Den teksten som eg presenterer her er ein av dei viktigaste i byrjinga av dette hundreåret. Den skisserer Kinas utanrikspolitiske linje fram til 2050 og sannsynlegvis vidare frametter. Notane til teksten forklarar også dei viktigaste trekka i Kina si langsiktige samfunnsplanlegging. Så her presenterer eg hovudpunkt i Xi Jinping sin tale under det tredje gruppe-studie møtet til Kinas kommunistiske partis sentralkomité den 28. januar 2013 som Xi leia kort tid etter at han var blitt vald til leiar av det kinesiske kommunistpartiet (KKP).
Ein av rutinane til sentralkomitéen er slike faste studiesamlingar der emne innan økonomiske, politiske, kulturelle, sosiale, økologiske og andre, blir presentert av inviterte spesialistar både frå Kina og andre land, og diskutert grundig.
Talen er den første i eit utval av talar frå Xi Jinping som er presentert i boka Construisons une communité de destin pour l’humanité (Lat oss skape eit lagnadsfellesskap for menneskeheita) som kom ut i 2019. Dette tyder at leiinga i Kina meiner at talen er særs viktig. Du vil også sjå at han strekar opp nokre grunnleggande moment i Kina sin utanriks- og fredspolitikk. Du finn også talen på engelsk i andre utgåve av boka til Xi Jinping The Governance of China, bind 1 (side 271) som kom ut 2018 (første utgåva kom i 2014).
Denne boka er del i ein serie som no har komme til bind 4 der fleire av Xi sine talar fram til 2022 er samla. Her er overskrifta Strengthen the Foundation for Pursuing Peaceful Development (Styrk grunnlaget for å følgje opp fredeleg utvikling). Du finn alle bøkene til gratis nedlasting. Her finn du bind 1. Eg har omsett talen frå den franske utgåva. Eg gjer også merksam på ein serie bøker med fleire opplysningar om Kina. Det er Reading China Series. Nokre av titlane her er China in History and Reality, What Kind of Democracy is Chinas Democracy, What Kind of Party is CPC, What is the Chinese Dream, What Era is China in, What is the Path of Socialism with Chinese Characteristics.
For å skjønne talen trengs nokre viktige opplysningar som er gitt i merknader til den franske utgåva og som eg gir her i forkant av denne oversettinga. (Merknad frå Terje Valen.)
- Teorien til Deng Xiaoping er ein viktig del av heile det teorisystemet som sosialisme på kinesisk byggar på og som er leiende for Kinas kommunistiske parti (KKP). For første gong, seier kinesarane, har dei funne eit prinsipp som på ein systematisk måte gir svar på grunnleggande spørsmål når det gjeld korleis ein kan konstruere sosialismen i eit Kina som ligg tilbake på dei økonomisk og kulturelle felta og korleis ein skal konsolidere og utvikle han. Den som er viktigast når det gjeld utviklinga av denne teorien er Deng Xiaoping.
- Tanken om den «treeinige representasjonen» og også grunnleggande. Denne teorien understrekar at KKP alltid må inkarnere tre moment. Det gjeld utviklinga av dei framskridne produktivkreftene i Kina, retninga på den kinesiske kulturelle utviklinga, og dei grunnleggande interessene til det enorme fleirtalet av folkesetnaden i Kina. Den viktigaste teoretikaren bak dette prinsippet er Jiang Zemin.
- Oppfatning om vitskapleg utvikling er og viktig i teorien om sosialisme på kinesisk og som leietråd for KKP. Denne oppfatninga gir absolutt prioritet til utvikling, plasserer mennesket i sentrum for alt ein er opptatt med, og ifølgje denne tanken søker dei ein komplett utvikling som er koordinert med utgangspunkt i heilskapleg planlegging som tar omsyn til kvar enkelt sektor. Den viktigaste teoretikaren bak dette prinsippet er Hu Jintao.
- Dei fem prinsippa for fredeleg sameksistens er: gjensidig respekt for den territoriale integriteten og suvereniteten til alle, gjensidig ikkje-innblanding i dei indre affærane, likskap og gjensidig fordel og fredeleg sameksistens. Zhou Enlai foreslo desse prinsippa den 31. desember 1953 då han møtte ein delegasjon frå den indiske regjeringa i Beijing. Seinare blei prinsippa skrive inn i føreordet til ein traktat mellom Kina og India angåande handel og transport mellom regionen Tibet og India. Under si vitjing i India og Myanmar i juni 1954 publiserte Zhou Enlai, saman med Jawaharlal Nehru og statsministeren i Myanmar, U Nu, desse prinsippa og foreslo at desse fredsprinsippa skulle være ein grunnleggande regel for internasjonale relasjonar.
- For oppbygginga av sosialismen på kinesisk blei målet med dei «to hundreåra» definert under KKPs 18. kongress i november 2012. Det dreier seg om å få på plass eit samfunn med middels velstand på alle område fram mot hundreårsjubileet for opprettinga av KKP i 2021 og å bygge ein moderne, velståande, mektig, demokratisk, harmonisk og høgt sivilisert sosialistisk stat fram mot hundreårsjubileet for opprettinga av Folkerepublikken Kina i 2149. Under KKPs 19. kongress i oktober 2017 bestemde KKP seg for målet med å vinne ein avgjerande siger i den altomfattande bygginga av eit samfunn med middels velstand og å ta ut på ein ny marsj mot skapinga av ei heilskapleg bygging av eit moderne sosialistisk samfunn ved å utarbeide ein utviklingsplan i to fasar mellom 2020 og 2050: i løpet av den første fasen frå 2020 til 2035 vil Kina støtt seg på dei grunnlaga som blei lagt fram til 2021 og gjennom hardt arbeid i løpet av dei neste 15 åra for å fremme ein god sosialistisk utvikling; i løpet av den andre fasen, frå 2135 til 2150 vil dei støtte seg på den grunnleggande moderniseringa under fasen før for å fortsette strevet i 15 nye år for å bli ein stort vakkert, moderne, velståande, mektig, demokratisk, harmonisk og høgt sivilisert sosialistiske stat.
Med dette i bagasjen blir det lettare å forstå talen til Xi Jinping som kjem her.
«Det er eit grunnleggande strategisk val, som vårt parti har gjort, å trå etter ei fredeleg utvikling i samsvar med tidas trend og Kinas grunnleggande interesser. Under rettleiing av Deng Xiaoping sin teori, den viktige tanken om den «treeinige representasjonen» og det vitskaplege synspunktet på utvikling, bør vi forbetre den strategiske tenkinga og forbetre emna vår til å ta gode strategiske val, ha eit betre overblikk over heile den nasjonale og internasjonale situasjonen og følgje opp utviklinga grunnlagd på opning (av økonomi osb.), samarbeid og vinn-vinn partnarskap. Den utviklinga som vi når fram til ved å kjempe for eit fredeleg internasjonalt miljø vil i sin tur tene til å halde på og utvikle vidare fred i verda. Vi må samstundes sørgje for at landet vårt blir stadig mektigare og at folket vårt kan fortsette med å tene på fruktene av fredeleg utvikling, mens dei heile tida tar seg av dei materielle og samfunnsmessige grunnlaga under vegen med fredeleg utvikling.
Den kinesiske nasjonen er ein fredsnasjon. Under heile den moderne epoken har det varmaste og djupaste ønsket til det kinesiske folket vore å vinne fred. Å engasjere seg i den fredelege vegen er å ta vare på arven frå den utprega kinesiske kulturen og å utvikle den; det er også den logiske slutninga som det kinesiske folket har trekt i den moderne epoken. Deira lidingar på grunn av krigar er for alltid djupt gravert i minnet til det kinesiske folket. Derfor er dei så djupt knytt til fred og har eit sterkt håp om ei fredeleg og stabil fred i verda.
Den fredeleg vegen som vi følgjer har ikkje hatt ein lett fødsel: vi har funne den litt etter litt under den strevsame utforskinga og dei stadig nye erfaringane som partiet vårt har gjort etter opprettinga av Folkerepublikken Kina i 1949 og særleg etter at arbeidet med reformpolitikken og opninga mot utlandet tok til. Partiet vårt har alltid halde fredsfana høgt, utan å vakle. Det er ut frå lang praksis vi har lagt fram og halde oss til dei fem prinsippa for fredeleg sameksistens, har tatt til oss ein uavhengig og fredeleg utanrikspolitikk, høgtidleg lova ovafor heile verda å aldri søke korkje hegemoni eller ekspansjon og understreka den ubrytelege krafta som Kina alltid vil vere for å forsvare den globale freden. Vi vil fast og til evig tid halde oppe desse prinsippa.
Den 18. kongressen til partiet har presisert dei klare måla for kampen i dei «to hundreåra». Vi har samstundes egna oss til målet med å verkeleggjere den kinesiske draumen om ei stor nasjonal fornying. Verkeleggjeringa av desse måla gjer det naudsynt med eit fredeleg globalt miljø. Utan fred kan korkje Kina eller resten av verda utvikle seg. Og på same måte kan korkje Kina eller resten av verda nyte ein varig fred utan utvikling. Vi bør gripe moglegheitene til utvikling og konsentrere oss om våre eigne affærar slik at landet vårt kan bli mektigare og rikare og at folket vårt får eit betre liv. Vi må stole på våre eigne krefter for å følgje vegen mot fredeleg utvikling.
Historias straum er ekstremt kraftig: å følgje den er å stige fram: å motsette seg den er å springe mot fortaping. Ved å sjå for oss heile verdshistoria som går forbi kan vi slå fast at aggressive handlingar eller å søke utviding ved makt, alle har gått på nederlag. Det dreier seg her om ei historisk årsaksamanheng. Rikdom og ei stabil verd gir utvegar for Kina, og på same måte gir rikdom og stabilitet for Kina utvegar for verda. Å lukkast med ei fredeleg utvikling avheng av vår kapasitet til å forme om moglegheitene i verda til utvegar for Kina og forme om utvegane for Kina til utvegar for verda. Det er innan ramma for eit edelt samarbeid og eit vinn-vinn partnarskap mellom Kina og verdas landa at vi kan gå frametter. Vi bør, ut frå den kinesiske røynda, følgje opp vår eigen veg utan å vakle. Samstundes bør vi ta til oss eit globalt utsyn som tillét oss å gi betre råd når det gjeld den indre utviklinga og opninga mot utlandet, å knyte den kinesiske utviklinga til den globale, å integrere det kinesiske folkets interesser med interessene til alle folk i verda ved å utvikle samarbeid mellom Kina og andre land i verda som gagnar alle. På denne måten kan vi spele ei meir aktiv rolle i dei internasjonale affærane, gå laus på dei globale utfordringane samen med andre land og bidra betre til den internasjonale utviklinga.
Vi bør følgje vegen med fredeleg utvikling, men utan på nokon måte å gje opp rettane våre og dei legitime grunnleggande interessene våre eller finne oss i noko som skadar suvereniteten vår, tryggleiken vår og våre interesser når det gjeld utvikling. Kina følgjer vegen med fredeleg utvikling, og det bør også andre land gjere. Det er berre slik vi vil kunne utvikle oss saman og sameksistere i fred. Vi bør gjere kjent for alle den samanhengande strategiske tenkinga vår med å følgje ei fredeleg utvikling og sørgje for at den internasjonale fellesskapen får ei verkeleg forståing for den måten Kina utviklar seg på. Kina vil aldri søke å verkeleggjere utviklinga si til skade for interessene til andre land. Vi vil ikkje skade andre for å fremme eigne interesser eller lesse våre eigne problem over på andre. Vi vil alltid vere tilhengarar av ei fredeleg utvikling, å fremme ei felles utvikling og vi vil forsvare eit system med multilateral handel og deltakarar i styringa av den internasjonale økonomien.»