DET PARLAMENTARISKE DEMOKRATIET

I dagligtalen tyder demokrati folkestyre. Og folkestyre tyder at heile folket, alle som bur i ein stat/eit land, styrer. Dei styrer gjennom å velje representantar for seg og desse representantane utgjør folkeforsamlinga, i Noreg kalt Stortinget. Stortinget styrer på vegne av folket, i hovedsak ved å gi lover og løyve pengar.

Parlamentarisme tyder at fleirtalet i folkeforsamlinga dannar regjering. Regjeringa skal førebu lover og pengeløyvingssaker for Stortinget, og sette Stortinget sine vedtak ut i livet.

Det høyrer med at folket, veljarane, ikkje stemmer på enkeltpersonar, men på personar som representerer parti og som partia peiker ut gjennom ein såkalla nominasjonsprosess.

Dette blir ofte kalla valdemokrati eller den demokratiske påverknads- eller styringskanalen.

I tillegg til denne kanalen finst det også andre styringskanalar som den korporative kanal og lobbyismen. Den korporative kanal sørger for at innflyting frå organisasjoner og grupper kjem fram til regjering og storting og det samme gjeld lobbyismen.

Ut over dette finst og ei mediamakt som kan sette dagsorden for den offentlige debatten og drive fram konklusjonar på denne som påverkar regjering og Storting.

I tilknyting til det parlamentariske demokratiet finst også ofte eit apparat av fast tilsette byråkratar i stat, fylke og kommunar som har stor innvirkning på styringa av ein stat. Slik er det i Noreg.

Dei endelige maktinstrumenta for å sette Stortinget sine vedtak ut i livet, slik som rettsapparat, fengslar, politi og militærvesen har og sine faste leiarar som ikkje er folkevalde og som i mange situasjonar kan spele ei stor politisk rolle.

Utanfor det parlamentariske demokratiet har vi heile den økonomiske makta i samfunnet der stemmerett anten ikkje finst (privateigde foretak) eller der han er gradert etter rikdom (stemmereglar i aksjeselskap).

Alt dette veit dei fleste. Og vi kjenner dei grensene det set for demokratiet.

Men det finst også ein annan måte å forstå demokratiet på. La oss sjå på det.

Vi veit at demokratiet si vogge stod i Athen i det gamle Grekenland. For å komme på sporet etter kva som er kjerna i demokratiet kan det passe å sjå på kva det athenske demokratiet eigenlig var. Det var eit demokrati som utelukka "dei framande", kvinnene og slavane (og barna). Samstundes kom dette demokratiet meir og meir til å kvile på utbytting av andre bystatar i det attiske sjøforbundet (tributt).

Men samstundes gav ikkje dette demokratiet lik makt til alle dei andre i Athen heller. Av dei fire samfunns"klassane" i Athen var det bare dei to fattigaste som høyrte til demos. Det var alltid dei rikaste som styrte. Men statsleiarane brukte av og til demos i kampen om å vinne over konkurrentar.

Det var statsmannen Solon som først innførte demokrati i Athen. Solon var diktar. Han har skrive om korleis han såg på folket - demos - si rolle. "Eg gav til demos så mykje privilegiar som var nødvendig for dei, slik at dei ikkje blei fråteken æra si eller forsøkte og ta meir etter ho ..". "..demos følger best leiarane sine når dei ikkje er driven av vald og ikkje får for frie taumar..".

Det han meiner her er at herskarane styrer og demos/folket får visse demokratiske rettar som gir dei ei viss innvirkning på styringa, men desse rettane tyder ikkje at demos får makta.

Demokratiet er etter denne definisjonen ein metode som herskarane bruker for å styre staten på ein mest mulig problemfri måte - det er ei moderne form for diktatur.

Idag er demos/folket utvida til å gjelde stort sett heile folkesetnaden i dei statane som har demokratisk styresett. Men det er ikkje så lenge sidan allmenn stemmerett blei innført, og dei eigedomslause og kvinnene fekk han sist.

Min påstand er at demokratiet, til tross for allmenn stemmerett, framleis er ein metode som herskarane bruker for å styre ein stat. Ifølge dette synet lever vi framleis i eit klassesamfunn der ein eller fleire samfunnsklassar herskar over dei andre, eller der ein del av ein klasse, herskar over dei andre. Vi lever altså i eit samfunn med klassekamp. I dette samfunnet er det kamp mellom samfunnsklassane. Den klassen som har størst rikdom, sitt også som regel med den politiske makta i siste instans. Viss vi skal vere presise i ordbruken, så tyder dette faktisk at denne klassen utøver diktatur over dei andre klassane.

Herskarane har to styringsformer for å utøve diktaturet sitt. Den eine kan vi kalle despoti. Under despotiet har ikkje demos/folket demokratiske rettar i form av lovskydd, rett til kritikk og stemmerett. I dagligdags, men upresis og tildekkande, språkbruk kallar vi dette ofte for diktatur.

Den andre styringsforma herskarane bruker for å utøve diktaturet sitt er demokratiet. Demokratiet er ei form diktatur som herskarane har utvikla for å kunne herske med minst mulig bruk av vald, utan at makta deira blir truga. Samstundes gir det dei som blir herska over muligheit til å protestere og hindre urimelige overgrep som eigentlig ikkje er nødvendige for herskarane heller. Derfor blir herskinga gjennomført i ei slags drøfting mellom herskarane og dei som blir herska over, på ein svært smidig måte, gjennom ei mengd med kompromiss, slik at motstanden blir minst mulig.

Denne situasjonen kjenneteiknar det parlamentariske demokratiet, og heile dei politiske systemet, også i Noreg.

Kjerna i denne styringsforma er kompromiss og reform på utsida og diktatur på innsida fordi alle reformane til sjuande og siste blir på premissa til herskarane. Dersom den økonomiske og politiske makta til herskarane virkelig blir truga, så blir dei demokratiske rettane innskrenka og dei despotiske trekka til diktaturet blir tydeligare.

Ei slik styringsform må også kvile på ei gigantisk forføring av demos. "Eg gav til demos så mykje privilegiar som var nødvendig for dei, slik at dei ikkje blei fråteken æra si eller forsøkte og ta meir etter ho ..". Så demokratiet er altså eit styringssystem der diktaturet blir utøvd utan å ta æra frå folk.

Det parlamentariske systemet er ei vidareutvikling av det athenske demokratiet, der det er tilpassa meir moderne forhold. Mens det athenske demokratiet var ei form for slaveeigarane sitt diktatur, så er det parlamentariske systemet ei form for det moderne borgarskapet sitt diktatur.

Det parlamentariske systemet blei først utvikla i England. Vi skal no sjå litt på erfaringane frå denne utviklinga for å få fram noen særtrekk ved dette systemet.

Parlamentet der utvikla seg frå kongen sitt råd (King's Council) under føydalismen. Først var dette rådet heilt under kongen sin makt. Men då kong Johan utan land sette seg ut over dei hevdvunne rettane til både adelsherrane, kyrkja og dei rike handelsmennene i dei nye frie byane (Chartered towns), blei det strid. Gjennom ein allianse mellom desse samfunnsklassen blei Johan tvinga til å skrive under Det store fridomsbrevet (Magna Charta libertatum) 15.juni 1215. Her måtte Johan vedgå korleis han hadde sett seg ut over stormennene sine rettar. Han måtte også love å halde seg til desse rettane i framtida. Det galdt mellom anna avgrensa rett til skattlegging og kyrkja si valrett og rett til eigne rettsinstansar. Alle frie menn skulle og dømmast av likemenn og kongen kunne ikkje halde dei fengsla utan lov og dom. Fordi dei fleste på den tida var liveigne, galdt dette bare dei rike mindretalet.

Men det viktigaste var at det blei sett opp ein ståande komite av 24 baronar som skulle sjå til at John heldt løftene sine. Denne nye innrettinga opna for at baronane kunne opptre meir som klasse, for at dei kunne løyse problem utan opprør og dessutan blei det mulig for at nye klassar kunne bli trekt inn i politikken. Dette var første omdanninga av kongens råd som etter kvart skulle gjøre det mulig for adelsmennene og (seinare) borgarskapet å forsvare interessene sine.

Utover gjennom 1200-talet begynte ei omdanning innan føydalismen som seinar førte til kapitalisme i England. På 1300-talet skaut omdanninga fart og førte til aukt jordbruksprodusjon for marknaden. No begynte liveigenskapen å bli broten opp, samstundes som ei stor utvikling i produksjon av ull for den flamske marknaden førte til utvikling av internasjonal handel og utvikling av handelskapitalen. Litt etter litt blei baronane omforma til moderne landeigarar. Dei tente pengar på eigedommane sine og såg på hoffet og kapitalen som den naturlige sfæren for dei politiske aktivitetane sine.

Det var sauen som sto i sentrum for denne første utviklinga av kapitalismen i England. Sauen er eit all right dyr fordi det er det feet som er lettast å stele og vanskeligast å halde på. Derfor var det bare i England, med dei stabile tilhøva der, dei kunne få til ullproduksjon i stor målestokk. Derfor blei England leverandør av råmateriale til den viktigaste masseforbruksvaren ved sidan av korn. Etter kvart blei landet også den viktigaste produsenten av ullty av alle kvalitetar, men først den meir grove. Det er ikkje tilfeldig at leiaren av overhuset i det engelske parlamentet, Lord Chancellor sit på ein ullsekk når han utøver funksjonen sin.

På dette grunnlaget fekk parlamentet nye funksjonar. Kongane hadde alltid trong for pengar til krigar og andre saker. Dei måtte gå til parlamentet for å be om desse pengane. Så prøvde Henrik 3. å få fatt i store summar for å erobre Sicilia som paven hadde gjeve i arv til Henrik sin son, Edmund. Hohenstauffarane hadde nemlig okkupert øya.

I 1257 samla baronane seg til rådsmøte i Oxford. De sette opp eit omfattande system av komitear som var ansvarlige ovafor rådet sjølv når det galdt detaljane i utøvinga av regjeringsmakta. Dei kravde også retten til å peike ut øvste dommar, kanslar (økonomi) og andre rettar. På denne tida begynte dei å kalle forsamlinga Parlament.

Etter tre år klarte ikkje baronane å halde oppe denne motstanden mot kongen aleine lenger. Dei blei splitting mellom dei. Kongen vann over noen av dei. Resten var tvungen til å slå seg saman med borgarane i byane. Dei klarte å slå Henrik ved hjelp av ein hær der dei fleste soldatane kom frå London. Det kom til ein allianse mellom handelsfolka i byane, dei mindre landeigarane, dei av kyrkje som var mot katolisismen og studentane i Oxford som for det meste kom frå lågare klassar og middelklassen.

I 1265 kom derfor neste trinn i utviklinga av parlamentet. Forsamlinga hadde då representantar frå borgarskapet i dei frie byane og frå dei mindre jordeigarane. Dei mindre jordeigarane begynte alt her å skilje seg ut frå dei større, ved at dei gjekk i spissen for utviklinga i retning kapitalisme. Desse mindre jordeigarane kom seinare til å dominere landsbygda i England i fem århundre.

I 1295 hadde kong Edvard 1. trong for pengar til krigar mot Frankrike og Skotland. Derfor måtte han kalle saman det parlamentet som er blitt kalla "Modellparlamentet" fordi det inneheld dei elementa som blei sett på som nødvendige for å danne ei skikkelig forsamling. Først gjekk dei med på å gi pengar. Men dei to neste åra trengte kongen endå meir. Då la han på tunge skattar på eigedom og ull tok eigedom frå kyrkja. Motstanden aukte på og i 1297 måtte han stadfeste fridomsbrevet frå 1215.

Striden forsette under Edvard 2. I 1297 blei han avsett etter eit opprør frå baronane. Men det skjedde på ein fredelig måte, gjennom vedtak i parlamentet.

Edvard 3. fekk samme problema. Då han ville ha pengar i 1339 og 1344 (innleiinga på Hundreårskrigen som varte til 1453) fekk han ikkje noe før han hadde innfridd krav frå parlamentet. Kongen meinte han ikkje hadde tid til å krangle meir med dei og gjekk med på at parlamentet fekk velje kasserarar som skulle overvake dei konglige rekneskapa. Her var ei opning for at parlamentet kunne ha indirekte kontroll med korleis pengane blei brukt og dermed over heile politikken.

På denne tida fann også parlamentet den moderne forma si. Først sat alle i samme forsamling. Så gjekk dei kyrkjelige ut og forsamlinga blei fast delt i Lords og Commons slik vi kjenner det engelske Parlamentet idag. Det var viktig at dei mindre jordeigarane tok plass i Commons saman med representantar for handelsfolka i byane.

Parlamentet spegla klasseforholda i England mot slutten av middelaldaren. Forbodet mot private krigar og veksten i ullhandelen hadde skapt eit skarp skilje mellom dei store og dei mindre jordeigarane. Dei sistnemde var for det meste interesserte i inntekt frå jorda si og hadde begynt med sauehald i stor målestokk. Dei hadde mykje meir til felles med handelsfolka som også tente på ullhandelen, enn med dei store baronane som framleis tenkte mest militært. Samstundes var dei eit band mellom handelsfolka og baronane som gjorde at alle tre klassane av og til kunne handle saman. Denne alliansen mellom dei mindre jordeigarane (squires) og handelsfolka er nøkkelen til veksten i makta til Parlamentet.

Likevel må vi ikkje overdrive denne maktforskyvninga. Normalt var det lordane som leidde Parlamentet. I denne siste fasen av den føydale utviklinga som skapte "squires", konsenterte også makta i hendene på eit svært lite tal av mektige adelsfamiliar som for det meste var i slekt med kongehusa og som sloss bittert om makte seg imellom. Dei såg på Parlamentet som eit passande middel som dei kunne bruke for å dominere statsmaskina. Og dei vide fullmaktene til staten blei i praksis utøvd av den herskande klikken med adelsmenn.

Sjølv om det føydale systemet i England var under press allereie utover på 1300-talet, tok det enno 300 år før det framvoksande borgarskapet var sterkt nok til å ta statsmakta og konsolidere ho. Gjennom 100-årskrigen (1344-1453) og Rosekrigane (1455-85) gjorde dei herskande føydalherrane det dei kunne for halde på makta si, men endte opp med utrydde kvarandre. Samstundes vaks heile tida makta til dei som dreiv kapitalistisk jordbruk og handel.

100-årskrigen dreide seg eigentlig om den engelske makta over Flandern og Gasgogne. Desse områda var frå tidligare knytta til England gjennom ullhandel (Fl.) og handel med salt, vin og jarn (Ga.). Handelsborgarskapet i England var mykje splitta i saka, fordi ullhandlarane hadde interesse av krigane, mens dei som handla på innanriksmarknaden ikkje hadde det. Rosekrigane gjekk mellom adelsslektene Lancaster og York. Dei kjempa om kongemakta, altså statsmakta.

I denne tida fekk vi og den første store oppreisten mot skattekrav frå Parlamentet. Jordeigarane der la aukt skatt på dei liveigne som hadde styrkt stillinga si utover på 1300-talet. Det kom så langt at tilhengarar av opprørarane opna portene til London og opprørshæren rykte inn der (1381). Kongen og ministrane heldt seg i Tower og forhandlingar blei innleia.

Men veikskapen som alle bondeopprør har, viste seg no. Bøndene kunne samle seg lenge nok til å skremme og terrorisere herrane, men etter ei stund måtte dei tilbake til gardane sine, og då gjekk opprøret i oppløysing. Då tok dei mindre jordeigarene ein blodig hevn. Folket i i England lærte nok ein gong, kor dumt det er å stole på løftene til herskarane sine. Hundrevis av menneske blei slakta utan dom.

Likevel var dette opprøret viktig. Dei gamle vilkår blei ikkje oppretta att og ei serie mindre oppreister sikra dei liveigne i England friare vilkår enn på kontinentet. Dette opprøret var leia av Wat Tyler og har fått navn etter han.

Også i denne perioden blei Parlamentet utvikla vidare. i 1386 innførte det skikken med anklage (Impeachment) mot kongens rådsmedlemmer og sikra seg med det betre kontroll med rådet. Dei sette også opp ein kontrollkomite som blei nærare knytta til Parlamentet enn tidligare slike komitear.

Frå 1389 og frametter kom det til ein kraftig konfrontasjon mellom kongemakta og Parlamentet. Rikhard den II gjorde då statskupp og kom på kant med store grupper i Parlamentet. Han innkalte då Parlamentet til ein plass litt vekke frå London og tvinga det til å la han skrive ut skattar på livstid og til å overgi makta si til ein komite som var under kongen si personlige leiing.

Men Parlamentet var ikkje slått. Dei sende bod på Henrik Bolingbroke som gjekk i land i England i 1399. For andre gong blei en konge kasta av Parlamentet. Og denne gongen gjekk dei lenger enn med Edvard II. Den nye kongen var ikkje den rette ifølge arvefølga og han var bare konge i kraft av erobring og avstemning i Parlamentet.

Den nye kongen, Henrik IV, måtte derfor støtte dei mindre jordeigarane og middelklassen i byane. Under han blei dei vanlig at Parlamentet øyremerka dei forskjellige skatten etter kva dei skulle brukast til.

Jordeigarane tok også fleire tiltak for å sikre makta si i Parlamentet. Dei vedtok ein stemmerettslov som avgrensa stemmeretten til dei som hadde eigedommer over i viss grense eller hadde arva høg byrd (1429 og 1445).

I denne tida utvikla mutinga av Parlamentet seg sterkt. Det endte opp med at dei rike jordeigarane etter kvart kom til Westminster med ein gjeng kjøpte tenarar og Parlamentet degenererte til eit instrument for å sette ut i livet ønskene til den gruppa som var sterkast i augneblinken. Commons hadde fråtatt seg sjølv den massebasisen som var naudsynt for å motstå slikt press.

Den systematiske mutinga (bestikkelsen) har alltid sidan vore eit sentralt trekk ved parlamentarismen i alle former.

Likevel var det slik at Parlamentet blei halde oppe. Det forsvann ikkje slik som liknande forsamlingar på Kontinentet. I teorien blei det også styrkt. Det tyda at det var eit instrument som borgarskapet kunne nytta når dei blei sterke nok.

Då Rosekrigane tok slutt i 1485, grunnla Henrik VII av Tudor-slekta eit nytt kongedømme, ut frå heilt nye klassetilhøve. Den økonomiske utviklinga i denne tida var sterk og i England gjekk dei no definitivt over frå ull- til kledeproduksjon. Kledeindustrien blei det særmerkte kjenneteiknet på England som skilde det frå dei andre statane på den tida. Denne industrien spredde seg utover heile landet. Store delar av folkesetnanden på landsbygda tok del i denne produksjonen etter kvart.

Og han utvikla seg på kapitalistisk grunnlag. Det var i stor grad produksjon for eksport, og då kom dei mange småprodusentane snart under herredømmet til dei store handelsmenna. Den høgt utvikla arbeidsdelinga og den store mengda prosessar mellom ull og klede gjorde også at det var umulig å organisere industrien på grunnlag av laug. Etter kvart begynte også dei mektige kledeshandlarane å samle store mengder folk under eit tak for å få utført heile industriprosessen der. Dette blei ganske vanlig i siste halvdel av 1500-talet.

Frå litt ut på 1500-talet fekk også dei europeiske stormaktene si erobring av verda mykje å seie for denne utviklinga. Denne erobringa skapte marknader, nye kilder til forteneste, og førte til ein svær straum av gull og sølv som dekka dei behova som den aukte varehandelen trong.

Den industriutviklinga som gjekk føre seg mellom 1540 og 1640 er blitt kalla den vesle industrielle revolusjon. Ho spelte ei avgjørande rolle for at England seinare (frå omlag 1760) blei det første landet som var i stand til å begynne den virkelige industrielle revolusjonen.

Samstundes føregjekk det ein jordbruksrevolusjon, som eg ikkje vil gå nærare inn på her.

Men resultatet blei at borgarskapet si makt aukte mykje, og dei kom stadig nærare det punktet der det kunne bli mulig for dei å ta statsmakta. Samstundes blei mange fleire som budde på landsabygda driven frå gard og grunn. Dei blei proletariserte og fann etter kvart vegen inn i dei nye verksemdene som var driven på kapitalistisk grunnlag.

Under desse store samfunnsendringane blei også Englands største diktar, William Shakespeare, skapt.

Tilsynelatande styrkte kongane makta si i denne epoka. Vi finn her maktfulle herskarar som Henrik VIII og Elizabeth I. Men makta deira kvilte berre på den midlertidiga maktbalansen mellom det oppstigande borgarskapet og bortsjuknande adelen.

Karl I, som kom på trona i 1625, skjønte ikkje dette og ville ta eit oppgjør med Parlamentet. Han kravde inn skattar utan samtykke og i åra 1629-1640 såg det på overflata ut som Parlamentet skulle bli utradert som maktfaktor.

Men kongen klarte ikkje å skaffe seg nok pengar utan støtten frå det stadig rikare borgarskapet. I 1638 trengte han pengar og måtte kalle inn Parlamentet. Det var sjansen borgarskapet hadde venta på.

Striden mellom dei gamle herskarklassene (dei rike tradisjonelle jordeigarane) og dei nye (dei kapitalistiske jordeigarane, rike handelsfolk i byane, handelsmenn elles og handverkarar) blei ført i ei ideologisk, ei politisk og ei militær form. Underklassane dvs. leiglendingane, handverkssveinane og lønsarbeidarane var ikkje med i denne striden. Desse hadde ikkje stemmerett og ikkje rett til å sitte i Parlamentet.

Dette er eit anna sentralt trekk ved parlamentarismen. Underklassane er bare tildelt ei underordna rolle.

Ideologisk sett var det ein strid mellom katolisismen (dei gamle herskarane si tru) og protestantismen i forma puritanisme (dei utfordrane klassane si tru). Politisk sett var det ein strid mellom kongemakta og parlamentsmakta. Og militært blei det ein strid mellom hærane til desse politiske maktene.

Grunnen til at kongen kom i pengenauda i 1638, var at han forsøkte å innføre ei ny katolsk kyrkjeordning i Skotland. Det kom til opprør mot dette, og kongen måtte ha pengar til den hæren som skulle slå ned opprøret. Derfor kalla han altså inn Parlamentet og gav dermed den utfordrande herskarklassen muligheit til å organisere seg mot kongemakta.

Dette Parlamentet er blitt kalla "Det lange" fordi det var samla i heile 13 år. Då det hadde samla seg vedtok det at det ikkje kunne oppløysast utan etter eige vedtak, at det skulle ha sesjon kvart 3. år, at kongelige domstolar skulle avskaffast og at Parlamentet aleine hadde rett til å vedta skattar og avgifter.

I november 1642 vedtok Parlamentet "Den store Remonstransen" med følgande innhald: kongen hadde ikkje rett til ha makt over hæren, det skulle vere puritansk kyrkjeordning, biskopane skulle ut av Overhuset og kongen fekk bare rett til å velge rådgivarar som hadde Parlamentet sin tillit. Med dette var det tatt eit nytt skritt mot parlamentarisme i England.

Her ser vi at makta til kongen blir overført til parlamentet, og dermed til den delen av den herskande klassen som dominerer parlamentet.

Men kongen og regjeringa ville ikkje finne seg i dette. Dei forsøkte å få til eit statskupp, men klarte det ikkje. Kongen måtte flykte. Kongemotstandarane tok makta i London City.

Parlamentet rekrutterte etter kvart ein nasjonal hær, "The New Model Army", leia av Oliver Cromwell. Dette var den første innanlandske, ståande, nasjonale hæren i Englands historie. Denne hæren utvikla seg raskt til eit væpna politisk parti, med politisk/religiøs leiing og politisk/religiøse diskusjonar. Hæren utvikla ein ny type kavalleri av mindre jordeigarar (yeomen) som kunne manøvrere i felten. Dette kavalleriet slo dei rike jordeigarane sitt tradisjonelle kavalleri som bare kunne gjennomføre eit angrep før det gjekk i oppløysing som formasjon. I 1646 sigra dei over kongetilhengarane, rojalistane.

Så kom det til strid mellom sigerherrane. Dei rikaste klassane i parlamentspartiet (kavalerane) med deira følgesvenner (dei moderate) ville oppløyse hæren og få til kompromiss med kongen. Men dei radikale (mindre jordeigarar, handelsmenn og handverkarar) jaga dette fleirtalet i Parlamentet med våpenmakt. (Pride's Purge). Restparlamentet (Rump-Parlament) stilte kongen for retten og dømde han til dauden. Han blei henretta i 1649. Dei som stod bak dette Parlamentet var altså borgarar utan monopol ("Roundheads") og meir radikale grupper som "Levellers" og "Diggers". Desse ville ha lik fordeling av rikdom mellom alle folk og sto for primitivt kommunistiske idear.

England blei erklært som republikk. Men dei tidligare herskande klassane stod sterkt og faren for at dei skulle ta makta tilbake var stor. Den einaste krafta som kunne føre vidare den borgarlige revolusjonen, var hæren. Og den gjorde det mot kvardagsbehova til borgarskapet. Etter kvart dreiv hæren Parlamentet heim og Cromwell oppretta eit despoti. Han styrte då mot interessene til overklassane og opposisjonen mot styret han vaks. Då han døydde i 1658 nærma noen av generalane hans seg til kavalerane, dei moderate og tidligare kongevenner, og i 1660 var alliansen klar og Karl II kom på trona (1660-1685).

I 1661 blei det innkalt eit nytt Parlament. Det var eit kavalerparlament dominert av solide godseigarar eller representantane deira, i samarbeid med dei mindre godseigarane (gentry). Dette var eit stygt nederlag for revolusjonen. Parlamentet vedtok vedtok fleire lover (Clarendon Code) som skulle drive puritanarene i illegalitet. Resultatet av lovane var at puritanarane blei driven ut av statsapparatet og statskyrkja og at dei blei utvist frå alle større byar. Saman med dei jordeigande toriane festa kongen makta si att.

Likevel kom det til strid mellom konge og Parlament. Ut av denne striden kom dei første politiske partia.

Opposisjonen mot kongen danna eit parti som av motstandarne blei kalt Whigs (presbyterianske krøttertjuvar). Dette partiet skulle, gjennom kjøp og verving av stemmar i Parlamentet, hindre at ein katolsk fyrste kom på trona og dei skulle hevde parlamentet si stilling i statsstyret. Partiet representere interessene til handelsfolka og dei veksande finanskapitalistane og ein del av dei mektigaste jordeigande aristokratane. Det hadde og oppslutninga frå dei lågare middelklassane i byane som enno var under innflyting av republikanske og leveller-tendensar.

Jakob II fekk så organisert eit hoffparti som skulle redde trona for kongen ved å kjøpe stemmer i underhuset. Av motstandarane blei dei kalt med skjellsordet Torys (irske, katolske bandittar). Dette partiet representerte alliansen mellom kongen og mange av dei rike jordeigarane (squires).

Desse partia er dei ærerike forløparane til alle moderne parti.

Eit heilt sentralt trekk ved parlamentarismen er altså at dei konkurrerande delane av herskarklassene kjøper opp støtte i parlamentet for å sikre makta si.

I 1681 fekk Jakob ein avtale med franskekongen som gjorde han uavhengig av pengar frå Parlamentet. For siste gong vart då parlamentet jaga heim og i dei siste åra av styret sitt herska Jakob meir despotisk enn noen i familien hans hadde gjort tidligare. På overflata såg det no ut som om alt som var oppnådd gjennom det langa parlamentet, innbyrdeskrigen og Commonwealth (under Cromwell) var tapt.

Eit viktig trekk ved borgarskapet si kamp for statsmakte var dei mange og kraftige tilbakeslaga, før dei endelig hadde gripe og stabilisert makta si.

Men heile tida var det slik at rikdommen til Whig-partiet vaks sterkt. Og i 1688 var Parlamentet igjen sterkt nok til å avsette kongen, Jakob I. Dei inviterte så Vilhelm av Oranien (frå Nederland) til den engelske trona saman med kona Maria, Jakob II sin protestantiske dotter. Dette er blitt kalla "Den ærerike revolusjonen", mest fordi massane ikkje deltok.

Etter at alle viktige støttespelarar hadde desertert frå kong James, flykta han. Ei forsamling av rikmenn møtte vinteren 1689. Dei erklærte seg for å vere Parlament og vedtok ei lov (Bill of Rights) som la ned dei vilkåra dei sette for at monarkiet skulle få fortsette.

Ifølge denne lova skulle ikkje kongen kontrollere militærmakta og domarane. Han fekk særskild forbod mot å oppheve lover eller sette dei ut av kraft. Kontrollen over finansane gjekk for alltid over til Parlamentet som skulle innkallast minst kvart tredje år og som eller ikkje skull sitje lenger enn det. På desse vilkåra blei whiggane entusiastiske monarkistar fordi det var deira monarki.

Med dette var Parlamentet si stilling som statsstyrande organ sikra politisk. Det føydale styret var oppheva. Whig-partiet hadde sigra. Det framvoksande borgarskapet hadde tatt makta i staten.

Likevel hadde ikkje det gamle jordeigararistokratiet, organisert i tory-partiet, mist all makta si og whigane måtte overlate lokalmakta i fylka til toryane.

Dette gir den særeigne forma for det borgarlige diktaturet i England. Borgarskapet laga eit kompromiss med restane av dei gamle jordeigarane, som også stadig blei meir lik kapitalistar sjølv.

Etter dette oppnevnte Parlamentet fleire kongar og dronningar på tvers av arveskikken. Maria si søster Anne blei dronning 1702-14 og Georg av Hannover blei konge 1714-27. Den nye tronfølgeloven av 1701 (Act of Settlement) sikra protestantar på trona.

Gjennom 1700-talet utvikla England alle vilkåra for å bli det leiande landet i verda. Første delen av århundret, fram mot 1742, førte borgarskapet ein meir forsiktig utanrikspolitikk under Robert Walpole. I denne perioden blei parlamentarismen vidare utvikla gjennom utviklinga av kabinettet (Cabinet). Den herskande delan av borgarskapet tok over frå kongen den daglige kontrollen over administrasjonen gjennom eit slags arbeidsutval for Parlamentet (Cabinet). Kabinettet var ein komite danna av leiarane av det partiet som til kvar tid representerte den herskande delen av borgarskapet. Formelt var kabinettet kontrollert av Parlamentet, men i realiteten kontrollerer kabinettet Parlamentet så lenge som eit parti har majoriteten der.

Dette er endå eit sentralt trekk ved parlamentarismen. Kongens råd blir erstatta av ei regjering som i forma er ansvarlig ovafor parlamentet (stortinget), men som også leiar og kontrollerer parlamentet så lenge eit parti har majoriteten der.

Under ei mindretalsregjering endrar situasjonen seg. Det skal vi sjå litt på seinare.

Sjølvsagt blei ikkje dette systemet fullt utvikla i denne tida, men det var likevel eit avgjørande skritt mot det borgarlige diktaturet i England som blir utøva gjennom kabinettet.

Borgarskapet sitt opne diktatur fann det nøyaktige og naturlige uttrykk i ein systematisk korrupsjon som blei opent praktisert og innrømt. Noen moderne historikarar vil ikkje ein gong kalle det korrupsjon fordi stemmane i Parlamentet stort sett ikkje blei kjøpt for pengar. Dei blei sikra gjennom embete med inntekt, men utan arbeid, jobbar, kontraktar, titlar, fordelar til familie og vennar av partimedlem. I valkretsane utover landet var det bare ein av tjue veljarar som ikkje var kjøpt opp på ein eller annan måte.

Fram mot midten av 1700-talet blei altså parlamentarismen utforma meir i detalj. Gjennom valsystemet styrte dei store formuene relativt direkte ved ein systematisk korrupsjon.

Då Walpole fell i 1742 kom imperialisten Pitt til makta. Han representerte interessene til den leiande delen av borgarskapet som ville ut og erobre verda for engelsk kapital.

På noen generasjonar blei Frankrike driven ut av mange av dei områda dei hadde kontrollert. Gjennom økonomisk og militær makt vann England verdsherrevelde.

Gjennom Georg III kaste no (1760) kongemakta seg ut i politikken att. Kongen hadde enno ein viss fridom til å velje ministrane sine. Han valde dei då slik at han etter kvart kom til å splitte opp det gamle whig-partiet og omdanne det gamle tory-partiet. I røynda gjekk etter kvart dei bestemmande delane av den herskande klassen over til toryane. Det var alle dei som tjente på å knytte seg til ei kongemakt som gjekk i spissen for det imperialistiske eventyret. Desse delane av herskarklassen hadde alt å vinne, både på kort å lang sikt, på å støtte kongen. Korrupsjonen veks til nye høgder då Pitt den yngre som leiar for det nye tory-partiet, blei statsminister (Prime Minister) i 1784.

No er den industrielle revolusjonen i full gang. Vi ser konturane av nye skiljelinjer i politikken. På den eine sida finn vi imperialismen til hoffet, regjeringa og finansfolka som dro til seg alle dei priviligerte klassane. På den andre sida ser vi ein ny radikalisme, først borgarlig og litt kynisk, men etter kvart proletarisk og virkelig revolusjonær. Denne siste sida trekk til seg alle som ikkje eig noe, alle ikkje-priviligerte. Men i kvar generasjon trekte han og til seg ei mengd slike som såg radikalismen som eit middel til å komme seg opp i dei priviligerte skikta.

Det vi ser her er at ei ny motsetning er i ferd med å vekse fram og dominere det politiske biletet - motsetninga mellom arbeid og kapital, mellom borgarskap og arbeidarklasse.

I tida rundt den franske revolusjonen frå 1789 oppstod den første skikkelige arbeiderklasse-organiseringa i England. Det var Korrespondanse-samfunnet (Corresponding Society). Det offisielle programmet var bare allmenn stemmerett og årlige Parlament. Men mesteparten av medlemmene var tilhengarar av Paine som hadde kjempa for amerikanarane i Den amerikanske frigjøringskrigen mot England. Han hadde vore med på å formulere både "Erklæringa om uavhengigheit" og "Menneskerettigheitserklæringa". Han meinte at politikken var saka til heile massen av vanlige folk og ikkje bare det herskande oligarkiet. Folk skulle bare tole ei regjering dersom ho sikra heile folket "liv, fridom og strev etter lukke". Om ikkje regjeringa klarte dette hadde folk rett til å kaste ho, om så gjennom revolusjon.

Denne rørsla var svar fordi ho bare hadde medlemmer i London og byar som Norwich, Sheffield og Nottingham. Her var det mange handverkarar og mekanikarar som høyrte til dei øvre delane av arbeidarklassen. Arbeidarane i dei nye industribyane i nord klarte ikkje enno å handle ut frå eit politisk program. Protesten deira tok form av desperate valdshandlingar og øydeleggingar. Mange gonger klarte også overklassen å rette denne valden mot radikalarane. Det skjedde i Manchester og Bolton.

I 1794 sette Pitt "Habeus Corpus" ut av kraft (for 8 år) og fekk vedtatt lover som gjorde det ulovlig å halde offentlige møte. Korrespondanse-samfunnet og andre radikale organisasjonar blei forbode og leiarane blei stilt for retten eller dei flykta til USA.

I åra etterpå var det stadige streikar og oppreistar som sette støkk etter støkk i regjeringa. Over heile landet blei hæren innkvartert i barakkar slik at soldatane ikkje skulle komme i kontakt med folket, slik som dei kunne før når dei tok inn i privathus eller på vertshus. Industriområde blei handsama som erobra område i hendene på ein okkupasjonshær. Likevel nekta ofte soldatane å angripe arbeidarane fordi dei sympatiserte med dei. Yeomanry-avdelingar blei derfor oppretta. Det var ein ridande militærstyrke frå overklassane og middelklassane som slo ned på arbeidarane med stor brutalitet. Dette er ei viktig side ved utviklingshistoria til det parlamentariske demokratiet.

Etterat desse arbeidaropprøra var kvelt gjekk England inn i den såkalla Napoleonskrigen. Resultatet var at England sette seg fast på Malta, Mauritius, Sri Lanka som dei kalla Ceylon, Heligoland og i Kappstaden i Sør-Afrika. Det britiske borgarskapet kom ut av krigen klar til å konsolidere eit verdsmonopol for fabrikkproduksjonen sin og til å begynne ein periode med ekspansjon som ingen kunne tenke seg.

Likevel var første resultatet av freden ein alvorleg økonomisk og politisk krise. Noen kallar det den første skikkelig kapitalistiske konjunkturkrisa i verdshistoria. Fabrikkherrane hadde trudd at krigen ville opne store marknader for dei og hadde produsert store mengder med varer for å utnytte situasjonen. Men så viste det seg at resten av Europa var for fattige etter krigane til å kunne kjøpe dei engelske varene og då krigskontraktane tok slutt i 1815 fall eksporten og importen saman med både engrosprisar og detaljistprisar. Resultatet vart sterkt aukande arbeidsløyse. Jern- og gruvearbeidaren blei hardast råka. I tillegg kom alle soldatane heim, vart demobilisert og meldte seg på den overfyllte arbeidsmarknaden. Dermed fall lønningane samstundes som vareprisane blei halden kunstig høgt gjennom staten sin inflasjonspolitikk. Skattane var også høge fordi staten hadde så mykje gjeld til finansinstitusjonane etter krigen. Hveteloven frå 1815 som var vedteken av dei store jordeigarane for å halde kornprisen høg medan lønene fall over alt, var også eit viktig moment i denne situasjonen.

Resultatet var eit breidt arbeidaropprør over det meste av England. Då Parlamentet diskuterte kornlovene (om dei skulle ha høg eller låg toll på korn frå utlandet) var det opprør i London i fleire dagar. Andre stader var det opprør av grunner som: høg brødpris, eksport av korn, oppretting av suppekjøkken, nedkorting av lønner, høge matprisar. Også dei arbeidslause og fattige var med i opprøra. Noen stader knuste dei maskinar. Det var også mange streikar.

Som vi har sett var ikkje slike opprør noe nytt. Det nye var den medvetne politiske karakteren til dei nye opprøra. Massen av arbeidarar, arbeidslause og fattige kom meir og meir til å forstå at statsapparatet var i hendene på undertrykkarane deira. I år etter år hadde dei oppplevd ei fælsleg klasselovgjeving og forsøkt seg med bøneskrift for ei løn å leve av og for betre tilhøve utan at noe skjedde. Kravet om reform av Parlamentet var derfor denne gongen ikkje eit krav om abstrakt demokrati. Det var eit forsøk frå massane på å ta kontroll med Parlamentet og få det til å tene deia eigne interesser. Dette var første gong i historia at arbeidarklassen strevde etter den politiske makta i ein stat. Her får vi då eit godt eksempel på kva som skjer første gong arbeidarklassen prøver å ta statsmakta.

Tidleg i 1817 "oppdaga" regjeringa ein forræderisk samansverging mot grunnlova og eigedommen. Habeas Corpus-loven blei suspendert og ei lov ("Kneblingslova") blei raskt vedteke for å avgrense retten til å halde offentlige møte, for å undertrykke dei radikale klubbane og gi domarane tilleggsmakt slik at dei kunne stanse utgjevinga av blada til dei radikale og fritenkjarane.

Då det skulle arrangerast ein sultmarsj (ullteppefolket sin marsj) frå Manchester til London med eit bøneskriv mot suspensjonen av Habeas Corpus-loven blei mange av dei seks tusen som ville gå, stansa før dei kom ut av Manchester. Resten blei angripne og brote opp litt seinare og bare nokre få kom seg fram til der dei skulle. Alle mulige metodar av undertrykking frå militær vald til bruk av provokatørar (vi har fått ordet spion frå ein av desse som heitte Oliver Spy) for å fokke opp stemninga og få til valdshandlingar slik at myndigheitene kunne slå endå hardare ned på rørsla, blei brukt av regjeringa. Saman med ein kort oppgangskonjunktur i 1818 fekk dette bukt med "uroa" for ei stund.

Men i 1819 fall konjunkturane att og dei radikale arrangerte svære møte i Midlands og i Nord-England med krav om parlamentsreform og tilbakketrekking av kornlovene som gjorde maten dyr. !6.august det året var 80.000 folk samla for å høyre ein kjent radikalar tale. Då han begynte å snakke blei han arrestert og yeomankavaleriet rei plutselig inn i folkemengda og hogde til høgre og venstre med sablane sine. På få minutt vart 11 personar drepne og omlag 400, mellom dei over 100 kvinner, vart såra. Leiarane for rørsla vart arrestert og kasta i fengsel. Den viktigaste personen, Cobbett sendte dei til Amerika, der han måtte bli ei tid. Seinare på året vedtok Parlamentet seks lover. Dei gav domarane rett til å hindre møte med over 50 deltakarar og til å ta seg inn i privat hus dersom dei hadde mistanke om at der var vapen. Dei nedla forbud mot demonstrasjonar med banner og flagg. Folk som gav ut "blasfemiske" og "forførande" skrift kunne bli kasta i fengsel eller deportert. Dessutan la dei ein skatt på alle aviser og blad. Dette var for å gjøre slike aviser som Cobbetts "Political Register" og "Black Dwarf" for dyr for massane av folket. "Uroa" fortsette inn i 1820. Då 60.000 arbeidarar i Glasgow gjekk til generalstreik venta mange at dette far førespelet til ei væpna oppreist. Men ingen gav nokon slik ordre og så ebba rørsla ut under oppgangskonjunkturen frå 1820 til 1826.

Ei viktig erfaring er altså at når abeidarklassen strekk seg etter statsmakta, så tar herskarklassen i bruk alle middel for å halde på makta si.

Ei anna viktig erfaring er at arbeidarklassen kan bli pressa til opprør av tilhøve som spring ut av lågkonjunkturar og at opprøra ofte ebber ut når konjunkturen snur.

Samstundes var det opprør på landsbygda. Under krigen hadde dei pløgd opp mest all jorda til hvetedyrking. Den høge prisen på hvete førte med seg at jordeigarane tileigna seg stadig meir av jorda. Sjølv dei minst almenningane og hagane vart tekne frå dei som vanligvis brukte dei. Jordbrukarane hadde gode tider, og best gjekk det for dei større jordeigarane. Berre reallønene til jordarbeidarane fell heile tida.

Etter krigen kom det ei endring. Kornprisen fell og lønene fell, men leigene og matprisane steig. Resultatet var opprør i hveteområda. Hus og grøde blei brent og landarbeidarane sloss mot yeomankvaleriet. Etter ein samanstøyt blei to arbeidarar drepne og 75 tekne til fange. Fem av dei blei hengde og ni blei utviste. Ofte fekk folka i området høgare løn i ei tid etter slike opprør. Men den generelle utviklinga var at folk blei fattigare. På litt over ein generasjon gjekk folk i jordbruksområda frå ein standard med kjøt, brød og øl til potet og te.

Cobbet var leiar for det som skjedde. Han var ikkje ein klar politisk tenkar, men han visst ein sak, at vanlege folk, folka hans, blei robba og det ville fortsette slik heilt til dei gjekk saman for å stanse og kontrollere eigarane. Ut av dette kom det krav om demokrati og reformar i Parlamentet og ein svært rettfram agitasjon i samsvar med folk sine behov som gjorde han hata av kvar regjering mellom 1810 til 1830.

Ikkje bare landarbeidarane, men også handverkarar, smedar, snikkarar og hjulmakarar i landsbyane, lei ille og alle var aktivt med i opprørsrørsla som raste over Sør-England i 1830.

Ved sidan av dette tok klassekampen på landsbygda ei spesiell form - organisert krypskyting. Dei som vart jaga frå jorda tok hemn over eigarane og fann kompensasjon for tapet sitt i krypskyting på jordeigarane sine jaktområde. I seksti år raste ein krig utan nåde over heile England mellom gjengar med krypskyttarar og eigarane og skogvoktarane deira. Ei rekkje harde lovar vart vedtekne, men det førte bare til at gjengane blei større og at dei brukt hardare middel for å unngå arrestasjon. Etter kvar blei deportasjon ein vanleg straff. Berre frå 1827 til 1830 vart meir enn 8500 menn og gutar dømde for brot på jaktloven og svært mange av dei blei sende ut or landet.

I 1830 kom så det opprøret som blei kalla det siste arbeidaropprøret. Dette året var det endå ein gong ein konjunkturkrise i kapitalismen, saman med krise i jordbruket og ein sauesjukdom som kravde omlag 2 millionar saueliv. Samstundes blei treskemaskina innført. Han tok det siste godt betalte arbeidet frå landarbeidarane. Oppreisten tok til i Kent i august og spreidde seg vestover i november, samstundes som det vart villare og meir desperat. Mange mindre bønder gjekk med landarbeidarane.

Så sette øvrigheita inn ein brutal motstøyt. Særlig aktive var familien Barings som hadde grunnlagd Barings Bank som altså gjekk konkurs midt på 1990-talet på grunn av misslukka spekulasjon. Resultatet var at ni mann blei hengde og minst 450 utviste av landet. og omlag like mange havna i fengsel. Etter dette var krafta til landarbeidarane broten. Dei vakna litt til motstand att rundt 1872, og seinare vart kampen deira avhengig av industriarbeidarane si leiing.

Men herskarane brukte også ein annan metode enn vald. Etter ei omgruppering utforma dei ein meir liberal taktikk. Dei ville nok bruke vald når der var naudsynt, men dei foretrekte andre og mildare metodar for å forebygge motstand frå arbeidarane. Ut frå dette sette dei ut i livet ei rekkje tiltak som hadde som mål og verknad at dei styrkte statsapparatet på ein mindre valdelig måte.

Her skal det inn meir stoff.

////fabrikklover p.374 ff

seinere dei liberale og arbeidervernlover

I Norge har vi mange parti som representerer forskjellige delar av herskarane og demos/folket. Eit grunnleggande trekk i dei norske partia er at veljarane og mange vanlige medlemmer og fleire tillitsfolk tilhøyrer demos/folket, mens leiinga stort sett tilhøyrer forskjellige delar av herskarklassen.

Leiinga i DNA representerer stort sett statsmonopolkapitalen og leiande delar av statsbyråkratiet. Leiinga i Høyre representere andre og meir private delar av monopolkapitalen og andre delar av kapitalen. Leiinga i Senterpartiet representerer stort sett landbruksmonopolkapitalen og borgarskapet eller dei rikaste delane av småborgarskapet (storbøndene) mellom bøndene. Kristelig folkeparti representerer også stort sett borgarskapet, men trekk veljarar og tillitsfolk også frå den folkelige lågkyrkjelige rørsla. Sosialistisk Venstreparti representerer stort sett småborgarskapet i byane og på landet, men i leiiarskiktet i partiet finst også representantar for borgarskapet. Framskrittspartiet vaks seg stort som ei folkerørsle som blei brukt mot folket sjølv. Partileiinga representerte derfor ei stund dei mest folkefiendtlige delane av borgarskapet. Idag har DNA overtatt dei vesentlige delane av Frp. sitt program.

Kjerna i desse partia sitt program er at dei ikkje vil foreta seg noe som kan rokke ved det borgarlige diktaturet i Norge. Leiinga i alle desse partia er derfor like redde for for politiske parti som har som mål, eller folkerørsler som kan ha makt, til å rokke ved dette diktaturet.

Det parlamentariske spelet i Norge er konsentrert rundt DNA, som det har vært sidan 1935. I tida før 2.verdskrigen var det dei andre, tradisjonelt borgarlige, partia som ved sitt samla fleirtal på stortinget kunne stanse DNA dersom partiet sin politikk pirka for mykje borti det borgarlige diktaturet. Men DNA blei utrulig raskt svært ansvarlig innanfor dei rammene som eit slik diktatur sette.

Etter krigen har DNA sjølv vore det sentrale borgarlige partiet i Norge. Fram til 1972 kunne partiet få gjennom det meste av politikken sin utan for mykje bry. Det blei då snakka om ein eitpartistat i Noreg.

Men etter nederlaget i kampen for EF-medlemsskap i dette året har det parlamentariske spelet meir og meir fått ein annan og meir vanlig karakter. Vi kan skilje ut to viktige trekk i dette nye (og vanligste) parlamentariske spelet.

For det første har DNA vært tvinga til å få oppslutnad frå noen av dei andre partia for å få vedtatt politikken sin. Fordi politikken no er meir tradisjonell høgrepolitikk, har dei ofte fått støtte frå Høyre, Kristelig Folkeparti og Senterpartiet. Men dei har også vendt seg til Sosialistisk Venstreparti i andre høve. Samstundes er det slik at DNA-regjeringa lettare kan lide nederlag dersom dei andre partia går saman i særlige saker. Dette medfører at partiet blir meir pressa enn før til å legge om politikken sin for halde på regjeringsmakta.

For det andre har vi fått litt oftare regjeringsskifte. Dette kallar kommentatorar ofte for at ei regjering er utsett for "slitasje". Dette tyder at regjeringane avslører seg ovafor veljarane til ein viss grad. Veljarane er ikkje nøgd med utviklinga og gir den sitjande regjeringa ansvaret. Dei seier at regjeringa lover og lyg osb. Typisk var skiftet i 1981. Då hadde DNA skrudd til innstrammingsskruen frå 1977 samstundes som økonomien i heile verda gikk inn i ein djup lågkonjuktur. Så blei DNA altså kasta i val.

Samstundes blei Carl I. Hagen og Frp. haussa opp i media fordi han stod for ei strategisk vending i politikken som dei store monopola var for. Stikkord var "få slutt på inflasjonen", "mindre skattar og avgifter", "mindre statlig styring" og vi kan føye til "privatisering". Innhaldet i politikken var sjølvsagt å få opp arbeidsløysa så lønnene kunne blir pressa nedetter, å få mindre pengar overført til folket gjennom statlige ordningar, altså avvikling av velferdsstaten. Som brekkstang for trygdehets osb. brukte Frp. hets mot farga folk som budde i Noreg.

Terje Valen, 7. mars 1995.

Til heimesida att.