Alle administrative nivå blir meir og meir driven med rammeløyvingar og målstyring. Vi snakkar altså om to metodar. For det første gir sentralmakta ein kommune råderett over ein "sekk" med pengar av ein viss storleik, som kommunen sjølv får stor makt til å fordele på dei behova som fins. For det andre set sentralmakta mål for kommunen si verksemd, og desse måla må kommunen nå med dei pengane dei får, eller kan skaffe seg.
Dette foregår vidare ned i systemet også, slik at kommuneleiinga gir dei forskjellige sektorane i kommunen ein "sekk" med pengar av ein viss storleik og denne sektoren får mål både frå sentralmakta og kommunen som han skal nå med dei pengane han får. Sektoren får elles stor fridom til å bruke pengane slik dei sjølv vil. Så gjør sektoren det samme med sine underavdelingar. Kommunalavdelinga for skule gir til dømes ut ein viss sum pengar til dei enkelte skulane, som skal nå alle dei oppsette måla frå alle nivå over, og som får stor fridom til å bruke pengane slik skulen vil.
Ut frå behova til folka i kommunen kan dette fungere godt og det kan fungere dårlig. Det kjem an på om sentralmakta veit om behova og kva det kostar å stette dei, og om dei løyver nok pengar til at kommunen kan stette dei.
Informasjon om dei behova som fins kan bare komme nedanfrå i systemet. Dersom denne informasjonen ikkje blir samla inn og dannar grunnlag for tildelinga av pengar, så kan ikkje dette opplegget fungere skikkelig sett ut frå behova til dei som er på botn i systemet.
Nå er det slik at det stort sett er slutt på å samle inn informasjon om behova på botn og å sende han oppetter i systemet. Før gjorde vi dette i skulane, slik at skuleavdelinga i kommunen kunne vite kva vi trengte for å lage god skule. Når dei så skulle løyve pengar så såg dei kva behov som ikkje blei dekka dersom dei løyva for lite.
No er det slik at regjeringa fasteset ein sum for heile landet utan å vite om behova til dei på botn av systemet. Kommunen fastset så ut frå det ein sum for kvar kommunalavdeling utan å kjenne behova der. Og kvar del av sektoren, ein skule til dømes, må bare klare seg med det dei får og tilpasse behova sine etter det, samstundes som dei altså får nye og høgare krav til yting og resultat. Dei som sitt eit trinn opp i systemet veit korkje kva behov som fins på botn, eller kva behov som ikkje blir dekka dersom dei løyver for lite pengar.
Rammene og måla blir sette i eit samarbeid mellom regjeringa og storfinansen i landet og etter sonderingar i dei store organisasjonane der leiinga stort sett har større lojalitet med dei andre toppane i systemet, enn med medlemmene på botn i organisasjonane sine. Måla blir i hovedsak bestemde ut frå eksportindustrien sine behov for kapitaloppsamling heime og investeringar i utlandet, dvs. ut frå den såkalla konkurransekrafta til kapitalen i Norge. Det som til jsjuande og sist bestemmer desse måla er profittraten i systemet. Denne raten har ein tendens til å synke. Sidan 1965 har denne tendensen blitt svært påtrengande. Ut frå dette spring kravet om ei viss arbeidsløyse som legg press på dei i botn av systemet slik at dei som har jobb skal finne seg i lågare levestandard, dårligare arbeidsvilkår og meir stress og press. Det spring også ut eit krav om å få minska statlige overføringar til foretak, folk og næringar som treng det av andre grunnar enn rein kapitaloppsamling og profitt, og nedbygging av velferds- og sosialstaten, helsesektoren, skulesektoren, kort sagt heile den såkalla offentlige sektor.
Det arbeidande folket sine rettar er avgrensa til å stemme for kva slags regjering som skal gjøre avtalane med storfinansen, og velje kva slags organisasjonsleiing som skal samarbeide med regjeringa og storfinansen om å legge måla. Dessutan har dei rett til å seie frå om at dei er usamde i det som går føre seg, og dei får lov til å streike og demonstrere osb. for å unngå dei verste forslaga frå kapitalen og regjeringa, som desse likevel ikkje hadde tenkt å få gjennom. Ein sjeldan gong kan dei på botn også vinne ei spesiell sak som spring fram av viktige enkeltståande behov, men då må det anten mykje flaks til eller ein enorm innsats.
Konklusjonen på dette blir at rammeløyvingar og målstyring no går føre seg på ein utsøkt udemokratisk måte. Det er reine diktatet nedetter i nivåa som skapar ei uendelig rekke av kvardagslige problem som får dei på botn til å streve livet av seg for å nå mål som dei ikkje har vore med å sette, innanfor økonomiske rammer som dei mest ikkje har noka innflyting over. Dei som er på mellomnivå blir bunden til å legge press nedetter. Oppgåva deira blir å inspirere dei på botn til å finne praktiske løysingar på dei kvardagsproblema som dei høge måla og dei tronge rammene skaper. Dei på botn som blir lurt, eller som vil stige i systemet, hjelp til med å løyse kvardagsproblema. Sjølvsagt med det resultat at det blir lettar for dei oppe å skape nye.
Eit konkret eksempel er fjerninga av lærarane sine kaffikokarar på skulane i Bergen. Det utløyste sjølvsagt stor kreativitet på mange lærarrom for organisere lærarane best mulig til sin eigen kaffikoking i den tida då dei elles ville ha kvilt for å yte meir i neste time, eller då dei ville ha førebudd denne timen. Dette gjorde dei då istadenfor å kjempe for at kaffikokarane skulle få halde på jobben sin.
Å protestere mot høgare nivå passar lite med sjefsjobbar på mellomnivå. Denne måten å styre på skaper slike arrogante leiarar på toppen som Gro og Hernes, og ei mengd småklonar lågare i systemet. Det sug mykje kraft av dei på botn å halde ut med slikt. Derfor skapar det dårligare arbeid på botn også.
For at entusiasmen og skaparkrafta til dei på botn skal bli utløyst, må dei vere med på å sette overordna mål og rammer for verksemda si og for drifta av heile samfunnet. I samfunn med høgt utvikla produktivkrefter og kommunikasjonssystem og høgt utdanningsnivå ligg dei materielle forholda til rette for at det kan skje. Men det kan ikkje skje innan eit økonomisk system der kapitalen sine behov for akkumulering og profitt er øvste prinsipp. Det kan bare skje der individa og samfunnet sine menneskelige behov er rettesnor for utviklinga av heile utvekslinga mellom menneska og naturen.
I eit økonomisk system som tar utgangspunkt i dei menneskelige behova og ikkje i behova for kapitaloppsamling, kan rammeløyvingar og målstyring vere moment i ei positiv og smidig drift av samfunnet som tar omsyn både til behovet for sentral styring og lokalt initiativ. Slik sett har den høgt utvikla statsmonopolkapitalismen utvikla former som peiker utover systemet og i retning den første og politiske fasen av kommunismen. Det er positivt.
Men før vi kjem så langt, må denne staten opphevast gjennom store strider, også kalt revolusjonar. Med dei djupe økonomiske krisene og dei krigane som no står for døra, også i dei rike kapitalistiske landa, er dette noe vi må førebu frå no av om ikkje vi skal bli fanga lenge i elendet til ein oppråtnande og grusom kapitalisme.
Og i mellomtida må vi skape ein svært brei einskapsfront for å kjempe mot at folk sine rimelige kvardagsbehov blir sett til side. Det tyder at alle må slåss for sine rimelige menneskelige behov og samstundes støtte alle andre som også slåss for sine rimelige menneskelige behov. Kampen må vi rette mot det systemet og dei personane som virkelig har ansvaret for at behova blir trampa på. Det vil seie dei rikaste og mektigaste i landet og i verda, og deira støttespelarar i politikk, media, kultur og kunnskapsproduksjon. Vi må ikkje rette det mot meir eller mindre tilfeldige syndebukkar som vi blir avundsjuke på.
Det vi treng er ein "vi bryr oss" ideologi, og rørsler som "kvinner på tvers" og "sinterørsla". Og så treng vi ei kjempande fagrørsle som både kjempar for eigne kår, men også for velferden og demokratiet til dei som blir støtt ut av konkurransesamfunnet. Viss ikkje fagrørsla tar den utfordringa, så vil fascistane og dei religiøse fundamentalistane organisere dei sinte massane, slik dei no i stadig større grad gjør det i Frankrike og Østerrike og mange andre stader. Og klarar dei det i større målestokk, så går vi inn i ei lang periode med religionskrigar og rasekrigar, kaos og elende. Det vil vi vel ikkje.
Terje Valen, 25.10.96. Til heimesida att.