Forord til «Rustninger og nedrustning i atomalderen»

Undertittel «Dokumentasjon og analyser fra fredsforskningsinstituttet SIPRI om det internasjonale rustningskappløpet.»

Fakkelbok utgitt på Gyldendal forlag i 1977 med forord av Helge Sivertsen, motstandsmann under den tyske okkupasjonen og nestor i arbeiderbevegelsen i Norge. Her er forordet som burde være et mønster for dagens krigshissere og våpensendere i samme parti.

«Dette er et nyttig arbeid. Med utgangspunkt i eit utval av publikasjonane frå Det Internasjonale Fredsforskningsinstituttet i Stockholm (SIPRI), oppsummerer forskar Marek Thee ved Institutt for fredsforskning i Oslo (PRIO) viktige data, analyser og konklusjonar frå SIPRIs arbeid gjennom 10 år. Resultatet er ei handbok som allerede ligg føre på fleire språk, og som vi og treng på norsk. Den gjev nøktern kunnskap om rustning og nedrustningsarbeid i dag og teiknar på den måten eit klart bilde av situasjonen. Det er eit så sant bilde som det er mogleg å få det ut frå dei opplysningar som er åpent tilgjengelege.

Det Internasjonale Fredsforskningsinstituttet i Stockholm er eit av verdens beste. Det er uavhengig, det har gode ressurser, og det er kvalitet i det instituttet gjer. Er det noe område der det er nødvendig at fakta er tilgjengelege for folk flest, så er det her. Situasjonen er farleg. Overforbruket av ressursar til militære formål er så stort at folk sulter i hel i milliontal av den grunn. Det er bygd opp ei drapsevne som er stor nok til å utrydde menneskelivet på kloden.

Det finst inga politisk oppgåve i dag som er viktigare enn å koma i gang med nedrusting gjennom internasjonale avtalar. Derfor er det så om å gjere at folk flest får kunnskap om situasjonen. Det er på den måten opinionen kan bli sterk nok til å gje politikken retning. Det nå det kan vise seg om demokratiet har den styrke situasjonen krev: Eit overveldande fleirtal av tenkjende menneske over heile kloden vil sjå at nedrusting og fred er realpolitikk når fakta om rustningane og dagens militære drapsevne er klare. Så er det spørsmål om den politiske handlekrafta. Vårt land er med på fremme nedrusting, og denne handboka kan vera til nytte både for politikarar, organisasjonar og enkeltmenneske som vil ta del i dette arbeidet.»

Oslo, juni 1977.                                  

Helge Sivertsen

Formann                                   

Utvalget for rustningskontroll og nedrustning.