Strategi og taktikk for NUFO - nufonot1.htm
16.03.89 skreiv eg denne kladden som eg i hovedsak framførte på eit møte i Bergen lokallag ein gong Magne Sognvoll var til stades. Dette er sjølvsagt knappe spissformuleringar som eigent lig treng kvalifisering og utdjuping, men eg presenterer dei no i den skarpe knappe forma.
1. NUFO treng ein strategisk plattform bygd på:
- eit pedagogisk grunnlag,
- dei grunnleggande utvik lings tendensane i økonomi og politikk, skuleverk/utdanning
- eit økonomisk grunnlag,
- ein visjon om utdanning i framtida.
Sentralt for det pedagogiske grunnlaget må vere offentlig betalt likeverdig, 12-årig allmennutdanning for alle. Dette betyr å sloss for ein virkelig folkeskule.
Utdanning er knytt til økonomi. I økonomien står verdsmarknaden, konkurransekrafta og dermed evnen til å skaffe mest mulig profitt for dei største eksportforetaka i sentrum. Tendensen idag er å under ordne utdanninga stadig meir direkte under denne typen økonomi.
Dei grunnleggande tendensane i økonomi og politikk, skuleverk/utdanning peiker derfor i retning nedbygging av god utdanning til alle og mot eit samfunn der ein litt større del enn no skal få høg utdanning, mens størstedelen skal få mindre og billigare utdanning. I Hernesutvalet får vi og framført eit innsnevra kunnskapsomgrep som skal dirigere all utdanning.
Dette kjem i direkte motstrid til rolla vår som pedagogiske fagarbeidarar. Denne rolla tilseier nemlig eit standpunkt for at alle menneske har krav på å få del i og vidareutvikle dei kunnskapsskattane som menneske har samla seg gjennom historia, at alle har krav på å kunne få brukt denne kunnskapen til felles og eige beste. Framtidsvisjonen vår må vere eit utdannings- og samfunnssystem der dette er mulig.
I høve til denne strategiske tenkinga er styresmaktene idag både ein motstandar og ein fiende. Derfor må kampen mot desse vere overordna samarbeidet. Samarbeid vil, slik situasjonen no utviklar seg under marknadsøkonomien, alltid, på sikt og i hovedsak, føre til resultat som går på tvers av det store fleirtalet av lærarane sine interesser både når det dreier seg om løn, arbeidstid, pedagogikk, faginnhald og andre saker.
2. Ut fra den strategiske plattforma må det utviklast ein taktikk som kan sameine alle som har interesse av ein god offentlig almennutdanning.
Det krev først og fremst ein organisasjon som er samd om dei viktige prinsippa, sakene, arbeidsmåtane og kampformene.
Men det krev og nært samarbeid mellom alle lærarorganisa sjonane og helst ein organisasjon for lærarar i det offentlige skule verket.
Dessutan må det arbeidast for alliansar med elev organi sasjonar og føresette, med dei andre profesjonane, med opposisjonen i fagrørsla elles og med alle organisasjonar og rørsler som kan stø kravet om ein god offentlig almennutdanning både i Norge og elles i verda.
For å få til dette må NUFO stø dei som vi vil ha allianse med og legge vekk all nedvurdering av andre yrke og organisasjonar.
3. Det må utviklast eit breitt organisasjonsdemokrati på grunnlag av omfattande medlemsskulering. Det må lagast skuleringsopplegg for alle medlemmer gjennom klubbane og på andre måtar og det må utviklast eit godt system for å utveksle informasjon og utvikle diskusjonar slik at heile organisasjonen i størst mulig grad kan komme fram til konsensus.
4. Denne omlegginga krevjer ei ny form for innretting og leiing og ein ny type leiarar. Arbeidet må utviklast mykje meir etter meiningane og interessene til fleirtalet av medlemmene.
5. Omlegginga krev og eit meir aktivt forhold til omverda gjennom eigne kanalar og media.
Terje Valen, 16/4-1990.