I Klassekampen 25.3.20 skriv Yohan Shanmugaratnam eit innlegg der han stiller spørsmålet Kva er venstresidas svar på koronakrisa? Spørsmålet er godt, men så kjem nokre påstandar som me må sjå nærare på. «… vi står overfor et scenario med utraderte arbeidsplasser og enda vanskeligere forhold for fagorganisering. For mer enn 170 år siden beskrev Karl Marx og Friedrich Engels hvordan industrikapitalismens framvekst også skapte en historisk mulighet for å organisere arbeiderne, fordi de ‘presses sammen i større masser’ fabrikkene og arbeiderkvarterene, der de ‘vokser i styrke og fornemmer denne styrken mer og mer’. Vel, Marx og Engels hadde åpenbart ikke hørt om hjemmekontor.»
La oss ta den siste påstanden først. Alle som har litt kunnskap om Marx veit at han i ti år, frå hausten 1852, livnærte seg som journalist for New York Tribune. I heile den tida skreiv han alle dei rundt 320 artiklane sine frå heimekontoret sitt i London. Til saman skreiv han og Engels 487 artiklar som Marx fekk betaling for. Som på så mange felt var Marx også ein pioner på heimekontor. Hans yrke som journalist viser også at det ikkje er alle som kan arbeide frå heimekontor. Heile den materielle produksjonen og distribueringa av dei materielle produkta krev at arbeidarar må ut av heimen. Det same gjeld store deler av helsevesen og andre offentlege (og private) tenester. Det er ein sport å tillegg Marx handlingar og meiningar han ikkje har. Og mange går på det fordi dei ikkje har kunnskap om saka.
Så til dei første påstandane. Her legg Shanmugaratnam vekt på heilt andre moment enn dei Marx framhevar. La oss ta eit sitat frå Den tyske ideologi som viser det: «Konkurransen isolerer individene, ikke bare borgerne, men i enda høyere grad proletarene fra hver hverandre, til tross for at den bringer dem sammen. Derfor tar det lang tid før disse individene kan forene seg, helt bortsett fra at en slik forening – hvis den ikke skal være rent lokal – forutsetter at de nødvendige midlene, de store industribyene og de billig og hurtige kommunikasjonene først må være skapt av storindustrien; derfor kan enhver organisert makt som står overfor disse individer som lever isolert og under forhold som daglig reproduserer denne isolasjon, først beseiret etter langvarige kamper. Å forlange noe annet ville være det samme som å forlange at konkurransen ikke eksisterte i denne bestemte epoke av historien eller at individene skal la være å ta hensyn til forhold som de i sin isolasjon ikke har kontroll over.» (Karl Marx: Verker i utvalg, bind 2, side 105, Pax 1970.) Han framhevar og at arbeidarane har lettare for å slutte seg saman fordi dei alle står i grunnleggande same forhold – dei arbeider for løn og er underlagt kapitalens diktat når det gjeld verksemda si og at dei lokale samanslutningane blir avløyst av dei nasjonale, og blir til klassekamp.
Marx seier altså at dei vesentlege forholda som skaper vilkår for sameining av arbeidarane er at dei blir samla i store byar og at dei har tilgang til høgt utvikla kommunikasjon. Dette er tilfelle i mykje høgare grad i dag enn då Marx levde. Derfor er også vilkåra for sameine arbeidarklassen mykje betre enn for 170 år sidan. Så ut frå dette meiner eg at Shanmugaratnam si oppfatning er grunnlagt på ei misoppfatning av Marx sitt syn og at har derfor blir for pessimistisk når det gjeld organisering av arbeidarane. Bruk av dei nye kommunikasjonsmidla og lett tilgang til møteplassar ikkje langt frå der ein bur vil vere fordelar.
Eg meiner og at det er andre tiltak under pandemien som er meir vesentleg når det gjeld kor mogleg det er å organisere arbeidarklassen til kamp for alle lønsarbeidarane sine interesser i ein krisesituasjon. Stenging av arbeidsplassar, isolering i heimane, forbod mot forsamlingar, svekking av det borgarlege demokratiet gjennom unnatakslover osb. Vi kan no lettare sjå for oss korleis det borgarlege demokratiet vil kunne slå over i eit borgarleg despoti når det kapitalistiske systemet kjem i djup krise. Dette viser mellom anna kor viktig det var at Stortinget gjekk mot det vidtgåande forslaget til unnatakslov som regjeringa la fram. Men det viser og at regjeringa allereie var over smertegrensa i det borgarlege demokratiet. Og det opnar for at ei regjering, under større kriser, kan foreslå og presse gjennom unntakslover som raskt set dette demokratiet til sides utan at Stortinget klarer å gripe inn. Med stengde arbeidsplassar og forbod mot at folk samlar seg til protestar i gatene og eventuelt portforbod, og utkommandering av fleire soldatar for å handtere situasjonen, er dette eit scenario vi kan sjå i enden av regjeringa sitt forslag om det oppstår ein annan og enno meir alvorleg situasjon som truger heile det kapitalistiske systemet og finanskapitalens makt.
Så kan vi ta fatt på det viktige spørsmålet som Shanmugaratnam reiser. Eg har forsøkt nokre svar her https://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/Artiklar%20om%20kommunisme%20i%20kvardagen.htm
Eg meiner altså at vi må organisere oss for å kjempe fram meir kommunisme i kvardagen og førebu ei oppheving av kapitalismen på best mogelege vis. Heilt sentralt står meir samfunnsmessig kontroll. Det gjeld samfunnsmessig kontroll over produksjonsmiddel med utbygging av industriar som dekkjer behov i landet og som produserer meir miljøvenleg enn dei kan gjere der ikkje har så mykje vasskraft. Så treng me samfunnsmessig kontroll over transport av det som blir produsert og fordelinga av dette, tilrettelegging for meir sjølvberging, meir ressursar til jordbruk med omlegging til norske forsyningsressursar i staden for utanlandske og bruk av meir middel på helse og velferd for folket. Når det gjeld miljøet må vi følgje Marx sitt råd om at all naudsynt produksjon må gå føre seg med bruk av så lite energi som mogleg og på måtar som er passande for menneska sitt vesen og at all sløsing må vekk. Omlegging av tungtransporten og gradvis innføring av transportmåtar som minskar privatbilismen. Det meste av dette vil vere eit radikalt brot med all regjeringspolitikk frå 1980-talet av og frametter og i sin heilskap kan det ikkje gjennomførast under kapitalismen. Med stor mobilisering i arbeidarklassen kan noko av det tvingast fram også under dette systemet, men i ein kapitalisme der tendensen til lågare profittrate slår inn vil den kapitalistiske staten heile tida dra i motsett retning av arbeidsfolks behov.
Alt dette krev sjølvsagt også at vi må ut av EU-systemet sin frie flyt av kapital og styrke det politiske sjølvstyret til nasjonalstaten vår. Og det krev at vi må ut av USA-NATO sine desperate og svært skadeleg tiltak for å halde på verdsherreveldet sitt.
Terje Valen, 25. mars 2020.