Mood sine kloke vurderingar pluss litt til

(Ta og ein titt på heimesida mi.)

Den overordna oppgåva i verda no, i byrjinga av 2022, er å hindre at det bryt ut krig mellom USA/NATO og Russland eller at vi blir dradd med i ein slik krig. På litt lengre sikt er det meir. Vi må finne ein veg mot varig fred. Robert Mood, pensjonert generalløytnant og tidlegare Generalinspektør for hæren, har i denne situasjonen fremma ein analyse og nokre forslag som kan vise ein veg ut av uføret. Eg deler nokre av vurderingane hans, mens eg er usamd med fleire av dei. Men eg meiner at dei konkrete forslaga hans er kloke. Det tyder på at sjølv om det er usemje om analyser, så kan vi få einskap om tiltak. Og forståinga hans av Russland si historiske frykt for angrep frå vest, er vesentleg. Men han tar ikkje med at USA var med å  kjempe mot Sovjet frå første stund etter revolusjonen i 1917, og har hatt det som ein gjennomgåande strategi å få kontroll med dette området som geostrategen Mackinder kalla «hjartelandet» fordi han meinte at dei som hadde kontroll her, ville kontrollere verda. Men Mood har rett i at det særleg var etter at  Sovjetunionen gjekk i oppløysing at USA storma fram i området, frå krigen på Balkan og inntrenginga i Kasakhstan og andre tidlegare Sovjet-republikkar. Han kallar det hybris, etter dei gamle grekarane sitt omgrep for nokon som ville oppnå meir enn gudane tillét.

I ein kronikk i Klassekampen 10.01.2022 skreiv han: «Er det mulig å se for seg et mer defensivt Nato som åpner for alle, inkludert Russland, hvor medlemmene avstår fra baser og atomvåpen utenfor egen stats territorium? Ett er sikkert – uten nytenkning styrer vi med stor sannsynlighet mot konflikt og krig både på kort og lang sikt.» Eg meiner at det vesentlege i dette forslaget er svært bra, at medlemene ikkje skal ha basar og atomvåpen utanfor eigen stat sitt territorium, sjølv om eg og meiner at det ikkje er så lurt å tenkje seg Russland med i NATO.

Dagen etter uttaler han i eit intervju i same avis at forhandlarane i Genève bør sjå til prinsippa bak norsk basepolitikk for å finne ei veg ut av den fastlåste situasjonen. Han viser til at Stortinget i Norge, som ville ha eit forhold til Sovjet, i si tid sa at vi ikkje skal ha NATO-basar på norsk jord og vi ikkje skal  ha atomvåpen i fredstid og at vi heller ikkje drive militære øvingar med NATO aust i landet vårt.

I same oppslaget seier Tormod Heier, oberstløytnant i Hæren og professor ved Forsvarets høgskole at det er viktig at ikkje forholdet vårt til USA «slår inn over» det norsk-russiske grenseforholdet i nord.» Det er også eit viktig standpunkt.

Den 14.01. har så Mood eit svært balansert svar til Kataryna G. Pedersen sitt innlegg dagen før der ho oppfordrar alle til å ikkje å sjå situasjonen med Putin sine auge, men med andre nasjonar sitt blikk. Kva  nasjonar sitt blikk nemner ho ikkje. Men som eg skal vise finns  det mange forskjellige blikk frå forskjellige nasjonar. Mood tar opp visse grunnleggande forhold i russisk historie og understrekar at vi må sjå saka frå fleire sider viss vi skal unngå krig. Etter mi meining avslører han ein krigshissar, sjølv om han ikkje seier det rett ut.

Mood sine synspunkt må føre til at det blir sett stopp for amerikanske militære installasjonar på norsk jord. Det er noko det norske Stortinget kan vedta på eigen hand, ut frå prinsippet om at kvart land skal bestemme over sitt eige territorium. Men no gjeld det ikkje berre på norsk jord. Det gjeld også i nokre norske hamnar der amerikanske ubåtar, som til vanleg har atomvåpen om bord, får legge til utan av i veit om dei har slike våpen med seg då.

Eigne kommentarar

For eigen del vil eg seie at dei som har innsikt i dei geopolitiske tilhøva i dag veit at det i 2014 vart utført eit kupp i Ukraina som var arrangert av USA med nokre hjelparar, der Norge ved Børge Brende var svært aktiv. Dette kuppet, som vann fram fordi USA fekk med seg nazistiske organisasjonar som sto for den væpna valden i landet, gav som resultat at USA fekk stor innverknad på politikken i landet. For Russland var det då klart at ein av dei få store marinebasane deira, på Krim-halvøya, kunne bli stengt og erstatta med ein USA-base. Det var sjølvsagt heilt umogleg å godta. Det var ikkje så rart at dei innlemma Krim i Russland att, særleg fordi over 90 prosent av dei som budde der var russarar og ville høyre til Russland. Ved ei folkeavstemming vart dei samde om å bryte ut or Ukraina og gå inn att i Russland. Dette gjekk ikkje føre seg ved eit kupp som då USA fekk sett inn sin mann som leiar i Ukraina.

Samstundes begynte dei nazistiske organisasjonane å trakassere det russiske fleirtalet aust i landet. Det ville de ikkje finne seg i og starta militær kamp for å hindre det. Dei fekk støtte frå Russland. Frå vesten pressa USA på for å få meir kontroll over landet og for å komme enno nærare den russiske grensa med si militærmakt.

Hovudpoenget mitt er at dette ikkje er noko teikn på at Russland er allment aggressive i høve til nabolanda sine, eller andre land i Europa. Det viser ikkje at det finst nokon fare for russisk angrep på andre europeiske land. At ein provokasjon frå Ukraina likevel kan utløyse lokal strid der, er ikkje umogleg. Viss USA då ikkje engasjerer seg, så vil dette bli noko lokalt. Men viss USA vil «forsvare» Ukraina, så kan dette vekse til å bli ein meir all-europeisk samanstøyt der Norge blir dradd med, og med dei militære midla Russland no rår over, kan krigen også komme inn i USA.

Alt i alt er det slik at USA har forstrekt seg i alle kantar for å halde på eit verdsherrevelde, mens landet sjølv er i tilbakegong både absolutt og relativt, då særleg i forhold til Kina. Den måten USA kan redde seg ut av denne situasjonen, utan å bli straffa svært hardt er, å gi opp forsøket på å dominere andre kontinent og land og konsentrere seg om sitt eige land.

Vi ser jo i praksis at det angelsaksiske columbisk-imperialistiske systemet blir slått tilbake på alle kontinent no. Dei lukkast ikkje med å ta kontroll over Syria. Dei mislukkast med «fargerevolusjonen» i Kasakhstan nett no, dei får meir uavhengige politikarer i Argentina og Venezuela, dei får og meir uavhengige leiarar i Etiopia og Sudan, og i Algerie er liknande saker på gong. Kina sitt silkeveg-prosjekt utviklar seg stadig. Vi har nett fått etn nytt svært frihandelsområde i gang i «austen», der mellom anna New Zealand og Australia er med, utanfor amerikansk kontroll. Samarbeidet mellom Russland og India utviklar seg jamt.

Samstundes er den alliansefrie rørsla, som først blei skapt i 1961, i full sving att med mykje meir enn 100 land i samarbeid om ein framstøyt for å få alle land i FN til følgje FN-pakta sitt innhald om. Og stadig fleir samlar seg om dei fem prinsippa for fredeleg sameksistens som Zhou Enlai først formulerte og som er tatt inn i FN-resolusjonar og fleire andre avtalar:

(1) Gjensidig respekt for kvarandre sin territoriale integritet og suverenitet,
(2) gjensidig ikkje-aggresjon,
(3) gjensidig ikkje-innblanding i kvarandre sine indre affærar,
(4) likestilling og samarbeid for gjensidig nytte og
(5) fredeleg sameksistens.

Det er også organisert ei Gruppe av vener for å forsvare FN-pakta som er ein organisasjon innan FN som blei danna i mars 2021.

Desse landa er medlemer:

 Algeria,  Angola,  Belarus,  Bolivia,  CambodiaChina,  Cuba,  Equatorial Guinea,  Eritrea,  Iran,  Laos,  Nicaragua,  North Korea,  Palestine,  Russia,  Saint Vincent and the Grenadines,  Syria,  Venezuela,  Zimbabwe

Innhaldet i pakta dei skal forsvare er (på bokmål):

Artikkel 1
De Forente Nasjoners formål er:
1. å opprettholde internasjonal fred og sikkerhet, og i dette øyemed å treffe effektive, kollektive
tiltak for å hindre og fjerne trusler mot freden og å undertrykke angrepshandlinger eller andre
fredsbrudd, og å sørge for at internasjonale tvister eller situasjoner som kan lede til fredsbrudd,
blir ordnet eller bilagt ved fredelige midler i samsvar med rettferdighetens og folkerettens
prinsipper;
2. å utvikle vennskapelige forhold mellom nasjoner grunnlagt på respekt for prinsippet om
folkenes like rett og selvbestemmelsesrett og å treffe andre tiltak som er egnet til å styrke
verdensfreden,
3. å få i stand internasjonalt samarbeid om løsningen av internasjonale problemer av økonomisk,
sosial, kulturell eller humanitær art, og for å fremme og oppmuntre respekt for
menneskerettigheter og grunnleggende friheter for alle uten hensyn til rase, kjønn, språk eller
religion og
4. å være et sentrum for samordning av nasjonenes virke for å nå disse felles mål.
Med dette er formålet klart fastslått. Først og fremst går det ut på å hindre krig og sikre fred. Så
er formålet å styrke verdensfreden ved å utvikle vennskapelige forhold mellom nasjoner,
grunnlagt på prinsippet om folkenes like rett og selvbestemmelsesrett. Så skal en få i gang

7
internasjonalt samarbeid om løsningen av internasjonale problemer innen forskjellige områder,
og fremme respekt for menneskeretter og grunnleggende frihet for alle typer.
Artikkel 2
For å nå de mål som er nevnt i artikkel 1 skal organisasjonen og dens medlemmer handle i
samsvar med følgende prinsipper:
1. Organisasjonen er grunnlagt på prinsippet om alle medlemmers suverene likhet.
2. For å sikre alle medlemmene de rettigheter og fordeler som følger av medlemskapet, skal de
alle ærlig og oppriktig oppfylle de forpliktelser de har påtatt seg i samsvar med denne Pakt.
3. Alle medlemmer skal bilegge sine internasjonale tvister ved fredelige midler på en slik måte at
internasjonal fred, sikkerhet og rettferdighet ikke settes i fare.
4. Alle medlemmer skal i sine internasjonale forhold avholde seg fra trusler om eller bruk av
væpnet makt mot noen stats territoriale integritet eller politiske uavhengighet eller på noen
annen måte som er i strid med de Forente Nasjoners formål.
5. Alle medlemmer skal yte de Forente Nasjoner enhver bistand i alle tiltak den treffer i samsvar
med denne Pakt, og skal avholde seg fra å; yte bistand til noen stat som de Forente Nasjoner
anvender forebyggende tiltak eller tvangstiltak mot.
6. Organisasjonen skal sørge for at stater som ikke er medlemmer av de Forente Nasjoner
opptrer i samsvar med disse prinsipper i den utstrekning dette er nødvendig for å opprettholde
internasjonal fred og sikkerhet.
7. Intet i denne Pakt berettiger de Forente Nasjoner til å; blande seg inn i forhold som etter sin
natur ligger innenfor noen stats egen jurisdiksjon eller innebærer at noe medlem må underkaste
slike saker bileggelse etter denne Pakt; men dette prinsipp skal ikke hindre anvendelsen av
tvangstiltak etter kapittel VII.

Opp mot FN-pakta og dei fem prinsippa for fredeleg sameksistens har USA utvikla sitt eige prinsipp som dei kallar regelbasert orden. Her er det i praksis USA som skal gi reglane og sørge for at dei blir følgde. Og reglane er alltid i samsvar med USA sine grunnleggande økonomiske og politiske interesser. Det skaper mykje ufred og krig i verda.

Derfor er det også viktig at det blir reist krav om den norske regjeringa skal støtte Gruppa av vener for å forsvare FN-pakta i FN og dei fem prinsippa om fredeleg sameksistens. Det er særleg aktuelt no når vi har ein representant i Sikkerheitsrådet.

Med Mood sitt forslag og desse andre initiativa kan vi sikre fred i verda.

Terje Valen, fredag 14. januar 2022.

Sjå også https://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/Verdens%20undertrykte%20folk%20og%20nasjoner%20reiser%20seg.pdf