Tankar
ved lesing av Terje Tvedts verdshistorie
Innleiande kommentarar
I boka Verdenshistorie
med fortiden som speil (2020) stiller Terje Tvedt til saman 22 spørsmål som
han vil drøfte. Tre av dei handlar om dei gamle elvekulturane, seks handlar om
det osmanske riket og Ming-dynastiet i Kina, fire handlar om kvifor den
industrielle revolusjonen begynte i England, fire handlar om verknadene av den
engelske koloniseringa av ein del av Afrika, to handlar om Kina kan overta for
USA som den leiande makta i verda. Dei tre siste handlar om korleis skiftet i
høve miljøutfordringa skal fortolkast.
Dette gir seks
hovudbolkar som kvar får sin del i boka.
Den første delen
munnar ut i ei programerklæring om at vi no må legge mykje større vekt på
geografisk tilhøve når vi skal forklare korleis forskjellige samfunn har
utvikla seg, enn det som har vore gjort til no. Og det programmet følgjer han
opp i resten av boka, med spesielt omsyn på elvane si rolle. Med all merksemda
no på natur og kriser er dette eit tidsriktig utgangspunkt, utan at det treng
vere så mykje betre enn andre utgangspunkt som Tvedt diskuterer og kritiserer.
Kvifor kom den industrielle revolusjonen i England og ikkje i Kina.
I det følgjande
vil eg konsentrer meg om del 3 i boka, som Tvedt kallar Vestens seier. Her
forklarer han kvifor det var England og ikkje Kina eller andre område som kunne
bli den staden der industrikapitalismen slo gjennom og danna grunnlag for
England si dominerande stilling i verda på slutten av 1700- og utover på
1800-talet. Det var rett og slett dei opphavlege naturvilkåra som gjorde dette.
Og blant desse naturvilkåra trekk Tvedt fram forskjellen i elvesystema i desse
landa.
Tvedt nemner
først det han kallar dei revolusjonære sektorane. Han seier at då må vi først
undersøke tekstil- og bomullsindustrien. Det var der dei moderne fabrikkane
oppstod og fram til 1820 var vasshjulet den teknologien som dreiv veve- og
spinnemaskinane som produserte tekstilar og den mest effektive varianten av
vasshjulet var overfallshjulet der vatnet blei leia slik at det fall på
skovlene ovanfrå.
Så nemner han
dampmaskinen som etter kvart tok heilt over frå vasshjulet, men det skjedde då
første fase av den industrielle revolusjonen var over. Difor kallar han ikkje
dette ein sektor som spelar ei rolle i den første delen av den industrielle
revolusjonen.
Den andre
sektoren han nemner er jarnindustrien. Han seier at den andre fasen kvilte
heilt og fullt på jernindustrien, men ikkje den første. Så seier han at det
revolusjonære ved jernindustrien under den industrielle revolusjon var
kvaliteten på jernet. Og
den blei betre desto meir varme dei hadde i produksjonsprosessen. Det var difor
viktig å få høgast mogleg temperatur til kolet i masomnane og då trong dei
mykje energi og det var det berre vasshjulteknologien som kunne drive kraftige
blåsebelger.
Så viser han til
handelen som eit tredje felt som vi bør
studere. Og for handel trengs eit transportsystem. I England blei det kanalane fordi
dei orohydrografiske (som har med fjell og vatn å gjere) tilhøva gjorde det
mogleg å grave kanalar til om lag alle byar i landet. Altså vatn som avgjerande
fram til jarnbanen kom godt ut på 1800-talet.
Tvedt vil altså
vise at den første fasen av den industrielle revolusjonen i verda var spinne-
og veveindustrien og så kom jarnindustrien. Konklusjonen til Tvedt er at dei
fleste land verda mangla dei naudsynte føresetnadene for å utvikle desse
industriane i stor målestokk. Dei mangla det vasslandskapet og dei forholda som
samfunnet hadde til bruk av vatn som gjorde mekanisering av tekstilfabrikkane
og bygging av effektive masovnar i jarnindustrien mogleg ved bruk av vasshjul
til å drive blåsebelgar. Og så hadde dei heller ikkje dei materielle og fysiske
føresetnadene for å bygge eit transportnettverk som kunne skape nasjonale
marknader og knytte det til dei nye globale handelsrutene over verdshava.
Mens dei
dominerande elvene i Kina er store og har store årlege endringar i vassføringa
pluss periodevis store flaumar, kan danne grunnlag for irrigasjonsjordbruk, men
ikkje for transport av store mengder gods til mange plassar. Desse elvane renn
gjennom nokre av dei mest folkerike områda i Kina, men områda er så flate at
det ikkje er mogleg å få dei til å drive dei mest effektive vasshjula fordi dei
ikkje kunne skape overfall ned på skovlene til hjula. Dessutan trekk dei med
seg store mengder slam i tider med flaum, noko
som gjer at dei byggjer seg opp over landskapet rundt og stadig truger
dette med store flaumar. India hadde same problema.
I England derimot
regner det jamt heile året rundt og landskapet bølgjer i låge åsar. Elvene er
ikkje så store, men dei er mange og går på kryss og tvers i det som vi nå
kjenner som det gamle industribeltet i landet. Vassføringa i dei er ganske jamn og det er passane helling i
terrenget slik at dei renn brattare nedetter enn i Kina. Difor kan dei drive
vasshjul med overfall og dei var effektive nok til å drive mykje arbeid sjølv
om frost og is kunne vere eit problem. I England hadde dei og mykje erfaring
med 700 års bruk av vasshjulsteknologi før den industrielle revolusjonen tok
til. Difor hadde lokalsamfunna kompetanse til å utvikle dette systemet vidare.
Dette gjorde det og mogleg å bruke elvene og å bygge eit nett av kanalar til
mest alle byer i England. Og då kunne dei transportere mykje større kvanta og
vekt av til dømes kol og jarn til fabrikkar mange stader enn det som var mogleg
over land, kanalane gjekk også utanom elvene.
Heile første
delen av den industrielle revolusjonen frå 1771 av var drive med vatn som
drivkraft. Først etter 1820, i den andre fasen av den industrielle
revolusjonen, blei dampmaskinen ein viktig drivkraft i tekstilindustrien, skriv
Tvedt .
Då dei første
tekstilfabrikkane vart bygga i 1771 var den nye teknologien representert av
spinne- og vevemaskinane til Richard Arkwright. Tvedt skriv at han var ein
slags sjølvlært Reodor Felgen som bygga desse maskinane. Han hadde ikkje
kontakt med dei store handelskapitalane eller slavekapitalane. Men for at
maskinane hans skulle kunne brukast måtte dei har ei drivkraft som fungerte
heile året. Det var ei elv i området, men den fraus om vinteren. Men då oppdaga
Arkwright ei mindre elv som kom ut av ei gruve. Den fraus ikkje. Så leia han
denne elva fram til en passande stad og laga eit fall som kunne drive ei
overvassmølle. Dermed var det gjort. Mølla kunne drive dei nye maskinane året
rundt. Dei reiste til Piemonte i Italia for å får tak i deira vasshjulteknologi
og det fabrikk-konseptet dei kunne bruke. Dette
kopierte dei Lancashire i England, og Tvedt kan samanfatte det dermed
blei England verdas «ledende bomullsprodusent i løpet av noen få tiår. Det hadde et
hydrologisk system og topografiske trekk som ga distinkte komparative
fortrinn.»
Så skriv han
at dampmaskinen først erstatta vatn som drivkraft etter 1820, men at vi på
grunn av den store betydning han hadde i den industrielle revolusjonens andre
epoke, gav han kreditt også for ei tid då han ikkje var tilgjengeleg. Elles skriv han, som nemnd, at ein slik
revolusjon ikkje kunne ha funne stad i Kina på grunn av at elvene der ikkje var
slik at dei kunne rigge overfallsvasshjul.
Eg tenker at
Tvedt sjølvsagt har heilt rett i at det var vasshjul som var viktigaste
drivkraft då bomullsindustrien sine revolusjonerande nye maskinar blei tatt i
bruk, og at elvene i Lancashire var spesielt godt egna til dette. Dette er
velkjend for dei som har sett seg litt inn i engelsk historie.
Men dette gir oss
på ingen måte noko svar på kvifor den industrielle revolusjonen
begynte i England. Lat oss seie at elvene i England ikkje kunne drive
overfallsvasshjul. Viss vi skal tru Tvedt så hadde vi då ikkje fått nokon
industrielle revolusjon der. Og det tyder faktisk at det ikkje hadde blitt
nokon industriell revolusjon i det heile, dvs. ingen industriell revolusjon i
verda der det ikkje var elvar som gjorde overfallsvasshjul mogleg? Er det eit
truverdig standpunkt?
Det skal ikkje
mykje til for å skjønne at kvaliteten på elvene i delar av England virka
kraftig inn på den forma den første delen av den industrielle
revolusjonen fekk, men at mangelen på denne kvaliteten på elvene skulle ha
stansa heile denne revolusjonen, det er eit heilt anna spørsmål som Tvedt
faktisk over hovudet ikkje er inne på.
Men det vi veit
er at Watt sin dampmaskin alt nokre år etter at Arkwright sette opp sin første
vasshjuldrivne fabrikk var så godt utvikla at han kunne drive tekstilfabrikkar.
Dampmaskinen blei ført ut på marknaden i 1774, berre tre år etter at Arkwright
sette i gang sin tekstilfabrikk driven av vasshjul, og Arkwright sjølv sette
til dømes opp sin første dampdrivne bomullsfabrikk i Manchester alt i 1781.
Vi kan då ganske
enkelt slå fast at om elvene ikkje fanst, så ville dampmaskinen ha vore sett
inn som drivkraft i løpet av kort tid etter 1771. Det ville riktig nok ha kravd
større investeringar, men det ville og ha ført til at utviklinga av
dampmaskinar og auka produksjon av dei ville ha blitt prioritert høgare. Då
ville og prisane på dei ha gått ned og dermed kunne tekstilindustrien ha blitt
spreidd til mykje større delar av England fortare enn det som skjedde fordi
vasshjuldrifta blei så dominerande, og særleg til meir folkerike område der det
var mykje meir tilgjengeleg arbeidskraft nær ved, enn i det folketomme Lancashire.
Då ligg det nær å
hevde at vasshjuldrifta var ein gamaldags metode som faktisk seinka utviklinga
av den industrielle revolusjonen. Men kanalsystemet var viktig for den
transporten av kol og anna som var naudsynt for den industrielle revolusjonen.
Vasshjuldrifta i Lancashire hadde dessutan ein annan naudsynt føresetnad som
Tvedt ikkje har tenkt på.
Eit anna «komparativt fortrinn»
Tvedt
konsentrerer seg om Arkwright og elva som kunne drive overfallsvasshjul. Han
skriv til dømes: «Det er generell enighet om at det var innenfor
bomullsindustrien den moderne fabrikken først oppsto, og at det var der
maskiner for første gang bestemte arbeidets organisering og rytme.» Vi spør oss
sjølvsagt om det var maskinane som sjølv bestemte dette, eller om dei som eigde
dei og brukte dei til å skaffe seg profitt hadde noko med saka å gjere. La oss sjå litt korleis
denne organiseringa og rytmen av arbeidet var.
Det
heng saman med ein annan innsatsfaktor som Tvedt ikkje nemner. La oss få eit
eksempel på denne innsatsfaktoren slik han er skildra i kapittel 24 i Kapitalen
av Karl Marx.
Her siterer han
ein kar som heitte Fielden som hadde skrive ein rapport om dette:
«I
Darbyshire, Nottinghamshire og ikke minst i Lancashire ble maskineriet som ble
oppfunnet for kort tid siden, tatt i bruk i store fabrikker – like ved elver
som kunne drive vannhjulet. Plutselig trengte man tusenvis av hender, langt fra
byene; Lancashire, som inntil da hadde vært forholdsvis tynt befolket og lite fruktbart,
hadde først og fremst bruk for en befolkning. Størst var etterspørselen etter
små og smidige fingre. Da oppsto vanen med å rekvirere lærlinger (!) fra de
forskjellige soknearbeidshus i London, Birmingham og andre steder. Mange, mange
tusen av disse små hjelpeløse vesener, 7 til 13 eller 14 år gamle, ble på denne
måten ekspedert nordover. Det var vanlig at «mesteren» (dvs. barnerøveren) ga
lærlingene sine klær og mat og innkvarterte dem i et lærlingehus i nærheten av
fabrikken. Det ble ansatt oppsynsmenn som overvåket arbeidet. Disse
slavedriverne var interessert i at disse barna slet seg ut til det ytterste,
for de fikk betaling i forhold til den produksjonsmengden som kunne presses ut av barnet.
Grusomhet var
den naturlige følgen … I mange fabrikkdistrikter, ikke minst i Lancashire, ble
det drevet hjerteskjærende tortur av disse uskyldige og venneløse vesenene som
fabrikkherren hadde fått overlatt til eget bruk. De ble jaget til døde med
overdrevet arbeid … de ble pisket, lagt i lenker og torturert med det mest
utsøkte raffinement av grusomhet; i mange tilfeller ble de sultet ut til nesten
bare skjelettet var igjen, mens pisken holdt dem på arbeidsplassen … I noen
tilfeller ble de drevet til selvmord … De vakre dalførene i Derbyshire,
Nottinghamshire og Lancashire ble barbariske ørkener av tortur – ofte av
direkte mord! … Fabrikantenes profitter var enorme. Det bare forsterket deres
varulvaktige griskhet. De begynte å innføre nattarbeid; når en gruppe hender
var lammet etter dagens arbeid, sto en annen gruppe klar for nattens slit;
daggjengen sov i de sengene nattgjengen nettopp hadde stått opp av, og omvendt.
Det er folketradisjon i Lancashire at sengene aldri blir kalde.»
Vi ser altså
at ved sida av vatnet i elva som Arkwright oppdaga og dei engelske elvene som
kunne drive overvasshjul, så var det
naudsynt å leie ei anna stor elv av barnefingrar inn i fabrikkane for å
skape det Tvedt sine «komparative fortrinn» og slik drive fram
bomullsproduksjonen og den industrielle utviklinga i England. Då blir det sjølvsagt viktig å svare på
spørsmålet om korleis desse barnefingrane hadde kome i den situasjonen at
dette kunne skje med dei. Eg kjem
tilbake til dette avgjerande spørsmålet som ligg utanfor Tvedt sin horisont.
Og den einfaldige
oppfinnaren Arkwright, slik Tvedt ser det, som bygga mange av dei nye
fabrikkane og dreiv dei, var altså med i den gruppa av kapitalistar som med
varulvaktig griskheit tok del i ei arbeidsdeling der dei torturerte barn og
innførte barnearbeid om natta for å skaffe seg maksimal profitt.
Ein rimeleg
konklusjon er at Arkwright og dei andre fabrikantane satsa på den avleggse
teknologien med vasshjul og kriminelt barnearbeid fordi det var mest
profitabelt. Dette gjorde at utviklinga og bruken av dampmaskinen blei hindra,
slik at den teknologien Arkwright tok i bruk i røynda seinka den industrielle
revolusjonen i England.
Detaljar om utviklinga av dampmaskinen og jarnindustrien
Men det er meir.
La oss sjå på utviklinga innan eit anna felt som Tvedt nemner, utvikling av
jarnindustrien. Ei god samanfatning finn vi her:
https://www.sciencedirect.com/topics/engineering/metallurgical-coke
Når Tvedt snakkar
om masomnar så ser vi at han berre nemner kol som brensle i omnane. Då ser han
bort frå ei heil revolusjonerande utvikling i jarn- og stålproduksjonen. Dette
var overgangen frå kol til koks og dampmaskinen si rolle i dette. Då Newcomen
fekk ferdig sin dampmaskin i byrjinga av 1700-talet var det ein kar som heitte
Darby som laga kjelar til maskinen. I 1707 fann han ut at han kunne erstatte
trekol som då var mest brukt i masomnane med koks. Dette opna for ein verkeleg
revolusjon i jarnproduksjonen. Han vart lenge hindra fordi England enno hadde
skogar til trekolproduksjon og kunne få billig stål frå Sverige og andre land.
Men rundt 1750 fall
eksporten frå Sverige mykje og ei rask utbygging av masovnar med koks som
brensle kom i gong. 30 slike var bygd mellom 1750 og 1770 og dette gjorde at
dei i England auka sin prosentdel av eigenprodusert råjarn frå 10 % til 46 % på
desse åra. Dette var ei epokegjerande endring. England kunne no bruke dei store
reservane sine av kol til å produsere koks, skogane kunne vernast og
jarnproduksjonen kunne skyte i veret med høgare kvalitet enn før. Utan denne
føresetnaden hadde bygginga av de stadig større jarnrammene i dei spinne- og
vevemaskinane som blei laga, ikkje vore mogeleg. Det var her den industrielle
revolusjonen i England begynte, med Newcomen sin dampmaskin som avgjerande
føresetnad.
Og dette vilkåret
var avhengige av Newcomen si oppdaging av koks som brensle i masomnane pluss
bruken av dampmaskinen hans til å pumpe vatn frå mykje djupare gruver enn før,
slik at den naudsynte kolutvinninga til koksproduksjonen kunne sikrast. Tvedt
nemner ikkje Newcomen si dampmaskin som var ein føresetnad for utviklinga av
jarnproduksjonen i England fordi han sikra naudsynt koltilførsle. Og dette var
ein dampmaskin som altså fungerte frå lenge før spinninga kom i gong.
Men Newcomen sin
maskin blei tatt i bruk alt frå 1712 og rundt 1735 var det om lag 100 slike
maskinar i bruk i England og det er anslått at omtrent 2000 dampmaskinar av
denne typen pluss Watt sin type var i bruk der i 1800. I tillegg veit vi at den
første dampmaskinen (Watts) som dreiv ein tekstilfabrikk i Manchester blei tatt
i bruk allereie i 1781 og det var Arkwright sjølv som sørga for det.
Altså, viss vi
skal vere heilt kronologisk korrekt kom dampmaskinen i bruk i England frå 1712
og sørga for å revolusjonere kolgruvedrifta og dermed jarnproduksjonen frå
rundt 1750. Kolgruvedrifta var også fabrikkmessig drive med lønnsarbeidarar og
investering i annan kapital. Dette nemner ikkje Tvedt. Men det er ikkje feil
viss vi seier at den industrielle revolusjonen i England faktisk begynte i
kolgruvene rundt 1720.
Nokre av dei
mindre effektive tidlege masomnane der dei brukte koks var drivne av vasshjul,
men og av Newcomens dampmaskinar som var mykje mindre effektiv enn Watts sin.
Men etter 1776 begynte Watts meir effektive dampmaskin å bli tatt i bruk for å
drive belgane til masovnane, ved sida av dei vasshjuldrivne. Og det var først
med denne dampmaskinen at dei for alvor fekk opp varmen i masomnane slik at
kvaliteten på jarnet steig mykje. Frå om lag 1780 blei Watts maskin for alvor
tatt i bruk slik og i 1790 hadde England og Wales 83 koksfyrte masomnar i funksjon
og 71 av dei hadde dampdrivne belgar. Det vil seie av Watts sin maskin var
dominerande i jarnindustrien frå ut på 1780-talet. Dette nemner ikkje Tvedt.
Det er ikkje feil å seie at den industrielle revolusjonen fortsette frå
kolindustrien til jarnindustrien med Watt sin dampmaskin som viktigaste
drivkraft frå 1780-talet.
Allereie i 1765
hadde James Watt produsert den første dampmaskinen sin som kunne brukast
praktisk. Etter å ha jobba meir med å finpusse og forbetre maskinen, og
dessutan skaffe seg lånekapital, lanserte han maskinen på marknaden i 1774, tre
år etter at Arkwright opna sin vassdrivne spinnefabrikk. Og vi kan jo nemne at
alt i 1788 gjekk den første dampbåten på Delaware River i USA og 1807 hadde
Robert Fulton klart å bygge det første heilt brukbare dampskipet.
Eit anna faktum
er at før dampmaskinen kom i bruk var bomullsindustrien mest låst til
Lancashire og nokre andre stader, der dei orohydrografiske (oro=fjell og
hydro=vatn) tilhøva var mest passande. Men det var først etter at dampmaskinen
kom at industrien for alvor kunne utvikle seg i andre deler av England og
landet kunne bli den bomullsstormakta som det vaks til.
Slik eg ser det
undervurderer Tvedt dampmaskinen si rolle også før 1820. Det er til dømes ikkje
rett at dampmaskinen ikkje blei viktig i tekstilindustrien før 1820. Det som er
rett er då gjekk talet på dampdrivne tekstilfabrikkar forbi dei vassdrivne.
1820 var altså slutten på ei utvikling der dampmaskinen hadde vorte stadig
viktigare sidan han kom på marknaden i
1774 og begynte å bli tatt i bruk i tekstilindustrien for alvor frå rundt 1780.
Konklusjonen blir
at Tvedt abstraherer frå sentrale fakta når det gjeld utviklinga av, bruken av,
og betydninga av dampmaskinen i den industrielle revolusjonen også frå midten
av 1750-talet av. Newcomen sin dampmaskin er heilt vekke hos Tvedt. Og han
abstraherer frå den tidlege og leiande rolla Watt sin dampmaskin hadde i
jarnproduksjonen alt frå 1780-talet av. Dette nemner han ikkje. Skal eg vere
streng så er dette så slett forskingsarbeid at de tenderer mot falskspel. Som
opplyst historikar må jo Tvedt kjenne desse fakta som ligg ope i dagen for alle
som ser etter dei. Når Tvedt ikkje nemner dei så gjer det at lesaren blir lurt
til å tru på ei usann historie.
Tankar om råvarer og behov
Men
England hadde også ein viktig mangel ved dei orohydrografiske naturtilhøva når
det gald bomullsproduksjon. Dei mangla bomull. Utan bomull ingen spinning og
veving av bomullstøy. Kor kom så bomulla frå. Denne veksten var det gode
forhold for på dei amerikanske kontinenta. 4500 før vår tid dyrka dei bomull i
Sør-Amerika. Aztekarane dyrka bomull og vevde bomullstøy i den tida. Då Spania
erobra dette området utover på 1500-talet oppdaga dei bomulla, men dei var
ikkje så interessert, for dei likte betre andre typar tøy som fin ull, lin og
silke. Så bomulla låg der som ein sovande ressurs. I India og Kina dyrka dei og
bomull, og frå 1500 før vår tid til 1500 vår tid var India verdas leiande
bomullsprodusent og det var den viktigaste handelsvara for handel utover
landets grenser.
Då
engelskmenn etter kvart erobra India på 1500 og 1600-talet begynte dei å
innføre bomullstøy frå dette landet. Importen starta så smått på 1600-talet.
Det skapte ein marknad for dette produktet, og folk begynte å føretrekke bomull
for ull osb. på grunn av kvaliteten. Innføringa av bomullsklede frå India var
eit naudsynt vilkår for den engelske utviklinga av bomullsindustrien fordi det
skapte behov for slike klede i England.
Neste
viktige føresetnad for bomullsproduksjonen kom då Det Øst-Indiske Kompani i år
1600 fekk rettar av dronning Elisabeth til ha handle i Øst-India. I eit heilt
hundreår strevde dei med konkurranse frå eit liknande hollandsk kompani og i
siste del av 1600-talet konkluderte dei med å gi opp denne konkurransen og konsentrere
handelen sin om bomull og silke frå
India. Dette var så vellukka at dei allereie i starten av 1700-talet dominerte
den globale tekstilhandelen. Dei finansierte også sin eigen hær og oppretta
handelsstasjonar i Madras, Bombay og Bengalen. Etter at ei hadde slått ned eit
opprør i slaget ved Plassey i 1754 tok dei full kontroll med områda sine i
India og gav seg og retten til skattlegging av alle som levde innan områda
deira. Det engelske kompaniet blei etter kvart så dominerande at det sto for
rundt 50 prosent av all transport på verdshava. Denne engelske dominansen over
verdshava var eit naudsynt vilkår for utviklinga av den industrielle
revolusjonen i England.
Kompaniet
førte altså inn ferdige bomullstøy frå India. Etter protestar frå ullprodusentane
blei det så forbod mot innføring av slike ferdigvarer til England i år 1700.
Men
Kompaniet førte også råbomull inn i England både frå India og dei Vest-Indiske
øyane, og dei vande handspinnarane og -vevarane i England lærte seg å handtere
materialet og bomullstøy blei populært, særleg fordi det og både kom i ein
betre kvalitet som passa dei som hadde godt med pengar og i ein dårlegare og
rimelegare kvalitet (calico) som vanlege folk kunne skaffe seg. Det blei eit
produkt for masseproduksjon. Her blei det altså gjort politiske vedtak som også
blei nødvendige vilkår for at dei begynte å utvikle bomullsspinning- og veving
i England.
Engelskmennene
lærte seg å spinne og veve slik tøy sjølve. Det var handelsmennene som kom ved
råvarene og som tok seg innsamlinga frå vevarane og salet av tøyet. Dette var
eit viktig trinn i utviklinga mot kapitalistisk drift som hadde begynt allereie
så tidleg som på 1500-talet i ulltøyproduksjonen. I Kina kom organiseringa av
produksjon og omsetnad av bomull aldri opp til det nivået at handelsmennene
også kom med råvarene til produsentane. Der innskrenka handelsmennene si rolle
seg til å hente eit ferdig produkt hos produsentane, som var bøndene. I England
tok det lang tid før dei kunne lage så sterke bomullstrådar at dei kunne sleppe
å ha ull i renningen på vevane sine. Men produksjonen auka jamt og etter nye
protestar frå ull-lobbyen vedtok regjeringa i 1721 calico-loven som la ned
forbod mot innføring av den rimelege calico-kvaliteten. Men presset for å få
denne kvaliteten vaks og tjue år seinare
måtte dei opne for denne importen att, og frå 1740-talet var det klart for det
store racet etter å kunne produsere mest mogleg bomullstøy fortast mogleg for å
profittere på den marknaden for bomullstøy som allereie var skapt. Dette var ei
viktig drivkraft bak den industrielle revolusjonen som kom i tekstilindustrien
i England. Utan dette behovet var det ikkje noko tilskunding til å satse på
dette feltet. Her har vi også drivkrafta bak Arkwright sitt arbeid med å
rasjonalisere spinneprosessen veg hjelp av ei maskin.
Vi
kan seie at den industrielle revolusjonen i utvikling av nye spinne- og
vevemaskinar blei førebudd av Kays skyttel som for alvor kom i bruk rundt 1750
og som gjorde at vevarane kunne veve mykje fortare enn før slik at spinnarane
ikkje klarte å levere nok tråd til å dekke etterspurnaden frå dei som vevde.
Det førte til eit stor press for å få til raskare spinning. Det førte til
oppfinninga av maskinen Spinne-Jenny som løyste dette problemet, og løyste det
så godt av vevarane ikkje kunne henge med. Dermed måtte ein jobbe fram maskinar
som kunne veve fortare. Desse la igjen press på spinnarane slik at desse
maskinane måtte forbetrast osb.
Men
i første fase av denne industrien var ikkje volumet så stort. Det
gjennomsnittlege, årlege forbruket av bomullstekstilar i England for tiåret
1770-80 var 2,6 millionar kg. 50 år seinare, i 1820-30, hadde forbruket
eksplodert til 122 millionar kg pr. år. Bomullsprodusentane hadde også store
vanskar med å levere store volum. Til å begynne med kom all bomull frå
Østen/India og Vest-India. Bomullsdyrking var for arbeidskrevjande for
amerikanske farmarar. Det tok ein person ein heil dag å fjerne frøa frå eit
halvt kilo bomull.
Men
det endra seg i 1793 då amerikanaren Eli Whitney fann opp ein maskin som kunne
utføre denne prosessen. Egreneringsmaskinen revolusjonerte bomullsproduksjonen.
Volumet steig 100-fold på få år. Samtidig sank prisen. Med Whitney's maskin
kunne ein person reinse 25 kg bomull om dagen. Nesten over natta begynte
amerikanske farmarar å dyrke bomull. Så det var først ut på 1790-talet dei
kunne begynne å importere verkeleg store kvanta råbomull til England og
slavearbeidet i USA var avgjerande her.
Arkwright
tok i bruk og fortsette å bruke den gammaldagse drivkrafta frå vasshjulet fordi
profitten ved å bruke vasshjul og torturere småungar var så stor at han hindra
overgang til den mykje betre drivkrafta frå Watts sin dampmaskin. Ut frå dette
er det faktisk ikkje urimeleg å hevde at i den perioden der vasshjulet
dominerte som drivkraft i bomullsindustrien hadde han eit tilbakeliggande,
førindustrielt preg som var eit hinder for raskare utvikling av produktiviteten
på området.
Kolgruveindustrien
gjekk for alvor ut av den førindustrielle tida då dei utvida bruken av Newcomen
si dampmaskin frå 1750-talet. Jarnindustrien tok i bruk Watt si dampmaskin på
1780-talet og var i det vesentlege ute av den førindustrielle tida alt før
1790. Mens tekstilindustrien vart halde tilbake i enno nokre år.
Eit
sentralt trekk ved den industrielle revolusjonen var jo at han nett frigjorde
bruken av maskinar frå slike kraftkjelder som låg der i den opphavlege naturen
og som difor var låst til spesielle geografiske stader. Heile dette biletet
utelet Tvedt i si «Verdshistorie».
Tankar om arbeidskraft
Dette kjem att i
neste problem, som er arbeidskraft. Eg har tidlegare vist at det ikkje var
berre ei elv med vatn som skulle til for å bygge opp bomullsindustrien i
Lancashire. Dei trengte også ei elv av barnefingrar, og for å maksimere
profitten trong dei å mishandle dei til daude. For å bygge opp ein ny industri
trengs altså arbeidskraft. Denne var skaffa i England gjennom ei lang og
særeigen utvikling der etter at dei gamle føydalherrane hadde utrydda kvarandre
i kampen om kongemakta på 1400-talet.
Dermed var
føydalismen i England rydda grundig av vegen tidlegare enn i noko anna land. Då
dei føydale eigedomsforholda og striden mellom føydalherrane om kongemakta tok
slutt og England blei lagt inn under ein konge fekk vi sjå store endringar i
samfunnet. Vi fekk det som har blitt kalle den vesle industrielle revolusjon på
1500 og 1600-talet.
Samstundes var
det ei stor omlegging av jordbruket til sauedrift og sal av ull, fordi dei nye
godseigarane visste at det var stort behov for ull til den veksande
produksjonen av ulltøy i Flandern, på andre sida av Den engelske kanal. Dette
utvikla handelskapitalismen på landsbygda. Det førte også til at store mengder
bønder blei driven frå gard og grunn når godseigarane kasta dei ut for å bruke
jorda til sauebeite. Dette var første omgang av denne utdrivinga. Store flokkar
med fattige folk utan arbeid oppstod.
Etter den
engelske revolusjonære krigen frå rundt 1640 til 1660 og konsolidering av eit
samarbeid mellom dei store handelsmennene og jordeigarane i 1688 var det ei ny
stor omlegging av jordbruket frå midten av 1700-talet. Det var resultat av ein
brutal klassekamp på landsbygda gjorde at særleg småbøndene som hadde drive med
litt heimeindustri, gjerne veving og spinning, og hadde nokre dyr eller fjørfe
og kunne ha litt fast eller daglønna arbeid, blei drivne frå gard og grunn.
Samstundes blei det innført nye betre metodar i jordbruket som gjorde et ein
produserte meir med færre folk. I åra frå 1750 og frametter fall også lønna til
jordarbeidarane til under det dei trong for å leve. Dei måtte ha støtte frå
staten.
Det var tre store
verknader av dette. For det første gjorde den auka produktiviteten i jordbruket
at dei kunne fø den store mengda industriarbeidarar som etter kvart arbeidde i
fabrikkane. For det andre skapte han ein reservearmé av lønnsarbeidarar og
sørga for «frie» arbeidarar som kunne dekke behovet for arbeidskraft i
fabrikkane og det var denne samankoplinga av arbeid og kapital som, på ei tid då
storskala produksjon var mogleg, som var det vesentlege ved den industrielle
revolusjonen. Og for det tredje skapte det ein stor indre marknad for
fabrikklaga varer. Dei nye arbeidarane måtte kjøpe det dei trong. Dei var vekke
frå heimeindustrien og sjølvforsyninga med mat på dei små gardane. Denne
heimlege etterspurnaden var naudsynt for at bomullsindustrien først kunne
utvikle seg for sidan å erobre verda med sine produkt. Ein heilt sentral
marknad blei seinare India sjølv, der dei engelske bomullstøya konkurrerte ut
den lokale produksjonen, med store skadeverknader for dette landet, mens
bomullsmagnatane i England gjorde grove profittar.
Når det gald
arbeidskraft var det og avgjerande at det trongs tynne fingrar for å halde oppe
farten i veveria. Det førte til at kvinner og særskild barn blei trekt inn i
denne produksjonen slik at største delen av den nye arbeidarklassen var ungar
ned i skulealder og kvinner. Dette reiv opp familiesystema i området skapte
enorme problem og lidingar. Men det var eit avgjerande vilkår for at industrien
kunne utvikle seg. Alt dette var naudsynte historiske vilkår for at den nye
industrien kunne bli bygga opp. Tvedt har abstrahert frå alt dette når han har
laga sin abstraksjon av grunnen til at den industrielle revolusjonen skjedde i
England var elvar som passa for overfallsvasshjul.
Desse naudsynte
vilkåra for Arkwright og dei andre si utvikling av bomullsindustrien forsvinn i
Tvedt sin konsentrasjon om produktivkrefter og elver. Dette er ein av dei store
veikskapane i vendinga mot geografi og
ytre miljø i historie»vitskapen». Dei gløymer produksjonsforholda, dvs.
utviklinga av menneska sine høve til kvarandre og den produktive krafta, og
heile endringskrafta, som ligg i dette. Og dette er Marx sin enorme styrke. Han
var opptatt av menneska og korleis dei hadde det og utvikla forholda sine. Og
korleis det att virka inn på korleis dei utveksla seg med resten av naturen og
utvikla produksjonen sin. Det er ei ope haldning til korleis historia utviklar
seg som tar omsyn til naturvilkåra, men som også legg vekt på at menneska sjølv
skapar nye naturvilkår, og dermed blir ikkje historia låst inne i dei
opphavlege naturvilkåra slik Tvedt gjer det, men den vidare utviklinga av
historia blir avhengig av denne menneskeleg verksemda og dei produktivkreftene
menneska utviklar pluss dei produksjonsforholda som oppstår – som også kan både
hindre og fremme utviklinga av produktivkreftene.
Dette er ikkje ei
haldning som opnar for at historia er bestemd på førehand, han opnar tvert imot
for ei uendeleg rekkje av utviklings- og avviklingsmoglegheiter i framtida. Og
der står vi jo svært tydeleg i dag. Menneska sjølv er blitt den viktigaste
produktivkrafta, og produktivkrafta er innbakt i produksjonsforhold
(kapitalismen) som gjer at denne produktivkrafta blir meir og meir til ei
universell øydeleggingskraft. Det ser ut som dette ligg utanfor Tvedt sin
horisont. Boka hans er difor reelt sett uvesentleg som lærdom for dagens
menneske, bortsett frå den allmenne haldninga at vi må ta omsyn til naturen
elles går det gale.
Tankar om forskinga på
kvifor den industrielle revolusjonen starta i England
Terje
Tvedt si bok tar preg av den forskinga som har vore drive på dette feltet dei
siste 20 åra. Denne forskinga har lenge vore dominert av to forskjellige hovudretningar.
På dei eine sida har vi det som er kalla Chicago-skulen og på den andre sida
revisjonistane. Patrick Karl O’Brien frå London School of Economics er vel den
mest anerkjende innan heile dette feltet i dag. I sumar gav han ut boka the
Economies of Imperial China and Western Europa – Debating The Great Divergence
i serien Palgrave Studies in Economic History som omhandlar forskinga på
forskjellane i utvikling mellom Kina og Vest-Europa i dei siste 20 åra med
omsyn på vilkår for å få i gang ein industriell revolusjon.
Men
eit toneangjevande verk når det gjeld heile denne debatten, etter Jasper sine
arbeid[i][ii],
kom i 1963 då William McNeill, professor ved University of Chicago gav ut sin
monumentale The Rise of the West – A History of the Human Community. I
si tid vart boka kåra til ei av dei ti viktigaste ikkje-skjønlitterære verk i
verda. Vi som studerte historie på den tida ser enno med glede tilbake på boka.
Han har ei omfattande skildring diskusjon om utviklinga av bortimot alle delar
av verda. Tvedt sitt arbeid står fram som dilettantisk i høve til McNeill si
framstilling av denne heilskapen. Og det gjeld sjølv om McNeill tok feil på
viktige plassar han og. Men det var no slik eg møtte denne debatten.
I
boka si gir han ei vurdering av det kinesiske samfunnet i tusenåret før 1800.
Her skriv han at frå omlag år 1000 hadde det kinesiske samfunnet nådd det vi
kan kalle sin “moderne” form. Fram til det 20. hundreåret førte vidare
utvikling til at ting blei gjort i større skala, men klarte ikkje å endre
hovudlinjene i den samfunnsmessige strukturen som utvikla seg då. Denne
konklusjonen meiner eg framleis held vatn.
Eg
har studert heile framstillinga til Patrik O’Brien av utviklinga av dei
historiske studiane innan dette området dei siste 20 åra og den gir eit greitt
resultat. Dei to hovudskulane innan dette området, den californiske og den
revisjonistiske har forska og krangla og diskutert og prova og motprova
teoriar, men når alt kjem til alt, konkluderer O’Brien, har dei ikkje kome fram
til noko som eigentleg kan forklare kvifor den industrielle revolusjonen
skjedde i Vest-Europa og ikkje i Kina. Den statistikken dei har grave fram er
for dårleg til at han kan prove noko. Og andre diskusjonar og teoriar gir
heller ikkje noko svar. Dette gjeld alle retningane innan desse studiane, også
den som legg stor vekt på geografiske tilhøve.
Til
slutt kapitulerer O’Brien heilt . Han gir opp forklaringar som byggjer på den
forskinga som er gjort og seier at det var kristendomen som var den viktigaste
grunnen til den industrielle revolusjonen fordi den bidrog til at elitane i
Vest-Europa var meir open for vitskapeleg framgang enn muslimane,
konfutsianarane og andre. Han prøver å legg fram ein del fakta som skal vise
dette.
Det
kan sjølvsagt argumenterast for at utviklinga av naturvitskapleg forsking både
før under det vi kallar opplysningstida, har spelt ei rolle for utviklinga av
den industrielle revolusjonen. Et meiner et dette ikkje var tilfelle i særleg
grad i begynninga. Dei som utvikla den første dampmaskina eller kolgruver og
brenning av koks, eller av Arkwright si Spinning-Jenny trong ikkje vite så
mykje om Newton sine lovar for mekanisk rørsle osb. Dei bygga stort sett på
lokal kunnskap som var oppstått i praksis for å løyse praktiske problem. Etter
kvart blei bruken av vitskapen mykje viktigare etter kvart heil avgjerande.
Når
no Tvedt prøver å gi vasshjulet æra for den industrielle revolusjonen i
England, så er han innafor den ovannemnde forskartradisjonen, og det fortvila
forsøket på å få oss til å tru at det var dei engelske elvene som førte til at
vi fekk ein industriell revolusjon i verda, er ein del av desse historieskulane
sine bakevjer.
Ut
frå lesinga mi av O’Brien si bok ser det ut som forskarane stort sett
samanliknar Kina med Vest-Europa. Ettersom den industrielle revolusjonen fann
stad i England, er dette fokuset på Vest-Europa for upresist til å vere til
mykje hjelp for å finne svar på det problemet dei reiser.
Men
etter mi meining er den viktigaste grunnen til at ikkje desse moderne
historikarane ikkje kjem nokon veg at dei er heilt ut konsentrer om utviklinga
av produktivkreftene og stort sett utelet utviklinga av produksjonsforholda. Vi
ser det same hos Tvedt, når han gløymer barnehendene som eit naudsynt vilkår
for utviklinga av tekstilindustrien i Lancashire og bere ser ei elv. Kva er det
dei då gløymer? Dei gløymer dei aktive, levande menneska og korleis dei endrar
forholda seg imellom, og korleis det verkar tilbake på utviklinga av
produktivkreftene.
Vi ser også hos Tvedt korleis utgangspunktet hans gjør at han
forskjønner den gruelige kapitalisten Arkwright. Dette gir også denne
historieforskinga eit klassepreg. Det er ei forsking som godt kan passe
overklassane. I det heile tatt er all denne moderne forskinga eit gedigent
feilspor som berre fører ut i ein intellektuell og teoretisk ørken, sjølv om
ein snakkar om elvar.
Ideologisk
sett er heile denne denne historie»forskinga» eit angrep på Marx si
framstilling av korleis klassekampane i England, og den enorme innteninga til
det krigerske og profittorienterte engelske handelsborgarskapet, gjorde den
industrielle utviklinga i landet mogleg. Eg meiner at kapittel 24 i første bind
av Kapitalen går langt utanpå heile styret til dei moderne historieforskarane.
Alle bør lese kapittel 24 i første bind av Kapitalen og samanlikne
framstillinga der med Tvedt sine abstraksjonar som eg meiner er falske.
Tankar om utviklinga i Kina
På
1960- og 70-talet hadde eg ei periode der eg las meg opp på forskinga på både
det gamle og det nye Kina frå 1912 og frametter medrekna tida etter 1949.
William MacNeill si bok var eit viktig innspel då. På 80-talet kom Cambridge
med ei rekke grundige bøker om dei eldre dynastia i landet ut frå dei nyast
arkeologiske funna då, og med det hadde eg ei ny rundt studiar av dette. No har
eg gått opp att feltet.
Før
eg ser nærmare på dei seinare dynastia er det verd å gå tilbake til dei første
som er nemnd seinare i skriftlege kjelder. Etter tradisjonen er Xia-dynastiet
det første på kinesisk territorium. Det skal ha vart frå 2000 før vår tid til
1750 før vår tid. I 2011 blei det grave fram eit stort bygningskompleks på
området for dette dynastiet. Det var bygd rundt 1700 år før vår tid, altså på
overgangen frå Xia til Shang-dynastiet. Her gjorde dei funn som stamma frå år
3000 før vår tid og fram til og med dei austlege Zhou og Han dynastia. Dette
viser at det i alle fall var relativt avanserte samfunn der frå rundt 4000 år
tilbake, ved overgangen frå steinalder til bronsealder. Historia som vart
nedskrive seinare nemner kampen mot flaum i Den gule flod som eit viktig moment
kampen om makta i desse samfunna. Det er skildra to metodar som blei forsøkt.
Den eine var å bygge barrikadar mot vatnet. Det var mislukka. Først då dei fann
ut at dei kunne avleie vatnet i retning havet gjennom fleire kanalar fekk dei
kontroll på elva. Den som klarte det kom til makta. Mange meiner at dette er ei
oppdikta historie og at dette i røynda fann stad under Zhou dynastiet. Men i
alle fall viser det eit grunnleggande trekk ved heile den kinesiske
sivilisasjonen. Det var ein jordbruks- og elve-sivilisasjon der kontroll på
elvene er heilt sentralt for drifta av jordbruket.
I
dette området av verda var denne sivilisasjonen så vel tilpassa dei opphavlege
naturvilkåra at han kunne vare i nærare 4000 år utan store endringar i
klassetilhøve og styringsform, det vil seie at produksjonsforholda i det
vesentlege ikkje endra seg. Det var på denne tida at kongen slutta med å velje
den best egna til etterfølgjar, og valde ein son til dette. Det vart systemet i
alle dei seinare dynastia. Det skapte ein viss stabilitet i rekkefølga av
kongar og keisarar, men det hadde og den veikskapen at ikkje alle sonene som
kom på trona klarte oppgåva si. Dermed var det duka for opprør og skifte av
dynasti dersom andre forhold var ugunstige slik at folket fekk inntrykk av at
dette dynastiet ikkje dugde lenger.
Produktivkreftene
og kommunikasjonskreftene, dvs. dyrkingsmåtar, handverk, transport, handel osb.
utvikla seg stadig gjennom dynastia. For mest kvart nytt dynasti blei systemet
forbetra og kunne halde liv i fleire folk, og under det siste dynastiet, det
mongolske Manchu dynastiet, (1644-1912 i vår tid) nådde systemet sitt
høgdepunkt på 1700-talet. Men som alle dei andre dynastia fall det saman i uro
og opprør utover i andre del av 1700-talet og var sterkt svekka då europearane
for alvor sett inn sine angrep på landet. 1800-talet var stort sett prega av at
dei vestlege columbiske maktene var i ferd med å øydelegge og ta over heile
landet. Men til liks med andre erobrarar klarte dei ikkje dette. Til slutt
kasta Kina ut dei vestlege columbiarane og tok etter kvart til seg det dei
hadde bruk for av den kulturen desse representerte.
La
oss sjå litt meir på detaljane i den vidare utviklinga av Kinas historie.
Gjennom dei nye skikkane og styringsmåtane under Zhou-vest dynastiet og seinare
gjennom dei store diskusjonane under Zhou-aust dynastiet rundt 500 før vår tid
utarbeida dei kinesiske filosofane ein ideologi som passa med den måten
samfunnet var organisert på og som på si side virka tilbake på samfunnet.
Hovudtanken er at det over alt skal haldast oppe ein harmoni bygga på eit
klassedelt samfunn, der herskarklassene får i oppgåve å organisere samfunnet
slik at livet til dei som bur der kan
vere rimeleg greitt. Dei skal heller ikkje plage undersåttane sine for
mykje, mens undersåttane skal vere nøgd med å vere der dei er dersom dei finn
at vilkåra deira er rimelege.
Tanken
om at kongen eller keisaren var sett inn på himmelens nåde og var den som hadde
direkte kontakt med himmelen og formidla denne til folket «sitt» blei og
utvikla i denne tida. Det medførte også at dersom himmelen viste at keisaren
ikkje hadde himmelens godkjenning lenger, kunne og skulle han skiftast ut.
Dette
opna for dei måtane alle dynasti seinare etablerte seg og blei avvikla. Dei
hadde ein (av til to) periodar med rolege forhold og vidare utvikling av
teknologi, som jarn for bronse, fleire oppfinningar som kompass, papir og
trykkekunsten, irrigasjon, kanalar, handel og bruk av pengar osb., som begynte
så tidleg som under Zhou-øst dynastiet, og utvikla seg vidare stort sett på
same grunnlag fram til europearane kom. Ved kvart nye dynasti var det framgang
og vi fekk auka folkesetnad med vidare busetnad nedetter elvedalane i retning
elveosane.
Det
mest typiske ved kinesisk historie er jo denne gjentakinga av oppgang og samanfall
utan endring i produksjonsforholda/klasseforholda.
Dei
hadde eit innskott av buddhisme frå 400 til 900 i vår tid. Men rundt 900 var
buddhismen stort sett integrert i den varige kinesiske kulturen og litt seinare
var det ein konfutsiansk renessanse. Etter Tang-dynastiet og rundt år 1000 var
i det store og heile ganske detaljerte produksjonsforhold og styresett
sementert som i røynda varte ut heile Qing-dynastiet frå 1644 til 1912. Og det
var ein variant av dei grunnleggande trekka frå Zhou-aust-dynastiet og
Zhou-vest dynastiet.
Ser
vi på heile Kina si historie har det vore i alle fall vore 9 slike
nedgangsperiodar og oppgangsperiodar etter Zhou-dynastiet fram til og
Qing-dynastiet (1644-1912). Og under dette siste dynastiet fekk vi også den
største framgangen som Kina har sett. Under keisarane Kangxi (1661-1722),
Youngzheng (1723-1735) og Qianlong 1736-1796) leia dette dynastiet Kina til si
største geografiske utstrekning og til sitt førre høgdepunkt i med stor
folkevekst og velstand. Men den grunnleggande måten å utveksle seg med naturen
endra seg lite på heile denne tida. Kvar framgang hang saman med utviding av
dyrkbart areal med auka irrigasjon, meir kanalbygging og oppdyrking av nye
område, bortsett frå at dette under Qing ser ut til å bli brukt opp, slik at
ein trend med å flytte til andre utkantar av området opp i fjellskråningar der
auka på.
Det
var det liten endring i klasseforholda. Ein eineveldig keisar på toppen, med
sitt militærapparat og sitt byråkrati, og eit mengd jordeigarar over eit osean
av bønder som dreiv sitt jordbruk, og sideverksemder som spinning og veving av
bomull og gras-lin pluss at dei jobba med silkeormar og trakk silketråd ut av
kokongane til desse.
Handelsmenn
kom og kjøpte overskott som jordbrukarane ikkje brukt sjølv og fekk dei ut på
marknaden. Men desse handelsmennene blei aldri ei endringskraft i det kinesiske
samfunnet. Nokre hevder at dei var meir interessert i å kjøpe opp jord eller
eksamensprov for å komme opp i jordeigarklassen eller i keisaren sitt
byråkrati, enn i å satse på meir profitt ved å utvikle handelen og eventuell
produksjon. Betalt arbeidskraft var eit forsvinnande fenomen. Så med kvar
oppgangsperiode blei produksjonen og samfunnsrikdommen betre og større, men
alltid innanfor rammene av dei gamle klasseforholda, driftsformene og
ideologien. Nokon driv til endring i produksjonsforholda var det ikkje i dette
samfunnet. I visse periodar var det også litt utanrikshandel, til dømes med
silke og luksusvarer, men det blei aldri noko stort volum på dette.
Det
blei gjort eit forsøk på å opne for større sjøhandel på 1400-talet på grunnlag
av meir avansert skipsbygging enn det som fanst i Europa på denne tida, men det
blei stoppa av ein ny av dei despotiske herskarane. Det gjekk så langt at båtar
blei brende og det blei forbode i drive verft. Etter ei stund vart også alle
prov på at desse reisene hadde skjedd fjerna reint fysisk.
Styreforma
var difor despotisk (eineveldig herskar), og samfunnsforma var statisk. Når vi
ser på det kinesiske samfunnet ut frå perspektivet produktivkrefter, så var det
vellukka i alle dei tusenåra det eksisterte og det fans utvikling av
produktivkreftene, mest gjennom utviding på grunnlag av gammal teknologi og
dyrkingsmetoder, men og med utvikling av nye metodar. Det var ein dynamikk i
dette.
Men
når vi ser på samfunnet ut frå utviklinga av produksjonsforholda, så var det
stagnasjon og stillstand med bønder låst i ein snever horisont. Det er dette
Marx set fingeren på når han bruker omgrepet «asiatiske produksjonstilhøve»,
som noko stilleståande, utan tildriv til endring, og evig undertrykking av
bøndene slik at dei blei idiotar i den gamle greske tydinga, ei gruppe som
stort sett ikkje engasjerte seg i statsstyret – med unnatak når keisaren miste
himmelen si støtte. Då kunne dei gå til opprør. Men etter opprøret blei eit
nytt dynasti, som fekk himmelen si «velsigning», sett inn etter mønster av det
gamle og dei gamle styringsforholda og klasseforholda blei oppretta att i litt
nye former og i det vesentlege gjekk alt vidare som før.
Det
samanhengande teknologiske arbeidet som gjennom bortimot 4000 år var grunnlaget
for utviklinga av det kinesiske samfunnet var deira fantastiske evne til å
temme elvene sine og stadig utvide dyrkingsområdet langs dei og forbetre
dyrkingsmåtane. Tvedt sin påstand om at kinesarane hadde elver dei ikkje kunne
kontrollere, er difor heilt feil. Sjølv om det var flaumar og periodar der
elvene tok «makta» var tvert imot var den gjennomgåande gode kontrollen med
elvene grunnlaget for heile utviklinga av den kinesiske sivilisasjonen. Viss
kinesarane ikkje hadde kunne kontrollere elvene sine, hadde elvesamfunnet der
gått til grunne til liks med elvekulturen i Mesopotamia. Her liknar Kina og
Egypt. Og dei gode elveforholda og dyrkingsforholda rundt elvene gjorde at den
forma som det kinesiske samfunnet grunnleggande sett fann om lag 1000 år før
vår tid kunne halde seg utan større endringar i nærare 3000 år. Så sjølvsagt
avgjer dei orohydrografiske tilhøva mykje av det som skjer seinare. Men då
europearane kom og valdtok landet blei dei menneskeskapte forholda avgjerande
for den vidare utviklinga også i Kina.
Og
her kjem tilbake dei orohydrografiske og klimatiske forholda. Etter mi meining
var forholda for å utvide og utvikle eit jordbrukssamfunn var elveslettene i
Kina dei aller beste i verda. Og det geografisk området var så stort og at det
også kunne svelge folkeauke i relativt stor grad ved stadig utviding av
jordbruksarealet nedetter langs elvene slik at ny framgang innanfor dei same
produksjonsforholda kunne begynne att. Derfor har faktisk Tvedt rett når det
gjeld heile utviklinga av den kinesiske historia. Forholda for å halde opp ein
elve-jordbrukskultur var lenge så gode at det ikkje kom til nokon vesentleg
motseiing mellom produksjonsforholda og utviklinga av produktivkreftene.
Tankar om Tvedt og Marx
I boka si
polemiserer Tvedt mot syna til August Comte, Herbert Spencer, Friedrich Hegel
og Karl Marx om korleis samfunn utviklar seg. Han plasserer dei stort sett
under same overskrift – dei meinte alle at historia følgde guddommelege eller
andre lover mot det perfekte samfunnet – ting ordnar seg, historia har ein
plan. Han plasserer altså Marx sine grundige historiske undersøkingar om det
materielle grunnlaget for korleis menneska sjølv skaper si historie, på dei grunnlaga
som er skapt tidlegare, i same sekk som tankane til Comte og Spenser, som i
høve til Marx sine oppdagingar, er dei reine tankespinn.
Det morosame er
jo at Marx allereie i Den tyske ideologi la ned programmet for Tvedt sine
undersøkingar. Eg siterer:
Føresetnadene
som vi går ut frå, er ikkje vilkårlege, er ikkje dogme, men verkelege
føresetnader som vi berre kan abstrahere frå i fantasien (in der Einbildung).
Desse føresetnadene er dei verkelege individa, aktiviteten deira, og dei
materielle livsvilkåra deira, både dei som allereie eksisterer og dei som dei
produserer gjennom sine eigne handlingar. Desse føresetnadene kan
difor/[?]/konstaterast på reint empirisk vis.
Den første
føresetnaden for all menneskeleg historie er, naturlegvis, at det finnast levande
menneskelege individ. Den første
historiske handlinga til desse individa, som skil dei frå dyra, er ikkje at dei
tenkjer, men at dei begynn å produsere livsmidla sine. Då er altså den første
kjennsgjerning som vi må slå
fast, den fysiske organiseringa til desse individa og det tilhøvet til naturen
som følgjer av denne organiseringa. Vi kan sjølvsagt ikkje her gå inn på den
verkelege fysiske eigenart til mennesket sjølv, på dei naturvilkåra som
mennesket finn seg sjølv i – geologiske, orohydrografiske, klimatiske og andre
forhold. Desse tilhøva er føresetnaden for, ikkje berre den opphavlege
organisasjonen av menneska som har vokse fram naturleg, framfor alt
raseforskjellane, men også heile den vidare utviklinga eller ikkje-utviklinga
fram til i dag. All historieskriving må gå ut frå desse naturgrunnlaga og
modifikasjonen av dei gjennom menneska sine handlingar utover i historia.[iii]
Marx seier så at
han ikkje går nærare inn på dette her, men han har altså gjort det klart kva
grunnlag han meiner at all historie kvilar på. Han kviler på den verkelege
fysiske eigenarta til mennesket sjølv på den eine sida, og på dei naturvilkåra
som mennesket finn seg sjølv i – geologiske, orohydrografiske, klimatiske og
andre forhold. Når han snakkar om raseforskjellar var det frå tida før
raseteoriane blei utforma, så det tyder meir folkeslag eller gruppe av folk.
I høve til Tvedt si bok er det mest
interessante ordet her orohydrografiske som altså tyder tilhøve som gjeld fjell
og vatn. Dette er nett i kjernen av det Tvedt si bok i det vesentlege handlar
om, og spesielt korleis elvar bestemmer mykje av den historiske utviklinga på
forskjellige plassar i verda. Ei oppsummering i boka er slik: «Kombinasjonen av
topografi og nedbørsmønstre (i England) var som skapt for å produsere til
overfallshjulene og fabrikkmaskinane.» Og ifølge Tvedt var det dette det
grunnlaget som gjorde den industrielle revolusjonen mogleg i England, men til
dømes ikkje i Kina. Men, som vi har vist, så har Tvedt sjølv har sett seg for
blind på dette eine vilkåret og gløymd andre, som svekker tesen hans, eller til
og med gjer han relativt uvesentleg.
Men i alle fall
må vi seie at det ser ut som Tvedt ikkje veit at han arbeider ut frå ei
rettleiing som kjem direkte frå Marx sjølv. Han visste det som Tvedt no har
oppdaga allereie i 1848. Men Marx la nok meir vekt på menneska si skapande
rolle og evne til å bruke dei allereie skapte tilhøva for å utvikle nye tilhøve
som dei gamle tilhøva hadde gjort mogleg. Og han legg ikkje berre vekt på
menneska sitt tilhøve til naturen rundt i produksjonen (produktivkreftene), men
også på korleis menneska organiserer tilhøvet seg imellom på dette grunnlaget
(produksjonsforholda) og kordan desse forholda, særleg klasseforholda, også
verker som ei produktivkraft. Elles er alt arbeidet hans gjennomsyra av et det
er den menneskelege verksemda som er den avgjerande drivkrafta i utvikling av
heile den utvekslinga menneska har med naturen rundt.
Når Marx
undersøker kvifor den industrielle revolusjonen utvikla seg i England, så er
det produksjonsforholda han undersøker, utviklinga av klasseforholda og
klassekampen tilbake til 1300-talet. Den viktigaste konklusjonen hans er at er
at det er utviklinga av klassekampane og klasseforholda på landsbygda og i
handelen som er dei avgjerande vilkåra for den seinare utviklinga av
industrikapitalismen nett i England. Det er utviklinga av kapitalismen i
England som fører til behov for stadig betre maskinar og kommunikasjonsmiddel.
Viss det er slik,
så oppdagar vi også at oppfinnarane og dei som utnytta oppfinningane ikkje var
interessert i oppfinningane for seg, men for profittmoglegheitene som låg i
dei. Dei var ikkje særlingar som tusla med teknologi og ikkje hadde noko
tilhøve til kapitalistane og profittmoglegheitene rundt seg, dei var kapitalistar
på jakt etter mest mogleg forteneste.
Elles har ikkje
Tvedt noko medvete forhold til Marx, og merknadane hans om denne er berre
oppattaking av gamle fordomar. Det ser ut som heile det store forskingsarbeidet
på Marx som har funne stad både utanfor og innanfor universiteta særleg dei
siste 20 åra har gått han forbi. Denne forskinga har jo nett gått i rette med
dei stereotypiane som Tvedt presenterer.
Avsluttande tankar
Tvedt
kan mykje om elvar og skriv greitt om dei gamle elvekulturane og også interessant
om den engelske imperialismen når de galdt Nilen-området og bomullsproduksjonen
i Egypt. Men når det gjeld påstanden om at det var kvaliteten på elvene som
førte til den industrielle revolusjonen i England i staden for i Kina, så er
den så dårleg underbygd at den ikkje har noko forklaringskraft. Forskinga hans
på dette feltet er svært overflatisk og utelet ganske enkelt mykje vesentleg
som kan problematisere det han sjølv meiner er rett. Det teoretiske og
filosofiske utgangspunktet hans, og heile dei moderne skulane innan forskinga
på kvifor den industrielle revolusjonen skjedde i England og ikkje i Kina,
leier her inn i bakevje etter bakevje og fører ikkje historievitskapens elv
vidare frametter.
Terje
Valen, tysdag 22. desember 2020.