Det er vel kjend at USA har hatt i gong undergravingsarbeid i Ukraina i lang tid, faktisk heilt frå før 2. verdskrig. Her er ei beretning om tida etter denne krigen og fram mot 2018. Det er den kjende CIA-forskaren, Douglas Valentine, som er intervjua. Valentine kom seg, som vi veit, heilt på innsida av CIA gjennom Colby, den tidlegare leiaren av organisasjonen. Han intervjua over hundre tilsette der og kom over mange dokument. Desse ligg i Kongressens bibliotek. Han samanfatta dette i nokre bøker. I 2017 kom boka The CIA AS ORGANIZED CRIME – HOW ILLEGAL OPERATIONS CORRUPT AMERICA AND THE WORLD. Boka vart utgjeven av Clarity Press. Under her kjem ei omsetting av intervjuet om Ukraina som er kapittel 9 i nemnde bok.
Men først
skal eg skissere hovudinnhaldet i boka. Kapittel 1 med overskrift «Korleis
William Colby Gave Me the Keys to the CIA Kingdom» handlar om korleis Douglas
Valentine fekk full tilgang til alle han ville snakke med gjennom ein avtale og
klarering med William Colby som hadde vore Direktør i CIA. Valentine var ute
etter å avdekke det såkalla Føniks-programmet, ein hemmeleg operasjon i Vietnam
under krigen der.
Store
delar av boka er intervju som blir gjort med Valentine. I eit av dei første
intervjua fortel ha om ei skjelsetjande oppleving han hadde då han var ganske
ung. Faren hans arbeidde i postvesenet der han hadde budd heile livet. Ein dag
i 1968, då Vietnam-krigen var i gong kom han heim på ferie og hadde ein
sommarjobb. Han og faren kom ikkje godt ut av det med kvarandre. Når faren og
kameratane hans møtte kvarande for ein kopp kaffi, snakka dei om kor mykje dei
hata Muhammed Ali, om dei som nekta å ta teneste i Vietnam og slikt og Douglas
hadde langt hår og var mot krigen. Han var saman med frigjorde unge kvinner som
brukte pilla og representerte noko anna en faren.
Men ein
dag bad faren sonen om å møte han utanfor banken neste dag og gjekk mot den
restauranten dei pleidde å bruke. Bilen som leverte brød stod parkert utanfor
restauranten. Faren gjekk bort til bilen opna ei dør og sa til sonene: «Sjå
godt etter her. Dette er det sanne forholdet mellom kriminalitet og lova. Inne
i bilen sat sjåføren og mafia-medlemen som henta pengane og tilskottet til
mafiaen frå den lokale bookmakeren. Han arbeidde i restauranten og sat ved
sidan av sjåføren. Bak i bilen sat tre landsbypolitiar som Douglas hadde kjend
frå han var liten. Han gjekk på skule med ungane deira og kjente namna deira.
Dei var teken på fersk gjerning og haka datt ned. Då ei begynte å banne lukka
far min døra brått. Han gjekk sin veg til sine vanlege syslar.
Neste dag
gjekk ha på restauranten att og ingen sa eit ord. Det var som om han var innvia
i eit hemmeleg selskap. Dei fleste i landsbyen visste ikkje noko om kva som
gjekk føre seg. Dei såg på politiet som dei som gav farts- og parkeringsbøter.
Dei såg ikkje at politifolka arbeidde saman med profesjonelle kriminelle og
tente pengar på det. Når nokon hadde fått ein uniform og representerte lova
trudde dei at desse folka – som var bøllar på skulen og ikkje klarte å utdanne
seg til røyrleggar eller komme inn på vidaregåande skule – var blitt dydige.
Men desse typane som skulle representere lova hadde meir samkvem med dei
skurkane som dei var saman med dagleg enn dei borgarane som ein trudde at dei
var sett til å beskytte og tene. Dei var korrupte. Så samanfattar han erfaringa
si frå heile undersøkinga av CIA med å seie at det er slike folk du finn i CIA.
Så seier
han at denne historia er allegorisk. Han er eit mikrounivers av korleis verda
fungerer, om korleis propaganda og reklameindustrien på Madison Avenue overtyder
folk at det finst gode krefter som kjemper mot vonde krefter. Men viss folk
gjennomskoda propagandaen ville dei ha ei anna innstilling og landet vårt ville
ha vore strukturert annleis. Men den lovgivande greina av regjeringa vår er i
hendene på profesjonelle kriminelle. Alt dei gjer tener dei kriminelle måla
deira, å halde nede og stele frå dei fattige og gi til dei rike. Det var et eg
forstod alt då eg var ung, takk vere min far.
Føniksprogrammet
I starten
på boka gir han, i ein tekst som byggar på eit intervju frå 2015, ei kort samanfatting
av det alle undersøkingane førte fram til om Føniks-programmet. Det var eit
program som CIA-offiseren Nelson Brickham skapte i 1967 for å «nøytralisere»
dei sivile medlemmene av den underjordiske revolusjonære regjeringa i
Sør-Vietnam. Brickham forklarte prosessen for Colby slik: «Mitt motto var å
rekruttere dei; viss du ikkje kan rekruttere dei så svartmal dei; viss du ikkje
kan svartmale dei, fang dei; viss du ikkje kan fange dei, så drep dei. Det var
innstillinga mi til dei høgt oppe i VCI.» VCI var eit akronym for Viet Cong
Infrastrukture – namnet som CIA gav medlemmene av dei revolusjonære si
undergrunns-regjering og det geriljasystemet som støtta dei.
Som ein
del av Kongressen sitt mandat har CIA jobben med å slå med revolusjonære
rørsler utanfor USA. Når USA driv slik verksemd i ein nasjon som Irak eller
Afghanistan tar CIA seg av den politiske sida av kampen, mens USA sine væpna
styrker tar seg av den reint militære sida. Men i praksis har CIA si verksemd vore
ein paramilitær politifunksjon. I Sør-Vietnam støtta USA sine militære styrker
CIA sitt Føniks-program med troppar og utstyr.
I 1969
let CIA tydelegvis over Føniks-programmet til USAs militære for då begynte
soldatane å føre ein politisk styrt kamp og å utføre systematiske
anti-opprørs-operasjonar mot utanlandske sivile. Opprettinga av Føniks var eit
vatn-skilje. Før denne operasjonen hadde det militære berre lov til å angripe
sivile dersom dei var hemmelege agentar eller angrep militære basar eller
personell. Men i sin fanatiske kamp for siger i Vietnam utydeleggjorde det
militære grensa mellom sivile opprørarar og uskuldige sivile og drap kven som
helst som kom i vegen for dei, medrekna ungar, slik dei gjorde i My Lai og tusen
andre stader.
Etter det
skammeleg nederlaget i Vietnam blei USA driven av den reaksjonære impulsen sin
til å bekrefte den globale dominansen. Dei unnskyldningane som blei brukt for å
rettferdiggjere Føniks blei institusjonalisert som politisk linje. Sidan då har
USAs CIA og dei militære styrkane utført felles Føniks-like operasjonar over
alt i verda utan nokre skruplar, tydelegast i Afghanistan og Irak.
Etter ei
to innleiande kapitla kjem vi til del I som har overskrifta CIA sitt
Føniks-program i Vietnam: eit mønster for dominering som system. Her skriv
han om korleis Føniks-programmet var ein byråkratisk modell for kontroll av eit
lands folk og om den systematiske innhentinga av informasjon for å klare dette.
Så skriv han om korleis modellen og det dei lærte av Vietnam har vore brukt i
Afghanistan og andre stader. Heilt sentralt i programmet står Brickham si
forklaring for CIA-sjefen Colby. Det gjeld å uskadeleggjere alle leiarar for
opprør mot USA-dominans i verda. I kapittel ni tar han opp dette arbeidet i
Ukraina. Det kjem eg tilbake til. Eit kapittel handlar om korleis krigsbrot
blir gjort til gjeldande politikk.
I del to
gå han inn på korleis CIA overtok og leia kampen mot narkotika for å fremme USA
sine interesser i Latin-Amerika og andre stader. Det er ei fantastisk historie
om samarbeid med kriminelle og fleire andre skjulte operasjonar. I et kapittel
med overskrift Project Gunrunner tar han opp korleis dette prosjektet
blei starta av Bush og fortsett av Obama. Det gjekk ut på at administrasjonen i
USA tillèt og oppmuntra folk med kriminell bakgrunn og kjende band til mexicanske
kartell å kjøpe våpen i Arizona og sende dei til Mexico. Eit resultat av dette
var Los Zetas-kartellet. Dei som dreiv dette var trena av USA sine
spesialstyrkar for drepe kartell-leiarar. Men dei enda opp med å danne sitt
eige kartell og drive det. I 2006 braut det også ut krig mellom nokre av det
dusinet med kartell som hadde arbeidd ved sidan av kvarande i ro og fred til
då. Det var fryktelege greier og rundt 50 000 menneske blei drepne, både
kartell-medlemmer og sivile.
I boka er
det også eit langt kapittel om Bob Simmons, eit kongressmedlem som hadde jobba
for Føniks-programmet i Vietnam. Han blei seinare heidra og var visiting
lecturer ved Yale-universitetet der han forelas om «Congress and the US
Intelligence Community og blei vald inn i statsforsamlinga i Connecticut der ha
sat i 8 år. Valentine gjennomgår i meir detalj det vi veit om arbeidet hans for
CIA i Vietnam og andre stader. Ut frå vanlege rettslege og menneskelege prinsipp
er det dyster lesing og Valentina seier om han, i eit avsnitt kalla «Lyge, lure,
stele, at «Noko endrar seg aldri, medrekna Simmons’ sjåvinisme og sjølvros. Men var han verkeleg
æra/akta for å delteke i folkemordet på 2 millionar menneske som aldri truga
USA?»
Boka har
fleire slike meir detaljerte historier om enkeltpersonar og hendingar som underbygger
hovudslutningane til Valentine. I eit kapittel fortel ein tidlegare CIA-agent korleis
han blei rekruttert, korleis fortida hans blei omskapt og korleis han på det
grunnlaget vart plassert der CIA ville ha han. Der jobba han seg inn i samfunnet
i mange år og blei til slutt vald inn ei lokal forsamling. Så fekk han eit
samanbrot og blei trekt ut, mens alt som kunne tyde på samband med CIA blei
sletta. Han fekk så ein god jobb der han hadde ein CIA-offiser som overvaka han.
Dette er eit mønster som vi finn over heile verda. Det er eit heilt
undergrunnssamfunn som finst på sida av samfunnet elles, med folk som har
spesielle eigenskapar og som kan aktiverast når det trengs.
Eit av
dei siste kapitla handlar om «Forkledning av Obamas skitne krigar». Det begynner
med at Obama heldt ein tale til kadettane på West Point tidleg i desember 2009.
Der sa han «Vi er i Afghanistan for å hindre at ein kreftsjukdom frå spreie seg
att i det samfunnet. Men den same sjukdommen har også brote ut i grenseområda
til Pakistan. Derfor treng vi ein strategi som verkar på begge sidene av
grensa.» Dette var like før Obama sendte mykje fleire amerikanske troppar til området.
Valentine
seier at han gjennom heile boka har understreka at USA sin politiske og psykologiske
krig avheng av informasjons-leiing. I denne samanhengen var det sentralt i alle
dokument osb. å skjule det faktum at USA undercover aksjonar og ikkje-offentlege
politikkar, medrekna det å støtte krigsherrar som eksporterte narkotiske stoff,
var ansvarleg for denne såkalla «kreftsjukdommen» heilt frå starten.
Ein månad
før Obama annonserte troppeauken fortalde den regionale kommandanten general David
Petraeus «Obama å tenkje på elementa i Karzai-regjeringa så ‘eit kriminelt
syndikat». Ambassadør Eikenberry antyda i røynda at Amerika ikkje skulle gå til
sengs med mobben.» Heile denne retorikken var heilt uhaldbar fordi USA hadde
sette inn Karzai og forbrytarsyndikatet sjølv.
Valentine
går så litt inn på heile historie. Det kan vere verd å siter litt av det her.
USA sitt skammelege tap i Vietnam i 1975 gjorde ikkje slutt på landets militante
og anti-kommunistiske jihad som president Carter ganske enkelt pakka om og selde
som ein politikk som fremma «menneskerettar». Mens Carter preika «menneskerettar»
var den nasjonale sikkerheitsrådgjevaren hans, Zbigniew Brzezinski i løynd i
gang med å undergrave pro-Sovjet-regimet som hadde tatt makta i Afghanistan.
Dei løynde aksjonane tok til med ein gong med at CIA-offiserar rekrutterte,
finansierte, væpna og organiserte krigsherrar frå folkegrupper i Afghanistan
som ikkje var pashtunarar i den berykta Nordre Alliansen. Gjennom alliere islamittiske
nasjonar som Saud Arabia rekrutterte også CIA leigesoldatar som Osama bin Laden
og sette dei inn mot ikkje-religiøse kommunistar.
Brzezinski
sin stor tanke var å provosere ein sovjetisk militær innmarsj og dra russarane
inn i ein øydeleggande Vietnam-lik krig gjennom nøye støtte opprør. «Kreftsjukdommen»
som Amerika utrydda her var kommunismen, saman med mål om likeløn og frigjering
av dei Afghanske kvinnene som blei oppmuntra til å ta universitetsutdanning og
få jobbar.
Nett som
Monsanto selde ugrasmiddel med dioxin til lukkelege amerikanske forstadsbuarar for
løyse plenproblema deira, lanserte CIA ein informasjonskampanje for å overtyde
muslimane at kommunismen var ein fiende av islam sine grunnleggande tesar, slik
som å tru på Gud. For å reinske ut det kommunistiske «ugraset» skapte USA Muhjahedins
og opna vegen for al Kaida. Dei skapte ein borgarkrig som øydela det framveksande
moderne samfunnet i Afghanistan.
Obama tok
opp arven etter Carter då han i 2016 vitja Vietnam og kjefta på Hanoi-regjeringa
for å bryte «menneskerettane». Han gjorde et utan å nemne den fryktelege kreftsjukdommen
som USA skapte i Vietnam ved systematisk å spreie 20 millionar gallons med Agent Orange over 12 % av Vietnam. Noko
som gjekk ut over 3 millionar uskuldige menneske. Og dette er ikkje historie,
det er framleis eit stort problem. Så fortel han den fæle historia om kva gifta
Agent Orange førte og fører til. Elles viser han til Tom Ahern si bok Vietnam
Declassified der det blir fortald at CIA gjekk inn for å sende inn
spesialgrupper for å forgifte rislager, legge bombefeller i vietnamesiske våpenlager,
drepe eller fange Viet Cong kadre i bakhald eller i raid inn i kommunist-kontrollerte
landsbyar, og samle inn opplysningar. CIA-folka visste også godt at det dei spreidde
var giftig for menneske.
Brzezinski
sjølv fekk spørsmål om han angra på å ha skapt terroristar. Då svarte han «Kva
er det viktigaste i verdshistoria; Taliban eller å få Sovjet-imperiet til å
falle saman? Nokre oppkava muslimar eller frigjeringa av Sentra-Europa og slutt
på den kalde krigen? Det var på linje med Madeleine Albright sin uttale om at «Vi
meiner at prisen verd det» då ho fekk spørsmål om kva ho tenkte om at USA sine
sanksjonar mot Irak hadde ført til drag på 500 000 ungar der. Min
kommentar er at dei har same haldninga til folket i Ukraina. At ein million
soldatar og fleire tusen sivile blir drepen der er verd det, dersom dei klarer
å destabilisere Russland og overta makta der.
Det er
også eit avsnitt om «Korleis skjule ein skiten krig». Her skriv Valentine at CIA
sett opp parallelle regjeringar i framande nasjonar saman med militæret og
Utanriksdepartementet. I Afghanistan gøymde dei seg i konsulat og i hemmelege
leirer eller militære basar, slik dei gjer i mesteparten av dei hundrevis av
militære baser USA har spreitt utover verda.
Etter at dei
har etablert seg sjølv på militære basar, utvidar CIA operasjonane sine under
dekke av Utanriksdepartementets Agency for International Development (AID) sine
sivile aksjons-misjonar. Psywar gjer at dette mogleg: då har dei samarbeidarar
som Thomas og Barry (som er omhandla tidlegare i boka) som er viljuge til å fortelje
folk i Amerika den godkjende versjonen av historia – gode gutar som gjer gode
gjerningar og av og til nokre feil.
CIA følgjer
tradisjonen frå dei kristne «misjonane» som bringa bibelskular til underutvikla
land rundt om i verda. I prosessen blei dei velsigna innfødde modna for militær
erobring, byråkratisk kolonisering og økonomisk utbytting same kor velmeinande misjonærane
var. Ja, det var faktisk slik at jo meir effektivt misjonærane sine bodskap
var, desto lettare blei dei innfødde å manipulere. AID-misjonen (og NGOane sin
misjon – kan vi føye til) gjer det same i dag.
Opp mot
alt som verkeleg skjer i Vietnam og Afghanistan (og elles der USA er innblanda)
er hovudstraumsmedia alltid med på å karakterisere USAs regjering sine hensikter
som heroiske, generøse, kreftkurerande (der ein kvar motstandar representerer ein
kreftsjukdom).
Han gir
så nokre parallellar frå tidlegare tider. Han skriv at etter det blodige slaget
ved Hastings i 1066, gravla William Erobraren sine eigne falne, men let fienden
sine falne bli liggande å rotne i det fri. Det brutale angrepet på England blei
fort ein brutal okkupasjon. Pasifiseringa var, slik USA gjer i dag, å eliminere
fienden sitt leiarskap og terrorisere den sivile folkesetnaden til underkasting.
Kolonisering er ei mordarisk verksemd. Dei anglo-saksiske lordane fekk auga
plukka ut og hender og føter kutta av og blei overlatne i lenkjer utanfor borgene
sine så bøndene kunne sjå dei. Andre blei kastrerte og kasta i vollgravene i ei
av dei hundre borgene som William bygga rundt om i landet for å forsvare
normanniske interesser. Pasifiseringa tok 20 år. I denne tida vart 300 000
innfødde myrda og svelta til daude (ein femtedel av folkesetnaden) og like
mange normanniske for franske entreprenørar og byråkratar blei planta i England
i dei ledige posisjonane. Heile den anglo-saksiske adelen vart utrydda og
eigedommen gav William til den normanniske overklassen. Då han døydde i 1087
var England heilt omdanna.
Dette er
naturen til koloniserande krigar. Sigerherren påfører alle slags fornedringar
og lidingar på dei overvunne, og stel alt dei eig.
Mest
tusen år seinare gjer USA det same i Irak og Afghanistan. Einaste forskjellen
er at mens William skrytte av brutaliteten og tjuveriet sitt, så skjuler den
amerikanske overklassen sitt barbari og si plyndring under eit slør av gode
intensjonar og sjølvforsvar. Denne historia er det media som har til oppdrag å
forsyne folk med.
Den store
borgarlege historikaren, Arnold Toynbee, tok allereie den 7. mai 1970 bladet frå
munnen og uttalte i New York Times: «I heile verda har no CIA blitt det
skremselet som kommunismen har vore for Amerika. Kor som helst der er trøbbel,
vald, liding, tragedie er no resten av oss snar til å mistenke at CIA hadde ein
hand i det.» Toynbee sa dette som eit svar på Kissingers barbariske invasjon i
Kambodia. «I røynda», sa Toynbee «har rollene til Amerika og Russland blitt
snudd om i verdas auger. I dag har Amerika blitt verdas mareritt. (Mange av dei
som kallar seg radikale i dag har ikkje forstått at dette gjeld også i dag.
Boka sluttar
med eit par kapittel som viser korleis USA sin propaganda-maskin lurte folk i
byrjinga av krigen i Syria og omhandlar «Krigen mot terror som den største undercover-operasjonen
nokonsinne». Denne «krigen» opna for CIA og andre USA-institusjonar si
grenselause opptrapping av si skjulte verksemd over alt i verda. Så til kapittelet
om Ukraina.
CIA i Ukraina
Her
følger ei oversetting av kapittel 9 i boka med overskrifta The CIA in Ukraine.
Det har form av eit intervju.
Ryan Dawson:
Dette er Ryan Dawson frå ANC rapport. I dag her eg Doug Valentine med meg. I
kveld skal eg spørje han om CIAs rolle i Ukraina og om deira infiltrasjon i
media. Valentine, det er ei glede å ha deg tilbake i programmet.
Valentine:
Takk, det er ei glede for meg og.
Dawson:
Eg vil spørje deg om denne organisasjonen sitt arbeid med NGOar i Ukraina. Han
heiter United Action Centre. Eg lese noko kort frå sida deira og vil høyre dine
tankar om det. Der heiter det; «NGO-senteret UA har eit sterkt menneskeleg
potensial. Gruppa har erfaring med å drive prosjekt i området for europeisk og
euro-atlantisk integrasjon. I tillegg har UA-senteret ekspertar og aktivistar
som har erfaring med journalisme, offentlege tenester, PR, offentleg aktivitet
osb. UE-senteret har også ein stor database med kontaktar til internasjonale
ekspertar, politikarar og journalistar. Nett no er UE-senteret koordinator for
New Citizen’s Public Campaign som samlar rundt 40 NGOar[i].»
Ut frå
Carl Bernstein-rapporten om media veit vi kor mykje CIA har infiltrert media.
Kan du gi oss dine tankar om UA-senteret og kva dei gjer der med 40 NGOar, som
det er antatt skal arbeide for å fremje demokrati og som får aktivistar og
journalistar til å samarbeide?
Valentine:
UA-senteret er ein organisasjon som Pierre Omidyar var med å starte for to år
sidan. Det er ein paraplyorganisasjon som er knytt til forskjellige
aktivist-prosjekt og NGOar, der ein av dei er Citizen-kampanjen som ifølgje
Financial Times «spelte ei stor rolle med å få protestane opp og i aksjon»[ii].
Ifølgje Kyivpost
mottok «UA-senteret meir enn 500 000 dollar i 2012 … der 54 % kom frå Pact
Inc., eit prosjekt som er finansiert av USA sitt Agency for International
Development. Nær 36 % kom from Omidyar
Nettwork, ein stiftelse danna av eBay-grunnleggar Pierre Omidyar og kona. Andre
gjevarar var International Renaissance
Foundation, der den viktigaste grunnleggaren var milliardæren George Soros, og
National Endowment for Democracy, der mesteparten av finansieringa kjem frå
Kongressen i USA.[iii]
Kvifor var Omidyar villig til å gå saman med slike velkjende regime-endrings-sponsorar
som USAID og NED, for ikkje å snakke om Soros? Kor elles (sam)arbeidar han? Vi
må aldri gløyme at dette er dei han held seg i selskap med. Kvifor?
Då
Omidyar blei fødd i Paris og foreldra flytta til Maryland i USA då han var ung.
Men det viser seg at han er av iransk slekt. Mora var ein farsi-lingvist og i
2016 var ho president for Roshan Cultural Heritage Centre[1]
som driv kulturarbeid for Iran i USA og Iran sjølv. Så merkeleg som det kan sjå
ut er det lite offentleg informasjon tilgjengeleg om faren hans, medrekna
namnet. Det ser ut som han var urolog eller kirurg på John Hopkins, og då
skulle namnet hans vere tilgjengeleg der. Det løyndomsfulle antydar ein form
for etterretnings-tilknyting, kanskje av den typen overklasse-emigrantar som
CIA kultiverer i USA. Det er eit faktum at CIA sitt kontor i Iran var ein av
organisasjonens viktigaste basar for operasjonar mot Sovjet. CIA og MOSSAD
skapte SAVAK, sjahens notoriske interne sikkerheits-teneste, og at sjahen i
motyting gav CIA frie hender til å drive operasjonar mot Sovjet.
Kanskje
Pierre Omydiar er tilgjengeleg for USA sine utanrikspolitiske organisasjonar ut
frå nokre tidlegare familiekontakter. Kanskje det forklarer for kvifor han
spanderte nokre få hundre tusen dollar (ein liten sum for ein milliardær) for å
få UA-senteret på plass i Ukraina, slik at CIA kunne drive operasjonar mot
russarane, slik dei gjorde det frå Iran. Eg har aldri høyrt nokon forklaring
frå den pågåande utspørjaren, Glenn Greenwald. Når det kjem til lureriet
(monkey business) til den som betalar han (sugar daddy) er Greenwalds politikk
rett og slett «ikkje sjå noko, ikkje høyre noko, ikkje sei noko som er vondt».»
Kvifor? Er det gjengjeldinga for dei pengane han får?
Vi veit
at milliardærar som Omidyar og George Soros og Rockefellarane – for ikkje å
seie noko om USAIS og NED – ikkje finansierer politiske verksemd ut frå sitt
gode hjarte. Dei gjer det for å fremje sine eigne interesser. Det er grunnen
til at organisasjonar som UA-senteret blir skapt: for å tene interessene til
dei finansfolka som støttar dei. For meg ser det ut som ein CIA-oppretta
mekanisme for å skape ein krise i Ukraina og utnytte den. Dei 40 NGOane sine
koordinatar er perfekt plassert for å skape skjulestad for hemmeleg CIA-aksjon.
Det
UA-senteret gjer er i røynda å koordinere politikarar og journalistar med
ekspertar på internasjonal politikk og reklamefolk. Det står på heimesida
deira. Alle desse folka driv med å produsere informasjon: kanskje er dei lenka
til ein privat servar slik som den Hillary Clinton brukte då ho var
utanriksminister. Det kan jo ha gått opp for CIA sine politiske og psy-war
ekspertar sin svære hær at dei lett kunne samle offentleg støtte for
fargerevolusjonane deira ved å skape internett-sider som sameinar og rettleier
folk; at dei kunne manipulere potensielle opprørar på same måte, med dei same
metodane som Frank Cotton var ein pionar for i Vietnam, men no oppdatert.
UA-senteret
sine PR-ekspertar vegleier nok pro-amerikanske kandidatar i Kiev på same måte
som amerikanske PR-folk manipulerte Boris Jeltsin i Moskva. Det er vel kjend at
Jeltsin gav vekk butikken etter at han var blitt president i den Russiske
føderasjonen. På same måte som CIA promoterte Jeltsin sikrar nok journalistar
frå UA-senteret at pro-amerikanske politikarar får god presse. Dei spinn fakta
på ein slik måte at Omidyar, som har gjort operasjonen mogleg, blir glad.
UA-senteret
sin uttalte hensikt var å få Ukraina ut av den russiske bana og levere landet
til dei vestlege korporasjonane. Og det var det som hendte, saman med dei
obligatoriske politiske fordelane. Og sanneleg, nokre få korte år etter at
UA-senteret var etablert, gjekk visepresident Joe Biden sin son inn i
direksjonen for Ukrainas største gassprodusent, Burisma Holdings. Hunter Biden
leier Burismas juridiske avdeling og deira kontakt med internasjonale
organisasjonar.
Boka Flashpoint
in Ukraina[iv]gir meir enn nok prov for at Obama-regimet og deira privatiseringslyste
forretningspartnarar kasta den prorussiske ukrainske regjeringa og sette inn ei
regjering full av nynazistar og amerikanske elitar. Dei gjorde dette for å
gjere seg sjølv rikare, og likevel blei det inga sak i media. Det er business
som vanleg. Den gjennomsnittlege ukrainar tener ikkje noko på det: det gjer
berre den «super-rovdyraktige amerikanske eliten som organiserte kuppet. Det er
forunderleg å sjå.
Biden sin
slå- og ta-operasjon fann stad i 2014. I 2015 tok eit anna superrovdyr, Natalie
Jaresko, kontroll over Datagroup, eit kompani som kontrollerer Ukrainas
telecom-marknad. Jaresko hadde ein gong jobb i USAs utanriksdepartement og
koordinerte handel og handelsselskap som hadde med det tidlegare Sovjet-Unionen
å gjere, medrekna Overseas Private Investment Corporation. Sjekk henne ut på
Wikipedia. Ho er ein del av den globale eliten: Det internasjonale pengefondet/Verdsbanken/Den
europeiske bank for rekonstruksjon og utvikling. I Clinton-administrasjonen
tente ho som leiar for den Økonomisk seksjon ved USAs ambassade i Ukraina og
hjelp til med å legge grunnlag for statskuppet som fann stad er 20 år seinare.
Mange fleire er planlagd.
Jaresko
fekk ukrainsk statsborgarskap same dag som ho blei utpeikt til finansminister i
Ukraina i 2014. Deretter pressa ho konkurrenten sin, eigaren av Datagroup, ut i
konkurs ved å bruke den typen svindel med lån i utanlandsk valuta som
mafialeiarar og økonomiske leigemordarar føretrekk. Det er slik ein heilt fri
kapitalisme verkar. Dei overlesser dei nasjonane og forretningsfolka, som dei
har peikt ut som mål, med gjeld og så reinskar dei desse ut. Og igjen får vi
ikkje eit ord i protest frå media. Der er «frihandel» i aksjon.
CIA
speler ei sentral rolle i desse spela, ved å gjere dei illegale sakene som dei
kan nekte for på truverdige måtar, noko som krev høgteknologisk spionasje og
undergrunnsfinansiering – ved å rekke inn i politi-filar eller bruke private
etterforskarar for å finne skit på folk og så sette dei opp og drive utpressing
mot dei. Denne typen undergravings-operasjonar kan ikkje bli gjord offentleg av
folk som Biden og Jaresko og deira PR-folk. Operasjonar i utlandet må dei gjere
i løynd ved hjelp av den kriminelle underverda.
Andre
gongar spelar media ei sentral rolle. I USA, til dømes, vinn folk val gjennom
negative kampanjar. Det demokratiske partiet hyrar etterforskarar for å få fram
skit om republikanske kandidatar. Republikanarane gjer det same. Sannheita
speler ikkje noka rolle fordi hendingane skjer i augneblinken. Så blir tomme
påstandar til sanning før nokon kan svare. Det har blitt påstått at Senator
Elizabeth Warren har hevda at ho delvis høyrde til den opphavlege folkesetnaden
(indianar) då ho søkte seg inn på Harvard, og då ho begynte å drive kampanje
for Hillary Clinton kalla Trump ho for «Pocahontas» kvar gong han fekk ein
sjanse. Det finst alle slags måtar, innan den evig spektakulære dominansen, som
brukast for å verke inn på hendingar gjennom oppdikta skandalar og
feilframstillingar utan at det er ulovleg eller hemmeleg. Dei einaste som
trengs er status som berømt, ein Twitter-konto og merksemd frå nettverka for
informasjonskontroll.
Guy
Debord sa det lenge før Internettet i boka Comments on The Society of the Spectacle.
«Eit aspekt ved at all historisk kunnskap forsvinn kan vi sjå på måten
individuelle omdøme kan endrast medvete av dei som kontrollerer all informasjon:
informasjon som blir samla og også – noko som er ei heilt anna sak, informasjon
som blir kringkasta. Moglegheita deira til å framstille saker feil er ikkje
avgrensa av noko.
Alle kan
bli tilgrisa, og ved sida av dei få ukjende og verna i CIA og Det nasjonale
sikkerheits-etablissementet, finst det ikkje noko forsvar. I utlandet samlar
CIA heile tida informasjon om motstandarar, som til dømes Vladimir Putin, og
gir det vidare til dei vestlege media som er overlukkelege for å kunne spinne
vidare på det på millionar av forskjellege måtar.
Det som
er mindre kjend er at CIA også er engasjert i å endre balansen i heimlege så
vel som utanlandske strider. Det er grunnen til at det er løynd og kvifor alle
piratar med papir frå det offentlege hegnar om det. Dei deler den same
forretningsideologien. CIA-offiserar, PR-folk, journalistar, politikarar og
akademikarar som blir betalt for å gi «ekspert» kunnskap på Fox eller MSNBC
manipulerer med vilje sosiale og politiske rørsler her i USA akkurat som dei
gjer det for den ukrainske opposisjonen eller den venezuelanske opposisjonen.
CIA
setter opp Twitter-kontoar og facebook-sider og sosiale nett-sider for å skyve
folk inn i masseorganisasjonar for å nå dei sosiale måla sine. I mai 2016 kutta
twitter «av USAs etterretnings-organisasjonar frå ei teneste som går gjennom
alle twitter sine sosiale media-poster».[v]
Den som var skuldig var CIAs Open Source Enterprise, som hadde kontrakt med ein
privat kontraktor, Datminr, gjennom CIAs tydelege risikovennlege kapitalfond,
In-Q.Tel, for å spionere på amerikanske borgarar. Slike super-hemmelege
«etterretningstiltak» blir ofte brukt som dekke for svært illegale «offensive etterretnings»
operasjonar.
Dawson:
Vi så National Endowment for Democracy, som er heilt og fullt CIA, langt framme
i Ukraina. Men kvifor treng CIA så mange mellommenn? Kva er føremålet med å ha
40 forskjellige ikkje-regjeringsstyrte organisasjonar?
Valentine:
Eg vil gi deg eit eksempel. Då CIA gjekk inn i Vietnam som hadde ein kultur som
USA ikkje var kjend med, var det først dei gjorde å kjøpe mykje eigedom. Dette
var under Den første Indokina-krigen, og dei gjorde det i løynd, gjennom
oppkjøparar, slik at dei kunne ha sikre hus som dei kunne bruke for å sette opp
organisasjonar seinare. Det er alltid best for dei å kjøpe eigedommar i
krisetider når prisane er låge. Som Trump alltid seier: «Kjøp lågt» Og når er
prisane lågast? Som Baron Rotschild så vidgjete sa: «Når det er blod i gatene.»
CIA
kjøpte store eigedomsområde i Saigon mellom 1952 og 1955, under Den første
Indokina-krigen, då der var blod i gatene. Dei kjøpte førsteklasses eigedommar
til 10 % av verdien. Det er det første steget – få ein fot å dørsprekken. Desse
bygnadane var stader der CIA-offiserar kunne møte agentane sine og planlegge
skitne handlingar. Dei let NGOar og sivile organisasjonar få nokre til sine
operasjonar.
William
Colby presenterte meg for ein av medarbeidarane sine, Clyde Bauer, den
CIA-offiseren som dreiv Air America i Vietnam for lenge sida. Bauer fortalte
meg at han sette opp South Vietnam’s Foreign Relations Council, Chamber of
Commerce og Lions Club «for å skape ein sterk sivil base». Dette er det CIA
gjer i Ukraina gjennom UA-senteret. Dei skaper ein pro-amerikansk sivil base
som det kan komme politiske kandidatar frå.
CIA
verkar inn på politikken i andre land på mange måtar. CIA-offiserar slusar
heile tida pengar til alle politiske parti, høgre og venstre, og opprettar
agentar som har stor rekkevidd for å oversjå og manipulere den politiske
utviklinga. Dette er standard operasjons-prosedyre.
Det neste
CIA gjer er å ta kontroll med nasjonens hemmelege tenester. Dei gjorde det i
Vietnam og i Ukraina. Slik eg har forklart andre stader gir dei tilbod om
trening og høgteknologisk utstyr til folka i dei hemmelege tenestene. Dei
korrumperer dei og bruker dei for sine eigne formål, slik dei brukte SAVAK i Iran. Det er i høgste grad
illegalt å underlegge seg representantar for andre makter. Vi liker ikkje når
nokon gjer det mot oss og det er ikkje noko ein person med stor
påverknads-kraft er trena til å gjere (sjølv om den private sikkerheits-styrken
hans sannsynlegvis består av tidlegare CIA-offiserar som veit korleis det skal
gjerast).
CIA
infiltrerer alle dei politiske partia og så snart ein politikar som dei eig er
på plass, høgre eller venstre, kan dei løfte han/ho til forsvarsminister eller
innanriksminister. Desse ministrane blir betalt av CIA og utpeiker
representantar til det militære, sikkerheitstenestene, politileiarar som gjer
det som CIA befaler. CIA prøver å plassere sine folk overalt i den nasjonen dei
har fanga innan regjering og sivilsamfunn. I Sør-Amerika rekrutterer dei yngre
offiserar gjennom School of Americas (som no har endra namn) og, når den rette
tida er inne, får dei dei til å sette i gang kupp med støtte frå alle dei andre
folka dei har kultivert i årevis, av og til i fleire tiår.[vi]
Dei store
føretaka i USA (corporations) treng CIA for å få desse parallelle regjeringane
på plass. CIA treng inn i militæret og i sikkerheitstenestene, og samstundes
skapar dei ein sivil base gjennom organisasjonar som dei kan fornekte, slik
UA-senteret. Dette er måten samfunn blir styrt på når der ikkje finst ein
overveldande folkeleg støtte. Dei gjer deg gjennom å tileigne seg eigedom og
ved å ha dei passande folka i regjeringar og i dei sivile institusjonane.
CIA
rekrutterer folk på staden som Lech Walesa i Polen. Folk som leier
fagorganisasjonar er ofte betalt av CIA, det same med folk som driv
utdanningssystemet. CIA kan rekruttere desse folka fordi dei har så mykje
pengar. Russarane kan ikkje konkurrere når milliardærar som George Soros
overrislar ein million her og fem millionar der – pengar som går til å bygge
sivile institusjonar som er ideologisk samstemd. Om folk gjer det for pengar
eller tru på ei betre framtid, så manipulerer CIA dei samfunnsmessige og
politiske prosessane. Offiserar frå CIA rekrutterer folk og set dei på plass,
får dei til å signere kontraktar som klårt seier «Som ei motteneste for å
fremme våre interesser her i Kiev vil du få 100 000 dollar på ein
bankkonto i ein sveitsisk bank og livet ditt vil bli rosenraudt.»
Det er
illegalt. Det er svikefullt. Du kan ikkje ta pengar frå ei utanlandsk
spionorganisasjon og arbeide mot ditt eige land, men det er det CIA gjer i
Ukraina nett no og rundt om i verda i ein massiv skala.
Dawson:
Eg ville spørje deg om Human Intelligence. Kva er Intelligence Community
Dirctive 304?
Valentine:
Det kom ut i 2009. Viss nokon vil lese det er det berre fire-fem sider langt.[vii]
Det fortel med brei pensel og enkle ord kva FBI, CIA og Forsvarsdepartementet
gjer for National Director of Intelligence, når det gjeld HUMINT.
Stillinga
Director of National Intelligence fanst ikkje før Bush blei president i 2001.
Fram til då var det direktøren for CIA som leia alle
etterretningsorganisasjonane. Men etter 9/11 leia ikkje CIA-direktøren alle dei
andre organisasjonane. Den rolla gjekk til den nye Director of National
Intelligence, som sidan 2001 har vore James Clapper. Bush skapte DNI-jobben for
å gjere det mogleg å få betre kontroll med dei heimlege
etterretningsoperasjonane.
I 2009
utforma Director of National Intelligence direktiv 304 for å definere jobbane
til militæret, CIA og FBI. Den siste kopien som vi finn på nettet er redigert.
Dei kutta ut delar om kva CIA gjer. Det er standard å klassifisere (som
hemmeleg) namna til CIA-offiserane i Ukraina, kva dekkposisjonar dei har, kven
dei har muta og fått under seg. Viss presidenten av Rotay-klubben er CIA-agent
blir dei tinga klassifisert fordi dei er illegale. Men takk vere direktiv 304
får du ikkje ein gong vite kva som ikkje er hemmeleg når det gjeld CIA sine
operasjonar. Så gale har det blitt.
Igjen
dreier det seg om kontroll over informasjon. Dei vil ikkje at du skal vite
noko. Det er slik dei utøvar makt over deg. Herskarane dine er forgjord av
kontroll med informasjon og å ikkje la deg få vite kva som går føre seg. Nett
som Greenwald skjuler skattkammeret sitt med NSA-dokument som han har fått av
Snowden, og berre let ut nokre dropar som han vil at du skal sjå. Fordi makta
til ein person eller ein institusjon er direkte lik moglegheita dei har til å
kontrollere den informasjonen som makta kvilar på.
Dawson:
Og for å profittere på det.
Valentine:
Det er heile poenget. Demokratiet er øydelagd når regjeringa di hindrar deg frå
å vite kva CIA gjer. Den typen demokrati er motsatsen til demokrati. Viss
offentlegheita ikkje veit kva som går føre seg da her ho ikkje kontroll med sin
eigen lagnad. Amerikanarane har gjeve opp så mykje kontroll, så mykje fridom.
Dawson:
Kvar gong dei avklassifiserer noko finn vi ut at det ikkje hadde noko og gjere
med sensitive løyndomar. Det berre skjuler illegal aktivitet, det er alt!
Valentine:
CIA utfører ikkje hemmelege, illegale aksjonar rundt om i verda for å skape
harmoni mellom klassar, kjøn eller raser i Amerika, eller for å oppmuntre
palestinarar og jødar til å ta kvarandre i hendene og synge Pepsi sine
reklamesongar saman. CIA gjer det på oppdrag frå Clintonane og Bushane. Dei
gjer det for Omidyar og Bill Gates og George Soros og folka som styrer over
oss.
Dawson:
Dei er den hemmelege militære armen til plutokratane.
Valentine:
Ja. Phil Agee kalla CIA for «kapitalismens usynlege hær». CIA utfører ikkje
hemmelege saker for å få minimumslønna opp, eller for å få bankierane til å bli
meir forsiktige med å låne ut pengar til folk som ikkje har råd til det. Dei
jobbar med bankierane. Dei vil at ukrainarane skal sette pengane sine i eit
firma som sel aksjar for Morgan Stanley i Kiev. Dei vi suge livet av
ukrainarane. Derfor er CIA der og dei er svært nøye på og forsiktige med kven
dei rekrutterer for å nå målet sitt.
Dawson:
Dei ønskjer ting som har ein verdi i seg som eigedom og jordbruk.
Valentine:
Ja, det første dei vil ha er eigedom, og den beste måten å få prisen ned på er
ved å få gong krig. Folk flyktar frå krigssoner i Irak, Libya og Syria. Så
snart det skjer går prisane ned og føretaksrøvarar som Omidyar, Biden og Jarsko
stupar inn.
Dawson:
IMF held på med rovdyraktige utlån for å gjere folk til gjeldsslavar slik at
dei må selje det dei har for å betale utlånaren. Når Ukraina begynte å gjere
avtalar med Russland så kjem det plutseleg eit statskupp! Eg må berre le når
NGOane som er samordna av UA-senteret snakkar om at dei spreier demokrati når
det noverande regimet i Vest-Ukraina blei utpeikt.
Valentina:
Javisst. Historia om CIA sine etterretnings-operasjonar i Ukraina er lærerik.
OSS-offiserar i 2. verdskrig slapp Stephan Bandera ut av fengsel i 1944.
Bandera var ein nazi-kollaboratør med ein væpna styrke som slakta polakkar,
jødar og kommunistiske arbeidarar på austfronten. USA rekrutterte Bandera slik
at han kunne kjempe mot den framrykkande Sovjetunionen. Ikkje noko har endra
seg. For nett ti år sidan sette CIA i gang «oransjerevolusjonen» med same mål –
å kjempe mot Russland. Det var ein av dei første fargerevolusjonane og dei same
personane var med her som blei brukt i kuppet i 2014.
Dawson:
En giftskandale som den med dioxin.
Valentine:
Kona til den regjerande presidenten i Ukraina (i 2014) er ein amerikanar og ho er
ein del av den ukrainske eksilfraksjonen. CIA har ein stall full av folk i
eksil frå alle kantar. Ngo Dinh Diem budde i Amerika då Ed Lansdale sette han
inn som president i Sør-Vietnam. Han vaska golv for eit Marykoll seminar i
Lakewood, New Jersey. Dei har eit lager av folk i eksil og aktivere dei og
agentnettverka deira når det trengs. Eit nyleg eksempel er Fethulla Gülen, ein
amerikanskbasert, tyrkisk forretningsmagnat som prøvde å kaste statsminister
Erdogan i juli i 2016.[viii]
Ettersom Joshua Cook rapporterte i 2014 kom Gülen til USA i 1999 på grunn av
det som ble oppgitt som helseproblem og fortsette å bu i USA etter å ha fått
visumet sitt med hjelp frå tidlegare CIA-folk. Før det sette FBI seg mot at han
fekk varig opphald. Ifølgje lekka meldingar trur delar av regjeringa i USA at
«Gülen er ‘ein radikal islamist’ med ein moderat bodskap som dekkjer over ein
mørkare og meir radikal dagsorden.»
Cook
rapporterte at «Gülen-inspirerte skular er det største privatskule-nettverket i
USA og tar imot om lag 150 millionar dollar kvar år av skattebetalarane sine
pengar. Det finst om lag 130 av desse privatskulane i 26 statar og mesteparten
av lærarane er frå Tyrkia (og) mange av kontraktane for bygging og drift har
gått til tyrkiske føretak. Dette heiste raudt flagg for regjeringa i USA.»
Folk som
Diem og Gülen kjem ut frå under steinane sine og fyllar regjerings- og
sivil-institusjonar som CIA skaper i nasjonar der dei får til regimeendringar.
Dette er noko anna som går føre seg over alt i verda.
Dawson:
Vi så det i Cuba til dømes der CIA faktisk hyra inn Meyer Lansky og mafiaen til
å gjere det skitne arbeidet sitt. Og vi ser at den ukrainske regjeringa hyrer
inn ein gjeng med nynazistar.
Valentine:
Som vanleg har eg tatt lang tid for å komme til poenget mitt, men ja, CIA har
operert med ukrainske folk i eksil sidan slutten av 2. verdskrig då dei hyrte
Reinhard Gehlen. Gehlen hadde vore leiaren den tyske hæren si spionering mot
Sovjet. USAs regjering si etterretningsavdeling hyra Gehlen i 1945, men så
snart som CIA var organisert, snappa dei han og gav han ansvar for Aust-Europa.
CIA brukte denne tidlegare nazisten for å aktivere att dei spionnettverka han
hadde i Ukraina, Polen, Latvia og alle landa i Aust-Europa, og desse gamle
nazi-spionane begynte å arbeide for CIA.
Dawson:
Dei gjorde det same i Japan. Dei fekk Jakuza og tidlegare japanske spionar til
å spionere på kinesarane. Dei trengte etterretningar, og dei hadde ikkje nok
folk som snakka kinesisk eller folk som kunne infiltrere. Så dei held på dei
same folka frå det japanske imperiet som hadde vore der sidan 2. verdskrig.
Valentine:
Alt dette er illegalt, men det er dette CIA gjer rundt om i heile verda. Dei
har gjort det i Ukraina i generasjonar. Dei har barnebarna til nazistar på
løningslista og ein utruleg infrastruktur av nynazistiske hemmelege agentar som
har kjempa mot Russland i sytti år.
Russarane
kjenner namna deira, kor dei bur og kor CIA har sine sikre hus. Men
amerikanarane har ikkje peil. Dei trur at krisa starta i dag fordi media
presenterer det slik. Journalistane, redaktørane deira, industrieigarane,
utgjevarane – som no inkludere Omidyar – vil ikkje vite om alle dei illegale
aktivitetane som CIA er med på, på vegne av dei. Så dei som eig New York Times
og Washington Post tilsett redaktørar som dirigerer journalistane slik at dei
aldri rapporterer om kva CIA gjer.
Dawson:
Nokre av dei er CIA.
Valentine:
Journalismen i USA er eit tradisjonelt dekke for CIA-offiserar. Og når
media-eigarane ikkje dekker for CIA sel dei avertissement-tid til dei
multi-nasjonale korporasjonane som i sin tur sel deg varer som er laga i
arbeidsplassar med dårleg løn og dårlege arbeidstilhøve i land der CIA har
sørga for regimeendringar. Du kan mest seie at det ikkje finst noko slikt som
rapportering av fakta. Dei er så verdifulle som mesteparten av dei overprisa
varene som folk kjøper for å heve statusen sin. Alt er vridd og servert i ni
sekundars lydperiodar, slik at du vil kjøpe noko, ikkje vite noko og gløyme
noko.
Dawson:
Viss nokon er forvirra, berre sjå på rapportane frå Ukraina, eller rapportane i
dei ni åra då dei førebudde Irak-krigen. Legg merke til kor lik alle dei
tre-bokstav media var. Rapportane blei avslørt undervegs. Likevel fekk du ein
komplett einsidig historie på TV. Den er for krig, for statskupp.
Valentine:
Eg meiner at problemet ikkje er at CIA infiltrerte journalismen, men heller at
CIA fremmer journalismen som business – noko som verkeleg er kapitalismen sin
reklamebransje. Dei jobbar saman. Dei journalistane som «kan stolast på» som
skriv om CIA slik Seymour Hersh gjer det – seier aldri det som eg seier her.
CIA og media er delar av den same kriminelle konspirasjonen. Du vil aldri lære
noko viktig ved å lese det som mainstream journalistar diskar ut om CIA. Du kan
ikkje ta eit kurs for journalistar i CIAs kriminelle konspirasjonar 101.
Dawson:
Det er grunnen til at eg laga dokumentarfilmen kalla «Tiår med bedrag» som tok
for seg ein bunke med hemmelege operasjonar – som har blitt heilt avslørt – som
CIA var innblanda i er i kontrollerte heilt.[ix]
Men å få
det ut i ljoset er ei dråpe i havet samanlikna med kva massemedia spreier og
kor mykje feil vi blir servert på skulen og på TV.
Valentine:
Dei siste 240 åra har det amerikanske samfunnet hatt som målet sitt å gjere ei
lita gruppe med eigedomseigarar og deira påfølgande generasjonar rikare som tok
over verda etter at dei hadde erobra kontinentet. Dei sivile institusjonane og
regjeringsinstitusjonane i USA har i over 240 år blitt organisert for å fremme
dette målet. Det faktum at CIA kom for 70 år sidan og har skyve prosessen
frametter ved å gjere illegale saker på industrielt grunnlag har ikkje endra
drivet til det amerikanske imperiet og deira leiande menn.
Dei folka
som kontrollerer UA-senteret og styrer operasjonane i Ukraina gjer det same
her. Det er dei same herskarane. Det er dei same journalistane, dei same
politikarane, og dei gjer dei same sakene. Berre spor kva dei har skrive.
Dawson:
Og dei kan forvri massive hendingar. Eg meiner at å få ei avis eller ein
TV-reportar til å nemne at Palestina er under okkupasjon – det vil aldri skje.
Aldri.
Valentine:
Og likevel tenkjer folk at dei har fridom her. Eg gissar at alt er relativt,
men viss du tar til å vite lite grann, skjønar du at du ikkje kjenner til mykje
«sanning» i det heile.
Dawson:
Internettet lagar ein liten bulk i det, men ikkje nok. Ikkje enno, men eg har
eit håp for det likevel.
Eg er
sekstiseks: då eg tok til med å skrive tilbake i dei tidlege 80-åra kunne det
ta ein månad å få kontakt med nokon for å få kunnskap om ein sak. Det går
fortare no. Men CIA er også hurtigare no. Dei skapte eit nytt Digitalt
Direktorat for å kontrollerer internett-informasjonen på ein meir perfekt måte.
Kontrollen av vitskapleg og teknologisk informasjon er like viktig som
kontrollen av ord – den intellektuelle informasjonen som er skriven ned eller
kringkasta. Kontroll med vitskapleg informasjon er eit middel til å kontrollere
ideane våre og korleis vi vurderer saker. På same måte som CIA er i front når
det gjeld propaganda på Internett er den vitskaplege og teknologiske avdelinga
deira i front med å skape dei industriane som driver verda.
CIA er i
front i drone- og våpenteknologi – alle
slags teknologiske framsteg som berre tener den herskande klassen og gjer han
rikare. CIA er i front i den forskinga og utviklinga som har med Internettet å
gjere også.
Tilbake
midt på 1990-talet fekk eg undervisning i hypertekstspråk. Og til mi
overrasking fekk vi vite at all informasjon var ruta gjennom superprosessorar i
Langley. Putin sa nyleg at Internettet var eit av CIA sine spesialprosjekt, og
han hadde rett. Eg hugsar då forsvarets framskridne forskingsprosjekt kom ut
med ARPANET, som gjorde det mogleg for oss å til tilkomst til informasjon i
college-bibliotek tidleg på 1990-talet. Alt blei gjort under
Forsvarsdepartementet, som fronta for CIA.
Så dei
moglegheitene Internettet gjer er ein ny fridom, men samstundes nyter vi den
fridommen på løyve frå CIA. Viss dei ville kunne dei stenge det heile ned på
ein augneblink. Dei kontrollerer det og overvakar alle sidene ved det. Viss vi
verkeleg gjorde noko som truga dei så ville dei vite om det i eit nanosekund og
aktivitetane våre ville bli stoppa. Men vi er berre mygg.
Dawson:
FFC har allereie teke steg for å øydelegge nøytraliteten på nettet i USA. Eg
ser at Internett-fridom er ein slags svart svane. Vi har alle desse
kommersielle føremåla, heilt klart: folk som Omidyar som tener pengar ved å
selje ting online, men eg er ikkje sikker på at dei var engstelege for at der
ville vere folk som blei sjølvlærde journalistar og begynte å rapportere om
alle dei fæle tinga dei gjer.
Valentina:
Folk er avhengige av Internettet no og viss Bill Gates eller Omidyar ville, så
kunne dei begynt å ta ein dollar dagen for å bruke det. Det er som eit
narkotikum. Det første skotet er gratis. No er tida inne for dei å begynne å ta
betalt. Ikkje noko som skjer på Internettet no fortel oss korleis det vil bli
om fem år. Heile denne Internett-fantasien kan bli eit mareritt ganske snart.
Dawson:
Vel det var ganske dystert, men du kan ha rett. I alle fall tar dei betalt og
tenester og ei liker det ikkje. Men du kan kontrollere informasjon totalt viss
du veit kven som er hurtig og kven som er sakte: det er alt som trengs.
Valentine:
Viss du var ein Internett-entreprenør, kor mange måtar trur du at du kunne
finne på for tene pengar på det? Folk er avhengige av iPhones og teksting. Dei
som driv tenestene heng rundt skuleplassen og dei gir deg fri Skype. CIA også.
Viss engelskmennene kunne sleppe unna at dei pusha opium i Kina i 1848, kva får
deg til å tru at CIA ikkje vil gjere det her og no?
Dawson:
Selje opium? Ha.
Valentine:
Vel, lat oss komme tilbake om fem år og sjå om eg får rett.
Dawson:
Nyt dei gode tidene, for desse små fridomsbitane som vi har no kan vere dei
siste. «Du treng ikkje ein vêrmann for å vite kva veg vinden bles.» Det er som
med direktiv 304, som du kunne finne online, men som no er klassifisert som
hemmeleg. Borgarlege rettar blir stadig færre, dei blir ikkje fleire.
Høgsterett sa nett at ingen kan utfordre Obama sin rett til å internere.
Dawson:
Han drep utan rettargang og.
Valentine:
Dei kan gjere kva som helst og det kjem ikkje til å bli betre ettersom
resursane blir færre og inntektsforskjellane blir større, desse utviklingstrekka
kjem berre til å forverrast.
Dawson:
Ja, dei hadde den største overføringa av pengar til storføretaka nokon sinne,
men så forsvann det. Og det var etter seksten milliardar dollar i
redningspengar til desse finansinstitusjonane, pluss Federal Reserve som hoppa
etter dei med enno meir pengar.
Valentine:
Dette er eit perfekt eksempel på at vi ikkje lever i eit demokrati. På den tida
gjorde dei nokre spørjeundersøkingar, og nitti prosent av det amerikanske
folket ville ikkje at regjeringa skulle dekke bankane sin gjeld. Det som
skjedde var bestemmingar tatt av dei løynde herskarane våre. Alle store
bestemmingar i demokratiet vårt blir tatt av dei.
Dawson:
Og massemedia er samd med dei: «For stor til å gå konkurs!»
Valentine:
Ja, det er eit fengande slagord. Og der er færre herskarar heile tida og fleire
av oss som slit oss fram på utsida, og som betalar rekningane deira.
Dawson:
Vel, få fram høygaflane folkens!
[1] Denne organisasjonen er ein del
av Omidyar sitt enorme nettverk av NGOar. Det ser ut som Omidyar støttar fleire
motstridande politiske retningar og at motivasjonen derfor ser uklar ut. Ein
interessant artikkel frå i fjor i ein propagandakanal for USA, Middle East
Forum, seier noko om dette og fortel ein del meir om Omidyar og hans organisasjonar. Dei
framstiller det som om han støttar styret i Iran. Men det som kjem klart fram
er at han bygger og leier ei stor mengd NGOar over heile verda der han slepp
til og at han har mange organisasjonar i Iran, slik han har hatt i Ukraina. I
USA tar Omidyar opp arbeidarrettar og arbeidsforhold
og ser sosialdemokratisk ut. Mykje av den andre politikken hans ser og ut til å gå i denne
retninga no. Men han driv og arbeid mot såkalla desinformasjon og står i den
heilskaplege politikken sin for USA sine interesser etter det eg kan sjå. Vi
kan sjå overskrifta på det overordna programmet hans og dei organisasjonane som
samarbeider med nettverket hans her. Det samsvarer nok mykje med Schwab sine
tankar om å forme om kapitalismen gjennom ein «reset» og
«stakeholdercapitalism».
[i] Tatt den 10. februar, 2016 frå http://centreua.org/en/team/445/, slik det er sitert i Chris dePloeg, Ukraina
in the Crossfire, Clarity Press, Inc., 2017
[ii] R. Olearchyk, (14 desember,
2013). Ukraina: Inside the pro-EU protest camp. Tatt frå http://blogs.ft.com/beyond-brics/2013/12/14/ukraina-inside-the-pro-eu-protest-camp/?Authorised=false sitert i dePloeg, Ukraina in
the Crossfire.
[iii] Sitert i dePloeg, Ukraina in
the Crossfire.
[iv] Stephen Lendman ed., Flashpoint
in Ukraine: How the US Drive for Hegemony Risks World War III, Atlanta,
Clarity Press, 2014.
[v] Eamon Javers, «Kvifor Twitter
valde å gå til kamp mot CIA», CNBC, 13. mai, 2016.
[vi] Se kapittel 4: Den systematiske
innsamlinga av opplysningar (intelligence).
[vii] <http://fas.org/irp/dni/icd-304-2008.pdf>
[viii] Joshua Cook, «Exclusive: FBI
Whistleblower and Teacher Expose Islamic Gülen Movement Infiltrating U.S.
Through Charter Schools», Truth in Media, 28. juli 2014.
[ix] http://www.ancreport.com/documentary/decades-of-deception/
Sjå
også:
Boyd-Barrett,
O. (2016). Western Mainstream Media and the Ukraine Crisis: A Study in Conflict
Propaganda. Routledge.
Chris
Kaspar de Ploeg. Ukraine in the Crossfire. Clarity Press.
(Boka er samanfatt og kommentert av Terje Valen som og har omsett kapittel 9.)
Terje
Valen, laurdag 29. oktober 2022