Kva for søyler er det vi snakkar om? Det er:
- arbeid til alle
- ei lønn å leve av
- rimelig og bra bustad for dei mange
- sosial tryggleik under sjukdom, alderdom og elles
- folkebarnehage for alle og kunnskap til alle i einskapsskulen
- levelige kår for bønder og andre i distriktsnorge
- fred og tryggleik.
Kva har skjedd med desse søylene i dei siste 10-15 åra?
DNA har lagt om politikken sin og satsa på å bygge ned alle saman ut frå krava til dei største kapitalane i Norge med statsmonopola Norsk Hydro og Statoil i spissen. DNA seier ope at grunnen til at dei gjør det, er å styrke kapitalen i Norge sin konkurransekraft. La oss sjå på kva dei har gjort med desse velferdssøylene for å styrke konkurransekrafta.
Frå 1986 av har dei fjerna retten til arbeid for alle og innført varig høg arbeidsløyse.
Kva så med ei lønn å leve av? No er det ikkje nok med ei lønn. To og to og ei halv lønn må ofte til. Forbrukseininga familien utfører no tilsaman mykje meir lønnsarbeid for det dei forbruker, enn det som var vanlig for nokre tiår sidan.
Bustadpolitikken med marknadsprisar, marknadsrenter og avvikling av dei sosiale trekka med Husbanken, har og gjort slutt på at folk flest kan få rimelige og gode bustader.
Den sosiale tryggleiken under sjukdom og alderdom får stadig fleire spikar i likkista si. Sparepolitikk, utsliting av personell i sjukehusa og pleieheimane, eigenandelar osv. slit fort vekk denne søyla og.
Kva så med kunnskap til alle i einskapsskulen? DNA-leiinga har i mange år arbeidd for å legge om skulen til ein plass som på den eine sida skal vere ei varme- og leikestove for det store fleir talet, og som på den andre sida skal kunne broile fram eit lite mindretal til dei jobbane der det er trong for slike. Den forserte sparepolitikken som tar knekken både på undervisnings materiell, byggnader og det faglige nivået, raserer no einskaps skulen med ganske stor fart.
Bøndene og andre i distriktsnorge fekk seg ein god trøkk allereie på 50- og 60-tallet, men dei store kampane mot medlemsskap i EF på 70-talet snudde for ei stund den dårlige tendensen. No er det igjen full fart med fråflytting og kjempeproblem for utkantstrøka.
Freden og tryggleiken har vore under USA sin vapenparaply. Men USA er på veg ned frå makt-toppen, og er no bare ein skugge av det landet var i 50- og 60-åra. Den andre supermakta, Sovjet er oppløyst. Tyskland er blitt den makta som dominerer utviklinga i Europa.
Dette er nokre av dei norske utslaga av krisa i heile den kapitalist iske verdsøkonomien. Sjølv dei borgarlige økonomane i det engelske finanstidsskriftet Financial Times har vist klårt at profittgraden i heile den industrialiserte verda har gått ned frå omlag 30% i 50-åra til godt under 10% i 80-åra.
Eit hoveddrag i Karl Marx sine teoriar om kapitalismen er at profittgraden over tid har ein tendens til å falle. Når dette går føre seg over ei viss tid, så kjem systemet inn i ei svær krise.
Denne krisa har nokre typiske trekk:
- auka utbytting, arbeidsløyse og dårligare levkår, sult og daud for folk i dei mindre industrialiserte landa,
- auka utbytting, arbeidsløyse og dårligare levkår og etter kvart sult og daud for folk i industrilanda sjølve,
- meir sentraliseringa og konsentrasjon av kapital, oppkjøp så foretakseiningane blir større,
- lånefinansiering og spekulasjon i aksjar og eigedom aukar på,
- omstilling frå felt der profittgraden er låg til der han er høg,
- dette inneber og "internasjonalisering" eller kapitalflukt ut av landet til område der profittgraden er betre og strev etter supranasjonalitet som EF,
- stopp i bruk av pengar som senker profittgraden, dvs. alle tilskott og subsidiar ut frå demokratiske, regionale, sosiale og antidiskriminerande prinsipp, mellom anna heile "sosialsektoren",
- forsert investering i teknologi som senker produksjonsprisen på varer og dermed gjør at enkeltforetak ei stund kan tjene ein god del ekstraprofitt.
Til sjuande og sist krev fallet i profittgraden ei stor krise der mengder av kapital blir øydelagt. Dette kan ta form av ein svær depresjon eller av ein krig, eller begge delar. Dei teikna vi ser no er bare forvarsel om det som kjem.
Kva er kjerna i DNA sin økonomiske politikk no? Det er tiltak for å sette ut i livet dei krava som kapitalen stiller. Fillene frå den gamle sosialdemokratiske arbeidarpolitikken sleng framleis rundt, men den nakne utbyttinga grin oss stadig meir avkledd i auga.
Vi ser no mykje tydligare at DNA-politikken heng på utviklinga av ein kapitalistisk marknadsøkonomi og at DNA til sjuande og sist representerer monopol- og eksportkapitalen i landet. Så lenge kapitalen hadde gode tilhøve og høg profittgrad kunne han halde DNA-søylene heile. Smulane frå dei rike sitt bord var då så store at dei kunne mute oss til å tåle styret deira. Men når profittgraden no fell, så smuldrar søylene under den sosialdemokratiske politikken. Gro Harlem Brundtland blir til Norges Thatcher, og undertrykkinga av folket aukar på.
Derfor må DNA søke nye støttespelarar for å halde oppe maktgrunnlaget sitt. Dei må vende seg vekk frå arbeidarklassen og satse på den økonomiske overklassen og dei nye elitane som kan tjene på den nye situasjonen. Derfor fører dei den politikken som Fremskrittspartiet segla opp på tidligare.
Men dette er heller ikkje nok. Dei store monopola krev raskare og meir grunnleggande rasering av dei sju søylene enn dei norske partia kan gjennomføre. Derfor må DNA alliere seg med EF-imperialismen for å kunne rive ned søylene i større tempo. Dei treng ein slik allianse raskt. Raskare enn dei kan få vedtatt ein full medlemsskap i EF. Derfor har dei lansert mellomstasjonen EØS som den norske vegen inn i EF.
Gro Harlem Brundtland seier at vi er alle i samme båt, og at vi derfor må spenne inn livreima for å komme gjennom ei vanskelig tid. Men dersom du ser på kva som eigentlig skjer, så oppdagar du ei svær overføring av økonomiske middel frå område der folk verkelig treng dei, til område der det er mest mulig profitt å hente.
Det er dette som er uungåelig under kapitalismen, og det er dette som leier rett inn i depresjonen. Under dette systemet er det idag ikkje mulig å bruke stort meir pengar der folk treng dei, viss ikkje dette og er på område der profitten er høg. Med store kampar kan arbeidarklassen og folket presse opp levekåra sine ein del, eller gjøre at nedgangen i levestandard ikkje blir så bratt som kapitalen krev.
Dei store og avgjørande ulempene med EØS-medlemsskap er at vilkåra for folkelige kampar blir mykje vanskeligare, at avtalen er utforma slik at DNA kan finne all støtte for sin nye politikk der og at avtalen heile tida kan bli utvikla slik at vi blir meir og meir underlagt dei europeiske monopola og deira reiskap, EF-organa.
DNA sin politikk idag er den naturlige og rette politikken til kapitalen. Det er den naturlige og rette politikken til eit mektig, men dødssjukt sosialt og økonomisk system som er i ferd med å smuldre opp innanfrå og som påfører folk i verda stor liding.
I denne situasjonen vil det vere uansvarlig å ikkje ta opp diskusjonen om å fjerne det gamle kapitalistiske systemet og sette noko nytt istaden. Organisasjonen Nei til EF bør riktignok ikkje binde seg til eit fast alternativ her, men fremje ein allsidig debatt om mange alternativ slik at alle som deltar i Nei til EF kan legge fram sitt syn i saka.
Enkelte parti eller personar kan ikkje sette seg ned å legge opp på førehand. Det er og eit system som bare kan oppret tast og fungere dersom arbeidarklassen og det store fleir talet av folke setnaden meiner at eit nytt system er mulig og gir grunnlag for ei mykje betre utvikling enn det vi ser under kapitalismen.
Derfor må vi no ta til med å diskutere dei grunnleggande prinsippa for eit slikt system. Eg vil nevne noen slike prinsipp.
Det første vi må svare på er om systemet skal halde oppe kapitalismen på eit eller anna vis. Viss vi svarer ja på det, så finst det i prinsippet bare to typar kapitalistiske system. Det er den demokratiske typen og den despotiske typen. Under den demokratiske typen styrer borgarskapet, men arbeidarklassen og folket har visse demokratiske rettar. Under den despotiske typen styrer borgarskapet og folket har ikkje demokratiske rettar.
Vi kan jo håpe på at den demokratiske varianten kan haldast oppe i ei meir eller mindre sosialdemokratisk form, men lågare profittrate vil gjøre det umulig.
Med utviklinga av den økonomiske krisa går det kapitalistiske systemet i retning den despotiske varianten. Vi har sett slike variantar før under nasjonalsosialismen i Tyskland, fascismen i Italia og under militærdiktatur til dømes i Chile. EF sitt styringssystem er skreddarsydd for å føre medlemsstatane over terskelen til eit slikt system.
Dersom vi ikkje vil satse på den despotiske kapitalismen, så har vi ikkje noe anna val enn kommunismen. Den første fasen av kommunismen, det Marx kallar den politiske kommunismen kjenneteiknast av at arbeidarklassen har den politiske makta. Den makta kan også vere anten demokratisk eller despotisk. Dersom dei produktive kreftene er høgt utvikla og dersom den kapitalistiske imperialismen er nok svekka slik at han ikkje klarer å drepe forsøket, så er det mulig å utvikle ein demokratisk politisk kommunisme.
Under ein slik kommunisme kan det bli mulig å utvikle samfunnet etter nokre gunstige prinsipp som vi kan bli samde om gjennom diskusjon. Eg vil nevne nokre slike prinsipp.
For det første må det vere mulig med ei hurtig utvikling av produktivkreftene, slik at stadig mindre arbeid går med til å produsere det livsnødvendige og slik at stadig meir verksemd kan innrettast på å utvikle det fullstendige menneske med alt det tyder når det gjeld utvikling av sosiale, teoretiske, kropps lige, estet iske og kunstnarlige emne, dvs. konsentrasjon om alle andre behov enn dei reint materielle.
For det andre må det vere mulig å overføre ressursar til dei områda der folk treng dei mest. Vi må altså kunne bygge opp igjen dei sju søylene som no blir øydelagd og gjøre dei mykje meir solide. Dette er ikkje mulig utan eit svært utvida demokrati i disponer inga av dei økonomiske res sursane. Dette krev i førstninga ein stor offentlig service-sektor.
For det tredje må vi kunne gi fordelar til dei som yter til fellesskapet. Sånn kan vi raskt få kamp mot tendensen til å komme seg fram sjølv på ein måte som skadar andre slik som vi er lært opp til gjennom den kapitalistiske konkurransen.
For det fjerde må vi kunne foreta ei fullstendig omlegging av energibruken i verda. Vi må ha eit energisystem som tar fullt ut hensyn til både den første og den andre termody namiske loven sånn at vi kjem vekk frå energisløsinga og over frå bruk av fossilt brennstoff til andre energikilder. Inn i dette punktet kjem ei grunnleggande omlegging av transportsystema.
For det femte må det nye systemet vere slik at det samsvarer med dei økologiske lovene i naturen, og ikkje driv vald mot dei.
For det sjette må vi kunne skape vilkår for å oppheve motseiingane mellom mann og kvinne, nasjonar og folkeslag, by og land, intellektuelt og kroppslig arbeid.
Vi kan sikkert sette opp mange fleire krav til det nye systemet, men dette er ein start.
Det skulle vere enkelt å sjå at dette ikkje kan vere eit system der marknad og profitt står i sentrum. Dette systemet må i førstninga bygge på at vi tar alle dei ressursane, kunnskapane og arbeids midla som vi kan råde over i eine handa og alle dei grunnleggande behova til alle folk i andre handa. Så må der lagast ein grovplan over kordan vi kan sette inn ressursar, kunnskapar og arbeidsmiddel for å stette desse behova. Grovplanen må bygge på grunnleggande prinsipp som det blir semje om gjennom store diskusjonar i heile folket.
Det er svært viktig å korte ned den nødvendige arbeidstida så folk kan ha tid til å sette seg inn i dei sakene dei må ha grep om dersom dei ikkje skal bli tatt ved nasen av spesialistane og dei som er vald til å styre.
Mange produkt og tenester må takast ut av vareøkonomien og bli gratis. Det kan i første omgang gjelde til dømes bustader, mat, elektrisk kraft, transport og fleire tenester for barn, eldre og sjuke.
Andre produkt må gradvis takast ut av vareøkonomien ettersom produktivkreftene blir utvikla og det går i retning potensiell overflod av alle materielle livsmedel.
Eit lite land som Norge kan knappast skape eit slikt system aleine. Derfor er det viktig at det blir oppretta alliansar mellom arbeidarklassen og folka i dei forskjellige landa, sånn at eit større område kan bryte ut av kapitalismen omlag samstundes. Vi kan ikkje vere sikker på å lukkast utan at folka i dei store imperialistiske landa også har fjerna det kapitalistiske systemet hos seg.
Dette tyder sjølvsagt at eigedomsretten må omformast så han ikkje er i konflikt med det store fleirtalet sine interesser.
Alt dette må bygge på store diskusjonar i folket, på grunnlag av rikelig tilgang på kunnskap. Statsstyringa må vere demokratisk vald og legge til rette for diskusjonane, oppsummere dei og legge dei viktigaste stridsspørs måla ut til avstemming.
Vi ser alle at dette systemet kjem i skarp konflikt med kapitalen og hans talsmenn og kvinner. Derfor vil systemet bare kunne innførast gjennom store strider og revolusjonar der vi må rekne med at borgar skapet som representerar kapitalen, vil gripe til svært harde rådgjerder for å hindre at deira øydeleggande system skal kastas overende. Dette ser vi alt over heile verda.
Det systemet vi her snakkar om er ein politisk kommunisme eller sosialisme som går i retning av det vi kan kalle ein sosial eller radikal kommun isme. Det er sjølvsagt ikkje det samme som det borgarane har kalla "kommunisme", f.eks. i Sovjet og andre plassar.
Då Karl Marx skreiv om den sosiale kommunismen snakka han om fridomsriket grunnlagt på ein særs høg utvikling av produktivkreftene. Dette vil gjøre det mulig å produsere alt vi treng til forbruk på svært kort tid. Alle vil då kunne få etter behov og yte etter emne. Det vil altså kunne bli mulig for folk å få alt dei treng og jobbe det dei kan. Jobben vil ikkje ha karakter av noko du gjør for å få middel til å halde oppe livet, men for å utfalde alle emnene dine til beste for fellesskapet og deg sjølv.
I eit slikt samfunn vil utvekslinga mellom menneska og resten av naturen følge dei lovene som gjeld i heile naturen. Kapitalistisk og sosialistisk rovdrift på natur og menneske vil vere avskaffa. Energien vil bli brukt på den mest mulig økonomiske måten. Alt menneska gjør vil vere innretta på å skape størst mulig lukke for alle i samfunnet.
Idag har vi ikkje noko eksempel på kommunisme som har fungert bra i lengre tid. Mange har sagt at dette viser at kommunismen ikkje er eit levedyktiv system. Men det vil vere ein forhasta kon klusjon. Frå dei første spirane til kapitalisme og fram til kapitalismen sin sigersgong på 1800-talet, var det hundrevis av forsøk som gjekk på dunken. Eit av dei var Thor Jørgen Møhlen si industrireising i Bergen på 1700-talet. Det braut saman fordi det mangla mange av dei vilkåra som måtte til for å skape ein levedyktig kapitalisme i Norge. Desse vilkåra oppstod ikkje før opp gjennom 1800-talet.
Slik er det og med dei kommunistiske eksperimenta i Sovjet og andre stader. Det har mangla vilkår for at dei har kunna utvikle seg vidare. Først og fremst har dei møtt den beinharde motstanden og krigane frå den kapitalistiske imperialismen. Dette har slått beina under dei sjansane dei hadde til å utvikle gunstige vilkår. Så var produktivkreftene svært lite framskridne. Dermed var og kapitalismen mulig som ei kraftig hevstong for utviklinga. Dernest var dei demokratiske tradisjonane i desse landa lite utvikla. Og utan ei svær utviding av demokratiet kan ikkje den politiske kommunismen bli utvikla til ein sosial eller radikal kommunisme.
Det vi har sett er at overgangen frå kapitalisme til kommunisme har blitt seinka. Vi har fått statar som vi kan kalle stats monopolsosialistiske og despotiske i større eller mindre grad. Etter sosialistiske revolusjonar veks eit nytt borgarskap fram og festa det reelle diktaturet sitt etter kvart. På den andre sida har vi fått statar som vi kan kalle statsmonopolkapitalistiske i større eller mindre grad. Desse statane har tatt mange former, frå dei mindre sentraliserte som USA til dei meir sentraliserte som Japan og Tyskland. I statar med mindre utvikla produktivkrefter har staten støtta seg både på utanlandske imperialistar og på innanlandske monopol som vil arbeide saman med imperialistane. Andre vegar har vore forsøkt, som i Egypt og Chile, men utan hell.
No erobrar kapitalen alle deler av verda i større breidde og djupare ned enn nokon gong før. Derfor vil alle mekanismar som hindrar dei store periodiske krisene bli svekka. Det vil skape materielle grunnlag for verdsomspennande revolusjonære bølgjer.
Dette vil i første omgang føre vidare til eit kraftig press for meir despotiske styreformer i dei høgt utvikla kapitalistiske landa. Derfor vil det ideologiske og politiske presset for slike styreformer auke. Kapitalen må prøve å skape "opinion" for despotiet sitt.
Men på den andre sida blir det også skapt materielle grunnlag for å oppheve despotiet og skape ein politisk kommunisme som også er demokratisk.
Terje Valen, 20.09.92.