Marx og naturen – eit rødt og grønt perspektiv

Dei store økologiske pionerane, som var aktive på 1950- og 60-talet, var open for fleire innfallsvinklar til de økologiske problema, også dei marxistiske. Det galdt både Rachel Carson (USA), Barry Commoner (USA) og René Dumont (Frankrike). Dei to siste meinte at løysing på dei økologiske problema beint fram ikkje var mulig utan marxistiske analyser og utan opphevinga av kapitalismen.

Under den antimarxistiske bølgja rundt framveksten av nyliberalismen blei marxistiske synspunkt på miljøkrisa i stor grad drukna. I det renommerte tidsskriftet The Ecologist blei til dømes marxismen avskriven i eit par innlegg i 1991.

Dei siste 10-20 åra har vi sett ei endring av dette biletet. Pål Steigan si bok Veiskille: Finnes det noen vei ut av miljøkrisa frå 1990 var eit tidlig lokalt bidrag til det. Marxistisk renessanse – kommunistisk offensiv av Terje Valen i 1992 eit anna. Eit forvarsel om breiare internasjonal merksemd rund spørsmålet var The Vulnerable Planet: A Short Economic History of the Environment som John Bellamy Foster gav ut i 1994. I 1999 gav så Paul Burkett, professor i økonomi ved Indiania State University, Terre Haute i USA, ut boka Marx and Nature - A Red and Green Perspective. Med dette var marxismen igjen lansert internasjonalt som eit viktig bidrag til økologien etter at han langt på veg var blitt drukna i den antimarxistiske bølgja rundt framveksten av nyliberalismen. I 2000 kom så John Bellamy Foster med Marx’s Ecology materialism and nature. Eg gav ei omfattande melding av denne boka i Raude Fane kort tid etter. Så gav Paul Burkett ut Marxism and Ecological Economics – Toward a Red and Green Political Economy i 2005. I 2009 gav Foster saman med Brett Clark ut the ECOLOGICAL REVOLUTION - Making Peace with the Planet og i 2010 kom The Ecological Rift – Capitalism’s War on the Earth av John Bellamy Foster, Brett Clark og Richard York. I Norge kom Steigan med ei ny bok med tittelen Sammenbruddet i 2011.

I Frankrike har det også blitt jobba i same lei av  ein krins rundt Lucien Sève. Han gav i 1998 ut boka Sciences et dialeciques de la nature saman med ein rekke vitskapsfolk frå skilde område. Her blei Marx og Engels sin naturdialetikk revitalisert gjennom ei rekke grundige studier og arbeidet førte i 2005 til boka Émergence, complexité et dialectique som Sève gav ut og som var koordinert av Janine Guespin-Michel, der fleire vitskapsfolk følgde opp det tidligare arbeidet på nye felt som ikkje-linære dynamiske system og omgrepet framvekst av noe nytt til spørsmål om det fins noe ikkje-linært i semantikken.

Det er ikkje for lite å sei at Marx gjennom desse (og andre) skrifter er blitt solid plassert som ein tidlig og avansert økologisk pioner og at det har skjedd ein marxistisk økologisk renessanse.

Eg finn Marxism and Ecological Economics spesielt interessant fordi Paul Burkett i denne boka gjennomgår dei viktigaste trekka i heile den internasjonale økologisk-økonomiske debatten. (I tidsskriftet Rødt nr 3, 2013, har Geir Hem meldt boka under overskrifta Marxisme og økologisk økonomi.) I introduksjonen til boka gir Brett sjølv ei samanfatning av ho. Det er derfor nyttig å omsette denne. Eg skal no gjøre det.

I tillegg vil eg omsette siste delen av boka som handlar om Kommunisme som berekraftig menneskelig utvikling og Berekraftig menneskelig utvikling, klassekamp og økologisk økonomi. Her finn vi tekstar som gir innspel til ei beskriving av det samfunnet alle verkelig radikale har som strategisk mål og noen viktige moment om kampen for å nå målet.

Så til omsettinga. (Først ei grovomsetting.)

Introduksjon

Denne boka har to formål: å gjøre den første generelle vurderinga av økologisk økonomi  sett frå ein marxistisk synsstad og å vise korleis marxistisk politisk økonomi kan gi viktige bidrag til økologisk økonomi. Ved å sikte mot desse to måla prøver boka å legge grunnlag for ein meir reell/saklig dialog mellom marxistar og økologiske økonomar.

I ein tidsalder med stadig verre kriser i økologiske system og biosfæren treng vi ikkje  å forsvare kor viktig det er generelt med produktiv utveksling mellom alle skolar av økologisk tenking. Men den spesielle motivasjonen for dette forsøket på å slå bru over forskjellige paradigme og framgangsmåten for å klare det, har begge blitt skapt av ei særskild forståing av økologisk økonomi som (vitskapelig) disiplin. Ei følgje av det er at første del av denne introduksjonen skisserer dei karakteristiske trekka som definerer økologisk økonomi. Sidan desse karakteristiske trekka kan bli tolka som analytisk forsøk kan dei også fungere som kriteria for å vurdere disiplinen og marxismen sitt potensielle bidrag til han. Del to presenterer også dei verkelige sakene/problema som denne vurderinga blir utvikla gjennom. Dei spesifikke behova som kan bli stetta av ei slik vurdering nett no blir vidare diskutert i del to. Utan å undervurdere dei store historisk-intellektuelle barrierane mot ein produktiv dialog, hevdar eg at den seinare utviklinga av økologisk økonomi og økologisk marxisme har skapt ei opning for å overvinne desse barrierane.

I.                 Eit rammeverk for å vurdere økologisk økonomi

Vurderinga i denne boka er ikkje ”generell” på ein slik måte at ho har med alt, eller det meste, av dei sakene som økologiske økonomar jobbar med. Vi kan heller seie at vurderinga i boka er ”generell” så langt som ho er utvikla når det gjeld metodologiske aspirasjonar som definerer økologisk økonomi som et felt for studiar. Ut frå uttale frå noen av dei mest kjende syntetiske tenkarar på feltet synast desse aspirasjonane å vere tre i talet.[i]

For det første, at økologisk økonomi dekker fleire felt. Det han tar for seg er dei dynamiske samtidige samspela mellom økonomiske system og naturomgjevnadane, økologiske økonomi kombinerer element frå naturvitskapane (fysikk, biologi, kjemi, geologi) med reiskapane frå økonomisk analyse. Han er, kort sagt, ein livsvitskap som er både naturlig og samfunnsmessig, slik det økonomiske livet sjølv er.

For det andre har økologisk økonomi eit sterkt innretta mot bruk av mange metodar (metodologisk pluralisme). At økonomisk-økologiske system er så komplekse bestemmer i seg sjølv, at vi må bruke mange metodar for å løyse dei teoretiske og politiske problem som fins. Der må vere både breie diskusjonar og intenst samarbeid mellom folk med forskjellige paradigme innan ’meta-paradigmet’ økologisk økonomi.

For det tredje må økologisk økonomi, ut frå alvoret i dei miljøutfordringane som menneska står framfor, være historisk åpen slik at han er i stand til å ta imot nye visjonar og muligheiter når det gjeld økonomisk politikk og endringar i institusjonar. I staden for å klynge seg dogmatisk til ein einaste modell for ei berekraftig framtid må han dra nytte av det store talet på perspektiv på tvers av mange perspektiv for å skape ei mengd med institusjonelle endringar som trengs for å skape rom for dei diverse økologiske verdiane som spring ut av menneske-natur system.

Det sentrale spørsmålet som denne boka stiller er om dei metodane og omgrepa som økologisk økonomi brukar er tilstrekkelige for å oppnå ein metodologisk pluralisme på tvers av vitskapelige disiplinar, og historisk openheit. Meir direkte blir det hevda at marxismen sitt klasseperspektiv, spesielt oppfatning av klasse som eit materielt-samfunnsmessig forhold i produksjonen, kan hjelpe disiplinen til å leve betre opp til det han håpar på. Denne påstanden blir utvikla ved å vise korleis marxismen avdekkar og hjelper til med å løyse viktige motsetnader, analytisk stille og spørsmål som det ikkje har funne svar på i den nåverande økologiske økonomien. Eg vil ikkje legge til endå ein skole til den svært oppdelte arenaen som miljøstudiar er[ii]. Eg vil heller vise at marxismen kan gi nye før-analytiske visjonar og tankereiskap som vil gi liv til og opne opp den metaparadigmatiske formasjonen som økologisk økonomi er, både teoretisk og politisk. Marxismen kan, for eksempel, hjelpe økologiske økonomar til å stille spørsmål, på eit meir grunnleggande nivå, enn det som har blitt gjort til no, ved kor passande marknaden er når det gjeld økologi, og om dei nyklassiske verditeoriane og økonomisk vekst.

Ei slik vurdering av økologisk økonomi og av marxismen si positive rolle innan han kan ikkje bare finne stad på eit reint teoretisk nivå. Vi treng og ei kritisk oppsummering av korleis økologisk økonomi har streva med spesielle verkelige vanskar. I alle høve bør valet av kva saker vi skal fokusere på vere bestemt av kor brukelige dei er som mål på kor godt disiplinen er i stand til å leve opp til dei håpa han har innan sin eigen metodologi. Aktuelle saker som global oppvarming, å behalde våtmarker,  oljens politiske økonomi, osb., er ikkje svært nyttige for å klare dette. Det er betre å legge ei ramme for vurderinga ut frå dei grunnleggande omgrepa som avspeglar meir direkte den metodologiske pluralismen og dei konfliktane som heng saman med det innan disiplinen. Desse omgrepa vil, viss dei blir skikkelig valde ut, bli brukt i analysen av dei fleste om ikkje alle dei viktige aktuelle sakene, same kor medviten og sjølvkritiske økologiske økonomar er om dei grunnleggande oppfatningane sine når dei gjør si teoretiske og empiriske forsking.

Derfor bruker eg fire grunnleggande saker eller omgrep når eg vurderer økologisk økonomi. Det er (i) forholdet mellom natur og økonomisk verdi; (ii) omgrepet naturkapital; (iii) spørsmålet om termodynamikkens andre lov eller entropiloven kan brukas på økonomiske system; (iv) tanken om berekraftig utvikling. Før eg lagar eit oversyn over korleis boka tar opp desse områda må eg seie litt meir om behovet for og timinga av denne studien. Når eg skisserer bakgrunnen er det naudsynt å sjå på visse tendensar når det gjeld utviklinga av økologisk økonomi som bare blir fullt ut dokumentert seinare i boka.

II Trongen til dialog og kvifor no?

Då eg begynte på forskinga som leia til denne boka blei eg snart klar over tre teikn som viste at vi treng meir og betre utveksling mellom marxistar og økologiske økonomar. For det første viste ei grundig gjennomgang, frå 1989 av,  av tidsskriftet Ecological Economics, som er flaggskipet til disiplinen, at marxistar var mest heilt fråverande i han. I røynda hadde tidsskriftet bare hatt to artiklar som hadde eit marxistisk perpektiv[iii], og då svært fjernt. Bortsett frå desse artiklane hadde tidsskriftet bare noen få andre artiklar som viste til Marx og Engels og marxismen, men desse var mest alltid i form av polemisk ugrunna avvisning som uttrykte blank avvisning av den aktuelle og mulige nytten av marxistisk tenking når det gjeld økonomisk-økologisk analyse. Det same gjeld noen få referansar til marxismen frå økologiske økonomar i andre tidsskrift og bøker[iv].

For det andre viser ei litt mindre grundig undersøking av engelskspråklige tidsskrift som omhandlar politisk økonomi, der marxistar heile tida har eit framtredande nærvere, eit mest like stort tomrom når det gjeld kor opptatt marxistane er med økologisk økonomi som ein metaparadigmatisk disiplin. Dette gjeld særlig Review of Radical Political Economics, Capital & Class, Science and Society, Studies in Political Economy og det viktigaste økososialistiske tidsskriftet Capitalism, Nature, Socialism.

[Metaparadigmatisk blir her, slik eg forstår det, brukt parallelt med slik Aristoteles har definert metafysisk  i tydinga det vi veit om dei første prinsipp og årsaker og slik Kuhn har definert paradigme. Burkett har halde på meta som eigentlig er gresk for etter. Hos Aristoteles er det den delen av skriftene hans som kjem etter fysika, der han omhandlar vitskapen om det verkelige som vi sansar. Han kallar denne delen av skriftene sine for Meta ta fysika. Og det står altså for det som kjem etter og forklarar den empiriske kunnskapen. Paradigme blei popularisert av Kuhn i boka hans om vitskapelige revolusjonar {T.S. Kuhn, The Structure of Scientific Revolutions, 1962 og 1970} og det skulle då tyde noe slikt som forståingsformer som ein gruppe vitskapsfolk har slutta seg til og som styrer forskinga deira. Så då skulle metaparadigmatisk tyde noe slikt som det vi veit om grunnleggande forståingsformer som ei gruppe vitskapsfolk har slutta seg til og som styrer forsking deira. Sjå også Vår tids filosofi, 1982 og 1987, svensk utgåve, side 559.]

I røynda avgrensar ei nylig marxistisk oversikt over nyklassiske og ymse syn på ’forhold mellom økonomi og miljø’ seg til ein diskusjon om nyklassiske, institusjonelle og marxistiske tilnærmingsmåtar, mens økologisk økonomi bare meir nemnd kort og vagt der dei gir ei ’rubrikk’ for det institusjonelle perspektivet[v]. Nett som  når det gjeld uttalar frå økologiske økonomar om marxismen, har ofte dei relativt få uttalane om økologisk økonomi frå marxistar, vore polemisk og til og med i ein slik grad at dei har avskrive økologiske økonomar som brotne  kar i innan vitskapen[vi].

For det tredje fann eg, til tross for det synlige skiljet og den fiendtlige motsetnaden mellom marxistar og økologiske økonomar, noen slåande ymt om at ein meir produktiv dialog både er mulig og ganske fruktbar. Eit slikt var Elmar Altvater si påvisning at den marxistiske utbyttings- og akkumulasjonsanalysen[vii] kan nyttast på termodynamiske og entropiske problem. Eit anna var John O’Neill si forteljing om korleis noen viktige tema innan noverande økologisk økonomi – særlig om korleis økonomisk berekraft er avhengig av fysiske omgjevnader og grensene for rein pengerekning – var varsla den klassiske ’sosialistiske reknedebatten’ mellom Friedrich Hayek og Otto Neurath[viii]. Endelig har vi det enkle faktum at både miljøvernarar (spesielt aktivistar) og marxismen fortsett å ta ein felles (venstre) posisjon i det politiske spekteret til tross for strevet til ’mainstream’ teoretikarar for ’grøn kapitalisme’. Dette er nett vist gjennom Eric Neurath si statistiske påvising av at politiske parti og personar frå venstresida er tydelig meir tilbøyelig til å ta standpunkt for miljøet enn dei på høgresida[ix]. Dette er påvist gjennom statistisk analyse frå eit stor tal med framskridne og økonomisk underutvikla land. Neumayer drar den slutninga at ’det er mest sannsynling at økologisk økonomi blir støtta av parti og individ frå venstresida.[x] Viss denne konklusjonen er korrekt styrker han trongen for mindre motseiingsfylt dialog mellom marxistar og økologiske økonomar.

Vidare undersøking viste mangelen på verknadsfullt samsnakk mellom marxistar og økologiske økonomar både har lange og korte kulturelle røter. Historisk sett at marxistar heilt sidan Malthus vore mistenksame ovafor kvar teori som set naturgrenser på menneskelig produksjon og utvikling. Grunnen ligg i dagen. Slike teoriar har ei hang til å innehalde konservative fordomar mot alt strev for å betre menneske sine livstilhøve ved å omforme klasseforhold og andre forhold på ein grunnleggande måte, eller bare å omfordele rikdom og innkomstar. Men marxistar har ofte overreagert mot konservative argument om naturens grenser, slik Ted Benton har vist på ein overbevisande måte[xi]. Det er til og med slik at marxistar ofte har mist kontakt med den økologivenlige dimensjonen som er sentral i marxismen[xii], ved fullstendig å avvise kor viktig naturlige vilkår og grenser er. Desse marxistane sin overreaksjon kan ikkje unnskylde den tendensen dei økologiske  økonomane har til å undervurdere rolla til samfunnsøkonomiske klasseforhold når det gjeld skaping av økologiske problem, til fordel for meir eller mindre friflytande ideologiske og tekniske faktorar. Å slå bru over denne avgrunnen mellom argument som bare legg vekt på naturlige grenser og reaktive marxistiske tilbakesteg frå materialismen er og ein viktig grunn til at eg skriv denne boka.

Ut frå eit breiare perspektiv treng vi ein demonstrasjon på at den marxistiske klasseanalysen kan hjelpe til med å svare på mange av dei spørsmåla som økologiske økonomar tar opp samstundes som den faktabaserte dagsetelen til økologiske økonomar kan tilføre marxismen sin materialisme noe. Dette er ein måte å sette ord på kva slags prosjekt denne boka prøver å sette i gang. At dette ikkje er sett i gang på ein verknadsfull måte fram til no er delvis grunna i den korte tida som både økologisk sosialisme og disiplinen økologisk økonomi har utvikla seg.

Sidan siste delen av 1980-talet har utviklinga av økososialismen, i alle fall når det dreier seg om økonomiske spørsmål, vore dominert av James O’Connor’s rammeverk med ’to motsetnader”[xiii]. Dette rammeverket podar kapitalismen sin tendens til å undergrave sine eigne naturlige og samfunnsmessige vilkår, slik det blei framstilt teoretisk av Karl Polyani[xiv], på tendensen til overproduksjon av varer i forhold til marknaden (på grunn av at meirverdien veks fortare enn lønnene), slik Marx framstilte det teoretisk. Gjennom spreiinga av dette synet i Capitalism, Nature, Socialism og andre publikasjonar har O’Connors analyse blitt referansepunktet for mest alle økososialistiske debattar om politisk økonomi og miljøkrise. Men same kva pedagogiske fordelar han hadde, så kan vi argumentere for at teorien om to motsetnader har trengt vekke all alvorlig marxistisk engasjement i økologisk økonomi – ikkje minst fordi denne modellen sjølv ikkje inneheld eit slikt engasjement[xv].

Den grunnleggande ideen som ligg under O’Connor’s modell med to motsetnader er at marxismen ikkje skikkelig gjør reie for produksjonens naturlige og samfunnsmessige vilkår (dette er bare påstått, ikkje vist). Produksjonsvilkår er følgjelig poda på den marxistiske modellen for akkumulasjon og kriser. For å bli meir nøyaktig, så seier denne modellen at ein kvar forverring i kvaliteten på produksjonsvilkåra aukar føretakets kostnader både direkte og gjennom strevet til miljørørsler til å tvinge føretaka til å hjelpe å finansiere regjeringsprogram som helt oppe og/eller reparerer desse vilkåra. Denne funksjonalistiske podingsmåten for tilnærming til ein raud-grøn politisk økonomi hjelp til med å forklare kvifor O’Connor’s hovudverk siterer økologiske økonomar, som Nicholas Georgescu-Roegen og Juan Martinez-Alier, mest for å gå god for deira kritikk av klassisk marxisme, og ikkje for å gå inn i dei konkrete analysane der[xvi]. Det ser verkelig ut som den vanlige visdommen blant økososialistar ser no ut til å vere at klassisk marxisme, slik han er representert av Marx og Engels er alvorlig feil når det gjeld økologi dersom han ikkje er forbetra og sjølv for det meste erstatta av ’polyanisk’ analyse av produksjonsvilkåra saman med visse element av grøn teori. Den franske økososialisten Alain Lipietz seier, ut frå dette, at ’den generelle strukturen, det intellektuelle stillaset i det marxistiske paradigmet, samen med dei viktigaste løysingane som det antyder, må forkastas[xvii]. I den grad økososialistane har følgt dette rådet og fjerna seg frå marxismen, har vona om ei djup omgang med økologisk økonomi blitt svært redusert.

Frå den økologiske økonomien si side har ein kvar mulig samtale blitt mykje hindra av den ovanfor nemnde tendensen til utelukke marxismen frå sin disiplin, mest som ei trussetning. Martinez-Allier’s  bok om økologisk økonomi, som har hatt stor innverknad, har vore ei sterk makt bak denne tendensen til utlukking. Han påstår at marxistane frå Marx og Engels av har tatt avstand frå disiplinen ved å nekte å analysere produktivkreftene frå eit synspunkt som er  økologisk, og særlig som tar omsyn til energibruk[xviii]. Martinez-Allier’s  kritikk av marxismen har blitt standard vare blant økologiske økonomar og sjølv blant økososialistar – i begge tilfelle hindrar det seriøs samtale med marxismen[xix].

Denne a priori utelating av marxismen frå økologisk økonomi har virka saman med den pluralismen som elles blir praktisert av disiplinen gjennom å skape endå ei hindring mot samtale, nemlig infiltrasjonen av nyklassiske visjonar og omgrep i økologisk økonomi. Økologiske økonomar har skarpt kritisert nyklassisk teori for at han undervurderer naturlige grenser for vekst, men det grunnleggande nyklassiske rammeverket med tilbod og etterspurnad, underbygd av teorien om marginal nytte og marginal produktivitet, er framleis godtatt (med kvalifikasjonar) av mange, om ikkje alle medlemmer av disiplinen. Og sjølv dei som forkastar den nyklassiske marknadsmodellen har ikkje underkasta det ein kritikk innanfrå som er rotfesta i dei organiske banda mellom generalisert marknadsverdi og produksjonsforhold. Utelatinga av marxismen frå økologisk økonomi (som marxistane til dels har bidrege til sjølv) har utan tvil også svekka antimarknads tendensen innan disiplinen samanlikna med promarknads tendensen, noe som igjen har sett den nyklassiske teorien betre i stand til å få sterkare fotfeste i disiplinen enn det som elles hadde vore tilfelle.

Så langt som økologisk økonomi har komme under innflytelse av den nyklassiske utvatna tilknyting til ein abstrakt marknadsmodell har disiplinens forplikting ovafor ein historisk sett open tilnærming til politikk og institusjonell endring blitt undergrave. Ein form som dette har tatt er tilvisninga av antimarknads posisjonar til området for økologisk etikk og politikk, mens den økonomiske arena i seg sjølv i hovudsak blei reservert for teknokratiske analyser som tar marknadsrammeverket og pengeverdien som naturlige element i røynda som økologisk visjon og politikk må tilpasse seg til, sjølv om det er kritisk og uvillig. Resultatet er at nyklassiske oppfatningar av marknad, pengar, verdi, kapital og vekst i stadig større grad har tent som utgangspunkt for analysar sjølv for teoretikarar som er mot marknadstenkinga og mot den nyklassiske tenkinga. Slik har desse oppfatningane hatt ein tendens til å leie disiplinens forskingsplan i visse ’trygge’ retningar. Denne prosessen har blitt forsterka av den nyklassiske teorien sin evne til å tilpasse seg økologiske omsyn på relativt grunne måtar som likevel synes å gi løfterike område for forsking der medlemmer av disiplinen i alle fall kan ’gjøre ein forskjell’[xx]. Alt dette har undergrave den økologiske økonomien sin evne til å tendens til å dra nytte av dei meir radikale innsiktene som marxismen kan bidra med.

Men den same utviklinga har gjort at spaninga mellom nyklassisismen og vona til den økologiske økonomien om ein verkelig openheit når det gjeld forholdet mellom forskjellige disiplinar, historia og ei pluralistisk tilnærming har vorte stadig tydeligare.[xxi] Dei har også sett lys på dei økologiske manglane ved den nyklassiske teorien sjølv som  med den reduksjonen vi finn der av all effektivitet og velferd til dei eindimensjonale formane pengar og ’nytte’, presenterer ein utrulig fattigslig visjon om menneskelig utvikling og menneska si utvikling saman med naturen si. Og ettersom det har blitt tydligare at mange miljøkriser er eit krise i systemet, og ettersom vi oppdagar klasseinnhaldet i mange økologiske konfliktar, har det blitt meir openbart kor haltande ein teoretisk visjon, som er grunnlagt på materielt og samfunnsmessig ugrunna nyttemaksimerande individ, er. Stadig fleire økologiske økonomar forkastar rett ut den nyklassiske visjonen saman med hegemoniet til marknaden og pengeverdisetting til fordel for ein uttalt felles oppfatning av produksjon, ressursfordeling og menneskelig utvikling. Å vise korleis det er mulig at den materialistiske klasse analysen kan bidra til det veksande opprøret innan økologisk økonomi er eit av dei fremste måla med denne boka.

Ein annan kortsiktig faktor som har hjelp til med å bestemme kor tid denne bok kom er den siste utviklinga når det gjeld forsking på det økologiske innhaldet i den klassiske marxismen. Denne forskinga har gjort det klart at Marx og Engels sitt engasjement med naturvitskap var meir inngåande og uttømmande enn nokon kunne ha tenkt seg tidligare[xxii]. Naturvitskap, medrekna det som i dag er kjend som økologisk analyse spelte ein vesentlig rolle i utviklinga av Marx og Engels materialistiske tilnærming til historia generelt sett og spesialt kapitalismen[xxiii]. Og dei fordomane mot Marx og Engels som har hatt størst verknad blant økologiske tenkjarar har blitt heilt avkrefta[xxiv], slik som at dei ikkje tok omsyn til naturgrenser, at det fremma menneskelig dominering over naturen, sto for antiøkologisk industriutvikling og ikkje tok nok omsyn til korleis kapitalismen måtte bygge på materiale og energi. Når lufta har blitt reinsa for desse enkle og lette unnskyldingane for å ikkje engasjere seg er det no tid for å få i gang ei verkelig samtale mellom marxismen og økologisk økonomi.

Ei oversikt

Denne boka si oppdeling i emne følgjer dei fire sakene som er nemnd tidligare: verdi, naturkapital, entropi og berekraftig utvikling. Alle kapitla prøver å vise korleis marxismen kan bidra til å nå vona til den økologiske økonomien om å ha pluralismen i metodar, å gå over fleire vitskapelige  disiplinar og være historisk open.

Det to første kapitla tar opp spørsmålet om naturen og økonomisk verdi. Kapittel 1 brukar Marx sin kritikk av fysiokratane for å tolke forskjellige syn på naturens verdi innan økologisk økonomi. Fysiokratane er relevante så langt som deira oppfatning av verdi er ein kompleks hybrid av syna til forskjellige tankeretningar innan noverande økologisk økonomi. Marx sin kritikk hjelper oss til å avdekke at dei økologiske økonomane har det til felles at dei ikkje er i stand til å kritisere marknadens verdisetting på grunn av at dei ikkje klarar å forbinde naturens pengeverdi med dei underliggande produksjonsforholda. Ein materialistisk klasseanalyse hjelper oss til å lette løysinga på dette problemet ved at han skiljer mellom verdi og bruksverdi og gjennom den klare demonstrasjonen av at generalisert marknadsverdisetting er grunna på at arbeidsprosessen blir ei vare basert på at produsentane er skilde frå dei nødvendige produksjonsvilkåra, i første hand jorda. Kapitel 2 diskuterer korleis normer som er positive i høve til økologien kan bli brakt inn i ein økologisk verdianalyse som er ramma inn av kapitalismen sine særeigne klasseforhold. Den reiskapen som blir brukt for å ta opp dette spørsmålet er kvalitativ oversikt over studiar av tilfeldig verdisetting (TV). I desse studia blir folk spurt om å sette ein prislapp på forskjellige delar av miljøet eller på visse handlingar for å halde det oppe eller forbetre det. Det første kapitlet antydar at TV studiar, medrekna dei røtene dei har i nyklassisk nytteteori, er ein form for varefetisjisme slik Marx skriv om det . Samstundes blir det vist at ein marxistisk analyse av den kapitalistiske framandgjøringa og  arbeidarane sin motstand mot han kan hjelpe til å forklare motstanden mot å sette pengeverdi på naturen slik det ofte kjem fram gjennom folks individuelle og gruppesvar på TV undersøkinga. Slik hjelper marxismen til med å styrke antimarknads tendensen som er vanlig innan økologisk økonomi, og bidrar ved det til disiplinens metodologiske pluralisme og at han er open for større ulikskapar av (ikkje-marknads) institusjonar og politikk, medrekna bruk av deliberativt demokrati og bestemming basert på fleire kriteria slik det er antyda av politisk-filosofiske kritikarar av TV analysar.

Dei neste to kapitla tar opp den livlige debatten mellom økologiske økonomar om omgrepet naturkapital. Denne usemja blir tolka ut frå eit standpunkt der spenninga mellom metodologisk pluralisme og nyklassisk ”imperialisme” innan disiplinen, står sentralt. Kapittel tre sporar naturkapital til sitt opphav i den nyklassiske litteraturen om berekraftig vekst og viser at dei analytiske veikskapane i omgrepet – spesiellt den reint instrumentelle handsaminga av naturressursar og den manglande evna til å spesifisere produksjonen ut frå forhold i samfunnet – blir ført over til forsøk på å skape teori om berekraft som oppretthalding av lager av naturkapital, av økonomar som ikkje er nyklassikarar. Dette hjelper til å forklare kvifor naturkapital har møtt kraftig motstand av mange økologiske økonomar til tross for at mektige medlemmer av disiplinen har forsøkt å gjøre den til eit omgrep som definerar økologisk økonomi. Som kapittel fire viser har denne motstanden stilt spørsmål ved dei grunnleggande byggeblokkane i naturkapitalteorien, nemlig reduksjonen av natur til et oppsamla mengd av produktive aktiva, å sette pengeverdi på naturressursar og ein definisjon av berekraftig utvikling på ein måte som ikkje tar omsyn til samfunnsforholda, men definerer slik utvikling bare som generell verdivekst. Marxismen, med sin kritiske analyse av korleis dei samfunnsmessige produksjonsforholda underbygger naturens kapitalisering i teori og praksis kan styrke motstanden mot naturkapitalen og ved det førebygge den antipluralismen som den fører til når den installerer seg som en ny ortodoksi innan økologisk økonomi.

Ei anna viktig usemje innan økologisk økonomi dreier seg om kor økonomisk viktig termodynamikkens andre lov er, også kjent som entropiloven. Kapittel 5 begynner med eit samandrag av den entropiske økonomien til Nicholas Georgescu-Roegen og Herman Daley og følgjer deretter den påfølgande debatten langs fire skilde underavdelingar er spor som dreier seg om: (i) den evna som menneskelig produksjon har til å ”feste” materie-energi i brukbare former; (ii) om at det ikkje er mulig å definere ”nytten” til materie-energi på sida av menneskelig formål; (iii) muligheita for fullstendig, eller praktisk talt fullstendig, omattbruk av materielle ressursar; (iv) i kva grad marknadsprisar avspeglar eller kan bli laga slik at dei avspeglar mangel på lågentropi materie-energi. Det blir vist at utviklinga av alle fire spora har blitt hindra av fråveret at klasseperspektivet på produksjonen og naturvilkåra hans. Det er for eksempel slik at nytten av lågentropi materie-energi avheng, ut frå sjølve definisjonen sin, av dei prioritetane som produksjonen tener. Ut frå eit marxistiske synspunkt er marknadens verdisetting av entropi avgrensa av den klasseutbyttande og framandgjørande karakteren til produksjonen, og dette blir paradoksalt nok avspegla i systemet sin evne til å reprodusere seg sjølv (med periodiske avbrot på grunn av kriser i tilførselen av materiale) til tross for den akselererande entropiske forverringa av vilkåra for menneskelig utvikling. Det marxistiske perspektivet på forbindinga økonomi-entropi set ein dialektisk skilnad mellom berekraftig utvikling og berekraftig kapitalisme. Denne skilnaden gir økologisk økonomi eit nytt perspektiv på trongen for ei klar kommunalisering av produksjonen og naturvilkåra hans.

Vidare demonstrerer kapitel seks marxismens evne til å ta opp spørsmål om energi og entropi ved å sjå opp att på Marx og Engels sin reaksjon på Sergei Podolinsky sitt forsøk på å grunne sosialistisk teori i termodynamikkens første lov. Mens mange økologiske økonomar har godtatt Martinez-Alier sin påstand om at Marx og Engels ignorerte eller avfeide Podolinsky sitt arbeid, og dermed sette marxismen inn på ein kurs som oversåg energi og andre økologiske saker, så har nyare forsking av John Bellamy Foster og denne forfattaren kutta grundig vekk grunnlaget under denne påstanden[xxv]. Denne forskinga er mellom anna basert på den første komplette oversettinga til engelsk av Podolinskys arbeid i den forma som Engels las det, og på utdrag og notat til ein kladd som Podolinsky sende han og som nylig er oppdaga[xxvi]. Prova syner no at Marx og Engels tok Podolinsky alvorlig nok til å gi det ein systematisk  kritikk. For å vere meir nøyaktig så forkasta Engels dei energireduksjonistiske elementa i Podolinsky sin analyse, peikte ut at det var naudsynt å ta meir omsyn til at dei ikkje fornybare energikjeldene blei oppbrukt i menneskelig produksjon, og sette lys på at Podolinsky ikkje bakte inn problem som hadde med miljø og klasseforhold å gjøre. I tillegg er Engels mykje meir oppmerksam på entropiske hindringar for menneskelig produksjon under både kapitalismen og sosialismen, enn Podolinsky som reduserte produksjon til ’oppsamling av energi på jorda’.

Kapittel 6 fortsett med å forklare at Marx sin analyse av kapitalismen, særlig i Kapitalen, allereie svarar på spørsmåla som er stilt (eller som ein tenkjer er stilt) gjennom Podolinsky sitt arbeid. For det første blir det vist at Marx har ei tilnærming til kapitalistisk utbytting som tar omsyn til stoffveksling og energi og som tar omsyn til både bevaring av energi og tap av stoff og energi. Med andre ord er den logiske samanhengen mellom denne utbyttinga og den første og andre termodynamiske lova allereie stadfesta av Marx. For det andre blir det vist at omsyn til termodynamikk og stoffomsetting er heilt sentrale når det gjeld Marx sin analyse av maskineri og storindustri – så sentrale at Marx var i stand til å komme med ein klassebasert forklaring på korleis og kvifor menneskelig produksjon definitivt ’braut med dei grensene som blei sett for å leve av solenergi og begynte å tære på geologisk kapital’[xxvii]. For det tredje blir det vist at Engels sin kritikk følgde ånda og bokstaven i Marx sin systemopne analyse av kapitalistisk produksjon og utbytting med omsyn på stoffomsettinga mellom menneska og resten av naturen.

Dei fire siste kapitla i boka ser opp att på ideen om berekraftig utvikling ved å bruke den marxistiske skilnaden mellom dei miljøkrisene som kjem av kapitaloppsamlinga (for eksempel kriser når det gjeld tilgang på materiale) opp mot krisene når det gjeldt naturvilkåra for menneskelig utvikling. Kapittel 7 brukar dette skiljet for å utvikle ein kritikk av James Boyce sin kraftulikskapsmodell[xxviii]. Boyce sin modell utvidar grunnleggande sett Kuznetskurva (EKC), eller omvendt forhold mellom realinntekt per hovud og forureining, ved å argumentere for at auka ulikskap er knytt til forverra miljøforhold for alle trinn av realinntekt per  hovud. Lyle Scruggs har argumentert for at forbindinga mellom ulikskap og forverra miljøforhold er mykje meir innvikla og uklar enn Boyce foreslår[xxix]. Men frå eit marxistisk perspektiv kan vanskane når det gjeld forståing og empiri ved EKC, kraftulikskapsmodellen og Scrugg sin kritikk bli spora til at dei begge misslukkast i å grunnfeste ulikskap i makt og miljøforhold i produksjonsforholda i økonomien. Det er verkelig slik at alle tre analysane ukritisk adopterer den nyklassiske tanken at forureining bare er ein ytre verknad av marknadsverksemda.

Kapittel 8 går inn i diskusjonen mellom økologiske økonomar når det gjeld bruken av Sraffatradisjonen sine modellar på økologiske kriser og konfliktar. Eg hevdar at den  marxistiske fokus på produksjonsforhold og det medfølgjande skiljet mellom krisar i kapitalakkumulasjonen og krisar når det gjeld den menneskelig utviklinga, kastar lys på dei økologiske manglane i Sraffatradisjonen sine analyser. Det blir argumentert på to plan: ein kritisk gjennomgang av dei metodespørsmåla som Sraffatradisjonen sin teori om reproduksjonsprisar reiser og så en detaljert kritikk av dei innverknadsrike  øko-sraffianske analysane til Charles Perrings og Martin O’Connor[xxx].

Kapittel 9 viser først at sjølv noen marxistiske analysar ikkje skiljar skikkelig mellom dei miljøvilkåra som kapitalen treng og dei som trengs for å få ei berekraftig menneskelig utvikling. Så forklarar kapitlet korleis ei meir heilskapelig marxistisk tilnærming kan skilje dei to typane miljøkrisar på ein måte som bring inn økologiske verdiar, men utan å stole på ytre verdibedømmingar. Dette innfattar Marx sitt syn på korleis utviklinga ville gå med omsyn til dei hindringane og muligheitene når det galdt menneskelig utvikling som blir skapt av kapitalismen sin kløft mellom produsentane og naturvilkåra[xxxi]. Denne kløfta kan bare overvinnast gjennom revolusjonær kamp av arbeidarane og deira samfunn for å opprette eit kommunalt system for brukarrett og ansvar ovafor produksjonsvilkåra – eit system som omdannar desse vilkåra til vilkår for fri menneskelig utvikling. Følgjelig viser kapittel 10 korleis den klassiskmarxistiske oppfatning av kommunisme, med sin visjon for produksjonsforhold som forhold for menneskelig utvikling, integrerer tre dimensjonar av berekraftig utvikling som dei økologiske økonomane her sett på meir og mindre kvar for seg: (i) at naturressursane vår ’felles pott’; (ii) at individuelle menneske, samfunn og naturen utviklar seg saman; (iii) felles eigedomsforvalting av naturressursane.

Det var omsettinga av innleiinga til boka. Eg skal seinare omsette den siste delen av boka der vi har ein underkapittel som heiter Kommunismen som berekraftig menneskelig utvikling.Verker som det er tilvist til:

Adaman, Fikret og Begüm Özkaynak 2002, ’The Economics-Environment Relationship’, Studies in Political Economy, 69: 109-35.

Altvater, Elmar 1990, The Foundations of Life (Nature) and the Maintenance of Life (Work)’, International Journal of Political Economy, 20, 1: 10-34.

Altvater, Elmar 1993, The Future of the Market, London: Verso.

Altvater, Elmar 1994, ‘Ecological and Economic Modalities of Time and Space, i Is Capitalism Sustainable?, redigert av Martin O’Connor, New York: Guilford.

Baksi, Pradip 1996, ‘Karl Marx’s Study of Science and Technology’, Nature, Society, and Thought, 9, 3: 261-96.  

Baksi, Pradip 2001, ‘MEGA IV/31: Natural Science Notes of Marx and Engels, 1877-1883’, Nature, Society, and Thought, 14, 4: 377-90.  

Benton, Ted 1989, ‘Marxism and Natural Limits: An Ecological Critique and Reconstruction’, New Left Review, I, 178: 51-86.

Boucher, Douglas H. 1996, ‘Not with a Bang but with a Wimper’, Science and Society, 60, 3: 279-89.

Boulding, Kenneth E., ‘The Economics of the Coming Spaceship Earth’, i Environmental Qality in a Growing Economy, redigert av Henry Jarret, Baltimore: Johns Hopkins Press.

Bouldin, Kenneth E., 1978, Ecodynamics, Beverly Hills: Sage.

Boyce, James 1994, ‘Inequality as a Cause of Environmental Degradation’ Ecological Economics, 11, 3: 169-78.

Boyce, James 2002, The Political Economy of the Environment, Cheltenham: Edward Elgar.

Burkett, Paul 1996a, ‘On Some Common Misconceptions About Nature and Mars’s

Critique of Political Economy’, Capitalism, Nature, Socialism, 7, 3: 57-80.

Burkett, Paul 1997, ‘Nature in Marx Reconsidered’, Organization & Environment, 10, 2: 164-83.

Burkett, Paul 1998a, ‘A Critique of Neo-Malthusian Marxism’, Historical Materialism, 2: 118-52.

Burkett, Paul 1998b, ‘Labor, Eco-Regulation, and Value’, Historical Materialism, 3: 119-44.

Burkett, Paul 1999a, Marx and Nature, New York: St. Martin’s Press.

Burkett, Paul 1999b, ‘Fusing Red and Green’, Monthly Review, 50, 9: 47-56.

Burkett, Paul og John Bellamy Foster 2006, ‘Metabolism, Energy, and Entropy in Marx’s Critique of Political Economy: Beyond the Podolinsky Myth’, Theory and Society, utkommet etter denne boken ble skrevet.

Costanza, Robert 1989, ‘What is Ecological Economics?\, Ecological Economics, 1, 1:1-7.

Costanza, Robert 2003, ‘Ecological Economics is Post-Autistic’, Post-Austistic Economics Review, 20: 6-8.

Daly, Herman E. 1968, ‘On Economics as a Life Science’, Journal of Political Economy, 76, 2: 397-406.

Daly, Herman 1992a, Steady-State Economics, Second Edition, London: Earthscan.

Folke, Carl, Monica Hammer, Robert Costanza og AnnMari Jansson 1994, ‘Investing in Natural Capital’, i Investing in Natural Capital, redigert av AnnMari Jansson, Monica Hammer, Carl Folke og Robert Costanza, Washington, DC.: Island Press.

Foster, John Bellamy 1995, ‘Marx and the Environment’: Monthly Review Press.

Foster, John Bellamy 2000a, Marx’s Ecology, New York: Monthly Review Press.

Foster, John Bellamy og Paul Burkett 2004, ‘The “Podolinsky Business” Reconsidered’,  Organization & Environment, 17, 1: 32-60.

Gowdy, John M. og John D. Erickson 2005, ‘The Approach of Ecological Economics’, Cambridge Journal of Economics, 29, 2: 207-22.

Griese, Anneliese og Gerd Pawelzeig 1995, ‘Why Did Marx and Engels Concern Themselves with Natural Science?’, Nature, Society and Thought, 8, 2: 125-37.

Harvey, David 1996, Justice, Nature and the Geography of Difference, Oxford: Blackwell.

Jamison, Andrew, The Making of Green Knowledge, Cambridge. Cambridge University Press.

Lipietz, Alain 2000, ‘Political Ecology and the Future of Marxism’, Capitalism, Nature, Socialism, 11, 1: 69-85.

Martinez-Alier, Juan og J. M. Naredo 1982, ‘A Marxist Percursor of Ecological Economics: Podolinsky’, Journal of Peasant Studies, 9, 2: 207.24.

Martinez-Alier, Juan 1987, ‘Ecological Economics, Oxford: Basil Blakwell.

Mayumi, Kozo 1991, ‘Temporary Emancipation from Land’, Ecological Economics, 4, 1: 35-56.

Nelson, Anitra 2001, ‘The Poverty of Money: Marxian Insights for Ecological Economists’, Ecological Economics, 36, 3: 499-511.

Neumayer, Eric 2004, ‘The Environment, Left-Wing Political Orientation and Ecological Economics’, Ecological Economics, 51, 3-4: 167-75.

Norgaard, Richard B. 1989a, ‘The Case for Methodological Pluralism’, Ecological Economics, 1, 1: 37-57.

O’Connor, James 1993a, ‘Value System Contests and the Appropriation of Ecological Capital’, Manchester School, 61, 4:398-424.

O’Connor, James 1998, Natural Causes, New York: Guilford.

O’Neill, John 2002, Socialist Calculation and Environmental Valuation’ Science & Society, 66, 1: 137-51.

 O’Neill, John 2004, ‘Ecological Economics and the Politics of Knowledge: the Debate Between Hayeck

 and Neurath’, Cambridge Journal of Economics, 28, 3: 431-47.

Perrings, Charles 1987, Economy and Environment, Cambridge University Press.

Polyani,Karl 1944, The Great Transformation, Boston: Beacon Press.

Proops, John L. R. 1989, ’Ecological Economics: Rationale and Problem Areas’, Ecological Economics, 1, 1: 59-76.

Rosewarne,  Stuart 1995, ‘On Ecological Economics’, Capitalism, Nature, Socialism, 6, 3: 105-15.

Underwood, Daniel A. and Paul G. King 1989, ‘ On the Ideological Foundations of Environmental Policy’, Ecological Economics, 1, 4: 315-34.

Schwartzman, David 1996, ’Solar Communism’,Science & Society, 60, 3:307-31.

Scruggs, Lyle A. 1998, ‘Political and Economic Inequality and the Environment’, Ecological Economics, 26, 3: 259-75.

Spash, Clive L. 1999, ’The Development of Environmental Thinking in Economics’, Environmental Values, 9, 4: 453-79.



[i] Sjå til dømes Boulding 1966 og 1978; Daly 1968; Costanza 1989 og 2003; Norgaard 1989a; Proops 1989; Underwood and King 1989; Folke et al. 1994; Gowdy and Erickson 2005.

[ii] Jamison 2001, sidene 24-8.

[iii] Mayumi 1991; Nelson 2001.

[iv] Sjå Burkett 1996a og 1999a; og Foster 1995 og 2000a for fleire lister over og svar på dei vanligaste økologiske kritikkane av Marx og Engels.

[v] Adaman and Özkaynak 2002, side 117.

[vi] Sjå til dømes Boucher 1996; Schwartzman 1996; Harvey 1996, sidene 194-7.

[vii] Altvater 1990, 1993 og 1994

[viii] O’Neill 2002 og 2004; samanlikn Martinez-Alier 1987, sidene 212-18.

[ix] Neumayer 2004, side 167.

[x] Neumeyer 2004, side 168.

[xi] Benton 1989.

[xii] Eg er usamd med Benton i at Marx og Engels sjøl var offer for denne typen overreaksjon. Sjå Burkett 1998a.

[xiii] O’Connor 1998.

[xiv] Polyani 1944.

[xv] Som eit symptom på denne forkastingseffekten, vurder at eit spesialnummer av Capital & Class som var innretta på ’miljøpolitikk: analyser og alternative’ ikkje hadde plass til  noen diskusjon om økologisk økonomi, men hadde med to store oppslag med O’Connor’s rammeverk med to motsetnader (Capital & Class 2000). Fra min eigen kritiske vurdering av O’Connor’s arbeid sjå Burkett 1999a, sidene 193-7 og 1999b.

[xvi] O’Connor 1998. I følgje John Bellamy Foster, karakteriserer denne podinga økososialismen sitt første stadium, mens det spirande ’andre stadium’ innheld ein grundigare rekonstruksjon både av marxismen og økologien. Andre stadium av økososialismen ’ søker å gå tilbake til Marx og å forstå den økologiske samanhengen i materialismen hans – som eit middel til å gjennomgå grøn teori på nytt og oppheve han på ein positiv  måte.

[xvii] Lipietz 2000, side 75. Sjå Burkett 2000 for mitt svar på Lipietz argument for å ’forkaste’ marxismen.

[xviii] Martinez-Alier, 1987.

[xix] Martin-Allier’s innflyting innan økososialistiske kretsar blir forsterka av at han er ein kjend redaktør i, og bidragsytar til bladet Capitalism, Nature, Socialism. Det einaste alvorlige økologisk engasjement som er i dette bladet er bygd rundt ei sympatisk innstilling til Martin-Allier’s framstilling av disiplinen.

[xx] Rosewarne 1995. For ein breiare analyse av nyklassisismen si evne til å kooptere (ta til seg) ikkje-nyklassiske økonomar og samfunnsvitarar generelt sett, og ved det ta plassen til alternative tilnærmingsmåtar, sjå Fine 2002.

[xxi] Spash 1999.

[xxii] Baksi 1996 og 2001.

[xxiii] Griese og Pawelzeig 1995; Foster 2000a; Foster og Burkett 2004; Burkett og Foster 2006. I lys av nyare studiar kan det ikkje vere noen tvil om at Marx og Engels ville gå god for Dalys uttale at ”det endelige emnet for biologi og økonomi er eitt, dvs livsprosessen. Daly 1968, side 392 (understreka i originalen).

[xxiv] Burkett 1996a, 1999b, 1997, 1998a, 1998b; Foster 1995.

[xxv] Martinez-Alier 1987; Martinez-Alier og Naredo 1982; Foster og Burkett 2004; Burkett og Foster 2006.

[xxvi] Podolinsky 2004. Marx som skal utgjevast.

[xxvii] Daly 1992a, side 23.

[xxviii] Boyce 1994 og 2002.

[xxix] Scruggs 1998.

[xxx] Perrings 1987; O’Connor 1993a.

[xxxi] Foster 2000a.