Etter eit par procolumbiske og villeiande artiklar i Klassekampen om Haiti for kort tid sidan har et tatt på meg å drive litt anticolumbisk folkeopplysning. Her er tredje innlegget i dette høvet.
NGOar (Non Governmental Organisations) er organisasjonar som formelt sett ikkje er statlege. I røynda er dei no finansiert og dirigert av statar og dei rikaste finansfolka i verda. USA og deira finansoligarkar kontrollerer flest NGOar.
For dei som vil vite korleis verda fungerer i dag er boka Washington Bullets – A History of the CIA, Coups and Assassinations frå 2020 av Vijayd Prashad viktig. Han følgjer opp slike tidlegare bøker som Free World Colossus frå 1962 av David Horowitz (utgjeven på norsk av Pax i 1964 og 65) og 1965 med tittel USA og den tredje verden, søkelys på amerikansk utenrikspolitikk bind 1 og 2) og War Without End – America Planning for the Next Vietnams frå 1972 og fleire bøker av William Blum, der den siste var America’s Deadliest Export – Democracy – The Truth About US Foreign Policy and Everything Else frå 2014.
Eg omsette her eit avsnitt frå Prashad si bok, sidene 132-135, med overskrifta Republic of the NGOs.
Det er fleire NGOar i Haiti per hovud enn nokon anna stad i verda. Men det er det mange andre stader og. IMF (Det internasjonale pengefondet) forlangar at regjeringar må kutte i budsjetta sine gjennom program for strukturendring og det tener til å krympe staten. I staden for den svekka staten kjem mengder av NGOar, mange av dem for å gi tenester som ein gong var vedtatt i grunnlova at den demokratiske staten skulle gjeva; eller det var i det minste det dei håpa på. Med den svekka staten, og med NGOane over alt, hadde regjeringa mindre grunnlag for støtte frå folket enn før. Andre maktkjelder begynte å tre fram. Desse maktkjeldene hadde ikkje noko formelt ansvar i noko demokratisk prosess; dei skal ofte berre stå til rekneskap for dei som finansierer dei, og i dei viktige sakene viser det seg at er dette er regjeringar i USA og EU. Dagsetelen for land som Haiti blir ikkje sett opp av regjeringa der. Den har berre att oppgåva å halde oppe sikkerheita i landet. Dei som set opp dagsetelen er dei internasjonale institusjonane som IMF og regjeringar i USA og Frankrike, men også av FN. Dei set opp vilkåra for det haitiske folket. Med andre ord dei er herskarane på Haiti.
Haiti hadde aldri ein sjanse. Landet var handsame som ein ståande trussel sidan revolusjonen i 1804. Demokrati vart aldri tillate. Den franske regjeringa tok 22 milliardar dollar frå Haiti på grunn av revolusjonen. Det USA-støtta diktaturet til Duvalier-familien, som varte i tretti år, saug landet tørt. Francois Duvaliers sine paramilitære grupper – Tonton Macoutes – opplært av USA sine militære som var stasjonert i landet – drap over 50 000 menneske i denne perioden og spreidde sine antikommunistiske og anti-folkelege ideologiar i samfunnet gjennom frykt og løgner.
Masseoppstandar kasta Duvalier-regimet i 1986. Det nye landet gjekk inn i den demokratiske fasen sin med eit besøk til IMF, som – saman med utanriksdepartementet i USA – «rådde til» ein tvungen politikk for liberalisering av handelen. Det var ingen som ettergav den skammelege gjelda som var tatt opp av den tidlegare diktatoriske regjeringa, utan mandat frå folket.
Det var ei rørsle kjend som floden (lavalas), leia av den tidlegare presten, Jean-Bertrand Aristide, som hadde kasta Duvalierane. I det første valet sitt var det pengar utanfrå som finansierte valkampen til høgrekandidaten, Marc Bazin, som hadde hatt sete i Duvalier sitt kabinett og vore tilsett ved Verdsbanken. Likevel vann Aristides over Bazin. Før Aristides kunne bli tilsett i stillinga blei det gjort eit kupp av eit råskinn blant Duvalier sine folk. Ei stor folkeleg mobilisering gjorde at dette ikkje vart varig. Men etter åtte månader som president blei Aristides fjerna av Raol Cédras. Hans gangsterorganisasjon FRAPH, som var finansiert av CIA, gjekk til åtak på Aristides støttespelarar. Cédras var finansiert av International Republican Institute med base i Washington. Valden frå Cédras si regjering var verre en den som Duvalier hadde utført. Denne valden øydela det nye radikale samfunnet som blei skapt av Lavalas.
Likevel gjorde presset nedanfrå at Aristides kom tilbake i 1994. Då blei han tvinga til å signere ein avtale kalla Governor’s Island Accord som tillèt internasjonale institusjonar å drive Haiti og tillèt NGOar full opning i eit land der dei demokratiske institusjonane var blitt systematisk underminert. Då han fekk makta tilbake i 1994 var det under dei mest gagnlege vilkåra som var sett fast av Clinton i Det kvite huset og Wall Street. Dei ville at Haiti skulle bli ein maquiladora – eit skattefritt område som skulle tene dei multinasjonale korporasjonane. Fordi Haiti ikkje klarte å betale avdrag på gjelda si i 1998 gjekk dei til det internasjonale pengefondet (IMF) som kravde innsparingspolitikk. Aristides klarte ikkje å møte krava til IMF og det fekk IMF til å fryse fond som skulle til regjeringa. NGOane fekk ikkje nokon frys, så pengar flaut inn til dei. USA sitt Agency for International Development (USAID), som blei skapt i 1961, er finansiert av den amerikanske regjeringa og finansiere – i sin tur – NGOar. Grupper som blei finansiert av USAID opplevde stadig auke i budsjetta sine etter 1998 (i 1995 tvinga Kongressen i USA USAID til å stanse finansiering av regjeringa i Haiti og bestemde at dei berre skulle finansiere NGOar). I 1995 fortalde Clinton sin viseutanriksminister til Senatet i USA at «sjølv etter vi gjekk ut i februar 1996» – han viste då til ein planlagt uttrekking av amerikanske militære styrker – «vil vi fortsette å ha makta ved hjelp av USAID og den private sektor». USAID finansierte tusenvis av NGOar, som fremma USAID sin agenda i landet. USAID arbeidde for å omdanne jordbruket på Haiti til ein eksport retta dyrking, dei jobba for å hindre lover om minimumsløn (som då Aristides prøvde å få opp minimumsløna frå 33 cent per time til 50 cent per time), og dei arbeidde for å få inn mathjelp som dumpa «fri» ris som blei dyrka av amerikanske bønder (og kjøpt av fonds frå USAID) og øydela Haiti sin eigen risproduksjon. USAID støtta private skular og undergrov offentlege skular og program for å lære vaksne å lese og skrive. Dei avskaffa importtoll på mat slik at kyllingfarmar i USA kunne dumpe dei delane av kyllingen som dei ikkje ville ha på Haiti og dermed øydela dei Haiti sin eigen fjørfeproduksjon.
I 2009, under eit umåteleg folkeleg press, vedtok regjeringa i Haiti ein lov som heva minimumsløna frå 24 cent i timen til 61 cent i timen. Med den nye løna ville arbeidarane på Haiti få 5 dollar dagen, mindre enn dei 12 dollar som ein familie på fire treng for å leve på Haiti. Amerikanske tekstilfabrikkar som opererer på Haiti klaga til den amerikanske ambassaden på Haiti og dei dreiv vellukka lobbyverksemd for å få omgjord auken. Nestkommanderande ved ambassaden sa at den nye minimumsløna «ikkje tok dei økonomiske realitetane med i rekninga». Derfor heva regjeringa på Haiti, takka vere den amerikanske ambassaden, berre minimumsløna med 7 cent per time og tillét slik føretak slik som Fruit of the Loom, Hanes og Levi Strauss å hauste massive profittar.
Aristides blei kast ved eit kupp i 1991. Attendekomsten i 1994 var ein tom tilbakekomst – avtalen han var blitt tvinga til å godta – førte til at han berre kunne sjå på at NGOane uthola landet hans sine demokratiske moglegheiter. Likevel vann Aristides valet i 2000. Han kom tilbake med friske steg og forlanga at Frankrike skulle betale tilbake til Haiti dei 21 milliardar dollar som dei hadde kravd frå Haiti for at Haiti i 1804 hadde avskaffa slaveriet gjennom si uavhengigheit. På bakken var det klart at ytre høgre grupper sine drap på Fanmi Lavals støttespelarar hadde utanlandsk støtte og enno klarare at dette var ein metode for å undergrave Aristides totalt. Han blei kasta under eit andre kupp i 2004, då han blei – med hans eigne ord – kidnappa. Det var ikkje lenger berre Aristides som blei kidnappa, men også staten Haiti. Den finst ikkje lenger. Den er no ein NGOrepublikk, slik det er med mange andre nasjonar der dei demokratiske institusjonane har blitt kasta. Desse representerer ein tredje slags kupp – etter kupp med tanks og bankar, har vi no kupp frå NGOar.
Omsett av Terje Valen, laurdag 6. november 2021.