Selv om det britiske imperiet ikke lyktes med å etablere sin første koloni i Irland før i 1556, flere tiår etter at Portugal og Spania tok land på det afrikanske kontinentet og Amerika, har det likevel blitt synonymt med verdens konflikt på grunn av sitt nettverk av territorier og kolonier som strekker seg over hele kloden. Som vår Statista-graf viser, har Storbritannia invadert 90% av verdens land i løpet av historien.
I følge boken «Alle landene vi noensinne har invadert: og de få vi aldri kom til» av historikeren Stuart Laycock, har bare 22 land, hvorav de fleste er småmakter som Luxembourg, Sverige, Vatikanet eller Monaco, aldri hatt militær kontakt med Hans Majestets hærer. Selv om de fleste landene ikke ble offisielle britiske kolonier, kom de under britisk innflytelse på forskjellige måter.
De største hvite flekkene er synlige på det afrikanske kontinentet, selv om Royal African Company grunnlagt i 1660 var alene ansvarlig for tvungen overføring av 212 000 slaver fra hjemlandet og forsendelse til de engelske koloniene i Amerika mellom 1662 og 1731. Det britiske imperiet kan faktisk regnes som et av de mest varige vestlige imperiene i verden.
Eg sendte for ei tid tilbake ein kronikk til Klassekampen der eg tok opp det ovan nemnde temaet. Debattredaktøren der var ikkje interessert i det. Så eg publiserte det i den viktigaste antiimperialistiske og radikale avisa i Norden, Ny Dag med Steigan.no. Men eg tenkjer at vi må følgje opp dette fordi det er svært viktig. Særleg fordi avisa Klassekampen no har ein diskusjon om totalitære regime, med lange, reaksjonære innlegg. Derfor ein litt lengre tekst om emnet.
Den verdskjende og svært reaksjonære geografen Halford
Mackinder[i]
skapte i 1904 omgrepet den columbiske epoken om tida frå Columbus kom til
America og fram til Mackinders eigen tid. Han meinte at denne tida då tok
slutt. Der tok han feil. Riktig nok var då om lag heile verda «oppdaga», men
trua på at Columbus sitt vis for å omgåast den verda han «oppdaga» var slutt,
var feil, den fortsette under nye omstende heilt fram til og forbi
500-års»jubileet» for landnåmet i Karibia. Columbus innleia ein periode på over
500 år då dei kvite overklassane i landa rundt det nordlege Atlanterhavet
fortsette hans verk. Det som har karakterisert dette verket var folkemord,
slaveri og rov og tjuveri av heile den verda som etter kvart blei «oppdaga» i
den grad columbiarane klarte å legge
land og folk under sitt herredømme.
Columbus si andre reise
Columbus sin andre reise innleia for alvor den
columbiske epoken. I første omgang gjekk det ut over folket på Hispaniola. Det
var tre oppgåver Columbus ville løyse. Han ville skaffe slavar og gull og
omvende innbyggarane til katolisismen. Han måtte fort gi opp å skaffe slavar
fordi indianarane døydde så fort. Så blei gull det viktigaste. Ei system der
alle innbyggarane skulle skaffe ei viss mengd gull innan visse korte periodar
blei innført. For å få til dette underkua dei folket fullstendig. Metoden kan
karakteriserast av eit par episodar der spaniarane hadde fanga ei gruppe
indianarar. Indianarane sat ein kano utanfor skotrekkevidde til eit av skipa,
men mannskapet klarte å lure seg innpå dei og dei tok fram boge og pilar og
prøvde å forsvare seg. Men dei blei fanga og tatt om bord i Santa Maria,
Columbus sitt skip. Ein av dei, som hadde fått snitta opp buken av ein spansk soldat,
klarte å rive seg laus og symje mot land medan han held tarmane sine med eine
handa. Han blei fanga att og så bant dei både hende og føter på han og kasta
han over bord. Men han klarte å komme seg laus av taua og tok til å symje mot
land att. Då blei han skoten mange hol i av spaniarane og sank i ned i vatnet.
Kvinner som hadde klart å rømme blei fanga att for å vere sexslavar for
mannskapet.[ii]
For å skaffe gull skapte Columbus eit system der alle over 13 år i ei provins på Hispaniola der dei trudde det var mykje gull, skulle skaffe ein falkemage fylt med gull kvar tredje månad. Stammeleiarar skulle skaffe ti gongar så mykje. Som prov på at dei hadde skaffe dette fekk dei ein koparbit stempla med månaden festa rundt halsen. De som blei teken utan metallbit fekk hendene kutta av. Der var ikkje mykje gull i dette området, så oppgåva var umogleg. I dei andre provinsane skulle alle levere 25 pund vevd bomull i staden for gull. Dei som prøvde å flykte opp i fjella fordi ei ikkje klarte å nå målet blei jakta ned med hundar og drepne for fote, dei vart hengde og brente. Øya var fullstendig pasifisert og massesjølvmord blant arawakane begynte. I løpet av dei to åra brørne Columbus administrerte Hispaniola (ein del av Haiti ligg no her) blei halvparten av arawakane drepne eller drap seg sjølve. Talet på daude der anslått til ein stad mellom 125 000 og ein halv million. Drepinga fortsette og i 1515 var det berre 10 000 arawakar att. Og 25 år seinare var heile nasjonen utrydda.[iii] Seinare skjedde det same på resten av Haiti. Og etter kvart på alle delar av det amerikanske kontinent. David E. Stannard har kalla dette for den amerikanske holocaust og seier at dei kvite sin statar der, medrekna USA bør ha pyramidar av hovudskallar som sin symbol.
Eit viktig kjenneteikn på epoken er også handsaminga
av kvinnene. Dei spanske okkupantane drap både menn, barn og kvinner, men ofte
drap dei mennene og ungane, mens dei tok kvinnene til sex-slavar. Store delar
av den blanda folkesetnaden i Latin-Amerika er resultat av valdtekter på
kvinner frå dei opphavlege folka. Denne måten å handsame kvinner og dette kvinnesynet
finn vi sjølvsagt også andre stader, men det er i alle fall sikkert at han gjennomsyrer
columbismen. Difor er det litt av ei kunststykke at det columbiske leiarlandet,
USA, våger å stå fram som forsvarar av kvinnene si likestilling.
Måten columbiarane handsamar dei ikkje-columbiske
folka var og opphav til den moderne rasismen der alle utanom dei kvite
europearane ikkje vert sett på som likeverdige menneske, men i beste fall som
mindreverdige og ofte ikkje som menneske i det heile, men som utøy. Dette sit
djupt i den columbiske kulturen.
Ein annan karaktereigenskap som kjenneteiknar
columbismen er å gå til angrep på og drepe og undertrykke slike som ikkje har
vilkår til å forsvare seg. Denne forråande måten å oppføre seg på og dei
haldningane som spring ut av dette gjennomsyrer også columbismen. Spark dei
svake og dyrk dei sterke bøllane.
Alt dette kjenneteiknar også den enorme valdskulturen
i dei columbiske landa, mykje fremja av Hollywood og slike.
Folkemord er eit av dei fremste kjenneteikna på
columbismen. Eg skal ikkje gå gjennom heile denne verdas verste folkemord i
detalj her, men viser til ein tidlegare artikkel[iv]
der det også går fram at desse metodane framleis blir brukt eller forsøkt
brukt. Men det kan vere verd å nemne at nyare overslag over talet på drepne på
Hispaniola sannsynlegvis var 8 000 000. Og det skjedde i løpet av om
lag ein generasjon. Dette er arven etter Columbus og noko som har kjenneteikna
det columbiske systemet i dei neste vel 500 åra.
Innan den columbiske flokken var det også store
krigar, med enorme drapstal, for å bestemme kven som skulle ha kontrollen. Og
kontrollen gjekk i det store og heile frå Spania og Portugal, til Holland,
Frankrike, England og USA, men fleire, som ikkje blei dominerande, var med på
«leiken», som Tyskland og Belgia og fleire mindre aktørar som til dømes Danmark
då Norge i røynda var styrt av den danske staten. I tillegg melde ei
Stillehavs-makt, Japan, seg på i denne striden. Eg har omsett innleiinga av ei
bok om columbismen som Noam Chomsky har skrive og som gir mange opplysningar
Sjå note 4.).
Columbisme og kapitalisme
I Kapitalen, bind 1, kapittel 24 tar Marx opp utviklinga
som gjekk føre seg før den industrielle kapitalismen oppstod. Eg skal ikkje gå
inn på alle detaljane her, men i kapittel 24.6 summerer Marx opp forholdet
mellom columbisme og framveksten av kapitalisme under overskrifta Industrikapitalismens tilblivelse. «Oppdagelsen av gull- og
sølvforekomstene i Amerika, utryddelsen, slavebindingen av den innfødte
befolkningen som ble sendt ned i gruvene, den begynnende erobringen og
utplyndringen av Øst-India, forvandlingen av Afrika til et jaktområde for
handelsjakt på negre – alt dette var soloppgangen for den kapitalistiske
produksjonens epoke.»[v]
«En mann som har gjort kristendommen til sin spesialitet, W. Howitt, sier om
det kristne kolonialsystemet: ‘Det barbariet og de opprørende grusomhetene som
de såkalte kristne rasene gjør seg skyldige i, finner man ikke maken til i noen
epoke i verdenshistorien, ikke hos noen rase, selv om den måtte være aldri så
primitiv og uopplyst, skamløs og fri for medlidenhet».[vi]
Marx går så inn på eksempel frå Holland og Englands Øst-Indiske kompani og sier
at resultatet ble at «Store formuer grodde fort vekk som paddehatter, den
opprinnelige akkumulasjonen foregikk uten at en skilling ble forskuttert»,[vii]
dvs. som reint røveri. Han konkluderer med at «Kolonisystemet gjorde at handel
og skipsfart utviklet seg som i et drivhus. ‘Selskapene Monopolia’ (Luther) var
mektige hevarmer for kapitalkonsentrasjonen. De framvoksende manufakturene fikk
sikret seg et avsetningsmarked i koloniene, og markedsmonopolet forsterket
akkumulasjonen. Skattene som ble samlet utenfor Europa gjennom direkte
plyndring, slavebinding og rovmord, strømmet tilbake til moderlandet, hvor de
ble gjort om til kapital».[viii]
Men denne typen overføring av verdiar frå land
utanfor Europa» tok ikkje slutt med den opphavlege akkumuleringa. Han har
fortsett fram til no gjennom forskjellige fasar og metodar. Nyare forsking har
vist korleis det har skjedd og skjer. Her vil eg særleg nemne indarane Utsa
Patnaik[ix]
og Prabhat Patnaik si banebrytande studie Capital and Imperialism – Theory,
History, and the Present (Kapital og imperialisme – teori, historie og
no) frå 2121 som viser at akkumulasjon av kapital alltid har trengt at ein
tar jord, råmateriala, og kroppar frå ikkje-kapitalistiske produksjonsmåtar. Viktig
er også indonesaren Intan Suwandi[x]
si Value Chains – The New Economic
Imperialism (Verdikjedar – Den nye økonomiske imperialismen) frå 2019.
Det er elles interessant å notere seg at desse tre bøkene har kvinnelege
forfattarar. Til slutt her vil eg nemnde John Smith si Imperialism in the
Twenty-first century – Gobalization, Super-Exploitation, and Capitalism’s Final
Crisis (Imperialismen i det tjueførste hundreåret – globalisering,
super-utbytting og den endelege krisa for kapitalismen) frå 2016. For dei
som leitar er det ei sann mengd om bøker om emnet.
England
Frå 1700-talet var England den leiande
columbisk-imperialistiske makta. Då skapte den engelske overklassen også
settlarstatane USA, Australia og New Zealand gjennom folkemord og røving av
land og ressursar frå den opphavlege folkesetnaden. Dei skapte og settlarstatar
i Afrika, som i Kenya og Sør-Afrika, men her vart dei aldri så dominerande som
i dei ovan nemnde og etter kvart blei fleirtalet av settlarane jaga ut. Og dei
tok kontroll over ei mengd andre område og land i verda som dei tyna og utbytta
på det mest gruelege.
I perioden frå den 2. verdskrigen og fram til no
(2021) har USA vore den leiande columbisk-imperialistiske makta. Men alle landa
rundt det nordlege Atlanterhavet, som Tyskland, Belgia og andre med meir eller
mindre «kvite» overklassar var med. Russland hadde skilde seg ut, først ved at
dei hadde utvida sitt eige territorium, slik alle statar var blitt danna, utan
å bli ein kolonistat i rett tyding, samt at folka i dei nyerobra områda ikkje
blei utrydda, men utnytta og utbytta og etter kvart integrert i staten
Russland. Så braut dei altså ut av heile de columbiske systemet. I heile tida
let USA som om dei ikkje var så imperialistiske som England og andre columbiske
statar. Dei var til dømes ikkje direkte med i krigar for ta kontroll over Kina,
men opererte i bakgrunnen for å oppnå same imperialistiske føremoner som
England, Frankrike, Tyskland og andre som stod fram som meir krigerske og
undertrykkande.
USA
Blant dei mest gruelege settlarstatane var USA, etter
at settlarane hadde utrydda indianarane gjennom ei rekkje krigar og massakrar
osb., mens dei trengde seg vestover på det nye kontinentet, slo dei ut Spania
og Frankrike og England og oppretta sin eigen stat der det blei utvikla eit
moderne slaveri knytt til utviklinga av bomullsindustrien i England og dermed
til den første bølgja av industrikapitalisme. Dei erobra meir enn ein tredel av
Mexico som vart den sørvestlege delen av USA. Dei tok så Hawaii og forsette
rundt 1900 med ein krig mot Spania der dei sikra seg restane av det spanske
herreveldet, til dømes Cuba og Filippinane. På Filippinane allierte dei seg
først med ei lokal frigjeringsrørsle mot Spania. Det førte til at
frigjeringsrørsla vann og oppretta sin eigen frie stat. Då gjekk USA til kamp
mot sine tidlegare partnarar og klarte, gjennom ein veritabel folkemordskrig, å
knuse den nye staten. Eg har skrive ein lenger artikkel om det.[xi]
Deira løgn om at dei ville hjelpe til med å frigjere dei spanske områda vart då
grundig avslørt, men sjølv i dag er det mange som ikkje kjenner til denne
historia.
Tore Linné Eriksen
gav i 2007, etter oppfordring frå Bernt Hagtvedt,[xii]
ut ei god bok med tittelen Det første folkemordet i
det tjuende århundret – Namibia 1903-1908 med ein omfattande kjeldeoversikt
og drøftingar av omgrepet folkemord og samanlikningar med andre folkemord.
På slutten av boka skriv han at «I komparativt perspektiv er det nærliggende å
lete etter felles kolonitrekk i form av jordokkupasjon, tvangsarbeid og
rasisme, samtidig som det er en minst like viktig utfordring å forklare hvorfor
Namibia, etter mange forskeres oppfatning, skilte seg ut ved at den tyske
okkupasjonsmakten gjorde seg skyldig i det som etter gjengse definisjoner
omtales som folkemord. Det er riktignok grunn til å tro at dette begrepet vil
bli brukt om fleire andre kolonikriger etter hvert som koblingen mellom
kolonihistorie og folkemordsforskning fører til grundigere studier, slik John
Lawrence Tone nylig har gitt et spennende eksempel på med War and Genocide
in Cuba, 1895-1898.»[xiii]
Ut frå dei opplysningane som finnast om Filippinane
har han fått rett i dette. Men det har ikkje vore like lett å få dette fram
fordi USA var den staten som utførte det som kan kallast folkemord på
Filippinane. For dei som stør den columbiske imperialismen i verda er det
kanskje ikkje lett å svelge at USA er den verste folkemordar og ekstremiststat
i verdshistoria. Det same skjedde då Suharto i Indonesia, med tydleg støtte frå
USA, sørga for å drepe store delar av den kinesiske minoriteten og så å seie alle
kommunistar der i 1965-66.[xiv]
Resultatet blei mellom 500 000 og ein million drepne.
USA sitt tilhøve til det som blir kalla Latin-Amerika
er betre kjend. Her let dei og som om dei ville hjelpe statane der gjennom den
såkalla Monroe-doktrinen som stengde dei andre columbiske landa ute frå
Latin-Amerika. Men under denne doktrinen la dei i røynda dette området inn
under sin interessesfære. Noko som har ført til enorme problem for folka der og
har hindra utviklinga av gode samfunn der fram til i dag.
Etter 2. verdskrigen og særleg etter Suez-krisen og
den 2. arabisk-israelske krig i 1956 då Israel, England og Frankrike gjekk mot
Egypt de Nasser hadde nasjonalisert Suez-kanalen, har USA vore den heilt
dominerande columbiske makta som har gått i spissen for mest alle krigar,
regimeskifte, boikottar og økonomiske straffetiltak mot alle land og område som
har kjempa for å komme seg ut av det columbiske kvelegrepet. Og dei har tatt
kontroll over resten av dei columbiske statane gjennom økonomiske middel som
Verdsbanken, Det internasjonale pengefondet og militære middel som NATO og ei
rekkje andre pressmiddel.
Kampar for å komme ut or columbismen sitt famntak
Heilt frå starten har dei ikkje-columbiske folka
kjempa mot columbismen og for å sleppe ut av den columbiske sfæren. Ei
interessant bok om dette er indaren Priyamvada Gopal[xv]
si bok Insurgent Empire – Anticolonial Resistance and British Dissent (Opprørsk Imperium – motstand mot
kolonisering og britisk usemje) frå 2017. Dei første som braut ut av det
columbiske systemet var slavane på Haiti. Dei kasta ut franskmennene og
oppretta den første frie ikkje-columbiske staten. Seinare sendte Napoleon
franske (og polske) troppar for å ta øya tilbake og dei såg ut til å klare det
gjennom ein nådelaus drapspolitikk, men dei tidlegare slavane klarte til slutt
å slå også desse. Men så slutta USA å stø opprøret og innførte i staden
sanksjonar og ein kvit elite klarte etter kvart å ta tilbake makta, slik redda
dei Haiti for columbismen[xvi]
med fryktelege følgjer for folket der.
Alle slike forsøk på å komme ut av famntaket til
columbiarane har blitt møtt slik, med dei smartaste, mest brutale og mordariske
middel frå columbiarane.
Oktober-revolusjonen
Frå 1. verdskrig begynte verdas folk for alvor å
lukkast med kampen for å kjempe seg ut. Det første stor vellukka forsøket kom i
Russland i 1917, med Oktoberrevolusjonen og sigeren mot 14 columbiske statar (medrekna
Japan) som invaderte landet og hjelpte den gamle jordeigarklassen og delar av
borgarskapet i Russland i forsøket på å styrte det revolusjonære styret. Men
dei tapte og Sovjet Unionen blei oppretta. Kvifor klarte ikkje alle dei
reaksjonære klassane i Russland saman med alle dei columbiske landa pluss nokre
til (Japan til dømes) å slå ned denne revolusjonen? Den franske filosofen og
kommunisten Lucien Sève har gitt eit greitt svar. Her har du det:
«Men lat oss no sjå på kva som ble vedtatt i løpet av
to månader etter oktober-revolusjonen i Russland. Det aller første var stans i
krigen mot Tyskland med allierte som var i ferd med å blø ut landet. Det neste
var vedtak om overføring av jord frå dei gamle godseigarane til dei bøndene som
dyrka han. Så blei det gamle straffesystemet, som var retta mot arbeidarar og
fattige bønder oppheva. Dernest kom vedtak om skilje av kyrkje og stat. Og så
kom i tur og orden:
sivilt giftarmål blei lovleg,
vedtak av at kvinner skulle ha same rettar som menn,
vedtak av ein forenkla skrivemåte for å gjere det lettare for alle
å lære å lese og skrive,
oppheving av adel og kastar,
oppheving av dei gamle privilegia frå tsarsystemet,
oppretting av sjuketrygd og arbeidsløysetrygd,
etablering av arbeidarkontroll i føretak,
oppretting av eit nasjonalt økonomisk råd,
nasjonalisering av privatbankane,
proklamasjon om rettane til dei forskjellige folka og nasjonane i
Russland inkludert retten til å styre seg sjølv og skilje seg ut som eigen
nasjon om dei ville, slik det skjedde i Finland, Polen og Ukraina,
oppheving av alle nasjonale og religiøse privilegia og retten til
fri utvikling for minoritetar og etniske grupper og
oppheving av alle regler som diskriminerte jødar.
Dette var Lenin si linje for utviklinga av
kommunismens første fase i Russland og eit grunnlag for den praktiske
innføringa av han. No vart grunnlaget for å få til dette mest øydelagt av den
rasande motstanden til den gamle godseigaradelen. Alle dei 133 000
offiserane i tsarhæren kom frå denne gruppa, og dei organiserte raskt hærar som
samarbeida med 14 land utanfor Russland for å knuse revolusjonen og dei nye
ordningane. Grunnen til at arbeidarane og dei store bondemassane i Russland og
landa rundt ikkje tapte, var dei visste kva som sto på spel om godseigarhærane
og deira utanlandske medspelarar vann. Då ville dei miste jorda si att og
dessutan ville alle dei nye rettane bli tatt frå dei og dei ville bli straffa
på verste vis.[xvii]
Det vesentlege ved
utviklinga i Sovjet-Unionen utanfor columbismen sin sfære
Sigeren i Russland gjorde det mogleg å bygge opp ein
moderne industristat der i rekordfart på grunnlag av indre akkumulasjon og
ikkje det columbiske middelet med enorm utbytting av koloniar og
interessesfærar. Det førte til ein rask utvikling i leve- og livsstandard for
det store fleirtalet i landet og brutal undertrykking av dei som motsette seg
den utviklingspolitikken som kommunistpartiet var pådrivar for, med Stalin i
spissen. Dette var grunnlaget for den store populariteten til Stalin før 2.
verdskrigen og for kritikken mot han seinare. Då han leia Sovjet-Unionen sin
store kamp mot Nazi-Tyskland og som avgjorde sigeren mot denne steig
populariteten til enno større høgder.
Etter revolusjonen var de store problemet for Sovjet
sjølvsagt den fortsette rasande motstanden frå dei columbiske staten pluss at produksjonsmidla
var svært tilbakeliggande i forhold til behova for produkt og at dei derfor måtte
bygge opp industrien på grunnlag av eigne ressursar der jordbruket var
avgjerande. Dei løyste det gjennom ein tvungen kollektivisering av jordbruket, og
forsert industrialisering, noko som skapte store motseiingar til dei mest
aktive sjølvstendige bøndene, kulakkane og til dei tradisjonelle produsentane
som blei erstatta av industrien. Dette var dei gruppene som blei offer i denne
prosessen. Desse gruppene blei pressa ut av jorda si og dei private
produksjonsmidla sine og etterpå levde dei eit fattigsleg liv, ofte i utkantane
av byane der dei livnærte seg på tilfeldig arbeid og småkriminalitet.
Det var først og fremst denne gruppa, saman med politiske
motstandarar av sovjetstyret som hamna i arbeidsleirane kalla Gulag og som vart
offer for den store utreinskinga i 1938. Ein annan gruppe var lokale leiarar
som feilinformerte den sentrale leiinga om produksjon og anna for å sleppe unna
kritikk og skape føremoner for seg sjølv. Sovjetkritiske forskarar har rekna ut
at rundt 5 til 6 millionar menneske blei direkte tatt livet av i Sovjet-Unionen
under Stalin sitt styre. Andre har forstørra opp dette talet enormt ved å
trekke inn uår og svelteperiodar osb. ut frå columbisk-politiske formål.
Interessante bøker for å vurdere Sovjet-historia er The Stalin Years – A Reader, redigert av Christopher Read, Palgrave MacMillan
2003. Her samanfattar Read (som er professor i historie ved University of
Warwick) ein del av taldiskusjonen slik: ”For tida antydar dei mest nøyaktige
teljingane vi har tal som er avskrekkande nok, men atskillege lågare enn dei
tala Conquest har. (20 millionar drepne.) Når det gjeld åra med terror
(1936-41) blei mest ein million avretta, og omlag to millionar fangar døyde i
leire og i eksil. (Side 16.)
Interessant er også J. Arch Getty og Oleg W. Naumov The Road
to Terror. Stalin and the Self-Destruction of the Bolsjeviks. 1999 Yale
University. Getty er ein av de meir kjende forskarane på Sovjet i USA og Naumov
var visedirektør for Moskva-arkivet RGASPI. Eg har skrive eit samandrag av boka
tidlegare.
Også Stalinism New Directions frå 2000 der
Sheila Fitzpatrick var redaktør er interessant og kanskje særleg Domenico Losurdo
si bok Stalin – ein svart legende som først kom ut på italiensk i 2008
og seinare på andre språk, til dømes på tysk i eit tredje nysjekka opplag i
2017. Eg har tidlegare skrive ein artikkel der eg samanfattar opplysningane i
desse bøkene (minus Losurdo si).[xviii]
Men mi oppgåve her er ikkje å gå inn på
sovjethistoria i detalj. Ut frå eit anti-columbisk perspektiv var hovudsaka ved
Sovjet-Unionen at det var den første store staten som klarte å dra seg ut av
den columbiske sfæren for lengre tid, og at dette var eit avgjerande vilkår for
at landet kunne bygge opp ein uavhengig moderne industristat. Noko som på si
side var eit vilkår for at staten klarte å halde seg så lenge utanfor den
columbiske sfæren.
Først blei angrepet frå dei 14 columbiske statane slått
tilbake litt ut på 1920-talet. Og Sovjet-Unionen hadde klart å motstå alle
økonomiske angrep og all undergravingsverksemd frå columbiarane i
mellomkrigstida, gjekk den columbiske nazi-staten, Tyskland, til åtak på Sovjet-Unionen
den 22. juni i 1941. Etter berre litt over to månader, den 1. september, sto
tyske styrkar framme ved ei line frå tidlegare Leningrad over Smolensk like
vest for Moskva og vidare til Timosjenko til Kiev og aust til Dnepropetrovsk og
til Odessa ved Svartehavet. Hitler vurderte det slik at dei hadde vunne krigen
allereie.
Dei andre columbiske statane sat i starten på
gjerdet, men då Tyskland sin allierte, Japan, vel to veker før jul i 1941 gjekk
til åtak på USA sin base på Hawaii, som USA tidlegare hadde lagt inn under sitt
herredømme, gjekk også USA inn i krigen. Men i røynda var det først då dei
columbiske leiarane i vest såg at Sovjet-Unionen kunne vinne krigen og ta heile
Tyskland, at det kom fart i deira planer for å gå inn i Europa, og så fekk vi
D-dagen 7. juni 1944. Strategisk sett var då Tyskland i taparposisjon før det.
Første teiknet var forsvaret av Moskva og det dåverande Leningrad og det reelle
omslaget ved Stalingrad frå 1942 av og dei russiske offensivane etter dette
fram til den store sigeren i panserslaget ved Kursk i juli-august 1943.[xix]
For alle som kjente krigens lovar var det då klart at det berre var eit
spørsmål om tid før Tyskland måtte kapitulere.
Sett i det columbiske perspektivet var første
verdskrigen først og fremst ein kamp mellom columbiske statar om omfordeling av
heile den ikkje-columbiske verda som alle var samde om skulle utbytast til det
ytste. Den andre krigen var også ein slik omfordelingskamp, men han var også
ein kamp for å ta Sovjet-Unionen inn i den columbiske sfæren att. Dette var i
røynda den nazistiske leiren og leiren til England og USA samde om. Men den
siste leiren var tvungen til å gå i ein midlertidig allianse med Sovjet-Unionen
for å hindre at enno større delar av verda klarte å komme seg ut av den
columbiske gruppa.
Den kalde krigen og det
Etter at Tyskland med sine allierte var slått sørga
USA for å få kontroll over resten av Europa. Straks etter krigen utforma dei
planar for å angripe Sovjet-Unionen. I oktober 1945 gav president Truman eit
oppdrag til general Eisenhower som han kalla «Operation Totality» (JIC/1). Det var
ein hypotetisk plan for ein omfattande krig mot Sovjetunionen. Med eit slag skulle
dei bruke atombomber for å utradere 20 sovjetiske byar, Moskva, Gorkij, Kujbysjev,
Sverdlovsk, Novosibirsk, Omsk, Saratov, Leningrad, Baku, Tasjkent, Sjeljabinsk, Nisji Tagil, Magnitogorsk, Perm,
Tiflis, Novokusnetsk, Grosnyj, Irkutsk og Jaroslavl. I løpet av kort tid
lanserte også Churchill plan om ei samein Europa, eit EU og det var i tråd med
amerikanarane sine planar om å styre heile verda.[xx]
Marshall-«hjelpa» var ein viktig lekk i desse
planane. Dei og deira columbiske allierte følgde då opp Hitler sin varme krig
for å columbisere Sovjet-Unionen og dominere Europa ved å starte ein såkalla
«kald krig». Denne varte svært lenge, men då Sovjetstaten braut saman i 1991
lukkast columbiarane å få Russland og fleire andre tidlegare Sovjet-republikkar
inn i det columbiske systemet. For Russland varte dette i om lag ti år og det
førte til ein enorm økonomisk og sosial katastrofe både i Russland og andre
tidlegare sovjetiske område. Nokon har vurderte det slik at tilbakeslaget var større
enn 2. verdskrigen. Og så begynte ein ny runde med kampar, der USA gjekk i
spissen, for å få Russland og alle dei tidlegare sovjet-republikkane til å
halde seg inne i den columbiske sfæren. Dei lukkast fleire stader med det. Og
mange andre land, som hadde klarte å halde på eit visst mon av sjølvstende ved
å støtte seg på Sovjet, blei også columbisert.
Men så kom Putin og stengde døra att for columbiarane
og vingestekka dei nye russiske oligarkane. Attreisinga av Russland tok til
att. Putin måtte demoniserast.
Det andre anti-columbiske jordskjelvet – Kina
Men under 2. verdskrigen hadde det skjedd noko anna
svært viktig som skulle vise seg å vere innleiinga på slutten av heile den
columbiske æra. Under leiing av det kinesiske kommunistpartiet (KKP), med Mao
Zedong i spissen, kasta folket i Kina ut den fryktelege japanske
okkupanten. Og deretter slo dei hæren
til Chiang Kai-sjek som amerikanarane ville bruke for å halde Kina innan den
columbiske sfæren sin. Men amerikanarane hjelpte han så mykja at han klarte å
sette seg fast på den kinesiske øya Taiwan. England klarte å halde på kolonien
sin i Hong Kong, som dei hadde røva til seg om lag 100 år tidlegare. Dei har
også seinare kjempa med nebb å klør for å halde på dette området, sjølv om dei
måtte gi tapt i 1997.[xxi]
I den seinare tida har columbiarane jobba for å bruke Hong Kong som ei
brekkstong for å svekke Kina og støtta ein columbisk opposisjon der som vil at
staden ikkje skal bli ein fullverdig del av Kina. Den vanlege reklamen er at
dei kjempar for demokrati og menneskerettar.
Den enorme framgangen for
folket i Kina i Mao-epoken
Under Mao si tid som leiar for KKP blei det lagd eit
solid grunnlag for vidare utvikling etter han. I 1949 overtok Mao og hans folk
eit krigsherja land der store åkerareal låg brakk. Arbeidsløyse og hungersnaud
herja på landsbygda. Under Mao ble dyrkingsarealet auka med 30 % og produksjonen
av korn med 250 %. Fordi folkesetnaden blei nesten fordobla på same tid, klarte
dei likevel ikkje å løfte heile folket ut av fattigdommen då. I den kinesiske
industrien der tilstanden var enno dårlegare enn i jordbruket, var veksten
større. Mellom 1949 og 1975 ble produksjonen 20 gonger større og kom opp i
halvdelen av nasjonalproduktet, mot berre ein tiandedel då Folkerepublikken
blei grunnlagd. Viss vi tar 1957 som basisår kan takten i utviklinga bli
illustrert ved følgande indekstal: 1949:20, 1952:48, 1957:100, 1960:181,
1962:111, 1965,:199, 1970:316 og 1975:502.
Dei columbiske propagandistane har fokusert på
kriseåra rundt 1962 og dermed forfalska den heilskaplege utviklinga som var
svært god. Under heile denne prosessen vaks ikkje folkesetnaden i byane så
mykje fordi ein god del industri blei bygd opp lokalt i landdistrikta saman med
skular og helsevesen som blei bygd ut svært mykje. Også innan lokalt transport
og offentlege syslar var veksten stor. Nokre produksjonstal er nyttig å vite.
Frå 1952 til 1976 blei kolproduksjonen 7 gongar så stor, tilverknaden av stål
blei 20 gongar så stor, produksjonen av elektrisk kraft blei 30 gongar så stor,
råoljeutvinninga blei 200 gongar så stor. Forbruksindustrien auka mykje mindre.
Folk fekk ikkje mykje meir bomullstøy og sukker per individ, men symaskinar,
radioapparat og syklar begynte å bli kvardagsartiklar. Alle desse opplysningane
er tatt frå den svenske historikaren, Åke Holmberg, si bok Vår världs
historia – Från urtid til nutid (1982, 87), side 568. Holmberg var
professor i moderne historie ved universitetet i Göteborg frå 1964 til 1982.
Eg siterer så mykje her fordi mange har hevda at
Mao-tida var noko av ein katastrofe for Kina. Det er sjølvsagt det reine
tullet. Talet på innbyggarar gjekk i veret og gjennomsnittleg levealder gjekk
mykje opp. Folk fekk det ulike mykje betre enn dei hadde hatt det før 1949, og
grunnlaget blei lagt for at Kina kunne
utvikle seg til ein sterk industrinasjon. Grunnen til svartmalinga av Mao er
sjølvsagt at han klarte å halde Kina utanfor den columbiske sfæren og leie ei
kraftig materiell utvikling i landet.
Kina «opnar opp» – den største og raskaste industrialiseringa i
historia
Under leiing av Deng gjekk Kina frå Mao sin daud i
1976 inn i ein periode der dei opna for utanlandske investeringar og forsert
utviklinga av industri og produksjon i landet. Denne politikken varte til Xi
Jinping blei reell leiar for Kinas Kommunistparti i 2012. Det førte til ei
enorm utvikling av produktivkreftene i Kina. I siste nummer av
forretningsmagasinet Fortune (august/september 2021) har dei ei oversikt
over utviklinga av dei 500 største føretaka i verda sidan 1990 til 2021. I 1990
hadde Kina eit føretak på denne lista, mens USA hadde 167. I 2021 har USA 122
føretak på lista, mens Kina har 143. Japan har gått tilbake frå 111 til 53,
Tyskland frå 32 til 27, Frankrike frå 29 til 26, England frå 43 til 22, mens
Sør-Korea har gått fram frå 11 til 15. Dessutan skal vi hugse på at Kina har om
lag ein milliard fleire innbyggarar enn USA og at dei har bygd opp eit svært
sterkt militært sjølvforsvar slik at eventuelle angrep frå USA raskt kan føre
til at alle basane deira rundt landet, saman med hangarskipa i nærleiken vil
bli øydelagd relativ raskt.
Dette er ei slik enorm endring i dei økonomiske,
politiske og militære styrkeforholda i verda at knapt nokon har fatta det, og
enno mindre kva politiske konsekvensar det får for det columbiske
verdssystemet. Det er interessant å merke seg at det er USA, Japan og England
som går mest tilbake. Det tyder at denne alliansen er svært mykje svekka
internasjonalt, og ikkje noko å satse på i framtida. Det gjer at den norske
utanrikspolitikken alt no er avleggs. Det er viktig å komme seg ut av det
columbiske systemet, med dei økonomiske systema (IMF og Verdsbanken til dømes)
og dei alliansane som finnast der, (NATO, EU osb.) fortast mogleg.
Den store krisen i den columbiske kapitalismen, som i
røynda tok til frå rundt 1965, då profittraten i systemet i industrien tok til
å falle faretrugande i OECD-landa frå rundt 30 % til godt under 10 % litt etter
1980. Behovet for å halde oppe profitten til dei store finansmonopola
inspirerte dei til å flagge ut industrien til lågkostland som til dømes Mexico
og andre, men viktigast blei Kina. Finanseliten, særleg i USA, men også i andre
columbiske statar, meinte dei hadde funne ei viktig løysing, ikkje berre på
profittkrisa, men også ein metode for å få Kina inn att i den columbiske sfæren.
Denne trua held dei oppe heilt til Xi blei leiar i
Kina i 2012 og lanserte sin plan om å bygge eit rikt og godt sosialistisk land
innan hundreårsdagen for danninga av Folkerepublikken. Då begynte dei ein
frenetisk kamp for å hindre den vidare utviklinga i Kina, men dei var for seint
ute.
Vi skal hugse at USA som nasjon er det vi før kalla
ein reivunge som stat, samanlikna med Kina. Kina har vore ein stat som har
utvikla seg i meir enn 4000 år, medan USA, som er en settlarstat bygga på
folkemord av den opphavlege folkesetnaden, berre har rundt 350 år på baken. Dei
som leier Kina har ei statserfaring som strekker seg meir enn 10 gonger lengre
baketter enn USA. Det gir Kina eit syn på langsiktig utvikling og langsiktige
planar og samkvem med andre nasjonar som er mykje meir utvikla enn det du finn
i USA. Og Kina har alltid utvida og trekt saman grensene sine på eit
samanhengande territorium. Dessutan har Kina vore okkupert to gonger i historia
si, av dei mongolske folka i nord. Begge gongane har dei integrert okkupantane
i systemet sitt og med dei opphavlege innbyggarane. Dei har aldri gått utover
det samanhengande territoriet for å utrydde og utbytte folka der. Og dei siste
førti åra har ikkje dei kinesiske militære styrkane fyrt av eitt skott mot
andre statar, mens USA har vore så å seie i samanhengande krigar for å halde på
leiarrolla innan columbismen og verda elles. Den siste store bragda til den
kinesiske leiinga er at dei har klart å få rundt 800 millionar av innbyggarane
sine ut or fattigdom i løpet av mindre enn ein generasjon. Det tyder at dei er
leiande i verda i å sikre folket sitt ein avgjerande menneskerett – å ete seg
mett og ikkje svelte.
Kina og folkeretten – USA og «regelbasert orden»
I dag står Kina for folkeretten etter freden i
Westfalen[xxii]
etter 30-årskrigen i Europa i 1648, der det blei slått fast at kvar stat her
rett til å styre seg sjølv utan innblanding frå andre statar. Ingen stat har
rett til å gå inn i ein annan stat korkje ut frå sine eigne interesser eller
ved å hevde ein høgare oppfatning av sjølvråderett anten det no er religion,
ideologi eller andre overnasjonale verdiar. USA og deira columbiske allierte
står for det dei kallar ei regelbasert ordning som tillèt dei å gå inn i alle
land der dei ikkje er nøgd med styret og opprette eit styre som dei
kontrollerer. Dette er også eit sentralt moment i heile columbismen. Det er eit
system som er dømd til å tape no når USA sin tilbakegang fortsett og Kina
stadig styrkar seg meir økonomisk, saman med dei statane som er med i det nye
silkevegsystemet som Kina bygger.
Ved å vike av frå dei westfalske prinsippa og innføre
USA sine eigne reglar for samkvem mellom statar har USA følgande på «samvitet»
sidan 2. verdskrigen:
I boka Americas Deadliest Export – Democracy
– The Truth about US Foreign Policy and Everything Else av William Blum frå
2014, er USA sine «vestlege verdiar» (eller columbiske verdiar) i praksis
greitt summert opp.
«Løyndommen som gjer at vi kan forstå USA sin
utanrikspolitikk er at der ikkje er nokon løyndom.» «… sidan slutten av 2.
verdskrigen har USA
prøvd å styrte meir enn 50 utanlandske regjeringar, dei fleste
demokratisk valde
på grovt vis blanda seg inn i demokratiske val i minst 30 land
prøvd å likvidere meir enn 50 utanlandske leiarar
slept bombar på folk i meir enn 30 land
prøvd å undertrykke populistiske og nasjonalistiske rørsler i meir
enn 20 land.»
Berre sidan 1981 har USA i Midt-Austen sett dei vestlege
verdiane ut i livet på mange måtar. Dei har
skote ned to libyske fly i 1981
bomba Libanon i 1983 og 1984
bomba Libya i 1986
bomba og senka eit iransk skip i 1987
skote ned eit iransk passasjerfly i 1988
skote ned to libyske fly til i 1989
drive massiv bombing av folket i Irak i 1991
fortsett bombinga og harde sanksjonar mot Irak frå 1991 til 2003
bomba Afghanistan og Sudan i 1998
fortsett å støtte Israel til tross for den israelske regjeringa si
stadige øydelegging og tortur mot det palestinske folket
stadig fordømd palestinarane sin motstand mot dette
bortført «folk som er mistenkt for å vere terroristar» frå
muslimske land som Malaysia, Pakistan, Libanon og Albania og transportert
dei til stader som Egypt og Saudi-Arabia der dei blei torturert
vore til stade med store militære mannskap og høgteknologisk
utstyr det helligaste islamske landet, Saud-Arabia og andre stader i
Golf-regionen
støtta talrike udemokratiske, autoritære regjeringar frå Shahen av
Iran til Mubarak i Egypt og den saudiske kongefamilien
invadert, bomba, og okkupert Afghanistan frå 2001 til i dag, og
Irak til i dag
bomba, sendt rakettar for å likvidere individ i Somalia, Jemen,
Pakistan og Libya i perioden 2006 til 2011
bomba, velta regjeringa til Gaddafi i Libya i 2011 ved hjelp av
jihadistar.
Så kan vi føye til Syria og legge til annan
amerikansk aggresjon sidan 2014 då Blum avslutta boka si, kanskje særleg dei
daudeleg sanksjonane mot land dei ikkje kontrollerer over heile verda og den
USA-støtta regimeendringa i Ukraina. Alle veit at sanksjonane mot Irak
tidlegare kosta rundt ein halv milliard ungar livet. Og det er rapportert at
fleire titals tusen døyr i Venezuela mellom anna fordi dei ikkje får tak i dei
medisinane dei treng. Dette gjeld sjølvsak også Syria og andre som er utsett
for slike sanksjonar. Men vi kan også føye til det enorme presset på
vasallstatane sine i Europa for å få dei med på auka opprusting på sanksjonar
mot Russland og andre land. Noko som har ført til store økonomiske tap for alle
partar. Dette er uttrykk for columbismen i vår tid.
Columbismen og svolten og sveltedauden i verda
Til slutt her vil eg seie nokre ord om svolt og
sveltedaud. Då vil eg vise til Jean Ziegler,[xxiii]
ein sveitsar som var spesialrapportør for FN om retten til fødemiddel i åra
2000 til 2008 (han vart attvald to gonger) og så blei han i 2009 visepresident
i den rådgjevande gruppa for komiteen for menneskerettar i FN (også her har han
vorte attvald to gonger). Han er i røynde ein gigant innan desse områda, men
etter det eg skjønner, omtrent ukjend for dei fleste i Norge. Etter søk i dei største bokhandlarane har eg
ikkje funne ei einast omsett bok av han og berre ei bok på engelsk til tross
for at han ifølgje fransk wikipedia har skrive 30 bøker og dei opplyser at
fleire av dei har vore bestseljarar og omsette til fleire språk.[xxiv]
Ziegler seier i fleire av bøkene sine at årsaka til
svolten i verda kjem fordi «Kapitalismen no dominerer planeten. Dei
transkontinentale private selskapa … gjer det som passar dei for å gjere profitten
sin så stor som mogleg. … Resultatet: under den globaliserte kapitalismens
imperium ser meir enn ein milliard menneske livet sitt plaga av fattigdom, mens
ulikskapane veks som aldri før, planeten blir utarma, folk blir overmanna av
depresjon, tilbaketrekkinga til identitetar som svar blir meir alvorleg under
marknadens diktatur.[xxv]
«Kvart femte sekund døyr eit barn på under ti år av svolt; hundrevis av
millionar lid med sine foreldre av permanent underernæring. Men verdas jordbruk
kunne fø nær det doble av menneskeheita.» Jean Ziegler «gir oss eit dokumentert
og vibrerande tidsbilete frå kunnskap som er henta på staden der det skjer og
identifiserer fiendane mot retten til næringsmiddel. Denne massive øydelegginga
kjem ikkje av skjebnen! Kvart born som døyr av svolt er eit myrda born.»[xxvi]
«Vi opplever i dag ein formidabel rørsle frå dei store transnasjonale føretaka
for å reføydalisere verda for å årelate den sørlege halvkula. To masseøydeleggingsvåpen
er sett i sving: gjeld og svolt. Ved å sette seg i gjeld gir statane opp
suvereniteten sin; av svolten som kjem av det blør dei ut, folka lid og gir frå
seg fridommen.»[xxvii]
I eit intervju med Denis Lafay[xxviii]
seier Ziegler som svar på det først spørsmålet:
«Vi lever under ein absurd, til og med kannibalsk,
verdsorden. Karl Marx døydde, utmatta, den 14. mars 1883 i den spartanske
bustaden sin i London. Heilt til siste andedrag trudde han at det «forbanna
paret», meister og slave ville leie menneska i fleire hundreår frametter. Men
der tok han feil. Den formidable utviklinga av dei industrielle revolusjonane i
teknologi og vitskap som har følgd kvarandre i ein uhøyrd rytme har auka
produktiviteten meir enn nokon gong tidlegare og derfor har den objektive
mangelen forsvunne for første gong i historia – og det har funne stad i
starten på det 21. hundreåret, – den objektive mangelen har forsvunne.
Og likevel fortsett det forferdelege. Det vitnar den mest uuthaldelege og
uakseptable i samtida: den daglege massakren forårsaka av svolten. I følgje Rapporten
om den usikre matvaresituasjonen i verda frå FAO døyr eit barn under ti år
kvart femte sekund av svolt eller dei direkte følgjene av svolt. Nomaen,[xxix]
denne fælslege sjukdommen som øydelegg andletet til ungar som er offer for
underernæring, spreiar seg stadig i Afrika.
Sveltedauden er ein av dei mest smertefulle, slik eg
har sett han utarme og drepe ungar frå Guatemala til Bangladesh. Bortimot ein
milliard menneske er varig underernært og derfor kan dei ikkje ha ein
aktivitet, eit yrke, eit familieansvar. Og denne katastrofen, dette mordet som
går føre seg heilt ope, skjer samstundes som jordbruket i verda kan fø heile
verda på rikeleg vis. FAO lærer oss at det moderne jordbruket utan problem
kunne ha fødd 12 milliardar menneske, altså mest dobbelt som mykje som dagens
folketal. Problemet i dag er ikkje meir at det ikkje er nok produksjon av
næringsmiddel, men at mange manglar tilgang på det. Nokre strukturelle reformar
ville ha vore tilstrekkeleg til å få slutt på denne massakren. Forbod mot
børsspekulasjon når det gjeld grunnleggande matvarer, slutt på den europeiske
dumpinga av jordbruksprodukt på dei afrikanske marknadane, total ettergjeving
av gjelda til dei fattigaste landa for at skal kunne investere i jordbruk, og
slik bortetter.»[xxx]
Dette seier noko av det vesentlege ved det columbiske
systemet no.
Dette systemet gir også ei eurosentrisk oppfatning av
folk og leiarar som motsett seg columbismen. Dei blir systematisk svartmala og
får dei tiltaka dei tar for å kjempe mot og komme seg ut av columbismen sitt
grep eller halde seg ute av det blir angripe på alle vis, med løgnar,
fordreiingar, overdrivingar av veikskapar og feil osb. Vi ser det tydlegast i
dag i høve Russland, Kina, Syria, Venezuela, Cuba, Nord-Korea og leiarane der
og nokre andre land og rørsler. Til og med velfødde columbiske radikale
menneske går på dette eurosentriske biletet og blir mobilisert i kampen for
fortsett columbisk, drepande herrevelde over jorda.
Det seier også noko om den enorme merksemda på
coronaen – og det enormt profitable vaksineringsprosjektet mot denne,
samstundes som dei som tener mest på dette, sit ei ein posisjon til å bruke
litt av rikdommen sin til å få slutt på den fattigdomen som drep og som har
auka svært myke nett under coronapolitikken. Grunnen er at dei berre satsar på
det som passar innanfor det kapitalistiske profittsystemet. Det er ikkje særleg
profitt å hente på å utrydde fattigdomen og den ufattelege drepinga av ungar og
andre som går før seg år etter år, med fleire drepne kvart år enn under heile
coronapandemien. Og dette systemiske drapsopplegget får mest ingen merksemd frå
media, og til og dei radikale folka i vesten lar det fortsette og fortsette
utan å organisere store kampar mot systemet bak det. Nett som dei ikkje
organiserer motstand mot USA sin columbiske imperialisme og deira gruelege
væpna og økonomiske krigar mot dei som opponerer mot dei. Det er knefall for columbismen-eurosentrismen
sitt imperialistiske system.
USA utfører dei verste brota mot menneskerettane i dag
I tillegg til at staten USA blei bygd på eit grueleg
folkemord og slaveri som framleis heng i som rasisme og diskriminering i svær
målestokk, er det også viktig å slå fast at USA i løpet av dei siste 70 åra og i
dag er den staten som gjer seg skuldig i dei fleste og verste brotsverka mot
menneskerettane i verda. Vi ser dette på den eine sida gjennom dei folkerettsstridige
krigane dei har sett verk eller støtta ut frå løgnaktige påstandar, i
Latin-Amerika, Korea, Vietnam, Irak, på Balkan, i Libya og Syria for å nemne
nokon. Følgjene har vore drap på millionvis menneske, ufattelege øydeleggingar,
enorme flyktningstraumar, stor elende, fattigdom og svelt for mange fleire og
miljøavtrykk som dei største dinosaurane.
For det andre ser vi det ut frå dei daudelege
sanksjonane USA set inn mot land om ikkje gjer som dei ønskjer. Vi har alle
høyrt om dei 500 000 barna som blei drepne av sanksjonane mot Irak og i
desse tider døyr titals tusen menneske berre på Cuba og i Venezuela på grunn av
USA-sanksjonar. Finansdepartementet i USA har no ei liste på meir enn 1500
sider som inneheld alle dei einingar og personar som er knytt til land som USA
har peikt ut på raudlista si – lista inneheld 6 300 offisielle mål i førti
land og regionar som på forskjellige måtar har motsett seg eller ikkje
gjennomført krav frå USA[xxxi]
og dette skaper store lidingar og hindrar land frå å utvikle det politiske
sjølvstendet og økonomien sin og dermed legge nasjonale og materielle grunnlag
for stadig meir demokrati. No er det jo slik at USA og deira columbiske
medspelarar utnyttar alle protestrørsler inne i statar, som kan gå i denne
leia, for å skape regimeendring som underkastar seg USAs diktat. Då blir
statsleiarane i desse statane så å seie tvinga til å slå protestane ned for
halde på det statlege sjølvstendet sitt utanfor det gruelege columbiske
systemet.
Nokre omvurderingar av historia
Dette fører med seg at dei verkelege heltane i
moderne historie er dei som har kjempa mot det columbiske systemet, og
viktigast blir vel dei som har klart å leie folket i landet sitt til å komme
heilt ut av dette systemet, som Sovjet-Unionen, Kina, Cuba, Nord-Korea,
Venezuela, Syria, for å nemne nokre viktige.
Men innan det
columbiske systemet er vi så hjernevaska av dei herskande columbiske klassane
si svartmaling av desse, at vi gong på gong går i fella og rettar bakar for
smed som det heiter. Det vil seie at vi ser opp til store columbiske
forbrytarar frå Columbus til Obama og til og med Biden, mens vi til
forskjellige tider fordømer store frigjerarar frå det columbiske system, som
Mau-Mau leiarane i Kenya og folk som Gadaffi og Assad.
Denne oppfatninga av historia gjer at vi må omvurdere
ein del standpunkt til fleire hendingar i den nyare historia. Hovudmotseiinga i
verda frå Columbus til i dag har gått mellom dei undertrykte nasjonane og folka
og dei columbiske statane. I nokre korte periodar har hovudmotseiinga kanskje
gått mellom grupper av columbiske statar som kjempa om kven som skulle ha kontroll
over kva område verda eller kven som skulle dominere dei andre. Men heile tida
har dei vore samde om at dei
ikkje-columbiske statane, folka og nasjonane skulle haldast under deira
kontroll slik at dei kunne rane og utbytte dei slik det passa dei. Den grunnleggande
antagonistiske motseiinga mellom arbeid og kapital i dei columbiske statane har
blitt skjult og utsett på grunn av det columbiske utbyttingssystemet over
resten av verda. Difor er det det så vanskeleg sjølv for arbeidarar og radikale
menneske å støtte den samla rørsla som no er på gong mot columbismen, med Kina
i spissen.
Den dominerande columbiske makta har alltid vore den
største fienden til resten av verdas folk. I dag er dette USA. Den
grunnleggande føresetnaden for at folka i verda skal kunne få det betre og
arbeidarklassen skal kunne ta makta frå kapitalklassen er også at USA blir
fråtatt imperiemakta si og kjempa ut av alle land der dei har basar og driv med
krig, regimeendring, sanksjonar, undertrykking og truslar, og at dominansen deira
over dei viktigaste overnasjonale organisasjonar blir fjerna. Dette er også
grunnen til at store delar av overklassane i mange land i verda stør USA og
spreier USA sin propaganda i sitt eige land.
Når situasjonen er slik blir ein føresetnad for at
Norge skal komme ut av ein kapitalisme i reelt sett djup krise, slik at landet
kan utviklast ut frå det arbeidande folket sine behov, at landet må ut or NATO.
Men dei andre mindre columbiske statane og deira
organisasjonar, som EU og EØS-systemet for undertrykking av andre nasjonar og
sin eigen arbeidande klasse må også avviklast. For Norge tyder det at vi må ut
av desse systema.
Og som viktig nasjonal oppgåve blir det å få slutt på
all norsk militær aktivitet utanfor eige territorium.
Historisk tyder dette at dei progressive klassane,
folka, nasjonane, statane, organisasjonane og enkeltpersonane i dag er dei som
kjempar mot all columbisme, med USA-columbismen i spissen.
Då får du heltar som alle dei frigjeringskjemparane
som har stått opp mot columbismen gjennom historia, frå dei som slost mot
portugisarane sine eldvåpen med pil og boge til dei blei massakrerte til dei
andre indianarane i Latin-Amerika og Nord-Amerika, folka i Afrika, Australia,
på New Zealand til dei som har rive seg ut av det columbiske systemet til alle
som blir undertrykt og utbytta i dag og fortsett denne kampen. Dei to kampane,
kampen for nasjonal sjølvstende mot den columbiske annan utanlandsk dominans og
arbeidarklassen sin kamp for å frigjere heile menneskeheita frå utbytting og
undertrykking heng nøye saman. Ein nasjon som undertrykker og utbytter ein
annan kan aldri bli kvitt si eiga utbytting og undertrykking av det arbeidande
folket.
Då må vi i dag definere som progressive alle som
kjempar for å kaste ut eller halde ute dei columbiske statane frå sine
territoria. Vi får ei lang liste av statar og namn som vi alle har blitt
hjernevaska til å sjå ned på og definere som fiendar av demokrati,
menneskerettar, kvinnefridom, lesbiske og homofile og heile LTGB gruppa osb.
Mens dei som samarbeider med USA, NATO osb. under dekke av å fremje dei nemnde
omgrepa må vi definere som reaksjonære. Demokrati, menneskerettar, kvinnefridom
og fridom for alle menneske utan omsyn til seksuelle, ideologiske, religiøse
eller andre preferansar er heilt umogeleg så lenge det columbiske systemet med
USA i spissen blir halde oppe.
Det avgjerande skiljet her er om dei respekterer
andre statar sin rett til nasjonalt sjølvstende og rett til å styre landet sitt
som dei vil, utan innblanding frå andre statar, dvs. respekt for statsretten
slik han blei nedskriven etter 30årskrigen i 1648 i Westfalen. Kina står
fjellstøtt på dette prinsippet, mens USA vil erstatt dette med eit nytt
prinsipp som dei kallar den regelbaserte orden – ein orden som gir USA rett til
å gripe inn i kva stat dei ønskjer berre det passar dei. Alle skjøner at dette
siste prinsippet er grunnlaget for den columbiske orden.
Dette, meiner
eg, gjer også at vi må sjå på den analysen av Sovjet som nokre hadde på 1970 og
1980-talet om at Sovjet-Unionen var ein (sosial)-imperialistisk stat som, på
linje med USA, kjempa om verdsherredømme. Vi må sjå at dei i hovudsak var ei
viktig internasjonal kraft mot den USA-leia columbismen og at dei strevde for å
fortsette med å halde både seg sjølve og andre land utanfor det columbiske
system, som med USA i spissen, pressa det på alle frontar. Deira hjelp til Cuba
er eit eksempel på dette. Den verkeleg frykteleg ulukka for folka i dei
tidlegare sovjetiske republikkane, medrekna Russland, då dei blei lagt inn
under columbiarane på 1990-talet, er ei dyrekjøpt erfaring på kva som skjer i
slike tilfelle.[xxxii]
Vi må også sjå nærare på Sovjet og USA si rolle i
Afghanistan. Var innmarsjen i Afghanistan på invitasjon eller i samforstand med
det sittande styret i landet, slik Russland blei invitert inn i av leiinga i
Syria for kjempe mot USA sin stråmannskrig der, eller var det eit brot på
folkeretten? USA si væpning og støtte til krigsherrane, som ville styrte
regimet, var i alle høve eit brot på desse prinsippa. Og dette støtta til dømes
AKP i Norge. Det var sannsynlegvis ein feil ut frå det columbiske blikket på
historia.
Dei anticolumbiske heltane i relativt moderne
historie blir slike som Lenin, Stalin, Mao, Castro, Saddam når han ikkje gjekk
i allianse med USA, Gadaffi, Kim il Sung, Ortega, Allende, ei rekkje personar
frå Latin-Amerika, Afrika, India, Indonesia, Vietnam osb., og Gadaffi, Assad, …
Den viktige ideologiske kampen mot
columbismen-imperialismen-kapitalismen
For å kunne komme ut or dette systemet må vi reise
kamp mot columbismen som ein sentral del av kapitalistisk ideologi. Vi har
blitt systematisk feilinformert av makthavarane i over 500 år, om columbismens
sanne natur.
Ein av dei viktigaste politiske sigrane til
columbiarane i nyare tid, er at dei har fått folk til å tru på at dei kjempar
for demokrati, menneskerettar og kvinnefrigjering. Med dette som grunnlag har
sjølv radikale menneske gått inn for dei mest gruelege saker, nett som Columbus
som skulle tene Gud.
Dei har godtatt at massiv bombing av menneske og
anlegg og hus i andre statar er humanitært.
At drepande sanksjonar og økonomisk krig mot andre
land og føretak og personar der er humanitær innsats.
Så har dei fått folk til å tru på at det er rett å
erstatte folkeretten med USA sin regelbaserte orden som gir denne staten rett
til å gripe inn i alle andre statar som dei ikkje er nøgde med fordi dei ikkje
følgjer det amerikanske økonomiske systemet som er underlagt amerikansk makt.
At alle som ikkje gjer som USA vil er vonde og må
straffast.
At systematisk og usann svartmaling og skuldingar mot
desse er sanne berre USA-leiinga og deira næraste vasallar seier det.
Det er ein viktig ideologisk kamp å avsløre dette
lureriet, slik at USAs og deira vasallar sin columbisme kan få tre fram i sitt
sanne ljos.
Som vi har sett er det også slik at columbismen heng
nøye saman med framveksten av den moderne industrikapitalismen. Den som har
analysert og forklart dette systemet best, og gir oss det beste grunnlaget for
kamp mot kapital og columbisme er Karl Marx. Eit av dei viktigaste scoopa til
columbiarane er at dei klarer å halde folk vekke frå å studere skriftene hans.
Forstår du ikkje grunnlaget for heile det kapitalistisk-columbiske systemet, så
kan du ikkje lukkast i kampen for å oppheve det og sette eit betre system som
byggjer på alt det beste i det andre systemet og fjernar det skadelege.
[xx]
Sjå Wolfgang Effenberger Schwertzbuch EU & NATO – Warum die Welt keinen
Frieden Findet, 2020, sidene 99 og frametter. Boka hans Geo Imperialismus
– Die Zerstörung der Welt, 2016 er også svært interessant fordi han avslører
dei grunnleggande trekka i USA sin verdsøydeleggande utanrikspolitikk og nokre
av dei teoretisk utgangspunkta for denne politikken.
[xxv]
Jean Ziegler Le capitalisme explique à ma petit-fille (en espérant qu’elle
en verra la fin), 2018 (Kapitalismen forklart for barnebarnet mitt (med
håp om at ho vil sjå slutten på han).
[xxvi]
Jean Ziegler Destruction Massive – Géopolitique de la faim, 2011 (Massiv
øydelegging – svoltens geopolitikk).
[xxvii]
Jean Ziegler L’empire de la honte, 2005 (Skammens imperium).
[xxx]
Jean Ziegler Les murs les plus puissants tombent par leur fissures –
Dialoque avec Denis Lafaye, 2019 (Dei sterkaste murane fell på grunn av
sprikkane i dei – Dialog med Denis Lafaye.)