KAMPEN OM KUNNSKAP.

Over store delar av den industrialiserte verda har det i nokre år no rast ein kvass kamp om kunnskap. I England, Frankrike og Finnland f.eks. har det vore harde og vellukka angrep på den offentlige skulen. No er denne kampen og trappa opp i Norge.

Kva handlar kampen eigentlig om? Jau, det er ein kamp om heile folket eller bare ein liten del av folket skal få del i den oppsamla kunnskapsarven som finnast i verda. For at dette skal skje må landa ha sterke offentlige skuleverk, gode og gratis offentlige bibliotek og etter kvart lett og gratis tilgang på dei store nye databasane som blir bygd opp.

Dersom dei offentlige tilboda på dette feltet blir bygd ned så får vi automatisk ei utvikling i retning av at bare nokre få kan skaffe seg tilgang til den kunnskapsarven det her er snakk om. Desse få vil vere dei som har foreldre med pengar og utdanning, eller dei som blir sponsa av føretak som satsar på dei.

Kampen om kvalitet i den offentlige skulen er derfor ein slags skjebnekamp. Han handlar om det viktigaste grunnlaget for utviklinga av livet på jorda, nemlig den jamne utviklinga av kunnskapen til dei store folkemassane. Eit folk som idag satsar på at bare ein liten elite skal få del i kunnskapen riv vekk grunnlaget for utvikling i framtida.

Det viktigaste grunnlaget for ei demokratisk utvikling i ein stat er eit høgt og veksande kunnskapsnivå i heile folket. Derfor er kampen om gode vilkår for dei mange til å få kunnskap avgjørande for om demokratiet i ein stat skal utvikle seg eller stagnere på eit lågt nivå og gå tilbake til meir direkte diktatoriske formar.

Idag er den offentlige skulen i Norge under angrep frå represen tantar for eit lite men mektig mindretal som har kortsiktige økonomiske interesser av å ta fra det store fleirtalet den sjansen dei idag har til å skaffe seg kunnskap. Dette mindre talet har kortsiktig interesser av å spare på offentlige utgifter for å kunne sløse desto meir pengar på saker som folk ikkje har noko nytte av, men som mindretalet kan tjene store pengar på etter kort tid. Her kan nemnast både aksjespekulasjon, Norges Bank sine kjempeutlån til USA som går til Reagan sin stjernekrig mellom anna, og investeringsboblen i vegar, bankbygg, nye foretnings sentra osv.

Desse som er hengd opp i det kortsiktige fortenestesystemet, ser og at det snevert sett trengs mykje ferre høgt utdanna folk for å få deira system til å fungere i framtida. Dei ser at dette systemet krev ganske få høgt utdanne folk, mange knappetrykkarar og overvakarar av automatiserte prosessar, og mange arbeidslause. I eit slik sjukt system har det ikkje noka hensikt å spandere samfunnet sine ressursar på god og høg utdanning for det store folkefleitalet. Idag representerer regjeringa desse kortsiktige interessene. Derfor går dei i spissen i kampen mot lærarane, elevane og foreldra sin kamp for godt utdanna og godt kvalifiserte lærarar, og for mange andre og forbetra rammevilkår i skulen.

Andre grupper får og smake denne nedskjeringspolitikken. Krisa i økonomien viser seg idag som for mykje pengar på den sida som søker kortsiktig forteneste og for lite pengar på den sida som er avgjørande for at folk sine viktigaste behov idag og i framtida skal blir tilgodesett.

Akkurat no står derfor lærarane i spissen for ein skjebnekamp om folket sin rett til kunnskap, om sjansen til å skape ei betre verd i framtida, og om det skal bli mulig å utvikle eit meir tenelig demokrati.

I spelet for å rasere skulen har regjeringa brote all rimelig folkeskikk og alle rettferdsprinsipp. I slike tilfelle har folket lov til å ta ibruk naturretten mot den formelle statsretten. Og denne naturretten seier at det er rett å gjøre opprør mot dei formelle reglane dersom dei blir brukt til å tyne folket og hindre det i å få utvikle ei god framtid.

No står det om meir enn formalitetar. No står det om framtid og demokrati for den oppveksande slekta. Derfor må ikkje lærarane gi seg. Derfor må alle i samfunnet støtte lærarane sin kamp no før det er for seint.

Terje Valen 20.01.1988.