Mitt nyttårsønske er fred i verda. Men ønsket er meir presist enn som så. Det er at Norge skal bli eit land som har venlege forhold til alle andre land og særleg til alle nabolanda sine, og at Norge ikkje deltek i andre lands krigar langt utanfor eige territorium og ikkje krigar utan at det sjølv er angripe. Difor ønsker eg meg eit alliansefritt Norge. Eg skal no gi mine grunnar for å meine at eit alliansefritt Norge vil vere det beste alternativet dersom nyttårsønsket skal bli oppfylt.
Verda endrar seg raskt – columbismen er på hell
Vi lever i ei tid der den columbiske epoken tar slutt og der dei columbiske elitane, med USA i spissen, berre kan hindre dette ved ein stor krig på det eurasiske kontinent. Norge må arbeide aktivt for å hindre dette. Den beste måten er å kople seg laus frå krigerske alliansar og å arbeide for å hindre krigar og for å skape gode internasjonale samarbeidsforhold i verda. Vi bør ikkje delta i dei columbiske elitane sin aggressive kamp for å behalde eit verdsherrevelde som er i ferd med å forsvinne.
Det skjer no store geostrategiske endringar i verda. Frå 1492, då Columbus kom til Amerika, erobra overklassane i dei vestlege maktene rundt Nord-Atlanteren verda for seg på særs brutalt vis, og dei har sidan brukt herredømmet til sin fordel. Dei leiande maktene i dette spelet har vore Spania og Portugal, Holland, Frankrike, England i kronologisk rekkefølge, og i dag er USA den leiande makta. Men også USA er med på å halde oppe dei vestlege maktene sin felles dominans i verda. Eg låner eit omgrep frå den verdskjende og svært reaksjonære geografen, Halford Mackinder, og kallar tida etter 1492 for den columbiske epoken. Mackinder er elles kjend for sin såkalla «heartland»-teori som har vore utgangspunkt både for nazistane og mykje av USA sine strategiplanar for utviklinga i verda.
Mellom 1917 og 1991 blei det columbiske herredømmet halde litt i tømme av Sovjet-Unionen. Men då denne staten vart oppløyst utvida den leiande columbiske staten makta si til store nye område og på overflata såg det ut som vi gjekk inn i en nye stor periode for columbismen. Men i det vesentlege vart USA svekka også i tida etter 1991 og det har vist seg med stor kraft dei siste ti åra.
Det columbiske herredømmet blir no utfordra av ei svært hurtig endring i det økonomiske styrkeforholdet i verda. I løpet av berre 30 år har Kina vokse fram som et nytt økonomisk kraftsenter og det veks fortsett mykje fortare enn USA og dei andre columbiske statane. Andre statar i same området har også utvikla økonomien sin mykje. Den columbiske epoken ser ut til å gå mot slutten.
Den columbiske overklassen kjempar desperat for sitt verdsherrevelde
Dette er ei katastrofe for heile den columbiske flokken. Det columbiske utbyttingssystemet, der dei columbiske kjernelanda fører store verdiar ut av dei områda som dei dominerer, står i fare. Derfor er alle vesentlege konfliktar i verda i dag prega av dette. Dei er prega av den gamle columbiske eliten sin desperate kamp for å stanse avviklinga av det lønsame internasjonale systemet deira. Det er dette som ligg bak når dei styrande i USA blinkar ut sine fiendar, anten det no er Libya, Venezuela, Cuba, Iran, Syria, Nord-Korea, Russland eller Kina. Det er derfor alle dei såkalla demokratirørslene inne i dei landa som USA og de andre columbiske statane ikkje har kontroll med blir oppmuntra, finansiert og støtta på alle vis av columbiarane. I røynda har ikkje dette noko med demokrati å gjere, for dei despotisk styrte statane som USA og dei andre columbiarane har kontroll med, får fortsette med sine styresett, sjølv om dei får litt mild kritikk inniblant. Når leiarane i USA seier demokrati og menneskerettar så tyder det USA sin rett til å bryte folkeretten og til å få med seg sine allierte til å gjere kva dei vil i kva land dei ønsker.
Øydelegginga av Libya
Øydelegginga av den veldrivne staten Libya, er eit godt eksempel på denne politikken. Gadaffi styrte den mest velordna staten i Afrika med hard hand for at det ikkje skulle falle saman i kampar mellom regionar og klanar. Han var ei drivkraft for afrikansk einskap og uavhengigheit frå USA og dei andre columbiarane. Han ville mellom anna at dei afrikanske landa skulle slutte å bruke dollaren som reservevaluta. Dette var ein svært alvorleg trussel mot det columbiske systemet, for i dag kvilar det på den amerikanske dollaren. Om dollaren fell som verdas reservevaluta, blir det eit frykteleg slag mot den amerikanske økonomien og heile det columbiske systemet. Det norske flyvåpenet gjorde grovarbeidet for dei columbiske herskarane som brukte dei og jihadistane for å øydelegge Libya, noko som og var avgjerande for opninga av den daudelege flyktningstraumen over Middelhavet som kom etterpå.
Forsøket på regimeendring i Syria
Den andre store flyktningstraumen blei utløyst av USA og dei andre columbiarane sin politikk i Syria. USA og dei andre columbiske statane si destabilisering av Syria og stråmannskrigen mot Assad sitt styre der, er eit anna eksempel på dei columbiske statane sin kamp for å halde opp sitt verdsherrevelde. Og mest alle dei norske «hjelpe»organisasjonane hjelper USA og dei andre columbiske statane sine jihadistiske stråmenn-krigarar og stråkvinne-krigarar med å fortsette krigen mot det lovleg valde styret i Syria, medan dei fortsett dei daudeleg sanksjonane som hindrar Syria å bygga opp at helsevesen og velferdstenester og byar og føretak landet. Vi bør ut av dette aggressive og skadelege systemet.
Regimeendring i Ukraina og Kvite-Russland
Det kuppet som USA regisserte i Ukraina, med god hjelp av norske tenestemenn, er eit anna eksempel. Dette er eit kroneksempel på brot på folkeretten. Og der fekk vi for første gong etter krigen sjå at erklærte nazistar som var ei viktig kraft i kuppet, fekk postar i og like rundt statsstyret. Alle veit også at dersom Krim-halvøya hadde blitt ein del av Ukraina, så ville Russland ha måtte legge ned ein av sine viktigaste marinebasar og USA ville ha komme inn i staden. Derfor tvinga USA, gjennom å sikre sitt kupp i Ukraina, Russland til å sikre seg dette området. Det kan samanliknast med eit opprør i Alaska for å lausrive det frå USA og slutte seg nærare til Russland, og opne for ein russisk marinebase der. Å klage Russland for å bryte folkeretten og vise seg som aggressiv i høve til dette er å rette bakar for smed, som vi seier.
Det som skjer i Kvite-Russland i dag noko av den same bakgrunnen. Viss Lukasjenko hadde vore ein venn av «Vesten» og ein reiskap for dei columbiske elitane, og det kom eit opprør der som ville kaste han og opprette gode relasjonar med Russland, så ville USA og dei andre columbiarane ikkje ha støtta opprøret, men heller hjelpt han for å slå det ned.
Økonomisk krig og daudelege sanksjonar
Det same gjeld dei svært skadelege sanksjonane som USA driv mot alle land og personar og føretak osb. som dei ikkje har kontroll med. Dei er til dels drepande, som då dei drap ein halv million born i Irak før dei gjekk inn militært på falsk og løgnaktig grunnlag og øydela landet bortimot fullstendig, samt skapte den hæren av jihadistar som har plaga verda sidan. Men sanksjonane fungerer på same vis ovafor Venezuela, Syria, Iran, Russland, Nord-Korea, Cuba og ovafor andre land og personar eller føretak som ikkje gir opp sine nasjonale og lokale interesser for å følgje USA sitt diktat.
USA sine allierte får i oppdrag å kjempe USA sine krigar
For å sikre USA sitt herrevelde og dermed det columbiske system må dei landa som støttar USA i dette, stadig meir gå mot sine eigne interesser som sjølvstendige statar. Dei må utkjempe USA sin krigar langt frå eigne territoria mot land og folk som ikkje er deira fiendar, ja som dei eigentleg hadde vunne mykje på å ha venskapeleg samkvem med. Og dei må delta i det daudelege sanksjonssystemet som skadar økonomi og fredeleg samkvem mellom nasjonar og land.
Mange fordelar ved alliansefridom
For Norge hadde det vore svært gunstig å ha halde USA sin fiendskap mot Russland vekke frå forholdet mellom desse to nabolanda. Russland vil ikkje angripe land i Europa, dei vil ha samhandel og samarbeid, slik Putin gir uttrykk for i sitt nyttårsbrev til Angela Merkel. Når det gjeld utviklinga av norske næringar hadde det og vore svært bra om ikkje USA sitt fiendskap mot Kina fekk øydelegge det økonomiske, vitskaplege, kulturelle og sportslege osv. samarbeidet mellom Norge og dette landet.
I Norge er vi ikkje tent med at det bli lagt press på idrettsprofilar for å velje telefon ut frå USA sine preferansar. Elles er det allment kjent at USA overvaker alt som blir sagt og gjort gjennom telefonar som dei godkjenner, til og med Angela Merkel om det passar seg. Huawei skal ha lagt inn ein sperre som hindrar slikt. Elles er påskotta for å ikkje å bruke Huawei sine produkt på det vanlege planet med rykte og påstandar som ikkje er prova. Aksjonen mot Huawei er ein kamp frå dei columbiske elitane for å hindre at deira verdsherrevelde blir utfordra.
Noko prov for at Huawei-telefonane i Norge har lagt inn overvaking av uigurane eller andre, er ikkje til å ta alvorleg. Kva Kina gjer på sitt eige territorium er opp til den kinesiske regjeringa å bestemme, ikkje USA og andre. Dette er eit sentralt punkt i folkeretten. Viss eit land skal ha rett til å angripe eit anna land fordi dei ikkje likar styresettet der, så er opna vidt opp for aggresjonskrigar som etter folkeretten er forbode. Leiarane i USA følgjer denne krigsskapande politikken. Eg trur ikkje USA vil endre dette før dei blir tvinga til det, men Norge kan trekke seg ut av aggresjonsspiralen ved å bli alliansefritt, slik dei aller fleste land i verda faktisk er. Kina på si side følgjer folkeretten sine reglar endå om dei bruker dei midla dei har til å knytte kontaktar og utvide handel og samkvem med flest mogleg land og der det finnast forhold å kritisere på sakleg vis. Men samanliknar vi dei kritikkverdige forholda her med USA sine daudelege sanksjoner og sine uhemma aggresjonskrigar, så kjem Kina svært godt ut.
Når det gjeld tilhøvet USA-Kina, så har USA peikt ut Kina som sin fiende nummer ein i verda og ruster opp og førebur ein krig mot dette landet, dersom det ser ut som det går forbi USA i økonomiske makt i verda. Kina på si side legg vekt på fredeleg samarbeid, samkvem og samhandel mellom uavhengige statar basert på forhandlingar der begge partar søkjer å komme godt ut av det. Både internt og internasjonalt fremmer Kina ein politikk med fredeleg sameksistens mellom forskjellige kulturar og nasjonar, med respekt for det nasjonale sjølvstendet og ut frå prinsippet om ikkje å blande seg inn i andre statar sin indre saker.
Når visse kretsar i Norge gir ein person som i Kina blir sett på som ein kriminell oppviglar, fredsprisen, så har det ikkje noko med ytringsfridom og demokrati å gjere. Det er rett og slett ei massiv støtte ein person som arbeider for regimeendring i Kina og dermed ei klar innblanding i Kina sine indre forhold. Det ville ha vore som om Norge i si tid hadde gitt fredsprisen til Black Panter leiaren Malcolm X. Elles så vi jo og at straks president Trump hadde stansa pengestraumen til dei amerikanske organisasjonane som støtta dei såkalla demokratirørslene i den kinesiske byen Hong Kong, så blei det slutt på demonstrasjonane der.
Urimeleg svartmaling av land som USA og dei columbiske maktene ikkje kontrollerer
Saka er at dei landa og leiarane som USA ikkje har kontroll med blir svartmala på heilt urimelege måtar, og i dag skjer det ut frå ei USA-columbisk mediemakt gjennom eigarskap og oppkjøp av journalistar frå dei rikaste personane i verda. Alle dei store media er i dag politisk drivne for å halde oppe det columbiske regimet i verda. Og ettersom alle i dei vestlege, nord-atlantiske landa har vakse fram som ein del av den mottakande enden av columbiarane si utbytting av resten av verda, ser vi og kor vanskeleg det er for folka her å ta rett stilling i dei konfliktane og krigane som går føre seg.
Til og med radikale menneske skjønner ikkje at det dreier seg om kamp for å halde opp verdsherreveldet til USA i spissen for heile den columbiske eliten og ikkje om kamp for demokrati og menneskerettar mot despotar og andre i dei landa USA angriper direkte eller ved betalte oppviglarar og leigetroppar.
Når USA og dei andre columbiarane har tynt livskiten av folket i land og området gjennom økonomisk krigføring og folka der lid og vil ha det betre, så set USA inn propagandakverna om diktatoriske leiarar som har skulda, mens dei på den andre sida finansierer grupper om startar opprør for å få til regimeendringar og om naudsynt, rykker inn med eigne styrker, eller får allierte og betalte leigetroppar til å gjere jobben, og gjerne jihadistar om dei kan brukast.
Mitt nyttårsønske er at Norge hoppar av denne aggresjonsspiralen blir eit alliansefritt land med gode forhold til alle sine naboar og alle land som det er mogeleg å ha samkvem med.
Terje Valen, 31. desember 2020.