Denne teksten er frå boka mi «Marxistisk renessanse kommunistisk offensiv» som kom ut i 1992 då mest alle sa at kommunismen var daud. Dette utdraget seier noko om Marx sitt arbeide med Kapitalen og tar så spesielt opp noko heilt dagsaktuelt, nemleg utvikling av automatiseringa og korleis det legg eit solid grunnlag for overgang til kommunisme. Vil du lese meir i boka kan du sjå her: https://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/marxbok.htm
Etter at Marx hadde skrive dei «økonomisk-filosofiske» manuskripta byrja han å sette seg nøye inn i økonomisk teori og praksis.
Særleg i tida frå 1850 til 1869 dreiv han intense studiar. Då den revolusjonære bølgja rundt 1848 hadde trekt seg tilbake, trakk Marx den slutninga at det no var på tide legge eit teoretisk grunnlag for større offensivar i framtida. Etter at arbeidaropprøret i Paris var slått ned i juli 1850 fremja Marx og Engels ideen om at revolusjon var blitt umogeleg i den nære framtida og at Kommunistforbundet måtte endre verksemda si og gi første prioritet til arbeid med skulering, studiar og utvikling av revolusjonær teori. Marx sjølv sa at han ikkje ville ha meir enn tolv personar med i den studiesirkelen han dreiv. Det var viktigare å komme til rota i dei teoretiske sakene enn å vere så mange.
Dei vart utskjelde for å vere kontrarevolusjonære, anti-proletariske og upraktiske bokdyrkarar. Då trekte dei seg tilbake frå Kommunistforbundet, som gjekk i oppløysing omkring 1852, og gjekk inn i meir enn ti år utan politisk aktivitet.
I tida frå 1850 til 1853 skreiv Marx 24 notatbøker med kommentarar til det han hadde lese om varer, pengar, kapital, lønnsarbeid, jordeigedom, internasjonal handel, historia om oppfinningar og tek nologi, kreditt, teori om auke i folkesetnaden, teori om økonomien i statar, historia til skikkar og vanar, litteratur, verdsmarknaden, kolonialisme og andre saker. Det meste av dette stoffet vart ikkje offentleggjort.
I 1851 skreiv han eit svært manuskript om «Pengesystemet som heilskap» og eit anna manuskript med utdrag frå skriftene til den mest populære økonomen på den tida, David Ricardo.
I 1854-55 skreiv han eit manuskript med tittelen «Pengesystem, kredittsystem, krisar».
I 1857-58 gjorde han ferdig det store manuskriptet som er blitt kalla «Grunnriss». «Grunnriss» vart publisert første gong i Moskva i 1939 og i 1941. Boka kom ut på tysk i 1953 og på engelsk i 1973. Her utviklar Marx for seg sjølv mykje av det som han seinare populariserte i «Kapitalen».
Men før det hadde han og skrive dei tre banda om «Teoriar om meirverdien» frå 1862-63 som først vart publisert av Karl Kautsty i åra 1905 til 1910. Denne utgåva var sterk prega av Kautsky sine inngrep i rekkefølgen av kapitla og i tek stane. Mykje var lite nøye og innkorta. Først mellom 1954 og 1961 kom verket ut i ei vitskapeleg utgåve på russisk og i 1965 til 1968 på tysk. Seinare kom utgåver på andre språk. I 1973 kom verket på svensk. «Teoriar om meirverdien» er eigentleg ei kritisk-teoretisk gjennomgang av all tidligare litteratur om økonomi.
Første bok av «Kapitalen» hadde Marx ferdig i 1869. Andre og tredje bok klarte han ikkje å gi ut sjølv. Dei gjorde Engels klår for trykking og dei kom ut i 1885 og i 1894.
På norsk hadde vi lenge berre første bok av «Kapitalen» i omsetting. Det var forlaget Oktober som gav ut denne boka i fire delband i 1983. Bok 2 er no og omsett og finnast på norsk sidan 2017.
Bortsett frå ei økt på første bok av «Kapitalen» har berre nokre få av kommunistane i «m-l-rørsla» studert Marx sine økonomiske skrifter. Slik sett er vi like «grønne» som når det gjeld dei tidlege meir «filosofiske» skriftene hans. Dette gjeld endå om vi har gitt ut mange studiehefter og bøker med samandrag osv. av desse skriftene.
Her er det ikkje meininga å gå inn på dei økonomiske skriftene på samme måte som vi har teke opp dei meir filosofiske. Men eg skal likevel gi eit oversyn over hovudtrekka slik at samanhengen mellom desse delane av Marx sine verk kjem fram.
Eigentleg skulle eg ha gitt ei samanfatning av «Grundrisse» her, men manuskriptet er så mangfaldig at det ikkje lar seg gjere utan å sprenge alle rammer for boka. Det finst eit godt redigert utdrag av boka både på svensk og på dansk som særleg trekk ut dei delande som ikkje er omhandla i «Kapitalen». (Tema Teori 5: Karl Marx – Grunddragen i kritiken av den politiske ekonomin i urval av Sven-Eric Liedman, Zenit . Rabén&Sjøgren 1971.) Heile verket finst på engelsk i ei Pelican-utgåve frå 1973.
Nokre delar av «Grunnriss» som er viktige for framstillinga mi, må eg likevel få trekke fram.
Kapitalismen, fritid, arbeidsløyse, kommunisme
Marx skriv her at utvekslinga mellom levande og tingleggjort arbeid, dvs. fastsettinga av det samfunnsmessige arbeidet i form av motsetninga mellom kapital og lønnsarbeid, er den siste utviklinga av verdiforholdet og den produksjonen som er basert på verdi.
Føresetnaden for slik produksjon er og forblir mengda av umiddelbar arbeidstid, mengda av brukt arbeid som den avgjerande faktoren i produksjonen av rikdommen. Men i den grad vi utviklar storindustrien blir skaping av verkeleg rikdom mindre avhengig av arbeidstida og mengda brukt arbeid enn av makta hos dei kreftene som vi set i rørsle i arbeidstida og som har ein verknad som ikkje står i noko forhold til den umiddelbare arbeidstida som går med til å produsere dei, men som er avhengig av det allmenne utviklingstrinnet i vitskapen og teknologien sitt framsteg, eller med andre ord av tillempninga av denne vitskapen på produksjonen. (Tema 5, s.196. Pelican, s.704.)
Arbeidet framstår no mindre som inneslutta i produksjonsprosessen fordi mennesket snarare held seg til sjølve produksjonsprosessen som vaktar og regulator. (…) Det er ikkje lenger arbeidaren som sett inn det omdanna naturobjektet (verktyet) som mellomlekk mellom objektet (råvaren) og seg sjølv, men arbeidaren omdannar naturprosessen til ein industriell prosess som han setter inn som middel mellom seg og den uorganiske naturen som han tileignar seg. Han står på sida av produksjonsprosessen istadenfor å vere hovudpersonen i han.
I denne omdanninga er det korkje det umiddelbare arbeidet som mennesket sjølv utfører, eller den tida då ho arbeider, men tileigninga av hennar eiga allmenne produktivkraft, kunnskapane hennar om naturen og styringa av naturen gjennom eksistensen sin som samfunnsmedlem – med eit ord utviklinga av det samfunnsmessige individet – som framstår som hjørnesteinen under produksjonen og rikdommen.
Det tjuveriet av framand arbeidstid som den noverande rikdommen er grunnlagd på framstår som ein ussel grunnvoll samanlikna med denne nye grunnvollen som storindustrien har skapt.
Så snart arbeidet i den umiddelbare forma si har slutta å vere hovudkjelde til rikdommen, sluttar utan tvil arbeidstida å vere rikdommen sitt mål og dermed sluttar bytteverdien i vere bruksverdien sitt mål. Dei mange sitt meirarbeid har slutta å vere vilkår for utvikling av den allmenne rikdommen på samme måte som dei få sitt ikkje-arbeid har slutta å vere vilkår for utviklinga av hjarnen sine allmenne krefter.
Dermed bryter den produksjonen som er grunnlagt på bytteverdi saman og den umiddelbare produksjonsprosessen får ei form som ikkje er tilfeldig og full av motsetningar. Dette ber i seg den frie utviklinga av individualitetane og derfor ikkje nedkortinga av den naudsynte arbeidstida for å gi plass til meirarbeid, men i det heile nedkorting av samfunnet sitt naudsynte arbeid til eit minimum som gjer mogeleg individa si kunstnarlege, vitskapelege osv. utdanning i den tida og med dei midla som er skapt for alle.
Kapitalen er sjølv den aukande motsetninga fordi kapitalen hindrar nedkortinga av arbeidstida til eit minimum, medan han på andre sida brukar arbeidstida som det einaste målet på rikdom og den einaste kjelda til rikdom. Kapitalen minskar arbeidstida i form av naudsynt arbeid for auke arbeidstida i form av overflødig arbeid – det skapar i stadig større grad det unødige som vilkår – eit spørsmål om liv og daud – for det nødvendige.
På den eine sida vekker kapitalen altså vitskapen og naturen sine krefter og det samfunnsmessige samvirket og den samfunnsmessige kommunikasjonen sine makter til liv for å gjere skaping av rikdom (relativt) uavhenging av den arbeidstida som svarar til han. På andre sida vil kapitalen måle desse enorme samfunnskreftene som er skapt på denne måten, etter arbeidstida og stenge dei inne innanfor grenser som blir kravd for at vi skal kunne halde oppe som verdi den verdien som allereie er skapt. Produktivkreftene og dei samfunnsmessige forholda, som er ulike sider av det samfunnsmessige individet si utvikling, framstår berre som middel for kapitalen og berre som middel for kapitalen til å produsere på sin eigen avgrensa grunnvoll.
Men i røynda er det dei materielle vilkåra som skal sprenge i stykker denne grunnvollen.
Naturen byggjer ingen maskinar, ingen lokomotiv, jernbanar, telegrafar, automatiske spinnemaskinar osv. Dei er produkt av den menneskelege industrien; dei er naturmateriale som har blitt omdanna til verkty for den menneskelege viljen over naturen eller for å verkeleggjere den menneskelege viljen i naturen. Dei er verkty for den menneskelege hjernen, skapt av den menneskelege handa; vitinga si tingleggjorte (objektiverte) kraft. Utviklinga av den faste kapitalen viser i kva høg grad den allmenne, samfunnsmessige vitinga, kunnskapen, har blitt umiddelbar produktivkraft og i kor høg grad den samfunnsmessige livsprosessen dermed sjølv har komme under den allmenne intelligensen sin kontroll og blitt omforma i overeinstemming med det. Det viser i kor stor utstrekning dei samfunnsmessige produktivkreftene har produsert, ikkje berre i form av viting, men og som umiddelbart verkty for den samfunnsmessige praksis, for den relle livsprosessen. (Tema, s.197-199. Pelican, s.705-706.)
Likesom storleiken av det relative meirarbeidet er avhengig av det nødvendige arbeidet sin produktivitet, er mengden – både levende og tingliggjort – arbeidstid, som er blitt brukt for produksjon av den faste kapitalen, avhengig av produktiviteten hos den arbeidstida som blir brukt for den direkte produksjonen av produkt. Overfolkning er (ut frå denne synsvinkelen) eit vilkår for dette, liksom meirproduksjonen. (Tema, s. 199-200. Pelican, s.707.)
I jo mindre grad den faste kapitalen gir umiddelbar frukt, jo mindre han grip inn i den umiddelbare produksjonsprosessen, desto større må den relative overfolkningen og meirproduksjonen vere: altså jo meir er der for jernbanar, kanaler, vassleidningar, telegrafar osv., desto mindre del av maskineriet er direkte i bruk for den umiddelbare produksjonsprosessen. Av dette (som vi skal komme tilbake til) kjem den moderne industrien sin stadige over- og underproduksjon, dei stadige svingingane og krampane som følgjer av det missforholdet at anten for mykje eller for lite rørleg kapital blir forvandla til fast kapital.
Skaping av mykje disponibel tid utover den arbeidstida som i det heile er nødvendig for samfunnet og for kvar og ein av medlemmene i samfunnet (dvs. rom for individa og dermed også for samfunnet sine fulle produktivkrefter) – denne skaping av ikkje-arbeidstid framstår på kapitalen sitt nivå, som på alle tidlegare utviklingsstadier, som ikkje-arbeidstid, som fritid for eit fåtal. Dessutan auker kapitalen fleirtalet si meirarbeidstid med hjelp av alle teknikken og vitskapen sine middel. Dette gjer han fordi kapitalen sin rikdom direkte er denne tileigning av meirarbeidstid og ved at kapitalen sitt direkte mål er verdien, ikkje bruksverdien. Kapitalen er slik, mot viljen sin, eit instrument som blir brukt til å skape middel til samfunnsmessig disponibel tid, til å redusere arbeidstida for heile samfunnet til eit stadig mindre minimum og til å gi alle tid til sin eigen utvikling.
Men kapitalen sin tendens er alltid på den eine sida å skape disponibel tid og på den andre sida å forvandle denne til meirarbeid. Dersom han klarar det første bra, så får han vanskar med meirproduksjonen og dermed blir det nødvendige arbeidet brote av fordi ikkje noko meirarbeid då kan skape verdi til kapitalen.
Jo meir denne motsetninga utviklar seg, desto meir viser det seg at tilvoksten av produktivkreftene ikkje lengre kan halde fram å vere avhengige av tileigninga av framandt arbeid, utan at arbeidarmassen sjølv må tileigne seg meirarbeidet sitt.
Om arbeidarmassen har gjort det så sluttar den disponible tida å ha motsetningfylt eksistens. På den eine sida kjem då den nødvendige arbeidstida til å ha målestokken sin i dei samfunnsmessige individa sine behov. På den andre sida kjem utviklinga av den samfunnsmessige produktivkrafta til å gå så fort at alle sin disponible tid voks, endå om vi no reknar produksjonen som alle sin rikedom. For den verkelege rikedommen er alle individer sin utvikla produktivkraft. Derfor blir det på ingen måte den lengre arbeidstida, men den disponible tida som er målet på rikdommen. Arbeidstida som rikdommen sin målestokk har som vilkår at sjølve rikdommen er grunna på fattigdommen og at den disponible tida eksisterer i og gjennom motsetninga til meirarbeidstida eller at heile tida til individet blir bestemt som arbeidstid og dermed degraderinga hans til berre arbeidar, underkastinga hans under arbeidet. Det mest utvikla maskineriet tvingar derfor no arbeidaren til å arbeide lengre enn ein vill og lengre enn han sjølv gjorde med dei enklaste og dårlegast verkty.» (Tema, s.200-201, Pelican, s.708.)
I det umiddelbare arbeidet ser det ut som om det oppdelte, umiddelbare arbeidet er verkeleggjort i eit særskild produkt. Arbeidet sin felles, samfunnsmessige karakter – karakteren som objektivering av det allmenne arbeidet og som tilfredsstilling av almenne behov – ser berre ut til å høyre til byttet. På ein heilt annen måte ter storindustrien sin produksjonsprosess seg. Der føresetnaden på den eine sida er naturkrafta si underkasting under den samfunnsmessige forståinga gjennom utviklinga av arbeidsmidla sin produktivkraft til automatiske prosessar og der på den andre sida den enkelte sitt arbeid i den umiddelbare eksistensen sin blir bestemd som oppheva enkelt, dvs. samfunnsmessig arbeid. På denne måten fell den andre basisen for denne produksjonsmåten bort.
Den arbeidstida som blir brukt for produksjon av fast kapital held seg, innan kapitalen sin produksjonsprosess, til den tida som blir brukt til produksjon av rørleg kapital på samme måte som meirarbeidstid til nødvendig arbeidstid. I den utstrekninga produksjonen som gjeld tilfredsstillinga av umiddelbare behov, blir meir produktiv, kan ein stor del av produksjonen bli innretta på å tilfredsstille sjølve produksjonsbehova eller produksjonen av produksjonsmiddel.
Det er i produksjonen av den faste kapitalen at kapitalen bestemmer seg som sit eige mål i ein høgare potens enn i produksjonen av den rørlege kapitalen og verksamt trer fram som kapital. (Tema s. 202, Pelican s.710.)
Den verkelege økonomien – sparinga – er sparing av arbeidstid (minimum av – og minsking til minimum av – produksjonskostnader); men denne sparinga er identisk med utviklinga av produktivkreftene. Ho er altså ikkje på nokon måte forsaking, men utvikling av krafta, av produksjonsevna og dermed både av evna til å nyte livets goder som midla til å gjere det. Evna til å nye livets goder er vilkår for nytinga, altså nytinga sitt første middel og denne evna ber i seg utvikling av eit individuelt anlegg, ei individuell produktivkraft. Sparing av arbeidstid ber i seg meir fritid, dvs. tid for individet si fulle utvikling, og denne sparinga verkar tilbake som den største produktivkrafta på arbeidet si produktivkraft. Dersom vi tenkjer at dette er ein umiddelbar produksjonsprosess kan vi sjå på auke i fritida som produksjon av fast kapital; denne faste kapitalen er då menneska sjølv.
Det er elles sjølvinnlysande at sjølve den umiddelbare arbeidstida ikkje kan halde fast på den abstrakte motsetninga til fritida slik som ho har sett ut frå den borgarlege økonomien sitt synsvinkel. Arbeidet kan ikkje bli ein leik slik som Fourier ville. Det er Fouriers store forteneste at han la vekt på at målet ikkje er å oppheve distribusjonen, men å oppheve sjølve produksjonsmåten og produksjonsmåten sin overgang til ei høgare form. Fritida – som både er tid for kvile og tid til høgare aktivitet – har sjølvsagt forvandla innehavaren sin til eit anna subjekt, og som dette andre subjektet trer då innehavaren også inn i den umiddelbare produksjonsprosessen. Denne er på samme gong displin – når vi ser han som menneske som blir til – og trening, eksperimentell vitskap, materiell skaping og i seg sjølv tingleggjort (objektivert) vitskap – med omsyn på mennesket slik ho er blitt og som har i hjernen sin samfunnet sitt oppsamla vitande. Om arbeidet krev praktisk handlag og – som i jordbruket – rørsle, er produksjonsprosessen samstundes øving av begge.
Slik som vi bit for bit utvikla den borgarlege økonomien har vi også utvikla negasjonen (opphevinga) av han, noko som også er den borgarlege økonomien sitt sluttresultat. Vi har framleis berre å gjere med den umiddelbare produksjonsprosessen. Ser vi det borgarlege samfunnet i det store og heile, framstår sjølve samfunnet, dvs. sjølve mennesket i dei samfunnsmessige forholda sine, som sluttresultat av den samfunnmessige reproduksjonsprosessen. Alt som har fast form, som produkt osv., framstår berre som moment, som forbigåande moment i denne rørsla. Til og med den umiddelbare produksjonsprosessen framstår berre som moment. Til og med prosessen sine vilkår og objektiveringar er sjølv berre likearta moment, og som subjekt framstår berre individa, men individa i forhold til kvarandre, i forhold som dei både reproduserer som nyproduserer. Det er deira eigen stadige rørsleprosess der dei i like høg grad fornyar seg sjølv som den verda av rikdom dei skapar. (Tema, s.204-205, Pelican, s. 711-712.)