen for dette, men dei columbiske
kjernelanda med allierte og dødsavdelingane. Dette blir presentert for omverda
som gjengkrigar, men alle på Haiti veit at det ikkje er tilfelle.
Gjennom mange år har Frankrike og andre kravd Haiti for store summar.
Frankrike var først med å krevje 21,7 milliardar dollar for å dei skulle
godkjenne Haiti som ein fri stat. Så heilt frå starten var landet tungt tynga
av gjeld. Dette har fortsett. I 2003 hadde president Aristide kravd at Frankrike
gav opp kravet sitt og i staden betalte tilbake pengar. Det var ein viktig
grunn til at Frankrike deltok i kuppet i 2004. Det var også slik at då USA invaderte
landet i 1915 kravde dei og at Haiti dekte kostnadene som USA hadde hatt under
okkupasjonen og betalingane for dette fortsette til 1947.
Haiti har også vore ramma av store naturkatastrofar. For å «bøte på» alt
dette har dei columbiske kjernelanda invitert inn mengder med NGOar som Redd
Barna og andre. Desse har så å seie overtatt heile den økonomiske styringa av
landet på vegne av dei columbiske kjernelanda gjennom det som blir kalla NGOs
industrielle kompleks. Det har ikkje vore til nokon nytte for folket der. Pengane
som blir samla inn over alt i verda kjem dei ikkje mykje til gode. Folka frå
NGOane har heilt andre livsvilkår enn dei «innfødte». Dei har høge løner,
flotte hus og køyrer rundt i dyre bilar.
Etter jordskjelvet i 2010 fekk NGOane ein flaum av pengar frå heile verda
til hjelpearbeid. Kva skjedde med desse pengane? Folket på Haiti seier at det er
eit god spørsmål. Til dømes fekk Raude Krossen ein halv milliard dollar og alt
dei gjorde var å bygge seks hus. Desse NGOane møter regelmessig i USA sin
ambassade og samarbeider med dei om okkupasjonen.
Dette, og mykje meir er utførleg handsama i intervjuet eg har tatt det
frå.
Alle slike forsøk på å komme ut av famntaket til columbiarane har blitt
møtt slik, med dei smartaste, mest brutale og mordariske middel frå
columbiarane. Frå den heimlege debatten i dei siste åra er vi mest kjend med
Venezuela og Syria om har klart det som folket på Haiti og Aristides ikkje
klarte. Alle som kjenner alle desse historiene veit kva som er sant og kva som ikkje
er det som den columbiske verdspressa og andre media gir oss om Venezuela,
Syria og andre.
Den columbiske pressa er eit krigsvåpen for
den columbiske orden. Det er ille å sjå at også Klassekampen, nett når eg skriv
dette (25.10.2021), har eit slikt procolumbisk perspektiv på situasjonen i
Haiti. Journalist Roya Shahibzadeh har gått rett på den columbiske historia med
gjengane og nemner ikkje med eit ord at landet er okkupert av USA med hjelp Frankrike,
England og Canada pluss heimlege reaksjonære militære og dødsskvadronar.
I staden for å gi oss litt tekst som set sakene i det rette historiske
perspektiv, med USA i columbiske rolle i sentrum, gir avisa oss eit bilete på
35 gangar 25 centimeter av ein motorsyklist som køyrer gjennom ei gate der det brenn,
med ein tekst som ikkje nemner USA si rolle med eit ord og som viser at journalisten
ikkje veit kva dei såkalla «bandane» er heller. Det gjer det heilt umogeleg å
forstå kva som skjer i landet. Og slik er det over alt der ein ikkje har det anticolumbiske
perspektivet og den kunnskapen som trengs.
Eg har gått litt inn på Haiti si historie fordi han seier mykje om
situasjonen for alle land som kjemper mot den USA-leia columbismen i det, som Cuba,
Venezuela, Syria, Russland, Iran, Kina, Nord-Korea for å nemne nokre som faktisk
har klart det Haiti ikkje klarte. Derfor høyrer vi ikkje noko særleg om dei gruelege
overgrepa som skjer der dei columbiske maktene rår. Og vi får ei enorm
svartmaling av land og personar der dei columbiske maktene har blitt kasta ut.
I juli 2021 brøt populære protester ut på
Cuba for første gang på en generasjon, med en hendelse som hadde preg av
Washington over det hele (Helen Yaffe, «Hva skjer egentlig på Cuba?»
Novara Media, 20. juli 2021). Den umiddelbare bakgrunnen for disse protestene
var USAs innstramming av den sekstiår lange embargoen midt i COVID-19-krisen,
ved hjelp av Donald Trump-administrasjonens innføring av 243 ekstra økonomiske
sanksjoner mot Cuba, deretter videreført av Joe Bidens administrasjon.
Den siste innstrammingen av den økonomiske
blokaden på Cuba, pluss de lignende økonomiske sanksjonene rettet mot
Venezuela, som resulterer i titusenvis av dødsfall der, kan bare forstås i
sammenheng med den nye epoken med økonomisk krigføring, som USA har sluppet løs
på målrettede land. For litt over et og et halvt tiår siden, i 2004, lanserte
Washington en helt ny strategi for finanskrig, med opprettelsen innen det
amerikanske finansdepartementet av Office of Terrorism and Financial
Intelligence, sammen med Office of Intelligence and Analysis – the første
etterretningskontor i verden som var tildelt en finansavdeling.
Disse nye organisasjonene i det
amerikanske finansdepartementet skulle være hovedkvarter for en storslått
strategi som utnyttet Washingtons økonomiske innflytelse, basert på den
amerikanske dollarens rolle som den hegemoniske valutavalutaen, for å kutte den
økonomiske sirkulasjonen til målrettede stater. Mer enn 60 prosent av alle
globale valutareserver er denominert i amerikanske dollar, som også spiller en
overveiende rolle i internasjonale valutatransaksjoner. Som en del av sin
«regelbaserte internasjonale orden» har dette har gjort det mulig for
USA å lskape et tvangsmessig globalt rammeverk som utvider amerikansk
finansjurisdiksjon til alle land, økonomiske enheter og personer, på et hvilket
som helst punkt, som er engasjert i amerikanske dollar-transaksjoner hvor som
helst i verden.
Nærmere bestemt har Washington pålagt
strenge regler for overholdelse av amerikanske standarder til alle verdens
banker. De har gitt seg selv retten til å utpeke ethvert land, enhver økonomisk
enhet eller person i verden som en «terrorist»-organisasjon eller
individ, eller som medskyldig i terrorisme. Seksjon 311 i U.S. Patriot Act,
vedtatt av den amerikanske kongressen, gir finansdepartementet i USA myndighet
til å utpeke enhver bank over hele verden som en «dårlig bank»,
underlagt amerikanske økonomiske og juridiske sanksjoner.
Siden 2016 har Global Magnitsky Act
autorisert Washington til å sanksjonere alle individer i ethvert land i verden
som den fastslår bryter med menneskerettighetene, og til å fryse deres aktiva.
Det amerikanske finansdepartementet har fått full tilgang til SWIFT-systemet
(Society for Worldwide Interbank Financial Transactions) som muliggjør
internasjonale transaksjoner i amerikanske dollar, og dermed gjort mulig amerikansk
overvåking av de fleste internasjonale dollarbørser. Ledelsen har utstedt nær
hundre ordrer (executive orders) for å gjøre forskjellige land til mål for
økonomiske sanksjoner. Som et resultat av dette har USA satt i verk flere
økonomiske sanksjoner ved flere anledninger enn alle andre land i verden til
sammen (Jesse Van Genugten, «Conscribing the Global Banking Sector»,
Berkeley Business Law Journal, 2019, 156).
Som en del av sin imperiestrategi har det
amerikanske finansdepartementet for tiden utpekt rundt førti land/regioner der
de viktigste nasjonalstatlige mål for angrep befinner seg. Disse er inkludert i
finansdepartementets sanksjonsprogrammer og dets liste over land som på
forskjellige måter har motstått seg eller unnlatt å overholde amerikansk makt.
Det amerikanske finansdepartementets liste over spesielt utpekte statsborgere
og blokkerte personer, som er mer enn 1500 sider lang, inkluderer alle de
økonomiske enhetene og personene knyttet til målrettede land som Washington har
uthevet for behandling med røde bokstaver.
Denne listen inneholder nå omtrent 6300
offisielle mål, der listen fra 2018 har fått tillegg som er åtte ganger så
mange som listen fra 2002 («Oppdatering ved årsslutt for sanksjoner i
2019», Gibson Dunn, 23. januar 2020; Lauren Smith, «USAs pålagte
økonomiske sanksjoner, ”MR Essays, 10. mars 2020). I henhold til dette systemet
er alle finansinstitusjoner i verden nå tvunget til å følge restriksjonene som
finansdepartementet i Washington har innført eller bli klassifisert som
medskyldige til hvitvasking av penger og terrorhandlinger, og kraftig bøtelagt
(eller utpekt som mål) av USA.
I praksis betyr dette at verdens største
finansinstitusjoner, som banker og forsikringsselskaper, nå er tvunget til å
overvåke sine egne transaksjoner og verdens finansielle system daglig for å
beskytte sine aktiva mot amerikanske sanksjoner. Derfor har nesten alle de
store bankene blitt tvunget til å støtte Washingtons finanskrig mot de land som
er pekt ut som mål. På denne måten har Cubas turistindustri, tilgang til valuta
og muligheten til å kjøpe sprøyter under en pandemi, nå i stor grad blitt
stengt.
Venezuela er i mellomtiden avskåret fra
rederiene som er nødvendige for å flytte oljen, på grunn av de amerikanske
økonomiske sanksjonene som ble pålagt både rederiene selv og
forsikringsselskapene som forsikrer lasten. Det er umulig for dem å motta
nødvendig teknologi, tjenester og varer for å opprettholde oljeproduksjonen,
samtidig som de blir fratatt den viktigste maten og medisinsk importen til
befolkningen.
Lignende begrensninger i økonomisk
sirkulasjon opplever alle de andre landene USA utpeker som mål. Det er mange
eksempler på amerikansk omdanning av finans til våpen i denne nye formen for
beleiringskrigføring rettet mot forskjellige nasjoner i det globale sør. Rundt
2006 møtte USAs finanssekretær for Office of Terrorism and Financial
Intelligence, Stuart Levey, hundrevis av ganger med banktjenestemenn over hele
verden for å få hele det globale banksystemet til å isolere Iran og andre land
som er erklært lovløse av USA.
Som Juan C. Zarate, tidligere viseminister
i finansdepartementets kontor for terrorisme og finansiell etterretning, og en
av hovedarkitektene for det nye systemet for finansiell krigføring, forklarer i
sin bok Treasury’s War: The Unleashing of a New Era of Financial Warfare
i 2013. «En serie betegnelser ble skapt for å bygges opp som et finansielt
crescendo, og skape et internasjonalt finansielt miljø som for sin egen skyld
ville avvise risikoen ved å gjøre forretninger med Iran [eller en annen»
useriøs stat «]. Amerikanske ordrer ville identifisere og ut peke
finansiering som støttet terror som mål … som ville bli matchet av
betegnelser i FN. Deretter ble Irans banker blottstilt og målrettet – én om gangen”
(303).
7. september 2006, kuttet den amerikanske
statskassen den iranske banken Saderat fra det internasjonale finanssystemet.
Dagen etter ble banken offisielt utpekt som en terrorfinansieringsinstitusjon
under presidentens kjennelse nummer 13224. I 2019 toppet den amerikanske
finanskrigen mot Iran seg med det amerikanske finansdepartementets betegnelse
av Irans sentralbank, Bank Markazi, som en terrorfinansieringsorganisasjon
(«Amerikanske sanksjoner Irans sentralbank,» Iran Primer, United
States Institute of Peace, 20. september 2019; Zarate, Treasury’s War, 303,
332).
Allerede i 2005 hadde finansdepartementet
utpekt Banco Delta Asia, en liten bank i Macau (Kina), som en «dårlig
bank» i sitt forsøk på å isolere Nord-Korea økonomisk og kommersielt, og
sette i gang et elektrisk støt i banksamfunnet internasjonalt og spesielt true
kinesiske banker. Umiddelbart ble Banco Delta Asia omgjort til en finansiell
paria. Nord-koreanske kontoer ble stengt over hele Asia. Alle andre banker over
hele verden begynte å omstrukturere økonomien for å sikre overholdelse av
amerikanske direktiver.
CIA-direktør Michael Hayden kalte
handlingen «en presisjonsstyrt ammunisjon fra det tjueførste
århundre», og spredte frykt gjennom det globale finanssystemet (Zarate,
Treasury’s War, 244). I de senere årene har finansdepartementet,
justisdepartementet og andre amerikanske reguleringsbyråer bøtelagt slike
sentrale vestlige finansfirmaer som BNP Paribus, HSBC, Credit Suisse, Barclays,
Standard Chartered og andre med 11 milliarder dollar i avsluttende klage- eller
forliksavtaler for ikke fullt ut overholder amerikanske regler med hensyn til
amerikanske utpekte mål (Elizabeth Rosenberg et al., «The New Tools of
Economic Warfare», Center for New American Security, 2016, 11).
I 2017 påla Washington den kinesiske
telekomprodusenten ZTE en straff på 1,19 milliarder dollar for å unngå
amerikanske sanksjoner mot Iran og Nord-Korea, noe som fikk aksjene til å stupe
(Alex Capri, «Why US Sanctions Are So Lethal», Diplomat, 23. februar
2018).
Direkte og gjennom sine allierte har USA
fortsatt å konfiskere og fryse milliarder – i noen tilfeller titalls milliarder
– dollar i aktiva fra målrettede land, inkludert Iran, Libya og Venezuela.
Dette inkluderer USAs beslag av det venezuelanske oljedistribusjonsselskapet
CITGO i USA og (med støtte fra Storbritannia) de venezuelanske gullreservene i
London.
I april 2019 sanksjonerte det amerikanske finansdepartementet
Sentralbanken i Venezuela, Banco Central de Venezuela, og plasserte den på
listen over spesialdesignede statsborgere og blokkerte personer, og begrunnet
dette på grunnlag av Banco Central de Venezuelas støtte til Venezuelas valgte
regjering under Nicolás Maduro, som Washington har uttalt å være
«illegitim» («Treasury Sanctions Central Bank of Venezuela and
Director of the Central Bank of Venezuela,» US Department of Treasury, 17.
april 2021).
Ifølge Ashi Moshiri, Chevrons tidligere
toppsjef i Venezuela, «sier denne sanksjonen: «Du tar kontakt med den
venezuelanske sentralbanken, vi [USAs finansdepartement] kommer etter
deg'» («New U.S. Sanctions on Venezuela til Choke Off (strupe)
Government Finances,” New York Times, 17. april 2019).
Zarate advarer på de avsluttende sidene av
Treasury’s War om at etter hvert som amerikansk økonomisk dominans
forsvinner, vil dollarhegemoniet synke. På et tidspunkt i fremtiden kan andre
makter, særlig Kina, bli tvunget til å svare på samme måte og skape en
finansiell verdenskrig. Likevel er det klart at det nåværende todelte
økonomiske krigsregimet i Washington er fast bestemt på å fortsette å bruke
dette våpenet fullt ut i et desperat forsøk på å opprettholde det amerikanske
imperiet. I prosessen blir verdens befolkning holdt som gisler, med hundrevis
av millioner som daglig lider under den amerikanske finansmaktens arroganse.
USA skal nå opprette
et «tribunal» som skal vise at uighurene blir herset med og det muligens foregår
folkemord på dem fra den kinesiske staten. Men jeg mener at det burde bli
opprettet et tribunal som undersøker den fryktelige diskrimineringen av
etterkommerne av slavene i USA.
Kehinde Andrews skriver i boka The New Age of Empire –
How Racism and Colonialism Still Rule the World (2021). «Ved å gjøre krisen
på grunn av narkotiske stoffer på 1980-tallet i til et rasespørsmål, gikk
regjeringen løs på svarte samfunn, oversvømte naboskap med politi og fengslet
et uhørt stort antall hovedsakelig afrikansk-amerikanere for ikke-voldelige
narkotikaforbrytelser. Dette var et felles konservativ-liberalt prosjekt …». «I
løpet av de siste førti årene har fengselsbefolkningen i USA svulmet opp med
500 prosent, nesten bare ved å fengsle hovedsakelig afrikansk-amerikanere for
ikkevoldelige narkotikaforbrytelser». «… med massefengslingen og den utrolige
grad av statlig vold mot svarte menn … er det antatt at det, på grunn av dette,
finnes 1,5 million færre svarte menn i USA enn der skulle ha vært.» Det var under
Clinton-administrasjonen (1994) at den beryktete kriminal-loven som akselererte
denne utviklingen, ble vedtatt.[i]
Den siste grundige oversikten over folk som ble drept i
Stalin-epoken finnes nå i J. Arch Getty og Oleg. V. Naumov The Road to
Terror – Stalin and the Self-Destruction of the Bolsheviks, 1932-1939,
1999.[ii]
Når de regner inn alle registrerte døde kommer de til 2 millioner. Dette er
ille og det er naturlig at det kritiseres og for så vidt fordømmes. Men vi har
altså et system i USA som sannsynligvis har drept 1,5 millioner svarte i løpet
av en generasjon. Dette systemet er fremdeles i funksjon og dreper rundt 50 000
svarte menn hvert år.
Det skulle ha vært nedsatt en internasjonal gruppe som undersøkte det folkemordaktige amerikanske systemet som ser ut til å ha tatt livet av 1,5 millioner fargete menn. Denne gruppen skulle også ha undersøkt de drapene som USA (med allierte) sin økonomiske krigføring (sanksjonene osv.) påfører folkene i verden som er utsatt for disse. En kunne ha begynt med drapet på de 500 000 irakiske barna og fulgt opp med en undersøkelse av overdødelighet på grunn av sanksjoner, i alle land som hadde blitt utsatt for det og er utsatt for det nå. Så kunne de tatt for seg hvordan det USA-ledete økonomiske systemet i verden tar livet av 9 millioner mennesker årlig og det dør et barn ca. hvert 10. sekund på grunn av mangel på mat og vann.
Men det fantastiske er at det settes i gang debattserier og skrives
talløse avisartikler og bøker om det som skjedde for mer enn 80 år siden i
Sovjet-Unionen, og at myndighetene i USA organiserer en gruppe som skal
undersøke menneskerettighetsbrudd i Kina, mens det som har skjedd i løpet den
siste generasjonen i USA, og som fortsatt pågår, nesten ikke får noen oppmerksomhet
og i hvert fall ikke blir allment fordømt.
Vi lagar omgrep for å forstå og fortelje om tinga og
prosessane i verda. Vi kan lage omgrepa meir eller mindre systematisk, men i
alle tilfelle går det føre seg slik at vi sansar mest mogleg om ein ting eller
ein prosess slik dei går føre seg inne i ein heilskap av andre ting og
prosessar. Berre med omfattande kunnskap om alle sider ved tinga og prosessane
og deira utviklingshistorie i samband med resten av verda (universet) er det mogeleg å gå vidare
i prosessen med å skape omgrepa våre om dei. Fordi vårt eige utgangspunkt i
verda er avgrensa må vi og ta reie på mest mogleg av det som det kollektivet vi
lever i, menneskeslekta, erfarer og har erfart, slik dette er nedteikna og
brakt vidare i form av samtalar, fortellingar og representasjonar i bøker og
andre lagringsmedia.
Når vi har samla alt vi kan av informasjon er neste trinn å trekke frå dei trekka ved tinga og prosessane som skjuler den vesentlege grunnen til å tinga og prosessane er/utviklar seg slik dei gjer. Det kallar vi ein abstraksjonsprosess. Gjennom den kjem vi fram til det vesentlege ved tinga og prosessane som forklarar kvifor dei er som dei er, kvifor dei har utvikla seg til dette og innan kva for rammer dei endrar seg og vil måtte utvikle seg vidare dersom omgjevnadene ikkje gjer det umogleg.[i] Men både dei indre menneskeskapte vilkåra og dei ytre vilkåra kan endre seg så mykje at denne utviklinga ikkje kan finne stad. For menneska kan det skje ved ein kjernefysisk krig eller ved at ein enorm asteroide treff jorda.
Så er det slik at viss du ikkje har nok kunnskap om
noko, eller om du ser bort frå viktig kunnskap, så gjer du falske
abstraksjonar, og framstiller saken feil. Men viss du har denne kunnskapen og
skjuler han medvite når du framstiller saka, så lurer du folk. Eg meiner at dei
abstraksjonane som vi nå stort sett får presentert når det gjeld menneskehistoria
gjennom dei siste fem hundre åra, gjennom alle slags media, stort sett er
falske abstraksjonar og skjuler det vesentlege og gjer det umogleg å forstå kva
som eigentleg går føre seg. Dei er grunnleggande eurosentriske og tener til å
sameine finanskapital og arbeidarklasse i dei columbiske sentralmaktene i
kampen mot alle som vil bryte ut av dette systemet. Det gjer det umogeleg å
utvikle ein korrekt politikk for frigjering av undertrykte nasjonar og menneske
i verda. Meininga med omgrepet den columbiske epoken eller columbismen, er å
komme nærare meir korrekte abstraksjonar og framstillingar av historia. Det
gjer at vi blir betre til å ta rette standpunkt i politiske spørsmål slik at vi
kan påverke historia i mest mogleg menneskeleg retning.
Omgrepet columbisme
Eg meiner at den verdskjende geografen, Halford
Mackinder, var på rett spor, i høve utviklinga av verdshistoria, då han i 1904 kalla
tida etter 1492, då Columbus kom til Amerikas, for den columbiske epoken i
verdshistoria. Han hadde først og fremst i tankane at heile verda var «oppdaga»
og faktisk tala delt mellom nokre «kvite» stormakter. Derfor tenkte han også at
den columbiske epoken då var slutt. Men han nemnte ikkje ein annan kunnskap som vi har om denne epoken, nemleg
dei metodane dei «kvite» stormaktene brukte for å legge resten av verda under
seg og bruke han til eigen fordel.[ii]
Desse metodane begynte med Columbus andre reise, då
han og broren sette i gang eit arbeid for røve så mykje rikdom ut av det
området (Hispaniola) dei hadde «oppdaga», som dei kunne. Alt i alt førte det
til at dei rundt 8 millionar opphavlege innbyggarar som var blitt «oppdaga»
ikkje fans eit par generasjonar seinare. Denne folkemords-, røveri-, undertrykkings-
og utbyttingspolitikken, eller holocaust-politikken, har sidan prega heile den
columbiske epoken. Dei verste utslaga av denne politikken var i Amerikas og
Australia, men det finnast tallause eksempel på dei også i Afrika og i Asia.
Godt kjend er Belgisk Kongo til dømes. Eit av dei siste eksempla er USA sine sanksjonar
mot Irak som drap 500 000 barn. Og same columbiske politikken fører til at
det døyr eit barn av svolt og sjukdom kvart 5 sekund i verda og at rundt ein
milliard menneske eksisterer under eller på kanten av det dei treng for å leve.
USA og deira allierte sine økonomiske krig mot statar som dei ikkje har
kontroll med slik at dei kan utbytte dei, i form av sanksjonar, er eit viktig
bidrag til at dette skjer.
Nazisme og columbisme
Stephen Gowans, som har gjeve ut kanskje den beste
boka om krigen i Syria,[iii]
har skrive ei samanlikning mellom dei «kvite» maktene rundt Nord-Atlanteren si
handsaming av dei områda dei etter kvart erobra, med Nazi-Tyskland si
jødeutrydding – eller holocaust, og med det som skjer i Syria.
I Tyskland jobba Hitler og nazistane med å overtyde fleirtalstyskarane om at den marxistiske ideologien, som millionar av tyske arbeidarar støtta, var ein trojansk hest som jødane brukte for å kunne opprette politisk herredømme over den tyske majoriteten. Hitler hata marxistane fordi dei fremja solidaritet mellom arbeidarar over nasjonale grenser. Når marxistane hevda at arbeidarklassen ikkje har noko land og at arbeidarar i all land måtte sameine seg og at det fans ei grunnleggande antagonistisk motseiing mellom arbeidarklasse og borgarskap, så oppfatta Hitler det som ein styggedom mot den tanken han hadde kjær: at tyskarane var ein einskapleg, stor og mektig rase som naturen hadde bestemd skulle herske over mindre mektige nasjonar. «Berre med tysk einskap kunne den store draumen om tysk leiarskap, forrang og det å vere uunnverleg – for å låne ord som Washington bruker for å omtale sine eigne aspirasjonar for globalt hegemoni – bli oppnådd.»[iv]
Gowans gjennomgår så utviklinga av Hitler sitt syn på
jødane ut frå det han skreiv i Mein Kampf. Frå å meine at dei berre var
menneske med ein annan religion gjekk han etter kvart over til å tru at dei var
ein annan rase. Det var først og fremst den sionistiske retninga som hevda at
jødane var ein nasjon som overtydde han om at det var slik og dei var ein
nasjon som var skild frå den tyske. Og i tillegg påstod han at den framande
jødiske nasjon hadde begynt å underminere den tyske rasen innanfrå ved å spreie
den internasjonalistiske og splittande marxistbasillen.[v]
Jødar og jødedom blei så slått saman med marxismen, sosialdemokratiet og
internasjonalismen. Samstundes påstod han at den internasjonale finansen også
var jødane sitt verk, med sine aksjemarknader og sitt demokrati. Det var ikkje
berre han som tenkte dette på denne tida. Det var fleire blant eliten i Europa
som meinte at jødane stod bak kvar einaste revolusjon, medrekna den franske i
1789.
Ein typisk representant for denne eliten var fascistvenen, Winston Churchill. Han var ein varm forsvarar av den herskande klassen sine privilegia og det britiske imperiet si diktatoriske undertrykking av koloniane. Han roste Mussolini og gjorde det klart at sympatiane hans gjekk mykje sterkare til fascismens forsvar av klasse-, rase- og kjønnsdiskriminering, som passa han og hans klasse, enn til det bolsjevikiske prosjektet som gjekk inn for å fjerne diskrimineringa.
Etter ein visitt til Roma 1927 talte Churchill varmt om Mussolini si fascistiske rørsle. «For ein mann!» uttalte han med entusiasme. «Eg har tapt hjartet mitt … fascismen har gjort heile verda ei teneste.» Så la han til at viss eg hadde vore italienar «Er eg sikker på at eg hadde vore med (fascistane) heilt frå byrjinga av deira sigerrike kamp mot dei nederdrektige appetittane og lidenskapane til leninismen».[vi] Og han understreka også seinare, fire år etter at Hitler hadde komme til makta, kor lojaliteten hans låg, då han i det engelske Underhuset sa at «Eg vil ikkje late som eg ville ha vald kommunismen viss eg måtte velje mellom kommunisme og nazisme».[vii]
Nett som Hitler var Churchill ein rasist som trudde på at den kvite rasen var overlegen og hata medlemmer av «rasar» og nasjonar som den europeiske eliten såg på som mindreverdige. Han beskreiv indianarar som «eit ufyseleg folk med ein ufyseleg religion». Palestinarar var «ufyselege hordar som ikkje åt mykje anna enn kamelskit.»[viii] Han sa at «han trudde verkeleg ikkje at svarte folk var så dyktige og effektive som kvite» og at han hata «folk med skrå auge og sideflette.»[ix] Laurence James skreiv at då han var midt i tjueåra «Hadde Churchill absorbert det vanlege rasedogmet som peika ut den anglo-saksiske rasen som på eineståande vis er kvalifisert til å herske,»[x] noko som berre var forskjellig frå Hitler si tru når de gjeld nokre detaljar. Øydelegginga av ikkje-europearar i koloniane var akseptabelt, for ikkje å sei rett ut ønskjeleg, slik Churchill såg det, eit argument som Hitler og mange europearar, medrekna til og med nokre sosialdemokratiske gigantar, mellom dei, «reformsosialisten» Edvard Bernstein, ville applaudere. Churchill kremta om at det ikkje var gjort mykje gale mot «dei raude indianarane i Amerika eller dei svarte folka i Australia». Det var berre slik at «ein sterkare rase, ein rase av ein høgare grad, ein meir verdsvis rase» hadde « komme inn og tatt deira plass.»[xi] Dette var Hitler sin ideologi, men like mykje ideologien til den europeisk kolonialismen og dei mange forkjemparane for han. Fleire av dei er sett opp til og forsvart til denne dag, mens Hitler ikkje er det. Lawrence James, som altså har skrive ei bok om Churchill, håper at lesarane ikkje vil dømme han for hardt. Det er sjølvsagt utenkjeleg at vi skulle seie det same om Hitler.
I motsetnad til den vidt omtykte Churchill er Hitler rakka
ned på fordi han gav den europeiske koloni-ideologien ein utilgjeveleg vri. Han
vendte den mot Europa sjølv då han prøvde å bygge eit stort imperium i Europa i
ein skala som dei imperia Amerika bygga gjennom kontinental ekspansjon og
England bygga i det Fjerne Austen. Viss vi ser bort frå geografien der denne
ideologien blei anvendt, så var ideane til Hitler dei same som dei ideane som hadde
spora den europeiske delinga av verda i koloniar og interessesfærar. Karl
Korsch, ein tysk emigrant og kommunist, skreiv i 1942 at «nazistane har heilt
enkelt utvida dei metodane som hittil har vore reservert for innfødde eller
ville som lever utanfor sivilisasjonen, til dei siviliserte europeiske folka.»[xii]
Marxisten Aimé Césaire frå Martinique peika også på at nazismen heilt enkelt
var eit uttrykk for den europeiske kolonialismen som blei vendt innetter.
« Folk er overraska, dei er indignerte. Dei seier:’ Kor
rart! Men ikkje ta det så tungt – det er nazisme, det vil ta slutt»’ Og så ventar
dei og håpar; og dei gøymer sanninga for seg sjølv, at det er barbarisme, den
ytste barbarisme, krona på all barbarisme som summerer opp alle dei daglege
barbarismane; at det er nazisme, ja, men at før dei var offera for han, så var
dei medlauparane hans; at dei tolererte nazismen før han blei påført dei
sjølve, at dei unnskylda han, lukka auga for han, legitimerte han, fordi han inntil
då hadde blitt anvendt berre på ikkje-europeiske folk; at dei har kultivert den
nazismen, at dei er ansvarlege for han, og at, før han overfløymde heile den
vestlege sivilisasjonsbyggnaden i det blodraude vatnet sitt, fløymer ut, renn
og dryp for kvar sprekk.»[xiii]
Og Césaire legg til at det Vesten «ikkje kan tilgjeve Hitler for, er ikkje
brotsverket sjølv, brotet mot menneskeheita, det er ikkje nedverdiga av
mennesket i seg sjølve, men fordi det er eit brot mot den kvite mannen, at den den
kvite mannen er blitt nedverdiga, og at Hitler anvendte ei europeiske prosedyrane
som til då hadde vore reservert for arabarane, i Algerie, ‘cooliane’ i India og
«niggarane» i Afrika.
For Churchill var indiarane i Fjerne Austen askyelege folk; for Hitler var slavarane i Europa like avskyelige. Churchill rettferdiggjorde utryddinga av dei opphavlege bebuarane i Amerika og Australia fordi dei blei erstatta av ein overlegen rase. Mens Hitler rettferdiggjorde sine planar for å slavebinde slavarane og utrydde jødane fordi dei var undermenneske som måtte gi rom for ein overlegen rase. Sven Lindquist forklarte samanhengen mellom nazi-metodane og den europeiske kolonialismen med ei litterær allusjon. «Det som vart gjort i hjarte av det svarte, blei tatt opp att i hjarte av Europa,»[xiv]
Eit viktig trekk ved columbismen i Tyskland og i Syria
For å angripe marxismen, som mange tyske arbeidarar støtta, slo Der Führer saman arbeidarklassen sin ideologi med judaismen, ei tru som dei fleste tyske arbeidarane ikkje kunne identifisere seg med fordi dei for det meste var romersk-katolske, lutheranar eller ateistar. Tanken var å diskreditere marxismen ved å framstille han som ein ideologi som var skapt av ein religiøs minoritet for å lure fleirtalet og vinne over det. Gowens går så vidare og forklarar korleis denne metoden også blir brukt krigen mot den syriske regjeringa.
Hovudtanken her er å lage ein myte om at ein minoritet prøver å dominere ein majoritet ved å fremje ein likskapsideologi som nektar for viktigheita av det skiljet som skil ut minoriteten. Derfor såg Hitler det slik at jødane prøvde å dominere ikkje-jødane ved å skape og fremje en marxistisk tankemåte som såg på språklege, etniske, religiøse og nasjonale forskjellar mellom arbeidarar som ei avsporing frå deira felles økonomiske interesser.
Når det gjeld situasjonen i Syria var USA mot Baath-folka sin panarabisme av same grunn som Hitler gjekk mot den marxistiske internasjonalismen: fordi målet for både panarabismen og marxismen var å bygge ein einskapsfront av undertrykte folk mot den felles fienden deira.
Hitler skreiv i Mein Kampf at han i åra 1913 og 1914 uttrykte den meininga … at problemet med å sikre framtida til den tyske nasjonen er problemet med korleis marxismen kan bli utrydda. Han sa at marxismen var det viktigaste problemet i Tyskland. Og han sa at sjølve grunnlaget for at nazipartiet eksisterte under hans leiing var å stanse den vellukka frammarsjen til marxistane. Hitler si oppgåve var å overtyde fleirtalet av tyskarane, der mange støtta marxismen for å slutte seg til det synet at Tyskland var ein overlegen nasjon som var tvinga til å utvide livsrommet sitt til ulempe for underlegne nasjonar – eller bli utrydda sjølve. Derfor aksepterte han det sionistiske synet at jødane var ein nasjon heller enn berre ein religiøs fellesskap. Deretter framstilte han det som i røynda var eit politisk skilje mellom to klasse-ideologiar, marxismen og ideologien til den tyske adelen og borgarskapet, som eit raseskilje der den jødiske «rasen» stod for arbeidarklassen sin ideologi og den tyske «rasen» stod for ideologien til junkerane (dei store jordeigarane) og dei tyske industrileiarane og finansfolka. Marxismen blei merka som ein «jødisk doktrine». Leiarane av sosialdemokratiet var jødar. Det blei hevda at jødane kontrollerte den sosialdemokratiske pressa. Den marxistiske internasjonalismen var skapt av Karl Marx. Den marxismen som blei praktisert i Russland blei kalla jøde-bolsjevisme. Marxismen var lik judaismen og judaismen til marxisme. Slik Hitler såg det kunne dei to bli sett på som to sider av same pengestykke.
Målet til Hitler med å sette marxismen lik judaismen
av å få marxismen til å sjå ut for den tyske arbeidaren som noko framand, noko
skapt av ein minoritet som ikkje passa medlemmer av noko anna – og heilt ut overlegent –
nasjonen. Men der var også noko farleg ved dette som var skapt at dei jødiske
hovuda, det var ikkje berre produktet av ein framand rase: marxismen var ein ny
måte for lure tyske arbeidarar til underkasting under den jødiske «rasen».
Hitler skreiv at marxismen prøver systematisk å levere verda inn i hendene til
jødane.[xv]
Gowans, som her eigentleg har krigen i Syria som hovudsak, skriv at den same metoden blir brukt i og om Syria. Han meiner at det, i tillegg til USA, er fire ideologiske retningar som har spela dei største rollene under Wall Street sin krig mot dei syriske regjeringane både til Bashar al-Assad og faren hans, Hafez. To av desse oppstod då den arabiske verda møtte den europeiske kolonialismen. Det er den sekulære arabiske nasjonalismen og sunnipolitisk Islam til den Islamske brorskapen. Den første av disse ville sameine heile den arabiske nasjonen som var tilfeldig delt opp av dei europeiske kolonistane, og skape ein sjølvstendig sekulær arabisk stat. Denne retninga tok makta i Syria i 1963 etter at offiserar frå Baaths arabiske sosialistparti tok makta der. Dei ville ha ein stat som ikkje låg under dei columbiske okkupantane. Frå då av har denne staten og leiarane der vore sett på som ein fiende av dei columbiske statane. For USA sin aukande dominans var dei særleg farlege fordi dei ville sameine 400 millionar arabarar til ei sjølvstendig stat utanfor USA og dei andre columbiarane si rekkevidd. Dermed ville dei kontrollere verdas viktigaste oljefelt. Saman med andre, mellom anna søsterpartiet i Irak, kunne dei då utfordre heile hegemoniet til USA i Vest-Asia og Nord-Afrika og innføre programma til Baath-rørsla som var einskap, fridom og sosialisme. Den sosialismen det var snakk om var innretta på å fri arabarane frå utbyttinga til imperialistane og ha statleg styring av økonomien og velferd for folket.
USA sin aggresjon i området begynte tidleg. I slutten av april 1951 blei Mohammad Mossadegh vald til statsminister i Iran. Den 1. mai nasjonaliserte han det store Anglo-Iranian Oil Company. Då blei iransk olje straks boikotta av Vesten og leiinga i USA stansa Mossadeghs forsøk på å inngå avtalar med uavhengige oljeselskap. Iran miste mest alle inntekter frå oljen sin. Regjeringa i USA slo først ikkje heilt handa av det iranske styret, og gav dei litt hjelp for å dekke eit valutaunderskott. Men då Eisenhower blei president i USA i 1952 og John Foster Dulles blei utanriksminister og broren Allen Dulles sjef for CIA tok det berre 7 månader før Mossadegh blei styrta av eit kupp leia frå USA.[xvi] Dette har sidan kjenneteikna USA sin politikk i området. Alle som prøvde å komme ut or den columbiske interesse- og utbyttingssfæren har blitt møtt med aggressive mottiltak. Og Israel har vore brukt som eit amerikansk landliggande hangarskip i området for å sikre den columbiske dominansen. Då Baath-partiet kom til makta i Irak starta også USA ein tiårs lang kampanje med invasjonar og økonomisk krig for å stanse Iraks eksperiment med arabisk nasjonalisme, prosessen fekk namnet av-baathifisering. Og det er det same som har skjedd med Syria.
Den andre viktige ideologiske og politiske krafta i Syria, og fleire stader i dei arabiske landa, var det politiske Islam til den Muslimske brorskapen. Det utvikla seg også i motsetnad til den europeiske kolonialismen. Men dei ville redde arabarane frå vestleg (columbisk) dominans ved å bygge ein stat som bygga på einskap ut frå religion og ikkje frå språk. Dei ville ha ei vending attende til rein islam som var ei retning frå de første generasjonane etter Muhammed, kalla salaf. Av det kjem omgrepet salafistar. Dei såg på Baathpartiet sin sekulære stat, som ikkjereligiøs, og dermed såg dei på denne staten også som ein fiende og ikkje berre dei utanlandske imperialistane. Det har gjort at dei også innimellom har alliert seg med og vorte brukt av columbiarane mot den sekulære arabiske nasjonalismen, slik det nett skjedde i stort monn i Syria over fleire tiår. Brorskapen gjekk til væpna opprør mot den syriske staten fleire gonger, mellom anna i 1982 og det var også det som skjedde i 2011. Columbiarane i England og USA har heile tida pleia kontakt med dei. Brorskapen sine leiarar blei invitert til London i 2006 som del av ein «Nasjonal redningsfront» som organiserte ein konferanse som oppmoda til regimeendring i Syria. Og i 2007 var USA, som det heiter, fast om bord.[xvii] Då uroa begynte i 2011 i Syria hadde Brorskapen for lenge sidan fått pengar og våpen frå desse. Heilt frå først stund spela dei ei aktiv og væpna rolle i det som eigentleg var relativt avgrensa demonstrasjonar mot Assad-styret, utan større oppslutnad blant fleirtalet av det syriske folket. Alt dette er godt dokumentert av Gowans, mellom anna gjennom frigjorte dokument frå kongressen i USA.
I Syria er det to dominerande religiøse grupper, den
største er sunniane og den minste er alawittane som er ei uortodoks
shiagruppering. I Baathpartiet var det mange alawittar, men partiet sitt
program var å skape ein sekulær syrisk stat der alle religiøse grupper
samarbeider og Assadane sørga for at mange sunniar fekk leiande poster i deira
stat, mellom anna i regjeringa og i militæret. Partiet sin politikk er
nasjonalt sjølvstende for Syria og alle arabarar og statleg kontroll med
økonomien og arbeid for mindre forskjellar og velferd for innbyggarane, noko som
er til hinder for imperialistisk utbytting. Derfor må columbiarane kjempe for
regimeendring der.
Hitler ønska at tyskarane skulle oppfatte marxistane som jødar, ikkje som leiarar av ei arbeidarklasserørsle mot herskarane i Tyskland. På same måte ønskjer Washington at sekulære arabiske nasjonalistar (Assad) skal bli oppfatta av sunnifleirtalet som alawittar og av Irak sin shiamajoritet som sunniar og ikkje som leiarar av ei panarabisk rørsle mot Vestens dominans. Og på denne måten teiknar både nazipropagandaen og den vestlege propagandaen frigjeringsideologiar som ideologiar for rase, religiøs og sekterisk dominans.
Den intelligente columbiske og amerikanske påverknadsagenten, Cecilie Hellestveit[xviii], gir sjølvsagt eit heilt anna bilete av saka i boka si Syria – En stor krig i en liten verden, Pax forlag, 2017. Her er hennar syn representert ved eit sitat frå Michael Ignatiev som står over første kapittel: «Both Irak and Syria are a fissile mixture of etnicities and religions thrown together after Versailles by departing French and British imperialists and only kept together by Baathist tyranny and violence.» (Både Irak og Syria er ei lettsplitteleg blanding av etniske grupper og religionar som berre blir halde saman av baathpartia sitt tyranni og vald.» Hellestveit bygger opp heile boka si på denne lettgjennomskodelege løgna for dei som kjenner historia. Difor er boka eit eurosentrisk columbisk makkverk og ein gedigen falsk abstraksjon.
Mitt poeng med denne artikkelen er å vise at vi treng
omgrepet columbisme for forstå heile verdshistoria i dei siste vel 500 åra. Det
er ein periode der kvite vestlege makter har herska over verda med dei mest
gruelege middel, myrderiar, folkemord, røveriar, slavearbeid, den mest groteske
utbytting osb. Nazismen er eit uttrykk for den columbiske metoden, men brukt innanfor
den kvite fellesskapen. Det kan ikkje tilgjevast, men det gjer det mogleg for
oss å forstå litt av det som har ramma resten av verda i denne perioden.
Dessutan set det mange ting rett perspektiv. Vi forstår då kvifor alle land, område, personar osb. som har kjempa og som kjempar for å halde seg utanfor eller komme ut av den øydeleggande columbiske sfæren, blir svartmala og kalla alle dei stygge orda vi kan finne på. Og vi skjøner at dei columbiske sanksjonane som USA går i spissen for og vasallane følgjer opp er typiske for heile perioden og at oppheving av desse og avvikling av columbismen er naudsynte vilkår for at verda skal kunne utvikle seg til ei leveleg stad. Og vi skjøner kvifor vi som høyrer til innanfor denne sfæren blir opplært til å hate og angripe alle som dei mordariske columbiske leiarane i USA ønskjer å kunne halde under hælen sin og å stø dei som er med på USA si side. Dette har også stort sett prega utdelinga av Nobels fredspris ganske lenge.
[iii] Stephen Gowans Washington’s Long War on Syria (278 sider), 2016. Boka er ei gullgruve for alle som vil forstå regimeendringar osb., ikkje berre i Syria, men allment sett. I innleiinga og oppsummeringa finn vi konsentrert myke av innhaldet som er handsama i detalj inne i boka. Det første kapittelet tar føre seg korleis dei arabiske frigjeringsrørslene, kalla arabisme, oppstod i motstand og kamp mot vestlege imperialistiske inntrengar, som England, Frankrike og USA. Det andre kapitlet tar opp heile den vestlege imperialismen sitt arbeid for regimeendring der det oppsto statar utenfor deira kontroll. Og korleis imperialistane, med USA i spissen, har støtta seg på dei mest reaksjonære religiøse rørslene, som dei islamittiske wabitane i Saudi-Arabia og sionistane i Israel, for å kjempe ned fridomsrørslene blant arabarane. Dette starta på 1950-talet og har fortsett sidan mot alle som ikkje har bukka for USA med allierte. Det tredje kapitlet tar opp kva som prega opprøret i 2011 og dokumenterer at dette var særs godt førebudd av USA og England gjennom støtte til det islamske brorskapet som ville nedkjempe dei sekulære statane om området for å opprette rettruande islamsk-salafitiske stater og som derfor allierte seg med imperialistane for å nå dette målet. Kapittel fire avkreftar at det fans moderate opprørarar i Syria. Dei fredelege demonstrasjonane var svært små og hadde mest ikkje støtte blant fleirtalet i landet og opprøret blei frå første stund væpna og leia av den muslimske brorskapen. Og stønad frå USA med allierte i regionen begynte straks. Pengar og våpen fløyma inn. Det femte kapitlet omhandlar alliansane dei sekulære opprørsleiarane mot imperialismen hadde og dei imperialistiske statane og deira allierte sin kamp mot desse. Både Syria og Iran har til dømes grunnlover som understreker at dei er sjølvstendige statar som kjempar mot utanlandsk dominans. Medan wahabitane i Saudi-Arabia aldri har hatt denne haldninga, men tvert imot allierte seg med imperalistane for å fremje måla til dei despotiske herskarane sine. Dette siste blir omhandla i kapittal seks. Det sjuande kapitlet handlar om korleis imperialistane splittar for kunne herske i området. I den samanhengen som eg er mest oppteken av her er kapittel åtte svært viktig og interessant. Her går Gowan nemleg inn på det som eg kallar dei columbiske metodane og den columbiske ideologien. Han viser at desse, som blei brukt av dei kvite på dei farga over heile verda er lik dei som Hitler og nazistane brukte på dei kvite i Europa under 2. verdskrigen og samanliknar Hitler sitt syn på jødar og slavarar, med Churchill sitt syn på indianarer, afrikanarar og «folk med skeive auger». Dette er bjelken i auget på heile den reaksjonære retninga som set likskapsteikn mellom nazismen og alle dei som gjennom historia har kjempa for å halde seg utanfor columbisk dominans, medrekna Russland/Sovjet med Stalin og andre som dei eurosentriske columbiarane hatar. Så kjem kapittel ni der det blir dokumentert over all tvil at USA er eit plutokrati eller om du vil eit oligarki, og at det såkalla amerikanske demokratiet er eit skodespel. Så denne boka treng alle som vil forstå kva som skjer i verda og vite meir om kva columbisme i dag er.
[v]
Etter mi meining legg Gowans litt for lite vekt på Hitler sitt raseri fordi
marxistane gjennom si oppfatning av at nasjonen var splitta i samfunnsklassar med
grunnleggande antagonistiske motsetningar seg imellom, hindra det einskaplege,
jernharde folkelegemet som nazistane ville skape. Det er rett at Hitler også
såg på den proletariske internasjonalismen som skadeleg, men den indre klassekampen
var nok ein enno større fare for realiseringa av prosjektet hans som på
overflata var at den ariske rase skulle herske i verda, men som i grunnen var
at det tyske finansoligarkiet skulle gjere det. Når Gowans bruker omgrepet eliten,
så er det i så måte ikkje heilt presist fordi det skjuler den reelle
klassekarakteren til både nazismen og heile den columbismen som også nazismen
er eit uttrykk for.
[viii] Same bok, side 199, der Gowans viser til Gariakai Chengdu, «Winston Churchill: Britain’s ‘Greatest Briton’ let etter seg ein arv med global konflikt og brot mot menneska,» Global Reasearch, 23. januar, 2016.
[ix] Same bok, side 199, der Gowans viser til Richard Toye. Churchill’s Empire: The World that Made Him and the World he Made. St. Martins Griffen, 2011.
[x] Same bok, side 199, der Gowans viser til Lawrence James, Churchill and Empire: A Portrait of an Imperialist (Pegasus Books, 2015).
[xi]Same bok, side 200, der Gowans viser til Gariakai Chengdu, «Winston Churchill: Britain’s ‘Greatest Briton’ let etter seg ein arv med global konflikt og brot mot menneska,» Global Reasearch, 23. januar, 2016.
[xii] Same bok, side 200, der Gowans viser til David Olusoga og Caspar W. Erichsen, The Kaiser’s Holocaust: Germany’s Forgotten Genocide and the Colonial Roots of Nazism, Faber and Faber, 2010, side 329.
[xiii] Same bok, side 200-2001, der Gowans viser til Aimé Césaire, Discourse on Colonialism (Monhly Review Press, 2000), 36.
[xiv] Same bok, side 200-2001, der Gowans viser til Svend Lindquist, The Dead Do Not Die: Exterminate All Tje Brutes and Terra Nullius, The New Press, 2014, side 178.
[xv]
Hitler sitt syn er stort sett teke frå Mein Kampf.
[xvi]
Sjå David Horowitz, USA og den tredje verden – Søkelys på amerikansk utenrikspolitikk
II, Pax forlag 1966, særlig side 71-74. Horowitz avsverga seinare det han hadde
skrive i Free World Colossus som var tittelen på boka i USA, men boka
står trygt på kjeldene sine som seinare er bekrefta i fleire andre verk.
[xvii] Sjå Christopher Davidson, Shadow Wars – The Secret Struggle for the Middle East, 2016, sidene 310-347. Ei interessant bok om tilhøva i heile området, sjølv om ho manglar ein del viktig dokumentasjon som Gowers har.
[xviii] Cecilie Hellestveit var då også tilsett i den kjende amerikanskNATOistisk tenketanken, Atlantic Council, då ho skreiv boka, og er ein høgt verdsett person av det norske «forsvaret» som stadig meir ligg direkte under amerikansk dominans og nokon vil påstå, kommando.
Eg sendte for ei tid tilbake ein kronikk til Klassekampen der eg tok opp det ovan nemnde temaet. Debattredaktøren der var ikkje interessert i det. Så eg publiserte det i den viktigaste antiimperialistiske og radikale avisa i Norden, Ny Dag med Steigan.no. Men eg tenkjer at vi må følgje opp dette fordi det er svært viktig. Særleg fordi avisa Klassekampen no har ein diskusjon om totalitære regime, med lange, reaksjonære innlegg. Derfor ein litt lengre tekst om emnet.
Den verdskjende og svært reaksjonære geografen Halford
Mackinder[i]
skapte i 1904 omgrepet den columbiske epoken om tida frå Columbus kom til
America og fram til Mackinders eigen tid. Han meinte at denne tida då tok
slutt. Der tok han feil. Riktig nok var då om lag heile verda «oppdaga», men
trua på at Columbus sitt vis for å omgåast den verda han «oppdaga» var slutt,
var feil, den fortsette under nye omstende heilt fram til og forbi
500-års»jubileet» for landnåmet i Karibia. Columbus innleia ein periode på over
500 år då dei kvite overklassane i landa rundt det nordlege Atlanterhavet
fortsette hans verk. Det som har karakterisert dette verket var folkemord,
slaveri og rov og tjuveri av heile den verda som etter kvart blei «oppdaga» i
den grad columbiarane klarte å legge
land og folk under sitt herredømme.
Columbus si andre reise
Columbus sin andre reise innleia for alvor den
columbiske epoken. I første omgang gjekk det ut over folket på Hispaniola. Det
var tre oppgåver Columbus ville løyse. Han ville skaffe slavar og gull og
omvende innbyggarane til katolisismen. Han måtte fort gi opp å skaffe slavar
fordi indianarane døydde så fort. Så blei gull det viktigaste. Ei system der
alle innbyggarane skulle skaffe ei viss mengd gull innan visse korte periodar
blei innført. For å få til dette underkua dei folket fullstendig. Metoden kan
karakteriserast av eit par episodar der spaniarane hadde fanga ei gruppe
indianarar. Indianarane sat ein kano utanfor skotrekkevidde til eit av skipa,
men mannskapet klarte å lure seg innpå dei og dei tok fram boge og pilar og
prøvde å forsvare seg. Men dei blei fanga og tatt om bord i Santa Maria,
Columbus sitt skip. Ein av dei, som hadde fått snitta opp buken av ein spansk soldat,
klarte å rive seg laus og symje mot land medan han held tarmane sine med eine
handa. Han blei fanga att og så bant dei både hende og føter på han og kasta
han over bord. Men han klarte å komme seg laus av taua og tok til å symje mot
land att. Då blei han skoten mange hol i av spaniarane og sank i ned i vatnet.
Kvinner som hadde klart å rømme blei fanga att for å vere sexslavar for
mannskapet.[ii]
For å skaffe gull skapte Columbus eit system der alle over 13 år i ei provins på Hispaniola der dei trudde det var mykje gull, skulle skaffe ein falkemage fylt med gull kvar tredje månad. Stammeleiarar skulle skaffe ti gongar så mykje. Som prov på at dei hadde skaffe dette fekk dei ein koparbit stempla med månaden festa rundt halsen. De som blei teken utan metallbit fekk hendene kutta av. Der var ikkje mykje gull i dette området, så oppgåva var umogleg. I dei andre provinsane skulle alle levere 25 pund vevd bomull i staden for gull. Dei som prøvde å flykte opp i fjella fordi ei ikkje klarte å nå målet blei jakta ned med hundar og drepne for fote, dei vart hengde og brente. Øya var fullstendig pasifisert og massesjølvmord blant arawakane begynte. I løpet av dei to åra brørne Columbus administrerte Hispaniola (ein del av Haiti ligg no her) blei halvparten av arawakane drepne eller drap seg sjølve. Talet på daude der anslått til ein stad mellom 125 000 og ein halv million. Drepinga fortsette og i 1515 var det berre 10 000 arawakar att. Og 25 år seinare var heile nasjonen utrydda.[iii] Seinare skjedde det same på resten av Haiti. Og etter kvart på alle delar av det amerikanske kontinent. David E. Stannard har kalla dette for den amerikanske holocaust og seier at dei kvite sin statar der, medrekna USA bør ha pyramidar av hovudskallar som sin symbol.
Eit viktig kjenneteikn på epoken er også handsaminga
av kvinnene. Dei spanske okkupantane drap både menn, barn og kvinner, men ofte
drap dei mennene og ungane, mens dei tok kvinnene til sex-slavar. Store delar
av den blanda folkesetnaden i Latin-Amerika er resultat av valdtekter på
kvinner frå dei opphavlege folka. Denne måten å handsame kvinner og dette kvinnesynet
finn vi sjølvsagt også andre stader, men det er i alle fall sikkert at han gjennomsyrer
columbismen. Difor er det litt av ei kunststykke at det columbiske leiarlandet,
USA, våger å stå fram som forsvarar av kvinnene si likestilling.
Måten columbiarane handsamar dei ikkje-columbiske
folka var og opphav til den moderne rasismen der alle utanom dei kvite
europearane ikkje vert sett på som likeverdige menneske, men i beste fall som
mindreverdige og ofte ikkje som menneske i det heile, men som utøy. Dette sit
djupt i den columbiske kulturen.
Ein annan karaktereigenskap som kjenneteiknar
columbismen er å gå til angrep på og drepe og undertrykke slike som ikkje har
vilkår til å forsvare seg. Denne forråande måten å oppføre seg på og dei
haldningane som spring ut av dette gjennomsyrer også columbismen. Spark dei
svake og dyrk dei sterke bøllane.
Alt dette kjenneteiknar også den enorme valdskulturen
i dei columbiske landa, mykje fremja av Hollywood og slike.
Folkemord er eit av dei fremste kjenneteikna på
columbismen. Eg skal ikkje gå gjennom heile denne verdas verste folkemord i
detalj her, men viser til ein tidlegare artikkel[iv]
der det også går fram at desse metodane framleis blir brukt eller forsøkt
brukt. Men det kan vere verd å nemne at nyare overslag over talet på drepne på
Hispaniola sannsynlegvis var 8 000 000. Og det skjedde i løpet av om
lag ein generasjon. Dette er arven etter Columbus og noko som har kjenneteikna
det columbiske systemet i dei neste vel 500 åra.
Innan den columbiske flokken var det også store
krigar, med enorme drapstal, for å bestemme kven som skulle ha kontrollen. Og
kontrollen gjekk i det store og heile frå Spania og Portugal, til Holland,
Frankrike, England og USA, men fleire, som ikkje blei dominerande, var med på
«leiken», som Tyskland og Belgia og fleire mindre aktørar som til dømes Danmark
då Norge i røynda var styrt av den danske staten. I tillegg melde ei
Stillehavs-makt, Japan, seg på i denne striden. Eg har omsett innleiinga av ei
bok om columbismen som Noam Chomsky har skrive og som gir mange opplysningar
Sjå note 4.).
Columbisme og kapitalisme
I Kapitalen, bind 1, kapittel 24 tar Marx opp utviklinga
som gjekk føre seg før den industrielle kapitalismen oppstod. Eg skal ikkje gå
inn på alle detaljane her, men i kapittel 24.6 summerer Marx opp forholdet
mellom columbisme og framveksten av kapitalisme under overskrifta Industrikapitalismens tilblivelse. «Oppdagelsen av gull- og
sølvforekomstene i Amerika, utryddelsen, slavebindingen av den innfødte
befolkningen som ble sendt ned i gruvene, den begynnende erobringen og
utplyndringen av Øst-India, forvandlingen av Afrika til et jaktområde for
handelsjakt på negre – alt dette var soloppgangen for den kapitalistiske
produksjonens epoke.»[v]
«En mann som har gjort kristendommen til sin spesialitet, W. Howitt, sier om
det kristne kolonialsystemet: ‘Det barbariet og de opprørende grusomhetene som
de såkalte kristne rasene gjør seg skyldige i, finner man ikke maken til i noen
epoke i verdenshistorien, ikke hos noen rase, selv om den måtte være aldri så
primitiv og uopplyst, skamløs og fri for medlidenhet».[vi]
Marx går så inn på eksempel frå Holland og Englands Øst-Indiske kompani og sier
at resultatet ble at «Store formuer grodde fort vekk som paddehatter, den
opprinnelige akkumulasjonen foregikk uten at en skilling ble forskuttert»,[vii]
dvs. som reint røveri. Han konkluderer med at «Kolonisystemet gjorde at handel
og skipsfart utviklet seg som i et drivhus. ‘Selskapene Monopolia’ (Luther) var
mektige hevarmer for kapitalkonsentrasjonen. De framvoksende manufakturene fikk
sikret seg et avsetningsmarked i koloniene, og markedsmonopolet forsterket
akkumulasjonen. Skattene som ble samlet utenfor Europa gjennom direkte
plyndring, slavebinding og rovmord, strømmet tilbake til moderlandet, hvor de
ble gjort om til kapital».[viii]
Men denne typen overføring av verdiar frå land
utanfor Europa» tok ikkje slutt med den opphavlege akkumuleringa. Han har
fortsett fram til no gjennom forskjellige fasar og metodar. Nyare forsking har
vist korleis det har skjedd og skjer. Her vil eg særleg nemne indarane Utsa
Patnaik[ix]
og Prabhat Patnaik si banebrytande studie Capital and Imperialism – Theory,
History, and the Present (Kapital og imperialisme – teori, historie og
no) frå 2121 som viser at akkumulasjon av kapital alltid har trengt at ein
tar jord, råmateriala, og kroppar frå ikkje-kapitalistiske produksjonsmåtar. Viktig
er også indonesaren Intan Suwandi[x]
si Value Chains – The New Economic
Imperialism (Verdikjedar – Den nye økonomiske imperialismen) frå 2019.
Det er elles interessant å notere seg at desse tre bøkene har kvinnelege
forfattarar. Til slutt her vil eg nemnde John Smith si Imperialism in the
Twenty-first century – Gobalization, Super-Exploitation, and Capitalism’s Final
Crisis (Imperialismen i det tjueførste hundreåret – globalisering,
super-utbytting og den endelege krisa for kapitalismen) frå 2016. For dei
som leitar er det ei sann mengd om bøker om emnet.
England
Frå 1700-talet var England den leiande
columbisk-imperialistiske makta. Då skapte den engelske overklassen også
settlarstatane USA, Australia og New Zealand gjennom folkemord og røving av
land og ressursar frå den opphavlege folkesetnaden. Dei skapte og settlarstatar
i Afrika, som i Kenya og Sør-Afrika, men her vart dei aldri så dominerande som
i dei ovan nemnde og etter kvart blei fleirtalet av settlarane jaga ut. Og dei
tok kontroll over ei mengd andre område og land i verda som dei tyna og utbytta
på det mest gruelege.
I perioden frå den 2. verdskrigen og fram til no
(2021) har USA vore den leiande columbisk-imperialistiske makta. Men alle landa
rundt det nordlege Atlanterhavet, som Tyskland, Belgia og andre med meir eller
mindre «kvite» overklassar var med. Russland hadde skilde seg ut, først ved at
dei hadde utvida sitt eige territorium, slik alle statar var blitt danna, utan
å bli ein kolonistat i rett tyding, samt at folka i dei nyerobra områda ikkje
blei utrydda, men utnytta og utbytta og etter kvart integrert i staten
Russland. Så braut dei altså ut av heile de columbiske systemet. I heile tida
let USA som om dei ikkje var så imperialistiske som England og andre columbiske
statar. Dei var til dømes ikkje direkte med i krigar for ta kontroll over Kina,
men opererte i bakgrunnen for å oppnå same imperialistiske føremoner som
England, Frankrike, Tyskland og andre som stod fram som meir krigerske og
undertrykkande.
USA
Blant dei mest gruelege settlarstatane var USA, etter
at settlarane hadde utrydda indianarane gjennom ei rekkje krigar og massakrar
osb., mens dei trengde seg vestover på det nye kontinentet, slo dei ut Spania
og Frankrike og England og oppretta sin eigen stat der det blei utvikla eit
moderne slaveri knytt til utviklinga av bomullsindustrien i England og dermed
til den første bølgja av industrikapitalisme. Dei erobra meir enn ein tredel av
Mexico som vart den sørvestlege delen av USA. Dei tok så Hawaii og forsette
rundt 1900 med ein krig mot Spania der dei sikra seg restane av det spanske
herreveldet, til dømes Cuba og Filippinane. På Filippinane allierte dei seg
først med ei lokal frigjeringsrørsle mot Spania. Det førte til at
frigjeringsrørsla vann og oppretta sin eigen frie stat. Då gjekk USA til kamp
mot sine tidlegare partnarar og klarte, gjennom ein veritabel folkemordskrig, å
knuse den nye staten. Eg har skrive ein lenger artikkel om det.[xi]
Deira løgn om at dei ville hjelpe til med å frigjere dei spanske områda vart då
grundig avslørt, men sjølv i dag er det mange som ikkje kjenner til denne
historia.
Tore Linné Eriksen
gav i 2007, etter oppfordring frå Bernt Hagtvedt,[xii]
ut ei god bok med tittelen Det første folkemordet i
det tjuende århundret – Namibia 1903-1908 med ein omfattande kjeldeoversikt
og drøftingar av omgrepet folkemord og samanlikningar med andre folkemord.
På slutten av boka skriv han at «I komparativt perspektiv er det nærliggende å
lete etter felles kolonitrekk i form av jordokkupasjon, tvangsarbeid og
rasisme, samtidig som det er en minst like viktig utfordring å forklare hvorfor
Namibia, etter mange forskeres oppfatning, skilte seg ut ved at den tyske
okkupasjonsmakten gjorde seg skyldig i det som etter gjengse definisjoner
omtales som folkemord. Det er riktignok grunn til å tro at dette begrepet vil
bli brukt om fleire andre kolonikriger etter hvert som koblingen mellom
kolonihistorie og folkemordsforskning fører til grundigere studier, slik John
Lawrence Tone nylig har gitt et spennende eksempel på med War and Genocide
in Cuba, 1895-1898.»[xiii]
Ut frå dei opplysningane som finnast om Filippinane
har han fått rett i dette. Men det har ikkje vore like lett å få dette fram
fordi USA var den staten som utførte det som kan kallast folkemord på
Filippinane. For dei som stør den columbiske imperialismen i verda er det
kanskje ikkje lett å svelge at USA er den verste folkemordar og ekstremiststat
i verdshistoria. Det same skjedde då Suharto i Indonesia, med tydleg støtte frå
USA, sørga for å drepe store delar av den kinesiske minoriteten og så å seie alle
kommunistar der i 1965-66.[xiv]
Resultatet blei mellom 500 000 og ein million drepne.
USA sitt tilhøve til det som blir kalla Latin-Amerika
er betre kjend. Her let dei og som om dei ville hjelpe statane der gjennom den
såkalla Monroe-doktrinen som stengde dei andre columbiske landa ute frå
Latin-Amerika. Men under denne doktrinen la dei i røynda dette området inn
under sin interessesfære. Noko som har ført til enorme problem for folka der og
har hindra utviklinga av gode samfunn der fram til i dag.
Etter 2. verdskrigen og særleg etter Suez-krisen og
den 2. arabisk-israelske krig i 1956 då Israel, England og Frankrike gjekk mot
Egypt de Nasser hadde nasjonalisert Suez-kanalen, har USA vore den heilt
dominerande columbiske makta som har gått i spissen for mest alle krigar,
regimeskifte, boikottar og økonomiske straffetiltak mot alle land og område som
har kjempa for å komme seg ut av det columbiske kvelegrepet. Og dei har tatt
kontroll over resten av dei columbiske statane gjennom økonomiske middel som
Verdsbanken, Det internasjonale pengefondet og militære middel som NATO og ei
rekkje andre pressmiddel.
Kampar for å komme ut or columbismen sitt famntak
Heilt frå starten har dei ikkje-columbiske folka
kjempa mot columbismen og for å sleppe ut av den columbiske sfæren. Ei
interessant bok om dette er indaren Priyamvada Gopal[xv]
si bok Insurgent Empire – Anticolonial Resistance and British Dissent (Opprørsk Imperium – motstand mot
kolonisering og britisk usemje) frå 2017. Dei første som braut ut av det
columbiske systemet var slavane på Haiti. Dei kasta ut franskmennene og
oppretta den første frie ikkje-columbiske staten. Seinare sendte Napoleon
franske (og polske) troppar for å ta øya tilbake og dei såg ut til å klare det
gjennom ein nådelaus drapspolitikk, men dei tidlegare slavane klarte til slutt
å slå også desse. Men så slutta USA å stø opprøret og innførte i staden
sanksjonar og ein kvit elite klarte etter kvart å ta tilbake makta, slik redda
dei Haiti for columbismen[xvi]
med fryktelege følgjer for folket der.
Alle slike forsøk på å komme ut av famntaket til
columbiarane har blitt møtt slik, med dei smartaste, mest brutale og mordariske
middel frå columbiarane.
Oktober-revolusjonen
Frå 1. verdskrig begynte verdas folk for alvor å
lukkast med kampen for å kjempe seg ut. Det første stor vellukka forsøket kom i
Russland i 1917, med Oktoberrevolusjonen og sigeren mot 14 columbiske statar (medrekna
Japan) som invaderte landet og hjelpte den gamle jordeigarklassen og delar av
borgarskapet i Russland i forsøket på å styrte det revolusjonære styret. Men
dei tapte og Sovjet Unionen blei oppretta. Kvifor klarte ikkje alle dei
reaksjonære klassane i Russland saman med alle dei columbiske landa pluss nokre
til (Japan til dømes) å slå ned denne revolusjonen? Den franske filosofen og
kommunisten Lucien Sève har gitt eit greitt svar. Her har du det:
«Men lat oss no sjå på kva som ble vedtatt i løpet av
to månader etter oktober-revolusjonen i Russland. Det aller første var stans i
krigen mot Tyskland med allierte som var i ferd med å blø ut landet. Det neste
var vedtak om overføring av jord frå dei gamle godseigarane til dei bøndene som
dyrka han. Så blei det gamle straffesystemet, som var retta mot arbeidarar og
fattige bønder oppheva. Dernest kom vedtak om skilje av kyrkje og stat. Og så
kom i tur og orden:
sivilt giftarmål blei lovleg,
vedtak av at kvinner skulle ha same rettar som menn,
vedtak av ein forenkla skrivemåte for å gjere det lettare for alle
å lære å lese og skrive,
oppheving av adel og kastar,
oppheving av dei gamle privilegia frå tsarsystemet,
oppretting av sjuketrygd og arbeidsløysetrygd,
etablering av arbeidarkontroll i føretak,
oppretting av eit nasjonalt økonomisk råd,
nasjonalisering av privatbankane,
proklamasjon om rettane til dei forskjellige folka og nasjonane i
Russland inkludert retten til å styre seg sjølv og skilje seg ut som eigen
nasjon om dei ville, slik det skjedde i Finland, Polen og Ukraina,
oppheving av alle nasjonale og religiøse privilegia og retten til
fri utvikling for minoritetar og etniske grupper og
oppheving av alle regler som diskriminerte jødar.
Dette var Lenin si linje for utviklinga av
kommunismens første fase i Russland og eit grunnlag for den praktiske
innføringa av han. No vart grunnlaget for å få til dette mest øydelagt av den
rasande motstanden til den gamle godseigaradelen. Alle dei 133 000
offiserane i tsarhæren kom frå denne gruppa, og dei organiserte raskt hærar som
samarbeida med 14 land utanfor Russland for å knuse revolusjonen og dei nye
ordningane. Grunnen til at arbeidarane og dei store bondemassane i Russland og
landa rundt ikkje tapte, var dei visste kva som sto på spel om godseigarhærane
og deira utanlandske medspelarar vann. Då ville dei miste jorda si att og
dessutan ville alle dei nye rettane bli tatt frå dei og dei ville bli straffa
på verste vis.[xvii]
Det vesentlege ved
utviklinga i Sovjet-Unionen utanfor columbismen sin sfære
Sigeren i Russland gjorde det mogleg å bygge opp ein
moderne industristat der i rekordfart på grunnlag av indre akkumulasjon og
ikkje det columbiske middelet med enorm utbytting av koloniar og
interessesfærar. Det førte til ein rask utvikling i leve- og livsstandard for
det store fleirtalet i landet og brutal undertrykking av dei som motsette seg
den utviklingspolitikken som kommunistpartiet var pådrivar for, med Stalin i
spissen. Dette var grunnlaget for den store populariteten til Stalin før 2.
verdskrigen og for kritikken mot han seinare. Då han leia Sovjet-Unionen sin
store kamp mot Nazi-Tyskland og som avgjorde sigeren mot denne steig
populariteten til enno større høgder.
Etter revolusjonen var de store problemet for Sovjet
sjølvsagt den fortsette rasande motstanden frå dei columbiske staten pluss at produksjonsmidla
var svært tilbakeliggande i forhold til behova for produkt og at dei derfor måtte
bygge opp industrien på grunnlag av eigne ressursar der jordbruket var
avgjerande. Dei løyste det gjennom ein tvungen kollektivisering av jordbruket, og
forsert industrialisering, noko som skapte store motseiingar til dei mest
aktive sjølvstendige bøndene, kulakkane og til dei tradisjonelle produsentane
som blei erstatta av industrien. Dette var dei gruppene som blei offer i denne
prosessen. Desse gruppene blei pressa ut av jorda si og dei private
produksjonsmidla sine og etterpå levde dei eit fattigsleg liv, ofte i utkantane
av byane der dei livnærte seg på tilfeldig arbeid og småkriminalitet.
Det var først og fremst denne gruppa, saman med politiske
motstandarar av sovjetstyret som hamna i arbeidsleirane kalla Gulag og som vart
offer for den store utreinskinga i 1938. Ein annan gruppe var lokale leiarar
som feilinformerte den sentrale leiinga om produksjon og anna for å sleppe unna
kritikk og skape føremoner for seg sjølv. Sovjetkritiske forskarar har rekna ut
at rundt 5 til 6 millionar menneske blei direkte tatt livet av i Sovjet-Unionen
under Stalin sitt styre. Andre har forstørra opp dette talet enormt ved å
trekke inn uår og svelteperiodar osb. ut frå columbisk-politiske formål.
Interessante bøker for å vurdere Sovjet-historia er The Stalin Years – A Reader, redigert av Christopher Read, Palgrave MacMillan
2003. Her samanfattar Read (som er professor i historie ved University of
Warwick) ein del av taldiskusjonen slik: ”For tida antydar dei mest nøyaktige
teljingane vi har tal som er avskrekkande nok, men atskillege lågare enn dei
tala Conquest har. (20 millionar drepne.) Når det gjeld åra med terror
(1936-41) blei mest ein million avretta, og omlag to millionar fangar døyde i
leire og i eksil. (Side 16.)
Interessant er også J. Arch Getty og Oleg W. Naumov The Road
to Terror. Stalin and the Self-Destruction of the Bolsjeviks. 1999 Yale
University. Getty er ein av de meir kjende forskarane på Sovjet i USA og Naumov
var visedirektør for Moskva-arkivet RGASPI. Eg har skrive eit samandrag av boka
tidlegare.
Også Stalinism New Directions frå 2000 der
Sheila Fitzpatrick var redaktør er interessant og kanskje særleg Domenico Losurdo
si bok Stalin – ein svart legende som først kom ut på italiensk i 2008
og seinare på andre språk, til dømes på tysk i eit tredje nysjekka opplag i
2017. Eg har tidlegare skrive ein artikkel der eg samanfattar opplysningane i
desse bøkene (minus Losurdo si).[xviii]
Men mi oppgåve her er ikkje å gå inn på
sovjethistoria i detalj. Ut frå eit anti-columbisk perspektiv var hovudsaka ved
Sovjet-Unionen at det var den første store staten som klarte å dra seg ut av
den columbiske sfæren for lengre tid, og at dette var eit avgjerande vilkår for
at landet kunne bygge opp ein uavhengig moderne industristat. Noko som på si
side var eit vilkår for at staten klarte å halde seg så lenge utanfor den
columbiske sfæren.
Først blei angrepet frå dei 14 columbiske statane slått
tilbake litt ut på 1920-talet. Og Sovjet-Unionen hadde klart å motstå alle
økonomiske angrep og all undergravingsverksemd frå columbiarane i
mellomkrigstida, gjekk den columbiske nazi-staten, Tyskland, til åtak på Sovjet-Unionen
den 22. juni i 1941. Etter berre litt over to månader, den 1. september, sto
tyske styrkar framme ved ei line frå tidlegare Leningrad over Smolensk like
vest for Moskva og vidare til Timosjenko til Kiev og aust til Dnepropetrovsk og
til Odessa ved Svartehavet. Hitler vurderte det slik at dei hadde vunne krigen
allereie.
Dei andre columbiske statane sat i starten på
gjerdet, men då Tyskland sin allierte, Japan, vel to veker før jul i 1941 gjekk
til åtak på USA sin base på Hawaii, som USA tidlegare hadde lagt inn under sitt
herredømme, gjekk også USA inn i krigen. Men i røynda var det først då dei
columbiske leiarane i vest såg at Sovjet-Unionen kunne vinne krigen og ta heile
Tyskland, at det kom fart i deira planer for å gå inn i Europa, og så fekk vi
D-dagen 7. juni 1944. Strategisk sett var då Tyskland i taparposisjon før det.
Første teiknet var forsvaret av Moskva og det dåverande Leningrad og det reelle
omslaget ved Stalingrad frå 1942 av og dei russiske offensivane etter dette
fram til den store sigeren i panserslaget ved Kursk i juli-august 1943.[xix]
For alle som kjente krigens lovar var det då klart at det berre var eit
spørsmål om tid før Tyskland måtte kapitulere.
Sett i det columbiske perspektivet var første
verdskrigen først og fremst ein kamp mellom columbiske statar om omfordeling av
heile den ikkje-columbiske verda som alle var samde om skulle utbytast til det
ytste. Den andre krigen var også ein slik omfordelingskamp, men han var også
ein kamp for å ta Sovjet-Unionen inn i den columbiske sfæren att. Dette var i
røynda den nazistiske leiren og leiren til England og USA samde om. Men den
siste leiren var tvungen til å gå i ein midlertidig allianse med Sovjet-Unionen
for å hindre at enno større delar av verda klarte å komme seg ut av den
columbiske gruppa.
Den kalde krigen og det
Etter at Tyskland med sine allierte var slått sørga
USA for å få kontroll over resten av Europa. Straks etter krigen utforma dei
planar for å angripe Sovjet-Unionen. I oktober 1945 gav president Truman eit
oppdrag til general Eisenhower som han kalla «Operation Totality» (JIC/1). Det var
ein hypotetisk plan for ein omfattande krig mot Sovjetunionen. Med eit slag skulle
dei bruke atombomber for å utradere 20 sovjetiske byar, Moskva, Gorkij, Kujbysjev,
Sverdlovsk, Novosibirsk, Omsk, Saratov, Leningrad, Baku, Tasjkent, Sjeljabinsk, Nisji Tagil, Magnitogorsk, Perm,
Tiflis, Novokusnetsk, Grosnyj, Irkutsk og Jaroslavl. I løpet av kort tid
lanserte også Churchill plan om ei samein Europa, eit EU og det var i tråd med
amerikanarane sine planar om å styre heile verda.[xx]
Marshall-«hjelpa» var ein viktig lekk i desse
planane. Dei og deira columbiske allierte følgde då opp Hitler sin varme krig
for å columbisere Sovjet-Unionen og dominere Europa ved å starte ein såkalla
«kald krig». Denne varte svært lenge, men då Sovjetstaten braut saman i 1991
lukkast columbiarane å få Russland og fleire andre tidlegare Sovjet-republikkar
inn i det columbiske systemet. For Russland varte dette i om lag ti år og det
førte til ein enorm økonomisk og sosial katastrofe både i Russland og andre
tidlegare sovjetiske område. Nokon har vurderte det slik at tilbakeslaget var større
enn 2. verdskrigen. Og så begynte ein ny runde med kampar, der USA gjekk i
spissen, for å få Russland og alle dei tidlegare sovjet-republikkane til å
halde seg inne i den columbiske sfæren. Dei lukkast fleire stader med det. Og
mange andre land, som hadde klarte å halde på eit visst mon av sjølvstende ved
å støtte seg på Sovjet, blei også columbisert.
Men så kom Putin og stengde døra att for columbiarane
og vingestekka dei nye russiske oligarkane. Attreisinga av Russland tok til
att. Putin måtte demoniserast.
Det andre anti-columbiske jordskjelvet – Kina
Men under 2. verdskrigen hadde det skjedd noko anna
svært viktig som skulle vise seg å vere innleiinga på slutten av heile den
columbiske æra. Under leiing av det kinesiske kommunistpartiet (KKP), med Mao
Zedong i spissen, kasta folket i Kina ut den fryktelege japanske
okkupanten. Og deretter slo dei hæren
til Chiang Kai-sjek som amerikanarane ville bruke for å halde Kina innan den
columbiske sfæren sin. Men amerikanarane hjelpte han så mykja at han klarte å
sette seg fast på den kinesiske øya Taiwan. England klarte å halde på kolonien
sin i Hong Kong, som dei hadde røva til seg om lag 100 år tidlegare. Dei har
også seinare kjempa med nebb å klør for å halde på dette området, sjølv om dei
måtte gi tapt i 1997.[xxi]
I den seinare tida har columbiarane jobba for å bruke Hong Kong som ei
brekkstong for å svekke Kina og støtta ein columbisk opposisjon der som vil at
staden ikkje skal bli ein fullverdig del av Kina. Den vanlege reklamen er at
dei kjempar for demokrati og menneskerettar.
Den enorme framgangen for
folket i Kina i Mao-epoken
Under Mao si tid som leiar for KKP blei det lagd eit
solid grunnlag for vidare utvikling etter han. I 1949 overtok Mao og hans folk
eit krigsherja land der store åkerareal låg brakk. Arbeidsløyse og hungersnaud
herja på landsbygda. Under Mao ble dyrkingsarealet auka med 30 % og produksjonen
av korn med 250 %. Fordi folkesetnaden blei nesten fordobla på same tid, klarte
dei likevel ikkje å løfte heile folket ut av fattigdommen då. I den kinesiske
industrien der tilstanden var enno dårlegare enn i jordbruket, var veksten
større. Mellom 1949 og 1975 ble produksjonen 20 gonger større og kom opp i
halvdelen av nasjonalproduktet, mot berre ein tiandedel då Folkerepublikken
blei grunnlagd. Viss vi tar 1957 som basisår kan takten i utviklinga bli
illustrert ved følgande indekstal: 1949:20, 1952:48, 1957:100, 1960:181,
1962:111, 1965,:199, 1970:316 og 1975:502.
Dei columbiske propagandistane har fokusert på
kriseåra rundt 1962 og dermed forfalska den heilskaplege utviklinga som var
svært god. Under heile denne prosessen vaks ikkje folkesetnaden i byane så
mykje fordi ein god del industri blei bygd opp lokalt i landdistrikta saman med
skular og helsevesen som blei bygd ut svært mykje. Også innan lokalt transport
og offentlege syslar var veksten stor. Nokre produksjonstal er nyttig å vite.
Frå 1952 til 1976 blei kolproduksjonen 7 gongar så stor, tilverknaden av stål
blei 20 gongar så stor, produksjonen av elektrisk kraft blei 30 gongar så stor,
råoljeutvinninga blei 200 gongar så stor. Forbruksindustrien auka mykje mindre.
Folk fekk ikkje mykje meir bomullstøy og sukker per individ, men symaskinar,
radioapparat og syklar begynte å bli kvardagsartiklar. Alle desse opplysningane
er tatt frå den svenske historikaren, Åke Holmberg, si bok Vår världs
historia – Från urtid til nutid (1982, 87), side 568. Holmberg var
professor i moderne historie ved universitetet i Göteborg frå 1964 til 1982.
Eg siterer så mykje her fordi mange har hevda at
Mao-tida var noko av ein katastrofe for Kina. Det er sjølvsagt det reine
tullet. Talet på innbyggarar gjekk i veret og gjennomsnittleg levealder gjekk
mykje opp. Folk fekk det ulike mykje betre enn dei hadde hatt det før 1949, og
grunnlaget blei lagt for at Kina kunne
utvikle seg til ein sterk industrinasjon. Grunnen til svartmalinga av Mao er
sjølvsagt at han klarte å halde Kina utanfor den columbiske sfæren og leie ei
kraftig materiell utvikling i landet.
Kina «opnar opp» – den største og raskaste industrialiseringa i
historia
Under leiing av Deng gjekk Kina frå Mao sin daud i
1976 inn i ein periode der dei opna for utanlandske investeringar og forsert
utviklinga av industri og produksjon i landet. Denne politikken varte til Xi
Jinping blei reell leiar for Kinas Kommunistparti i 2012. Det førte til ei
enorm utvikling av produktivkreftene i Kina. I siste nummer av
forretningsmagasinet Fortune (august/september 2021) har dei ei oversikt
over utviklinga av dei 500 største føretaka i verda sidan 1990 til 2021. I 1990
hadde Kina eit føretak på denne lista, mens USA hadde 167. I 2021 har USA 122
føretak på lista, mens Kina har 143. Japan har gått tilbake frå 111 til 53,
Tyskland frå 32 til 27, Frankrike frå 29 til 26, England frå 43 til 22, mens
Sør-Korea har gått fram frå 11 til 15. Dessutan skal vi hugse på at Kina har om
lag ein milliard fleire innbyggarar enn USA og at dei har bygd opp eit svært
sterkt militært sjølvforsvar slik at eventuelle angrep frå USA raskt kan føre
til at alle basane deira rundt landet, saman med hangarskipa i nærleiken vil
bli øydelagd relativ raskt.
Dette er ei slik enorm endring i dei økonomiske,
politiske og militære styrkeforholda i verda at knapt nokon har fatta det, og
enno mindre kva politiske konsekvensar det får for det columbiske
verdssystemet. Det er interessant å merke seg at det er USA, Japan og England
som går mest tilbake. Det tyder at denne alliansen er svært mykje svekka
internasjonalt, og ikkje noko å satse på i framtida. Det gjer at den norske
utanrikspolitikken alt no er avleggs. Det er viktig å komme seg ut av det
columbiske systemet, med dei økonomiske systema (IMF og Verdsbanken til dømes)
og dei alliansane som finnast der, (NATO, EU osb.) fortast mogleg.
Den store krisen i den columbiske kapitalismen, som i
røynda tok til frå rundt 1965, då profittraten i systemet i industrien tok til
å falle faretrugande i OECD-landa frå rundt 30 % til godt under 10 % litt etter
1980. Behovet for å halde oppe profitten til dei store finansmonopola
inspirerte dei til å flagge ut industrien til lågkostland som til dømes Mexico
og andre, men viktigast blei Kina. Finanseliten, særleg i USA, men også i andre
columbiske statar, meinte dei hadde funne ei viktig løysing, ikkje berre på
profittkrisa, men også ein metode for å få Kina inn att i den columbiske sfæren.
Denne trua held dei oppe heilt til Xi blei leiar i
Kina i 2012 og lanserte sin plan om å bygge eit rikt og godt sosialistisk land
innan hundreårsdagen for danninga av Folkerepublikken. Då begynte dei ein
frenetisk kamp for å hindre den vidare utviklinga i Kina, men dei var for seint
ute.
Vi skal hugse at USA som nasjon er det vi før kalla
ein reivunge som stat, samanlikna med Kina. Kina har vore ein stat som har
utvikla seg i meir enn 4000 år, medan USA, som er en settlarstat bygga på
folkemord av den opphavlege folkesetnaden, berre har rundt 350 år på baken. Dei
som leier Kina har ei statserfaring som strekker seg meir enn 10 gonger lengre
baketter enn USA. Det gir Kina eit syn på langsiktig utvikling og langsiktige
planar og samkvem med andre nasjonar som er mykje meir utvikla enn det du finn
i USA. Og Kina har alltid utvida og trekt saman grensene sine på eit
samanhengande territorium. Dessutan har Kina vore okkupert to gonger i historia
si, av dei mongolske folka i nord. Begge gongane har dei integrert okkupantane
i systemet sitt og med dei opphavlege innbyggarane. Dei har aldri gått utover
det samanhengande territoriet for å utrydde og utbytte folka der. Og dei siste
førti åra har ikkje dei kinesiske militære styrkane fyrt av eitt skott mot
andre statar, mens USA har vore så å seie i samanhengande krigar for å halde på
leiarrolla innan columbismen og verda elles. Den siste store bragda til den
kinesiske leiinga er at dei har klart å få rundt 800 millionar av innbyggarane
sine ut or fattigdom i løpet av mindre enn ein generasjon. Det tyder at dei er
leiande i verda i å sikre folket sitt ein avgjerande menneskerett – å ete seg
mett og ikkje svelte.
Kina og folkeretten – USA og «regelbasert orden»
I dag står Kina for folkeretten etter freden i
Westfalen[xxii]
etter 30-årskrigen i Europa i 1648, der det blei slått fast at kvar stat her
rett til å styre seg sjølv utan innblanding frå andre statar. Ingen stat har
rett til å gå inn i ein annan stat korkje ut frå sine eigne interesser eller
ved å hevde ein høgare oppfatning av sjølvråderett anten det no er religion,
ideologi eller andre overnasjonale verdiar. USA og deira columbiske allierte
står for det dei kallar ei regelbasert ordning som tillèt dei å gå inn i alle
land der dei ikkje er nøgd med styret og opprette eit styre som dei
kontrollerer. Dette er også eit sentralt moment i heile columbismen. Det er eit
system som er dømd til å tape no når USA sin tilbakegang fortsett og Kina
stadig styrkar seg meir økonomisk, saman med dei statane som er med i det nye
silkevegsystemet som Kina bygger.
Ved å vike av frå dei westfalske prinsippa og innføre
USA sine eigne reglar for samkvem mellom statar har USA følgande på «samvitet»
sidan 2. verdskrigen:
I boka Americas Deadliest Export – Democracy
– The Truth about US Foreign Policy and Everything Else av William Blum frå
2014, er USA sine «vestlege verdiar» (eller columbiske verdiar) i praksis
greitt summert opp.
«Løyndommen som gjer at vi kan forstå USA sin
utanrikspolitikk er at der ikkje er nokon løyndom.» «… sidan slutten av 2.
verdskrigen har USA
prøvd å styrte meir enn 50 utanlandske regjeringar, dei fleste
demokratisk valde
på grovt vis blanda seg inn i demokratiske val i minst 30 land
prøvd å likvidere meir enn 50 utanlandske leiarar
slept bombar på folk i meir enn 30 land
prøvd å undertrykke populistiske og nasjonalistiske rørsler i meir
enn 20 land.»
Berre sidan 1981 har USA i Midt-Austen sett dei vestlege
verdiane ut i livet på mange måtar. Dei har
skote ned to libyske fly i 1981
bomba Libanon i 1983 og 1984
bomba Libya i 1986
bomba og senka eit iransk skip i 1987
skote ned eit iransk passasjerfly i 1988
skote ned to libyske fly til i 1989
drive massiv bombing av folket i Irak i 1991
fortsett bombinga og harde sanksjonar mot Irak frå 1991 til 2003
bomba Afghanistan og Sudan i 1998
fortsett å støtte Israel til tross for den israelske regjeringa si
stadige øydelegging og tortur mot det palestinske folket
stadig fordømd palestinarane sin motstand mot dette
bortført «folk som er mistenkt for å vere terroristar» frå
muslimske land som Malaysia, Pakistan, Libanon og Albania og transportert
dei til stader som Egypt og Saudi-Arabia der dei blei torturert
vore til stade med store militære mannskap og høgteknologisk
utstyr det helligaste islamske landet, Saud-Arabia og andre stader i
Golf-regionen
støtta talrike udemokratiske, autoritære regjeringar frå Shahen av
Iran til Mubarak i Egypt og den saudiske kongefamilien
invadert, bomba, og okkupert Afghanistan frå 2001 til i dag, og
Irak til i dag
bomba, sendt rakettar for å likvidere individ i Somalia, Jemen,
Pakistan og Libya i perioden 2006 til 2011
bomba, velta regjeringa til Gaddafi i Libya i 2011 ved hjelp av
jihadistar.
Så kan vi føye til Syria og legge til annan
amerikansk aggresjon sidan 2014 då Blum avslutta boka si, kanskje særleg dei
daudeleg sanksjonane mot land dei ikkje kontrollerer over heile verda og den
USA-støtta regimeendringa i Ukraina. Alle veit at sanksjonane mot Irak
tidlegare kosta rundt ein halv milliard ungar livet. Og det er rapportert at
fleire titals tusen døyr i Venezuela mellom anna fordi dei ikkje får tak i dei
medisinane dei treng. Dette gjeld sjølvsak også Syria og andre som er utsett
for slike sanksjonar. Men vi kan også føye til det enorme presset på
vasallstatane sine i Europa for å få dei med på auka opprusting på sanksjonar
mot Russland og andre land. Noko som har ført til store økonomiske tap for alle
partar. Dette er uttrykk for columbismen i vår tid.
Columbismen og svolten og sveltedauden i verda
Til slutt her vil eg seie nokre ord om svolt og
sveltedaud. Då vil eg vise til Jean Ziegler,[xxiii]
ein sveitsar som var spesialrapportør for FN om retten til fødemiddel i åra
2000 til 2008 (han vart attvald to gonger) og så blei han i 2009 visepresident
i den rådgjevande gruppa for komiteen for menneskerettar i FN (også her har han
vorte attvald to gonger). Han er i røynde ein gigant innan desse områda, men
etter det eg skjønner, omtrent ukjend for dei fleste i Norge. Etter søk i dei største bokhandlarane har eg
ikkje funne ei einast omsett bok av han og berre ei bok på engelsk til tross
for at han ifølgje fransk wikipedia har skrive 30 bøker og dei opplyser at
fleire av dei har vore bestseljarar og omsette til fleire språk.[xxiv]
Ziegler seier i fleire av bøkene sine at årsaka til
svolten i verda kjem fordi «Kapitalismen no dominerer planeten. Dei
transkontinentale private selskapa … gjer det som passar dei for å gjere profitten
sin så stor som mogleg. … Resultatet: under den globaliserte kapitalismens
imperium ser meir enn ein milliard menneske livet sitt plaga av fattigdom, mens
ulikskapane veks som aldri før, planeten blir utarma, folk blir overmanna av
depresjon, tilbaketrekkinga til identitetar som svar blir meir alvorleg under
marknadens diktatur.[xxv]
«Kvart femte sekund døyr eit barn på under ti år av svolt; hundrevis av
millionar lid med sine foreldre av permanent underernæring. Men verdas jordbruk
kunne fø nær det doble av menneskeheita.» Jean Ziegler «gir oss eit dokumentert
og vibrerande tidsbilete frå kunnskap som er henta på staden der det skjer og
identifiserer fiendane mot retten til næringsmiddel. Denne massive øydelegginga
kjem ikkje av skjebnen! Kvart born som døyr av svolt er eit myrda born.»[xxvi]
«Vi opplever i dag ein formidabel rørsle frå dei store transnasjonale føretaka
for å reføydalisere verda for å årelate den sørlege halvkula. To masseøydeleggingsvåpen
er sett i sving: gjeld og svolt. Ved å sette seg i gjeld gir statane opp
suvereniteten sin; av svolten som kjem av det blør dei ut, folka lid og gir frå
seg fridommen.»[xxvii]
I eit intervju med Denis Lafay[xxviii]
seier Ziegler som svar på det først spørsmålet:
«Vi lever under ein absurd, til og med kannibalsk,
verdsorden. Karl Marx døydde, utmatta, den 14. mars 1883 i den spartanske
bustaden sin i London. Heilt til siste andedrag trudde han at det «forbanna
paret», meister og slave ville leie menneska i fleire hundreår frametter. Men
der tok han feil. Den formidable utviklinga av dei industrielle revolusjonane i
teknologi og vitskap som har følgd kvarandre i ein uhøyrd rytme har auka
produktiviteten meir enn nokon gong tidlegare og derfor har den objektive
mangelen forsvunne for første gong i historia – og det har funne stad i
starten på det 21. hundreåret, – den objektive mangelen har forsvunne.
Og likevel fortsett det forferdelege. Det vitnar den mest uuthaldelege og
uakseptable i samtida: den daglege massakren forårsaka av svolten. I følgje Rapporten
om den usikre matvaresituasjonen i verda frå FAO døyr eit barn under ti år
kvart femte sekund av svolt eller dei direkte følgjene av svolt. Nomaen,[xxix]
denne fælslege sjukdommen som øydelegg andletet til ungar som er offer for
underernæring, spreiar seg stadig i Afrika.
Sveltedauden er ein av dei mest smertefulle, slik eg
har sett han utarme og drepe ungar frå Guatemala til Bangladesh. Bortimot ein
milliard menneske er varig underernært og derfor kan dei ikkje ha ein
aktivitet, eit yrke, eit familieansvar. Og denne katastrofen, dette mordet som
går føre seg heilt ope, skjer samstundes som jordbruket i verda kan fø heile
verda på rikeleg vis. FAO lærer oss at det moderne jordbruket utan problem
kunne ha fødd 12 milliardar menneske, altså mest dobbelt som mykje som dagens
folketal. Problemet i dag er ikkje meir at det ikkje er nok produksjon av
næringsmiddel, men at mange manglar tilgang på det. Nokre strukturelle reformar
ville ha vore tilstrekkeleg til å få slutt på denne massakren. Forbod mot
børsspekulasjon når det gjeld grunnleggande matvarer, slutt på den europeiske
dumpinga av jordbruksprodukt på dei afrikanske marknadane, total ettergjeving
av gjelda til dei fattigaste landa for at skal kunne investere i jordbruk, og
slik bortetter.»[xxx]
Dette seier noko av det vesentlege ved det columbiske
systemet no.
Dette systemet gir også ei eurosentrisk oppfatning av
folk og leiarar som motsett seg columbismen. Dei blir systematisk svartmala og
får dei tiltaka dei tar for å kjempe mot og komme seg ut av columbismen sitt
grep eller halde seg ute av det blir angripe på alle vis, med løgnar,
fordreiingar, overdrivingar av veikskapar og feil osb. Vi ser det tydlegast i
dag i høve Russland, Kina, Syria, Venezuela, Cuba, Nord-Korea og leiarane der
og nokre andre land og rørsler. Til og med velfødde columbiske radikale
menneske går på dette eurosentriske biletet og blir mobilisert i kampen for
fortsett columbisk, drepande herrevelde over jorda.
Det seier også noko om den enorme merksemda på
coronaen – og det enormt profitable vaksineringsprosjektet mot denne,
samstundes som dei som tener mest på dette, sit ei ein posisjon til å bruke
litt av rikdommen sin til å få slutt på den fattigdomen som drep og som har
auka svært myke nett under coronapolitikken. Grunnen er at dei berre satsar på
det som passar innanfor det kapitalistiske profittsystemet. Det er ikkje særleg
profitt å hente på å utrydde fattigdomen og den ufattelege drepinga av ungar og
andre som går før seg år etter år, med fleire drepne kvart år enn under heile
coronapandemien. Og dette systemiske drapsopplegget får mest ingen merksemd frå
media, og til og dei radikale folka i vesten lar det fortsette og fortsette
utan å organisere store kampar mot systemet bak det. Nett som dei ikkje
organiserer motstand mot USA sin columbiske imperialisme og deira gruelege
væpna og økonomiske krigar mot dei som opponerer mot dei. Det er knefall for columbismen-eurosentrismen
sitt imperialistiske system.
USA utfører dei verste brota mot menneskerettane i dag
I tillegg til at staten USA blei bygd på eit grueleg
folkemord og slaveri som framleis heng i som rasisme og diskriminering i svær
målestokk, er det også viktig å slå fast at USA i løpet av dei siste 70 åra og i
dag er den staten som gjer seg skuldig i dei fleste og verste brotsverka mot
menneskerettane i verda. Vi ser dette på den eine sida gjennom dei folkerettsstridige
krigane dei har sett verk eller støtta ut frå løgnaktige påstandar, i
Latin-Amerika, Korea, Vietnam, Irak, på Balkan, i Libya og Syria for å nemne
nokon. Følgjene har vore drap på millionvis menneske, ufattelege øydeleggingar,
enorme flyktningstraumar, stor elende, fattigdom og svelt for mange fleire og
miljøavtrykk som dei største dinosaurane.
For det andre ser vi det ut frå dei daudelege
sanksjonane USA set inn mot land om ikkje gjer som dei ønskjer. Vi har alle
høyrt om dei 500 000 barna som blei drepne av sanksjonane mot Irak og i
desse tider døyr titals tusen menneske berre på Cuba og i Venezuela på grunn av
USA-sanksjonar. Finansdepartementet i USA har no ei liste på meir enn 1500
sider som inneheld alle dei einingar og personar som er knytt til land som USA
har peikt ut på raudlista si – lista inneheld 6 300 offisielle mål i førti
land og regionar som på forskjellige måtar har motsett seg eller ikkje
gjennomført krav frå USA[xxxi]
og dette skaper store lidingar og hindrar land frå å utvikle det politiske
sjølvstendet og økonomien sin og dermed legge nasjonale og materielle grunnlag
for stadig meir demokrati. No er det jo slik at USA og deira columbiske
medspelarar utnyttar alle protestrørsler inne i statar, som kan gå i denne
leia, for å skape regimeendring som underkastar seg USAs diktat. Då blir
statsleiarane i desse statane så å seie tvinga til å slå protestane ned for
halde på det statlege sjølvstendet sitt utanfor det gruelege columbiske
systemet.
Nokre omvurderingar av historia
Dette fører med seg at dei verkelege heltane i
moderne historie er dei som har kjempa mot det columbiske systemet, og
viktigast blir vel dei som har klart å leie folket i landet sitt til å komme
heilt ut av dette systemet, som Sovjet-Unionen, Kina, Cuba, Nord-Korea,
Venezuela, Syria, for å nemne nokre viktige.
Men innan det
columbiske systemet er vi så hjernevaska av dei herskande columbiske klassane
si svartmaling av desse, at vi gong på gong går i fella og rettar bakar for
smed som det heiter. Det vil seie at vi ser opp til store columbiske
forbrytarar frå Columbus til Obama og til og med Biden, mens vi til
forskjellige tider fordømer store frigjerarar frå det columbiske system, som
Mau-Mau leiarane i Kenya og folk som Gadaffi og Assad.
Denne oppfatninga av historia gjer at vi må omvurdere
ein del standpunkt til fleire hendingar i den nyare historia. Hovudmotseiinga i
verda frå Columbus til i dag har gått mellom dei undertrykte nasjonane og folka
og dei columbiske statane. I nokre korte periodar har hovudmotseiinga kanskje
gått mellom grupper av columbiske statar som kjempa om kven som skulle ha kontroll
over kva område verda eller kven som skulle dominere dei andre. Men heile tida
har dei vore samde om at dei
ikkje-columbiske statane, folka og nasjonane skulle haldast under deira
kontroll slik at dei kunne rane og utbytte dei slik det passa dei. Den grunnleggande
antagonistiske motseiinga mellom arbeid og kapital i dei columbiske statane har
blitt skjult og utsett på grunn av det columbiske utbyttingssystemet over
resten av verda. Difor er det det så vanskeleg sjølv for arbeidarar og radikale
menneske å støtte den samla rørsla som no er på gong mot columbismen, med Kina
i spissen.
Den dominerande columbiske makta har alltid vore den
største fienden til resten av verdas folk. I dag er dette USA. Den
grunnleggande føresetnaden for at folka i verda skal kunne få det betre og
arbeidarklassen skal kunne ta makta frå kapitalklassen er også at USA blir
fråtatt imperiemakta si og kjempa ut av alle land der dei har basar og driv med
krig, regimeendring, sanksjonar, undertrykking og truslar, og at dominansen deira
over dei viktigaste overnasjonale organisasjonar blir fjerna. Dette er også
grunnen til at store delar av overklassane i mange land i verda stør USA og
spreier USA sin propaganda i sitt eige land.
Når situasjonen er slik blir ein føresetnad for at
Norge skal komme ut av ein kapitalisme i reelt sett djup krise, slik at landet
kan utviklast ut frå det arbeidande folket sine behov, at landet må ut or NATO.
Men dei andre mindre columbiske statane og deira
organisasjonar, som EU og EØS-systemet for undertrykking av andre nasjonar og
sin eigen arbeidande klasse må også avviklast. For Norge tyder det at vi må ut
av desse systema.
Og som viktig nasjonal oppgåve blir det å få slutt på
all norsk militær aktivitet utanfor eige territorium.
Historisk tyder dette at dei progressive klassane,
folka, nasjonane, statane, organisasjonane og enkeltpersonane i dag er dei som
kjempar mot all columbisme, med USA-columbismen i spissen.
Då får du heltar som alle dei frigjeringskjemparane
som har stått opp mot columbismen gjennom historia, frå dei som slost mot
portugisarane sine eldvåpen med pil og boge til dei blei massakrerte til dei
andre indianarane i Latin-Amerika og Nord-Amerika, folka i Afrika, Australia,
på New Zealand til dei som har rive seg ut av det columbiske systemet til alle
som blir undertrykt og utbytta i dag og fortsett denne kampen. Dei to kampane,
kampen for nasjonal sjølvstende mot den columbiske annan utanlandsk dominans og
arbeidarklassen sin kamp for å frigjere heile menneskeheita frå utbytting og
undertrykking heng nøye saman. Ein nasjon som undertrykker og utbytter ein
annan kan aldri bli kvitt si eiga utbytting og undertrykking av det arbeidande
folket.
Då må vi i dag definere som progressive alle som
kjempar for å kaste ut eller halde ute dei columbiske statane frå sine
territoria. Vi får ei lang liste av statar og namn som vi alle har blitt
hjernevaska til å sjå ned på og definere som fiendar av demokrati,
menneskerettar, kvinnefridom, lesbiske og homofile og heile LTGB gruppa osb.
Mens dei som samarbeider med USA, NATO osb. under dekke av å fremje dei nemnde
omgrepa må vi definere som reaksjonære. Demokrati, menneskerettar, kvinnefridom
og fridom for alle menneske utan omsyn til seksuelle, ideologiske, religiøse
eller andre preferansar er heilt umogeleg så lenge det columbiske systemet med
USA i spissen blir halde oppe.
Det avgjerande skiljet her er om dei respekterer
andre statar sin rett til nasjonalt sjølvstende og rett til å styre landet sitt
som dei vil, utan innblanding frå andre statar, dvs. respekt for statsretten
slik han blei nedskriven etter 30årskrigen i 1648 i Westfalen. Kina står
fjellstøtt på dette prinsippet, mens USA vil erstatt dette med eit nytt
prinsipp som dei kallar den regelbaserte orden – ein orden som gir USA rett til
å gripe inn i kva stat dei ønskjer berre det passar dei. Alle skjøner at dette
siste prinsippet er grunnlaget for den columbiske orden.
Dette, meiner
eg, gjer også at vi må sjå på den analysen av Sovjet som nokre hadde på 1970 og
1980-talet om at Sovjet-Unionen var ein (sosial)-imperialistisk stat som, på
linje med USA, kjempa om verdsherredømme. Vi må sjå at dei i hovudsak var ei
viktig internasjonal kraft mot den USA-leia columbismen og at dei strevde for å
fortsette med å halde både seg sjølve og andre land utanfor det columbiske
system, som med USA i spissen, pressa det på alle frontar. Deira hjelp til Cuba
er eit eksempel på dette. Den verkeleg frykteleg ulukka for folka i dei
tidlegare sovjetiske republikkane, medrekna Russland, då dei blei lagt inn
under columbiarane på 1990-talet, er ei dyrekjøpt erfaring på kva som skjer i
slike tilfelle.[xxxii]
Vi må også sjå nærare på Sovjet og USA si rolle i
Afghanistan. Var innmarsjen i Afghanistan på invitasjon eller i samforstand med
det sittande styret i landet, slik Russland blei invitert inn i av leiinga i
Syria for kjempe mot USA sin stråmannskrig der, eller var det eit brot på
folkeretten? USA si væpning og støtte til krigsherrane, som ville styrte
regimet, var i alle høve eit brot på desse prinsippa. Og dette støtta til dømes
AKP i Norge. Det var sannsynlegvis ein feil ut frå det columbiske blikket på
historia.
Dei anticolumbiske heltane i relativt moderne
historie blir slike som Lenin, Stalin, Mao, Castro, Saddam når han ikkje gjekk
i allianse med USA, Gadaffi, Kim il Sung, Ortega, Allende, ei rekkje personar
frå Latin-Amerika, Afrika, India, Indonesia, Vietnam osb., og Gadaffi, Assad, …
Den viktige ideologiske kampen mot
columbismen-imperialismen-kapitalismen
For å kunne komme ut or dette systemet må vi reise
kamp mot columbismen som ein sentral del av kapitalistisk ideologi. Vi har
blitt systematisk feilinformert av makthavarane i over 500 år, om columbismens
sanne natur.
Ein av dei viktigaste politiske sigrane til
columbiarane i nyare tid, er at dei har fått folk til å tru på at dei kjempar
for demokrati, menneskerettar og kvinnefrigjering. Med dette som grunnlag har
sjølv radikale menneske gått inn for dei mest gruelege saker, nett som Columbus
som skulle tene Gud.
Dei har godtatt at massiv bombing av menneske og
anlegg og hus i andre statar er humanitært.
At drepande sanksjonar og økonomisk krig mot andre
land og føretak og personar der er humanitær innsats.
Så har dei fått folk til å tru på at det er rett å
erstatte folkeretten med USA sin regelbaserte orden som gir denne staten rett
til å gripe inn i alle andre statar som dei ikkje er nøgde med fordi dei ikkje
følgjer det amerikanske økonomiske systemet som er underlagt amerikansk makt.
At alle som ikkje gjer som USA vil er vonde og må
straffast.
At systematisk og usann svartmaling og skuldingar mot
desse er sanne berre USA-leiinga og deira næraste vasallar seier det.
Det er ein viktig ideologisk kamp å avsløre dette
lureriet, slik at USAs og deira vasallar sin columbisme kan få tre fram i sitt
sanne ljos.
Som vi har sett er det også slik at columbismen heng
nøye saman med framveksten av den moderne industrikapitalismen. Den som har
analysert og forklart dette systemet best, og gir oss det beste grunnlaget for
kamp mot kapital og columbisme er Karl Marx. Eit av dei viktigaste scoopa til
columbiarane er at dei klarer å halde folk vekke frå å studere skriftene hans.
Forstår du ikkje grunnlaget for heile det kapitalistisk-columbiske systemet, så
kan du ikkje lukkast i kampen for å oppheve det og sette eit betre system som
byggjer på alt det beste i det andre systemet og fjernar det skadelege.
[xx]
Sjå Wolfgang Effenberger Schwertzbuch EU & NATO – Warum die Welt keinen
Frieden Findet, 2020, sidene 99 og frametter. Boka hans Geo Imperialismus
– Die Zerstörung der Welt, 2016 er også svært interessant fordi han avslører
dei grunnleggande trekka i USA sin verdsøydeleggande utanrikspolitikk og nokre
av dei teoretisk utgangspunkta for denne politikken.
[xxv]
Jean Ziegler Le capitalisme explique à ma petit-fille (en espérant qu’elle
en verra la fin), 2018 (Kapitalismen forklart for barnebarnet mitt (med
håp om at ho vil sjå slutten på han).
[xxvi]
Jean Ziegler Destruction Massive – Géopolitique de la faim, 2011 (Massiv
øydelegging – svoltens geopolitikk).
[xxvii]
Jean Ziegler L’empire de la honte, 2005 (Skammens imperium).
[xxx]
Jean Ziegler Les murs les plus puissants tombent par leur fissures –
Dialoque avec Denis Lafaye, 2019 (Dei sterkaste murane fell på grunn av
sprikkane i dei – Dialog med Denis Lafaye.)
Dette er overskrifta på ein artikkel av Tormod
Heier i Klassekampen den 6. juli 2021, med utheving av hovudpoenget, «Den
største trusselen mot NATO kommer innenfra».
Nokre
hovudpunkt i Heiers artikkel
Eg oppfattar at det viktigaste poenget hans er
at hovudgrunnen til at NATO samhaldet er blitt skjørare er at der no finnast
statar i NATO som ikkje vil kjempe for det NATO står for. Han spør om dei vil
stå opp for «borgernes ukrenkelige friheter,
… det liberale demokratiet, … menneskerettighetene … de grunnleggende
rettsstatsprinsippene». Han definerer dette som «det vestlige verdigrunnlaget».
Dette «vestlige verdigrunnlaget» innan NATO sjølv er i ferd med å forvitre og
dermed blir «det som gir oss en felles
identitet» svekka. For å halde NATO saman blir derfor den viktigaste oppgåva
til NATO innanrikspolitisk, å styrke limet som kan halde NATO saman ved å slå
ring rundt dette vestlege verdigrunnlaget inne i alle NATO-statar.
«Men liberale verdier blir ikke limet i NATO
før kontrasten til ‘de andre’ kommer tydelig frem: Kina og Russland» fortsetter
Heier. Disse statane «forfekter» nemlig «det motsatte av oss selv» og vil
fremme «ufrie samfunnsmodeller» på fleire vis. «Det blir derfor viktigere enn
noen gang at NATO unngår en demokratisk forvitring i egne rekker.» Til dømes i
Ungarn, Polen eller Tyrkia.
Han går så inn på kva dette kan tyde for
Norge. Det tyder for det første at landet blir trekt «stadig sterkere inn i en
ny kald krig» mellom dei to nemnde verdisystema der Vesten står på den eine
sida og «Russland og Kina på den andre». Den tilliten dei store vestlege landa
har til landa i aust er tynnsliten og alt blir tolka i verste meining.
«NATO er heller ikkje lenger ein effektiv
militær forsvarsallianse for Norge». Organisasjonen er ein reiskap som USA
bruker for å veve statane rundt Russland inn i det han kallar «forpliktende og
forutsigbare flernasjonale samarbeidsformer» der USA kan påvirke korleis desse
statane sjølv «bør håndtere Russland som tross alt er USAs fremste rival i
Europa».
Det tredje punktet er at NATO ikkje er til
noko nytte for Norge i dag. Varslingstida ved plutselege konfliktar til dømes
på Svalbard eller utanfor Finnmarkskysten er kort og då «nytter det ikke med
langdryge forhandlinger i Brussel». Då er det berre ein ting som nyttar,
«tilgang på amerikanske ledere» … «som på kort tid kan sende styrker til norske
nærområder». Alt no blir NATO sett meir og meir på sidelinja når det gjeld
krisehandtering i nord og USA blir viktigast.
Dette meiner Heier er problematisk for Norge.
NATO-systemet blir uthola og «kunnskap om beredskaps- og forsterkningsplanverk
forvitrer». Denne situasjonen gjer at blir vanskelegare å møte angrep frå
Russland.
Han ser for seg at NATO-toppmøtet i sumar kan
vise oss eit NATO som «må samles politisk. Men som fragmenteres militært».
Ein
kommentar til innhaldet
Når den faste skribenten i Klassekampen er forskningsleiar ved Forsvarets høgskole kan vi sjølvsagt ikkje vente anna enn at han skal framstille NATO og Vesten på noko anna vis enn slik organisasjonen og dei som kallar seg «Vesten» sjølv ønskjer å sjå ut.
Ut frå denne ståstaden vurdere altså Heier det
slik at NATO som militærallianse er i ferd med misse misjonen sin. USA har mest
bruk for alliansen for å fremme sin politikk i Europa. Og det skal dei gjere
ved å kjempe for nokre edle prinsipp som USA skal vere garantisten for opp mot
Russland (og Kina) sin angrip desse prinsippa.
Når det gjeld den militære sida må vi satse
einsidig på USA i forsvaret av Norge og sikre oss amerikanske leiarar som kan
sende styrker til Norge på kort varsel og som kan koordinere forsvaret av Norge
ut frå kunnskap om landet, militæret og situasjonen her. Det gjeld å ha ein
balanse mellom faste norske prinsipp og pragmatisme og å vise atterhald i måten
makta blir utøvd på.
Så vidt eg kan sjå tyder dette at desse amerikanske leiarane må vere fast stasjonert i Norge over lengre tid også i fredstid. I så tilfelle kan det og tyde på amerikanske basar på norsk jord, med alt det inneber dersom USA kjem i konflikt med eit Russland som reelt sett ikkje er i konflikt med Norge sjølv om styringsforma der avvik frå den norske. Då kan vi bli totalt fanga av USA sin krig – kanskje saman med resten av Europa. Dessutan er vel realismen i dette at USA ikkje har nokon sjanse til forsvare Norge og Europa dersom Russland verkeleg vil angripe. Då vil Europa bli øydelagd. Og om det kjem til krig blir Norge også angrepsmål for dei mest avanserte russiske våpen. Derfor vil nok alliansefridom vere eit mykje betre forsvarsval for Norge enn allianse med USA om det skulle komme til det harde.
Kva
er dei vestlege verdiane som USA skal forsvare, i praksis
Men lat oss så sjå på USA som berar av dei
«vestlege» verdiane. Ut frå reine fakta som ligg i dagen går det an å seie at
USA er den mest krigerske og øydeleggande stat i verda når det gjeld andre land
si moglegheit til å byggje opp sin eigen økonomi og velferd utan amerikansk overherredømme,
innblanding, undertrykking og utbytting.
For det første kan vi slå fast det som alle veit, at staten USA er bygd opp på folkemord, slavearbeid og omsynslaus utnytting av fleire generasjonar med innvandrarar. Dessutan slik at USA med unnatak for 7 eller 9 år har USA kriga mot andre statar i heile si historie frå 1776 til i dag. Og frå før dette begynte dei kvite settlarane å utrydde indianarane. Noko dei hadde lukkast med for om lag 95 % av dei før år 1900.
Så skal vi sjå på nokre bøker om USA si rolle i verda.
Først vil eg nemne den norske omsettinga i 1964, i to bind, av David Horowitz si bok Free World Colossus, på norsk Den kalde krigen og USA og den tredje verden – begge med undertittel Søkelys på amerikansk utenrikspolitikk. Frå her av har vi i Norge hatt ein annan og heilt igjennom dokumentert historie om USA sin utanrikspolitikk enn den Heier tar utgangspunkt i når han skriv om USA og NATO. At Horowitz sjølv avsverga alt det han hadde funne ut gjer ikkje at det meste av det er usant. Det viser ei rekkje seinare godt dokumenterte studiar og bøker.
Michael T. Klare, War Without End – American Planning for the next Vietnams frå 1970.
William Blum, Killing Hope: US Military and CIA Interventions Since World War II, 1995/1998 og i rask svensk omsetting med tittelen CIA & USA:s Verkliga utrikspolitik, 1998. Dette er beint fram eit meisterverk av politisk skrivearbeid der USA si meir eller mindre valdelege innblanding i rundt 50 andre land blir grundig dokumentert.
Så kom Rogue State – A Guide to the World’s Only Superpower, år 2000 og
America’s Deadliest Export – Democracy – The Truth about USA Foreign Policy and Everything Else som tek eksempel og analyse fram til 2013, då boka kom ut. Her finn vi og forslag til kva som kan gjerast for å stoppe denne fryktelege krigarstaten og skape fred i verda.
Så vil eg nemne Wolfgang Effenberger Schwartzbuch – EU & NATO – Warum die Welt keinen Frieden findet ( EU og NATO – Kvifor verda ikkje kan finne fred) frå september 2020. Her har vi eit meisterstykke som avdekkar samanhengen mellom EU og NATO og korleis dei saman er ein trussel mot freden på jorda. Analysen begynner med eit utsnitt frå ein artikkel av Engels frå 1887 der han snakkar om at det går mot ein nye 30års krig berre at han blir trengd saman på 3 til 4 år og der øydeleggingar, talet på drepne og elende vil bli endå større enn dei var under 30års krigen i Europa mellom 1618 og 1648. Så blir analysen ført fram til korleis verda har møtt covid-krisa.
Wofgang Effenberger Geoimperialismus – Die Zerstörung der Welt frå september 2016 er også ein skarp geopolitisk analyse av korleis USA har øydelagt nasjonar og trengt seg stadig nærare inn på livet til Russland.
Michael Lüders Die Scheinheilige Supermacht – Warum wir aus dem Schatten der USA heraustreten müssen, frå 2021 er ein heilt oppdatert framstilling av den geopolitiske situasjonen i verden som altså tilseier at Tyskland (og andre land) må komme seg ut av det underdanige tilhøvet til USA. Samandrag av innhaldet på tysk finnast og.[i] I denne boka tar også Lüders opp nett spørsmålet om «Westen und seine Werte» og viser mellom anna korleis USA systematisk har støtta alle despotar berre dei har eit godt tilhøve til USA, dvs. tillèt USA å utbytte landet, mens også demokrati blir kverrsett når regjeringa der ikkje vil la seg dominere av USA.[ii]
«Løyndommen som gjer at vi kan forstå USA
sin utanrikspolitikk er at der ikkje er nokon løyndom.» «… sidan slutten av 2.
verdskrigen har USA
prøvd å styrte meir enn 50 utanlandske regjeringar, dei fleste demokratisk valde
på grovt vis blanda seg inn i demokratiske val i minst 30 land
prøvd å likvidere meir enn 50 utanlandske leiarar
slept bombar på folk i meir enn 30 land
prøvd å undertrykke populistiske og nasjonalistiske rørsler i meir enn 20 land.»[iii]
Berre sidan 1981 har USA i Midt-Austen
sett dei vestlege verdiane ut i livet på mange måtar. Dei har
skote ned to libyske fly i 1981
bomba Libanon i 1983 og 1984
bomba Libya i 1986
bomba og senka eit iransk skip i 1987
skote ned eit iransk passasjerfly i 1988
skote ned to libyske fly til i 1989
drive massiv bombing av folket i Irak i
1991
fortsett bombinga og harde sanksjonar mot
Irak frå 1991 til 2003
bomba Afghanistan og Sudan i 1998
fortsett å støtte Israel til tross for
den israelske regjeringa si stadige øydelegging og tortur mot det palestinske
folket
stadig fordømd palestinarane sin motstand
mot dette
bortført «folk som er mistenkt for å vere
terroristar» frå muslimske land som Malaysia, Pakistan, Libanon og Albania og
transportert dei til stader som Egypt og Saudi-Arabia der dei blei torturert
vore til stade med store militære
mannskap og høgteknologisk utstyr det helligaste islamske landet, Saud-Arabia
og andre stader i Golf-regionen
støtta talrike udemokratiske, autoritære
regjeringar frå Shahen av Iran til Mubarak i Egypt og den saudiske
kongefamilien
invadert, bomba, og okkupert Afghanistan
frå 2001 til i dag, og Irak til i dag
bomba sendt rakettar for å likvidere individ
i Somalia, Jemen, Pakistan og Libya i perioden 2006 til 2011
Så kan vi føye til Syria og legge til annan amerikansk aggresjon sidan 2014 då Blum avslutta boka si, kanskje særleg dei daudeleg sanksjonane mot land dei ikkje kontrollerer over heile verda og den USA-støtta regimeendringa i Ukraina. Men også det enorme presset på vasallstatane sine i Europa for å få dei med på auka opprusting og på sanksjonar mot Russland og andre land. Noko som har ført til store økonomiske tap for alle partar.
Her har vi ikkje ein gong nemnd USA si historie i Latin-Amerika, som høyrer til det beste eksempla på USA sitt «forsvar for dei vestlege verdiane».
Tormod Heier, som er ein opplyst og intelligent mann, veit sjølvsagt alt dette. Når han framleis meiner at USA kjemper for demokrati, menneskerettar og lovstyrte samfunn, så set han altså dei columbiske statane med leiaren USA sin reelle politikk som synonym med desse verdiane. Og då må vel kanskje nokon kvar seie – Gud hjelpe oss for å bli underlagt USA og Vesten sine tankar om demokrati, menneskerettar og lovstyrte samfunn og dei handlingane som skal verkeleggjere desse, og stakkars statar med militære og andre leiarar som står for det same. For når vi omset dei «vestlege verdiane» til de dei verkeleg tyder, så er dei columbiske statane sin rett til å herske over resten av verda og utnytte alt som finnast der til eige beste. Derfor kan dei som står for desse verdiane umogleg skape fred i verda fordi det å halde oppe USA sitt verdsherrevelde med kva middel som helst trumfar all fornuft og alle forsøk på å skape fredelege og velståande samfunn over alt i verda.
Rolls Royce som lokalt eksempel på skadeleg verknad av at
vi er underlagt USA
I Bergen risikerer vi no at den siste
store industriarbeidsplassen blir lagt ned fordi eigarane ikkje får lov til å selje
føretaket til en seriøs internasjonal aktør med gode planer for Rolls
Roys-fabrikken, berre fordi han er økonomisk basert i Russland, og at
verkstaden kanskje heller ikkje får lov til å ta viktige oppdrag frå Russland
som kan redde han eller i alle høve hindre permisjonar og kanskje det som verre
er. Dette er sjølvsagt økonomisk galskap for Norge som industrinasjon, særleg
fordi eventuell sikkerheitsrisiko i røynda var minimal og fordelane store.
Solberg-regjeringa hadde handsama denne
saka heilt greit og ingen protesterte på salet fram til Biden blei president i
USA og lanserte sin nye framstøyt mot Russland og Kina. Dei villaste protestane
kom sjølvsagt frå Arbeidarpartiet sin forsvarspolitiske representant – ikkje
rart når eit partimedlem er sjølvaste administrative sjefen i USA sin
NATO-allianse som altså skal fremme USA sine politiske interesser i Europa. Men
SV og dei andre kasta seg på, sjølv Rødt klarte ikkje å ta eit konsekvent
nasjonalt standpunkt i saka.
Konklusjonen med nokre fleire merknader
Konklusjonen er at USA derfor utan samanlikning har vore den mest aggressive og skadelege staten i verda i løpet av dei siste 245 åra når vi ser dei under eitt. Forræderiet mot frigjeringsrørsla på Filippinane i 1898-1902 og folkemordet der[v] var ei slags innleiing til 1900-talet. Dette kjenner ikkje folk særleg mykje til, akkurat som svært mykje av dei columbiske statane sine brotsverk i andre land framleis er skjult. Men både før og etter 1941-1945, då USA var tvunge til å delta i ein rettferdig krig, har dette vore eit grunnleggande trekk ved USA sin utanrikspolitikk. Men vi veit også at England og USA planla eit samla alliert angrep på Sovjet like etter 2. verdskrigen med bruk blant anna av tyske soldatar. Stalin hindra dette ved å sørge for at desse soldatane vart avvæpna.
USA, den 2. verdskrigen og Korea
Og så er det slik at USA brukte utfallet av krigen til å ta makta over heile verda med nokre unnatak som til dømes Sovjet og deira økonomiske område, Kina, Cuba og Nord-Vietnam. Eit særskild, lite kjend eksempel er frå Korea. Her har også USA ei lang historie med innblanding. I 1905 laga dei ein ein hemmeleg avtale med Japan kalla Taft-Katsura memorandumet der USA lovde å anerkjenne Japan sitt hegemoni over Korea mot at Japan ikkje blanda seg inn i USA sine koloni-interesser på Hawaii og Filippinane. Under fredskonferansen i Paris i 1919 og Washington-konferansen i 1921-1922, som tok opp tilhøva i Asia, motarbeidde USA at Korea skulle få delta. Etter at Japan hadde kapitulert og 2. verdskrigen var slutt kravde USA einsidig at dei sovjetiske troppane skulle stanse ved den 38 breiddegrad. Då kunne dei amerikanske troppane, som ikkje kunne komme fram før nokre veker seinare, ta imot Japans kapitulasjon ved denne breiddegraden. Dette var ikkje eit bidrag til å sikre avvæpninga av japanarane, men for å sikra USA si innflyting på Koreahalvøya og fremje USA sine økonomiske og strategiske interesser i nord-aust Asia. Etter 40 år med japansk okkupasjon var koreanarane ivrige etter å få att sjølvstendet sitt og motstandsrørsla mot okkupasjonen fekk organisert en kongress i Seoul den 6. september 1945 der dei danna ei regjering for heile Korea, både nord og sør, Den koreanske folkerepublikken som held orden i landet og sikra igangsetting av produksjon gjennom folkestyrte komitear og tilslutta masseorganisasjoner. Då amerikanarane kom to dagar seinare sette dei denne regjeringa til sides og sette inn sitt eige militærstyre med blant anna fleire representantar som hadde samarbeidd med japanarane. Dette var starten på heile ulukka med Sør- og Nord-Korea.[vi] Ein folkerettsstridig okkupasjon av eit fritt land. Mønsteret frå Filippinane var teke opp att, berre at folkemordet i Korea kom litt seinare under Koreakrigen, slik det blitt gjort gong etter gong seinare.
Under 2. verdskrigen deltok USA materielt med
mykje utstyr og bygga opp produksjonskapasiteten sin svært mykje, særleg
kapasiteten for våpenproduksjon, men dei deltok berre med relativt små
hærstyrkar og hadde berre eit tap på 300 000 soldatar mot Sovjet-Unionen
sine 30 millionar soldatar og sivile, og Kina sine endå fleir falne. Vi veit
også at det ikkje var våpen som stort sett vart sendt frå USA til Sovjet under
krigen, men køyretøy. Og det var jo verkeleg Sovjet og Kina som slo Tyskland og
Japan, ikkje USA med allierte, sjølv om USA var engasjerte i Stillehavet som
dei erobra heilt for seg og sjølv om dei massemyrda nokre hundre tusen
sivilistar på nokre sekund då dei slapp sine to atombomber over to byar i Japan,
og sjølv om dei allierte måtte gå inn i krigen mot Tyskland frå vest, då det
såg ut som Sovjet ville erobre heile landet frå aust.
Denne mykje medieomtala kampen med D-dagen osb., mot eit Tyskland der Sovjet hadde knust den tyske hæren, var berre eit «piss i havet» i høve til innsatsen frå Sovjet. Og ikkje før var krigen slutt, så samla USA med allierte seg til ville angrep på «kommuniststaten» Sovjet, noko som har fortsett mot Russland, sjølv om det ikkje lenger er snakk om kamp mot kommunisme som var propagandagrunnlaget for Den kalde krigen. Den columbiske eliten gjorde dette for ikkje å miste makta si i verda med mogelegheitene til å overføre rikdommar til seg sjølve. Men samstundes måtte dei andre columbiske maktene legge seg inn under USA sin dominans og utvikla seg etter kvart stort sett til reine klient- og vasallstatar. I dag er Norge i praksis ein slik type stat, nett som Heier indirekte peiker på i sin artikkel i Klassekampen.
Det er jo slik at USA-NATO og deira talspersonar, i praksisen sin, er dei viktigaste hindringane mot statane i verda sitt strev for å utvikle «borgernes ukrenkelige friheter, … menneskerettighetene … de grunnleggende rettsstatsprinsippene» og arbeidet for nedrusting, fred, velstand og vennlege tilhøve i verda. Det liberale demokratiet som tillet desse å fortsette angrepa sine på verdas folk, er meir problematisk. Her trengs det kanskje ei omdanning slik at regjeringane representerer folket og ikkje pengemakta.
[vi] Sjå Martin
Hart-Landsberg Korea – oppdeling, samling & USA sin utanrikspolitikk,
1998, sidene 11-12 og David Horowitz Den kalde krigen – søkelys på
amerikansk utenrikspolitikk, 1964, sidene 54-55 ff.
De som følger med på utgivelser av politisk litteratur i Tyskland vil se at det gis ut mange bøker med skarp kritikk av USA og forholdet mellom Tyskland og USA. Den boken som omtales i den vaskeseddelen jeg har omtalt her er et godt eksempel. Vi hører ikke så mye om det i våre hjemlige medier.
Peter Orzechowski, Besatzungszone – Wie und warum die USA noch immer Deutschlandkontrollieren, September 2019.
Peter Orzechowski, Okkupasjonssone – Hvordan
og hvorfor USA fremdeles kontrollerer Tyskland, september 2019..
Forfatteren stiller spørsmål om hvor fritt og suverent Tyskland er? Og svarer at mer enn 70 år etter slutten av andre verdenskrig oppfører USA seg fortsatt som en okkupasjonsmakt. Knapt noen vet at amerikanerne har en overflod av spesielle rettigheter på grunn av de rettighetene de fikk da de okkuperte den vestlige delen av Tyskland etter 2. verdenskrig og som fortsatt er gyldige, og at de utnytter dem fullt ut. Peter Orzechowski viser i boken hvilke bestemmelser som fremdeles gjør Tyskland til en okkupasjonssone, og hva avtalene betyr i praksis.
For eksempel kan USA marsjere inn i
Tyskland med tropper av hvilken som helst styrke og stasjonere soldatene der de
vil. Tyskerne må da også finansiere dette. I tillegg er Bundeswehr forpliktet
til å støtte USA i dets militære inngrep som bryter med folkeretten.
De seirende makternes hemmelige tjenester
har ubegrenset bevegelsesfrihet og handling på tysk jord.
Hemmelige tjenester kan samle ubegrenset
informasjon i sine aktiviteter, bruke så mange agenter de vil – og la tyske
tjenester jobbe for dem. Lovene i Tyskland gjelder ikke for agentene. Ansatte i
de hemmelige tjenestene har for eksempel lov til å bære våpen. Hvis du begår
forbrytelser, er du fritatt for tiltale. Peter Orzechowski viser på imponerende
vis hvordan uhemmet og kriminelt fremfor alt de amerikanske hemmelige tjenester
opptrer i Tyskland.
Så spør han hvorfor det ikke er noen
motstand mot dette i Tyskland?
Svaret sier han, er at siden 1945 har tyskernes tenkning blitt påvirket av propaganda til fordel for Amerika. Forfatteren avslører den store manipulasjonen og hvordan tyskerne blir påvirket. Amerikanske tenketanker og frivillige organisasjoner spiller en avgjørende rolle i dette.
«Den eneste verdensmakt»
Men Peter Orzechowski går mye lenger. Han
viser at USA også skader Tyskland på andre plan: Ved å bruke
massemigrasjonsvåpenet forårsaker USA alvorlig skade på landet. Og de fører en
virkelig krig mot den tyske økonomien. De bruker NSA og CIA, som spionerer på
og skader tyske selskaper.
Amerikanerne legger heller ikke skjul på det. Sikkerhetsrådgiveren og geostrategen Zbigniew Brzezinski skrev for mange år åpent og utvetydig at Tyskland ikke bare var et protektorat, men også en vasall under USA.
Vaskeseddel frå Amazon omsett av Terje Valen, 30.6.2021.