Slutten på den columbiske epoken?

Det skjer no store geostrategiske endringar i verda. Frå 1492, då Columbus kom til Amerika, erobra overklassane i dei vestlege maktene rundt Nord-Atlanteren verda for seg på særs brutalt vis, og dei har sidan brukt herredømmet til sin fordel. Nokre fordelar har og sildra ned til dei lågare klassane. Dei leiande maktene i dette spelet har vore Spania og Portugal, Holland, Frankrike, England i kronologisk rekkefølge, og i dag er USA den leiande makta. Tyskland kom aldri heilt inn i denne gruppa av leiande columbiske statar, men blei tvungen og muta til det gjennom Marshall-hjelpa. England var lenge den leiande makta blant desse statane, men utover på 1900-talet og særleg etter 2. verdskrigen tok USA over denne rolla og leier no strevet for å halde oppe dei vestlege maktene sin felles dominans i verda. Med eit omgrep frå den verdskjende og svært reaksjonære geografen, Halford Mackinder[i], kallar eg tida etter 1492 for den columbiske epoken[ii].

Mellom 1917 og 1991 blei det columbiske herredømmet halde litt i tømme av Sovjet-Unionen. Då denne staten vart oppløyst utvida USA makta si til store nye område og tilsynelatande gjekk vi inn i ein nye stor periode for columbismen. Men eigentleg vart USA stadig meir svekka i tida etter 1991. På berre 30 år har Kina vokse fram som et nytt økonomisk kraftsenter og det veks fortsett mykje fortare enn USA og dei andre columbiske statane. Andre statar i same området har og utvikla økonomien sin mykje. Den columbiske epoken ser ut til å gå mot slutten.

Den columbiske overklassen kjempar desperat for sitt verdsherrevelde

Dette er ein katastrofe for heile columbismen. Det columbiske systemet, der dei columbiske kjernelanda fører store verdiar ut av områda som dei dominerer, står i fare. Dollaren som reservevaluta er i fare – ein stor katastrofe truer den amerikanske økonomien. Derfor er alle vesentlege konfliktar i verda i dag prega av den gamle columbiske eliten sin desperate kamp for å stanse avviklinga av det lønsame internasjonale systemet deira. USA er i leiinga. Dette ligg bak når dei styrande i USA blinkar ut sine fiendar, anten det no er Afghanistan, Libya, Venezuela, Cuba, Iran, Syria, Nord-Korea, Russland og Kina eller andre. Derfor blir alle dei såkalla demokratirørslene inne i dei landa som USA og de andre columbiske statane ikkje har kontroll med, oppmuntra, finansiert og støtta på alle vis av columbiarane. I røynda har ikkje dette noko med demokrati å gjere, for dei despotisk styrte statane, som USA og dei andre columbiarane har kontroll med, får fortsette med sine styresett, sjølv om dei får litt mild kritikk inniblant. Når leiarane i USA seier demokrati og menneskerettar så tyder det USA og columbiarane sin rett til å angripe alle statar som ikkje er under deira kontroll. Det gjeld alle typar angrep – «varme»  krigar, opprusting, sanksjonar og arbeid for indre opposisjon og regimeendring osb. mot land og folk som ikkje vil underordne seg det USA-leia columbiske herreveldet.[iii]

Krig på det eurasiske kontinent

Men skiplinga av styrkeforholdet mellom USA og Kina fortsett med stor fart. USA fell nedetter økonomisk, mens Kina stig opp med stadig større kraft. USA ser meir og meir ut som eit land i oppløysing, mens Kina er mykje meir stabilt og framgangsrikt. USA prøver å stanse denne utviklinga med svartmaling, handelskrig og sanksjonar, men det ser ikkje ut til å nytte. I USA er det derfor planar om å nytte det enorme amerikanske militærvesenet i ein stor krig mot Kina og kanskje også Russland for å ta knekken på dei og å halde oppe det USA-leia columbiske herreveldet i verda. Vi får ein propagandakampanje med svartmaling av Kina og Russland og andre land som ikkje er dominert av det columbiske systemet. Dette får instinktivt støtte frå mange menneske i dei columbiske landa. Radikale personar fell og for USA sin falske propaganda om at dei kjempar for demokrati og menneskerettar i verda. Slike idear har alle imperialistiske statar spreidd når dei har tatt makta over andre folk og land til eige beste.

USA sine allierte får i oppdrag å kjempe USA sine krigar

Dei landa som vil sikre USA sitt herrevelde, og det columbiske systemet, må stadig meir gå mot sine eigne interesser som sjølvstendige statar. Dei må spreie USA si falske framstilling av seg sjølv og verda rundt. Dei må delta i det daudelege sanksjonssystemet som skadar økonomi og fredeleg samkvem mellom nasjonar og land. Alle land som USA peikar ut som sine fiendar må dei gjere til sine fiendar. Dei må kjempe USA sin krigar andre stader mot land og folk som ikkje er deira fiendar, ja som dei eigentleg hadde vunne mykje på å ha venskapeleg samkvem med.  Og dersom USA klarer å provosere fram ein krig mot Russland og/eller Kina må dei til slutt risikere krig på eige territorium.

Terje Valen, 23. februar 2021.


[i] https://en.wikipedia.org/wiki/Halford_Mackinder

[ii] https://www.tvalen.no/2020/06/12/rasismen-ei-ytring-av-columbismen/

[iii] https://en.wikisource.org/wiki/The_Elements_of_the_China_Challenge