Kapitalismen, fritid, arbeidsløyse, kommunisme

 

Marx skriv her at utvekslinga mellom levande og tingleggjort arbeid, dvs. fastsettinga av det samfunnsmessige arbeidet i form av motsetninga mellom kapital og lønnsarbeid, er den siste utviklinga av verdiforholdet og den produksjonen som er basert på verdi.

Føresetnaden for slik produksjon er og blir mengda av direkte arbeidstid, mengda av brukt arbeid som den avgjerande faktoren i produksjonen av rikdommen. Men i den grad vi utviklar storindustrien blir skaping av verkeleg rikdom mindre avhengig av arbeidstida og mengda brukt arbeid enn av makta hos dei kreftene som vi set i rørsle i arbeidstida og som har ein verknad som ikkje står i noko forhold til den direkte arbeidstida som går med til å produsere dei, men som er avhengig av det allmenne utviklingstrinnet i vitskapen og teknologien sitt framsteg, eller med andre ord av tillempinga av denne vitskapen på produksjonen. (Tema 5, s.196. Pelican, s.704.)

Arbeidet står no fram mindre som inneslutta i produksjonsprosessen fordi mennesket snarare held seg til sjølve produksjonsprosessen som vaktar og regulator. (...) Det er ikkje lenger arbeidaren som sett inn det omdanna naturobjektet (verktyet) som mellomlekk mellom objektet (råvara) og seg sjølv, men arbeidaren omdannar naturprosessen til ein industriell prosess som han setter inn som middel mellom seg og den uorganiske naturen som han tileignar seg. Han står på sida av produksjonsprosessen i staden for å vere hovudpersonen i han.

I denne omdanninga er det korkje det direkte arbeidet som mennesket sjølv utfører, eller den tida då ho arbeider, men tileigninga av hennar eiga allmenne produktivkraft, kunnskapane hennar om naturen og styringa av naturen gjennom eksistensen sin som samfunnsmedlem - med eit ord utviklinga av det samfunnsmessige individet - som står fram  som hjørnesteinen under produksjonen og rikdommen.

Det tjuveriet av framand arbeidstid som den noverande rikdommen er grunnlagd på står fram som ein ussel grunnvoll samanlikna med denne nye grunnvollen som storindustrien har skapt.

Så snart arbeidet i den direkte forma si har slutta å vere hovudkjelde til rikdommen, sluttar utan tvil arbeidstida å vere rikdommen sitt mål og dermed sluttar bytteverdien i vere bruksverdien sitt mål. Dei mange sitt meirarbeid har slutta å vere vilkår for utvikling av den allmenne rikdommen på same måte som dei få sitt ikkje-arbeid har slutta å vere vilkår for utviklinga av hjernen sine allmenne krefter.

Dermed bryter den produksjonen som er grunnlagt på bytteverdi saman og den direkte produksjonsprosessen får ei form som ikkje er tilfeldig og full av motsetningar. Dette ber i seg den frie utviklinga av individualitetane og derfor ikkje nedkortinga av den naudsynte arbeidstida for å gi plass til meirarbeid, men i det heile nedkorting av samfunnet sitt naudsynte arbeid til eit minimum som gjer mogeleg individa si kunstnarlege, vitskapelege osv. utdanning i den tida og med dei midla som er skapt for alle.

Kapitalen er sjølv den aukande motsetninga fordi kapitalen hindrar nedkortinga av arbeidstida til eit minimum, medan han på andre sida brukar arbeidstida som det einaste målet på rikdom og den einaste kjelda til rikdom. Kapitalen minskar arbeidstida i form av naudsynt arbeid for auke arbeidstida i form av overflødig arbeid - det skapar i stadig større grad det unødige som vilkår - eit spørsmål om liv og daud - for det nødvendige.

På den eine sida vekker kapitalen altså vitskapen og naturen sine krefter og det samfunnsmessige samvirket og den samfunnsmessige kommunikasjonen sine makter til liv for å gjere skaping av rikdom (relativt) uavhenging av den arbeidstida som svarar til han. På andre sida vil kapitalen måle desse enorme samfunnskreftene som er skapt på denne måten, etter arbeidstida og stenge dei inne innanfor grenser som blir kravd for at vi skal kunne halde oppe som verdi den verdien som allereie er skapt. Produktivkreftene og dei samfunnsmessige forholda, som er ulike sider av det samfunnsmessige individet si utvikling, står fram berre som middel for kapitalen og berre som middel for kapitalen til å produsere på sin eigen avgrensa grunnvoll.

Men i røynda er det dei materielle vilkåra som skal sprenge vekk denne grunnvollen.

Naturen byggjer ingen maskinar, ingen lokomotiv, jernbanar, telegrafar, automatiske spinnemaskinar osv. Dei er produkt av den menneskelege industrien; dei er naturmateriale som har blitt omdanna til verkty for den menneskelege viljen over naturen eller for å verkeleggjere den menneskelege viljen i naturen. Dei er verkty for den menneskelege hjernen, skapt av den menneskelege handa; vitinga si tingleggjorte (objektiverte) kraft. Utviklinga av den faste kapitalen viser i kva høg grad den allmenne, samfunnsmessige vitinga, kunnskapen, har blitt direkte produktivkraft og i kor høg grad den samfunnsmessige livsprosessen dermed sjølv har komme under den allmenne intelligensen sin kontroll og blitt omforma i overeinstemming med det. Det viser i kor stor utstrekning dei samfunnsmessige produktivkreftene har produsert, ikkje berre i form av viting, men og som direktet verkty for den samfunnsmessige praksis, for den relle livsprosessen. (Tema, s.197-199. Pelican, s.705-706.)

Likesom storleiken av det relative meirarbeidet er avhengig av det nødvendige arbeidet sin produktivitet, er mengda - både levende og tingliggjort - arbeidstid, som er blitt brukt for produksjon av den faste kapitalen, avhengig av produktiviteten hos den arbeidstida som blir brukt for den direkte produksjonen av produkt. Overfolking er (ut frå denne synsvinkelen) eit vilkår for dette, liksom meirproduksjonen. (Tema, s. 199-200. Pelican, s.707.)

I jo mindre grad den faste kapitalen gir direkte frukt, jo mindre han grip inn i den direkte produksjonsprosessen, desto større må den relative overfolkinga og meirproduksjonen vere: altså jo meir er der for jernbanar, kanalar, vassleidningar, telegrafar osv., desto mindre del av maskineriet er direkte i bruk for den direkte produksjonsprosessen. Av dette (som vi skal komme tilbake til) kjem den moderne industrien sin stadige over- og underproduksjon, dei stadige svingingane og krampane som følgjer av det missforholdet at anten for mykje eller for lite rørleg kapital blir forvandla til fast kapital.

Skaping av mykje disponibel tid utover den arbeidstida som i det heile er nødvendig for samfunnet og for kvar og ein av medlemmene i samfunnet (dvs. rom for individa og dermed også for samfunnet sine fulle produktivkrefter) - denne skaping av ikkje-arbeidstid står fram  på kapitalen sitt nivå, som på alle tidlegare utviklingsstadium, som ikkje-arbeidstid, som fritid for eit fåtal. Dessutan aukar kapitalen fleirtalet si meirarbeidstid med hjelp av alle teknikken og vitskapen sine middel. Dette gjer han fordi kapitalen sin rikdom direkte er denne tileigning av meirarbeidstid og ved at kapitalen sitt direkte mål er verdien, ikkje bruksverdien. Kapitalen er slik, mot viljen sin, eit instrument som blir brukt til å skape middel til samfunnsmessig disponibel tid, til å redusere arbeidstida for heile samfunnet til eit stadig mindre minimum og til å gi alle tid til sin eigen utvikling.

Men kapitalen sin tendens er alltid på den eine sida å skape disponibel tid og på den andre sida å forvandle denne til meirarbeid. Dersom han klarar det første bra, så får han vanskar med meirproduksjonen og dermed blir det nødvendige arbeidet brote av fordi ikkje noko meirarbeid då kan skape verdi til kapitalen.

Jo meir denne motsetninga utviklar seg, desto meir viser det seg at tilveksten av produktivkreftene ikkje lengre kan halde fram å vere avhengige av tileigninga av framandt arbeid, utan at arbeidarmassen sjølv må tileigne seg meirarbeidet sitt.

Om arbeidarmassen har gjort det så sluttar den disponible tida å ha motsetnadsfylt eksistens. På den eine sida kjem då den nødvendige arbeidstida til å ha målestokken sin i dei samfunnsmessige individa sine behov. På den andre sida kjem utviklinga av den samfunnsmessige produktivkrafta til å gå så fort at alle sin disponible tid voks, endå om vi no reknar produksjonen som alle sin rikdom. For den verkelege rikdommen er alle individ sin utvikla produktivkraft. Derfor blir det på ingen måte den lengre arbeidstida, men den disponible tida som er målet på rikdommen. Arbeidstida som rikdommen sin målestokk har som vilkår at sjølve rikdommen er grunna på fattigdommen og at den disponible tida eksisterer i og gjennom motsetninga til meirarbeidstida eller at heile tida til individet blir bestemt som arbeidstid og dermed degraderinga hans til berre arbeidar, underkastinga hans under arbeidet. Det mest utvikla maskineriet tvingar derfor no arbeidaren til å arbeide lengre enn ein vill og lengre enn han sjølv gjorde med dei enklaste og dårlegast verkty." (Tema, s.200-201, Pelican, s.708.)

I det direkte arbeidet ser det ut som om det oppdelte, direkte arbeidet er verkeleggjort i eit særskild produkt. Arbeidet sin felles, samfunnsmessige karakter - karakteren som objektivering av det allmenne arbeidet og som tilfredsstilling av allmenne behov - ser berre ut til å høyre til byttet. På ein heilt annen måte ter storindustrien sin produksjonsprosess seg. Der føresetnaden på den eine sida er naturkrafta si underkasting under den samfunnsmessige forståinga gjennom utviklinga av arbeidsmidla sin produktivkraft til automatiske prosessar og der på den andre sida den enkelte sitt arbeid i den direkte eksistensen sin blir bestemd som oppheva enkelt, dvs. samfunnsmessig arbeid. På denne måten fell den andre basisen for denne produksjonsmåten bort.

Den arbeidstida som blir brukt for produksjon av fast kapital held seg, innan kapitalen sin produksjonsprosess, til den tida som blir brukt til produksjon av rørleg kapital på same måte som meirarbeidstid til nødvendig arbeidstid. I den utstrekninga produksjonen som gjeld tilfredsstillinga av direkte behov, blir meir produktiv, kan ein stor del av produksjonen bli innretta på å tilfredsstille sjølve produksjonsbehova eller produksjonen av produksjonsmiddel.

Det er i produksjonen av den faste kapitalen at kapitalen bestemmer seg som sit eige mål i ein høgare potens enn i produksjonen av den rørlege kapitalen og verksamt trer fram som kapital. (Tema s. 202, Pelican s.710.) (Marx fann seinare ut at variabel kapital var eit betre uttrykk enn rørleg kapital for å beskrive dette. T.V.)

Den verkelege økonomien - sparinga - er sparing av arbeidstid (minimum av - og minsking til minimum av - produksjonskostnader); men denne sparinga er identisk med utviklinga av produktivkreftene. Ho er altså ikkje på nokon måte forsaking, men utvikling av krafta, av produksjonsevna og dermed både av evna til å nyte livets gode som midla til å gjere det. Evna til å nye livets gode er vilkår for nytinga, altså nytinga sitt første middel og denne evna ber i seg utvikling av eit individuelt anlegg, ei individuell produktivkraft. Sparing av arbeidstid ber i seg meir fritid, dvs. tid for individet si fulle utvikling, og denne sparinga verkar tilbake som den største produktivkrafta på arbeidet si produktivkraft. Dersom vi tenkjer at dette er ein direkte produksjonsprosess kan vi sjå på auke i fritida som produksjon av fast kapital; denne faste kapitalen er då menneska sjølv. (Seinare fann Marx ut at konstant kapital var eit betre uttrykk. T.V.)

Det er elles sjølvinnlysande at sjølve den direkte arbeidstida ikkje kan halde fast på den abstrakte motsetninga til fritida slik som ho har sett ut frå den borgarlege økonomien sitt synsvinkel. Arbeidet kan ikkje bli ein leik slik som Fourier ville. Det er Fouriers store forteneste at han la vekt på at målet ikkje er å oppheve distribusjonen, men å oppheve sjølve produksjonsmåten og produksjonsmåten sin overgang til ei høgare form. Fritida - som både er tid for kvile og tid til høgare aktivitet - har sjølvsagt forvandla innehavaren sin til eit anna subjekt, og som dette andre subjektet trer då innehavaren også inn i den direkte produksjonsprosessen. Denne er på same gong disiplin - når vi ser han som menneske som blir til - og trening, eksperimentell vitskap, materiell skaping og i seg sjølv tingleggjort (objektivert) vitskap - med omsyn på mennesket slik ho er blitt og som har i hjernen sin samfunnet sitt oppsamla vitande. Om arbeidet krev praktisk handlag og - som i jordbruket - rørsle, er produksjonsprosessen samstundes øving av begge.

Slik som vi bit for bit utvikla den borgarlege økonomien har vi også utvikla negasjonen (opphevinga) av han, noko som også er den borgarlege økonomien sitt sluttresultat. Vi har framleis berre å gjere med den direkte produksjonsprosessen. Ser vi det borgarlege samfunnet i det store og heile, står fram  sjølve samfunnet, dvs. sjølve mennesket i dei samfunnsmessige forholda sine, som sluttresultat av den samfunnmessige reproduksjonsprosessen. Alt som har fast form, som produkt osv., står fram  berre som moment, som forbigåande moment i denne rørsla. Til og med den direkte produksjonsprosessen står fram  berre som moment. Til og med prosessen sine vilkår og objektiveringar er sjølv berre likearta moment, og som subjekt står fram  berre individa, men individa i forhold til kvarandre, i forhold som dei både reproduserer som produserer på ny. Det er deira eigen stadige rørsleprosess der dei i like høg grad fornyar seg sjølv som den verda av rikdom dei skapar. (Tema, s.204-205, Pelican, s. 711-712.)

Så mange merknader skal eg ikkje komme med til dette. Men eg meiner at det kan gi oss ei djupare forståing av det samfunnet vi lever i no. Berre tenk litt på utsegna om at kapitalismen i stadig større grad skapar det unyttige som vilkår for det nyttige og vurder det opp mot den forma for vekst som leiarane i samfunnet vårt står for. Denne utsegna kler heilt av Brundtlandkommisjonen sitt viktigaste omgrep, "berekraftig utvikling". Ein slik type utvikling er artsframand for kapitalismen med dei "fire fridommane" sine.

Den siste delen av det eg skal ta opp her er den delen som er blitt kalla "Framandgjeringa som historisk nødvendig. Opphevinga av framandgjeringa."

Det forholdet at arbeidet sine objektive vilkår, det objektiverte arbeidet må vekse i høve til det levande arbeidet, gjennom utviklinga av arbeidet sine produktivkrefter - det er eigentleg sjølvinnlysande, for arbeidet sin veksande produktivkraft ber ikkje noko anna i seg enn at det trengs mindre direkte arbeid for å skape eit større produkt og at altså den samfunnsmessige rikdommen meir og meir kjem til uttrykk i dei vilkåra for arbeidet som arbeidet sjølv skapar.

Dette faktum står fram , frå kapitalen sitt synspunkt, ikkje slik at eit moment i den samfunnsmessige aktiviteten - det objektive arbeidet - blir eit stadig mektigare verkty for andre moment, det levende arbeidet, men det står fram  slik - og det er viktig for lønnsarbeidet - at dei objektive vilkåra for arbeidet i forhold til det levende arbeidet tek eit stadig meir kollossalt sjølvstende som ytrar seg gjennom desse vilkåra sitt verkelege omfang, og i det at den samfunnsmessige rikdommen står fram som ei framand og herskande makt i stadig meir enorme proporsjoner.

Vekta ligg ikkje på at den uhøyrte samfunnsmessige makta tingliggjerast, men på at ho framandgjerast (alienerast), blir avytra, gjort til noko ytre, noe-som-ikkje-tilhøyrer-arbeidaren, noe-som-høyrer-til-dei personifiserte-produksjonsvilkåra; dvs. vekta ligg på at denne makta høyrer-til-kapitalen som ei ovstor samfunnsmessig makt som har etablert seg mot sjølve det samfunnsmessige arbeidet. Ettersom skapinga av dette aktiviteten sitt objektive verkty skjer i motsetnad til den direkte arbeidsevna frå kapitalen og lønnsarbeidaren sitt synspunkt, ettersom denne tingliggjerings-prosessen i røynda trer fram som ein avytringsprosess sett frå arbeidet sitt synspunkt og som tileigning av framand arbeid frå kapitalen sitt synspunkt, er denne forvrenginga verkeleg og ikkje berre innbilt, ikkje berre ei forvrenging og omkasting som eksisterer i arbeidarane og kapitalistane si innbilling.

Men denne forvrengingsprosessen er berre historisk nødvendig, nødvendig ut frå eit bestemd historisk utgangspunkt eller grunnlag, for å produktivkreftene skal blir utvikla. Men denne prosessen er ikkje noko absolutt nødvendig for produksjonen – tvert om er han forbigåande; og resultatet av og (det indre) målet for denne prosessen, er opphevinga av sjølve dette grunnlaget likesom forma for denne prosessen.

Dei borgarlege økonomane er til den grad fangar under dei tankebileta som høyrer til eit særskild historisk stadium i utviklinga av samfunnet, at dei ikkje kan skilje det nødvendige i at arbeidet sine produktivkrefter må tingliggjerast, frå det nødvendige i at desse kreftene blir framandgjort frå det levande arbeidet.

Men i og med at det levande arbeidet sin direkte karakter som berre individuelt blir oppheva, og i og med at individa sin aktivitet blir bestemd som ein direkte allmenn og samfunnsmessig aktivitet, forsvinn denne forma for framandgjering frå produksjonen sine tinglige moment. Dermed blir dei bestemd som eigedom, som den organiske, samfunnsmessige lekam som individa bruker for å reprodusere seg som individ, men no som samfunnsmessige individ. Vilkåra for at dei kan vere samfunnsmessige individ i reproduksjonen av sine eigne liv, i dei produktive livsprosessane sine, har først blitt skapt i og med sjølve den historiske, økonomiske prosessen: det gjeld både dei objektive og dei subjektive vilkåra som berre er ulike former av same vilkår.

Arbeidaren sin eigedomsløyse og det objektiverte arbeidet sine eigedomsforhold til det levande arbeidet, dvs. kapitalen si tileigning av det levande arbeidet, er berre uttrykk for to motsette polar i same forhold og er grunnvilkåra for den borgarlege produksjonsmåten og ikkje noko tilfeldig eller likegyldig i han.

Vi treng ikkje noko særskild skarpsinne for å forstå at maskinene - i det at dei går ut frå det frie arbeidet eller lønnsarbeidet som oppstår ved oppløysinga av liveigedommen - berre kan oppstå i motsetnad til det levande arbeidet, som ein eigedom som er framand for dette arbeidet og som er ei fiendtleg makt for det; dvs. at maskinane må framstå for arbeidet som kapital. Men det er like lett å innsjå at maskinane ikkje sluttar å vere berarar av den samfunnsmessige produksjonen så snart dei til dømes blir dei assosierte (samanslutta) arbeidarane sin eigedom. Men i det første tilfellet er distribusjonen av dei: dvs. det forholdet at dei ikkje høyrer til arbeidaren, også ein føresetnad for den produksjonsmåten som er grunnlagd på lønnsarbeidet. I det andre tilfellet vil den forandra distribusjonen gå ut frå ei endra grunnvoll for produksjonen som først er oppstått gjennom den historiske prosessen. (Tema, s.205.207, Pelican, s.831-833.)

Siterte verk:

Karl Marx: Grundrisse der Kritik der politischen Ökonomie, Skrevet i 1857-1858, først publisert i 1939, utgitt på tysk i fullstendig utgåve i 1953,

utgitt på engelsk i Pelican books i 1973 (sitata merkt Pelican),

utdrag utgitt på svensk i 1971 i serien Tema Teori (5) med tittelen: Karl Marx, Grunddragen i kritiken av den politiska ekonomin (sitata merkt Tema) i urval av Sven-Eric Liedman (som gav ut ein stor Marx-biografi i 2015).