Den historiske tida si utfordring og
byrde
Innleiing
Eg
skal no omsette eit kapittel frå ei av dei siste bøkene til István Mészáros som
kom ut i 2008, men først skal eg seie litt om både boka og forfattaren. Boka
heiter ”The Challenge and Burden of Historical Time – Socialism in the
Twenty-First Century”, utgjeven på Monthly Review Press. Omsett skulle det bli
omlag ”Den historiske tida si utfordring og byrde – sosialisme i det tjueførste
hundreåret”. Boka er ei samling av artiklar og førelesningar pluss nye tekstar
som utdjupar og fører fram analysane til 2008. Den første teksten er frå 1997
og dei siste frå 2008.
Bibliografi
István
Mészáros er i dag ein viktig bidragsytar i den internasjonale marxistiske
debatten. Han har gjeve ut bortimot eit dusin bøker om sentrale spørsmål for
sosialistar og kommunistar. Mest kjend – og kanskje minst lese – er den
monumentale ”Beyond Capital, Towards a Theory of Transition” (Bortanfor
kapitalen – mot ein teori om overgang) frå 1994, som er på rundt tusen sider.
Men viss vi tar det frå starten så gav i 1970 ut ei bok om ”Marx’s Theory of
Alienation” (Marx sin framandgjøringsteori) . Året etter kom ei bok om ”The
Necessity of Social Control” (Det naudsynte med samfunnsmessig kontroll), i
1972 kom ”Lukác’s Concept of Dialecatic” (Lucáks oppfatning av dialektikk), og
i 1979 kom ”The Work of Sartre: Search for Freedom. (Sartre sitt arbeid: På
leiting etter fridom). I 1986 kom ”Philosophy, Ideology & Social Science –
Essays in Negation and Affirmation” (Filosofi, ideologi og samfunnsvitskap –
Essay om nekting/oppheving og stadfesting) og i 1989 kom ”The Power of
Ideology” (Ideologien si makt). I 2001 gav han så ut ”Socialism or
Barbarism” (Sosialisme eller barbari). Etter ”Den historiske tida si utfordring
og byrde - …” har han så gitt ut ”The Structural Crisis of Capital” (Kapitalen
si strukturkrise) og ”Social Structure and Forms of Consciousness, Volume I:
The Social Determination of Method” (Samfunnsstruktur og medvitsformer, bind I:
Den samfunnsmessige bestemminga av metode) i 2010 . Så kom ”The Structural
Crisis of Capital” (Kapitalen si strukturkrise) I 2010. I 2011 kom så
”Structure and Forms of Consciousness, volume II: The Dialectic of Structure
and History” (Samfunnsstruktur og medvitsformer, bind 2: Dialektikken mellom
struktur og historie). Ingen av bøkene hans er omsett til norsk.
Noen kommentarar
For
dei som las litt nøye Rødt si bok ”Sosialisme blir ikkje skapt i himmelen”, som
spesielt handlar om utviklinga i Venezuela, av Michael A. Lebowitz, dukka
namnet Istvan Mészáros opp i tre sluttnotar i boka. Notane viste til boka hans
”Beyond Capital”. Om Mészáros seier Hugo Chavez at han ”opplyser stien
frametter”, så uansett korleis vi vurderer han, så er han viktig når det gjeld
utviklinga av samfunna i Sør- og Mellom-Amerika.
Eg
har omsett eit kapittel i ”Den historiske tida si utfordring og byrde –
sosialisme i det tjueførste hundreåret” (kapittel 8) som heiter ”Sosialisme i
det tjueførste hundreåret” og som er på omlag 110 sider.
Eg
er sjølvsagt ikkje samd med Mészáros i alt han skriv. Mészáros meiner til dømes
at kapitalen fortsett etter at kapitalismen er oppheva. Han meiner at Sovjet og
andre land som har kalla seg sosialistiske eller kommunistiske framleis har ei
utbytting av arbeidarklassen, men at den er politisk gjennom staten, og ikkje
økonomisk som under kapitalismen. For å kunne halde fast på den teorien
omdefinerer han kva som er det vesentlig trekket ved kapitalismen. Han skriv: ”Eit samfunn der det er eit strukturelt
fastlagt hierarki, som altså er det grunnleggande definerande trekket i
kapitalsystemet, må ved sjølve naturen sin alltid fortsette å vere fiendtlig og
konfliktfylt både i dei små delane av verda og i heilskapen som er fiendtlig
sett saman.” [i]
Viss eit strukturelt fastlagt hierarki er det grunnleggande definerande trekket
i kapitalsamfunnet, så utvidar han dette både til å gjelde ættesamfunn,
slavesamfunn, føydalismen og første fasen av kommunismen. Han må lage denne definisjonen fordi han
inkluderer dei despotisk-byråkratiske sovjetsamfunna under kapitalen sitt
vesen.
Eg
meiner framleis at Engels hadde rett då han definerte kapitalen sitt vesen
slik: ”Det påvisades att tilägnandet av
obetalt arbete är grunnformen för det kapitalistiska produktionssättet och för
den därmed sammenhängande utsugningen av arbetarna; … [ii]
Men
eg meiner at det er rett at eit strukturelt fastlagt hierarki er eit viktig
trekk både ved kapitalismen og dei etterkapitalistiske samfunna vi har sett og
at det å avvikle dette hierarkiet er umulig under kapitalismen, men kan bli
gjort under kommunismen og at det er avgjørande at det blir gjort for å komme
vidare frå det Marx kallar kommunismens første fase, som er full av restar frå
kapitalismen, over til den andre og høgare fasen.
Eg
vil ikkje seie at det er kapitalen som fortsett etter at kapitalismen er
opphevd, men fleire former av dei framandgjorte fellesskapa som er utvikla
heilt frå privateigedommen til produksjonsmidla oppsto og som nådde høgdepunktet
sitt under kapitalismen. Under kapitalismen utviklar seg også dei naudsynte
vilkåra for at menneska kan begynne på å oppheve kapitalen og deretter alle
framandgjorte fellesskap. Då blir målet etter revolusjonen å sikre at
kapitalismen ikkje blir oppretta att pluss arbeid for at alle framandgjorte
fellesskap, med klassane, familien, staten og dei politiske partia som noen
sentrale, blir opphevd saman med dei framandgjorte formene for medvit som heng
saman med desse fellesskapa. I røynda er det også nett dette Mészáros skriv om,
men han har ikkje tatt til seg og utvikla vidare Marx sine tankar om
framandgjorte fellesskap. Viss vi les boka hans om framandgjøring,[iii]
som eg elles meiner er svært god, ser vi også at han ikkje utviklar denne sida
ved framandgjøringa. Hadde han gjort det hadde det vore enklare å utvikle
metodar for å oppheve desse ymse fellesskapa også. I Manifestet seier Marx at ”det
som særkjenner kommunismen” er oppheving av den borgarlige
privateigedommen, kapitalen og lønnsarbeidet ved å gjøre kapitalen til felles
eigedom som høyrer til alle medlemmer av samfunnet, oppheving av den borgarlige
familien, oppheving av fedrelandet, nasjonaliteten og den borgarlige staten og
oppheving av den herskande ideologien (den herskande klassen sine idear). Har
ser vi noen av dei framandgjort fellesskapa som kan fortsette etter ein
kommunistisk revolusjon og inn i første fase av kommunismen og som kan danne
grunnlag for restaurasjon av kapitalismen dersom dei ikkje blir opphevd stadig
meir i arbeidet for å komme vidare til kommunismens andre fase. Eigentlig er
det dette Mészáros er opptatt av også.
Eg
meiner også at måten han brukar omgrepet sosialisme er uklårt fordi det stort
sett dekker dei to fasane i det Marx sjølv likte å kalle kommunisme. Slik et
hugsar det er han litt klårare på dette i boka om framandgjøringa. Men han er
klår på at det trengs ein arbeidarrevolusjon der borgarskapet blir fråtatt den
politiske makta si, og at ein med dette utgangspunktet må begynne å bygge ned
dei hierarkiske tilhøva som heng saman med all framandgjøring som pregar alle
samfunn som bygger på privateigedom og statsmakt osv., både førkapitalistiske
samfunn, kapitalismen og første fasen av etterkapitalistiske samfunn og at
målet for dette er det Marx kallar den høgare fasen i kommunismen.
Ut
frå dette meiner eg at Mészáros har mange spenstige tankar og viktige analyser
om korleis dette siste kan skje som kan hjelpe oss i å utforme ei linje for
korleis vi vil arbeide for ein kommunistisk revolusjon i dag og utvikle første
fase av kommunismen (sosialismen) fram mot full oppheving av kapital eller
framandgjøring og kva vi må legge vekt på frå nå av når det gjeld ideologisk,
politisk og økonomisk kamp og organisering for å lukkast med dette, slik at
ikkje kapitalen får fortsette med sine øydeleggande konsekvensar for
livsgrunnlaget til heile fellesskapen av menneske.
Mészáros sitt utgangspunkt
Mészáros
sitt utgangspunkt, som vi og finn i ”Beyond Capital – Towards a Theory of
Transition” og tidligare skrifter er at kapitalen er inne i ei djup strukturell
krise som gjør at vi innan historisk relativt kort tid må oppheve han eller
risikere at livsvilkåra våre på jorda blir øydelagt. Denne krisa tok så smått
til på 1960-talet, skaut fart på 1970-talet og har sidan stadig skjerpa seg.
Dette kjem av fleire ting. Det kjem av den indre utviklinga i systemet som no
krev meir enorme devalueringar av kapital for mellombels å komme ut av si eiga
krise. Det vi såg under depresjonen og seinare under 2. Verdskrigen vil bleikne
mot den historiske tida vi nå rører oss inn i.
Dette
skjer samstundes som kapitalen no er i ferd med å ta i bruk dei siste
muligheitene for geografisk utviding og mykje av det som fins att av politisk
skjerma område i forskjellige statar.
Og
det kjem av at USA, som einaste leiande supermakt vil bruke alle middel for å
halde på verdsherrevelde, sjølv når det økonomiske grunnlaget forsvinn ved at
Kina blir den største økonomien i verda. Eit av desse midla er kjernefysiske
våpen og det skal ikkje mykje bruk av slike våpen til før livsvilkåra på jorda
er øydelagde.
I
tillegg krev den vidare utviklinga av kapitalen at dei grensene som naturen set
for framandgjort, kapitalistisk vekst, med det enorme sløseriet som ligg i det,
no er i ferd med å bli passert. Då vil kapitalen og sannsynligvis
passere dei naturgrensene som gjør det menneskelige livet på kloden mulig.
Dette gjør at kapitalen, med den ustoppelige akkumulasjonstrongen sin,
øydelegg både naturgrunnlaget rundt seg og kan ende opp i ein tredje verdskrig
der også atomvåpen kan bli brukt i stor målestokk. Begge desse hendingsrekkjene
vil føre til at grunnlaget for menneskelig liv kan eller vil bli utradert. Og
dette i tillegg til dei meir reint økonomiske og sosiale verknadene av krisene
frametter, med aukande forskjellar, utstøyting av arbeidslivet, fattigdom,
svelt, naud, sjukdom og så bortetter.
Desse
faktorane gjør at tida er i ferd med å springe frå oss, for kapitalen fell
ikkje av seg sjølv på ein måte som gjør at livet kan gå vidare. Opphevinga av
kapitalen endrar seg frå å bli ei framtidsoppgåve til å bli brennande aktuell
dagspolitikk. Mészáros framhever også kor viktig den ideologiske kampen mot
borgarlige og for proletariske ideologiar er for å komme på offensiven med en
progressiv politikk.
Derfor
er det nett no sosialistane si oppgåve å fortelje folk korleis situasjonen er
og mobilisere dei til kamp mot det ut frå folk sine eigne behov. Det vil kunne
skape ein ny offensiv som kan føre til at kapitalen blir opphevd og vi kan
begynne på den vanskelige vegen til Marx sine for å nå fram til Marx sitt mål,
kommunisme.
Mészáros
legg stor vekt på at det ikkje går an å reformere kapitalen over til eit anna
system gjennom delreformar eller parlamentarisk sosialisme. Det må skje i ei
svær revolusjonær rørsle som først sikrar arbeidarane statsmakta og som tar
tiltak for å bygge han ned på ein slik måte at vi etter kvart kan utrydde alle
restar av det tusen år gamle hierarkiske, byråkratiske og totalitære systemet
som kapitalen på ein måte har samla opp i seg.
Mészáros
er veldig klår på at vi må lære av historia. Han meiner at Sovjet og sovjetlike
samfunn gjennomførte ein politisk revolusjon og at dei vart kvitt kapitalismen,
men ikkje kapitalen. I desse samfunna oppsto nye hierarkiske og byråkratisk
tilhøve som gjorde at ei ny leiing utvikla seg som ikkje jobba for å legge
forholda til rette for at det arbeidande folket sjølv kunne ta meir og meir
direkte makt over samfunnet på alle felt, men som samla makta hos seg sjølv. På
dette grunnlaget oppretta dei eit system med fortsett meirverdiproduksjon, men
slik at meirverdien vart driven ut politisk og ikkje gjennom marknaden slik som
i ”normal” kapitalisme.
Dette
er i tråd med det Egil Fossum skreiv i det innleiande kapitlet i boka ”Fra
Stalins Sovjet – konflikter i sovjetisk innenrikspolitikk 1945-1952”, Oktober
forlag 1984. Her skriv han at Stalin ”forordnet: politisk passivisering av
massene” og ”privilegier og makt til ekspertene” utan å forstå heilt kva
”dødelig blanding” dette var for utviklinga i retning kommunisme (Side 11).
Dette synet var det AKP slutta seg til i høve
Stalin-epoken.
Ut
frå denne forståinga av den epoken vi lever i og dei feila som blei gjort i det
20. hundreåret sitt forsøk på å oppheve
kapitalen og skape sosialisme og kommunisme tar Mészáros, i den teksten eg
omsett, så opp åtte viktige saker som han kallar orienterande prinsipp for å
oppheve kapitalen og all framandgjøring heilt ned i grunnlaget sitt.
Målet for sosialistane
Men
før han går laus på desse punkta, understrekar han at utgangspunktet for alt vi
gjør må vere det endelige målet vi har. Og han imøtegår sosialdemokratiet sine
ord om at ”målet er ikkje noe, rørsla er alt”. Dette slagordet har ført til at
desse partia over alt har omdanna det reformistiske programmet sitt til det mest
reaksjonære forsvaret for dei mest uhaldbare sidene ved den herskande orden.
Det
trengs ei radikal negering/avvikling av det etablerte systemet for øydeleggande
samfunnsmessig kontroll med utvekslinga mellom menneske og natur og menneske og
menneske, dvs. det systemet som bygger på kapitalen. Men dette er ikkje nok. Vi
må også komme opp med ei positiv oppheving av dette systemet. Vi må skape eit
alternativ som frå begynninga er menneskelig forsvarlig og som fungerer,
samstundes som det verkelig kan haldast
oppe på lang sikt. Dette indikerer ein prosess med mange samanfiltra trådar som
er kompleks og som definerer kvart enkelt mål og middel i den sosialistiske
omdanninga som ein integrert del av eit ope historisk tiltak og ikkje som noe
”utopisk lukka system” som må slå feil fordi det bare kan gjennomførast
midlertidig med uhaldbare diktatoriske middel mot dei som skal gjennomføre det.
Heile tida under denne prosessen må ein ha målet i sikte.
Og
målet er, ifølge Mészáros, definert slik av Marx: ”I ein høgare fase av det
kommunistiske samfunnet, etter at individa sin slavebunde underordning under
arbeidsdelinga og dermed også motsetnaden mellom åndsarbeid og kroppsarbeid er
forsvunne, etter at arbeidet ikkje bare er eit middel til livets opphald, men
sjølv er blitt der fremste livsbehovet, etter at også produktivkreftene har
vokse samstundes med individa sin allsidige utvikling og alle kjeldene til
fellesskapen sin rikdom flyt meir rikelig – først då kan vi skride over den
snevre horisonten til den borgarlige retten og samfunnet kan skrive på sine
faner: Frå ein kvar etter evne og til ein kvar etter behov.” (Kritikk av
Gothaprogrammet.)
Omsetting av kapitlet om dei 8
prinsippa:
Kapittel 9. Sosialisme i det tjueførste hundreåret.
I
det tjueførste hundreåret presenterer spørsmålet om sosialisme seg både som
trongen til ei kritisk vurdering av fortida og som den uomgjengelige
utfordringa å finne fram til dei grunnleggande krava som vi må bake inn i dei
strategiane for radikal endring som vi ser for oss. Vi må gjøre dette under
vilkår der det presserande i å gå mot dei pågåande, øydeleggande
utviklingstrekka bare blir fornekta av dei verste av dei som unnskylder den
eksisterande ordninga av det samfunnsmessige stoffskiftet.
(Ein
merknad til omsettinga av det samfunnsmessige
stoffskiftet: På engelsk: social metabolic order. Dette omgrepet er tatt
frå kapitalen bind 1. Vi finn ei tyding av det i kapittel 1. 2., der det
heiter: ”Som skaper av bruksverdier, som nyttig arbeid, er arbeidet derfor en
eksistensbetingelse for menneskene uavhengig av alle samfunnsformer, en evig
naturnødvendighet som formidler stoffskiftet mellom menneskene og naturen, og
derfor også det menneskelige livet selv. [side 52-53 i Oktoberutgåva] Vi finn
ei anna tyding i kapittel 3.3.a) Her heiter det: ”Når bytteprosessen overfører
varer fra en eier som de ikke er bruksverdier for, til en annen eier, som de er
bruksverdier for, innebærer dette et samfunnsmessig stoffskifte.” Og: ”Vi skal
derfor betrakte hele bytteprosessen fra den formelle sida, altså bare
formskiftet eller metamorfosen til varene, som formidler det samfunnsmessige
stoffskiftet.” Eg tenker at omgrepet den samfunnsmessige ordninga for stoffskifte
inneheld begge desse tydingane, at det altså gjeld både ordninga for menneska
si stoffomsetting med naturen rundt seg og menneska si fordeling av det
produserte stoffet {og, under kapitalismen, varene med det arbeidet som ligg i
dei} seg i mellom. Merknad av T.V.).
I
dette kapitlet kan vi bare kort skissere dei viktigaste måla og karakteristiske
trekka til den naudsynte sosialistiske omdanninga som retningsgjevande prinsipp
for å kunne arbeide ut strategiar som lar seg gjennomføre for framtida vår. Den
rekkefølgja som vi presenterer dei særskilde punkta i her er ikkje meint å vere
ei ordning av kor viktige dei er, slik at dei punkta som kjem seinare må vere
ordna inn under dei som kjem tidligare. Det ligg i naturen til dei sakene det
gjeld at det ville vere kunstig og forvridande å rangere dei slik. For dei
karakteristiske trekka for ei ekte sosialistiske omdanning dannar ein tett
samanfiltra einskap. Dei er alle, i ei tyding, arkimediske punkt som held oppe
seg sjølv og dei andre gjennom gjensidige bestemmingar og overgripande
innverknader. Med andre ord er dei alle like viktige i den tydinga at vi ikkje
kan oversjå eller utelate noen av dei på lang sikt når det gjeld heile
strategien, same kva den aktuelle relevansen deira er når reisa tar til.
Vi
må likevel presentere dei kvar for seg
av to grunnar. For det første er det, av analytiske grunnar, til hjelp å gruppere relative einsarta delar saman under
same overskrift når dei komplekse sambanda til alt bare kunne ha blitt etablert
ved å få i spel ein serie med meir fjerne og ganske motseiande formidlingar med
den særeigne samanhengen dei sjølv har. For det andre kan vi ikkje anta at tidsdimensjonen er den same når det gjeld
å verkeliggjøre dei særeigne karakteristiske trekka og krava til ei verkelig
varig sosialistisk omdanning. Naturlig nok kan vi gjennomføre noen av dei
endringane vi rår til mykje tidligare enn andre. Men vi må erkjenne at sjølv
dei vanskeligaste måla, som vi bare kan nå mykje lengre fram, heilt frå
begynninga er livsviktige for at vi kan lukkast med å gjennomføre den radikale
omdanninga fullt ut, elles vil heile tiltaket gå av sporet eller bli
underminert. For utan å finne fram til det endelige
målet for reisa, saman med den strategiske
retninga og det naudsynte kompasset
som er vi har tatt til oss for å nå det, kan det ikkje vere noe håp om å
lukkast. Den øydeleggande historiske fiaskoen til sosialdemokratiet over heile
verda, takk vere den falske kuren at ”målet er ikkje noe, rørsla er alt” – som
spelte stor rolle då det tidligare reformistiske programmet blei omforma til
det reaksjonære forsvaret for sjølv dei mest uuthaldelige sidene ved den
herskande ordninga – gir oss ei kraftig åtvaring i så måte.
Sjølvsagt
er den radikale negasjonen (den
negative sida ved opphevinga) av det etablerte systemet for øydeleggande
kontroll med det samfunnsmessig
stoffskiftet bare ei side av det som vi må gjøre. Vi kan bare lukkast med denne
naudsynte negasjonen av kapitalsystemet viss den positive sida ved heile
tiltaket utfyllar den. Det vil seie at vi stadig skapar ei alternativ
samfunnsmessig reproduserande ordning som heilt frå starten er menneskelig
passande og mulig å gjennomføre og, sjølv sett ut frå det lengste historiske
perspektivet, er verkelig mulig å halde oppe. Denne måten å tilnærme seg saka
på peikar mot ein prosess som uunngåelig er kompleks og samanfiltra og som
definerer kvart einaste mål og kvart krav som spring fram av den sosialistiske omdanninga som ein indre
del av eit historisk tiltak som har ein open slutt, tvert imot skuldingane som
blir retta mot sosialismen som eit ”utopisk lukka system”, og derfor bestemt
til å mislukkast fordi vi bare kan presse det på røynda ved diktatoriske middel
som ikkje kan vare. I røynda er det tvert imot slik at dei indre
prosessbestemmingane av dei sosialistiske måla og krava tyder at dei særskilde
måla som er i fokus til kvar tid alltid
samstundes viser til eit overgripande mønster, anten det no er uttalt eller
ikkje, og at dei blir styrka og gjort djupare og rikare gjennom den stadige
utfaldinga av dei bestemmingane som held dei saman og gjennom det på ein
organisk måte med den heilskap som utviklar seg. Med desse merknadene kan vi
karakterisere dei viktigaste måla og krava i høve ein sosialistisk omdanning
slik det går fram av det som følgjer.
9.1.1 Ikkje til å vende attende: det
naudsynte med ei varig, alternativ samfunnsordning, historisk sett.
Historia
viser mange tilfelle både av edelt strev for å innføre viktige samfunnsmessige
endringar for å overvinne noen store motseiingar og noen delvis vellukka forsøk
på å gå i den retninga som først var tenkt. Men altfor ofte har suksessane før
eller seinare blitt rulla tilbake av ei påfølgande atteroppretting av dei
tilhøva av ufridom som pregar status quo.
Den viktigaste årsaka til slike utviklingar var den lagnadstunge, urørte
tilstanden av strukturell
ulikeverd/forskjell i rang eller makt som blei oppretta att i ein eller
annan form gjennom historia, til tross for ei viss endring av personar på
toppen av samfunnet frå tid til annan.
(Merknad
til omsetting av strukturell ulikeverd/forskjell i rang eller makt. Det
engelske ordet er inequality som etter Oxford Shorter Dictionary tyder både 1a)
mangel på likskap mellom personar; forskjell i storleik, tal, kvalitet osb.,
1b) forskjell i rang eller omstende; sosial eller økonomisk forskjell, 1c) å
vere overlegen eller underlegen i forhold til
noe, 2) mangel på likskap; ujamn, uregulær, veksling; noe som er eit
eksempel på dette, 3) avvik i handsaminga av folk eller fordelinga av ting;
urett. Den kortare omsettinga = ulikskap blir ikkje rett her, for Marx meiner
jo at folk er forskjellige/ulike og at dei må handsamast ut frå dette – frå
kvar og ein etter evne til kvar og ein etter behov. Både evnene og behova er
forskjellige for kvart individ. Derfor er tyding nr 3) heilt upassande. Det er
i røynda ein definisjon av det Marx i ”Kritikk av Gothaprogrammet kallar
”borgarlig rett”. Når folk har forskjellige behov må dei også stettast på ulike
måtar og det fører til ulikskap i fordeling dersom det skal vere sosialt
rettferdig i den grad dette omgrepet i det heile vil vere passande. Ulikeverd
er på si side svært abstrakt. Derfor tenker eg at tyding 1b er den som passar
best her. Men før eg er heilt klar med ei tydelig norsk omsetting må vi og sjå
på et motsette omgrepet equality.
Etter
Oxford Shorter Dictionary tyder equality både 1a) ein tilstand av likskap i
kvantitet, storleik, verdi, intensitet osb., 1b) eit matematisk symbolsk
uttrykk for det faktum at to kvantitetar er like store – ei likning, 2) ein
tilstand der ein har lik rang, makt, dugleik osb. som andre, 3) rettferd, å
vere upartisk, 4) likskap, å vere einsarta [no sjeldan brukt]. Her er det tyding 2) som må vere utgangspunkt
for omsetting. Men likskap i dugleik må utelatast. Marx seier at det er
forskjell i dugleik mellom menneska. Kvar og ein har individuelle evner som dei
andre ikkje har. Derfor må tydinga ikkje innehelde likskap i dugleik.
Eg
omsett derfor equality med likskap i rang og makt. Og inequality omsett eg med
ulikskap i rang og makt. Men grunnleggande for at slik likskap kan oppstå er
likskap når det gjeld eigedomsrett til produksjonsmidla saman med likskap i
rett til å kontrollere desse midla, dvs. til å bestemme over heile
stoffvekslingsprosessen mellom menneska og naturen rundt og menneska seg
imellom. Dette ligg derfor inne i omgrepet likskap i rang og makt. Merknad frå
T.V.)
(Ettersom
ordet quality= kvalitet, som blir brukt mykje av Mészáros, kjem opp her, vil eg også gi den tydinga av det som eg brukar her og
seinare i omsettinga. Eg tar utgangspunkt i ISO si definisjon av kvalitet: ”Quality is the totality of characteristics
of an entity that bear on its ability to satisfy stated and implied needs.”
Kvalitet er heilskapen av
dei karakteristiske eigenskapar ved ei einig som har å gjøre med hennar evne
til å tilfredsstille uttalte og uuttalte behov. Eg vil
vel føye til verksemd og etter eining. Då får vi: Kvalitet= Dei karakteristiske
eigenskapar ved ei eining eller ei verksemd som har å gjøre med eininga eller verksemda si evne til
å tilfredsstille uttalte og uutalte behov. Merknad frå T.V.)
For
strukturell ulikskap i rang og makt virka som eit anker, festa med kortare
eller lengre kjetting, som heile tida drog skipet attende til ein posisjon som
ikkje kunne vere utgangspunkt for vidare framgong på reisa, same kor gode
siktemål noen av mannskapet på skipet hadde i den historiske orkanen. Og, for å
gjøre tinga verre, denne historisk bestemte forbanninga til dei folka som var
dominert av den eksisterande ordninga som menneska kan endre, blei som regel
sett på og ideologisk rasjonalisert som ein naturlagnad, sjølv når dei måtte
innrømme at den framherskande ulikskapen i rang og makt langt frå var til gode
for dei i det store og heile.
Den
naudsynte følgja av denne typen rasjonalisering – og rettferdiggjøringa av det
som vi ikkje kan rettferdiggjøre - var at den samfunnmessige urettvisa vart
varig og halde oppe som ei påstått naturbestemming som vi ikkje kan endre
(påstått å harmonere godt med den ”menneskelige naturen”). Men kva om det blir
stilt spørsmål om oppfatninga av dette varige i seg sjølv gjennom provet på ei
trugande historisk endring som kan klårt identifiserast? For så snart som vi må
innrømme at vi ikkje kan måle menneska si historiske tid ut frå noe som av
natur er varig, så fell heile tankerekkja om antihistorisk rettferdiggjøring
saman, for ikkje å nemne det faktum at den varige tida til naturen sjølv på
planeten vår blir katastrofalt undergrave av at perverse samfunnsøkonomiske
krefter grip øydeleggande inn i han. Ved dette punktet blir det avgjørande å
orientere oss sjølve innan muligheitene og grensene til den verkelige
historiske tida, for å overvinne dei farlige samfunnsmessige antagonismane
(fiendtlige motsetnadene) som peikar i retning av å gjøre slutt på den
menneskelige historia. På dette tidspunktet, nett der vi står i dag, blir det
ei uunngåelig historisk utmaning for oss å utarbeide dei remedia vi treng i
form av ei alternativ samfunnsmessig ordning som kan vare, saman med passande
sikringar for å gjøre det umulig å snu denne (nye) ordninga. Vi lever under
skuggen både av den tydelig ukontrollerbare akkumulasjonen og utplasseringa av
masseøydeleggingsvåpen som er ”verkelige” og ikkje kynisk og sjølvbedragande
fiksjonar og i skuggen av kapitalen si øydeleggande innrykking i naturen. I
denne situasjonen må vi lukkast i å møte denne utmaninga og ikkje risikere å
falle tilbake til ei endå meir øydeleggande samfunnsordning fordi vi trur at vi
har uendelig med tid til disposisjon før vi må gå til aksjon for å rette på
ting.
9.1.2
Når
vi tar som gitt den alvorlige strukturkrisa i kapitalsystemet, er dei brutale
alternativa sosialisme eller barbari, om
ikkje den fullstendige utslettinga av menneskeslekta. Dette tungtvegande
historiske faktum krev at vi finn fram til eit sett med samanhengande
strategiar som ikkje kan snuast ved første passane høve, i kontrast til tidligare
forsøk som har misslukkast fordi vi har godtatt ei ”linje for minste motstands veg” med den påfølgande forsvarshaldninga for denne linja i den
sosialistiske rørsla. Samstundes må målet for ei berekraftig sosialistisk
omdanning bli bestemt omformulert frå ”å kaste kapitalismen” – som vi bare kan
klare på strengt midlertidig vis – til den fullstendige utryddinga av kapitalen
frå den menneskelige stoffvekslingsprosessen. Viss ikkje det skjer vil dei
gamle strukturane frå det nedarva systemet sikkert og visst bli oppattliva,
slik vi såg i samfunna av Sovjet-typen på 1900-talet. Og ei slik oppattliving
bring med seg potensielt øydeleggande følgjer ikkje bare for dei samfunna som
det gjeld direkte, men og for heile menneskeslekta. Det er sannelig slik at det
bring med seg slike følgjer for heile menneskeslekta fordi dei sosialistiske
kreftene blir halde tilbake av den ideologiske laminga som kjem av at vi tar
inn over oss den relative suksessen til den kapitalistiske tilbakekomsten av
kapitalismen ut over alle proporsjonar, mens vi overser dei mye meir
grunnleggande vilkåra for at strukturkrisa i kapitalsystemet som heilskap blir
stadig djupare.
Marx
åtvara oss mot kapitalen si evne til å komme tilbake att sterkare enn før når
han hadde lide midlertidig nederlag og sa også noe om den naudsynte
orienteringa til den proletariske revolusjonen i begynninga av ”Louis
Bonapartes 18. Brumaire”:
”Proletariske
revolusjonar derimot, som dei i det nittande hundreåret, kritiserer alltid seg
sjølv, bryt av sin eigen gong, kjem att til det som tilsynelatande er fullført
for å ta fatt på det att, håner rått og grundig det halvveges, veikskapane, det
ynkelige i dei første forsøka sine, ser ut til bare så slå ned motstandaren sin
for at han skal suge nye krefter frå jorda og reise seg mot dei att endå meir
ovstor, dei blir stadig på nytt gripe av skrekk for den ubestemte kolossale
velden til sine eigne mål, inntil situasjonen er skapt då det ikkje er noen veg
tilbake og tilhøva sjølv roper: Hic Rhodos, hic salta!” (Her er Rhodos, hopp
her!)[iv]
Naturligvis
kunne ikkje Marx sjå for seg, då han skreiv desse linjene i 1851, at den
uunngåelig naudsynte kommandoen ”Her er Rhodos, hopp her!” ville oppstå under vilkår med alvorlig
samfunnsmessig og historisk naudtvang, når trusselen om menneskeslekta si
potensielle sjølvøydelegging var klårt synlig på horisonten. Ikkje desto mindre
klarte han å legge merke til dei to viktigaste faktorane som vi må ha for oss
når vi vurderer det levedyktige perspektivet for ei sosialistisk omdanning som
ikkje er til å snu. For det første, at vi må erkjenne kapitalen si
grunnleggande mest trugande evne til å ”trekke ny styrke frå jorda og reise seg
att”, slik som Anteus gjorde i den greske mytologien, slik at vi kan utarbeide
passande strategiske tiltak for å overvinne makta til ein stadig meir
øydeleggande historisk motstandar på varig vis. Spesielt når dei dominerande
kapitalistiske statane set i gang krigar som fører til folkemord for å prove at
systemet deira er produktivt levedyktig.
Og
for det andre, erkjenninga om at det i løpet av den historiske utviklinga kjem
ei tid då det ikkje lenger går å følgje ”minste
motstands veg”, og det blir uunngåelig å prøve eit hopp. Den historiske
naudsituasjonen i vår tid modifiserer Marx sin andre faktor bare på den måten
at det å følgje ”minste motstands veg” i dag ikkje bare er uhaldbart, men at
det kan det vere sjølvmord – og det må vi sørgje for å få fremst i det
samfunnsmessige medvitet.
9.2. Deltaking: Den stadig større
overføringa av avgjerdsmakt til dei
sameina produsentane
9.2.1
Det
er utenkelig å gjøre det umulig å snu den alternative samfunnsmessige ordninga
utan at dei sameinte produsentane deltar fullt ut i avgjerdsprosessen på alle
nivå av politisk, kulturell og økonomisk kontroll. For det er den einaste måten
som dei store folkemassane kan bruke for å tileigne seg ei varig makt i
samfunnet sitt og ved det identifisere seg sjølv med måla og tilpassingane som
må til for å reprodusere vilkåra for deira samfunnsmessige eksistens, slik at
dei er bestemt ikkje bare på å forsvare dei mot forsøk på å gjenopprette
kapitalismen, men også på stadig å utvide dei positive muligheitene sine.
Fram
til i dag er det ikkje mange idear som har blitt brukt med større effektivitet
for å skape ideologisk villfaring, enn den lova ”deltakinga” i
avgjerdsprosessen. Sjølv noen store kapitalistiske føretak hevdar å ha opna
dørene på vidt gap for arbeidarane deira si ”demokratisk deltaking” i
forretningane, så held dei, i ånda til ”god forretningspraksis”, i røynda
arbeidarane like langt vekke frå alle dei verkelig viktige sakene som noen gong
– akkurat som dei ”sjølvstendige” aksjeeigarane som ikkje stemmer på
generalforsamlingane.
Sosialdemokratisk
ønsketenking nærma seg saka på same vis. Sosialdemokratane lukkast ofte vel i
strevet for å avvæpne bølgjene av uro i den venstresyndikalistiske grasrota ved
hjelp av yttarst meiningslause ”ettergifter” som dei sa at dei oppnådde frå
leiarar i visse industriar, mens dei så kunne binde hendene til arbeidarane på
golvet mykje fastare og som regel bak
ryggane deira. Ei bittert ironisk
tilbakevising av denne praksisen gjennom den folkelig visdomen blei uttrykt til
tider i politiske debattar gjennom å avslutte bøyinga av ”we participate” (vi
deltek) på engelsk på den måten at dei ikkje sa ”we participate, (vi deltek)
you participate (dei deltek), they participate” (dei deltek) men ”they profit” (dei profiterer), eller i
ein annan versjon: ”we participate, you participate, - they decide (dei avgjer)”.
Det
var i røynda også det tildekkande og villeiande innhaldet i denne mykje
føretrekte reformistiske strategien. For til tross for alt dei gjorde for å
motbevise det, så kunne det over hovudet ikkje vere noe spørsmål om å gå i ei
retning som litt etter litt omforma dei sameina produsentane til maktutøvarar. Sjølv ikkje med det aller
minste av dei ”små skritta”. Den omdannande retninga som ein skulle gå i, som
leidde til kvalitativ endring, måtte
fortsette å vere absolutt tabu. Denne saka blei kynisk og feilaktig framstilt
som om det var spørsmål om lengda på dei særskilde stega som skulle takast:
”gradvis” eller ”delvis”, opp mot det strategisk omfattande. Men den
idealiserte metoden med små steg var svært langt frå å vere utan sin eigen
strategiske retning. Denne godt skjulte ideologiske retninga, å ikkje leie ut
av labyrinten av skjerpa motsetnader, var omsorgsfullt lukka inne i den
etablerte ordninga sin vonde sirkel. Og nett den forståelige, unnskyldande
måten å gå rundt i sirklar som er bestemt på førehand var – og er –
hovudfunksjonen til denne retninga.
Utan
ein altomfattande strategi for gradvis å
overføre avgjerdsmakta til dei sameinte produsentane (det vil seie overføre
ho på alle trinn, medrekna det høgaste av dei), har omgrepet deltaking inga
fornuft som vi kan råde til å følgje. Dette tyder at dei falske todelingane som
set ”liten” opp mot ”storskala”, eller ”lokal” opp mot ”global, ikkje har noen
plass i ein sosialistisk strategi som kan lukkast, same kva gode siktemål ein
har for å halde seg på den breie vegen til kapitalsystemet sitt helvete. Makta
som skal overførast til dei sameinte produsentane kan ikkje vere avgrensa til
det lokale trinnet, sjølv ikkje når den bitre pillen av fortsett maktesløyse
blir sukra med slagord som ”lite er vakkert” og ”tenke globalt, handle lokalt.”
Det
er ein lamande illusjon i den borgarlige legaliteten at avgjerdsmakt kan bli
passande delt og utdelt på ein heilskapelig
god måte mellom hegemoniske alternativ. Men sanninga er at ikkje noen
bestemmingsmakt blir delt mellom dei konkurrerande samfunnsklassane under
kapitalen si samfunnsordning, til tross for ideologien om ”maktdeling” under
den ”demokratiske grunnlova” som dei seier fins. For all avgjørande makt – i
motsetnad til uviktig makt – eig kapitalen sjølv. Kapitalen er, av natur, ei
altomfattande utanomparlamentarisk makt som også må herske over parlamentet, og
som overlet eit svært lite, godt innringa rom for handling til den
parlamentariske opposisjonen. Vi kan ikkje understreke nok at det er naudsynt å
utfordre kapitalen som den allmenne
kontrolløren av det samfunnsmessige
stoffskiftet.
Det
faktum at dei altomfattande endringane når det gjeld den overføringa av
effektiv makt som vi ser for oss i løpet av den radikale omdanninga, ikkje kan
skje med eit slag, men må følgjast opp stadig betre, og heile tida, tyder ikkje
at vi bør eller kan gi opp ideen om at dei sameinte produsentane til slutt
sikrar seg kontroll med heile den samfunnsmessige stoffvekslingsprosessen på
alle trinn. Elles ville vi vere tilbake til dei kritiserte illusjonane frå
fortida – formelt demokratisk, men reelt autoritært, sjølv om det var med ein
ny versjon av arbeidsdelinga frå den tida, som ikkje kan fungere i lengda. Dei
første avgrensingane når det gjeld makta til dei sameinte produsentane, som
kjem av hindringane frå dei nedarva strukturelle bestemmingane i begynninga,
kan tillatast bare innan ein avgrensa historisk overgangsperiode. Og sjølv då kan dei bare tillatast viss retninga på reisa, slik det er
understreka over, utan å vere tvitydig, peiker på full overføring av makt ved
første berekraftige historiske muligheit. Det framvoksande stoffskiftet som
vidarefører livet i den alternative samfunnsmessige ordninga kan ikkje lukkast
på noen annan måte med strevet for hegemoni som kan vare.
Den
avgjørande saka, når det gjeld dette, dreier seg om den måten som delane i den
nye samfunnsmessige ordninga som veks fram for å vidareføre livet – måten som
ordninga sine smådelar av verda
(microcosms) – blir samordna til ei kvalitativt forskjellig stor verd (macrocosm). Den ordninga for
å vidareføre livet som no er oppretta er karakterisert av dei ulækjelige fiendtlige strukturane i dei
forskjellige delane av den vesle verda, og dei må derfor underordnast under ein strengt hierarkisk
metode for altomfattande bestemming for å gjøre mulig kapitalen sin einaste
tenkelige form for omfattande koordinering. Dette er grunnen til at den
etablerte ordninga for å vidareføre livet er autoritær inn til kjernen, under alle omstende. Dette er slik sjølv
om ein slags ”formaldemokratisk ordning under ei grunnlov” kan utfylle dei
materielle utbytande strukturane på politisk nivå for å sikre stabiliteten i
systemet på ein betre måte når historiske vilkår tillet det, og i store
kriseperiodar blir denne ordninga bare omsynslaust kasta til sides. Den
alternative samfunnsmessige ordninga for å vidareføre livet er, i kontrast til
dette, utenkelig utan at ein overvinn dei autoritære og innarste motstridande bestemmingane i dei delane av den vesle verda
som er arva frå kapitalen. Dette blir bare mulig ved å opprette ein kvalitativt
ny måte for stoffskifte for å vidareføre livet, grunnlagd på dei heilt ut delte
livsinteressene til medlemmene av dei omstrukturerte ikkje-fiendtlige delane av
den samfunnsmessige vesle verda. Bare på denne måten kan dei bli skikkelig koordinert i ein korresponderande form
for ikkje-fiendtlig stor verd.
Det
er på grunn av dette at deltaking er meiningsfylt bare viss avgjerdsmakta
verkelig blir overført til dei sameinte produsentane på alle nivå og på alle
område. Å utøve kontroll bare lokalt
– gjerne pynta på av den trøstande påskjønninga av at ”smått er vakkert” og
slikt – er ein indre motseiing viss dei lokale vedtaka kan godtakast eller
forkastast på eit strukturelt fastlåst og dermed fiendtlig, høgare nivå. I alle tilfelle er dei då
ikkje bestemmingar i det heile, bare noen slags tillatne (eller ikkje) råd,
sidan dei verkelige bestemmingane bare kan takast av ein ”høgare autoritet”.
Dei små delane av verda som vi kan sjå for oss kan ikkje vere sant demokratisk
– og ikkje-fiendtlig sosialistisk – viss motsetnader kan komme inn på scena
gjennom ”bakdøra” til ein varig etablert høgare autoritet. Og omvendt - den
store verda i ei slik samfunnsordning kan ikkje vere ikkje-fiendtlig
sosialistisk viss eit strukturelt høgare nivå held på retten til å bestemme og
forkaste.
9.2.2
Det
som står på spel her er det livsviktige forholdet av ei genuin ikkje-hierarkisk
koordinering, i motsetnad til alle kjente og tenkelige former av strukturelt
påtvinga dominering og underkasting.
Eit
av dei mest brukte knepa til motstandarane av sosialismen er å erklære at det
er umulig å ta verkelige avgjerder –
i motsetnad til å delta i formaliserte hendingar, som parlamentariske val eller
folkeavstemmingar – når talet på folk som er med er svært stort og sakene
forskjelligarta. Dette fordomsfulle, diskvalifiserande knepet fungerer på same
vis som den tidligare nemnde forkastinga av at det er mulig med omfattande kvalitativ endring, som seier
at dette ikkje er tillate i motsetnad
til den einaste tillatne framgangsmåten med ”delreformer”. I begge tilfelle
blir kvantitetsfetisjismen kalla på
for å gjøre sannsynlig at den eksisterande ordninga vil vare evig. I det første
tilfellet blir retninga på reisa mot
frigjøring smugla ut av biletet for et dei skal kunne bli i stand til å snu den
verkelige saka om til ein mekanisk karikatur av konkurrerande kvantitetar som
dei, ved definisjon og ikkje noe anna, kallar sigrar for dei idealiserte ”små
stega”. I det andre tilfellet bruker våre ”kompleksitetsseljarar” på same viset
kvantitetsfetisjismen for å erklære at verkelig avgjersle ikkje kan finne stad
”når samfunnet kjem over ein viss storleik” – fordi samfunnet då har for mange
medlemer, sjølv om det aldri er definert kor stort eller lite samfunnet må vere
for at vi når ei slik grense. Og dei
antar at dette fullstendig øydelegg tanken om medverknad i alle meiningsfylte
tydingar av omgrepet. Denne måten å tenke på er feil, ikkje bare fordi han
heilt frå starten går ut frå dei konklusjonane som han skal prove, men fordi
han avbøyer merksemda frå det verkelige problemet, nemlig å finne dei naudsynte
vilkåra for å koordinere småsamfunna si deltakande avgjerdsmakt til eit
samanhengande og historisk haldbart storsamfunn. Dette er ikkje spørsmål om storleik.
Sjølv dei minste samfunna er for store for å kunne haldast oppe når dei har to
grupper som ikkje på noen måte kan komme til semje. Det er heller slik at den einaste tenkelige løysinga
på dette problemet er å oppheve dei fiendtlige og konfliktfylte indre
bestemmingane i dei særeigne småsamfunna for å kombinere dei til eit
samfunnsmessig heile som utviklar seg positivt.
Slik
er opprettinga av ei genuin ikkje-hierarkisk, og følgjelig ikkje-fiendtlig,
samordning den utfordringa vi står framfor i forsøka våre på å sikre framtida.
For det er den einaste måten som kan føre til at effektiv deltaking på alle
nivå av avgjerdsmakt verkelig kan vinne fram i løpet av den sosialistiske
utviklinga: gjennom den altomfattande eigenaktiviteten frå dei sameinte produsentane
som det verkelige maktsubjektet (den verkelige maktutøvaren).
9.3 Verkelig likskap i rang eller
makt: Det absolutt vilkåret for at noe kan varig haldast oppe
9.3.1
Verkelig
likskap i rang eller makt er heilt klårt det som naudsynt følgjer med det førre
punktet. For det ville være heilt absurd å utelate tanken på spørsmålet om
verkelig – og ikkje bare formell – likskap i rang eller makt når vi skal måle
kor vellukka eller mislukka strategien vår er for genuin deltaking som eit
naudsynt vilkår for å skape ei alternativ samfunnsmessig ordning. I ei verd som
vår, der ein tredjedel av heile folkesetnaden må overleve på like over, eller
godt under, ein dollar per dag, mens leiarane for industri og foretak
uforskamma premierer seg sjølv med inntekter på hundre millionar dollar per år,
er det rett og slett eit moralsk overgrep å snakke om demokrati og fridom og å
fortsette å påtvinge den utbytande praksisen til den herskande ordninga med
alle middel som systemet rår over, medrekna dei mest valdelige militære midla
brukt i krigar som fører til folkemord viss det må til.
Det
er utenkelig å fjerne dei indre fiendtlige
bestemmingane i våre eksisterande små samfunn utan å møte det gamle
problemet som verkelig ulikskap i rang og makt er. Kapitalen si samfunnsmessige
ordning er strukturert på ei måte som er djupt skadelig og vi kan ikkje tenke
oss at han kan fungere på noe anna vis. For kapitalen må alltid halde for seg
sjølv heile den avgjørande avgjerdsmakta. Det startar frå dei minste byggande
cellene til dei høgaste nivåa for overgripande samfunnsmessig kontroll. Dette
er ikkje bare sant for dei såkalla underutvikla landa – det vil seie dei delane
av kapitalen som er totalt integrert i og strukturelt underordna under
kapitalen si globale hakkeordning – men og i dei mest privilegerte landa som no
dominerer systemet for samfunnsmessig stoffskifte for å føre vidare livet.
Det
som gjør den historiske oppgåva med å endre dei strukturelle ulikskapane i
kapitalsystemet ekstra vanskelig er det faktum at denne samfunnsordninga er
uskiljelig frå ein svært lang etablert kultur
med verkelig strukturell ulikeverd/forskjell i rang eller makt som sjølv
dei største og mest framtidsretta borgarlige personane var djupt delaktige i.[v]
Naturligvis er det ikkje noe overraskande i det. For sjølv dei borgarlige
personane som såg lengst og var mest opplyst – medrekna slike intellektuelle
gigantar som Adam Smith, Goethe og Hegel - såg verda og problema i ho frå kapitalen sitt standpunkt. Dei
formulerte både diagnosane sine om kva som måtte ordnast på, og løysingane på
dei utfordringane og motseiingane som dei såg, godt innanfor dei strukturelt
avgrensa målestokkane og føresetnadene til kapitalens horisont. Det var
utenkelig at ei oppfatning av verkelig likskap i rang eller makt, som omfatta
medlemmene av all sosiale klassar, kunne komme med i deira overlegningar.
I
den store stormen frå den franske revolusjonen i 1789 kom den grunnleggande
utfordringa med å opprette ei samfunnsordning bygd på ”fridom, likeverd og brorskap” opp, og dei viktigaste karaktertrekka
til denne blei uttalt på den politiske ideologiens nivå. Men oppfatninga av
opplysning kunne ikkje bli strekt så langt som til å tåle ”fridom” til dei som
prøvde å kjempe for verkelig likskap i
rang og makt. Det er derfor ikkje overraskande at Francois Babeuf, då han
kritiserte den retninga som revolusjonen tok, og prøvde å organisere sitt
”samfunn av likeverdige”, utan vidare måtte bli trekt opp på rettarstaden og
giljotinert i 1797 for dette utilgivelige brottet.
Derfor
er det lett å forstå at to av dei tre store slagorda frå den franske
revolusjonen – ”likskap og brorskap” – stille har forsvunne frå horisonten i
løpet av kapitalsystemet si vidare historiske utvikling. Og sjølv ”fridom”
måtte bli omdanna til den tomme retorikken sitt favorittomgrep, slik at det
etter kvart ikkje bare kan sameinast med, men til og med bli eit påskott for legitimeringa av dei mest brutale
overgrepa mot sitt verkelige innhald.
Den
alternative samfunnsmessige ordninga er ikkje berekraftig på lang sikt utan den
fulle verkeliggjøringa av likskap i stand og makt, i staden for dei
eksisterande samfunnsmessige forholda der slik likskap i beste fall bare
eksisterer som eit formelt og legalt
krav og ikkje er noe meir enn eit høgtidelig krav proklamert som eit ritual.
For i røynda er sjølv den høgtidelig proklamerte ”likskap for lova” som regel
vriden til fordel for dei som har råd til lettvint å betale for å gjøre dei
høgtflygande formelle reglane til ein grov
spøk. I si tid stussa ikkje Rousseau på å stille noen passande spørsmål med
omsyn til dette, sjølv om han ikkje kunne tilby
haldbare løysningar på dei motseiingane han identifiserte. Slik
formulerte han kritikken sin:
”Er
ikkje alle fordelane i samfunnet til for dei rike og mektige? Er ikkje alle dei
innbringande stillingane i deira hender? Er ikkje alle privilegia og unnataka
reservert for dei aleine? … Kor forskjellig er ikkje omstenda for den fattige! Jo meir menneska skulder han, dess meir
nektar samfunnet han. … Vi kan summere vilkåra i den samfunnsmessige avtalen
mellom desse to stendene opp i noen ord: ’Du treng meg fordi eg er rik og du er
fattig. Vi vil derfor inngå ein avtale. Eg vil tillate deg den æra å tene meg
på det vilkåret at du gir til meg det vesle du har att som motyting for det
strevet det er for meg å kommandere deg.”[vi]
Det
blei heilt ute av takt med kapitalen sitt standpunkt å stille plagsame spørsmål
om samfunnsmessig ulikskap i rang og makt då den historiske oppgangstida for
den borgarlige ordninga tok slutt. Det dominerande ordskiftet om likskap i rang
og makt måtte innskrenkast til bare å ta opp noen avgrensa sider ved dei
strengt formelle krava til likskap og sjølv det skjedde bare fordi det var
relevant i høve til dei kontraktane som skulle påtvingast på kapitalistisk vis.
Men hovudfunksjonen til ordskiftet om likskap – i sin stort sett formaliserte
tyding – var samfunnsmessig apologetikk (orsaking) og mystifikasjon
(villeiing).
Ikkje
noe viser dette betre enn det kyniske ordskiftet som fins over alt og som tener
til å gjøre det upassande å ta opp ”likskap
i utkomme”. Å opne for eit press i retning ei meiningsfull endring i
”utkomme” ville medføre ein upassande innblanding i dei etablerte maktforholda
ved at det ville forbetre utvegane for dei samfunnsmessige individa til
effektivt å gripe inn i den verkelige avgjerdsprosessen i samfunnet. Dette er
grunnen til at sjølve ideen om å råde til ”likskap i utkomme” må kategorisk
utelukkast til fordel for den totalt tomme formuleringa som lover det
uoppnåelige vilkåret ”likskap i muligheit”.
Eit vilkår som er totalt uoppnåelig fordi sjølve måten saka er definert på, den
proklamerte ”likskap i muligheit” ikkje er noe meir enn eit tomt formelt skal. Formuleringa sjølv har som eit heilt klårt
premiss den harde og kyniske tilbakevisninga av ”likskap i utkomme”. Og sjølvsagt kan ikkje noen ”muligheit” ha den
minste meining viss det ”utkomme” som vi håpar på er utelukka frå byrjinga
gjennom sjølve definisjonen av omgrepet muligheit.
9.3.2
Den
fullstendige verkeliggjøringa av verkelig likskap i rang og makt er sjølvsagt
ei umåtelig vanskelig historisk oppgåve. Ja, eigentlig er det kanskje den aller
vanskeligaste oppgåva fordi det inneber omdanninga av heile den samfunnsmessige
ordninga. For å skape eit sant upartisk samfunn (eit samfunn med likskap i rang
og makt) krevjast det at vi drar opp med rota dei utbytande strukturelle
hierarkia som har eksistert i tusenvis av år, og ikkje bare den kapitalistiske
varianten deira.
Vi
veit alle at strukturelt fastsette ulikskapar var rettferdiggjort i fleire
hundreår av menneskehistoria på grunnlag av at dei elementære vilkåra for
utvida stoffskifte for å fortsette livet best kunne sikrast gjennom
kommandostrukturen i klassesamfunna, og at dette hadde ein viss legitimitet.
Det var slik fordi dei var i stand til å sette til side fruktene av
meirarbeidet og akkumulere det i ganske stor grad slik at det kunne brukast til
potensielt produktive framgongar i staden for at alt blei forbrukt med ein gong
frå ”hand til munn”, og det til tross for at det skjedde på svært skadelige
måtar. Med dei umåtelige produktive kreftene og muligheitene i vår tid er det
sjølvsagt ikkje noko hald i ei slik rettferdiggjøring. Under vilkår med utvida
samfunnsmessig reproduksjon vil naturligvis den slags historisk produsert
omdanning av samfunnet som menneska har fått til, og som utan samanlikning er
til det betre, i prinsippet tyde på at det er mulig å opprette ein kvalitativt
annan måte for samfunnsmessig kontroll med menneska si stoffveksling, på
grunnlag av verkelig likskap i stand og makt for alle.
Men
historia sluttar ikkje der. Det faktum at ei stor historisk muligheit er opna i
vår tid tyder ikkje at ho vil bli til røynd i den nære framtida og sjølv ikkje
i den fjerne. Spesielt sidan kvart produktive
potensial samstundes er eit trugande øydeleggingspotensial
under dei vilkåra som kapitalen sin samfunnsmessige kontroll med stoffvekslinga
har skapt på det noverande utviklingstrinnet. I vår tid blir det sistnemnde
potensialet til røynd med aukande frekvens og i stadig større skala, slik at
det set på spel ikkje bare livet til menneska, men også til alle levande vesen
på kloden. Dette er den nøkterne tydinga av den mykje fallbydde kapitalistiske globaliseringa i vår tid.
Ein
slik vanskelig historisk situasjon som tidligare var utenkelig, innbyr til ei
radikal omdefinering av mange av problema våre, inkludert spørsmålet om
verkelig likskap i rang og makt. For danninga av ei fungerande sosialistisk
ordning for vidareføring av livet krev meir enn at vi bare kvittar oss med
kapitalen sin stadig meir øydeleggande måte for kontroll med
stoffvekslinga. Ei slik sosialistisk
ordning kan ikkje haldast oppe på lengre sikt utan at vi samstundes kan
framstille ho som eit positivt alternativ
til dei omstenda som no er framherskande. Ut frå dette er verkelig likskap i
rang og makt eit naudsynt trekk i ein positiv definisjon av den alternative
samfunnsmessige ordninga for å vidareføre livet. For det er umulig å fjerne den
indre fiendtlige og konfliktfylte
bestemminga i dei byggesteinane som dannar grunnlag for vår eksisterande store
verd, utan å omstrukturere dei på grunnlag av verkelig likskap i stand og makt.
Eit
samfunn der det er eit strukturelt fastlagt hierarki, som altså er det
grunnleggande definerande trekket i kapitalsystemet, må ved sjølve naturen sin
alltid fortsette å vere fiendtlig og konfliktfylt både i de små delane av verda
og i den heilskapen som er fiendtlig sett saman. Ettersom den strukturelle
krisen i kapitalsystemet blir djupare må dei fiendtlige indre bestemmingane
bare bli skjerpa, til dei til slutt eksploderer. Dette er grunnen til at vi i
dag opplever ei vending mot innføring av stadig meir autoritære statlige lover sjølv i dei mest utvikla kapitalistiske
statane,[vii]
og deira meir aktive engasjement i øydeleggande krigar som tydelig gjør til
skamme den løgnaktige forstillinga om ”demokrati og fridom”.
Men
det er nok slik at dei klart autoritære tendensane når det gjeld forsøka på å
kontrollere dei eksplosive motseiingane som hopar seg opp, ved å bruke stadig
voldsommare middel, vil ikkje bare bli umulig å administrere, men dei vil og
virke tvert imot det som er målet med dei. Sluttmålet for ei slik utvikling er
øydelegginga av menneskeslekta.
Det
einaste alternativet som held på lengre sikt er eit samfunn der dei sameinte
produsentane utan atterhald kan identifisere seg sjølv med måla og dei
menneskelig fordelaktige krava til arbeidet med å reprodusere vilkåra for sin
eigen eksistens. Og det kan vi bare tenke oss på grunnlag av verkelig likskap i
rang og makt.
Det
er med andre ord slik at løysinga på dei eksplosive antagonismane, som ikkje
kan bli undertrykt i de uendelige, bare er oppnåelig i eit samfunn der arbeidet
på den eine sida er universalisert[viii]
og der det medvite trekk inn kvart einaste individ og på den andre sida at dei
potensielt svært sjenerøse fruktene av individa si positive tilslutning til
produksjonsmåla sine, blir delt ut til alle ut frå likskap i rang og makt. Det
er ikkje noen som helst grunn til at produsentane vil oppføre seg forskjellig
frå den ”treige arbeidskrafta” (som er velkjent i dei samanfalne samfunna av
sovjettypen) viss ein ikkje følgjer desse to uskiljelige dimensjonane av
verkelig likskap i rang og makt.
Dette
er grunnen til at verkeliggjøringa av verkelig likskap i rang og makt er eit absolutt vilkår for å skape ei historisk
varig alternativ samfunnsordning, uansett kor lang tid det kan ta. Og nett
fordi det er eit absolutt vilkår for å lukkast i å få på plass og halde oppe ei
ikkje-fiendtlig ordning for å reprodusere livet, så må målet med å
verkeliggjøre det være ein innbakt del av heilskapsstrategien for
samfunnsmessig endring heilt frå starten. Viss vi ikkje medvite tar det til oss
som eit naudsynt endringsmål, eit mål som samstundes har i seg både kompasset for reisa og eit handfast mål på kor langt vi har komme mot å nå
det valde målet for reisa, så vil alt snakk om å bygge sosialisme fortsette å
vere ein uoppnåelig politisk draum.
Å
snakke om det naudsynte sambandet mellom
sosialisme og demokrati er på sida av
dette livsviktige problemet. For å råde til ”demokrati” i denne tydinga er
anten ein formal reduksjon av demokratiomgrepet slik vi ser det i ein handfull
av ”framskridne kapitalistiske” land i fortida (slik at det ikkje har i seg
meir enn noen minimale krav under
sosialistiske vilkår), eller så er det ein forvirrande unnaviking ved at ein prøver
å avgrense alt, i leitinga etter løysningar, til den politiske sfæren og derfor naudsynt går rundt i sirklar. På denne
måten blir oppfordringa om å bygge sosialismen til ein tilstand som ikkje kan
verkeliggjørast og ein uoppnåelig draum sidan det hevda ”demokratiet” ikkje har
noe samfunnsmessig innhald som kan
identifiserast. For politikk, slik det er utvikla i og arva frå den
kapitalistiske fortida, er i røynda ei av dei viktigaste hindringane for
frigjøringa av menneska.
Det
er grunnen til at Marx var så direkte i sitt kompromisslause råd om at staten skulle visne vekk saman meg alle
sine vedheng. Bare eit usvekka, ubøyelig skyv for å realisere eit samfunn med verkelig likskap i stand og makt kan gi
det samfunnsmessig innhaldet som trengst i omgrepet sosialistisk demokrati. Dette er eit omgrep som vi ikkje kan
definere i politiske termar aleine fordi det må gå bortanfor politikken sjølv, slik vi har arva han frå fortida.
Slik
er verkelig likskap i rang og makt
det grunnleggande rettleiingsprinsippet i politikken
for overgang til ei ny samfunnsmessig
ordning. Anten ein innrømmer dette ope eller ikkje er det viktigaste i
overgangspolitikken å sette seg sjølv ut av funksjon ved stadig meir å overføre
avgjerdsmakt til dei sameinte produsentane og på den måten gjøre dei i stand
til å bli fritt samanslutta
produsentar. Men politikk kan ikkje gjøre det utan å finne eit passande
prinsipp å orientere seg etter bortanfor seg sjølv, i den alternative
samfunnsmessige ordninga av verkelig likskap i rang og makt som utfaldar seg
der. Denne tilknytinga til den livsviktige historiske oppgåva å skape verkelig
likskap i rang og makt er den einaste måten som sosialistisk politikk kan bruke
for å oppfylle mandatet sitt med å omdefinere og omstrukturere seg sjølv i
teneste for den store frigjørande omdanninga.
9.4 Planlegging: Det er nødvendig å
overvinne kapitalen sitt misbruk av tid
9.4.1
Sosialismen,
som er namnet på den naudsynte alternative måten for å reprodusere
eksistensvilkåra på denne planeten med sine grenser, under dei noverande
historiske omstenda, er utenkelig dersom vi ikkje tilegnar oss ein fornuftig og
påskjønnande form for samfunnsmessig kontroll med menneska sitt stoffskifte i staden for
kapitalen sin fiendtlige og stadig meir øydeleggande måte for kontroll med det
globale hushaldet.
Planlegging,
i si fulle meining, er eit avgjørande trekk ved den sosialistiske måten for
samfunnsmessig kontroll med stoffskiftet. For den måten for kontroll som vi
bruker må vere levedyktig, ikkje bare når det gjeld den omgåande verknaden som
produksjonsverksemda har på individuell og samfunnsmessig reproduksjon, men
også når det gjeld dei varige verknadane, så langt inn i framtida som vi kan og
må tenke oss for å opprette og halde i live dei passande sikringstiltaka.
Slik
sett møter vi ein slåande motsetnad i kapitalen sitt samfunnsmessige
stoffskifte. For på den eine sida er det slik at ingen tidligare samfunnsmessig
reproduksjonsmåte nokon gong har hatt noe som har den fjernaste likskap med
denne sin innverknad på dei vitale eksistensvilkåra, inkludert naturstoffet til menneskelivet sjølv,
ikkje bare i augneblinken, men også
på lang sikt. Og samstundes manglar
heilt den langsiktige historiske
dimensjonen frå visjonen til kapitalens måte for å kontrollere det
samfunnsmessig stoffskiftet, noe som fører til eit irrasjonelt og heilt
uansvarlig hushald. Kravet til rasjonalitet på det minste detaljnivået
samsvarer ikkje bare med kapitalen sett ut frå augneblinken sin tidsskala, men
er også påkravd av han som det elementære vilkåret for å halde han oppe, for å
finne dei passande ramane for at han kan operere i den kapitalistiske
marknaden. Men vansken er at den vitalt viktige dimensjonen, overgripande rasjonalitet, med naudsyn
er fråverande for denne måten av kontroll med den samfunnsmessige
reproduksjonen. Den aukande innsatsen til den kapitalistiske staten som ein
skeiv korreksjon er ei svært dårlig erstatning for dette og etter kvart kan han
heller ikkje oppretthaldast.
Denne
ulækjelige strukturmangelen i systemet utesluttar det mulige historiske medvitet nett på den tida då
trongen etter det er størst: i vår historiske periode med globalisering. Den langsiktige verknaden til utviklinga av
systemet, som ikkje er sett på førehand, og som i prinsippet ikkje kan
føresjåast av kapitalen sine personlige representantar, har no invadert heile
planeten. Følgjelig blir det eit svært farlig sjølvbedrag å karakterisere den kapitalistiske ordninga i
dag på en positiv måte som ”produktiv øydelegging”
sjølv om dette ein gong i tida relativt sett var mulig å forsvare slik dei
største liberale økonomane, som Schumpeter, også gjorde. Å framstille dette
feil i dag er så farlig fordi det i vår tid blir absolutt uunngåelig å ta opp problemet
med den sønderknusande muligheita for øydeleggande
produksjon: det heilt motsette av den idealiserte ”produktive øydelegginga”. Grunnen til dette er verknaden av den historiske utviklinga seint på
1900-talet som fører med seg den vedvarande, uomgjengelige strukturkrisa i heile kapitalsystemet.
Bare
eit fornuftig planlagt system for samfunnsmessig stoffskifte mellom menneska og
naturen og menneska seg imellom kan vise ein veg ut av dei historisk skapte
motsetnadene og farane som vi har vikla oss inn i og som no kjem ut av
kontroll. Vi treng ei genuin omfattande
planlegging for å klare dette. Og denne planlegginga må vere i stand
til å handsame, i vår tid, dei
mangfaldige problema og alle dimensjonane i ei verkelig global samfunnsøkonomisk, politisk og kulturell utvikling, og ikkje
bare dei vanskane som spring ut av å koordinere og auke dei produktive kreftene
på ein positiv måte i visse land.
Dette må til for at planlegginga kan vere kvalifisert for ei slik heilt nødvendig rolle som ho aldri tidligare har
vore i stand til.
Det
er lett å forstå at sjølve ideen om ei vellukka form for alternativ planøkonomi
a priori er utelukka når vi tar omsyn
til dei djupt innbakte interessene til den dominerande ”marknadsøkonomien” og
dei sjølvmytologiserande omstenda hans. Magdoffane karakteriserte denne
nærsynte tilnærminga til motstandarane av planlegging slik i ei nylig publisert
kraftfull tilråding til sosialisme:
”en
skepsisen som folk føler når det gjeld effektiviteten eller sjølve muligheita
for sentral planlegging tar bare omsyn til manglane og fornektar det som er
oppnådd. Det fins ikkje noe i sentral planlegging som krev kommandometodar
eller at alle sider ved planlegginga blir gjort av sentrale autoritetar. Dette
finn stad på grunn av innverknaden til særskilde byråkratiske interesser og den
dominerande makta til staten. Planlegging for folket må ha medverknad frå
folket. For å lage planar for regionar, storbyar, mindre byar trengs aktiv
medverknad frå lokale bebuarar, fabrikkar og butikkar gjennom arbeidarråd og
naboråd. Folket treng å medverke til det overordna programmet, og særlig til å
fastsette fordelinga av ressursane mellom forbruksting og investering. Og for å
kunne gjøre det må folket ha fakta, ein klar måte som kan informere tenkinga
deira, og dei må medverke til grunnleggande vedtak. [ix]
I
periodar med stor historisk fare, som for eksempel Den 2. Verdskrigen, er sjølv
dei kapitalistiske leiarane villige til å ta inn noen element frå planøkonomien
i produksjonsstrategiane sine sjølv om det bare er heilt avgrensa og ut frå
profittinnrettinga. Men straks dei store vanskane er over blir alle slike
tiltak viska ut av det historiske medvitet og marknadsmytologien, som dei
hevdar er ideell for å løyse alle slags tenkelige problem, blir fremma sterkare
enn noen gong.
Det
ville vere eit monumentalt mirakel om det normale
i kapitalen sin måte for samfunnsmessig kontroll med stoffskiftet kunne vere
noe anna enn dette, i kontrast til dei avgrensa unnataka som av og til finn
stad når det er fare på ferde. For
ideen om planlegging kan ikkje bli skild frå den grunnleggande tidsbestemminga
som passar med eit gitt samfunnsmessig reproduksjonssystem. Ut frå dette kjem
dei velkjende fordommane mot planlegging frå kapitalen sitt naudsynte misbruk av tid. Den einaste tidsforma som
er direkte meiningsfull for kapitalen er naudsynt
arbeidstid og dei tiltaka som heng saman med slik tid, som trengs for å
sikre og halde oppe vilkåra for profittorientert tidsrekning og med det
realisering av kapitalen i utvida skala.
Som
før nemnd samsvarer den nærsynte fornufta i å følgje (og på ein forvrengt måte
å ”planlegge”) dei minste detaljane i særskilde føretak bare med avkutta og kortslutta tid og ho er med
naudsyn fri for ei overgripande medviten skisse av økonomien som heilskap. Når
noen element av rasjonell planlegging blir introdusert for å møte ei større
militær utfordring i periodar med store historiske farar, slik som under 2.
verdskrigen, blir det gjort med den klare forståinga at dei tiltaka ein har
gått med på må vere strengt midlertidige
og at dei skal fjernast ved første mulige høve.
I
fullstendig kontrast til denne eksisterande tilstanden må det perverse tilhøvet
av kapitalen til tid bli radikalt omdefinert og endra dersom vi erkjenner det
faktum at dei reproduktive praksisane til ei globalt integrert verd roper på at vi introduserer og held oppe den effektive leiande krafta
til overgripande rasjonalitet slik vi
må for å motverke dei aukande farane for manglande kontroll og påfølgande
eksplosjonar. Verkelig deltakande, omfattande planlegging av vilkåra for
menneska si samfunnsmessig stoffveksling med naturen rundt seg og seg imellom,
og slik at ho omfattar alle dei forskjellige delane av denne prosessen,
inkludert dei moralske og kulturelle og ikkje bare dei strengt økonomiske
dimensjonane, er eit sjølvsagt krav i denne samanhengen. Men for å gjøre slik
omfattande planlegging mulig i det heile, er det naudsynt å overvinne det
skjebnesvangre framandgjørande og funksjonshemmande vilkåret som medfører at
profittorientert og nærsynt avkutta ”tid
er alt, mennesket er ikkje noe; det er på sitt beste tida sin levande,
materielle substans”.[x]
9.4.2
Hovudgrunnen
til at den normalt fungerande kapitalen ikkje kan passe saman med omfattande
planlegging er at det avgjørande kravet til ei berekraftig samfunnsøkonomisk
orientering spring ut av dei kvalitative
aspekta ved det å halde oppe ei velfungerande
menneskelig ordning for fortsetting av livet eller reproduksjon. Viss det
bare var snakk om å utvide den tida
som går med til kapitalen sine økonomiske operasjonar, så ville det i
prinsippet vere mulig å få det til ut frå standpunktet til det herskande
systemet. Men det som kjem i vegen, som eit avgjørande hinder for å løyse dette tilsynelatande uløyselige problemet, er
eit totalt fråver av ein skikkelig målestokk.
Det manglar ein målestokk som passar for å kunne vurdere den kvalitative menneskelige innverknaden
frå dei produktive verksemdene som er vald, sjølv på relativt kort sikt og
ikkje bare på lang sikt. Den heilt uansvarlige måten som dei dominerande
kapitalistiske landa, framfor alt USA,[xi]
handsamar sjølv dei minimale krava i Kyoto-protokollen på, er ein god
illustrasjon av dette poenget.
Kapitalen
har ikkje noen vanskar med imponerande talfesting/kvantifisering,
og klarar også godt sjølvaukande multiplisering
under føresetnad av at den prosjekterte utvidinga kan definerast utan å ta
omsyn til kvalitet, anten det no gjeld materielle eller menneskelige ressursar eller tid. Slik sett må vekst,
som eit spesielt viktig omgrep i notida og framtida, handsamast av kapitalen
innan dei forkrøpla rammene av fetisjistisk kvantifisering, sjølv om vekst
ikkje kan bli halde oppe som ein haldbar strategi utan å knytte han til djupe
kvalitative omsyn, som vi skal sjå i det neste avsnittet. På same måte kan han
ikkje tillate omfattande planlegging
fordi korkje omfanget eller tidsskalaen til ein overgripande
rasjonalitet som er menneskelig gyldig kan passe saman med
fetisjistisk kvantifisering. (Ein fetisj er eit dødt objekt som ein dyrkar som
om det har magiske eigenskapar. Her er det bytteverdien eller verdien og
særskild meirverdien. Omsettarens merknad)
Nøkkelomgrepet
her er ikkje rasjonalitet i og for seg, men den naudsynte bestemminga av den
tiltrengde berekraftige rasjonaliteten
som kjem av det innebygd menneskelige
i den overgripande målestokken som ein vel. Fornuft
på delområde som er lett å kvantifisere kan vere heilt i takt med dei
operasjonelle krava som kapitalen har innan si produktive vesle verd, men ikkje
ein overgripande rasjonalitet som er menneskelig haldbar som ei
retningsgivande ramme og ein passande målestokk
for systemet som heilskap. For det einaste som kan definere eit haldbart og
berekraftig produktivt system med omsyn på systemets retningsgivande
overgripande rasjonalitet, er menneskelige
behov sjølv: ei indre
kvalitetsbestemming.
Ei
slik overgripande kvalitetsbestemming kan bare springe ut av verkelige,
menneskelige behov som ikkje kan undertrykkast, sjølv om dei no er
kapitalistisk frustrert. Dette er naudsynte manglar i kapitalsystemet sin
sjølvdefinisjon som ikkje kan rettast på og som kjem av dei uoverkommelige
indre bestemmingane i systemet. Det er nett på grunn av dette at kapitalen må underordne bruksverdi – som er totalt meiningslaus utan det kvalitative tilhøvet sitt til menneskelige behov som kan klårt
definerast – under bytteverdien som
er lett å kvantifisere. Bytteverdien treng ikkje ha noe som helst med
menneskelige behov å gjøre, bare med kapitalen sin trong til utvida
sjølvreproduksjon. Ja, han er heilt igjennom i samsvar med framgangen til
øydeleggande motverdi, noe som den gruelige røynda til det militærindustrielle
komplekset klart demonstrerer i vår tid med sin velbetalte
”kapitalrealiserande” involvering i direkte antimenneskelige verksemder som
folkemordskrigar.
9.4.3
Planlegging,
i den djupaste tydinga av omgrepet, er absolutt livsviktig for å løyse desse
problema og motsetnadene. Men den planlegginga vi snakkar om her kan vi ikkje
sjå for oss utan den korresponderande dimensjonen – historisk tid. I denne samanhengen er det tidsomgrepet som vi treng
for å gjøre forståelig planlegging i den verkelige tydinga si, ei menneskelig meiningsfull tid, og ikkje eit tidsomgrep i ei smal teknisk
tyding, ei abstrakt og frittståande kosmisk tid. For det er slik at ein radikalt
ny tidsdimensjon kjem inn i biletet i løpet av historia, og spesielt under
utviklinga av menneskehistoria, fordi vi gjennom utviklinga av denne historia
får ei viktig endring i tidsomgrepet og den ”menneskeliggjøringa av naturen
sjølv” (Marx) som følgjer med.
Det
faktum at menneskeslekta, i motsetnad til dyra og ut frå vilkår som endrar seg,
er danna av historisk skapte individ som går gjennom ei historisk utvikling,
kan ikkje bli skild frå det omstendet at dei menneskelige individa, i motsetnad
til arten menneske, har ei strengt
avgrensa levetid. Følgjelig presenterer tidsproblemet seg, i menneskelig
samanheng, ikkje heilt enkelt som ein trong til å leve frå dag ein til den
siste timen i individet si levetid, men samstundes også som ei utfordring, som
møter dei direkte, til å skape eit meiningsfullt
liv som verkelige subjekt i deira
eigen livsaktivitet. Med andre ord er det ei utfordring til å skape meining
i deira eige liv som verkelige ”skaparar” av eigne handlingar i nært samband
med dei kollektive muligheitene som blir stadig større i samfunnet deira og som
dei er ein nødvendig og aktivt bidragande del av. Det er slik individuelt og
samfunnsmessig medvit verkelig kan komme saman i interessa til menneskelig
framgang.
Så
lenge kapitalen styrer er alt dette umulig. Dei avgjørande vilkåra for å kunne
planlegge blir kverrsett både på det altomfattande samfunnsnivået og i individa
sine liv. På det vidaste samfunnsnivået blir omfattande planlegging, slik det
er positivt innretta på å stette menneskelige behov, diskvalifisert ut frå
interessene til den mest nærsynte tidsrekninga som ber med seg aukande fare for
øydeleggande produksjon. På nivået av individuelt medvit kan, på same tid,
kravet om å ”skape meining i livet sitt” bare komme fram i sine mest
ineffektive former, nemlig som ein religiøs meiningsutveksling der ein ikkje er
interessert i anna enn ”livet etter dette”.
Kapitalen
sitt misbruk av tid er framherskande same kva det kostar og på alle område. For
at vi skal kunne sjå for oss ei sosialistiske ordning av reproduksjonen som eit
levedyktig alternativ til den eksisterande ordninga må spørsmålet om
planlegging ha ei framherskande rolle i tankane våre. For utan å kombinere den
breie samfunnsmessige dimensjonen av reproduktiv fornuft og individets søking
etter eit meiningsfullt liv kan vi ikkje ha noen varig suksess.
Desse
to grunnleggande dimensjonane av kva det er å vere eit verkelig subjekt, i den verkelige meininga av omgrepet, står og
fell saman. For korleis kan elles ei samanslutning av frie produsentar vere eit
sjølvstendig ”subjekt med makt”, som
medvite bekreftar seg sjølv i samfunnsverda, mens det planlegg og på
sjølvstendig vis tar hand om den produktive utvekslinga si med naturen
rundt og med dei andre
samfunnsmedlemmene, viss dei særskilde samfunnsindivida som dannar den
kollektive krafta ikkje er i stand til å frigjøre seg sjølv fram til eit slikt
punkt at kvar av dei blir ”medvitande subjekt
for sine eigne handlingar” som tar fullt ansvar for deira eiga
meiningsfulle livsverksemd? Og omvendt: korleis kan individa sjølv ha
meiningsfulle liv viss dei overordna
vilkåra for den samfunnsmessige reproduktive utvekslinga deira er dominert
av ei framand kraft som frustrerer det
dei vil utføre og overprøver dei sjølvbekreftande måla og verdiane som dei
samfunnsmessige individa prøver å sette for seg sjølv, på den mest autoritære
måten.
Dei
byråkratiske overgrepa under planlegginga i dei etterkapitalistiske samfunna av
sovjettypen var framtredingsformer for den same motseiinga. Den lamande
”innverknaden til spesielle byråkratiske interesser og den altomfattande
statsmakta” i økonomien, som Magdoffane heilt riktig klaga over, måtte
misslukkast. For medlemmene av politbyrået tiltok seg sjølv på vilkårlig vis
den eksklusive rolla som allmektige subjekt med avgjerdsmakt når dei dreiv den
påbydde ”planøkonomien” samstundes som dei, med ei overlegen haldning som dei
ikkje skjulte, avfeia sjølv dei øvste planleggarane i staten som ”bare ein
gjeng med rekneskapsførarar”.
Eit
avslørande intervju fortel om ein samtale som Harry Magdoff hadde med Che
Guevara:
Eg
sa til Che, ”Når planar blir lagde er det viktig at planleggarane, dei som legg
fram retningslinjene og tala, tenker på dei aktuelle politiske alternativa i
lys av praktiske vilkår’. Då eg hadde sagt det lo han og sa at då han var i
Moskva tok verten hans, Krustsjov, som då var partileiar og statsminister, han
rundt som politisk turist for å vise han ymse plassar. Då dei reiste gjennom
byen sa Che at han gjerne ville møte plankommisjonen. Då sa Krustjov: ’Kvifor ønskjer du det? Dei er bare ein gjeng
med rekneskapsførarar.”[xii]
Dessutan
hadde dei vanlige individa i samfunnet endå mykje mindre å seie i heile
planleggingsprosessen en dei som her arrogant blei karakterisert som ”ein gjeng
med rekneskapsførarar”. Deira rolle, som individuelle subjekt, blei utan vidare
avgrensa av dei statlige autoritetane til å sett ut i livet ordre som dei fikk
frå dei høgt der oppe.
Følgjene
var heilt øydeleggande, og det kan vi forstå. Under desse framherskande
omstenda kunne det medvitne kollektive
subjektet, som kunne råde over dei naudsynt altomfattande utvekslingane, i
det heile ikkje konstituere seg som eit verkelig kollektivt subjekt, slik at
det kunne utøve ein verkelig varig kontroll over dei livsviktige prosessane i
den samfunnsmessige reproduksjonen. Dette var umogelig fordi dei to
grunnleggande dimensjonane som dannar det verkelige
subjektet, nemlig den naudsynte kombineringa av den breie samfunnsmessige
dimensjonen i den reproduktive fornufta med dei individuelle måla, blei broten
på vilkårlig vis og stilt opp mot kvarandre. På grunnlag av den gitte forma med
planlegging ovanfrå blei dei særeigne individa, som medlemmer av samfunnet som
potensielt kunne danne eit gyldig subjekt, på denne måten nekta sjølvstendig
kontroll med deira eiga meiningsfulle livsverksemd, og dermed med kontrollen av
den samfunnsmessige, reproduktive stoffvekslinga i det heile. Resten av denne
triste historia er blitt velkjend gjennom samanfallet av systemet av
sovjettypen.
Det
er derfor livsviktig for å skape ei alternativ samfunnsordning og oppheve
kapitalens naudsynte misbruk av tid, som nedverdigar menneska til ”tida sin
levande lekam” ved å nekte dei makt til sjølvbestemming som verkelige subjekt.
Avkutta og kortslutta tid kan ikkje bli lækja på det generelle samfunnsnivået
aleine. Vilkåra for individuell og samfunnsmessig frigjøring kan ikkje skiljast
frå kvarande eller bli stilt i motsetnad til kvarandre. Dei vil bli framherskande
eller svikte saman og til same tid. For kvar av dei er like naudsynte for
realiseringa av den andre. Vi kan ikkje vente på frigjøringa av individa til
sjølv bare dei elementære generelle måla for den samfunnsmessige omdanninga er
oppnådd på ein vellukka måte. For kven i all verda kan ta bare dei første
skritta i ein omfattande samfunnsmessig omdanning viss det ikkje er dei
individa som kan identifisere seg sjølv med måla og verdiane til det samfunnet
som dei vel.
Men
for å gjøre det må kvar av dei samfunnsmessige individa frigjøre seg sjølv frå
den tronge tvangstrøya som avkutta tid har tvinga på dei. Det kan dei bare
gjøre ved å skaffe seg makt til sjølvstendig, medviten og ansvarlig bestemming
med det tilhøyrande perspektivet på ei
meiningsfull livsverksemd som er utvida ved at det individuelle og
samfunnsmessige perspektivet ikkje er stilt fiendtlig mot kvarandre. Det er på
denne måten det blir mulig å opprette ei alternativ samfunnsmessig ordning for
utveksling mellom menneska og naturen rundt og menneske seg imellom innan ei
tidsramme som er historisk mulig å oppretthalde. Og det er det som gir verkelig
meining til planlegging som eit
livsviktig prinsipp i kampen for sosialismen.
9.5 Den kvalitative veksten i bruk av
ressursar: Den einaste økonomien som kan fungere på sikt
9.5.1
Den
kapitalistiske produksjonsmåten representerte ein gong eit stort framsteg
samanlikna med dei tidligare produksjonsmåtane, same kor problematisk og beint
fram øydeleggande dette historiske
framsteget viste seg å bli til slutt. Ved å bryte det langvarige, men avgrensande direkte sambandet mellom
menneskelig bruk og produksjon, og ved å erstatte det med vareforholdet, opna
kapitalen opp muligheitene for utfalding av ei tilsynelatande uimotståelig utviding som ut frå kapitalsystemet og
dei villige personlige representantane det har, såg ut som det ikkje var noen
tenkelige grenser for. For den paradoksale indre bestemminga i kapitalen sitt
system for produksjon, som til sjuande og sist er umulig å oppretthalde, er at
varer ”er ikkje-bruksverdiar for eigarane
og bruksverdiar for ikkje- eigarane. Følgjelig må dei alle vandre frå ei hand
til ei anna… Derfor må varer bli realisert som verdiar før dei kan bli realisert som bruksverdiar.”[xiii]
Det
er denne sjølvmotseiande indre bestemminga i systemet som tvingar fram ei
omsynslaus underordning av menneskelige behov under den framandgjørande
kapitalutvidinga og som fjernar muligheita til all fornuftig kontroll av denne
dynamiske produksjonsordninga. Ved sitt totale fråver av naudsynte grenser for
reproduksjonen drar denne indre bestemminga med seg farlige og potensielt
katastrofale følgjer på lang sikt ved etter kvart å omforme ei stor positiv makt, som fremma økonomisk
utvikling som tidligare var heilt utenkelig, til noe øydeleggande negativt.
Det
som blir systematisk ignorert – og som på grunn av dei fetisjistiske tvangsmåla
og interessene til kapitalsystemet må ignorerast – er det faktum at vi lever i
ei endelig verd med sine verkelig
livsviktige objektive grenser.
Gjennom lange tider i menneskehistoria, inkludert fleire hundreår med
kapitalistisk utvikling, kunne vi oversjå desse grensene og vere relativt
trygge, og vi gjorde nett det. Men når desse grensene verkelig viser seg, slik
som dei tydelig må gjøre i vår irreversible historiske epoke, kan ikkje noe
ufornuftig og sløsande produksjonssystem sleppe unna følgjene same kor dynamisk
det er (og i røynda er det verre dess meir dynamisk det er). Systemet kan bare
sjå bort frå desse grensene ei stund ved å nyorientere seg i retning ei ubarmhjertig
rettferdiggjøring av dei klart øydeleggande tvangsmåla som systemet si
sjølvopphalding krev, same kva det kostar. Det skjer ved å preike visdom som
”der er ikkje noe alternativ”, og i denne ånda koste til sides og, når det
trengs, brutalt undertrykke sjølv dei klåraste signala som varslar ei framtid
som ikkje er berekraftig.
Ein
naudsynt følgje av denne skeive, objektive strukturelle bestemminga og
domineringa frå bytteverdi over bruksverdi, er falske teoriar, ikkje bare under
dei mest absurde og blindt unnskyldande vilkåra vi finn i vår tids kapitalisme,
men også i den klassiske perioden til den borgarlige politiske økonomien, på
den tida då kapitalsystemet var inne i den historiske oppgangsperioden sin.
Dette er slik fordi vi må ha som mål ein innbilt
grenselaus produksjon, koste kva det koste vil, og at vi også må
rettferdiggjøre dette som det einaste som kan forsvarast. Å følgje eit slikt mål er tvingande naudsynt
sjølv om vi ikkje på noen måte kan garantere at: (1) vara si naudsynte og stadige
”vandring frå ei hand til ei anna” vil finne stad i idealmarknaden (takka vere
godheita til Adam Smith si endå meir mystiske ”usynlige hand”) og at (2) vi for alltid kan sikre dei objektive
materielle vilkåra for at vi kan produsere den projiserte uavgrensa tilførsla
av varer – som menneskelig sett ikkje kan avgrensast sidan denne produksjonen
sin grunnleggande bestemming er skild frå behov og bruk – utan omsyn til den
øydeleggande verknaden av kapitalen si samfunnsmessige metode for reproduktiv
utveksling med naturen og følgjelig utan omsyn til verknaden på dei
grunnleggane vilkåra for den menneskelige eksistensen sjølv.
Tanken
om at marknaden ideelt sett er i stand til å rette på dei strukturmanglane som
er indikert i det første punktet ovanfor, og som i røynde ikkje kan rettast på,
er ein trøstande etterpåklokskap som
drar med seg mange tilfeldige, subjektive meiningar og regulerande
framtidsplanar i same gate. Den edruelige røynda som ligg under ideen om
marknaden som ein hjelpande etterpåklokskap er eit sett med uavvendelig
fiendtlige makttilhøve, som tenderar i retning monopolistisk dominans og
intensivering av dei fiendtlige motseiingane i systemet. På same måte blir den
alvorlige strukturmangelen som det er å følgje opp uavgrensa kapitalutviding, og
som idealiserer den yttarst viktige ”veksten” som eit mål i seg sjølv, slik det
er sett i relieff i punkt to ovanfor, utfylt av ein like oppdikta etterpåklokskap når ein må innrømme at eit eller anna
korrigerande middel kan vere i orden. Og det korrigerande middelet som ein slik
ser for seg – som eit alternativ til systemet sitt samanfall ned i den
uopprettelige negativiteten i den lagnadstunge ”stillstandstilstanden” som blei
framlagt som ein teori innan den borgarlige politiske økonomien på attenhundretalet
– er bare ønskedraumen å gjøre distribusjonen
meir rettferdig (og dermed mindre ramma av konfliktar), mens den let
produksjonssystemet bli slik det er.
Dei
ville ikkje kunne gjennomføre dette opplegget på grunn av dei grunnleggande
hierarkiske strukturbestemmingane i kapitalen si samfunnsordning. Og sjølv om
dei kunne gjennomføre det, ville dei ikkje vere i stand til å løyse noen av dei
alvorlige problema knytt til produksjonen
som også dei uovervinnelige
motsetnadene i kapitalsystemet sin ulækjelige distribusjon er bygd på.
John
Stuart Mill, ein av dei viktigaste representantane for liberal tenking, er like
så uforfalska bekymra for ”stillstandstilstanden” i framtida som han er
håplaust urealistisk når det gjeld dei forslaga han har til å rette på han. Han kan bare
gi oss tomme håp når han diskuterer dette problemet som er absolutt
ukontrollerbart frå kapitalen sitt standpunkt. Han skriv ”Ut frå tanken på dei som
kjem etter oss håper eg inderlig at dei vil vere nøgd med stillstand lenge før naudsynet tvingar dei til det”.[xiv]
Fordi han godtar Malthus sin diagnose kan han bare erkjenne vanskane som kjem
av folkeauken, men ikkje noen av motsetnadene i kapitalen si
reproduksjonsordning og derfor gir ikkje Mill oss noe anna enn faderlig preik i
det kan skriv. Den borgarlige sjølvtilfredsheita hans er klårt synlig og tar
alt innhald ut av den faderlige reformiveren hans. Han forsikrar oss kategorisk
om at ”det er bare i tilbakeliggande land
i verda at auka produksjon framleis er eit viktig mål. I dei mest utvikla
landa er det betre fordeling økonomien
treng, og ein uomgjengelig måte å klare det på er strammare kontroll med folkeauken”.[xv]
Sjølv denne ideen om ”betre fordeling” er håplaust urealistisk. For det som
Mill ikkje på noen måte kan oppdage (eller godta) er at den overveldande
viktigaste sida ved fordelinga er den eksklusive fordelinga, som ingen kan røre
ved, av produksjonsmidla til kapitalistklassen. Når dette grunnlaget, som tener
ein sjølv, for korleis den samfunnsmessige ordninga fungerer er gitt, så kan vi
forstå at ei faderlig oppfatning av å vere overlegen alltid vil vere
framherskande, slik at ein meiner at vi ikkje kan vente noen løysing ”før dei betre hjernane lukkast med å lære
opp dei andre”,[xvi]
slik at dei kan gå med på å avgrense folkeauken og ”betre distribusjonen” som
ein antar skal følgje av ein slik avgrensing. På denne måten skal ein få folk
til å glømme alt om å endre dei øydeleggande strukturbestemmingane til den
etablerte samfunnsmessige ordning for stoffveksling som uavvendelig driv samfunnet
mot ein tilstand av stillstand. I Mills si framstilling vil utopien om det
kapitalistiske tusenårsriket, med ein haldbar stillstand, bli verkeliggjort
takka vere dei gode tenestene til dei opplyste liberale ”betre hovuda”. Og da
kan alt gå vidare for alltid slik det har vore tidligare, så langt det gjeld
dei strukturelle bestemmande kvalitetane til den etablerte samfunnsmessige
ordninga av reproduksjonen.
Alt
dette gav tidligare litt meining ut frå kapitalen sitt standpunkt, same kor
problematisk og til slutt uhaldbart denne meininga til slutt måtte vise seg å
vere på grunn av den dramatiske opninga av systemet sin strukturkrise og den
uomgjengelige fordjupinga av ho. Men ikkje ein gong ei slik delvis meining i
dei same urealistiske forslaga kunne bli tilskrive den reformistiske politiske
rørsla som hevda å representere arbeidet sine strategiske interesser. Likevel
er det slik at den sosialdemokratiske reformismen i begynninga henta
inspirasjonen sin frå denne naive, men ærlig meinte, etterpåklokskapen til den
liberale politiske økonomien. Når vi slik ser på den indre logikken i dei
tileigna samfunnsmessige føresetnadene, som spring ut at kapitalen sitt
standpunkt og forretningsinteressene som den kontrollerande makta har over den
stoffomsettinga som reproduserer livet, så skulle det ikkje være det minste
overraskande at den sosialdemokratiske reformismen avslutta utviklingsvegen sin
på den måten den verkelig gjorde det: ved å omdanne seg sjølv til ”New Labour”
(i Storbritannia og i dei liknande rørslene i andre land) og ved å fullstendig
gi opp all tanke på sjølv den mest avgrensa reform innan den etablerte
samfunnsordninga. På same tida kom dei villaste og mest umenneskelige
variantane av nyliberalismen fram på
den historiske scena og strauk ut minnet om dei samfunnsmessige remedia som ein
gong blei foreslått, inkludert sjølv dei ønskte, faderlige løysingane, under
den progressive fasen i den liberale tradisjonen si historie. Og, som ein
bitter ironi i den moderne historiske utviklinga, nølte ikkje dei nye,
tidligare sosialdemokratiske, reformistiske rørslene, ikkje bare i
Storbritannia, men også alle andre stader i den ”velutvikla” og ikkje så
velutvikla kapitalistiske verda, med å identifisere seg sjølv med den
aggressive nyliberalistiske fasen av kapitalorsaking utan atterhald. Denne
omdanninga markerte klårt slutten på den reformistiske vegen som var ein
blindveg heilt frå byrjinga.
9. 5. 2
For
å skape ei økonomisk levedyktig samfunnsmessig reproduksjonsordning som også,
sett på lang sikt, er økonomisk haldbar, er det naudsynt å endre dei
sjølvmotseiande indre kvalitetane i den etablerte ordninga som tvingar fram ei
omsynslaus underkasting av menneskelig trong og bruk under den framandgjørande
naudsynte kapitalutvidinga. Dette tyder at vi må legge den absurde føresetnaden
til det herskande produktive systemet bak oss for godt. Denne føresetnaden er
at dei totalt skadelige bestemmingane som kjem av eigarskap og som er fastsett
på førehand medfører at bruksverdiar må skiljast frå og komme i motsetnad til
dei som skapar dei for å legitimere kapitalen si aukande sjølvrealisering
gjennom sirkelargumentasjon og tilfeldige påstandar. Elles kan ikkje den
einaste brukbare tydinga av økonomi
som fornuftig økonomisering med dei
tilgjengelige, avgrensa ressursane bli innsett
som og respektert som livsviktige prinsipp å orientere seg etter. Innan
kapitalen si samfunnsøkonomiske og tilsvarande politiske ordning dominerer i
staden ansvarslaus sløsing. Og den
trer alltid fram som institusjonalisert
ansvarsløyse tvert i mot sjølvmytologien hans som framstiller han som
absolutt ”effektivitet” som ikkje kan overtreffast. (Sjølvsagt er denne slags
”effektivitet”, som blir æra på denne
måten, i røynda ein effektivitet frå kapitalen som til sjuande og sist
underminerer seg sjølve ved å drive frametter dei motstridande og konfliktfylte
delane, til skade for heilskapen. Derfor kan vi forstå at
regjeringa sine velprofilerte fantasiar om ”marknadssosialisme” måtte falle
saman på ein audmjukande måte på grunn av at ein aksepterte slike føresetnader
og dei ufråkommelige strukturelle bestemmingar i kapitalismen.
Den
tydinga av ”økonomi” som er dominerande no er heilt ute av stand til å sette
grenser sjølv for det mest sørgjelige sløseriet, og som i vår tid verkelig går
føre seg i globalt omfang. Ho kan bare fungere med sjølvrosande tautologiar (Av
latin = to auto =det same, dvs. to utsegner der det eine skal følgje av det
andre, men der begge i røynda tyder det same. Omsettaren sin kommentar.) og
overflatisk-tilfeldige førehandslaga falske
motsetnader og alternativ som blir forkasta straks dei ei er laga og som er
konstruert med same hensikt, sjølvrettferdiggjøring som ikkje kan
rettferdiggjørast. Vi blir servert ein høglydt og farlig tautologi som smittar
alt, nemlig den overflatisk-tilfeldige definisjonen av produktivitet som vekst og vekst som produktivitet sjølv om begge
omgrepa treng historisk kvalifiserte og objektivt berekraftige vurderingar kvar
for seg. Naturligvis er det ein grunn til at denne klårt feilaktige tautologien
blir føretrekt framfor den skikkelige teoretisk og praktiske vurderinga av
omgrepa. Når dei ved overflatisk-tilfeldig å bestemme identiteten mellom desse
to nøkkelomgrepa som viser til kapitalsystemet, så får dei den sjølvinnlysande gyldigheita og det tidlause overtaket til ei
ekstremt problematisk og i siste hand sjølvøydeleggane samfunnsmessig
reproduktiv ordning til å sjå ikkje bare rimelig ut, men absolutt uangripelig.
Samstundes blir denne falske, tautologiske identiteten mellom vekst og
produktivitet støtta opp av det like overflatisk-tilfeldige og
sjølvrettferdiggjørande tilhøvet mellom ”vekst
og ikkje-vekst”. Dessutan har dei fordommar mot det siste og føretrekk det
kapitalistisk framsette og definerte ”vekst”.
Det blir framsett og definert med fetisjistisk kvantifisering. Det passar med
at dei for all tid føresett at det som er
synonymt med vekst sjølv, ikkje er noe anna særskild og menneskelig
meiningsfullt enn det abstrakte, felles trekket – større kapitalutviding som det første vilkåret for å tilfredsstille
menneskelige behov og bruk.
Det
er her at skiljet, som ikkje kan korrigerast, mellom kapitalistisk vekst og
menneskelig behov og bruk, avslører seg sjølv og viser at kapitalistisk vekst
potensielt sett står i den mest øydeleggande motstrid til menneskelige behov. Når dei fetisjistiske villeiingane
og overflatisk-tilfeldige påstandane som ligg til grunn for dei kategorisk
bestemte identitetane til vekst og
produktivitet blir skrelt av, blir det heilt klårt at den type vekst som
blir foreslått og samstundes automatisk unnateke frå all kritisk gransking,
ikkje på noe vis har ein indre samanhang med dei berekraftige måla som
samsvarer med menneskelig behov. Den einaste samanhengen som må bli bekrefta og
forsvart innan kapitalen sitt samfunnsmessig stoffskifteunivers, same kva det
kostar, er den falske identiteten av
føresett kapitalutviding og den
korresponderande ”vekst”-spiralen (som sant nok også er føresett) same kva
slags følgjer som naturen og menneskeslekta blir utsett for gjennom sjølv den
mest øydeleggane type vekst. For det kapitalen verkelig kan bry seg om kan bare
vere kapitalen sin eigen stadig større
utviding, sjølv om det fører med seg utsletting av menneskeslekta.
Ut
frå denne visjonen må sjølv den mest døydelige kreftaktige veksten ha forrang i tenkinga framfor menneskelige
behov og bruk, om det er slik at menneskelige behov tilfeldigvis skulle bli
nemnd i det heile. Og når dei som unnskyldar kapitalsystemet er villige til å
vurdere Grenser for vekst[xvii], slik Romaklubben gjorde i sitt kapitalunnskyldande
framstøyt tidlig på 70-talet, som det vart reklamert mykje for, så fortsett
målet å vere eviggjøring av dei
eksisterande alvorlige ulikskapane[xviii]ved
ei tenkt (og ved metoden med kamp mot vindmøller) frysing av den globale,
kapitalistiske produksjonen på et nivå som det var totalt umulig å få til, mens
dei i hovudsak skulda ”vekst i folkesetnaden” (slik det har vore vanlig i
borgarlig politisk økonomi heilt sidan Malthus) for dei problema som
eksisterte. Samanlikna med slik hardhjerta hypokritisk ”intensjon for å finne
ein kur”, mens dei i ord let som dei bryr seg om ikkje mindre enn
”menneskeslekta sin prekære situasjon”, er John Stuart Mill sitt paternalistisk
preik eit mønster på radikal opplysning, med hans genuine forslag om ei litt
meir rettferdig fordeling enn det han var vand med.
Det
sjølvrettferdiggjørande falske alternativet ”vekst eller ikkje-vekst” er klårt
sjølv når vi bare ser på kva som blir den uunngåelige verknaden av tenkt
”ikkje-vekst” når det gjeld dei alvorlige tilhøva av ulikskap og liding under
kapitalen si samfunnsmessige ordning. Det vil bety å dømme det overvegande fleirtalet av menneska til å bli for alltid i dei umenneskelige tilhøva
som dei no må tole. For fleire tusen millionar er no like fram tvunge til å
halde ut slike tilhøve, mens det kunne bli skapt eit verkelig alternativ til det. Det vil seie under den føresetnaden at
det var heilt mulig å rette på dei verste verknadene av global fattigdom ved å
sette det oppnådde produktivitetspotensialet til bruk som er menneskelig
passande og tilfredsstillande, i ei verd der dei materielle og menneskelige
ressursane blir forskusla på kriminelt vis.
9.5.3
Sjølvsagt
kan vi bare snakke om det positive
potensialet for produksjon og ikkje om at det verkelig eksisterer, slik det ofte blir spådd med grønfarga gode
hensikter, men botnlause illusjonar, av gammaldagse reformatorar som jobbar med
ei avgrensa sak og som håpefullt forsikrar om at vi kunne ha gjort det ”nett
no”, med dei produktive kreftene som vi disponerer, viss vi verkelig bestemte
oss for å gjøre det. Men uheldigvis overser ei slik tru heilt den måten det
produktive systemet vårt er laga på og at det treng ei radikal nydanning. For
produktivitet knytt til kapitalistisk
vekst, i form av den realiteten som dominerer no, nemlig destruktiv produksjon, er ein motstandar
som hindrar alt slikt. For å kunne omdanne det positive potensialet av
produktiv utvikling til ei røynd som vi verkelig treng mykje, for å bli i stand
til å rette opp att mange av dei skrikande ulikskapane og urettane i vårt
samfunn, er det naudsynt å ta til seg dei regulerande
prinsippa til ei kvalitativt
forskjellig ordning av samfunnet. Med andre ord så må vi frigjøre
menneskefellesskapen sitt produktivitetspotensiale,
som no blir hindra på ein øydeleggande måte, frå dei kapitalistiske lenkjene
for at dei kan bli samfunnsmessig brukbare produktivkrefter.
Det
umulige rådet om å fryse produksjonen på det trinnet han var tidlig på 70-talet
var ei forsøk på å kamuflere dei omsynslaust påtvinga, verkelige makttilhøva
under den USA-dominerte etterkrigsimperialismen med den tomme, tilsynelatande
vitskapelige modellskapinga som Massachusets Institute of Technology gjekk i
spissen for. Denne varianten av imperialismen var sjølvsagt forskjellig frå den
som Lenin kjente til. Då Lenin levde var det minst eit halvt dusin store
imperialistmakter som konkurrerte om gevinsten ved dei erobringane som dei
gjorde eller håpte på. Og sjølv på 1930-talet var Hitler villig til å dele
fruktene av sin valdelig omdefinerte imperialisme med Japan og Mussolinis
Italia. Men i vår tid må vi tvert imot sjå ein annan realitet, med sine
døydelige farar, som spring ut av global hegemonisk imperialisme[xix]
med USA som den heilt dominerande makta. I kontrast til Hitler er USA, som den
einaste hegemoniske makta, ikkje villig til å dele verdsdominansen sin med noen
rival. Og det kjem ikkje bare på grunn av politiske og militære slumpetreff.
Problema er mykje djupare. Dei trer fram gjennom dei stadig aukande motseiingane
i kapitalsystemet si aukande strukturkrise.
USA-dominert global, hegemonisk imperialisme er eit, til sjuande og sist
ubrukelig, forsøk på å finne ei løysing på denne krisa gjennom den mest brutale
og valdelige herskinga over resten av verda, sett ut i livet med eller utan
hjelp av slavelike ”villige allierte”, i dag gjennom ei rekke av
folkemordkrigar. Heilt sidan 1970-talet har USA søkke stadig djupare ned i
katastrofal gjeld. Ei fantasifull løysing som har vore proklamert av fleire
presidentar, er å ”vekse ut av det”.
Og resultatet er blitt det heilt motsette i form av astronomisk og stadig meir
veksande gjeld. Følgjelig må USA grafse til seg frå alle stader i verda. Dei
gjør det med alle middel, medrekna den mest valdelige militære aggresjon og takka
vere den globale samfunnsøkonomiske, politiske og militære dominansen til eit
land som har lukkast med å bli den einaste framherskande hegemoniske makta. Kan
då noen med fornufta i behald, same kor forherda dei er av sin eigen hardhjarta
forakt for ”fordommen om likskap”, førestelle seg at den USA-dominerte globale
hegemoniske imperialismen ein einaste augneblink skal ta lækjande ikkje-vekst
alvorlig? Bare dei som vil det verste kan kaste fram slike idear same kor
pretensiøst dei er pakka inn i hypokritisk omsut for ”menneskeslekta sin
prekære situasjon”.
Det
er mange grunnar til at det ikkje kan vere noe spørsmål om at vekst er viktig
både i notida og i framtida. Men vi må undersøke skikkelig omgrepet vekst,
ikkje bare slik vil kjenner det fram til i dag, men også slik vi kan sjå at det
kan haldast oppe i framtida. Når vi meiner at det er viktig med vekst så kan
det ikkje være ein støtte til ukvalifisert
vekst. Det verkelige spørsmålet som på tendensiøst vis blir unngått er: kva slags vekst er både tenkelige i dag
og i framtida, i motsetnad til den sløsande og øydeleggande kapitalistiske
veksten vi ser over alt rundt oss? For veksten må vere slik at den kan haldast oppe på ein positiv måte langt inn i framtida.
Som
vi alt har sagt er den kapitalistiske veksten lagnadstungt dominert av dei
uoverstigelige grensene til fetisjistisk
kvantifisering. Den naudsynte følgja av slik fetisjisme er stadig verre
sløsing sidan det ikkje kan vere noen kriteria og ikkje noe brukelig mål som kan brukast for å finne ut kva slags
sløseri som kan stansast. Meir eller mindre overflatisk-tilfeldig
kvantifisering sett samanhengen og skapar samstundes den illusjonen at det
ikkje kan vere noen større problem når dei mektige har sikre seg dei mengdene
dei treng. Men likevel er sanninga at kvantifisering som er sjølvorientert i
røynda ikkje kan haldast oppe som ei form for levedyktig produktiv strategi
sjølv på kort sikt. For slik kvantifisering er innskrenka og nærsynt (om ikkje
beint fram blind) og er bare opptatt av dei mengdene som samsvarer med dei
næraste problema som hindrar fullføringa av gitte oppgåver i produksjonen, men
ikkje med dei strukturgrensene som nødvendigvis er knytt til sjølve det
samfunnsøkonomiske tiltaket som til sjuande og sist bestemmar alt, anten du
veit det eller ikkje. Innafor kapitalismen er den naudsynte samanblandinga av
strukturgrenser med hindringar (som kan løysast ved å endre mengder) for å
oversjå grensene (sidan dei samsvarer med dei uoverstigelige bestemmande trekka
som karakteriserer kapitalens samfunnsmessige ordning for stoffveksling), noe
som set i fare innrettinga på vekst i heile det produktive systemet. Viss vi
skal kunne skape vekst som han oppretthaldast treng vi å ta i bruk djupt kvalitative omsyn. Men det er heilt
hindra av det sjølvutvidande drivet
til kapitalen som korkje spør eller kan stillast spørsmål ved og som ikkje kan
vere i samsvar med dei hindrande
omsyna til kvalitet og grenser.
Den
store nyvinninga til kapitalsystemet er at det kan operere – udialektisk – gjennom den overveldande
domineringa av kvantitet. Kapitalen
underordnar alt, medrekna levande menneskelig arbeid (uskiljelig frå
kvalitetane til menneskelig trong og bruk) under abstrakte, kvantitative
bestemmingar i form av verdi og bytteverdi. Slik blir alt målbart og mulig å
handsame på profitabelt vis for ei bestemt tid. Dette er løyndommen til
kapitalens samfunnshistoriske triumf som lenge har vore uimotståelig. Men det
ber også i seg det endelige ikkje-berekraftige og det naudsynte samanfallet når
ein gong dei absolutte grensene til
systemet (i kontrast til dei relative
grensene, som samsvarer med hindringar
mot ekspansjon som kan overvinnast på produktive måtar) blir fullt ut
aktivert, slik det skjer i vår eigen historiske epoke. Vi lever no i ei tid då
den udialektiske domineringa av kvantitet over kvalitet blir farlig og umulig å
halde oppe. For i vår tid er det utenkelig å oversjå den grunnleggande
samanhengen som under kapitalismen med naudsyn blir sett på sidelinja, men som
vi no må medvite ta til oss som ei livsviktig regulerande orientering, dvs.
økonomi som økonomisering (som er lik med ansvarlig hushald). Vi er ved eit
kritisk punkt i den historiske tida då dei villige personifiseringane til det
herskande produktive systemet gjør alt som står i deira makt for å viske ut alt
medvit om denne livsviktige samanhengen, og går for eit unektelig driv i
retning øydelegging ikkje bare i form av kulten av ekstremt sløsande produktive
praksisar, men også ved å forgylle deira
døydelig øydeleggane engasjement i uavgrensa ”førebyggande og krigshindrande
krigar”.
Kvalitet
er etter naturen sin uskiljelig frå spesifikke eigenskapar. Følgjelig kan ikkje
eit samfunnsmessig system for å utveksling mellom menneska – framfor alt behova
til levande menneskelige vesen som samfunnets produserande subjekt – bli
hierarkisk styrt. Ei radikal annleis samfunnsøkonomisk og kulturell styring
trengs for eit samfunn som blir drive på grunnlag av ein slik kvalitativt
forskjellig reproduktiv stoffveksling, kort oppsummert som sjølvstyre. Styring ovanfrå var både tenkelig og naudsynt for
kapitalen si samfunnsmessige ordning for stoffveksling. I røynda kunne ikkje
kapitalen sin kommandostruktur fungere på noe anna vis. Den alternative
ordninga er uforlikelig med styring ovanfrå og med den type rekneskapsførsel
som må vere framherskande innan kapitalsystemet, medrekna den nøye kvantitative
funksjonen til naudsynt arbeidstid.
Derfor kan den slags vekst som er naudsynt og tenkelig under den alternative
ordninga for samfunnsmessig stoffskifte bare vere grunnlagt på kvalitet som korresponderer direkte med menneskelige behov, med dei aktuelle og
historisk utvikla behova både til samfunnet som eit heile og kvart særskild
individ i det. Samstundes kan alternativet til innskrenkande og fetisjistisk
rekneskapsførsel med naudsynt arbeidstid
bare vere den frigjørande og frigivande disponible
tida som er medvite tilbydd og styrt av dei samfunnsmessige individa
sjølve. Den slags samfunnsmessig kontroll med dei tilgjengelige menneskelige og
materielle ressursane i stoffvekslinga mellom menneske og natur og menneska
imellom både ville og kunne respektere både dei generelle grensene som spring
ut av det orienterande prinsippet at økonomi er økonomisering. Og samstundes
kunne ein då utvide desse grensene ettersom dei historiske vilkåra utvikla seg
slik at det trygt kunne gjørast. For vi bør ikkje glømme at ”den første
historiske handlinga var skaping av nye behov” (Marx). Bare kapitalen sin
vørdlause måte å handsame økonomien på, ikkje som fornuftig økonomisering, men
som den mest uansvarlige legitimering av botnlaust sløseri, er det som totalt perverterer denne historiske
prosessen ved å sette kapitalens eine og einaste reelle trong til auka
sjølvreproduksjon i staden for menneskelige behov, og på den måten truge med å
gjøre slutt på sjølve menneskehistoria.
9.5.4
Sjølv
ikkje delvise korrigeringar kan
innførast innan dei rammene som kapitalen fungerer viss dei er verkelig
innretta på kvalitet. For dei einaste kvalitetane som er relevante her er ikkje
noen abstrakte, fysiske karakteristiske eigenskapar, men dei kvalitetane som er
meiningsfulle for menneska og uskiljelige frå behov. Som vi har understreka
tidligare så er det sjølvsagt sant at slike kvalitetar alltid er spesielle og
detaljerte, og dei samsvarer med særskilde menneskelige behov som kan
identifiserast klårt både ut frå individa sjølv og ut frå deira historiske
gitte samfunnsmessige forhold som stadig er i endring. Ut frå dette dannar dei,
i sin mangesidige spesielle detaljeringsgrad, eit samanhengande og veldefinert sett av systembestemmingar som ikkje
kan brytast og som har sine eigne systemgrenser.
Det er nett tilstadeveret av slike systemgrenser, som er langt frå abstrakte,
som gjør det umulig å overføre noen meiningsfulle funksjonsbestemmingar og
orienterande prinsipp frå den alternative ordninga for samfunnsmessig
stoffskifte som vi ser for oss, inn i kapitalsystemet. Dei to systema utelukkar
kvarandre på radikalt vis. For dei spesielle og detaljerte kvalitetane som
samsvarer med menneskelige behov, innan den alternative ordninga, ber
uutslettelige merker av dei overgripande systembestemmingane sine, som innbakte
delar i eit samfunnsmessig system for kontroll med reproduksjonen som er
verdifull for menneska. I kapitalsystemet er det tvert imot slik at dei overgripande
bestemmingane må vere fastlåst abstrakte fordi kapitalens verdiforhold må
redusere alle kvalitetar (som samsvarer med behov og bruk) til målbare, felles
kvantitetar. (T.d. bytteverdi, naudsynt arbeidstid. Omsettaren sin kommentar)
for å sikre den framandgjørande historiske dominansen sin over alt, ut frå
interessene til kapitalutvidinga, same kva konsekvensane blir.
Det
uforlikelige i dei to systema blir klårt nok når vi ser på tilhøvet til
spørsmålet om grense i seg sjølv. Den einaste berekraftige veksten som vil bli positivt fremma under den alternative
samfunnsmessige kontrollen med stoffvekslinga, er grunnlagt på den medvitne aksepteringa av dei grensene
som blir sett i fare dersom vi trer over dei når vi verkeliggjør dei valde
reproduksjonsmåla som og er verdifulle for menneska. Ut frå dette er sløseri og
øydeleggande framferd (som klårt identifiserte, avgrensande omgrep) fullstendig utelukka frå dei aksepterte
systembestemmingane sjølv som dei samfunnsmessige individa har tileigna seg som
sine livsviktige orienterande prinsipp. I kontrast til dette er kapitalsystemet
kjenneteikna og lagnadstungt drive av ei medviten eller umedviten forkasting av alle grenser, medrekna sine
eigne systemgrenser. Sjølv desse sistnemnde blir handsama på ein vilkårlig
og farlig måte, som om dei ikkje var noe anna enn tilfeldige hindringar som det går an å forsere. Og då kan alt gå an
innan dette systemet for samfunnsmessig reproduksjon, medregna muligheita for total øydelegging som i dag, når vi har
nådd fram til vår eiga historiske epoke, også blir alvorlig og overveldande
sannsynlig,
Dette
gjensidig utelukkande tilhøvet når det gjeld spørsmålet om grenser gjeld også
motsatt veg. Slik at det ikkje kan vere noen ”delløysingar” som er lånt frå
kapitalsystemet når vi skaper og styrkar den alternative samfunnsmessige
ordninga for stoffveksling. Det uforlikelige i dei to systema når det gjeld
delane, for ikkje å snakke om heilskapen, kjem av det rotfesta uforlikelige i verdisystema deira. Slik eg har sagt
ovanfor er dette grunnen til at dei særskilde verdibestemmingane og tilhøva
under den alternative ordninga ikkje kan bli overført til kapitalens ramme for
samfunnsmessig stoffveksling med det formålet å forbetre denne ordninga, slik
personar med svært urealistiske tankar for samfunnsbygging påstår, samstundes
som dei knyter denne påstanden saman med den tomme ”litt for litt”-metoden. For
sjølv dei minste tilhøva i det alternative systemet er djupt innbakte i dei generelle verdibestemmingane i ei overgripande
ramme for menneskelige behov, der det prinsippet som ikkje kan brytast er den
rotfesta utelukkinga av sløsing og
øydelegging i samsvar med den indre
naturen i dette systemet.
På
den andre sida er det samstundes slik at ikkje noen delvise ”korrigeringar” kan
bli overført frå den ramma som kapitalen rører seg i til ei genuint
sosialistisk ordning. Dette blei vist på ein pinefull og avgjørande måte då
Gorbatsjov prøvde å innføre ”marknadssosialisme” og misslukkast på øydeleggande
vis. For også i ein slik situasjonen blir vi alltid konfrontert med det
rotfesta uforlikelige i verdibestemmingane, sjølv om verdien i dette tilfellet
er øydeleggande motverdi som
samsvarer med dei endelige grensene til kapitalsystemet sjølv og som må
oversjåast. Systemgrensene til kapitalen er heilt i samsvar med sløsing og
øydelegging. For slike målgjevande omsyn kan bare vere annanrangs for kapitalen. Meir grunnleggande bestemmingar må ha
forrang framfor slike omsyn. Dette er grunnen til kapitalen sin opphavlige likesæle i høve til sløsing og øydelegging
(aldri ei meir positiv innstilling enn likesæle) blir omforma til den mest
aktive fremming av slikt når tilhøva krev ei slik endring. I røynda må ein
innan dette systemet streve utan ettergift etter sløseri og øydelegging i
direkte underordning under trongen til kapitalutviding som er den overgripande
systembestemminga. Jo meir vi legg bak oss den historiske oppgangsfasen i
kapitalen si utvikling, dess meir skjer dette. Og ingen bør bli lurt av det
faktum at motverdi blir feil framstilt og rasjonalisert som verdinøytralitet av kapitalen sine feira
ideologar.
Derfor
var det overveldande, under Gorbatsjovs perestroika som det gjekk så ille med,
at hans ”sjefsideolog” (som han vart kalla offisielt) i fullt alvor kunne slå
fast at den kapitalistiske marknaden og vareforholda der var instrument som
hadde i seg ”universelle menneskelige verdiar” og at dei var ”noe av det
største som den menneskelige sivilisasjonen hadde oppnådd” og når han til desse
groteske kapitulerande forsikringane tilføydde at dei til og med var ”garantien
for fornying av sosialismen.[xx]
Slike teoretikarar snakka heile tida om å ta i bruk ”marknadsmekanismen” når
den kapitalistiske marknaden var alt anna
enn ein nøytral ”mekanisme” som kunne
nyttast. Denne marknaden var i røynde fylt med verdiar som ikkje på noen måte kunne kurerast og han må alltid
fortsette å vere slik. Innan denne oppfatningsmåten, som på forunderlig vis er
delt både av Gorbatsjovs sjefsideolog (og andre), og denne verda sine von
Hayekar som på kraftfullt vis gjekk til felts mot alle idear om sosialisme som
om det var ”Vegen til liveigenskap”[xxi],
blir bytte som generell handling på ein ahistorisk og antihistorisk måte sett
lik med kapitalistisk bytte, og den
stadig meir øydeleggande røynda under den kapitalistiske
marknaden blir sett lik med ein generell velvillig eventyr”marknad”. Om dei innsåg det eller ikkje
så kapitulerte dei på denne måten og idealiserte krava til eit omsynslaust
system for naudsynt marknadsdominans ( som til sjuande og sist ikkje kan
skiljast frå imperialismen sine herjingar) som krevjast av dei indre
bestemmingane i kapitalen si ordning for samfunnsmessig stoffveksling. Denne
kapitulerande stillinga blei også omtala på ein endå meir øydeleggande måte i Gorbatsjovs
reformdokument. For her insisterte han at:
Det
fins ikkje noen alternativ til marknaden.
Bare marknaden kan sikre tilfredsstillinga av folk sine behov, ei rettferdig
fordeling av rikdom, samfunnsmessige
rettar og styrking av fridom og
demokrati. Marknaden vil sikre at sovjetøkonomien er organisk lenka til
verdsmarknaden og gi innbyggarane våre tilgang til alt verdssivilisasjonen har
oppnådd.[xxii]
Når
vi tar omsyn til den totale mangelen på realitet i Gorbatsjovs ønsketenking
rundt ”ikkje noe alternativ”, kunne dette forsøket naturligvis bare ende i det
mest audmjukande og katastrofale samanfallet av systemet av sovjettypen, og
ikkje i ei forventa sjenerøs tilførsle av alle dei vedunderlige framgongane og
godane som den globale marknaden skulle føre med seg på alle område.
9.5.5
Det
er ikkje noe tilfeldig eller overraskande i at forslaget om at ”det fins ikkje noe alternativ” tar ein
slik framtredande plass i dei samfunnsøkonomiske og politiske omgrepa som er
formulert ut frå kapitalens standpunkt. Sjølv ikkje dei største borgarlige
tenkarane, som Adam Smith og Hegel, er noe unnatak når det gjeld dette. For det
er absolutt sant at den borgarlige ordninga anten lukkast i å hevde seg i form
av dynamisk kapitalutviding eller er
fordømd til å mislukkast til slutt. Sett frå kapitalen sitt standpunkt kan det
verkelig ikkje finnast noe tenkelig
alternativ til endelaus kapitalutviding og det bestemmar så visjonen til
alle som tar dette standpunktet til seg. Men tileigninga av dette standpunktet
tyder også at spørsmålet om kva pris vi
må betale for ukontrollert kapitalutviding forbi eit visst tidspunkt, når
oppgangsfasen i systemet si utvikling er tilbakelagt, ikkje kan vere med i
rekninga i det heile tatt. Overgrepet mot historisk tid er derfor den naudsynte
konsekvensen av å ta til seg kapitalens standpunkt ved internalisere systemet
si utvidingstrong som det mest grunnleggande bestemmande kriteriet som absolutt
ikkje kan endrast. Dette må vinne fram sjølv i omgrepa til dei største
borgarlige tenkarane. Det kan det ikkje finnast noen alternativ framtid som har
karakteristiske trekk i definisjonen som vil vere avgjørande forskjellig frå
den som allereie er etablert. Dette er grunnen til at sjølv Hegel, som
formulerer det historiske omgrepet på si tid på eit vis som på alle måtar er
det djupaste, må bringe historia til ein slutt på ein tilfeldig måte i
kapitalens uforanderlige notid, mens han idealiserer den kapitalistiske
nasjonalstaten[xxiii]
som det uoverstigelige høgdepunkt på all tenkelig historisk utvikling, til
tross for den skarpe oppfatninga han har av dei øydeleggande følgjene til heile
systemet av nasjonalstatar.
Innan
borgarlig tenking kan det derfor ikkje finnast noe alternativ til å påby det
skadelige dogmet om ikkje noe alternativ.
For den idealiseringa som følgjer med av – og enno ein gong karakteristisk nok
ukvalifisert – ”forbruk” overser den elementære sanninga at det kan ikkje vere noen forskjell mellom øydelegging og
forbruk viss vi ser det frå kapitalen sin ståstad. Det eine er like så godt
som det andre for det formålet som ein krev. Dette er slik fordi kjøp og sal
innan kapitalforholdet på ein vellukka måte fullfører omløpet til kapitalens
aukande sjølvreprodusering, slik at han er i stand til å opne eit nytt omløp.
Og dette skjer på dei mest øydeleggande måtar som er innbakt i det
militær-industrielle komplekset med det som varene derifrå blir brukt til i dei
umenneskelige krigane det driv. Dette er det einaste som verkelig tyder noe for
kapitalen, same kor ikkje-berekraftig følgjene kan bli. Følgja av at
sosialistar gjør til sitt eige kapitalen sitt krav om utviding som det
naudsynte grunnlaget for den tilrådde veksten, er at dei godtar ikkje bare ein
isolert påstand, men heile ”pakka”. Anten dei veit det eller ikkje så godtar
dei då samstundes alle dei falske
alternativa, som ”vekst og ikkje-vekst”, som vi kan utleie av den ukritiske
tilrådinga til naudsynt kapitalutviding.
Vi
må forkaste det falske alternativet som ikkje-vekst
representerer fordi godtakinga av det vil eviggjøre den grueligaste fattigdomen
og ulikskapen i rang og makt som dominerer verda i dag, med den kampen og
øydelegginga som ikkje kan skiljast frå dette. Den rotfesta fornektinga av
denne måten å nærme seg saka på kan bare vere eit nødvendig utgangspunkt. Den
ibuande positive dimensjonen i
visjonen vår drar med seg ei grunnleggande omdefinering av rikdommen sjølv. Under kapitalen sin samfunnsmessige ordning for
stoffveskling blir vi konfrontert med den framandgjorte
herskinga til rikdommen over samfunnet. Dette verkar direkte inn på alle
sidene ved livet, frå den trongt økonomiske sida til dei kulturelle og åndelige
sidene ved livet. Følgjelig kan vi ikkje komme oss ut or kapitalen sin vonde
sirkel, med alle dei bestemmingane og alternativa som til sjuande og sist er
øydeleggande, utan å snu opp ned på dette livsviktige forholdet. Vi kan ikkje
klare det utan at vi får samfunnet – samfunnet av frie individ som har slått
seg saman – til å herske over rikdommen, og samstundes omdefinerer deira frie
tilhøve til tid og kva produkt av menneskelig arbeid blir brukt til. Som Marx
skreiv allereie i eit av dei tidlige verka sine:
I
eit framtidssamfunn der fiendskapen mellom klassane er slutt, der det ikkje
lenger er klassar, vil bruk ikkje lenger blir bestemt av det minimum av tid det
tar å produsere noe. Den tida vi bruker for å produsere ein artikkel vil vere
bestemt av den graden av samfunnsmessig
nytte artikkelen har.[xxiv]
Dette
tyder at ein utan kompromiss sluttar å sjå på rikdom som ei fetisjistisk
materiell eining som må oversjå dei verkelige
individa som skapar rikdommen. Kapitalen må oversjå individa når han på
falsk vis forlangar å vere identisk med rikdom, som ”skapar og lekamliggjøring
av rikdom”, når han legitimerer sin eigen samfunnsmessige kontroll over
stoffomsettinga på ein sjølvrettferdiggjørande måte. På denne måten er
kapitalen fienden til den historiske tida
– ved å ta over rikdomsrolla på ein illegitim måte og ved å undergrave den
mulige bruken av han. Det er dette vi må rette opp for å sikre at menneska kan
overleve. Ut frå det må alle delane av dei forholda som utfaldar seg mellom
historisk sjølvbestemmande, verkelige individ bli brakt saman i eit forskjellig
samfunnsmessig rammeverk for stoffomsettinga, saman med den rikdommen dei
skapar og fordelar på ein positiv måte gjennom ein medviten bruk av den einaste
levedyktige tidsmåten – disponibel tid.
Som Marx seier:
…verkelig rikdom er den utvikla
produktivkrafta til alle individ. Målet på rikdom er ikkje då lenger, på noen
måte, arbeidstid, men heller disponibel
tid. Arbeidstid som mål på verdi sett rikdommen sjølv som noe som er
grunnlagt på fattigdom, og då eksisterer disponibel tid i og på grunn av den
fiendtlige motsetnaden til meirarbeidstid; eller heile tida til individet blir
sett som arbeidstid og derfor blir han degradert til bare ein arbeidar, innordning
under arbeidet.[xxv]
Disponibel tid er individets aktuelle historiske tid. I kontrast til dette er
naudsynt arbeidstid, som trengs for kapitalen sin måte for samfunnsmessig
kontroll av stoffomsetting, ahistorisk
og nektar individa den einaste vegen til å bekrefte og realisere seg sjølv som verkelige historiske subjekt som har
kontroll med sin eigen livsprosess. I form av kapitalens naudsynte arbeidstid
er individa underkasta ei tid som opptrer som tyrannisk domar og nedverdigande mål utan appellrett, i staden for
å at tida sjølv skulle vera dømt og målet i høve til kvalitative menneskelige
kriteria ”ut frå behova til dei samfunnsmessige individa”.[xxvi]
Kapitalens antihistoriske tid, som på ein pervers måte gjør seg sjølv til noe
absolutt, legg seg slik over menneskelivet som eit fetisjistisk bestemmande trekk som reduserer levande
arbeid til tida sin ”levande substans”,
slik vi har sett det ovanfor. Under den alternative ordninga for stoffveksling
er derfor den historiske utmaninga å gå frå at kapitalens frosne tid herskar
som ei framandgjørande bestemming,
til at denne stoffomsettinga blir fritt bestemt
av dei samfunnsmessige individa sjølve som medvite egnar seg til å
verkeliggjøre dei valde måla sine ved å bruke dei samanlikningsvis mykje rikare
ressursane sine av disponibel tid enn
det som kunne bli pressa ut av dei under tyranniet til den naudsynte
arbeidstida. Dette er ein absolutt livsviktig forskjell. Bare individa i
samfunnet kan verkelig bestemme sin eigen disponible
tid, i skarp kontrast til naudsynt arbeidstid som dominerer over dei.
Tileigninga av disponibel tid er den einaste tenkelige og rette måten for å omforme tid frå ei tyrannisk bestemming til ein byggande del som er bestemt på ein autonom og kreativ måte.
9.5.6
Denne
utfordringa medfører opphevinga av den strukturelt tvungne, hierarkiske,
samfunnsmessige arbeidsdelinga. For så lenge som tida dominerer samfunnet i
form av tvangen til å utvinne meirarbeidstid frå den overveldande majoriteten,
må dei som leiar denne prosessen føre ein verkelig forskjellig form for
eksistens, som er i samsvar med den funksjonen dei har, når dei er villige til å presse på dei andre det
framandgjørande tidskravet. Samstundes blir det overveldande fleirtalet av
individa ”degradert til å bare vere arbeidarar, rekna inn under arbeidet”.
Under slike vilkår må den samfunnsmessige reproduksjonsprosessen søkke stadig
djupare ned i si eiga strukturelle krise, med dei farlige følgjene at det til
slutt ikkje er mulig å vende attende.
Marerittet
om ”den stilleståande tilstanden” fortsett å vere eit mareritt, sjølv nå vi
prøver å gjøre det lettare å halde ut, slik som John Stuart Mill foreslo,
gjennom den illusoriske, isolerte kuren – betre fordeling. Det kan ikkje finst
noe slikt som ”betre fordeling” utan ein radikal omstrukturering av sjølve produksjonsprosessen. Det sosialistiske
hegemoniske alternativet til kapitalstyret krev at vi heilt kjem over den
oppsplitta dialektikken i det livsviktige forholdet mellom produksjon,
distribusjon og forbruk. For utan det er det sosialistiske målet, å gjøre
arbeidet til livets første behov, utenkelig. For å sitere Marx:
I ein høgare fase av det kommunistiske samfunn, etter at individa si
slavebundne underordning under arbeidsdelinga og dermed også motsetnaden mellom
åndsarbeid og kroppsarbeid er forsvunne, etter at arbeidet ikkje bare er eit
middel til halde oppe livet, men sjølv
er blitt det fremste livsbehovet, og etter at produktivkreftene har vekse
samstundes med individa si allsidige utvikling og når alle kjeldene til
fellesskapen sin rikdom flyter meir rikelig – først då kan den snevre
borgarlige rettens horisont heilt overskridast og samfunnet kan skrive på sine
faner: Frå ein kvar etter evne, til ein
kvar etter behov! [xxvii]
Dette
er dei overgripande måla for den
sosialistiske omdanninga som gir kompasset for reisa og samstundes også målet
på kva som er oppnådd (eller ikkje oppnådd) på vegen. Innan ein slik visjon for
det hegemoniske alternativet til kapitalens si samfunnsmessige ordning for
reproduksjonen kan det ikkje vere plass for slikt som ”den stilleståande
tilstanden”, og heller ikkje for noen av dei falske alternativa som blir knytt
til eller utlikna frå denne.
La
oss ta eit svært viktig eksempel på kva som er ulækjelig gale under kapitalens
herrevelde når det gjeld dette. Då kan vi tenke på måten vi brukar den stadig
veksande bilparken på i vårt samfunn. Dei ressursane som blir sett over styr på
produksjon av bilar og drivstoff til dei er umåtelig store under den
”framskridne kapitalismen” og representerer den nest største utgifta, etter
bustadutgifter, for dei enkelte hushalda. Men meiningslaust nok er bruksraten
for bilar mindre enn ein prosent, noe som blir rettferdiggjort på
ein falsk måte ved den eksklusive
eigedomsretten til bilkjøparane. På same tid blir det verkelige alternativet,
som er heilt gjennom mulig å sette ut i livet, ikkje bare oversett, men aktivt
sabotert av dei massive forretningsinteressene til halvmonopolistiske
korporasjonar. For den enkle sanninga er at det som individa har behov for (og
som dei ikkje oppnår til tross for dei tunge avgiftene og skattane som blir
lagt på dei) er tilstrekkelige transporttenester
og ikkje ei økonomisk sløsande og mykje miljøøydeleggande privateigd vare som
og gjør at dei misser tallause timar av livet sitt, mens dei blir haldne fast i
helseskadelige bilkøar. Det er tydelig at det
verkelige alternativet ville ha vore å utvikle den offentlige transporten
til det kvalitetsmessig høgaste plan som tilfredsstiller naudsynte målestokkar
når det gjeld økonomi, miljø og helse godt innanfor spelerommet til eit slikt
fornuftig oppfølgt prosjekt. Dette er eit alternativ der vi samstundes kan
tildele bruk av bilar som er kollektivt
eigd og fordelt på ein passande måte, men ikkje privat eigd, til særskilde formål.
Slik vil individa sine behov, i dette tilfellet deira genuine trong for
skikkelige transporttenester, bestemme måla for produksjon og vedlikehald av
kjøretøy og transportmiddel (som vegar, jernbanenettverk og navigasjonssystem)
i samsvar med prinsippet om best mulig tilpassa bruk, i staden for at individa
blir totalt dominert av det etablerte systemet sin fetisjistiske trong etter
profitabel kapitalutviding som til sjuande og sist blir øydeleggande.
Innan
nær framtid må vi ta opp det uunngåelig spørsmålet som vi fram til i dag har
hatt ein tendens til å unngå, nemlig den verkelige
økonomien. For i landa i den såkalla tredje verda er det utenkelig å følgje
det sløsande mønsteret for ”utvikling” frå fortida. Dette mønsteret har i
røynda dømd dei til den usikre og farlige tilstanden som dei lever under i dag,
under herreveldet til kapitalen sin måte for samfunnsmessig reproduksjon av
stoffskiftet med naturen rundt. Den høglydte mislukkinga til dei
”moderniseringsteoriane” som det har blitt reklamert mykje for og dei
institusjonane som er bygd opp for å fremme desse, demonstrerer klårt kor
håplaus den tilnærmingsmåten er.
9.5.7
På
ein måte har vi nylig sett at noen i det minste har ropt fare når det gjeld
dette forholdet, men karakteristisk nok har dei samstundes pressa på for å få
bekrefta og halde oppe privilegia til dei dominerande kapitalistiske landa. Det
gjeld den aukande internasjonale trongen etter energiressursar og innblandinga
til noen potensielt enorme økonomiske makter, særlig Kina, i den prosessen som
utfaldar seg i konkurransen om desse. I dag er dei spesielt uroa over
Kina, men innan ikkje for lang tid må vi
også legge til India i lista over store land som uunngåelig må presse på for å sikre seg livsviktige
energiressursar. Og når vi legg saman folkesetnaden i Kina og India så snakkar
vi om to og ein halv milliard folk.
Naturligvis er det slik at det vil ha totalt øydeleggane følgjer for oss alle
om dei verkelig følgjer rådet i boka Stadia
i økonomisk vekst[xxviii]
som fekk grotesk mykje reklame, der det blir lagt frem ein overflatisk resept
for ”kapitalistisk take off og drift mot modning”. For eit samfunn med to og
ein halv milliard folk bygd på modellen frå USA, der det fins meir enn 700
bilar på 1000 folk, vil føre med seg at alle vil vere daude innan kort tid på
grunn den giftige forureininga som fordelane av dei globale ”moderniserande”
tiltaka vil føre med seg, for ikkje å snakke om at oljereservane vil vere
oppbrukt på kort tid. Men samstundes må vi på den andre sida seie at ingen på alvor
kan hevde at dei landa vi snakkar om for all framtid skal måtte halde seg der
dei no er. Å tenke seg at dei to og ein halv milliard folka i Kina eller på det
indiske subkontinentet kan blir varig dømd til å leve under dei noverande
forholda og vere tungt avhengige av dei framskridne kapitalistiske delane av
verda, er å vere altfor godtruande. Det einaste spørsmålet er: kan menneska
finne ei løysing som er fornuftig og brukande og verkelig rett og rimelig når
det gjeld det kravet om samfunnmessig og økonomisk utvikling til dei det dreier
seg om, eller blir det ei framtid med fiendtlig konkurranse og øydeleggande
kamp om ressursar, slik det passar seg innan dei retningsgjevande rammene og
driftsprinsippa til kapitalen sin måte å kontrollere den samfunnsmessige
reproduksjonen på.
Den
tvingande påskundinga til å tileigne seg ein annan måte for å organisere det
økonomiske og samfunnsmessige livet kom opp over horisonten i vår tid på ein
annan måte også, nemlig i form av økologien.
Men igjen er det slik at den einaste brukelige måten vi kan møte dei stadig
alvorligare problema i den globale økologien på, er å skifte frå den
eksisterande ordninga med eit sløsande hushald ut frå fetisjistisk talfesting
til ei talfesting gjennom ei ordning som er genuint retta inn på kvalitet. Dette må vi gjøre dersom vi vil møte dei
stadig alvorligare problema og motsetnadane i det globale hushaldet, frå deira
direkte verknader på slike spørsmål som global oppvarming til det elementære
kravet om reint vatten og rein luft. Slik sett er økologi ei viktig, men
underordna side av den naudsynte omdefineringa
til å bruke dei produserte tinga og tenestene ut frå kvalitet, og utan dette kan tilskundinga til ein varig,
berekraftig økologi for menneska ikkje bli noe anna enn eit fromt ønske, sjølv
om det er heilt naudsynt.
Det
siste punktet vi vil legge vekt på i denne samanhengen er at det tvingande
naudsynet til å møte desse problema ikkje må bli undervurdert, for ikkje å sei
minska, slik som kapitalen sine forretningsinteresser, som er støtta av
statssamanslutningane til dei dominerande imperialistlanda, fortsett å gjøre i
den uavvendelige rivaliseringa dei imellom.
Ironisk nok blir dei objektive krava for å skape ei fornuftig,
berekraftig og globalt samordna reproduksjonsordning når det gjeld
samfunnsmessig samvirke som kan fungere, stadig brote, sjølv om det fins mykje
propagandasnakk om ”globalisering”. Når vi går ut frå det noverande trinnet i den historiske
utviklinga, er den ukuelig sanninga at vi treng verdsomspennande løysingar
fordi det fins verdsomspennande utfordringar som stadig forverrar seg når vi
ser på alle dei største sakene som vi har diskutert i denne seksjonen. Men det
er likevel slik at den største bekymringa vår er at kapitalen sin metode for
samfunnsmessig reproduksjon av stoffskiftet ikkje er i stand til å opne for
levedyktige globale løysingar, når vi ser på dei indre, fiendtlige
strukturbestemmingane hans og den øydeleggande måten dei trer fram på. Når den
fastlåste naturen til kapitalen er gitt, er han ikkje noe viss han ikkje kan
vinne fram i form av strukturell dominans.
Men den uskiljelige andre dimensjonen til strukturell dominans er strukturell underordning. Dette er den
måten kapitalens metode for samfunnsmessig reproduksjon av stoffskiftet alltid
har fungert på og alltid må prøve å fungere på, og det drar med seg dei mest
øydeleggande krigane som vi har hatt
meir enn ein forsmak på i vår tid. Den valdelige stadfestinga av dei
øydeleggande, tvingande naudsynte trekka til den globale hegemoniske imperialismen,
gjennom den tidligare ufattelige øydeleggingsmakta til den globale hegemoniske
makta, USA, kan ikkje bringe globale løysingar på dei stadig verre problema,
men bare global ulukke. Det er slik
det uunngåelige naudsynet for å løyse desse globale problema, på ein måte som
er historisk berekraftig, set utfordringa med å skape sosialisme i det 21.
hundreåret på dagsordenen som det einaste brukelige hegemoniske alternativet
til kapitalens metode for samfunnmessig kontroll med stoffskiftet mellom menneska
og naturen rundt (produksjon) og menneska imellom (forbruk).
9.6 Det nasjonale og det
internasjonale: Korleis dei utfyllar kvarandre på dialektisk vis i vår tid
9.6.1
Ei
av dei største hindringane for sosialistisk utvikling har vore og er den
hardnakka forsømminga av det nasjonale spørsmålet. Grunnen til denne
forsømminga er både noen tilfeldige, men langtrekkande historiske bestemmingar og den kompliserte
teoretiske arven får fortida. I tillegg er det slik at dei to er tett samanvevd
når naturen til dei sakene det gjeld er gitt.
Når
det gjeld dei praktiske og historiske utviklingstrekka som bestemmer dette må
vi først av alt hugse at dei moderne nasjonane blei danna under borgarskapet si
klasseleiing. Denne utviklinga fann stad i samsvar med den samfunnsøkonomiske
tvangen som ligg innbakt i den sjølvutvidande drifta til mangfaldet av
kapitalar, frå den svært avgrensa lokale verknaden som dei først hadde, mot ein
stadig større kontroll over territoria, i stadig konflikt med kvarandre. Desse
konfliktane nådde høgdepunktet sitt i to øydeleggande verdskrigar i det tjuande
hundreåret og i den potensielle øydelegginga av menneskeslekta i vår eiga tid.
Det
systemet av mellomstatlige forhold som blei danna under den sjølvutvidande
tvangen til kapitalen kunne bare vere ulækjelig skadelig. Dette systemet måtte
heile tida styrke den høgt privilegerte stillinga til ein handfull av dei
nasjonane som var i ei imperialistisk stilling. I heilt motsatt retning måtte
det samstundes sette alle dei andre nasjonane i ei strukturelt underordna knipe
med alle tilgjengelige middel, medrekna dei mest valdelige. Ein slik måte å
sette saman verda på har vore framherskande ikkje bare ovafor dei små
nasjonane, men sjølv i nasjonar som
hadde mykje fleire innbyggarar enn deira framande undertrykkarar, som til dømes
India under det britiske imperiet. Når det galdt dei koloniserte nasjonane blei
den økonomiske og politiske bindinga deira tvunge på dei av dei dominerande
imperialistiske maktene også takk vere den underdanige medverknaden til deira
eigne herskande klassar. Derfor er det karakteristisk at dei ”etterkoloniale”
endringane utan noen vanske reproduserte dei tidligare metodane for dominans i
alle viktige forhold, sjølv om det formelt sett skjedde på litt endra måtar, og
slik har systemet med strukturell dominans og binding fortsett heilt fram til i
dag.
Dei
kapitalistiske mellomstatlige forholda, slik dei verkelig har blitt under den
historiske utviklinga, bygger på dominans og underordning og bare eit
monumentalt mirakel kunne ha endra det på ein tydelig måte. For kapitalen, som
kontrollerande kraft i den økonomiske og samfunnsmessige
reproduksjonsprosessen, kan ikkje vere noe anna enn strengt hierarkisk og
autoritær i sine inste bestemmingar, sjølv i dei mest privilegerte imperialistiske
landa. Korleis kan eit samfunnmessig og politisk system vere likeverdig på det
internasjonale planet når det i den kapitalistiske varianten sin er
kjenneteikna av ”autoritære forhold på arbeidsgolvet og marknadens tyranni”?
(Marx.) At det for kapitalen er absolutt naudsynt å ha indre dominans over
eigen arbeidskraft kan gjerne passe saman med at ein gir noen avgrensa
privilegia til sin eigen arbeidande folkesetnad ut frå den ekstra fordelen som
kjem frå imperialistisk dominans, for å skape ei sjåvinistisk feiloppfatning.
Men ein slik praksis fører ikkje den minste grad av likskap i rang og makt inn
i forholdet mellom kapital og arbeid i det privilegerte imperialistiske landet
der kapitalen heilt og halde held fast på, og alltid må halde fast på, makta til å ta avgjerder i
alle dei verkelige sakene. Derfor er det heilt absurd å antyde at ytre mellomstatlige forhold i systemet, på
tvers av slike fastlåste, indre strukturbestemmingar, kan vere noe anna enn
grovt urettferdig. For det vil vere å late som om noe som etter naturen sin er
djupt skadelig kan produsere genuin likskap i rang og makt, mens forholda under
den utanlandske dominansen, som er tvinga på dei dominerte landa, i røynda
fører til stadig forverra vilkår.
På
grunn av dette var det forståelig at den sosialistiske reaksjonen på eit slikt
system måtte bli ein radikal negasjon og ei understreking av trongen til eit
kvalitativt forskjellig tilhøve mellom dei ymse nasjonane anten dei var store
eller små, på grunnlag av oppheving av
dei framherskande antagonismane og innan rammene av ei verkelig samarbeidande,
internasjonal ordning. Men dette blei gjort meir komplisert i det tjuande
hundreåret av det tragiske omstende at den første vellukka revolusjonen som
hadde ei sosialistisk endring av samfunnet som prosjekt, fann stad i
Tsar-Russland. For det landet var også på den tida eit undertrykkande
fleirnasjonalt imperium. Dette var ein viktig grunn til at Russland, som Lenin
karakteriserte det, var ”den veikaste lekken i den imperialistiske kjeda” på eit
punkt i tida, og dermed hadde tilhøve som var gunstig for utbrotet av
revolusjonen. Denne påstanden viste seg å vere heilt rett. Men den andre sida
av saka var ikkje bare dei alvorlige økonomiske tilbakeliggande tilhøva i dette
området, men også den fælslige arven frå det undertrykkande fleirnasjonale
imperiet som representerte umåtelig store problem for framtida.
Krangelen
om ”sosialisme i eit land” raste i mange år etter at Stalin konsoliderte makta
si. Men vanlegvis utelet ein i heile diskusjonen at Sovjetunionen ikkje var eit land i det heile, men ei mengd av
nasjonalitetar delt av djupe urettar og innbyrdes antagonismar som dei hadde
arva frå tsarimperiet. Det at dei ikkje klarte å handsame skikkelig dei
potensielt eksplosive motsetnadene frå dei nasjonale urettane etter at Lenin
var daud, førte til slutt til oppløysinga av heile Sovjetunionen. Kontrasten
mellom Lenin og Stalin sin måte på møte desse problema på kunne ikkje ha vore
større. Mens Lenin heile tida talte for dei forskjellige nasjonalitetane sin
rett til full autonomi heilt fram til at dei kunne danne eigne statar, så
degraderte Stalin dei til ”grenseregionar” som måtte kontrollerast same kva det
kosta og som strengt måtte innordne seg under seg dei russiske interessene.
Dette er grunnen til at Lenin klårt fordømde han og hevda at dersom det synet
som Stalin hevda vann fram, slik det seinare gjorde, så ville ”fridommen til å
gå ut av unionen, som vi rettferdiggjør oss med, vere bare ein papirlapp som
ikkje er i stand til å forsvare ikkje-russarane mot angrepet til den verkelige
russiske mann, den storrussiske sjåvinisten”.[xxix]
Han understreka kor alvorlig skade den politikken som blei følgt gjorde og sa
klart frå kven som hadde skulda. ”Det politiske ansvaret for heile denne
storrussiske, nasjonalistiske kampanjen må vi sjølvsagt legge på Stalin og
Dsjersjinskij.”[xxx]
Lenin
døydde i januar 1924 etter ein lang sjukdomsperiode som gjorde at han ikkje
kunne arbeide. Etter det blei alle råda hans når det galdt det nasjonale
spørsmålet viska ut då Stalin sin ”storrussiske” politikk, som handsama dei
andre nasjonalitetane som underordna ”grenseregionar”, blei sett ut i livet.
Dette bidrog mykje til den ”blokkerte
utviklinga” som kjenneteikna sovjetsamfunnet etterpå. Sjølv framgangsmåten
til Gorbatsjov og følgjesveinane hans var kjenneteikna av den same kjensla av
manglande realisme som dei andre teoretiseringane og praksisane, slik som eg
prøvde å understreke godt før Sovjetunionen fall saman.[xxxi]
Dei heldt fast på fantasien om ”den sovjetiske nasjonen” med det einskapelige sjølvmedvitet som han
skulle ha, mens dei naivt eller
lettsindig oversåg dei eksplosive indre problema i den ”sameinte sovjetiske
nasjonen”. Samstundes prøvde dei å rettferdiggjøre nedgraderinga av dei
forskjellige nasjonale samfunna, medrekna dei baltiske, kviterussiske og
ukrainske, til statusen ”etniske grupper”.
Under
Stalin sitt styre kunne dei bruke autoritære middel, og til og med gå så langt
som til å deportere heile nasjonale minoritetar, for få tilslutning til eit
slikt uanstendig blendverk. Men straks dei måtte gi opp den vegen, kunne ikkje
noe få den fryktelige arven frå det undertrykkande tsaristiske, fleirnasjonale
imperiet og den påfølgande oppretthaldinga av dei fiendtlige motsetnadene der,
til å vare. Derfor var det bare eit spørsmål om tid kor snart den
etterrevolusjonære sovjetstaten, som langt frå var ”eit land”, skulle gå i
oppløysing under den utålelige vekta av sine eigne mangfaldige motsetnader og
kva særeigen form det ville ta.
9.6.2
Den
langvarige neglisjeringa av det nasjonale spørsmålet har visselig ikkje bare
vore avgrensa til dei vanskane som sprang ut av at Sovjetunionen mislukkast med
å løyse dilemma sine. Tendensen i den vesteuropeiske sosialistiske rørsla til å
gå inn i ei blindgate med omsyn til det nasjonale spørsmålet, og det tett
tilknytte internasjonale spørsmålet, kom fram lenge før den russiske
revolusjonen. I røynda klaga Engels bittert allereie førtito år tidligare, på
den tida dei diskuterte gothaprogrammet i Tyskland, at ”det prinsippet at
arbeidarrørsla er ei internasjonal rørsle
er i praksis fullstendig avsverja.”[xxxii] Utan at ein sluttar seg til ein
samanhengande heilt internasjonal posisjon som verkelige kan haldast oppe, er
den radikale opphevinga av kapitalens eksisterande ordning utenkelig ut frå ein
sosialistisk synsstad. Men den opportunistiske manøvreringa som var innretta på
å sikre einskap blant dei politiske styrkane som skulle godkjenne
gothaprogrammet, bar med seg alvorlige nasjonalistiske ettergifter som ein
måtte betale ein svært høg pris for i framtida. Den fullstendige kapituleringa
til det tyske sosialdemokratiet ovafor den aggressive borgarlige sjåvinismen då
Første Verdskrigen braut ut, var bare det logiske høgdepunktet til denne
farlige omsnuinga av den politiske utviklinga i Tyskland og forsegla derfor
også lagnaden til den Andre Internasjonalen.
Det
er viktig å hugse her at ingen av dei fire internasjonalane har lukkast i å
oppfyllet det håpet ein hadde til dei, til tross for at dei blei grunnlagd ut
frå ei forventing om at makta til den internasjonale solidariteten skulle vinne
fram ovafor kapitalen sin strukturelt hierarkiske dominans over arbeidskrafta.
Den Første Internasjonalen fall saman allereie på Marx tid som eit resultat av
at arbeidarrørsla spora av som internasjonal rørsle mot slutten av 1870-talet
og det blei skarpt kritisert av Engels, slik vi alt har sett. Den Andre
Internasjonalen bar med seg frøa til denne motsetnaden og gjorde dei til svære
planter som grodde ustoppelig og bare venta på eit historisk høve, som kom med Første
verdskrigen, før medlemma av internasjonalen gjekk over på dei rivaliserande
krigspartia si side og med det diskrediterte heile rørsla på ein lagnadsfull
måte. Denne diskrediterte ”Arbeidarinternasjonalen”, og dei medlemmene som
hadde danna han, fortsette med å i identifiserer seg med sitt eige borgarskap,
og slik slutta dei å ha noe med dei livsviktige kriteria for sosialistisk
internasjonalisme å gjøre, og han blei seinare gjenoppretta som organ for
samfunnsøkonomiske tilpassing og institusjonell fornekting av klassekampen.
Rosa Luxemburg si vurdering oppsummerte, med stor klårleik, kva desse
endringane tydde ved å legge vekt på at ”sosialdemokratiet hadde fornekta
sjølve grunnlaget for eksistensen sin ved å tilbakevise at klassekamp fans”.[xxxiii]
Derfor var det bare eit spørsmål om tid før dei sosialdemokratiske partia over
heile verda slutta seg til ei stilling der dei ope forsvarte den etablerte
ordninga.
Med
den skammelige mislukkinga av 2. internasjonalen som bakgrunn blei 3.
internasjonalen grunnlagd i etterkant av Oktoberrevolusjonen. Men den
organisasjonen mislukkast også med å fylle rolla som ein organisasjon som
utvikla ein genuin sosialistisk internasjonalisme. Det var eit resultat av at
Stalin underordna dei andre, medrekna
tilhøvet til partia innan sjølve 3. internasjonalen, under dei sovjetiske
statsinteressene og tvinga den autoritære politikken sin, når det galdt
handsaminga av internasjonale saker, på dei. Oppløysinga av denne
organisasjonen som ein kommunistisk internasjonale (Komintern) og omdanninga av
han til Kominform – dvs. ein internasjonal informasjonsorganisasjon – løyste
ikkje noe. For til og med Kominform var einvegskjøring fordi all kritikk av
sovjetsystemet var absolutt tabu i Stalins levetid. Til tross for den stadige
auken i motsetnader og krisesymptom tok sjølv ikkje Krustsjov, etter at Stalin
var daud, opp dei grunnleggande problema under samfunn av sovjettypen, som ein
type samfunnsmessig utveksling, då kan kom med sin alvorlige kritikk av Stalin
si ”persondyrking” med dei negative følgjene dette hadde.
Då
dei erkjente alvoret i krisa, under Gorbatjovs glasnost og perestroika, var den korrigeringsmåten
dei såg for seg, uskiljelig frå det å sette kursen mot gjenoppretting av
kapitalismen. Når det galdt den Fjerde Internasjonalen kunne han aldri nå
statusen til ein internasjonal organisasjon med innverknad på massane, til tross for det grunnleggaren
hans meinte. For det er slik at oppgåva med å utvikle den naudsynte
sosialistiske internasjonalismen ikkje kan lukkast dersom den strategiske
visjonen ikkje kan, med Marx sine ord, ”gripe massane”.
Det
nasjonale spørsmålet tok derfor uunngåelig form av ei polarisering mellom ein
handfull undertrykkande statar og det overveldande fleirtalet av statar som var
undertrykt av imperialismen. Og det var eit svært skadelig tilhøve som dei
arbeidande klassane i dei imperialistiske landa var djupt delaktige i. Dette
tilhøvet var heller ikkje avgrensa til direkte militær dominans. Formålet med
den militære dominansen, kor tid som helst han vart sett i verk anten gjennom
store militære operasjonar eller utøving av ”kanonbåtdiplomati”, var å sikre
den maksimalt tenkelige utbyttinga av arbeidskrafta i dei erobra landa på varig
vis, og slik tvinge på heile verda den karakteristiske måten for kapitalistisk
samfunnsmessig kontroll med utvekslinga mellom menneske og natur og menneske og
menneske. Dette er grunnen til at det under ”avkoloniseringa” etter 2.
verdskrigen var mulig å gi opp direkte militær og politisk kontroll med dei
tidligare imperia utan å endre innhaldet i dei etablerte forholda med
strukturelt herrevelde og underordning, slik det passar seg under kapitalen
sitt system.
USA
var ein pioner med omsyn til dette. USA utøvde direkte militær dominans i noen
land, som Filippinane til dømes, som var nært knytt til dei etablerte tilhøva
med strukturell dominans og underordning og samfunnsøkonomisk overherredømme
over den folkesetnaden det galdt. På same tid sikra USA sin massive dominans
over heile Latin-Amerika ved å påtvinge landa på kontinentet ei strukturell
binding, utan at det var naudsynt for militæret å gripe inn. Men USA brukte, utan å stusse, open eller tildekka
militær intervensjon i sin sjølverklærte ”bakgard” kor og kor tid som helst det
blei stilt spørsmål ved oppretthaldinga av den utbytande dominansen. Ein av dei
måtane dei føretrakk for å påtvinge herreveldet sitt var ”heimlig” militær
kasting av valde regjeringar og oppretting av ”venlegsinna” diktatur som dei
rettferdiggjorde på dei mest kyniske og falske måtar, frå militærdiktaturet i
Brasil til Pinochets Chile.
Likevel
var hovudstrategien til USA for sikre utbytingsinteressene sine i tida etter 2.
verdskrigen utøving av økonomisk herrevelde, knytt nært saman med den
løgnaktige ideologien ”demokrati og fridom”. Dette passa godt saman med ein
spesiell fase i kapitalen si historiske utvikling då dei politiske og militære
stengsla til dei gamle imperia viste seg å vere rett avleggse når det galdt å
verkeliggjøre muligheitene for ei kapitalutviding som var betre egna i høve til
den nykoloniale praksisen i etterkrigstidas verd. USA var i ein mest ideell
stilling når det galdt dette, både som den mest dynamiske delen av den globale
kapitalen i drivet etter produktiv utviding og som ei land som kunne hevde at
det ikkje hadde noen trong til direkte
politisk og militær dominans over koloniar i motsetnad til dei franske og
engelske imperia. Derfor tyder det svært mykje at denne ”demokratiske
supermakta” i vår tid har måtte ta til dei mest sløsande og brutale former for
militære intervensjonar og okkupasjonar som eit svar på strukturkrisa i
kapitalen, i eit forgjeves forsøk på å løyse denne krisa ved å tvinge seg på
resten av verda som leiaren av den globale hegemoniske imperialismen. Dette har
også svært farlige innverknader på menneska sin sjanse til å overleve på jorda.
Denne
nyaste versjonen av imperialisme var (og er) ei form for dominans som ikkje er mindre skadelig for dei
store massane av arbeidande folk enn forgjengaren sin. Følgjelig er det
utenkelig å oppnå sann internasjonalisme utan ei radikal frigjøring av dei
mange undertrykte nasjonane, ikkje minst i Latin-Amerika, frå den fortsette
dominansen til undertrykkarnasjonane. Dette er tydinga til legitim defensiv
nasjonalisme i dag, slik som Lenin understreka heilt frå byrjinga. Den positive dimensjonen ved
internasjonalismen må utfylle denne defensive
nasjonalismen for å kunne lukkast.
9.6.3
Internasjonal
solidaritet er noe som bare er positivt
muleg for kapitalen sin strukturelle antagonist. Han er i harmoni med patriotisme som i teoretiske diskusjonar
sjølv på venstresida vanlegvis blir forveksla med borgarlig sjåvinisme. Denne forvekslinga er ofte
ei meir eller mindre medviten orsaking for å fornekte at det er naudsynt å
bryte lenkene til den utbytande strukturelle avhengigheita som også arbeidarane
i den ”framskridne kapitalismen” har fordelar av, sjølv om det er i mykje meir
avgrensa grad enn klasseantagonisten deira. Men patriotisme tyder ikkje at vi
skal identifisere oss sjølv utelukkande med dei legitime nasjonale interessene til
vårt eige land når det blir truga av
ei framand makt. Og absolutt ikkje at vi skal identifisere oss med den
kapitulerande oppførsla til vår eigen herskande klasse som gjorde at Lenin og
Luxemburg heilt rett råda oss til å rette våpna mot den indre utbytarklassen.
Patriotisme tyder også full solidaritet
med den ekte patriotismen til dei undertrykte
folka.
Vilkåret
for å verkeliggjøre ein slik patriotisme er ikkje bare ei endring i dei
framherskande mellomstatlige forholda, sjølv om det til ein viss grad motverkar
diktatet til framherskande, utanlandsk politisk eller militær binding. Vilkåret
for å lukkast varig kan bare vere ein langvarig kamp mot kapitalen sin
hierarkiske strukturelle dominans, så lenge det trengs og over heile verda.
Utan dette kan noverande og tidligare frigjøring frå politisk og militært
herrevelde til framande makter bli omgjort og herreveldet kan bli oppretta att
i sin gamle form eller i nye former når nye situasjonar oppstår. Internasjonal
solidaritet med dei undertrykte krev derfor vår fulle merksemd og at vi i
praksis tar omsyn til desse livsviktige, strategisk retningsgivande prinsippa.
Sosialistisk
internasjonalisme er utenkelig utan full respekt for håpa til det arbeidande
folket i andre nasjonar. Bare ein slik respekt kan gjøre det objektivt mulig
med positivt, samarbeidande utveksling. Heilt sidan han blei skriven ned første
gong har den marxistiske teorien understreka at ein nasjon som dominerer andre
nasjonar tar frå seg sjølv sin eigen fridom – ein leveregel som Lenin aldri
slutta å ta opp att. Det er ikkje vanskelig å sjå kvifor det må vere slik. For
alle former for mellomstatlig dominans føreset eit strengt regulert rammeverk
for samfunnsmessig utveksling der noen relativt få har tileigna seg
kontrollfunksjonen. Ein nasjonalstat som er bygd opp slik at han er i stand til
å dominere andre nasjonalitetar, eller såkalla grenseregionar eller perifere
regionar, føreset at dei politisk aktive innbyggarane er medskuldige i
dominansen og slik blir forvirra og svekka når det gjeld håpet om å frigjøre
seg sjølv.
Derfor
er den radikale opphevinga av det framherskande systemet for svært skadelige
mellomstatlige forhold, som har vart lenge, eit absolutt krav i den
sosialistiske teorien. Denne opphevinga gir grunnlaget for å forstå den defensive nasjonalismen. Men det
naudsynte, positive alternativet til kapitalen si samfunnmessige ordning kan
ikkje vere defensiv. For alle defensive stillingar lider under at dei til
sjuande og sist er ustabile og då kan sjølv dei beste forsvarsstillingane bli
overmanna under konsentrert eld viss tilhøva endrar seg til fordel for fienden.
Det vi treng som svar på kapitalen si perverse globalisering er utviklinga av
eit levedyktig positivt alternativ. Det tyder ei internasjonal samfunnsmessig
ordning for reproduksjonen som er innført og driven på grunnlag av verkelig
likskap i rang og makt hos dei mange som deltar i ho og som ikkje er definert
på ein formell måte, men på ein måte som kan identifiserast materielt og
kulturelt. Strategien for positiv
internasjonalisme tyder at vi erstattar dei absolutt skadelige og
uunngåelig konfliktskapande strukturprinsippa i kapitalen sine reproduktive
”mikrokosmos” (dei særskilde produktive og fordelande føretaka som dannar det
omfattande ”makrokosmos” i systemet) med eit heilt ut samverkande alternativ.
Det
øydeleggande drivet til den transnasjonale kapitalen kan ikkje bli lindra, for
ikkje å sei oppheva på ein positiv måte, på det internasjonale planet, bare
gjennom aksjonen til særskilde nasjonale regjeringar. For den fortsette
eksistensen av dei antagonistiske ”mikrokosmos” og deira underordning under
stadig større strukturar av den same konfliktskapande typen (som dei gigantiske
transnasjonale internasjonale korporasjonane som oppstår gjennom konsentrasjon
og sentralisering av kapital i dag) reproduserar før eller seinare med naudsyn
dei konfliktane som midlertidig er blitt neddempa. Derfor definerer vidare den
positive internasjonalismen seg som ein strategi for å gå bortanfor kapitalen,
og som ein strategi for samfunnsmessig kontroll med utvekslinga ved å hjelpe
til med å koordinere på ein omfattande måte ein omfattande ikkje-hierarkisk form for avgjerdssmakt[xxxiv],
så vel på det materielle som det kulturelle og politiske planet. Med andre
ord ein kvalitativt forskjellig måte for å ta avgjerder, der dei livsviktige
kontrollerande funksjonane i den samfunnsmessige reproduksjonen kan bli overført til medlemmene av
”mikrokosmosa” og der samstundes aktivitetane til desse kan blir passande
koordinerte slik at dei omfamnar dei mest omfattande nivåa fordi dei ikkje er
riven i stykkar av uforsonlige fiendtlige motsetnader.
9.6.4
Slike
fiendtlige motsetnader viste seg å vere uoverstigelige sjølv då Simón Bolívar
gjorde heroiske forsøk på å skape eit levedyktig alternativ. For det som dei
trengte for å lukkast var ei omforming av heile samfunnsordninga langt ut over
sjølv slike tiltak som den legale frigjøringa av slavane. Bolivár, som strevde
for å finne ei varig løysing på problem før det var historisk mulig, opplevde
stor fiendskap sjølv i Latinamerikanske land som han ytte større tenester en
noen annan og der han blei kjent og æra under kallenamnet Frigjøraren. Som eit resultat levde han dei siste åra av livet sitt
i tragisk isolasjon.
Når
det galdt fiendane hans i USA som kjende seg truga av spreiinga av dei opplyste
tankane hans om likskap[xxxv],
så nølte dei ikkje med å fordømme og avvise ham som ”den farlige galningen frå sør”[xxxvi]. Dette galdt både internasjonalt (dei
var slaveeigarar som var direkte utfordra av Bolivár si frigjøring av slavane)
og det galdt rådet hans om harmoniske forhold mellom statar over heile verda.
Den
viktigaste hindringa var den skarpe kontrasten mellom den politiske einskapen
mellom dei Latinamerikanske landa som Bolivár råda til og den djupt
motseiingsfylde og konfliktmetta samansetninga av deira samfunnsmessige
mikrokosmos. Som ei følgje av det kunne sjølv dei edlaste og mest veltalande
appellane om politisk einskap bare virke mens trusselen frå den fiendtlige
spanske kolonimakta var akutt. Men i seg sjølv kunne ikkje ein slik trussel
lækje dei interne antagonismane. Denne situasjonen kunne heller ikkje bli endra
på ein radikal måte av Bolívar si framsynte påvisning av den nye faren. Nemlig
at ”Dei sameinte statane av Nord-Amerika ser ut til å vere lagnadsbestemd til å
dømme Amerika til fattigdom i fridommens namn”. Det var ein fare som José
Martí, i same ånd, understreka endå
sterkare seksti år seinare.[xxxvii]
Begge var like realistiske i diagnosane sine av dei nye farene som dei var
sjenerøse med å foreslå ideelle løysingar på menneska sine alvorlige problem.
Bolivar då han råda til ein måte å få saman alle nasjonane på ein harmonisk
måte ved å gjøre Panamastretet til
hovudstad i heile verda på same vis ”som Konstantin ville gjøre Bysants til hovudstaden
på den antikke halvkula”,[xxxviii]
og Martí då han insisterte på at ”patria es humanidad”: ”menneskefellesskapen
er fedrelandet vårt.”
Då
desse ideala blei formulert peikte den historiske tida framleis i motsett
retning: mot den fryktelige skjerpinga av dei samfunnsmessige fiendtlige
motsetnadane og mot dei to verdskrigane
med den gruelige årelatinga som følgde. Mot slutten av livet måtte Bolívar,
tragisk nok, medgi at Amerika si tid ikkje var inne, slik han hadde sett det
føre seg. I dag er situasjonen svært endra, Bolívars ”Amerika si tid” har komme
på ein måte som gjør at det ikkje er mulig å halde oppe dei gamle vilkåra for USA sin halvveges dominans over
Latin-Amerika. Ut frå dette synspunktet samsvarer interessa av effektiv
nasjonal sjølvråderett for dei latinamerikanske landa heilt med det naudsynte
tildrivet for å overvinne nasjonale klagemål over heile verda, sidan dei få
imperialistiske landa sin dominans over mange land har blitt ein historisk
anakronisme som ikkje kan oppretthaldast.
Dei
endra historiske vilkåra kan ikkje bli omgjort ved det faktum at dei tidligare
imperialistiske landa, og framfor alt USA som er det sterkaste blant dei,
prøver å snu historias hjul og kolonisere oppatt
verda. Deira plan for å oppnå dette kan vi sjå ut frå den måten dei har brukt
under førehavande av den såkalla ”krigen mot terror”. Den nye lindringa – som
ikkje er anna enn å sette i gong ein oppattkoloniserande framstøyt, er jammen
synlig når vi ser på korleis dei nylig har sett i verk øydeleggande militære tiltak
med påskott om at det er såkalla ”krig mot terror”. Det er verkelig slik at dei
mest aggressive maktene hevdar at den
nye kuren – nemlig å sette i gong noe som i røynda er ein utilslørt
nykoloniserande verksemd – er det viktigaste vilkåret for å lukkast i deira
kynisk rettferdige ”krig mot internasjonal terror” innan den ”nye
verdsordninga”. Men dei er dømd til å misslukkast med dette tiltaket.
Mange
forsøk i fortida på å rette på rettferdige nasjonale klagemål har blitt avspora
av sjåvinistiske strategiar. For ut
frå naturen til dei problema det gjeld, er det slik at dei påtvinga nasjonale
interessene til dei dominerande landa ikkje kan vinne fram på varig vis, til
skade for dei rettferdige samfunnsmessige måla til andre nasjonar, når dei
skadar dei tiltrengte heilt likeverdige
internasjonale vilkåra for mellomstatlige forhold. Den langsiktige
historiske verdien av det bolivariske prosjektet, som pressar på for å få
strategisk einskap og likskap i dei latinamerikanske landa, ikkje bare mot USA,
men, slik dei ser det for seg, innan det
breiast mulige rammeverket for harmonisk internasjonal einskap mellom alle, kan
derfor ikkje vere klårare. Det er verkelig slik at dei latinamerikanske landa
kan spele ei pionerrolle i dag når det gjeld å verkeliggjøre samfunnsmessig og
politisk einskap i interessene til heile menneskefellesskapen. Ingen av dei kan
lukkast aleine, sjølv bare i å stille seg negativ til deira mektige motstandar
i Nord-Amerika, men saman kan dei vise oss alle ein veg frametter ved å sette i
verk ei positiv konføderert løysing. Fordi dei ikkje er tynga ned av dei mange
europeiske imperialistiske og halvimperialistiske tradisjonane frå fortida er
det lettare for dei å vere i ei stilling der dei kan klare det.
Forskjellige
delar av verda delar og lid under dei alvorlige problema som kjem av nasjonale
motsetnader. For å forstå dette er det nok å sjå på Midt Austen som stadig er
heimsøkt av krigar, den valdelige oppdelinga av det tidligare Jugoslavia,
oppløysinga av Sovjet Unionen og alle problema etter det (som i Tsjetsjenia),
dei opne og kvilande konfliktane i Mellom Europa, dei alvorlige antagonismane
som av og til bryt ut på det indiske subkontinentet, dei nasjonale klagemåla i
Canada som er langt frå løyste og dei forskjellige væpna konfrontasjonane i
Nord og Sentral Afrika. Utan å ta grep om det langvarig oversette problemet med
å opprette likeverdige mellomstatlige tilhøve gjennom å respektere korleis det
nasjonale og det internasjonale utfyllar kvarandre på ein passande måte i vår
tid, er det utenkelig å finne løysingar på dei underliggande problema.
Ut
frå dei fiendtlige strukturelle bestemmande kvalitetane i kapitalen sin måte
for kontroll med utvekslinga mellom menneske og natur og mellom menneske og
menneske, som når høgdepunktet sitt med den imperialistiske dominansen av dei
få over dei mange, kan vi bare lukkast med dette gjennom ein konsekvent
sosialistisk tilnærmingsmåte. Men vi må og sjå på den andre sida av saka. Det
er nemlig slik at vi ikkje kan gjennomføre den heilt naudsynte sosialistiske
omdanninga av den måten vi reproduserer oss på gjennom utvekslingsmåten med
naturen og kvarandre dersom vi ikkje kan sette i verk verkelig brukande tiltak
som løyser dei langvarige nasjonale klagemåla frå dei dominerte landa innan ei
ramme av verkelig likeverdig internasjonalisme. For det er bare ein slik
historisk tilpassa strategi som er i stand til bringe fram den positive
fellesnemnaren over at alt i dei nasjonale og internasjonale dimensjonane for
samfunnsmessig samkvem, som også kan løyse den alvorlige strukturkrisa i
samfunnsordninga vår.
9.6.5
Det
er nok slik at kapitalismen ikkje fann opp utbytting og undertrykking. For
fleire tusen år sida var det slaveopprør som blei brutalt undertrykte, og store
bondeopprør, som blei undertrykt med same brutaliteten, braut ut fleire hundre
år før kapitalen si reproduktive ordning falda seg ut og stabiliserte seg. Det
nye ved kapitalen var forsøket på å få universelt godkjent sin eigen variant av
samfunnsøkonomisk og politisk utbytting
og å få gjort han til noe varig. Det same gjeld nasjonal og etnisk
diskriminering og undertrykking. Dei har og mykje djupar historiske røter enn
dei siste tre eller fire hundre åra, sjølv om dei skadeligaste imperialistiske
mellomstatlige forholda med dominans og underordning bare vart framherskande
under herreveldet til den ”utvikla kapitalen”.
Av
dette følgjer at problem som gjeld nasjonal og etnisk diskriminering ikkje kan
bli heilt ut overvunne utan at vi er merksam på dei djupare historiske røtene
deira. Nasjonale klagemål peiker på eit mykje breiare bilete, nett som dei
gamle spørsmåla om utbytting og undertrykking. Viss vi tar omsyn til den lange
historia med hierarkisk dominans og utbytting kan angrep på den kapitalistiske
varianten bare vere ein del av svaret, sjølv om det er sant at det utgjør den
klåraste utfordringa og det klåraste utgangspunktet i vår tid. Det same er
tilfelle når det gjeld dei klåraste nasjonale motseiingane og klagemåla. Med
omsyn til begge desse setta av grunnleggande uløyste problem krev det sosialistiske alternativet følgjelig
at vi må gå laus på dei i lys av heile
det historiske perspektivet dei har og søke ned til den djupast grunnen
deira i leiting etter eit varig lækjande middel som skapar ein ny epoke. Vi må
gripe dei i deira djupast historiske røter som den kapitalistiske varianten
bare er eit skot av, same kor viktig og verdsdominerande det no er. Viss vi
ikkje gjør dette, vil eit nytt antagonistisk skot gro fram ein gong i framtida.
Når det gjeld det sosialistiske alternativet var det nett denne vekta av
klassebestemmingar gjennom heile historia som fekk Marx til å trekke ei skarp
grense mellom det han kalla ”menneska si forhistorie” og den verkelige menneskehistoria. Ei oppfatning av historia som ein
kvalitativt forskjellig måte for kontroll med produksjon og fordeling som blir
medvite dirigert i samsvar med dei måla menneska har vald, der dei
samfunnsmessige individa er dei verkelige historiske subjekta. (Dei som sjølv skapar historia. Omsettarens kommentar.)
Kampen
rundt desse livsviktige bekymringane har prega menneska si historie i tusenvis
av år, sjølv om han måtte ta nye former med endra omstende og den tilsvarande
endringa av menneska sjølve. Attila Jószef viser denne prosessen med dramatiske
samfunnsmessige og nasjonale konfliktar i den fulle historiske intensiteten sin
i det storslagne diktet Ved Donau (”A Dunánál”). Han gjør det ved bruk av
lysande poetisk fantasi og ved å spørje elva – ”som er fortid, notid og
framtid” og likevel ein uutskiljelig og personifisert del av og vitne til
menneskehistoria – for å framføre sine eigne svar. Ved å framføre visjonen sin
i form av eit inspirert vekselspel mellom poeten sine utsiktspunkt og den
gamle, mektige elva, klarer Jószef å få fram for oss alle dei tankevekkande
dimensjonane i den historiske tida med stor humanitet, saman med den djupt
følte byrda av historisk ansvar. På denne måten kan han levandegjøre dei
største fiendtlige motseiingane som er ”valdsamt utkjempa” i fortida og notida
mellom dei ”mange nasjonalitetane”, saman med rørande råd om kva løysingar dei
treng.
Slik
snakkar Attila Jószef til oss i dei siste to strofene av det store diktet:
Eg er jorda, alt som var og er,
dei mange nasjonalitetane med hang
til lagnadsfull konflikt.
Erobrarane triumferer med meg i
dauden sin,
og eg blir torturert av lidinga til
dei erobra.
Árpád og Zalán, Werböczy og Dózsa,[xxxix]
tyrkarar, tartarar, slovakar,
rumenarar sviv rundt i dette hjartet,
i djup skuld til fortida
med ei mild framtid, å, ungararar i
dag!
Eg vil arbeide. Det er hardt nok
at vi må vedgå oss fortida.
Å mektige Donau – som er fortid,
notid og framtid –
dei mjuke bølgjene flyt i rolig
omfamning.
Den fælslig utkjempa kampen til
forfedrane
løyser seg opp i fred
gjennom minnet om han.
Å egne oss til dei
felles oppgåvene, endelig å få orden på dei,
det er jobben vår; og han
er ikkje liten.
Der
vi no er i historia er vi alle utan unnatak ” i djup skuld til fortida med ei
mild framtid”. Ja, vi er i slik skuld ikkje bare til fortida svært langt
tilbake, men også til den farlig trugande notida. I skuld til ”ei mild framtid”
som vi kan halde oppe heile tida og som kan sikrast i den alternative
samfunnsmessige ordninga i menneska si verkelige
historie, godt bortanfor dei ”fælslig
utkjempa kampane” ikkje bare til forfedrane, men også dei som vi
framleis må kjempe mot dei øydeleggande maktene av i dag. Innsatsen har aldri
vore høgare, og vi kan ikkje vinne utan
å overvinne dei seige fiendtlige motseiingane og farlige konfliktane som spring
ut av nasjonale og etniske klagemål med deira mange lag og djupe røter og som i
vår tid reproduserer den giftige planten til kapitalens stadig meir
øydeleggande mellomstatlige forhold. Dei eksploderte i to øydeleggande
verdskrigar i det tjuande hundreåret og no trugar dei direkte sjølve
overlevinga til menneska.
Vi
er på overtid med å løyse dei gamle
konfliktane og fiendtlige motseiingane arva frå fortida og forverra i notida.
Men vi kan ikkje løyse oppgåva med å overvinne dei nasjonale klagemåla utan å
grave fram dei mange laga av røter, nett som motseiingane i kapitalsystemet
ikkje kan løysast gjennom reformer, men bare ved å rykke opp med rota, og det vil seie kapitalen sjølv, frå
samfunnsstrukturen. Det er ikkje nok å ”avskaffe løneslaveriet” aleine når vi
må sikte på å fjerne dei strukturelle bestemmande kvalitetane til utbytting og undertrykking i deira lange
kontinuitet og endring. Alle former og tenkelige variantar av utbytting og
undertrykking må utryddast med fast hand viss vi vil lukkast, medrekna dei
kvilande og eksplosive nasjonale og etniske klagemåla som går svært langt
tilbake i historia. Minnet deira heng ved i lang tid og medverkar ofte til at
vidare fiendtlige motseiingar bryt ut. Slike minne kan vi ikkje kurere ved
ganske enkelt å tenke annleis om fortida. Det er ei djup sanning at ”Den
fælslig utkjempa kampen til forfedrane løyser seg opp i fred gjennom minnet om
dei”. Men dette vil bare skje dersom dei historiske minna verkelig blir omskapt
gjennom å gripe inn praktisk slik at
dei nasjonale og etniske klagemåla blir retta opp på varig vis. Vi kan ikkje
utsette på ubestemt tid løysinga av desse grunnleggande problema som vi saman
bryr oss om. For å seie det med József: ”Å egne oss til dei felles oppgåvene,
endelig å få orden på dei, det er jobben vår; og han er ikkje liten”.
9.6.6
Til
sjuande og sist hadde José Martí heilt rett då han sette lys på den verkelige
tydinga av patriotisme ved å
insistere på at ”patria es humanidad”
eller at heimlandet er menneskefellesskapen. For den slags heimland – som er
kjenneteikna av at individa medvite identifiserar seg med dei positive verdiane
i fellesskapen sin – er den einaste varige og berekraftige samfunnsordninga som
ikkje kan bli riven i bitar av øydeleggande fiendtlige motseiingar. Slik sett
er det ikkje eit fjernt ideal, men det naudsynte
målet og kompasset og den naudsynte målestokken på om vi lukkast med den
sosialistiske omformingsstrategien og som peikar fram mot opprettinga av den
alternative måten for samfunnsmessig kontroll med reproduksjonen der det ikkje
kan vere noe rom for nasjonal diskriminering og klagemål som følgjer at det.
Det er den einaste brukelige internasjonale
ordninga, i den djupaste tydinga av omgrepet, i kontrast til alle forsøk på å
tvinge ei ordning på frå utsida eller ovanfrå som misslukkast i fortida og som er bestemt til å misslukkast
også i framtida.
Det
som gjør denne ordninga berekraftig og mulig å halde oppe, er at Martí sitt
heimland, som er definert i direkte forhold til menneskefellesskapen, stig fram
frå dei positive indre bestemmingane i dei delane som han er danna av og
harmoniserer alle dei særeigne utslaga av verkelig patriotisme med dei globale
vilkåra for den pågåande verksemda med å verkeliggjøre dei. Desse to
dimensjonane er uskiljelige i den sosialistiske strategien med sitt naudsynte
overordna mål og rettleiande kompass. Vi kan ikkje få til noen berekraftig
global og internasjonal utveksling utan at dei store forskjellane i folk sin
patriotiske identifisering med dei
verkelige livsforholda i samfunnet sitt veks seg saman på ein positiv måte og
omvendt – dette er eit absolutt krav i vår tid. Det kan ikkje fins ein
patriotisme som er verd namnet sitt utan å få oppretta og styrka eit
globalt/internasjonalt heimland der delane er tilpassa kvarandre og arbeider
harmonisk saman. Bare dette kan gi definisjonen av patriotismen sjølv dei
tiltrengte, positive karakteristiske eigenskapane hans. Slik fortsett den
dialektiske måten som det nasjonale og internasjonale utfyllar kvarandre å vere
eit livsviktig orienterande prinsipp i den framtida vi kan sjå for oss.
Naturligvis
må vi ikkje undervurdere den organisatoriske dimensjonen til desse problema.
Det er tvert imot slik at han får voksande viktigheit i lys av den nye trendane
i den samfunnsøkonomiske og politiske utviklinga. For dei internasjonale
aksjonane til den globale hegemoniske imperialismen, som no også tar form av
store militære vågestykke, representerer ei enorm fare for framtida. Desse
vågestykka roper etter utvikling av ei livsdyktig internasjonal ramme for
handling. Utan det kan ikkje det tiltrenge hegemoniske alternativet til
kapitalismen sin øydeleggande måte for samfunnsmessig og politisk kontroll med
reproduksjonen, vinne fram.
Utviklinga
og styrkinga av eit slikt rammeverk for sosialistisk internasjonal handling har
ein svært framtredande plass ut frå dei naudsynte strategiske priorterte oppgåvene som vi må fullføre. Vi kan ikkje
sjå på det bare som eit tilfeldig og periodisk svar på dei mest trugande
utviklingstrekka på det økonomiske planet (t.d. miljø) og det politiske planet,
men som eit samanhengande alternativ som utfaldar seg og som vi må støtte på
alle område gjennom passande former for internasjonal handling. Det vi er
opptatt av her er den historiske
aktualiteten (og naudsynet) for slike organisatoriske tiltak som blir
konsekvent følgt opp ut frå sine eigne strategiske referansar og halde oppe
ikkje bare når ekstreme utfordringar oppstår – som til dømes når folk går saman
i meir eller mindre spontant skapte masseprotestar mot imperialistiske
militæroperasjonar – men på varig basis.
Det
er ikkje til å unngå at ei alvorlig, kritisk gransking av fiaskoane i fortida
er eit av dei viktigaste vilkåra som må oppfyllast i vår tid for at vi kan
lukkast i å utvikle og styrke ein verksam internasjonal aksjonsmåte. For alle
dei fire internasjonalane klarte ikkje på langt nær å oppnå dei erklærte måla
sine, som tidligare nemnd. Viss det er slik at dårlige historiske vilkår hindra
– og verre, stansa – ei vellukka historisk utviklinga av det sosialistiske
organisatoriske alternative i fortida, er så vilkåra betre i dag?
I
lys av den aukande øydeleggingskrafta i den herskande ordninga er trongen til
tydelig framgong for dei radikale sosialistiske kreftene, som leiar for
utviklinga av det hegemoniske alternativet til kapitalens reproduksjonsording,
utan tvil svært stor i dag. Men ein slik trong er ikkje nok i seg sjølv same
kor sterk og lovande han er. For vi kan ikkje oversjå den tunge vekta av indre
splittingar i den radikale delen av den sosialistiske rørsla (i tillegg til den
lenge framherskande reformistiske avsporinga i den andre delen) slik dei
utvikla seg i fortida og fortsett å øve den plagsame splittande og negative
påverknaden sin også i dag. Dei internasjonale fiaskoane i fortida kan ikkje
bli reparert utan at vi tar laus på dette problemet, sjølv om dei historiske
vilkåra for å utvikle og halde oppe ein organisatorisk fungerande radikal
internasjonal aksjonsmåte er mykje meir gunstige i dag enn noen gong tidligare.
Med
omsyn på dette er den største forskjellen at vi har nådd det historiske stadiet
med kapitalsystemet sin strukturkrise.
I handgripelige samfunnsmessige og politiske talemåtar tyder det at noen
utvegar – som i fortida gjorde det mulig for kapitalen å handsame motsetnadene
og antagonismane sine relativt enkelt under dei periodiske konjunkturkrisene –
no har blitt blokkert, noe som produserer alvorlige komplikasjonar i framtida.
Blant
dei viktigaste stengde utvegane er det to som trer fram som særs relevante her.
Det gjeld for det første korleis kapitalen i fortida kunne få med seg den
reformistiske arbeidarrørsla på å internalisere
og aktivt fremje det uoppnåelige
løftet om ”gradvis sosialisme” og
tvillingbroren: ”parlamentarisk
sosialisme” i forskjellige delar av Europa og den oppdikta opprettinga av
sosialisme ved å ”erobre kommandohøgdene
i økonomien” i Harold Wilsons Storbritannia – og på den måten lure og
avvæpne den potensielle fienden sin. Men under det tunge trykket av kapitalen
sin strukturkrise måtte dei reformistiske partia til slutt gi opp dei innbilt
sosialistiske – men i røynda kapitulerande – strategiane sine og omdanne seg
sjølv til opne forsvararar av den herskande ordninga, slik som ”New Labour” i
Storbritannia. Denne utviklinga opna uunngåelig opp att spørsmålet om kva slags
aksjonsretning vi må følgje i framtida for å kjempe mot dei forverra
livsvilkåra for arbeidarane sjølv i dei framskridne kapitalistiske landa, same
kor lenge det måtte ta å rette på den nederlagsprega fortida.
Den
andre blokkerte utvegen er endå viktigare. Det dreier seg om at muligheita for
å løyse systemet sine stadig større problem gjennom altomfattande krig, slik dei prøvde med dei to verdskrigane i det
20. hundreåret. Eg skreiv ved starten av kapitalen sin strukturkrise, mot slutten
av Vietnamkrigen at:
..hovudet
har blitt kutta av systemet ved at den endelige sanksjonen er blitt fjerna,
nemlig: ein altomfattande krig mot verkelige eller potensielle fiendar … Å
eksportere vald er ikkje lenger mulig i den tiltrengte
massive skala. Forsøk på å gjøre det i avgrensa skala – som Vietnamkrigen[xl]-
manglar ikkje bare evna til å fungere som erstattarar for den gamle mekanismen,
men dei akselererer til og med dei uunngåelige indre eksplosjonane i systemet.
Det er heller ikkje mulig å sleppe unna i det uendelige med den ideologisk
villeiinga som den indre utfordringa
frå sosialismen var: den einaste mulige løysinga på den noverande krisen, som
ytre konfrontasjon: eit ”opprør” retta frå utlandet av ein ”monolittisk” fiende. For første gongen i historia er kapitalismen konfrontert globalt
med sine eigne problem som ikkje kan bli ”utsett” mykje lenger, heller ikkje
kan dei bli overført til det militære plan for å bli eksportert i form av altomfattande
krig.[xli]
Eg
la til i ein note til den siste setninga at ”Sjølvsagt kan ein slik krig skje, men den verkelige planlegginga og
aktive førebuinga i det opne kan ikkje fungere som ein livsviktig indre
stabilisator”.[xlii]
Det er slik sjølv om dei nykonservative ”lure gutane” i Pentagon – med teoriar
som grensar til galskap[xliii]
– er meir enn villige til ”å tenkje det utenkjelige”. Men sjølv slike ekstreme
formar for ufornuft kan ikkje fjerne dei langrekkjande verknadene til denne
stengde utvegen. For den underliggande saka er ei uløyselig motseiing innanfor
det reproduktive rammeverket til kapitalsystemet. Ei motseiing som, på den
andre sida, trer fram gjennom den ustoppelige konsentrasjonen og
sentraliseringa av kapital i global målestokk og på den andre sida, gjennom den
manglande strukturelt påtvinga evna til kapitalsystemet når det gjeld å
produsere den tiltrengde stabiliseringa i global målestokk. Sjølv dei mest aggressive militære
intervensjonane til den globale hegemoniske imperialismen – no til dags frå USA
– på forskjellige stader i verda, må mislukkast når det gjeld dette.
Øydeleggingskrafta
til avgrensa krigar, same kor mange, er svært langt frå å påtvinge alle stader,
på varig basis, den uutfordra herskarrolla til ein einaste imperialistisk
hegemonisk aktør og hans ”globale regjering” – den einaste tingen som kunne
passe med kapitalens logikk. Bare det sosialistiske hegemonisk alternativet kan
vise vegen ut at denne øydeleggande motseiinga. Det vil seie eit organisatorisk
levedyktig alternativ som fullt ut respekterer at det nasjonale og det
internasjonale tener kvarandre på ein dialektisk måte i vår tid.
9.7 Alternativ til parlamentarismen:
Sameining av den materielt reproduktive (økonomiske) sfære og den politiske
Det
naudsynte alternativet til parlamentarismen heng nøye saman med spørsmålet om
verkelig deltaking som blei diskutert
i seksjon 9.2. Tilsynelatande er den viktigaste forskjellen at mens dette
prinsippet (deltaking) er eit fundamentalt og varig regulerande prinsipp for
sosialistisk samvirke – same kor framskriden eller langt inn i framtida den sosialistiske
forma er – så tvingar trongen til å produsere eit strategisk, haldbart
alternativ til parlamentarismen seg på oss nett no på ein uunngåelig måte. Men
dette er bare det mest synlige aspektet av det viktige problemet som dreier seg
om korleis vi skal frigjøre den sosialistiske rørsla frå tvangstrøya til den
borgarlige parlamentarismen. Det har også ein annan dimensjon som dreier seg om
ei mykje breiare, og etter kvart like uunngåelig, utfordring som vanlegvis blir
omtala i den sosialistiske litteraturen som ”bortvisninga av staten”. Dei tilsynelatande uoverstigelige vanskane
med dette livsviktige prosjektet til Marx gjeld også med like stor vekt og
relevans i høve til deltaking – som
heilt autonomt, sjølvstyrt samfunn av dei fritt samverkande produsentane innan
alle område, godt bortanfor dei
formidlande hindra frå den moderne politiske staten (som er naudsynte i ei viss
tid) – og til den varige måten for å sameine den materielt reproduserande og
politiske sfæren, som det radikale alternativet til parlamentarismen slik vi kan sjå det for oss. Det er nemlig slik at når vi ser på verkeliggjøringa den
historiske oppgåva å sørgje for ”bortvisninga av staten” så er sjølvstyre
gjennom full deltaking uskiljelig frå ei overvinninga av parlamentarismen som kan
oppretthaldast over tid gjennom ei positiv form for verkelig avgjerdsprosess –
i motsetnad til ein politisk avgrensa formell og juridisk avgjerdsprosess.
Det
naudsynte med å få på plass eit haldbart alternativ til parlamentarismen spring
ut av dei historisk særeigne politiske institusjonane i vår eiga tid. Dei har
blitt omforma – til det verre, slik at dei er blitt ei lamande kraft i staden
for ei kraft for mulig framgong – utetter i det tjuande hundreåret, og har
skuffa bittert alle håp og forventningar som den radikale sosialistiske rørsla
ein gong hadde. For det ironiske og på mange måtar tragiske resultatet av mange
tiår med politisk kamp innan grensene for kapitalen sine sjølvtenande
institusjonar – kjenneteikna av at dei ymse organiserte arbeidarklasserepresentantane
tilpassa seg ”reglane for det parlamentariske spelet” – har vist seg å leie til
at arbeidarklassen har blitt totalt
fråtatt stemmerett i alle dei framskridne kapitalistiske statane under dei
tilhøva som no eksisterer. Mens dei påsto å representere dei ”verkelige
interessene til arbeidarklassen” har sosialdemokratane sin kapitulasjonen på
denne måten, i røynda fullført den vonde sirkelen til denne prosessen med
fullstendig fråtaking av stemmerett som det er umulig å sleppe ut frå utan å overvinne
det historisk anakronistiske parlamentariske systemet sjølv på ein radikal og
verkelig varig måte.
Kontrasten
mellom dei verkelig eksisterande vilkåra i vår tid og lovnadene i fortida kunne
ikkje vore større. Særlig når vi minnar oss sjølve om den politiske utviklinga
i siste tredjedelen av det nittande hundreåret og det håpet som arbeidarrørsla
hadde lagt inn i han. Som vi alle veit hadde arbeidarrørsla vist seg på den
historiske scena lenge før dette og gjort dei første framstøytane sine som ei utanomparlamentarisk rørsle. Men i den
siste delen av det nittande hundreåret fann det stad ei endring som tydde mykje
med omsyn til dette. Vi fekk danna og styrka arbeidarklasseparti med
masseoppslutnad der dei fleste orienterte seg sjølve i retning gradvis erobring
av det politiske området der dei brukte val som middel for å innføre
langtrekkande og varige strukturreformer i samfunnet som heilskap, ved å få
oppslutnad om lovendringar frå alle. I røynda klarte også massepartia til
arbeidarklassen å oppnå noen imponerande framgongar i val og som eit resultat
av det tileigna dei seg og framelska ein svært problematisk forventing om same
type suksess også med omsyn til dei materielle makttilhøva i samfunnet ”når tida er inne”. Slik blei den
sosialdemokratiske reformismen dominerande innan arbeidarklassepartia i dei
mektigaste kapitalistiske landa, og det sette den radikale fløya av
arbeidarrørsla ut på sidelinja i fleire tiår.
Men
”når tida er inne” kom aldri og kunne aldri komme. Heilt frå starten kunne det
ikkje vere noe anna enn ei sjølvmotseiing å innføre ei radikalt forskjellig
samfunnsmessig ordning innan dei sjølvtenande målestokkane til kapitalen sin
samfunnsmessige kontroll med utvekslinga mellom menneske og natur og mellom
menneske og menneske. Det lenge lova landet som stadig blei proklamert innan
desse strategiane kunne bare vere ei rolig rusling mot soriamorialandet i ei eventyrframtid anten no det blei kalla ”gradvis overgang til sosialisme” slik
Bernstein og hans følgjesveinar gjorde, eller ”erobring av kommandohøgdene i økonomien” slik Harold Wilson og
andre gjorde, for til slutt å bli høglydt og fullstendig forlate av det britiske ”New Labour” – og av tyske og mange andre
sosialdemokratiske parti over heile verda.
I
tillegg blir problemet endå alvorligare fordi noen av dei viktigaste partia til
det radikale venstre, som også hadde vore vellukka i val, følgde den same
øydeleggande vegen som dei partia dei hadde kritisert høglydt og tatt avstand
frå. Og det var parti som var danna under den Tredje Internasjonalen og som
kraftfullt og direkte hadde fordømt den uomgjengelige historiske mislukkinga
til den sosialdemokratiske Andre Internasjonalen. I denne samanheng er det nok
å tenke på ” den parlamentariske vegen til sosialismen” som dei italienske og franske
kommunistpartia følgde. Ja, det er verkelig slik at det italienske
kommunistpartiet (ein gong partiet til ein ikkje mindre revolusjonær person enn
Antonio Gramsci) døypte seg sjølv om til ”Venstredemokratane” slik at dei fullt
ut kunne tilpasse seg til å tene kapitalens ”demokratiske” ordning. Dei gjorde
dette etter å ha kasta seg på den andre fantasistrategien, nemlig ”det store
historiske kompromiss”, mens dei såg bort frå eller verkelig glømte at det
trengs to for å inngå eit kompromiss, elles kan ein bare kompromittere seg
sjølv. Og når vi hugsar at Mikhail Gorbatsjov, generalsekretæren i
Sovjetpartiet – en gang Lenins eige parti, tiltok seg sjølve makta og retten
til å oppløyse partiet ved dekret, og
verkelig kunne sleppe unna eit slikt autoritært tiltak i namnet til glasnost og demokrati, skulle det vere
eit klårt teikn på at noe som var grunnleggande feil måtte rettas oppatt når
det gjeld desse sakene. Lengt etter fortida kan ikkje gi oss noen løysingar på
dei underliggande problema. Alt dette er ikkje sagt som ”etterpåklokskap”.
Dette er eit uttrykk som er vanlig for avbøye kritikk frå og rettferdiggjøre
dei misslukka strategiane i fortida saman med dei folka som var ansvarlige for
å påtvinge dei, som om det ikkje fans noe alternativ til å følgje ei slik
handlingsretning inntil ”etterpåklokskapen” kom til syne på horisonten, og sjølv då blei sett på
sidelinja og gjort makteslaus med sjølvrettferdig sarkasme. Den historisk
dokumenterte verkelige tilstanden kunne ikkje ha vore meir forskjellig. For dei
mest framsynte og djupt involverte folka, som fremma eit radikalt sosialistisk
alternativ, og som var aktive på den tida då den store avsporinga av den
organiserte sosialistiske rørsla auka på – Lenin og Rosa Luxemburg –
diagnostiserte klårt farane som oppstod og viste, ikkje som ”etterpåklokskap”,
men midt oppe i det, kor teoretisk og politisk tomme dei ”evolusjonære”
reseptane var som ikkje kunne bli verkeliggjort. På eit endå tidligare stadium
av denne prosessen mot endelig kapitulering og integrering inn i det borgarlige
parlamentariske systemet gav også Marx ei åtvaring som ikkje var til å ta feil
av då han i Kritikk av Gothaprogrammet insisterte
på at det ikkje måtte vere noe kompromiss på prinsipp, men det blei ei røyst i
øydemarka.
Den
organiserte arbeidarrørsla måtte hauste sine eigne erfaringar same kor bitre
dei til slutt blei. Gjennom ein lang historisk periode frametter såg det ut som
om det ikkje fans noe anna alternativ enn å følgje det uoppnåelige løftet frå
”linja med den minste motstands veg” for det store fleirtalet av
arbeidarrørsla. Løftet om og freistinga til å løyse dei svært komplekse
problema i samfunnet gjennom dei relativt enkle prosessane til den
parlamentariske lovgivinga var for store til å bli ignorert eller forbigått før
bitter røynsle avslørte at den strukturelt nedgrave og påtvinga ulikskapen, når
det galdt dei materielle makttilhøva til kapitalens fordel, måtte vinne fram
også under den institusjonaliserte politiske tilstanden med ”demokratisk val”
og ”likskap” sikra i val, men der dette i
røynda er strengt formelle saker og ikkje noe verkelig. I røynda var den
objektivt sikra, institusjonelle fella for arbeidarrørsla endå meir komplisert
på grunn av den korrumperande påverknaden frå valmaskineriet og den orsakande
ideologien innretta på ”å søke majoritet” som var knytt til han. Rosa Luxemburg
peikte på desse sidene ved problema for lenge sidan:
Parlamentarismen
er den plassen der alle dei opportunistiske tendensane som nå fins i det
vestlige sosialdemokratiet veks fram… [han] gir grobotn for slike illusjonar
innan den noverande opportunismen som overvurdering av samfunnsmessige
reformer, klassesamarbeid, partisamarbeid, håp om fredelig utvikling mot
sosialismen, osb… Med veksten av arbeidarrørsla
blir parlamentarismen springbrettet for politiske karrieremakarar. Det er
grunnen til at så mange ambisiøse mislukka personar flokkar seg under fanene
til dei sosialistiske partia… [Målet er å] oppløyse
den aktive, klassemedvitande delen av proletariatet til ein utflytande (amorphous)
masse ”veljarar”.[xliv]
Naturligvis
kunne den perverst sjølvtenande ideologien, som let som han har demokratisk
respekt for den mytiske veljarskaren, bli passande brukt med det målet å
kontrollerer politiske parti på eigenmektige måtar og ofte gjennom korrupsjon,
og som nullar ut muligheita til å innføre sjølv mindre ”gradvise reformer”,
slik som den nedslåande resultatlista frå det tjuande hundreåret klårt viser,
noe som gir det resultatet at arbeidarklassen blir fullstendig fråtatt
stemmeretten sin. Derfor er det ikkje på noen måte tilfeldig at forsøka på å
innføre større samfunnsmessige endringar – i dei siste femten åra til dømes i
Venezuela og no i Bolivia – har vore kopla saman med ein kraftfull kritikk av
det parlamentariske systemet og at opprettinga av grunnlovgivande forsamlingar
var det første skrittet mot dei tilrådde langtrekkande omdanningane.
9.7.2
Det
er eit viktig teikn at kritikk av det parlamentariske systemet er mest like
gamalt som parlamentarismen sjølve. Framlegginga av dei manglane som er
ulækjelige sett frå eit radikalt perspektiv, begynte ikkje med Marx. Rousseau
tok utgangspunkt i at makta tilhører folket og at det derfor ikkje kan avytrast
på rettferdig vis, og han hevda på grunnlag av dette at det heller ikkje kan
omdannast, på legitime måtar, til noen form av overgjeving av makt til
representantar heller:
Dei
som folk vel er derfor ikkje, og kan derfor ikkje vere, deira representantar;
dei er bare tenarane deira og kan ikkje sette ut livet avgjørande handlingar.
Kvar lov som folket ikkje har underskrive/godkjent et null verd – i røynda er
det ikkje ein lov i det heile. Folket i England ser på seg sjølv som frie; men
dei tar grovt feil; dei er frie bare under vala til medlemmer av Parlamentet.
Så snart som desse er valde overtar slaveriet og det er ikkje noe. Slik som
folket brukar dei korte fridomsaugneblinkane dei nyter, så viser det sannelig
at det fortener å miste dei.[xlv]
Samstundes
understreka også Rousseau det viktige punktet at sjølv om lovgivinga ikkje ein
gong kan skiljast frå folket gjennom parlamentarisk representasjon, så må vi
sjå på administrative og ”utførande” funksjonar i eit anna lys. Han formulerte
det slik:
Når
det gjeld utøvinga av lovgivande makt kan ikkje folket bli representert; men når
det gjeld den utøvande makta, som bare er krafta som blir sett inn for å sette
lova i kraft, både kan og bør dei bli representerte.[xlvi]
Slik
sette Rousseau fram ein mykje betre fungerande versjon av politisk og
administrativ makt enn han har fått kreditt for og blitt klaga for av
kritikarane sine, sjølv dei på venstresida. Gjennom den tendensiøse
feilframstillinga av Rousseau si stilling når det gjeld begge dei svært viktige
prinsippa i teorien hans, som i tilpassa form er brukande også av sosialistar, blitt
fråkjent kvaliteten sin og kasta over bord. Likevel er sanninga i denne saka på
den eine sida at den grunnleggande avgjeringsmakta aldri skal fjernast frå dei
breie massane av folket. Samstundes er det på den andre sida slik at det å sett
ut i livet særskilte administrative og utførande funksjonar på alle område av
den samfunnsmessige reproduksjonsprosessen sjølvsagt kan bli delegert for ei
bestemt periode til medlemmer av eit gitt samfunn, under føresetnad av det er
gjort ut frå reglar som er sett sjølvstendig av dei fritt samanslutta
produsentane og skikkelig kontrollert av desse gjennom alle trinn av den
verkelig bestemmande prosessen.
Derfor
ligg ikkje vansken i dei to grunnleggande prinsippa sjølv som Rousseau
formulerte, men i korleis dei skal knytast til kapitalen sin materielle og
politiske kontroll av den samfunnsmessige stoffskifteprosessen. For oppbygginga
av ein sosialistisk måte å ta bestemmingar på vil krevje at vi går inn i og
radikalt omstrukturerer kapitalen sitt antagonistiske materielle område. Det må
til for få ein avgjeringsprosess som både er i samsvar med prinsippet om at
bestemmingsmakta ikkje kan fjernast frå folket (dvs. ”makta” til arbeidarane
ikkje som ein særskild klasse, men som ein universell tilstand i samfunnet) og
at det fins delegering av spesielle rollar og funksjonar under veldefinerte
reglar som er smidig distribuerte og passande overvaka. Dette er ein prosess
som verkelig må gå mykje lengre enn det som kan bli regulert på ein vellukka
måte under dei tankane som kan avleiast frå Rousseau sitt prinsipp om
folkesuverenitet som ikkje kan fråtakast og den påfølgande delegeringa. Med
andre ord vil den ”lovgivande” prosessen under den sosialistiske ordninga måtte
vere smelta saman med sjølve produksjonsprosessen på ein slik måte at den
naudsynte horisontale arbeidsdelinga[xlvii]
kan vere passende utfylt av eit system med sjølvbestemt koordinering av arbeid, frå dei lokale til dei globale plan.
Dette
forholdet står i skarp kontrast til kapitalen si vertikale arbeidsdeling[xlviii]
som blir utfylt av ”maktskiljet” i eit framandgjort ”demokratisk politisk
system” som utan å kunne endrast blir pressa på dei arbeidande massane. For den
vertikale arbeidsdelinga under kapitalens
herredømme påverkar og smittar på ein ulækjelig måte kvar fasett av den
horisontale arbeidsdelinga også, frå dei enklaste funksjonane til dei mest
kompliserte balanserande prosessane i den juridiske jungelen. Dei sistnemnde er
ein stadig tettare juridisk jungel fordi dei uendelige tillegga av nye reglar
og institusjonelle utvekstar må spele sin livsviktige del når det gjeld å halde
under stram kontroll den verkelige og potensielt utfordrande oppførselen til
den motvillige arbeidsstyrken, og vakte over avgrensa arbeidskonfliktar og
sikre kapitalens altomfattande herredømme i det heile. Dei må også skape semje,
innan kvar avgrensa tidsperiode i den historiske prosessen som faldar seg ut,
mellom dei skilde interessene til dei mange kapitalane med den ukontrollerbare
dynamikken til heile den samfunnsmessig kapitalen som tenderer i retning
av til slutt å hevde seg som ein global
einskap.
Dei
grunnleggane endringane som trengs for å sikre og halde oppe den sosialistiske
omdanninga av samfunnet kan naturligvis ikkje bli oppnådd innanfor det politiske området som er danna og forbeina gjennom dei
siste fire hundre åra med kapitalistisk utvikling. For den utfordinga som vi
ikkje slepp unna når det gjeld dette gjør det naudsynt å løyse eit svært
forvirrande problem: nemlig at kapitalen er den fremste utanomparlamentariske krafta i den samfunnsmessige ordninga vår, og
likevel samstundes dominerar
folkeforsamlinga frå utsida, mens han let som han bare er ein del av han,
og seier at han opererer i forhold til arbeidarklassen sin alternative
politiske kraft på heilt likeverdig
grunnlag.
Sjølv
om denne tilstanden gjennom verknaden sin er djupt villeiande, er ikkje vår
bekymring bare eit spørsmål om det villeiande skinnet som dei politiske
representantane for arbeidarrørsle er offer for. Det er med andre ord ikkje ein
tilstand som dei folka som no er bedradde kan rive seg ut av gjennom passande
ideologisk og politisk opplysning, utan trong til å endre radikalt den godt
forankra samfunnsmessige reproduksjonsordninga. Uheldigvis er det mykje
alvorligare enn det. For det falske skinnet sjølv veks ut av objektive strukturtrekk, og det blir
stadig forsterka av dynamikken i kapitalsystemet gjennom alle omdanningane av
det.
9.7.3
På
ein måte kan det underliggande problemet kort karakteriserast som den historisk
skapte skilnaden av politikken, som
blir følgt i parlamentet og dei ymse institusjonelle vedhenga det har, frå
samfunnet sin materielle reproduktive
dimensjon, slik som det sistnemnde ligg i og praktisk blir fornya i mengda
av produktive føretak. På grunnlag av ei tilfeldig
historisk utvikling måtte kapitalismen, som ei samfunnsmessig reproduktiv
ordning, utvikle og hevde seg sjølv mot dei framherskande politiske og
materielt-produktive hindringane i føydalismen. I starten tok dette ikkje form
av ei einskapelig, politisk kraft som gjekk rakt mot den føydalske politiske
ordninga – dette siste skjedde relativt seint på det trinnet då det var
sigerrike borgarlige revolusjonar i noen større land, på ei tid då det
materielle grunnlaget som var gunstig for dei kapitalistiske prosessane var
godt utvikla i desse samfunna – men gjennom at det oppstod ei mengd produktive
føretak som var fri frå dei politiske hindringane i den føydale liveigenskapen,
etter som dei materielt sett erobra ein stadig større del av den dynamisk
endra, heilskapelige samfunnsmessige produksjonsprosessen.
Historisk
vaks kapitalen fram i ei mengd produktive føretak som strevde etter å komme fri
frå dei grensene føydalismen sette for utviklinga deira. Då dei var blitt mange
og store nok var dei og blitt den største krafta i den samfunnsmessige
reproduksjonsprosessen.
Men
den vellukka framrykkinga til dei materielle reproduktive einingane var i seg
sjølve langt frå slutten på historia, til tross for dei einsidige teoretiske
tankespinna som følgde med. Dette var ikkje til å unngå fordi den politiske
dimensjonen alltid var til stades i ei eller anna form, og i røynda måtte han
spele ei stadig større rolle jo meir utvikla det kapitalistiske systemet blei,
sjølv kor særeigen denne utviklinga var. For den store mengda med materielle
reproduktive einingar som drog i kvar si retning måtte på ein eller annan måte
bli trekt saman under den altomfattande kommandostrukturen til den
kapitalistiske staten, slik at den nye ordninga for samfunnsmessig
stoffveksling ikkje skulle falle frå kvarandre på grunn av fråver av ein
samlande dimensjon.
Ønsketenkinga
om den allmektige regulerande ”usynlige
hand” viste seg å vere ei passande alternativ forklaring på den viktige
rolla som politikken i røynda spelte. Illusjonane som naudsynt blei knytt til
den kapitalistiske utviklinga som utfalda seg, blei godt illustrert av det
faktum at ein framståande person i klassisk politisk økonomi, nemlig Adam
Smith, ville bannlyse heilt ”politikaren, folkeforsamlinga, senatet og kva
som helst slikt frå å blande seg inn i
økonomiske saker på noko viktig vis”, mens han avskreiv heile ideen som slik
innblanding som ”ein farlig galskap og ei farlig antaking”. Og dette gjorde han
på den tida då systemet var blitt stadig meir konsolidert og også politisk
sikra i Storbritannia av den kapitalistiske staten, etter den vellukka sigeren
over den føydale motstandaren eit hundreår tidligare i borgarkrigen og ”den
ærefulle revolusjonen”. [xlix]
Det
faktum at Adam Smith tok denne stillinga er forståelig sidan han meinte at
kapitalens reproduktive ordning representerte ”det naturlige systemet for perfekt fridom og rettferd”.[l]
Det følgjer at det i ei slik oppfatning av den reproduktive ordninga ikkje
kunne vere korkje trong for, eller tillate rom
for å tenke at politikken skulle gripe regulerande inn. For, slik Smith såg
det, kunne politikken bare virke inn på eit slikt ”naturlig system”, som han
meinte var i fullt samsvar med krava til fridom og rettferd, på ein fiendtlig
og skadelig måte, sidan det alt var ideelt bestemt på førehand som noe godt for
alle gjennom naturen sin[li]
og som perfekt administrert av den ”usynlige handa”.
Det
som mangla fullstendig i Adam Smith sitt bilete var det avgjørande spørsmålet
om verkelig eksisterande maktforhold i
indre konflikt. Utan dette kan ikkje dynamikken i den kapitalistiske
utviklinga bli forklart, men dersom ein vedkjenner seg dette vil det blir
absolutt naudsynt å gi ein passande form for politisk forklaring også. I
Smith sin teori blei plassen til konfliktfylte maktforhold tatt av ein mytisk
oppblåst tanke om den ”lokale situasjonen”
kopla saman med ideen om dei tilsvarande særeigne føretaka som var lokalt eigd
av reint egoistiske individ som medvite, men likevel ideelt sett til fordel for
heile samfunnet, dreiv den produktive kapitalen sin under den mystiske leiinga
av den ”usynlige hand”. Denne lokalinnretta individualistiske, og likevel
harmonisk altomfattande og universelt gunstige oppfatninga av kapitalens
uoverstigelige konfliktfylte maktforhold var svært langt vekke frå røynda,
sjølv på Adam Smiths tid.
Den
store mangelen ved desse forskjellige antakingane, som det er mange av sjølv i
de tjuande hundreåret, var at dei ikkje klarte å erkjenne og forklare teoretisk
det indre objektive sambandet mellom den materielt reproduktive dimensjonen og
politiske dimensjon i kapitalsystemet, som alltid vil vere framherskande til
tross for det villeiande skinnet av at dei er skilde på ein måte som ikkje kan
endrast. I røynda er det ikkje mulig at den etablerte samfunnsmessige kontroll
med stoffskiftet kunne ha fungert og overleve ei viss tid utan det indre
forholdet mellom dei to dimensjonane.
Men
det er like naudsynt å understreke i denne samanhengen at det paradoksale
samspelet mellom dei to avgjørande dimensjonane i kapitalsystemet, som er
villeiande på utsida, men rotfesta i objektive strukturelle bestemmande trekk,
har langtrekkande implikasjonar også når det gjeld å innføre det sosialistiske
alternativet. For det er utenkelig å verkelig overvinne den etablerte ordninga
ved å kaste den kapitalistiske staten gjennom politisk aksjon[lii],
for ikkje å snakke om å vinne over utbyttingskreftene innan dei gitte rammene
til den parlamentariske lovgivinga. Når vi prøver å gjøre det, kan vi ikkje på
varig vis ta opp det sambandet som er naudsynt, men oppdelt i forvirrande
smådelar, mellom det nedarva kapitalsystemet sine materielt reproduktive og
politiske dimensjonar. Dette er grunnen til at ein historisk haldbar, radikal
gjenoppretting av den uoppløyselige einskapen av den materielt reproduktive og
den politiske sfære på varig vis er og fortsett å vere det viktigaste kravet
når det gjeld å opprette den sosialistiske måten for samfunnsmessig kontroll
med stoffvekslinga.
9.7.4
Sjølv
i skriftene til dei største og mest progressive borgarlige intellektuelle var
det ei uunngåelig følgje av at dei såg verda frå kapitalen sin synsstad, at dei
oversåg eller såg bort frå dei harde realitetane i kapitalen sine konfliktfylte
maktforhold, og framfor alt at dei i staden for den autoritære underkastinga og
rå dominansen av arbeidarane innan desse maktforholda sette tilsynelatande
”likskap” mellom alle individ. Den blodige historia til den ”primitive
akkumulasjonen”[liii]
blei fjerna heilt frå starten av fordi dei tok kapitalen sin synsstad då den
framveksande nye herskarklassen fortsette dei godt sikra utbyttingsmetodane til
den førre herskarklassen – den føydale landeigedommen – sjølv om det gikk føre
seg i ei ny form og slik igjen sette i relieff den viktige historiske
kontinuiteten av forskjellige variantar av eldgammal klasseundertrykking og
utbytting.
På
det felles grunnlaget som spring ut av denne likskapen, passane omdefinert i
samsvar med kapitalen sin natur og til tross for den påståtte trua på ”fridom
og likskap”, måtte den varig naudsynte
føresetnaden for den nye produksjonsordninga bli halden oppe, det vil seie
det ”frie arbeidet”, den eksklusive
eigedomsretten som eit ørlite mindretal hadde til dei avgjørande viktige,
kontrollerande produksjonsmidla, mens det overveldande fleirtalet i samfunnet
var utelukka frå dei – ei ordning som til sjuande og sist var politisk sikra av staten.
På
same tid måtte den brutale realiteten når det galdt den tvungne utelukkinga av
fleirtalet av folkesetnaden frå den kontrollerande makta i den samfunnsmessige
ordninga både på det materielt/reproduktive så vel som det politisk/ideologiske
området, bli teia i hel innanfor det sjølvbiletet som passa til nye måten for
samfunnsmessig kontroll med stoffvekslinga. Det galdt og i dei beste
sjølvbileta som kunne tenkast sett frå kapitalen sin sjølvtenande synsstad. På
denne måten kan den villeiande skillinga av politikken frå den materielt
reproduktive dimensjonen både oppfylle den konservative ideologiske og
kulturelle funksjonen sin og samstundes bli feira som uovervinnelig. Hegel gav,
for eksempel, i sitt system den mest geniale, filosofisk absolutte skillinga av
den egoistiske materielle røynda i ”det sivile samfunn” og den politiske,
”etiske staten” som han sette opp som den ideelle korrigeringa av dei
uunngåelige veikskapane i ”det sivile samfunn”. Ved å snu om på den verkelige årsaksfølgja skildra Hegel, på villeiande
vis, den avgjørande viktige bestemminga å vere
seg sjølv nok som noe som sprang
direkte ut av individa sjølve, endå om ho i røynda låg innbakt i kapitalen sitt
uoverstigelige, ontologiske grunnlag og blei påtvinga individa som ikkje kunne
velje seg vekk frå å handle innan rammene for den gitte samfunnsmessige
ordninga for stoffskiftet. Følgjelig måtte individa ta til seg, som ein eigenskap inne i dei sjølv, systemet sin objektive sjølvaukande trong (det vil
seie systemet sin sjølvtenande, uforanderlige trong til å dominere alle aspekta
i samfunnet på den måten) som kapitalsystemet ikkje kunne leve utan, som om
sjølvauke sprang ut av deira indre kjerne av naturbestemte personlige mål og
hensikter, slik som dei tenkte seg at Pallas Athene sprang fullt væpna ut av
Zevs sitt hovud. På denne måten var ikkje bare Hegel i stand til å produsere
ein filosofisk absolutt dualisme av kapitalen si samfunnsmessige ordning, men
også på same tid få til ei forgylling av den historiske utviklinga som
samsvarte med ”verkeliggjøringa av fridom”
innan denne ordninga, som ”den sanne Theodicea:
rettferdiggjøringa av Gud i historia”.[liv]
Den
kritiske vurderinga av desse førestellingane, i alle sine variantar, er høgst
vesentlig også i dag. Dersom vi held fram med ei førestelling av forholdet
mellom det sivile samfunn og den politiske staten som seier at dei er to delar
som ikkje heng nært saman (dualisme), kan det bare føre med seg strategiar som
fører til at vi går vill, same kva side av den tosidige oppfatninga som får
førsterang når vi skal handle. Det urealistiske i parlamentariske framstøytar
er like gale som forventningar som er knytt til ideen om å løyse dei største
problema våre gjennom den naive tiltrua til den institusjonelle motmakta i det
sivile samfunn.
Å
ta ei slik stilling kan bare gi som følgje at vi blir fanga i ei svært naiv
oppfatning av naturen til ”det sivile samfunn” sjølv og av ei fullstendig
ukritisk haldning til den store mengda av NGOar som, til tross for at dei
karakteriserer seg sjølve som ”ikkje regjeringstilknytte organisasjonar”,
eksisterer i lykkelig sameksistens med dei dominerande tilbakeliggande
statsorgana som dei er avhengige av for den finansielle eksistensen sin. Og sjølv
om vi tenkjer at noen organisasjonar er mykje viktigare enn dei vi kallar
NGOar, slik som fagorganisasjonane, så
er ikkje situasjonen mykje betre med omsyn til dei. Følgjelig er det ikkje noe
anna enn romantisk ønsketenking å handsame fagforeiningane, i motsetnad til dei
politiske partia, som om dei aleine tilhøyrer ”det sivile samfunn” og derfor
kan bli brukt mot den politiske staten for å få til ei djup sosialistisk
omdanning. For i røynda er den institusjonelle sirkelen til kapitalen danna av ein gjensidig heilskap av det sivile
samfunn og den politiske staten som treng djupt inn i kvarandre og støttar
kvarandre på kraftfulle måtar. Det kan ikkje finnast noen realistisk strategi
for sosialistisk omdanning dersom vi ikkje følgje opp verkeliggjøringa av
einskap mellom dei politiske og materielt reproduktive dimensjonane også på det
organisatorisk området. I røynda ligg det store frigjørande potensialet til
fagorganisasjonen nett i at dei har evna til å spele ei radikal politisk rolle
( i det minste i prinsippet) som går langt ut over den ganske konservative
rolla som dei no i det store og heile har, i eit medvite forsøk på å overvinne
den lagnadstunge skilnaden mellom arbeidarrørsla sin ”industrielle arm” og hennar ”politiske
arm” (dei parlamentariske partia) som er splitta i stykkar under den
kapitalistiske inngjerdinga av begge ved at fleirtalet i arbeidarrørsla har
godtatt den parlamentariske dominansen i dei siste hundre og tretti åra.[lv]
At
arbeidarklassen trådde fram på den historiske scena var bare ein upassande ettertanke etter det
parlamentariske systemet som var danna godt før dei første organiserte kreftene
til arbeidarklassen prøvde å heve stemma si offentlig for å fremme
klasseinteressene sine. Frå kapitalen sitt standpunkt var det raske svaret ovafor
ein slik upassende, men veksande ”plage” ei uhaldbar utestegning og forkasting
av dei politiske gruppene det galdt. Men seinare blei det følgt opp av den
mykje meir tilpassingsdugelige ideen om å temje
kreftene i arbeidarrørsla på noe vis, først gjennom paternalistisk
parlamentarisk sponsing av noen av krava til arbeidarklassen frå dei relativt
progressive borgarlige politiske partia og seinare gjennom å dei godtok at det
var legitimt for noen arbeidarparti å komme inn i sjølve folkeforsamlinga. Dette
skjedde sjølvsagt i ei strengt regulert
form gjennom at dei blei tvinga til å godta dei ”demokratiske reglane i det
parlamentariske spelet”. Det tydde uunngåelig at desse partia ikkje gjorde
noe mindre enn å ”gå frivillig med på” sin eigen effektive tilpassing, sjølv om dei i
ganske lang tid kunne oppretthalde illusjonen om at dei, når tida var inne,
skulle snu situasjonen til fordel for seg sjølve gjennom parlamentarisk aksjon.
På
denne måten blei den opphavlige alternative utanomparlamentariske
krafta til arbeidarrørsla omdanna til ein varig underlegen parlamentarisk
organisasjon. Sjølv om denne utviklinga i starten kunne forklarast av den
tydelige veikskapen til den organiserte arbeidarrørsla og derfor
rettferdiggjøre det som verkelig skjedde, så er det halde på denne forklaringa
å støtte dei som går inn for den sosialdemokratiske blindgata. For det radikale alternativet med å samle styrke
og manifestere seg utanfor
folkeforsamlinga kan ikkje bli avfeia så lett, som om det verkelig radikale
alternativet i utgangspunktet var umulig. Dette i kontrast til den strategien
som er blitt følgt i mange tiår som har toppa seg i den fullstendige fråtaking av stemmeretten til arbeidarklassen
under førehavande av å ”samle styrke”. Det gjeld spesielt fordi trongen til
varig utanomparlamentarisk aksjon er absolutt livsviktig for framtida til ei
radikal, nydanna sosialistisk rørsle.
9.7.5
Den
manglande realismen i å sjå for seg ei haldbar løysing på dei alvorlige
problema i den samfunnsmessige ordninga vår innanfor det formelle og juridiske
rammeverket og dei tilhøyrande hindringane i den parlamentariske politikken
kjem av ei grunnleggande misoppfatning av dei strukturelt bestemmande
eigenskapane i kapitalens herrevelde, slik det kjem fram i alle variantar som
held på den dualistiske delinga i det sivile samfunn og den politiske staten.
Vansken,
som ikkje er til å komme forbi innanfor rammene til det parlamentariske
systemet, er at kapitalen har råd til å definere den utskilde sfæren for politisk
legitimitet som ei strengt formell og
juridisk sak fordi han i røynda
har kontroll over alle vitale sider av den samfunnsmessige stoffomsetninga og
ved denne kontrollen utelukkar han naudsynt muligheita til å bli legitimt
utfordra i den verkelige sfæren, der den samfunnsøkonomiske reproduktive
operasjonen finn stad. Direkte eller indirekte kontrollerar kapitalen alt, medrekna den parlamentariske
lovgjevingsprosessen, sjølv om denne er tenkt som å vere heilt uavhenging av
kapitalen innan mange teoriar som på eventyrlikt vis framhevar den
”demokratiske likskapen” til alle dei politiske kreftene som deltar i
lovgjevingsprosessen. For å sjå for seg eit heilt anna tilhøve til dei
bestemmande maktene i samfunna våre, som no er fullstendig dominert av
kapitalkreftene på alle felt, er det naudsynt med ei radikal utfordring av
kapitalen sjølv som den altomfattande
kontrolløren over den samfunnsmessige utvekslinga.
Problema
når det gjeld dette, som blir gjort enno vanskeligare for alle som ser etter ei
løysing i kanten av det etablerte politiske systemet, er at dette sistnemnde
kan hevde at det sjølv har genuin konstitusjonell legitimitet innan den
noverande funksjonsmåten på grunnlag av
ei historisk oppstått omkasting av
den verkelige tilstanden i dei materielt reproduktive aktivitetane. For i den
grad kapitalisten trer fram, ikkje bare som ”kapitalens personliggjøring”, men
også som ”ei personliggjøring av arbeidet sin samfunnsmessige karakter, av heile samfunnsfabrikken”[lvi],
kan systemet hevde krav på å representerer dei livsviktig naudsynte produktivkreftene
i samfunnet ovafor individa, som grunnlaget for den fortsette eksistensen
deira, som omfattar alle menneska sine interesser. Slik kan kapitalen stå fram ikkje bare som den reelle
makta, men også som den legale makta
i samfunnet, og med det som det konstitusjonelle grunnlaget for sin eigen
politiske orden. Det faktum at den konstitusjonelle legitimiteten til kapitalen
historisk er grunnlagd på den omsynslause oreigninga av vilkåra for den
samfunnsmessige stoffomsetninga i reproduksjonen – arbeidsmidla og
arbeidsmateriala – frå produsentane og at kapitalen sitt krav på å vere
”konstitusjonell” (lik opphavet til alle konstitusjonar) er ukonstitusjonell,
det er ei lite smakande sanning som fortapar seg i den fjerne fortida. Dei ”samfunnsmessig produktive kreftene til
arbeidet, eller dei produktive kreftene
til samfunnsmessig arbeid utviklar seg først historisk med den særeigne
kapitalistiske produksjonsmåten, og så ser dei ut som noe som ligg i
kapitalforholdet og er uskiljelig frå det.”[lvii]
Det
er på denne måten kapitalens måte for samfunnsmessig stoffskifte i
reproduksjonen blir gjort evig og
legitimert som eit lovlig system som ikkje kan utfordrast. Legitim
opposisjon kan bare tillatast når det gjeld mindre
viktige sider ved den overgripande strukturen som ikkje kan endrast. Det
verkelige tilhøvet når det gjeld samfunnsøkonomisk reproduksjon, dvs den
produktive krafta som verkelig blir utøvd av arbeidarane og det absolutte
naudsynet av dette for å sikre kapitalen sin eigen reproduksjon, forsvinn ut av
syne. Det skjer delvis ut frå mangel på kunnskap om det historiske opphavet til
kapitalens ”primitive akkumulasjon”, som langt frå var legitimt og den ofte
valdelige oreigninga av eigedom som følgde med som føresetnad for
funksjonsmåten til systemet i dag, og delvis ut frå den villeiande naturen til
dei etablerte produksjons- og distribusjonsforholda. Som Marx seier:
Det
ser ikkje ut som dei objektive forholda
til arbeidet er underlagt arbeidaren; det ser ut som han er underlagt dei.
Kapitalen tilset arbeid. Sjølv dette
enkle tilhøvet er ei personliggjøring av ting og ei
tingliggjøring av personar.[lviii]
Vi
kan ikkje utfordre eller kurere noe av dette innan rammene av parlamentariske
politiske reformer. Det ville vere
heilt absurd å vente at vi kan fjerne ”personliggjøringa
av ting og tingliggjøringa av personar” gjennom eit politisk vedtak, og
akkurat like absurd å vente at noen skal fremme ein slik ønska reform innan
rammene for kapitalens politiske institusjonar. For kapitalsystemet kan ikkje
fungere utan den perverse omkastinga av tilhøvet mellom personar og ting:
kapitalens framandgjorte og tingliggjorte krefter dominerer folkemassane. På
same måte ville det vere eit mirakel om arbeidarane som står mot kapitalen i
arbeidsprosessen som ”isolerte arbeidarar” kunne ta makta over dei
samfunnsmessige produktivkreftene til deira eige arbeid gjennom eit eller anna
politisk vedtak, eller sjølv gjennom ein heil serie av parlamentariske reformer
som blei vedtatt under kapitalen si ordning for samfunnsmessig kontroll over
stoffskiftet. For i desse sakene slepp vi ikkje på noen måte unna den
uløyselige konflikten der det materielt sett gjeld ”anten/eller”.
Kapitalen
kan korkje gi frå seg sine – ulovlig tileigna – samfunnsmessige produktive
krefter til fordel for arbeidet, eller dele
dei med arbeidet, takka vere eit ønskt, men heilt illusorisk ”politisk
kompromiss”. For dei utgjør den overgripane kontrollerande makta over den
samfunnsmessige reproduksjonen i form av ”rikdommens
herredømme over samfunnet”. Derfor er det, innan området for den
grunnleggane samfunnsmessige stoffvekslinga, umulig å sleppe unna den harde
logikken til anten/eller. For anten
er det slik at rikdommen, i kapitalen sin skikkelse, fortsett å herske over
framandgjort og tingliggjort rikdom, eller så lærer samfunnet av samanslutta
produsentar å herske over framandgjort og tingliggjort rikdom, der produktive
krefter spring ut av det sjølvbestemte
samfunnsmessige arbeidet til dette samfunnet sine individuelle, men ikkje
lenger isolerte medlemmer.
Kapitalen
er den utanomparlamentariske krafta framfor alle. Det er ikkje mulig
å avgrense ho politisk gjennom parlamentet når det gjeld kapitalen si makt som
samfunnsmessig kontroll over stoffskiftet. Dette er grunnen til at den einaste
måten for politisk representasjon som passar saman med kapitalen sin
funksjonsmåte er ein måte som effektivt
hindrar muligheita for å utfordre kapitalen si materielle makt. Og nett fordi kapitalen er den utanomparlamentariske
makta framfor alle, så har han ikkje noe å frykte frå dei reformene som kan bli
sett ut i livet innan det parlamentariske, politiske rammeverket han har.
Sidan
den viktigaste saka som alt dreier seg om er at ”dei objektive forholda til arbeidet ikkje opptrer som underlagt arbeidaren” men tvert om,
”arbeidaren opptrer som underlagt dei”, er ikkje noen meiningsfull endring
tenkelig utan at vi går laus på dette problemet både i form av politikk som er
i stand til å sette seg opp mot kapitalens
utanomparlamentariske makt og aksjonsmåtar og innan området for den
materielle reproduksjonen. Slik er den einaste utfordringa som kan påverke
makta til kapitalen på varig vis, ei utfordring som samstundes har som mål å ta
systemet sine produktive nøkkelfunksjonar og å skaffe seg kontroll over dei
korresponderande politiske prosessane for bestemming i alle sfærar, i staden
for å vere håplaust hindra av den bakevja som legitim politisk aksjon for
parlamentarisk lovgjeving er.[lix]
Det
har vore mykje kritikk av tidligare politikarar på venstresida og deira parti,
som er fullt ut tilpassa kapitalen, i dei politiske debattane i dei siste
tiåra. Men det som er problematisk med slike debattar er at dei ved å legge for
stor vekt på den rolla personlig ambisjon og misslukking spelar, ofte held fram
med å sjå for seg at dei kan kurere situasjonen innan det same politiske
rammeverket som i røynda er til stor fordel for nett dei ”personlige bedraga”
som blir kritisert og dei pinefulle ”avsporingane av partia”. Uheldig nok så
har dei endringane av personar og regjeringar som dei håpar på ein tendens til
å attskape dei same sørgjelige resultata.
Og
alt dette burde ikkje forundre oss. Grunnen til at dei politiske institusjonane
som er etablert er så vellukka i å motstå viktige endringar til det betre, er
at dei sjølve er ein del av problemet
og ikkje av løysinga. For i den indre
naturen sin er dei jo lekamliggjøringa av dei underliggande strukturelle
bestemmande trekka og motseiingane som har sørgja for utviklinga og stabiliseringa
av den moderne kapitalistiske staten i løpet av dei siste fire hundre åra, med
det altomfattande nettverket sitt av byråkratiske bestanddelar. Naturligvis
blei ikkje staten danna som eit einsidig mekanisk resultat, men gjennom sitt
naudsynte, gjensidige samspel med den materielle grunnen for kapitalen si
utfolding, slik at dei ikkje bare blei forma av dette, men også aktivt skapte
det så mykje som det var historisk mulig under dei eksisterande omstenda, og
endra seg sjølv nett gjennom dette samspelet.
Ut
frå dei uoverkommelige, splittande bestemmingane til kapitalen sitt produktive
mikrokosmos, sjølv når vi kjem opp planet med gigantiske, halvmonopolistiske
transnasjonale selskap, kunne bare den moderne staten ta på seg og oppfylle den
funksjonen dei trengte, nemlig å vere den overordna kommandostrukturen til
kapitalsystemet. Det var ikkje til å unngå at det tydde den fullstendige
framandgjøringa av produsentane frå makta til å bestemme i samfunnet. Ja, viss
vi ser på den moderne staten, slik han er danna på det materielle grunnlaget
til kapitalsystemet, så er han sjølve paradigmet på framandgjøring av
produsentane frå bestemminga over samfunnet. Det er derfor ekstremt naivt å tru
at den kapitalistiske staten skal vere villig til å gi frå seg den framandgjorte
bestemmingsmakta til noen rivaliserande
aktør som opererer innanfor det juridiske rammeverket til parlamentet.
Det
er derfor naudsynt å gå til ein radikal kritikk både av dei materielt
produktive og politiske samla bestemmingane til heile systemet og ikkje bare
noen av dei tilfeldige og avgrensa politiske tiltaka, for å kunne sjå for seg
ei meiningsfull endring som og er historisk haldbar.
Den
kombinerte heilskapen av dei materielle, reproduktive bestemmingane
(produksjonslivet) og den altomfattande politiske kommandostrukturen til staten
utgjør til saman den overmektige røynda i kapitalsystemet. I lys av det
uunngåelige spørsmålet som kjem frå utfordringa av dei systemeigne bestemmande
kvalitetane, både når det gjeld samfunnsøkonomisk reproduksjon og staten, blir
trongen til ei omfattande politisk omdanning, i nært samband med den
meiningsfulle utføringa av samfunnet sine viktigaste produktive funksjonar, som
langtrekkande og varig politiske endring er utenkelig utan, uskiljelig frå det
problemet som blir kalla bortvisninga av
staten. Følgjelig er det ikkje mulig å skilje den historiske oppgåva med å
få til ”bortvisninga av staten”, sjølvstyre med full deltaking, frå den varige
opphevinga av staten ved å utvikle ei positiv form for verkelig bestemming.
Det
er avgjørande viktig å bry seg om dette, og det er ikkje ein ”romantisk truskap
mot Marx sin draum som ikkje kan verkeliggjørast” slik noen prøver å
diskreditere og avvise det. I røynda handlar ”bortvisninga av staten” ikkje om
noe mystisk, men om ein prosess som er lett å oppfatte og som må startast i vår
eiga historiske tid. I dagligspråk handlar det om den stadig aukande
tilbaketaking av den framandgjorte makta for individa til å bestemme politisk
gjennom strevet deira med å gå i retning eit verkelig sosialistisk
samfunn. Dersom denne makta ikkje blir
tatt, er ikkje den nye måten for politisk kontroll av samfunnet, som ein
heilskap av individa der, tenkelig. Då er heller ikkje kvardagsoperasjonane i dei særskilde
produktive og distributive einingane, som ikkje
lenger er står i antagonistisk forhold til kvarandre og som er sameinte og kan planleggast av dei
sjølvbestemmande, fritt samanslutta individa, tenkelig. Å overvinne dei
antagonistiske motsetnadene og dermed sikre det materielle og politiske
grunnlaget for ei global planlegging som kan gjennomførast, noe som er heilt
naudsynt for å sikre menneskeheita si overleving, for ikkje å nemne at det og
sikrar den potensielt vinstgjevande sjølvrealiseringa av dei individuelle
medlemmene, er synonymt med bortvisninga
av staten som ei historisk oppgåve
som går føre seg no. Bare på denne måten kan vi skape eit samfunn der dei
antagonistiske motsetnadane kan overvinnast så vi kan sikre dei materielle og
politiske grunnlaga for globalt bærekraftig planlegging, noe som er heilt
naudsynt for at menneska skal overleve på jorda, for ikkje å snakke om å
utløyse det potensialet som fins til rik sjølvutvikling av samfunnet sine
individuelle medlemmer. Dette er synonymt med bortvisninga av staten som ei
historisk pågåande oppgåve.
9.7.6
Det
skulle vere klårt at ei omdanning av denne storleiken ikkje kan bli
verkeliggjort utan at den revolusjonære rørsla medvite innrettar livet sitt på den mest utfordrande av alle
oppgåver og er i stand til å halde fram mot alle vanskar som vil komme fordi
dette arbeidet vil vekke til live den mest valdsame fiendskapen til alle dei
største kreftene i kapitalsystemet. Av denne grunn kan ikkje den rørsla vi
snakkar om bare vere eit politisk parti som er orientert mot å søke parlamentariske
kompromiss, som vanlegvis endar opp med å bli gjort til inkjes av dei
utanomparlamentariske kreftene til den etablerte orden som er framherskande
også i parlamenta.
Den
sosialistiske rørsla kan ikkje lukkast opp mot fiendskapen til slike krefter utan
at ho blir nydanna som ei revolusjonær masserørsle,
medvitent aktiv i alle formar for politiske og samfunnsmessig kampar, lokale,
landsomfattande og globale/internasjonale – som brukar fullt ut dei
parlamentarisk muligheitene når dei er til stades, sjølv så avgrensa som dei er
og som framfor alt ikkje unndrar seg å fremme naudsynte krav gjennom
utfordrande utanomparlamentarisk verksemd.
Utviklinga
av ei slik rørsle er svært viktig for overlevinga til menneska ved den
historiske skiljevegen vi no står. For
utan ei strategisk orientert og varig utanomparlamentarisk utfordring, vil
partia som vekslar om å sitte i regjering fortsette å fungere som passande alibi som utfyllar kvarande når det
gjeld systemet sin naudsynte, strukturelle fallitt ovafor arbeidet. Slik vil
dei effektivt avgrense rolla til klassemotstanden slik at han held seg innanfor
den nåverande stillinga si, som ein upassande, men marginal ettertanke i kapitalen sitt parlamentariske system.
I
høve både til den materielt reproduktive og det politiske området, er altså
danninga av ei strategisk levedyktig utanomparlamentarisk masserørsle – i samarbeid med dei tradisjonelle formene for
arbeidarrørsla sine politiske organisasjonar, som i dag et håplaust avspora og
som har stor trong for radikaliserande
press og støtte frå slike utanomparlamentariske krefter – ein avgjørande
føresetnad for å kunne gå mot den massive utanomparlamentariske makta til
kapitalen.
Rolla
til denne revolusjonære utanomparlamentariske rørsla er tosidig. På den eine
sida må ho formulere og organisatorisk forsvare dei strategiske interessene til
arbeidet som eit omfattande alternativ når det gjeld samfunnsmessig alternativ
for utveksling mellom menneska og naturen rundt og menneske seg imellom. Ho kan
bare lukkast med den rolla viss dei organiserte kreftene til arbeidarrørsla på,
praktiske måtar, medvite konfronterer og kraftfullt går mot dei strukturelle
bestemmingane til den etablerte materielle
reproduksjonsordninga slik han viser seg i kapitalforholdet og den
underordninga av arbeidet i den samfunnsøkonomiske prosessen som følgjer med, i
staden for å hjelpe til med å stabilisere kapitalen att i krisetider, slik det
heile tida skjedde ved viktige vegval i den reformistiske fortida. På den andre
sida treng vi og kan vi samstundes å utfordre den opne og skjulte politiske makta til kapitalen som no er
framherskande i dei parlamentariske organa – sjølv om det bare kan skje i
avgrensa grad – gjennom det presset som utanomparlamentarisk aksjonsformer kan
rette mot den lovgivande og utøvande makta.
Utanomparlamentarisk
aktivitet kan bare vere effektiv om han medvite tar opp dei sentrale sidene og
dei systemeigne bestemmingane til kapitalen og kuttar gjennom labyrinten av
fetisjistiske ytre trekk som dei dominerer samfunnet med. For den etablerte
ordninga sikrar materielt makta si først og fremst i og gjennom kapitalforholdet som blir halde oppe på
grunnlag av villeiande omkasting av
dei verkelige produksjonsforholda til dei alternativt hegemoniske klassane i
det kapitalistiske samfunnet. Slik vi alt har påvist gjør denne omkastinga det
mulig for kapitalen å røve til seg rolla som ”produsent” som i Marx ord ”tilsett
arbeid” takka vere den forvirrande ”personliggjøringa
av ting og tingliggjøringa av personar”, og dermed legitimerer han seg sjølve
som den urokkelige føresetnaden for å verkeliggjøre ” alle sine interesser”.
Sidan omgrepet ”alle sine interesser” er viktig, sjølv om det no, under dei
formelle og juridiske påskott av ”rettferd og likskap”, blir brukt på ein falsk
måte for å kamuflere den fullstendige mangelen på verkelig innhald når det
gjeld det overveldande fleirtalet av folkesetnaden, kan det ikkje finnast noe
meiningsfullt og historisk haldbart alternativ til den etablerte
samfunnsordninga utan at vi overvinn dei altomfattande kapitalforholda sjølv på
ein radikal måte. Vi kan ikkje utsette å
ta opp dette systemkravet. Dei ymse delkrava
eller dagskrava bør sosialistar gå inn for viss dei har direkte eller
indirekte innverknad på det absolutt grunnleggande kravet å oppheve kapitalforholdet
– det er det som er sakas kjerne.
Det
er dette kravet som står i skarp kontrast til det som no er tillate for
opposisjonen av kapitalens trufaste ideologar og politiske figurar. Deira
viktigaste mål for å avvise sjølv viktige delkrav frå arbeidarrørsla er nett om
dei har potensiale for å påverke stabiliteten til systemet på ein negativ måte.
Derfor er for eksempel sjølv lokale ”politisk motivert industriell aksjon”
(politiske streikar) kategorisk avvist (og til og med gjort ulovlige) fordi dei
kan ha negative følgjer for systemet sin normale funksjon, viss dei utviklar
seg. Men rolla til reformistiske parti derimot er velkomen fordi deira krav
anten hjelper til med å stabilisere systemet att gjennom vanskelige tider, -
gjennom å tre inn og foreslå lågare lønskrav (med slagordet ”det er naudsynt å
stramme inn beltet litt) og gjennom politiske eller juridiske avtalar som
skapar hindringar for arbeidarorganisasjonane – og slik bidrar dei til
dynamikken i fornya kapitalekspansjon, eller i det minste ved at dei er
”nøytrale” på eit vis slik at dei ein gong i framtida kan bli integrert innan
dei oppsette rammene for ”normaliteten”.
Den
revolusjonær opphevinga av kapitalsystemet kan bare tenkast gjennom strategisk
varig verksemd og ved at vi grip inn på ein medviten organisatorisk måte. Mens
vi må handsame den tendensiøst einsidige avvisninga av ”spontaniteten” til den
sekteriske arrogansen så kritisk som han fortener, så er det ikkje mindre
skadelig å undervurdere kor viktig revolusjonært medvit og organisatoriske krav
er for å lukkast. Det historiske nederlaget til noen av dei største partia i
Den tredje internasjonalen, som sto for leninistiske og revolusjonære mål,
burde ikkje avbøye merksemda vår frå å attskape, på meir sikker grunn, dei
politiske organisasjonane som kan gjennomføre den livsviktige sosialistiske
omdanninga av samfunna våre i framtida. Det er klart at ei kraftfull kritisk
gjennomgang av kva som gikk gale er ein viktig del av denne fornyingsprosessen.
Det som er klart nok nett no er at den oppløysande nedstigninga av slike parti
langs den sleipe skråninga inn i den parlamentariske fella gir ei viktig lekse
for framtida.
Det
er bare to former for samfunnsmessig kontroll med utvekslinga mellom menneska
og naturen rundt og menneska seg imellom som er tenkelig i dag. Det er anten
kapitalen sin klasseutbytande reproduserande orden, som blir påtvinga, med alle
dei kostnadene det har, av ”kapitalen sine personlige representantar” – eit
system som er ynkelig mislukka for menneska i vår tid og som driv oss til
kanten av sjølvøydelegging. Eller det er ein orden som er rett motsett den
etablerte: det samfunnsmessige, hegemoniske alternativet når det gjeld
utvekslinga mellom menneske og naturen rundt og menneske og menneske som er
arbeidarklassen sitt, ikkje som ein særklasse, men som eit universelt
eksistensvilkår for alle individ i samfunnet. Eit samfunn styrt av dei på
grunnlag av verkelig likeverd i rang og makt som set dei i stand til å utvikle
dei produktive menneskelige og intellektuelle muligheitene sine fullt ut, i
harmoni med det naturen krev, i staden for å vere opptatt med å øydelegge
naturen og dermed også seg sjølve, slik som kapitalen sin måte for
samfunnsmessig kontroll med utvekslinga held på å gjøre nett no.
Dette
er grunnen til at eit verkande program for den medvitne revolusjonære rørsla
over heile verda no må vere eit omfattande
hegemonisk alternativ til kapitalens herrevelde som inneheld både dei særeigne dagskrava som ikkje kan
marginaliserast og dei omfattande
måla som ligg i ei omforming av systemet og som utfyllar kvarande på ein
dialektisk måte.
Sjølvsagt
kan ikkje ei medviten revolusjonær rørsle vere innestengd i det avgrensa
politiske rammeverket til eit parlamentarisk system som er dominert av den
utanomparlamentariske makta til kapitalen. Ho kan heller ikkje lukkast som ein
sekterisk organisasjon som er innretta på seg sjølve. Ho kan definere seg sjølv
på ein vellukka måte gjennom to livsviktige prinsipp. Først, slik vi nett har
nemnd, ved å utarbeide sitt eige utanomparlamentariske program som er innretta
mot det omfattande hegemoniske alternative målet å sikre ei grunnleggande
systemomdanning. Og som det andre punktet, som er like viktig ut frå
strategisk-organisatoriske omsyn, er den aktive involveringa i danninga av ei
naudsynt utanomparlamentarisk masserørsle
som er beraren av det revolusjonære alternativet som er i stand til å endre
også den lovgivande prosessen på ein kvalitativ måte, som eit hovudsteg i
retning bortvisninga av staten. Bare gjennom desse organisatoriske utviklingane,
som dei store folkemassane er direkte med på, kan vi sjå for oss at det er
mulig å verkeliggjøre den historiske oppgåva å opprette arbeidarrørsla sitt
hegemoniske alternativ, ut frå interessa av ei altomfattande sosialistisk
frigjøring.
9.8 Utdanning: Den pågåande
utviklinga av sosialistisk medvit
Når
det gjeld arbeidet for å sikre ei fullstendig berekraftig sosialistisk
omdanning kan vi ikkje overdrive utdanninga si rolle. Omgrepet utdanning, som
vi her ser for oss, er ikkje knytt til ei avgrensa periode i livet med
organiserte studiar, men til læring som går føre seg gjennom heile livet som
ein pågåande utvikling av sosialistisk medvit i heile samfunnet, og det er
kjenneteikna av eit radikalt avvik frå den dominerande utdanningspraksisen under
den høgt utvikla kapitalismen. Vi må sjå på utdanninga som ei historisk haldbar
utviding og radikal omdanning av dei store utdanningsideala som blei rådd til i
den fjerne fortida. For desse ideala for utdanning blei ikkje bare underminert
etter som tida gikk, dei blei og til slutt fullstendig sløkt ut under presset
frå den framandgjøringa og undertrykkinga av kulturell utvikling som følgde med
og som tente dei stadig meir innsnevra interessene til kapitalauken og
profittmaksimeringa.
Ikkje
bare Paracelsus i det sekstande hundreåret, men til og med Göthe og Schiller[lx]
så seint som i det attande hundreåret og dei første tiåra av det nittande
hundreåret, trudde framleis på eit utdanningsideal som kunne vegleie individa
gjennom heile livet og gjøre livet deira rikare. I motseiing til dette var
allereie siste halvdelen av det nittande hundreåret merka av triumfen til utilitarismen (nyttefilosofien) og i det
tjuande hundreåret kapitulerte vi fullstendig for dei smalaste oppfatningane av
”instrumentell rasjonalitet” på
utdanningsområdet. Jo meir utvikla dei kapitalistiske samfunna har blitt, dess
meir einsidig er dei blitt når det gjeld produksjon av tingliggjort rikdom som
eit mål i seg sjølv og når det gjeld å utnytte utdanningsinstitusjonane på alle
nivå, frå barnehagen til universiteta – i form av ”privatisering”, som blir
fremma med stor ideologisk kraft av staten – for å gjøre varesamfunnet evig.
Det
er ikkje overraskande at denne utviklinga har gått hand i hand med
indoktrinering av det overveldande fleirtalet av folkesetnaden med verdiane til
kapitalens samfunnsmessige ordning som ei ”naturordning” som ikkje kan endrast
og som har blitt rasjonalisert og rettferdiggjort av systemet sine mest
sofistikerte ideologar i namnet til ”vitskapelig objektivitet” og ”verdi-nøytralitet”.
Dei verkelige forholda i dagliglivet har vore fullstendig dominert av den
kapitalistiske livshaldninga, og har underkasta individa – ut frå strukturelt
sikra, bestemmande kvalitetar – under kravet om å justere håpa sine ut frå
dette, sjølv om dei ikkje kunne sleppe unna den harde og vanskelige situasjon
under løneslaveriet. Ut frå dette har den høgt utvikla kapitalismen trygt kunne
ordne det han dreiv med ved å avgrense perioden med utdanning i institusjon til
noen passande få år i individa sine liv, og sjølv det har vore gjort på ein
diskriminerande og elitearta måte. Dei objektive, strukturelle bestemmande
trekka i ”det normale” ved dagliglivet under kapitalismen lukkast med å
fullføre resten då det heile tida ”utdanna”
folk slik at dei skulle ta for gitt den dominerande samfunnsmessige
sjølvoppfattinga og ved det ”med eigen vilje” gjøre til si eiga den påstått
manglande evna til endring når det gjeld den ”naturlige ordninga” . Dette er
grunnen til sjølv dei beste ideane i Kants ”moralske
utdanning” og Schillers ”estetiske
utdanning” blei dømd til å bli for alltid innan området for utdanningsutopiar som ikkje kan
verkeliggjørast, sjølv om forfattarane av desse verka meinte at dei var ei
naudsynt og oppnåelig motgift mot den framveksande tendensen til
umenneskeliggjørande framandgjøring som blei sett opp mot den kritiserte
retninga av dei moralsk bekymra individa i sine personlige liv. Det var ikkje
noen likeverdig motstandar i det heile til den prosaiske realiteten til dei
kreftene som lukkast i å vinne fram med kapitalens trong til sjølvauke som til
slutt vil bli øydeleggande. For den altoppslukande framandgjøringa i denne
samfunnsøkonomiske retninga er sterk nok til å sluke, utan at eit spor, den
minste rest sjølv av dei edlaste ideane til opplysningstida.
Slik
kan vi sjå at sjølv om perioden med institusjonalisert utdanning er avgrensa
til relativt få år av individa sitt liv under kapitalismen, så vinn den
ideologiske dominansen forrang over heile livet deira, sjølv om slik dominans i
mange samanhengar ikkje må vise ope kva doktrine sine verdiar ein føretrekk. Og
det gjør problemet med kapitalens ideologiske hersking over heile samfunnet, og
samstundes over dei isolerte individa i det, enno meir øydeleggande. Om
enkeltindivida er klar over det eller ikkje, så kan dei ikkje finne den minste
flekk med ”verdinøytral grunn” i samfunnet sitt, sjølv om den uttalte
ideologiske indoktrineringa, på svikefullt vis forsikrar dei om det motsette
ved late som om dei er heilt sjølvstendige
i verdivalet sitt i det store og heile, nett som dei får høyre at dei er ”sjølvstendige forbrukarar” av dei varene
som er produsert på kapitalistisk vis og kjøpt på grunnlag av ”sjølvstendige val” i supermarknader som
er stadig meir kontrollert av monopol, og sjølv om individa blir oppfordra til
å identifisere seg med slike falske føresetnader på sjølvstendig vis. Alt dette er smidd inn i den kapitalistiske
utdanninga som sørgjer for at enkeltindivida blir gjennombløytt med verdiane til varesamfunnet over alt og kvar dag,
som noe sjølvsagt.
På
denne måten har det kapitalistiske samfunnet eit kraftig rotfesta system for
pågåande utdanning og samstundes eit system for varig indoktrinering. Dette skjer sjølv når denne indoktrineringa
som flaumar over alt ser ut til å ikkje å vere det fordi han, innan den ”felles
semja som dei har gjort til si eiga” i den herskande ideologien, blir handsama
som eit legitimt felles trussystem i det etablerte, heilt ufornektelige ”frie
samfunnet”. Endå verre er det at den innarste kjernen i kapitalsystemet sin
pågåande utdanning er forsikringa om at den etablerte ordninga sjølv ikkje
treng noen avgjørande endring. Han
treng bare litt ”finjustering” i kantane gjennom den forguda metoden med ”litt
etter litt”. Altså er den djupaste meininga med den pågåande utdanninga innan den etablerte ordninga at folk på
vilkårlig vis blir påtvinga trua på at systemet sine grunnleggande, bestemmande
kvalitetar absolutt ikkje kan endrast.
Sidan
den verkelige meininga med ei utdanning, som er verd namnet sitt, er å sette
individ i stand til å leve opp til utfordringane frå dei historisk skiftande
samfunnsmessige tilstandane – som dei altså sjølv også er med på å skape, sjølv
under dei vanskeligaste vilkår – så er alle utdanningssystem som er orientert
mot ukritisk bevaring av den etablerte ordninga, same kva det kostar, bare
passande for dei mest perverterte ideal
og verdiar når det gjeld utdanning. Dette er grunnen til at den nedgåande
fasen i utviklinga av kapitalen si historie – som når høgdepunktet sitt med unnskyldinga
av den botnlause øydelegginga som den monopolistiske og imperialistiske
utviklinga i det tjuande hundreåret, som fortsett inn i det tjueførste, har
ført med seg – måtte medføre ei utdanningskrise
som ein ikkje før kunne tenke seg, saman med den mest aggressive dyrkinga av motverdi. Dette i motsetnad til slik det
var under Opplysningstida, i den oppstigande fasen av den kapitalistiske
omdanninga, då ei framleis kunne produsere edle utdanningsutopiar, slik Kant og
Schiller tenkte seg dei. Denne motverdien har i seg, i vår tid, førestellinga
om raseoverlegenheit, den fryktelige
tanken at vi har ”moralsk rett til å
bruke atomvåpen for å hindre og førebygge angrep”, sjølv mot land som aldri
har hatt slike våpen, og med den mest hykleriske rettferdiggjøringa av den
antatt meir ”humane”, men naudsynt øydeleggande ”liberale imperialismen”. Dei
seier at denne nye imperialismen er korrekt og passande for våre ”postmoderne tilhøve”. Dette er ein teori
som, for å bli respektabel, pyntar seg med det groteske skjemaet ”førmoderne-moderne-postmoderne”, etter det forsmedelige nederlaget til den
tradisjonelle imperialismen. Vi ser at kapitalens sjølvutpeikte mandarinar og
politiske rådgjevarar fremjar dette i dag i fullt alvor som ein naudsynt
strategi som skal pressast på statar som dei bydande bestemmer er ”mislukka statar” og så bortetter og på
den såkalla ”vondskapens akse”.
Desse
ideane blir sett på som strategisk orienterande prinsipp og verdiar som passar
med våre historiske vilkår. Dei er meint å sette overgripande mål som individet
no må utdannast innanfor for å sette dei dominerande kapitalistiske statane i
stand til å vinne ”den ideologiske striden” – eit omgrep som no plutselig svært
ofte blir propagandert på positive måtar, i skarp kontrast til myten om
”slutten på ideologi” og den lukkelige liberale ”slutten på historia” som dei
preika om og fremma så rundhanda for ikkje så lenge sida – og som tyder det
same som ideen om ”krigen mot terror”. Det er ikkje mulig å tenke seg eit meir
fullstendig forfall av utdanningsideala enn det som møter oss i dag, viss vi
samanliknar dei med desse ideala i kapitalen si fjernare fortid. Og alt dette
blir fremma i vår tid, med alle midlar som systemet har til disposisjon, i
namnet til ”demokrati og fridom” – ord som peprar talane til presidentar og
statsministrar i rikt monn. Ikkje noe kan vise klarare den perverterte naturen
til det kapitalistiske falske medvitet,
og det blir heilt utfylt av den skadelige indoktrineringa som meir eller mindre
spontant blir utøvd av varesamfunnet ovafor individa, i kvardagslivet deira.
9.8.2
Den
sosialistiske oppfatninga av utdanning er kvalitativt forskjellig frå sjølv dei
edlaste utdanningsideala til det opplyste borgarskapet, slik dei blei formulert
i den oppstigande fasen av den kapitalistiske utviklinga. For dei oppfatningane
som kom fram her leid uunngåelig under dei grensene som blei sett rundt
skaparane deira på grunn av det faktum at dei gjorde ”kapitalens standpunkt”
til sitt eige sjølv om dei tok ei kritisk stilling til utskeiingane til den nye
ordninga og mot den negative påverknaden til noen trekk som alt då var synlige
når det galdt den personlige utviklinga til individa. Dette gjorde dei i skarp
kontrast til kapitalens seinare ideologar som nektar å sjå noe gale med det
samfunnet som dei held slik av.
Dei
største personligdomane under den borgarlige Opplysningstida var for ei
menneskelig tilfredsstillande heilskapelig utvikling av kvart enkeltindivid.
Men dei ville oppnå dette innan rammene for det kapitalistiske samfunnet som
var fritt for sine trugande ”ordinære” trekk og dei menneskelig utarmande
trekka som følgde med, medrekna ”moralsk utskeiing” som Adam Smith heva si
veltalande stemme mot. Men ettersom dei såg verda frå kapitalen sin synsstad
kunne dei ikkje førestelle seg den radikale
endringa som trongst i den samfunnsmessige ordninga som heilskap for at
deira eigne ideal skulle vinne fram. For kapitalens synspunkt, som dei tok til
seg, gjorde det umulig å sjå det manglande strukturelle samsvaret mellom
deira eigne utdanningsideal – som dei brukte på dei tenkte, moralsk og estetisk
rosverdige individa i deira utopiske motbilde – og den triumferande
samfunnsmessige ordninga.
Det
kan ikkje bli understreka nok kor viktig omgrepet endring er i utdanningsteorien. For dette omgrepet må definere
heile horisonten og funksjonsmuligheita (eller ikkje) til alle
utdanningssystem. Under dei framherskande historiske omstenda måtte endringane
som dei store personligdomane under den store borgarlige opplysninga såg for seg,
ha ei karakteristisk slagside når det gjeld dette. For endringa var bare radikal nok i forhold
til den forbanna ”føydale ordninga”
av samfunnet som dominerte det gamle
styresettet, men deira oppfatninga av tilrådelig endring med omsyn til
framtida kunne bare strekke seg til personlig utdanningsutvikling for
enkeltindivid, som ein illusorisk måte for å motverke dei negative
samfunnshistoriske utviklingstrekka.
Å
ta opp dei strukturelt bestemmande trekka
i kapitalens samfunnsordning – som med naudsyn verkar på og alltid vil
verke på utviklinga av individa på den mest sentrale måte – på kritisk vis, var
langt bortanfor det dei kunne fatte. Korrigering
av dei forbanna utviklingstrekka kunne dei bare sjå på i individualistiske
forståingsmåtar. Det vil seie på ein måte som til sjuande og sist let det
strukturelle rammeverket og dei veksande fiendtlige motsetnadane i den
sigrande, framveksande kapitalistiske ordninga fortsette å eksistere. Dette er
grunnen til at den føreslåtte ”motgifta” måtte fortsette å vere utopiske motbilde som ikkje kunne
verkeliggjørast sjølv i dei mest samanhengande utarbeida variantane av individa
si estetiske utdanning. For det er heit umulig å stanse dei negative verknadene av ei mektig
samfunnsmessig utviklingsretning på danninga av individet utan å finne fram til dei årsaksbestemmingane som
produserer og utan opphald reproduserer dei, og utan å gå mot dei på passane samfunnsmessige måtar.
Nett
det å ta til seg kapitalens utsiktspunkt som den uoverstigelige samfunnsmessige
føresetnaden for den kritiske horisonten deira avgrensa sjølv dei største
personligdomane i det oppstigande borgarskapet til å sette kampen til det
enkelte, eller snarare, det isolerte individet, mot dei negative verknadene og følgjene av dei
samfunnsmessige kreftene som opplysningstida sine representantar ønska å
reformere gjennom personlig utdanning av individa som var passande ideelt sett.
Denne kampen kunne aldri bli ført fram til ein vellukka konklusjon fordi ei
mektig samfunnsmessig makt ikkje kan
bli overvunne av handlingar frå ei oppdelt gruppe med isolerte individ og fordi dei strukturelle
bestemmande trekka som er årsaka må møtast og motverkast der årsakene fins, innanfor dei grensene
som er gitt, det vil seie av ei historisk styrke som kan haldast oppe ut frå
eit samanhengande strukturelt alternativ.
Men det krev sjølvsagt av vi tar til oss eit samfunnsmessig standpunkt som er
radikalt forskjellig frå dei tenkarane vi har nemnd. Det er eit samfunnsmessig
utsiktspunkt som gjør oss i stand til å vurdere på ein realistisk måte dei
uunngåelige grensene for mulig reformering av kapitalen i lys av kapitalens
eigne strukturbestemte årsaksbestemmingar. Når dei tok til seg kapitalens
utsiktpunkt som heile horisonten for visjonen sin er det derfor ikkje
overraskande at dei kurerande tiltaka til dei store tenkarane under
Opplysningstida blei avgrensa til håplaust utopiske mottiltak, sjølv i den
relativt fleksible oppstigande fasen i kapitalsystemets historiske utfalding.
Dette var før den tida då dei fiendtlige klassebestemmingane til det fullt
utvikla varesamfunnet hadde blitt forsteina
heilt igjennom til ein tingliggjort og framandgjort samfunnsmessig
struktur som ikkje kan reformerast.
Her
kan vi klart sjå kontrasten mellom utdanningsideala og praksisen som følgde i fortida
og oppfatningane som passar med dei historiske utmaningane vi må stå opp mot i
løpet av ein sosialistisk omforming som kan oppretthaldast. Den sosialistiske
utdanninga sitt mandat kan aldri bli formulert som utopiske ideal som blir sett
opp for den det gjelder og som han/ho må innrette seg etter i eit ganske naivt
håp om å motverke og overvinne problema i samfunnslivet deira – som meir eller
mindre isolerte men ”moralsk medvitne” individ – gjennom krafta til ein ønska
tanke om at ”slik bør det vere”. Det
har aldri virka tidligare og kan aldri gjøre det i framtida, trass i det
tydelige behovet for å møte dei utfordringane som heile tida veks fram av dei
endra historiske tilhøva og frå dei objektive hindringane i situasjonen som dei
som er tilstades møter som medlem i samfunnet sitt. Å sjå på den sosialistiske
utdanninga som ei individualistisk motgift mot manglane i samfunnslivet vil
være å legg opp til fullstendig nederlag for seg sjølv same kor ønskelig og
rosverdig det abstrakt moralske slik
burde det være kan sjå ut ved første augnekast. At oppfordring til
stakhanov-arbeid totalt mislukkast med å omdanne arbeidsetikken i
sovjetsamfunnet er ein god illustrasjon på det. Slike oppfordringar viste seg å
mislukkast på grunn av den lettvinte fåkunna om dei grunnleggande bestemmingane ved røtene til den framherskande
arbeidsetikken til den lite villige
arbeidsstyrken under dei gitte vilkåra, som kom av den autoritære
utelukkinga av arbeidarane frå avgjerdsprosessen.
Den
sosialistiske utdanninga kan bli sett ut i livet på ein vellykka måte fordi det
standpunktet som vi vurderer ut frå, i motsetnad til dei strukturelle grensene
som er innbakt i kapitalens utsiktspunkt i fortida, ikkje må leie ho vekk frå
dei årsaksbestemte verkelige problema i samfunnet (som krev passande
samfunnsmessige botemiddel) til ein abstrakt og moralsk appell som bare kan
vere utgangspunkt for utopiske prosjekt som vi ikkje kan verkeliggjøre.
Samfunnsmessige årsaker må og kan blir møtt
på det passande nivået innan rammene for ei sosialistisk utdanning: som
årsaker som veks fram historisk og som vi kan identifisere klart saman med
deira bestemmande strukturtrekk som kan endrast. Det å ta utfordringane i ei vesentlig samfunnsmessig endring
alvorlig, same kor smertefulle krava er, er ikkje eit hindrande omgrep, men
heller ein positiv idé som er uskiljelig frå eit ikkje fastlåst syn på den medvite skapte framtida. Dette er og
typisk for den sosialistiske utdanninga som då kan bli brukt aktivt for å
verkeliggjøre måla og verdiane i den sosialistiske utviklinga av samfunnet som
samfunnsmedlemmene ser for seg.
Altså
er det ideelle mandatet og den praktiske rolla til utdanninga i løpet av den
sosialistiske omdanninga å gå til varig og effektiv innverknad på den
samfunnsmessige prosessen som er under utvikling gjennom aktiviteten til dei
samfunnsmessige individa som er medvitne om dei utfordingane dei må gjennom som
samfunnsmessige individ, i samsvar
med dei verdiane som dei treng og som er utarbeida av dei for å møte
utfordringane. Dette er utenkelig utan gjennom utviklinga av det moralske
medvitet deira. Men den moralen vi snakkar om er ikkje påført dei særskilde
individa utanfrå, eller ovanfrå, i namnet til ein separat og abstrakt moralsk
tenkemåte om å ”burde være” slik som i inskripsjonen på engelske kyrkjer ”Frykt din Gud og lyd din konge”. Heller
ikkje er det eit sekulært motstykke til slike halvreligiøse kommandoar som blir
lagt på individa i alle samfunn som er styrt av kapitalen sine påbod. Tvert
imot er moralen i den sosialistiske utdanninga opptatt med fornuftig tenkt og
tilråda langtrekkande samfunnsmessig endring. Læresetningane blir laga på
grunnlag av konkret vurdering av dei valde oppgåvene og den delen som trengs
frå individa i den medvitne innsatsen for å fullføre dei. På denne måten kan
den sosialistiske utdanninga definere seg sjølv som ei pågåande utvikling av
sosialistisk medvit som er uskiljelig frå og nært samverkande med den
overgripande historiske omdanninga som går føre seg til ei kvar tid. Det tyder
at dei definerande karakteristiske trekka til den sosialistiske utdanninga
spring ut frå, og samverkar djupt, med alle dei relevante orienterande
prinsippa som er diskutert i dette kapitlet.
9.8.3
Når
vi ser på denne radikalt forskjellige innstillinga til endring, som blir brukt ikkje bare ovafor individa si personlige
utvikling, men samstundes også når det gjeld dei avgjørande strukturelle
bestemmingane i samfunnet, kan utdanning i den fulle tydinga av omgrepet bare
bære sine fulle frukter innan eit sosialistisk perspektiv. Men å sette dette
perspektivet opp mot det andre er langt frå nok i seg sjølv. For den andre sida
av den same saka er det umulig å oppnå dei livsviktige måla for ei bærekraftig
historisk utvikling utan det pågåande
bidraget frå utdanninga i den omdanningsprosessen som vi medvite ser for oss.
Linja
som set den tilråda sosialistiske utviklinga opp mot avgrensingane og
motsetnadene i fortida blir trekt av den naudsynte kritikken av falsk medvit som går amok i ei mengde
former under kapitalen sitt herredømme over den samfunnsmessige stoffvekslinga
mellom menneska og naturen rundt og menneska seg imellom. Ei stoffveksling som
er dominert av den villeiande omkastinga av dei verkelige forholda i den samfunnmessige
reproduserande utvekslinga under fetisjen av den ”produktive” kapitalens antatt
legitime hegemoni og den totale avhengigheita
til arbeidet, og som dermed på ein vellukka måte pressar på dei verkelig
arbeidande og produktive individa det falske medvitet med ”personliggjøring av ting og tingliggjøring av personar”.[lxi]
Naturligvis
kan ikkje makta til det falske medvitet bli overvunne av opplysande utdanning
av individa aleine (same kor gode formåla er). Enkeltindivida, som isolerte
individ, har ikkje noe å stille opp mot det tingliggjørande falske medvitet
fordi dei historisk gitte reproduktive forholda som dei er sett inn i bare kan
fungere på grunnlag av ”personliggjøring av ting og tingliggjøring av
personar”.
Naturligvis
kan vi ikkje vinne over makta til det falske
medvitet ved den opplysninga som individa aleine får i utdanninga (same kor
gode hensikter vi har). Kvart individ for seg, som isolerte individ er prisgitt
det tingliggjørande, falske medvitet fordi dei historisk gitte reproduktive forholda
som dei er sett inn i bare kan fungere på grunnlag av ”personliggjøring av ting
og tingliggjøring av personar”. For å endre den villeiande omkastinga, som til
slutt blir øydeleggande, av dei reproduktive tilhøva som kan haldast oppe
mellom menneske trengs samstundes både at vi går mot det dominerande falske
medvitet over enkeltindivida og altomfattande samfunnsmessig endring. Bare
dette kan vinne fram på varig vis.
Å
vere nøgd med ”gradvise reformer” og dei tilsvarande delvise endringa, er å
skape sitt eige nederlag. Saka er ikkje om endringane blir gjennomført plutselig eller over eit lengre tidsrom,
men at vi held fast på eit overgripande
strategisk rammeverk der vi heile tida følgjer opp ei omforming av dei grunnleggande strukturane, same kor lang
tid det kan ta å nå fram til eit vellukka resultat. Innsatsen når det gjeld eit
anten/eller mellom innbyrdes
utelukkande former for kontroll med stoffvekslinga, den som no er etablert og
den framtidige, er global både når det gjeld rom og tid. Derfor kan det
sosialistiske prosjektet bare lukkast viss det blir utvikla og konsekvent sikra
som eit hegemonisk alternativ til kapitalens strukturelt forskansa og
framandgjørande samfunnsmessige stoffveksling.
I
det sosialistiske prosjektet er dei tiltaka vi set ut i livet for å fremme
materiell omforming uskiljelige frå
dei måla vi set innan utdanninga. Det er slik på grunn av den uunngåelige og
ope framsette radikale kritikken av kapitalsystemet si strukturelt dominerande
falske medvit. Grunnen til dette er at dei
orienterande prinsippa for den sosialistiske omdanninga av samfunnet ikkje kan
lukkast utan full medverknad av utdanning som den pågåande utviklinga av
sosialistisk medvit. Alle dei orienterande prinsippa som er diskutert
tidligare, frå verkelig deltaking på alle trinn av avgjerdsprosessen til
omfattande planlegging for sjølvstendig å ”skape meinig i sitt eige liv”, og
frå den stadig vidare verkeliggjøringa av verkelig likeverd i samfunnet som
heilskap til dei globalt bærekraftige vilkåra i ein brukbar økonomi i ei
internasjonal ordning som kan utvikle seg positivt – dette kan bare bli omsett
til røynd dersom utdanninga si makt blir sett full ut i sving ut frå dette
omsynet.
Dei
tiltaka vi tar til oss i kvar gitt tid er historiske også i den tydinga at dei
er og fortsett å vere underkasta endring. Det er underforstått at dei
framgongane som vi har under gunstige omstende, litt etter litt kan bli
forbetra og utdjupa. Men det er sjølvsagt også slik at vi ikkje i utgangspunktet kan utelukke tilbakeslag.
Så mykje vil alltid avhenge av kor effektivt den sosialistiske utdanninga vil
gripe inn i den pågåande omdanningsprosessen. Det er den som til sjuande og
sist bestemmer om dei positive eller negative muligheitene skal vinne fram, og
i kva grad dei gjør det.
9.8.4
I
dag er det mykje snakk om ”dagsorden for respekt” i dei utvikla kapitalistiske
samfunna. Det er ei ønsketenking som går ut på å løyse dei alt djupare
”verdikrisene” – som kjem fram i veksande kriminalitet og brot, saman med den
forverra framandgjøringa av dei unge frå samfunnet deira – ved ein ganske
retorisk direkte appell til individa sitt medvit, der dei forgjeves set fram
den passande ”respekten for verdiane i
eit ansvarlig demokratisk medborgarskap”. Og når alt det tomme preiket ikkje
fører til framgang, slik det ikkje kan sidan det unngår dei samfunnsmessige
årsakene til dei forbanne negative symptoma, så begynner kapitalens
representantar, inkludert dei høgaste blant dei, å snakke om korleis dei kan finne brotsmenn
allereie ”i magen til mora” og så peikar dei på ”naudsynt” autoritær statlig
lovgjeving for å ta seg av framtidig kriminalitet så tidlig som mulig. Denne
linja er ikkje meir forståelig eller mindre autoritær enn den kapitalistiske
staten sitt råd om utan avbrekk å fortsette den ideologiske striden for å vinne
”kampen mot terror”. Samstundes er muligheita for endre dei strukturelle
bestemmingane i den etablerte ordninga som produserer og reproduserer dei
øydeleggande verknadane og følgjene, heilt utelukka. Dei må kategorisk fornekte
at det kan vere noe alvorlig gale med samfunnet slik det fungerer. Bare dei
enkeltindivida som på ein tendensiøs måte blir skild ut, treng å hjelpast til å
endre seg. Ei hjelp som blir gitt av ei privilegert gruppe med sjølvutpeika
individ – dei villige personane som representerer eller vaktar kapitalens
samfunnsøkonomiske ordning – som, ut frå
stillinga si, påstår å vite alt så mykje betre.
Slik
kan ikkje noe bli meir rettferdiggjort enn institusjonen til den hegemoniske
samfunnsorden. Ramma for utdanning (læring) i ei slik ordning er både
individuell og samfunnsmessig, og uskiljelig
slik. Den som er mottakaren av
sosialistiske utdanning kan ikkje bare vere det avskilde individet etter
modellen frå dei tradisjonelle utdanningsideala. Det kan ikkje vere slik som
det har vore til no at utdanningstesane og prinsippa vanlegvis blir utsagd som direkte appellar til det særskilde individet sitt samvit, vanlegvis i form
av moralske oppfordringar. I motsetnad til dette rettar den sosialistiske
utdanninga seg til samfunnsmessige
individ og ikkje til isolerte individ.
Med
andre ord tar ho omsyn til individ for kven deira eigen definisjon som individ
ikkje ein gong kan tenkjast utan tilhøvet deira til det verkelige samfunnet som
dei er ein del av og utan tilhøvet til den særeigne historiske situasjonen der
utfordringane til dei som menneske oppstår utan at dei kan sleppe unna, og
dette står i motsetnad til den abstrakte, allmenne oppfatninga til filosofien
om sjølvrefererande, isolerte individ.
For
det er nett den særeigne konkrete samfunnsmessige og historiske situasjonen dei
er i som inviterer dei til å formulere verdiar som gjør at dei, gjennom aktivt
å vie seg til bestemte aksjonsformer, kan verkeliggjøre den passende delen som
dei medvite har påtatt seg av den pågåande, store samfunnsendringa. Noe som
definerer dei som sjølvstendige og ansvarlige samfunnsmessige individ. Slik
blir den praktiske, effektive utdanninga av dei samfunnsmessige individa
synonymt med den djupaste tydinga av utdanning som sjølvutdanning. Marx sin tilvisning til ”rike samfunnsindivid” peiker nett på denne typen sjølvdefinisjon som den brukelige ramma
for utdanning.
Å
ta ansvar i samfunnet som ei verkelig kraft som er vesentlig i høve til den aktuelle samfunnsmessige og
historiske situasjonen, er mulig bare på grunnlag av å sjå på utdanninga sjølv
som eit vitalt samfunnsmessig organ,
dvs. som samfunnsmessig praksis uskiljelig frå den pågåande utviklinga av
sosialistisk medvit – dette i motsetnad
til det abstrakte, moralistiske ”bør skje” snakket til den tradisjonelle
filosofien som råder til eit ytre ”ideal som vi ventar at individa rettar seg
etter”. Og det, i sin tur, er bare oppnåelig på grunn av den radikalt forskjellige haldninga til endring
innan rammeverket for den hegemoniske alternative ordninga.
I
den nye ordninga kan ikkje noe i utgangspunktet vere unntatt frå endring, i
skarp kontrast til kapitalens samfunnsmessige rammeverk for utveksling med
naturen rundt der kritikk av dei avgjørande strukturtrekka i samfunnet blir
bestemd å vere illegitime og derfor hindra med alle midla som systemet kan
bruke, inkludert dei mest valdelige. I den alternative hegemoniske ordninga er
det å endre dei historisk gitte vilkåra ikkje bare akseptert, men heilt
naudsynt. Å ikkje gjøre det er ikkje bare å gå mot den erklærte læra til sosialismen, men ville også
ta frå samfunnet det positive potensialet sitt for utvikling, noe som
nittenhundretalet si historie har vist på slikt tragisk vis.
Rolla
til den sosialistiske utdanninga er svært viktig sett ut frå dette. Dei både
samfunnsmessige og individuelle indre bestemmande kvalitetane i ho gir ho ei
eineståande historisk rolle. På grunnlag av den samverknaden som er mellom begge desse bestemmande kvalitetane kan
ho kan utfalde innverknaden sin og skape ein stor effekt i heile
samfunnsutviklinga. Den sosialistiske utdanninga kan bare oppfylle mandatet
sitt dersom ho blir utfalda gjennom at vi grip inn i den samfunnsmessige
omformingsprosessen på ein medviten og effektiv måte.
Det gjensidige, som vi nett nemnde, er
viktig her fordi dei samfunnsmessige individa, på den eine sida, kan bidra
aktivt til at mål blir nådd eller til at utfordringar blir møtt, og på den
måten bidra til viktig omdanning av samfunnet sitt, samstundes som blir dei
sjølv blir skapt på ein meiningsfull måte i løpet av dei endringane dei får
til. Dei blir altså skapt på legitimt vis av deira eige positive medvit om kor viktig dei pågåande endringane er og
oppfattar korrekt på si eiga aktive rolle i desse endringane. At individa i
samfunnet på ein genuint samtykkande måte utviklar si eiga forståing av dei
pågåande endringane er eit radikalt avvik frå den heilt igjennom orsakande
læresetninga som seier at ”den som tiger,
den samtykker”. Ei læresetning som blei utforma av John Locke og som har
vore framherskande innan den politiske teorien til representantane for den
etablerte ordninga heilt sidan hans tid.
Den
aktive innblandinga av individ i samfunnsmessige endringar kan identifiserast
som samfunnsmessig samhandling i
beste meining av omgrepet. Dette er ei meiningsfull samfunnsmessig samhandling,
på grunnlag av felles velgjørande
gjensidig påverknad mellom samfunnsmessige individ og samfunnet deira.
Framveksten og styrkinga av ein slik felles velgjørande gjensidig påverknad
ville vere heilt utenkelig viss dei ymse sidene av den alternative hegemoniske
ordninga, medrekna dei viktigaste strukturelle
grunntrekka, blei utforma av noen autoritet som var utanfor rekkevidda til
dei samfunnsmessige individa. Då ville ”sjølvstendet” deira vere verd absolutt
ingen ting, slik som det i røynda heller ikkje har noe verd når det gjeld dei
påståtte ”eigne vala” som blir gjort av individa i varesamfunnet.
Derfor
er den sosialistiske utdanninga av største vekt som pågåande utvikling av
sosialistisk medvit, når vi ser ho som avgjørande viktig gjensidig påverknad som definerer dei særskilde individa som samfunnsmessige individ (og samstundes
klargjør kva denne defineringa sjølv tyder). For kravet til ei historisk
berekraftig utvikling, i ånda til dei viktige orienterande prinsippa for den
sosialistiske omdanninga, blir røynd gjennom den mest aktive medverknaden frå
utdanninga i denne prosessen. Ikkje noen
av prinsippa kan fylle den naudsynte samfunnsmessige funksjonen sin utan ei
slik type utdanning.
9.8.5
Som
ei representativ sak kan klart vi sjå kor nyskapande viktig utdanninga er i
høve til den grunnleggande endringa som trengs for å omdanne dei økonomiske
handlingsmåtane som no er dominerande til noe kvalitativt forskjellig. Det
visar seg i form av felles velgjørande gjensidig påverknad mellom individa i
samfunnet deira. Forskjellen angår direkte det avgjørande materielt produktive
området som må vere velfungerande for at vi skal kunne halde oppe sjølv dei
mest formidla kulturelle handlingane. For kapitalens tidstvang, som er framherskande i den materielle
produksjonsprosessen, påverkar
direkte ikkje bare dei utbytande strukturelle forholda i klassesamfunnet som
eit heile, men påtvingar samstundes sine skadelige, menneskelig utarmande
verknader over kvart aspekt av materiell og intellektuell aktivitet i levetida til enkeltindivida. Følgjelig
representerer trongen til menneskelig frigjøring,
der den sosialistiske utdanninga spelar ei avgjørande rolle, ei grunnleggande
utmaning.
Den
reproduktive praksisen i det kapitalistiske samfunnet er karakterisert av den
umenneskeliggjørande tidsrekninga som tvingar
dei arbeidande individa til å underkaste seg tyranniet til den naudsynte arbeidstida, i motsetnad til
”kapitalen sine personlige representantar” som er dei villige påtvingarane av systemet sin framandgjørande tidstvang.
Marx klaga over at arbeidarane, i hans ord dei potensielt ”rike samfunnsmessige
individa, på denne måten blir påtvinga dei framandgjørande verknadene gjennom
heile livet, nett fordi dei blir ”degraderte til arbeidarar som bare blir rekna
som arbeidskraft”[lxii].
Dessutan er ikkje denne strukturelle bindinga, og den nedgraderinga som
følgjer, slutten på historia. I visse situasjonar, som under kriser, må også
arbeidaren lide under arbeidsløysa si forderving som blir hypokritisk skjult
under omgrep som ”fleksibilitet”, og under barbariet til den utbreidde utrygga. Alle desse tilstandane stig
fram frå dei same grunnleggande trekka i den kapitalistiske arbeidsprosessen.
Dei kjem av den uomgjengelige, umenneskelig framferda i kapitalen sin måte å rekne tid på og den strukturelle tvangen i systemet sin uforanderlige tidstvang.[lxiii]
Arbeidet
sitt hegemoniske alternativ er å sette i verk ein radikalt forskjellig måte å rekne tid på som samsvarer med
dei menneskelig vinstgjevande krava til ein sosialistisk
måte å rekne tid på. Bare på grunnlag av det er det mulig å sjå for seg dei
fullt utfalda produktive praksisane til ”rike
samfunnsmessige individ”. Dette kan bare skje gjennom eit radikalt skifte
frå det historisk framherskande tyranniet til naudsynt arbeidstid til ei medviten tileigning og skapande bruk av tilgjengelig tid som det retningsgivande
prinsippet for samfunnsmessig reproduksjon.
Det
er klart at eit skifte i denne storleiken ber med seg langrekkande
konsekvensar. For når vi rettar merksemda mot trongen til den kvalitetsmessige
endringa som trengs for å ta til seg disponibel tid som den tidsrekninga som på
ein praktisk og effektiv måte kan erstatte naudsynt arbeidstid, blir det heilt
klart at dette er ei så stor endring at vi ikkje kan klare det utan fullt ut å
aktivisere makta til den samfunnsmessige utdanninga. Dette har to hovudgrunnar.
Den
første grunnen er at innføringa av tilgjengelig
tid som det nye retningsgjevande og operasjonelle prinsippet i den
samfunnsmessige reproduksjonsprosessen, krev at vi sluttar oss til det på ein medviten måte. Dette er det heilt
motsette av tyranniet til naudsynt
arbeidstid som dominerer samfunnet i form av altomfattande økonomisk tvang som ikkje er regulert av
medviten innsikt. Det er ikkje ein
gong regulert av den heilt avgrensa
”planlegginga” som kan nyttast på særskilde økonomiske einingar og som blir
introdusert i arbeidsprosessen som etterpåklokskap
av kapitalen sine personlige representantar. Men det er regulert av den
fiendtlige motsetnaden mellom kapital og arbeid og ved marknaden sin kraft som
gjør at planlegginga kjem for seint. Arbeidarane treng ikkje utdannast for den
oppgåva det er å gå inn i dei operasjonelle rammene til den nødvendige
arbeidstida. Dei kan rett og slett ikkje sleppe unna tvangen frå ho, sidan han
blir pressa på dei som ein absolutt ”samfunnsmessig lagnad” som samsvarer med
den strukturelt sikra underordninga
deira i den etablerte samfunnsmessige ordninga. Det er dette Marx så passande
kallar ”den umedvitne tilstanden til menneskeslekta”. Dette umedvitet som er
framherskande i den kapitalistiske arbeidsprosessen på grunn av den blinde
tidsrekninga, same kor idealisert han er, tyder også mangel på kontroll, med verknader som til slutt blir øydeleggande.
Den
andre grunnen, som er like viktig, er at det samfunnsmessige subjektet
som er i stand til å regulere arbeidsprosessen på grunnlag av tilgjengelig tid, bare kan vere den medvitent kombinerte krafta til mengda av
samfunnsmessige individ: dei ”fritt
samanslutta produsentane” som dei vanlegvis blir kalla. Her ser vi endå ein
gong den slåande kontrasten til ”subjektet” som regulerer den samfunnsmessige
reproduksjonsprosessen på grunnlag av naudsynt arbeidstid. For naudsynt
arbeidstid er ikkje bare trongt deterministisk,
men også yttarst upersonlig, for den
regulerande krafta i produksjonen og i den samfunnsmessige
reproduksjonsprosessen er ikkje eit skikkelig subjekt i det heile, men dei
strukturbestemmande kommandoane til kapitalsystemet som heilskap. Sjølv dei
mest villige påtvingarane av det etablerte systemet sin tidstvang kan bare lyde dei,
med større eller mindre hell. Viss dei ikkje er heldige i den tilpassinga til
dei fetisjistiske krava som må til, vil dei snart nok bli kasta ut frå systemet
sine rammer ved at føretaka deira går konkurs. Same kva fetisjistiske
mystifikasjonar som er i kapitalsystemet, så er det verkelige produserande
subjektet arbeidaren; kapitalisten som skal vere det kontrollerande subjektet,
men som i røynde sjølv er heilt kontrollert av strukturtvangen i den etablerte
ordninga, kan bare bli eit utbytande
liksom-subjekt. Følgjelig er det bare det verkelig produserande subjektet,
arbeidet, som kan tileigne seg det tenkelige og produktivt levedyktige
regulerande medvitet under dei historiske vilkåra i vår tid. Det er klart at vi
ikkje snakkar om den empiriske, sosiologiske kategorien enkeltarbeidarar som
møter den samfunnsmessige makta til kapitalen som isolerte arbeidarar.
Vi
snakkar her om arbeidet til dei medvitne
samanslutta samfunnsmessige individa som det universelle vilkåret for livet i
den alternative hegemoniske ordninga. Dette er det einaste tenkelige
samfunnsmessige subjektet som er i stand til å regulere den samfunnsmessige
produksjonsprosessen på grunnlag av tilgjengelig
tid. Eller for å sei det same dialektiske samsvaret på ein annan måte: bare
gjennom medviten tileigning av tilgjengelig tid, som det orienterande og
praktiske sett effektive prinsippet, i livet vårt er det mulig å sjå for seg
utviklinga av eit samfunnsmessig subjekt som er i stand til å kontrollere
produksjonen og den samfunnsmessige reproduksjonen på ein passande måte i den
alternative hegemoniske ordninga.
Det
subjektet vi snakkar om er, slik vi har nemnd før, samstundes samfunnsmessig og
individuelt. Dette samfunnsmessige individet er utenkelig utan
utdanningsprosessar og sjølvutdanningsprosessar som kan tilfredsstille dei
krava til skaping som må oppfyllast for at den nye samfunnsmessige utvekslinga
med naturen rundt kan fungere. Slik samfunnet er i dag er innføringa av tilgjengelig tid over alt som det vitale
operative prinsippet i produksjonen, bare ein abstrakt muligheit. Framtida vår avheng av at vi er i stand til
eller ikkje i stand til å omgjøre ein slik abstrakt
muligheit til konkret, skapande røynd.
Tyranniet
til den naudsynte arbeidstida er noko påtvinga på arbeidarane som alltid vil
fortsette å vere ei motvillig
arbeidskraft innanfor rammene for kapitalsystemet. Dessutan er påtvinginga
av naudsynt arbeidstid sløsande ut frå sitt eige referansesystem på den måten
at det føreset opprettinga av ein strengt hierarkisk kommandostruktur, som på
noen delar er svært problematisk og beint fram parasittisk, sjølv sett ut frå
eiga påstand om han har ein økonomisk funksjon. Samanlikna med det er fordelen
med å utføre produksjonen og den samfunnsmessige reproduksjonen på grunnlag av
disponibel tid, som er tileigna verkeliggjøringa av mål som er medvite utvalde
av dei sjølvregulerande samfunnsmessige individa, ikkje til å nekte. For dei fritt samanslutta
produsentane disponerer over usamanliknbart rikare ressursar enn det som kan
bli pressa ut av ei motvillig arbeidskraft under påtrykk av dei strukturelle
nødvendigheitene til kapitalen si naudsynte arbeidstid.
Vi
må også understreke her at utdanning – som den blomande utfaldinga av
sosialistisk medvit som er integrert i livet til dei sosiale individa i tett
samvirke med den historiske situasjonen som heile tida endrar seg – er ei
levande kraft som vi og kan sjå gjennom den overordna innverknaden på materiell
reproduktive endring. Denne innverknaden spring direkte ut av endringa frå
naudsynt arbeidstid til eigenbestemt disponibel tid som er sett av til
disposisjon for samfunnet av dei arbeidande individa. Det er opplagd at bare
samfunnsmessige individ, som individ, medvite kan bestemme, av og for seg sjølv, naturen (dvs. den kvalitative
dimensjonen) og mengda av deira eiga
disponible tid som dei skapande tiltaka i samfunnet deira kan springe ut
av. Det gjeld både timetalet og intensiteten i arbeidet som er avsett av dei
til dei relevante produktive oppgåvene. Ingen autoritet utanfor dei kan
bestemme eller tvinge slik krav på dei, i kontrast til den tidligare
uunngåelige domineringa til naudsynt arbeidstid.
Den
einaste krafta som er i stand til å gi eit positivt bidrag til den nye
omdanningsprosessen er utdanninga
sjølv som dermed oppfyller rolla si som det tidligare nemnde samfunnsmessige organet som verkeliggjør
den felles fordelaktige samverknaden
mellom i individa og samfunnet deira. Ikkje noe kan påtvingast her korkje på førehand (som ein norm lagt på
førehand) eller med mål som ikkje kan
bli endra. I den positive reproduksjonsprosessen til den framherskande
alternative samfunnsorden, som det ikkje er ein fastlagt avslutning av, ser vi
at genuin samverknad veks fram. Med
den sosialistiske utdanninga som middel blir den produktive krafta til individa
utvida og forbetra, samstundes som den utvidar heile den reproduktive makta i
samfunnet deira som heilskap og gjør det meir frigjørande. Dette er den einaste
historisk berekraftige tydinga av auka
samfunnsmessig rikdom, i kontrast til den fetisjistiske dyrkinga av kapitalekspansjonen som driv mot
øydelegging i vår endelige verd og som ikkje kan skiljast frå det lagnadstunge
sløseriet under kapitalsystemet.
Bytteverdien
sin dominans over bruksverdien, og dermed den systematiske og harde fornektinga
av menneskelige behov i vår globale ordning, kan bare bli omsnudd på grunnlag
av eit radikalt skifte til sosialismen sitt orienterande prinsipp som dreier
seg om tid til disposisjon som blir medvite tileigna og utøvd gjennom
samfunnsmessige individ. Deira utdanning er verdiorientert
sjølvutdanning, som ikkje kan skiljast frå den pågåande utviklinga av sosialistisk
medvit, er i direkte samsvar med dei historiske oppgåvene og utfordringane som
dei vil møte og får dei til å vekse i produktiv kraft og i å vere menneskelig.
Dette gir for dei det naudsynte grunnlaget for skapande sjølvutfalding som
sjølvstendig subjekt som kan skape meining i (og samstundes gi meining til)
eige liv som særeigne samfunnsmessige individ som er heilt klar over si rolle i
– og sitt ansvar for – å sikre ei historisk berekraftig positiv utvikling av
samfunnet sitt. Og det er sjølvsagt dette som gir sann meining til uttrykket ”rike samfunnsmessige individ.”
9.8.6
Dei
same vurderingane passar på alle ei livsviktige orienterande prinsippa i den
framherskande (hegemoniske) alternative sosiale ordninga i det indre sambandet
mellom deira reproduktive krav og den sosialistiske utdanninga. For det er bare
gjennom å trekke utdanninga inn i den samfunnsmessige endringsprosessen på den
mest aktive og varige måten at det er mulig å omdanne det som først bare kan
vere generelle orienterande prinsipp og
verdiar til ei konkret operativ makt
som utfaldar seg historisk.
Dei
samfunnsmessige individa vil på medvite vis bestemme den forbetra naturen til
og mengda av den disponible tida si som dei fritt tileignar for å verkeliggjøre
dei samfunnsmessige måla sine som det bare er dei sjølve fritt kan bestemme på
eit varig grunnlag. På same måte er det bare dei sjølve som kan definere
tydinga av verkelig medverknad på
alle nivå av bestemmingsprosessen. For skapande frigjørande og produktiv
medverknad kan bare tenkast ved at vi forstår skikkelig naturen til dei tiltaka
som må gjørast, medrekna den historiske grunnen
deira, og at vi på same tid ser at det er
naudsynt med medvite godtaking av det store ansvaret som ikkje kan skiljast frå ein heilt deltakande måten å regulere
den samfunnsmessige ordninga si på varig vis.
På
same måte kan tydinga av verkelig
likeverd bli omdanna frå eit gyldig generelt orienterande prinsipp til skapande berekraftig og samfunnsmessig røynd som gjør oss rikare
menneskelig – bare gjennom sjølvomdannande utdanning som pågåande utvikling av
sosialistisk medvit – og bli til ein samsvarande, ureservert positiv
identifikasjon frå medlemmene i samfunnet med dei underliggande verdibestemmingane og kor rett det er at
dei fins. Dette er ein form for utdanning som må vere i stand til ikkje bare på
medvite vis å konfrontere og drive tilbake dei strukturelt innbakte og
lagnadstunge øydeleggande samfunnsmessig reproduktive forholda av materielt og samfunnsmessig og politisk
ulikeverd som er arva frå fortida, men som samstundes må overvinne den
djupt innprenta villeiande krafta til den utgamle kulturen med verklig
ulikeverd som framleis gjennomsyrer det samfunnsmessige medvitet vårt.
Den
sørgjelege fiaskoen med økonomisk planlegging
i dei samfunnsmessige systema av Sovjet-typen kom av byråkratiske forsøk på å
presse han på samfunnet på ein svært autoritær måte, ovanfrå, mens dei ikkje tok omsyn til trongen til å sikre det
frivillige samarbeidet frå dei samfunnsmessige individa i høve til den planen
som blei framlagt av staten. Medvite positivt samarbeid var ein essensiell
føresetnad som var umogelig å oppnå utan den positive medverknaden av ei
effektiv utdanning som sjølvutdanning som fungerte i praksis – i den forma og
den ånda av tidligare nemnd samsvar mellom dei arbeidande individa med deira
vidare samfunnsmessige skyldnader – med det målet å oppnå den medvitne
identifiseringa av kvart individ med oppfyllinga av dei produksjonsmåla dei har
vald. Utan det kan ikkje individa medverke skapande i høve til den
heilskapelige planen sjølv, for å bidra på ein sjølvstendig måte til
omdanningsprosessen innan eit kritisk viktig område.
Og
for å ta eit eksempel til, når vi tenkjer på korleis dei nasjonale og
internasjonale dimensjonane utfyllar kvarandre på dialektisk vis i vår tid, så
forstår vi straks at rolla til utdanning som blir utført som medvite utdanning
som vi er samd om, er overveldande viktig. Fidel har sagt:
Så
langt som vi lukkast i å utdanne folket vår på ein djuptgåande måte i internasjonalisme og solidaritet, så langt skal vi og bli i
stand til å stole på at folket oppfyller dei internasjonale pliktene sine. Det
er umogelig å snakke om solidaritet dei enkelte samfunnsmedlemmene viss
solidaritet ikkje også blir skapt samstundes mellom folka. Viss vi ikkje klarer å gjøre dette risikerer vi å
falle ned i nasjonal egoisme.[lxiv]
Den
svært negative og splittande arven frå fortida kvilar alt for tungt på folk sit
medvit og medverkar til konstante utbrot
av konfliktar og destruktive konfrontasjonar i forskjellige delar av verda. Det
er ikkje mogelig å rive oss sjølve ut at desse motsetnadene og antagonismane
utan den skapande krafta til utdanning som blir drive sjølvstendig av
samfunnsmessige individ som ei pågåande utvikling av sosialistisk medvit. For
bare slik utdanning kan sette dei i stand til å ha klar innsikt i naturen og
tydinga til det som står på spel, og samstundes inspirere dei til å ta fullt
ansvar for sin eigen positive del i å få under kontroll dei øydeleggande
straumdraga i vår verdsomspennande, samanlenka samfunnsmessige ordning, som i
vår tid er både nasjonal og internasjonal på ein måte som vi ikkje slepp unna.
I
alle desse sakene bryr vi oss om den livsviktige trongen for ein radikal og
altomfattande strukturendring i den samfunnsmessig reproduktive ordninga vår.
Dette kan vi ikkje oppnå gjennom dei blinde materielle bestemmingane som måtte
vere framherskande i tidligare historisk utvikling. Dessutan er dei store
problema og vanskane under våre historiske vilkår gjort endå meir intense og
verre på grunn av det unektelige tidspresset som vi aldri har opplevd i
tidligare historiske epokar.
Med
omsyn til dette er det er nok å nemne to verkelig avgjørande forskjellar
som framhevar kor presserande tida er i
vår epoke. For det første har vi den øydeleggingskrafta som er til disposisjon
for menneska i dag og som dei ikkje kunne tenke seg tidligare. No er utryddinga
av arten menneske heilt tenkelig og lett mulig ved bruk av fleire militære
middel. Dette blir alvorlig understreka av det faktum at vi i det siste
hundreåret har vore vitne til både den stadige oppskaleringa og den aukane
intensiteten i dei aktuelle militære oppflammingane, medrekna to ekstremt
øydeleggande verdskrigar. Dei siste tiåra har i tillegg dei mest absurde og
kyniske påskotta blitt brukt – og blir brukt – for sette i gang folkemordkrigar
som samstundes til og med trugar oss med den ”moralsk rettferdiggjorte” bruken
av atomvåpen i ei tenkt framtid med krigar som er ”førebyggande og kjem dei
andre i forkjøpet”. Den andre alvorlig trugande tilstanden er den øydeleggande
naturen til kapitalen sin samfunnsmessige kontroll med utvekslinga med naturen
i vår tid – som viser seg gjennom den stadig større dominansen til øydeleggande produksjon i kontrast til
den tidligare sjølvrettferdiggjørande kapitalistiske mytologien om produktiv øydelegging – og som er i ferd
med å øydelegge naturomgjevnaden, og som dermed direkte set dei elementære vilkåra for menneskelig eksistens i fare.
Om
ikkje noe anna, så understrekar desse tilhøva med stor kraft både den dramatisk
presserande tida vi lever i, i vår eiga historiske epoke, og kor umogelig det
er å finne varig levedyktige løysingar på dei alvorlige problema som ligg der
utan medvite å konfrontere farane og
utan å eigne oss til leiting etter det
einaste rasjonelt mulige
botemiddelet, som vil dekke den djupaste meininga av omgrepet samvirke. På
grunn av den uhøyrte storleiken til dei oppgåvene som ligg framfor oss, og det
historisk sett eineståande hastverket som i vår tid pressar oss til å finne ei
varig løysing på dei, er rolla til den pågåande utviklinga av sosialistisk
medvit absolutt grunnleggande.
At
det er naudsynt med ein radikal og omfattande strukturendring i den etablerte
samfunnsmessige utvekslinga mellom menneske og naturen og mellom menneske og
menneske, drar med seg trongen til ei kvalitativ
omdefinering av samfunnets systembestemmande
eigenskapar som det overgripande perspektivet på omdanning. Ikkje noen
delvis justering eller marginale forbetringar i den eksisterande samfunnsmessig
reproduksjonsordninga er tilstrekkelig til å møte utfordringa. For dei
reproduserer i større skala dei farane som vi lett kan få auge på både på
området for økonomisk og militære øydelegg og på det økologiske planet, og med
den sterkt avgrensa tida som vi har forverrar dei og desse farane. Det er
derfor at bare opprettinga og sikringa av eit hegemonisk alternativ til
kapitalen sin samfunnsmessige kontroll med utvekslinga mellom menneska og
naturen og mellom menneska og menneska kan gi oss ein veg ut av motsetnadene og
antagonismane i vår tid.
Som
vi har sett ovanfor er det som skil dei konkurrerande hegemoniske alternativa
på den mest slåande måten deira radikalt forskjellige haldning til endring.
Kapitalens samfunnsmessige kontroll med utvekslinga med naturen og mellom menneske og menneske er
absolutt i strid med alle idear om djup strukturell endring til trass for at
han er så presserande. Motsett så er det slik at den hegemonisk alternative
ordning for samfunnsmessig arbeid ikkje kan fungere i det heile utan å omfatte
dei dynamiske endringskreftene på alle nivå av individuelt og samfunnsmessig
liv på ein positiv og medviten måte, inkludert dei strukturelt
livsviktige bestemmingane for samfunnet sin materielle og kulturelle
reproduksjon. Dette kan bli røyndom på eit varig og omfattande samfunnsmessig
grunnlag bare gjennom den naudsynte planlegginga
som er verd namnet sitt, medvite teikna og brakt til modning av autonome
samfunnsmessige individ.
På denne måten er endring tenkelig innan den
alternative hegemoniske ordninga ikkje som eit særskild steg eller noen steg
som blir tatt med kravet om ei endelig løysing eller ei avslutning (der vil
alltid komme fram noen ny utfordring som også vil vere velkommen i løpet av den
sosialistiske omdanninga), men bare gjennom den pågåande og aldri heilt fullførte – utviklinga av
sosialistisk medvit.
Slik
definerer den hegemoniske alternative måten for samfunnsmessig kontroll med
utvekslinga med naturen seg sjølv både som varig påverknad av dei fritt
tileigna viktige og verkande orienterande prinsippa – som verkeliggjør makta
til individuell og samfunnsmessig medvit – og som den verkande evna til
materiell produksjon og altomfattande samfunnsmessig reproduksjon. I røynda kan
ikkje den sistnemnde evna utvikle seg i det heile utan ein konstant
vekselverknad med dei prosjekta og planane som er medvite utforma av menneska i
sin samfunnshistoriske situasjon som endrar seg heile tida, i nært samsvar med
verdibestemmingane sine og i eit medvite driv for å ta dei utfordringane ein
møter og for å betre livsvilkåra sine. Og dei forbetringane som vi her snakkar
om veks ikkje bare fram som materielle saker, men i fullt samsvar med tydinga
av ”sjølvutviklande rike samfunnsmessige individ”.
Medvitet
til samfunnsmessige individ i arbeid under desse forholda, der det fins
konkurrerande krav mellom den etablerte samfunnsmessige ordninga for kontroll
med utvekslinga med naturen og det hegemoniske alternativet til den, er i
første omgang den medvitne trongen til å lukkast i å sette opp eit historisk
berekraftig alternativ til den veksande øydeleggingskrafta i kapitalens måte
for samfunnsmessig kontroll med reproduksjonen. Når det gjeld sjølvforståing og
ein historisk passande sjølvdefinisjon frå dei som er med på endringa, så er
samstundes det medvitet som trengs frå dei samfunnsmessige individa, som er i
gang med omdanningsprosessen, deira positive merksemd på at dei aktivt er med
på oppbygginga av den einaste tenkelige hegemoniske alternative ordninga under
dei framherskande omstenda,
Bare
denne slags sjølvforståing, sikra med ei kompromisslaus haldning, kan lukkast.
Vi har her å gjøre med eit eineståande mandat for ei altomfattande kvalitativ
endring som veks opp ved ein kritisk skiljeveg i menneska si historie. Ved ein
skiljeveg som før var utenkelig, fordi det no ikkje er noe anna enn menneska si
overleving på jorda som det dreier seg om.
Det
einaste samfunnsmessige organet som er i stand til å oppfylle det livsviktige
historiske mandatet som det her er spørsmål om er ei utdanning som er fast
retta mot pågåande utvikling av sosialistisk medvit.
9.8.7
Sidan
ideen om strukturendring i utgangspunktet
er utelukka når vi ser verda frå kapitalen sitt standpunkt, når vi tar omsyn
til dei naudsynte innskrenkande tankerammene i systemet, så må også framtidsdimensjonen lide under at han
blir fjerna frå visjonen til absolutt alle som får fastsett den historiske
horisonten sin ut frå kapitalen sitt utsiktspunkt. Sjølv eit filosofisk geni
som Hegel kunne følgjelig bare komme opp med ein avslutta tidsdialektikk då han nådde fram til si eiga notid i si
monumentale oppfatning av verdshistoria. Det er typisk at han sperra vegen før
muligheita av ein strukturelt sett viktig endring i framtida gjennom at han på
unnskyldande vis måtte halde fast på tanken om at ”Verdshistoria reiser frå Øst
til Vest, for Europa er historia sitt
absolutte endepunkt”[lxv],
noe som til sjuande og sist måtte være i antihistorisk ånd. Og han tilføydde, for godt mål, at denne
utviklingsprosessen fram mot klimakset sitt og den ideelle fullendinga si, er
”den sanne Theodicea (argument for sameining av Gud som rettferdig og nådig med
fakta om urett og vondskap slik vi opplever det på jorda – omsettarens
merknad), rettferdiggjøringa av Gud i Historia”.[lxvi]
Frå
kapitalen sitt synspunkt, som til sjuande og sist er sjølvøydeleggande, må
utsiktene til utvikling justerast slik at omsorg for det som skjer i augneblikket dominerer tidshorisonten.
All endring er tillate og legitim bare
viss dei vilkåra som kan følgje av endringa passar inn i rammeverket til
kapitalsystemet og dei verdibestemmingane som samsvarar med dei.
Innrettinga
på utdanninga til individa – medrekna dei materielle ønska og sosiale verdiane
– blir leia same vegen. Dei er direkte dominert av problem som oppstår for
kapitalen i augneblikket. Tidsmedvitet deira, så langt det angår ”framtida”, er
innskrenka til ei konstant fornya notid
i kampen deira med den fetisjistiske og innskrenkande makta til augneblikket i
kvardagslivet deira: ein kamp som dei med naudsyn ikkje på noe vis kan vinne
under styringa til kapitalen si naudsynte arbeidstid. Det nære og presserande må
derfor vinne fram over alt. Eit omgrep om ei materiell og samfunnsmessig
tenkelig altomfattande strukturendring,
for ikkje å snakke om at ei slik endring kan vere ønskelig og legitim, må
fortsette å vere absolutt tabu sett
ut frå det dominerande utdanningssystemet.
Kulten
av det lokale og det som skjer i augneblikket, som er så passande
for kapitalen, vinn fram og går uskiljelig saman. Derfor er det slik at vi,
innanfor dei tankebanane som samsvarer med kapitalens synsstad som er dominert
av kapitalens sjølvvilleiande påståtte ”naturlige ordning”, ikkje kan forstå
mangelen på utviklingskrafta i omfattande
og omdannande mål og ideal, som ber i seg ei framtidig grunnleggande samfunnshistorisk
endring på eit eller anna tidspunkt i framtida, utan å vere klår over den
uunngåelige avskorne tidshorisonten
til individa i dagliglivet deira. Det fins ein skadelig samverknad her som
produserer ein vond sirkel ut av forholdet mellom dei to. Den avkutta
tidshorisonten til individa utlukker at det er mulig å sette seg omfattande og
omdannande mål, og omvendt så dømmer fråveret frå visjonane deira av omfattande
omdannande bestemmingar, tidsmedvitet deira til å bli stengd inne i den trongaste
tidshorisonten frå det som skjer i augneblikket.
I
motsetnad til dette kan ikkje ein sosialistisk utdanning oppfylle det
historiske mandatet sitt utan å gi passende vekt til dei livsviktige omfattande
og omdannande måla som er knytt til deira passane tidshorisont. Dette tyder
sjølvsagt ikkje at dei mest grunnleggande måla for strukturendring må
overlatast til ei fjern framtid fordi vi ikkje kan unngå å ha lange perspektiv
for ei fullstendig verkeliggjøring av dei. Tvert imot, det er eit framtredande
karakteristisk trekk i dei sakene som vi må konfrontere i løpet av den
sosialistiske omdanninga at det som skjer nett no ikkje kan skiljast og på ein
passane måte fjernast, frå dei langsiktige og meir omfattande utfordringane,
for ikkje å sei sett i motstrid til kvarandre slik det er gjort tidligare på
ein sjølvorsakande måte. Kampsakene sjølv er så tett vevd inn i kvarandre at
handling som angår sjølv dei fjernaste måla, når det gjeld å oppnå dei fullt ut, som til dømes innføringa av verkelig likskap i rang og makt alle stader, i den fulle meininga
av dette omgrepet, ikkje kan bli utelate til framtida. Grunnen til dette er den eineståande historiske karakteren til
den altomfattande strukturendringa. Vi må legge ut på vegen til altomfattande
verkeliggjøring av verkelig likeverd alt i dag viss vi i det heile tar på alvor
at vi kan lukkast i fullføringa av den kompromisslause verksemda som trengs for
å sette opp og konsolidere ei slik radikal materiell og kulturell endring.
Det
er eit historisk eineståande særtrekk ved det sosialistiske rådet om kvalitativ
strukturendring at medvitet og sjølvmedvitet til individa må vere fokusert på
den allsidige og altomfattande naturen til den samfunnsmessige endringa som trengs
og av individa si eiga rolle i denne endringa som ein integrert del i heilskapsmåla, heller enn å bli oppdelt i den
private sfæren som meir eller mindre uverkelige isolerte individ. På denne
måten er også tidshorisonten til dei særskilde individa uskiljelig frå den
omfattande historiske tida til deira dynamisk utviklande samfunn i det heile,
same kor langsiktig det er. Slik blir
det, for første gong i menneskehistoria, forventa at individa skal bli verkelig
medvitne om den rolla dei spelar i den menneskelige utviklinga både når det
gjeld dei positivt mulige omfattande og omdannande måla og når det gjeld
tidsspennet i deira eigen medverknad og spesielle innsats i den endringa i
samfunna deira som utfaldar seg.
På
denne måten er medvitet og sjølvmedvitet til dei særeigne individa om deira
rolle som samfunnsmessige individ ein innbakt
og essensiell del av all tenkelig
suksess. Det gjeld den klåre oppfatninga dei har av deira direkte, men
sjølvstendig valde, særeigne ytinga i
den pågåande altomfattande
omdanninga. For dei kan ikkje på skikkelig vis oppnå sjølv deira relativt
avgrensa mål utan å sjå og vurdere relevansen til deira spesielle aktivitet,
som dei dannar og formar, som ein
innbakt del av den altomfattande historiske tida som blir skapt heile tida av
påfølgande generasjonar, inkludert dei sjølve. Bare innan dette perspektivet
kan dei fullt ut bli merksam på den livsviktige tydinga at deira eiga disponible tid som fritt samverkande
produsentar. Bare innan dette perspektivet kan dei på sjølvstendig vis tileigne
den disponible tida si, som samstundes er deira verkelige historiske tid som
særeigne samfunnsmessige individ som kan forstå og gi forståing til sitt eige
liv, til å skape ein kvalitativ forskjellig så vel som historisk berekraftig
samfunnsmessig orden for utveksling med naturen rundt seg.
I
denne radikale omdanninga står ikkje mindre enn den heilt livsviktige trongen
etter å skape eit levedyktig samfunn på spel. Det er ikkje tenkelig at denne
omdanninga blir vellukka utan at vi medvite sikrar den historisk uunngåelige fornuftige planen for den nye ordninga sine
overgripande konstantar på varig grunnlag og utan sjølvmedvitet til dei samfunnsmessige individa som skaparar og
oppattskaparar av dette overgripande opplegget på tvers av generasjonane. Og
det er fornuftig at skapinga og den passande fornyinga av det overgripande
mønsteret er utenkelig utan dei sjølvmedvitande og sjølvbestemte
verdibestemmingane til samfunnsmessige individ som er villige til å
identifisere seg sjølv med samfunnet deira si omdanning som utfaldar seg i
historia.
Utdanninga
si rolle, passande definert som den pågåande utviklinga av
sosialistisk/samfunnmessig medvit, er
klårt ein sentral del av denne store omdanningsprosessen.
9.8.8
Ut
frå den heilt nye presserande situasjonen i vår historiske tid kan ikkje
sosialismen i det 21. hundreåret la vere
å ta opp dei dramatiske utfordringane som kjem av det.
Generelt
sett oppsto dei allereie på Marx si tid. Men då var det jo ikkje den
fullstendige øydelegginga av heile menneskefellesskapen ei globalt trugande
røynd, fordi ei ikkje hadde dei militære middel og metodar for å klare dette på
lettvint vis som utviklar seg i nær
forbinding med kapitalsystemet si uunngåelige krise, slik alle opplever det
over alt i vår tid.
Marx
sjølv prøvde intenst å utforske måtar som vi kan bruke for å gjennomføre dei
altomfattande, omdannande endringane som er naudsynt for å motverke
kapitalsystemet sin framskridande øydelegging, på eit historisk berekraftig
grunnlag. Han var heilt klar over det faktum at det ikkje var tale om å lukkast
utan den medvitne truskapen frå folk ovafor det å verkeliggjøre den monumentale
historiske oppgåva å innføre ein radikalt forskjellig og fungerande
samfunnsmessig stoffskifteordning i reproduksjonen. Den intellektuelle og
overtalande makta som kjem frå teoretisk innsikt er i seg sjølv ikkje nok, same
kor godt han er fundert. Måten han hadde formulerte dette problemet på med stor
forståing for røyndommen, var å medgi at: ”Det
er ikkje nok for tanken å streve mot verkeliggjøring, røynda må sjølv streve
mot tanken.”[lxvii]
Han
visste godt at den stadig meir øydeleggane materielle/tinglige makta til
kapitalen, under den nedgåande fasen i systemet si utvikling, måtte bli møtt
med og positivt opphevd av den materielle makta til eit historisk sett levedyktig
alternativ. Derfor føydde han til den setninga som vi nett siterte ovanfor at
”teorien blir også ei materiell kraft så snart han har gripe massane”[lxviii]
for å understreke på kva slags måte det teoretiske arbeidet kunne bli
meiningsfullt. Naturligvis er det ikkje alle teoriar som kan det. Sidan det er
spørsmål om å opprette eit passande
samband mellom ein teori som er laga for å verkeliggjøre ideen om ei
grunnleggande samfunnsendring og den materielle krafta som kunne gjøre ein
forskjell, må noen avgjørnde, viktige vilkår vere oppfylt. Utan det tyder ikkje
ideen om at ”teorien grip massane” noe anna en tom moraliserande
slagordsspreiing, noe som ofte har vore tilfelle når det gjeld sekterisk og
elitearta politisk diskurs/tale. På dette viset konkluderte Marx sine
refleksjonar om emnet ved å understreke sterkt at ”Teorien kan bli verkelig i
eit folk bare så langt som han er
verkeliggjøringa av behova/trongen til dette folket.”[lxix]
Teorien
kan ikkje nå folket det gjeld av bøker aleine,
heller ikkje bare ved å snakke om dei til ein tilfeldig gruppe av
individ, sjølv med dei beste motiv. Radikale tankar kan ikkje lukkast med å nå
målet sitt med å endre det samfunnsmessige medvitet utan ei passande organisatorisk utvikling. Ein
samanhengande organisasjon som kan stå for det historisk utviklande rammeverket
mellom behova til folket og dei strategiske ideane for å få gjennomslag for dei
er essensiell for å lukkast med omformingstiltaket. Derfor er det ikkje på noen
måtar overraskande at Marx og den nære medarbeidaren, Engels, som unge
revolusjonære intellektuelle, gjekk med i den mest radikale samfunnsrørsla på
deira tid og var ansvarlige for å skrive Det
kommunistiske manifest som rådde til ein kompromisslaus organisert
innverknad på den globale prosessen som utfolda seg.
Det
er også grunnleggande viktig å ha ein klår idé om den strategiske innrettinga
til medvitet slik det utviklar seg, det vil seie det naudsynte fokuset som er
vilkår for at ein ikkje skal bli avspora frå å verkeliggjøre den historiske
oppgåva. Det er derfor at Marx understreka at ”kommunistisk medvit” bare kunne oppfylle det historiske mandatet
sitt viss det var ”eit medvit om naudsynet
av ein fundamental revolusjon.”[lxx]
I
tillegg har vi eit like viktig spørsmål, spørsmålet om kor vidt utbreidd dette kommunistiske medvitet må vere i samfunnet
for å ha ein sjanse til å vinne over motstandaren sin, saman med
oppfølgingsspørsmålet om dei vilkåra for spreiinga
av dette medvitet som framleis manglar under dei framherskande tilhøva,
sett ut frå den lange historiske tilpassinga til det folket det gjeld som
hindrar ei omfattande tileigning av det kommunistiske medvitet. For freistinga
til å slutte opp om fortropptenkinga,
som til sjuande og sist er sjølvøydeleggande, oppsto ikkje i moderne tid. Ho
var allereie framtredande godt før Marx si tid. Dette dreidde seg ikkje bare om
fåkunne om spørsmålet ”korleis skal undervisarane sjølv bli
undervist” slik at noen tenkte at dei sjølvoppnemnde ”undervisarane” hadde
ein slags medfødd rett eller ei tillagd særstilling, men meir generelt dreier
det seg om den livsviktige saka som gjeld makt til å bestemme som utelukkar dei
store massane av folket. Dessutan er slike eliteprega oppfatningar alltid dømd
til resultatløyse og nederlag fordi at det ikkje kan vere noe håp om å vinne
mot dei overveldande oddsa i kapitalen sin favør under dei framherkande
historiske vilkåra, utan å mobilisere dei store massane av folket.
Opp
mot alle tenkelig eliteprega, feile framstillingar av utfordringa som vi har
sett fleire materialseringar av i fortida, understreka Marx:
”Både
for produksjonen av kommunistisk medvit i masseomfang,
og for at saka sjølv skal bli vellukka, er endringa av menneske i massemålstokk
naudsynt, ei endring som bare kan finne stad i ei praktisk rørsle, ein revolusjon;
derfor er revolusjonen naudsynt, ikkje bare fordi den herskande klassen ikkje
kan bli kasta på anna vis, men også fordi den klassen som kastar han bare
gjennom ein revolusjon kan kvitte seg sjølv med all driten frå lange tider og
blir i stand til å grunnlegge samfunnet på nytt.”[lxxi]
Desse
tankane fortsett å vere gyldige også i notida og framtida. Sekterisk
fortroppvesen kan aldri komme på høgd med storleiken til den historiske oppgåva
som inneheld både danninga av ei revolusjonær masserørsle som er i stand til å
lukkast i å overvinne motstandaren sin og samstundes ”kvitte seg sjølv” med den
paralyserande driten frå tidligare tider, slik at dei blir i stand til å grunnlegge samfunnet på nytt. Dette er grunnen
til at Marx set trongen for kommunistisk
massemedvit opp mot det ”abstrakte
idealet som dei trur folk skal rette seg etter”. Anten dei som råder til
ein slik tilnærmingsmåte er klår over det eller ikkje, så var sekterisk
fortroppsvesen alltid – og kunne aldri bli noe anna enn – akkurat eit forsøk på
å presse på dei store massane av folket det abstrakte idealet som Marx klaga
på, mens dei arrogant eller naivt avviste det gjeldande alternativet som er kommunistisk massemedvit som ”populisme”
eller noe slikt. Og dette ytre påpressa ”abstrakte idealet” til det sekteriske
fortroppvesenet kan vi ikkje sjå på som mindre skadelig bare fordi noen av dei
trufaste tilhengarane sjølv personlig er villige til å tilpasse seg til det.
Paradoksalt
nok var det slik at ”røynda sjølv strevde
mot tanken”, for å bruke Marx sitt uttrykk, men ”tanken” – slik han skulle
vere materialisert i dei samfunnsmessige og politiske strategiane til ein
naudsynt radikal omforming, saman med sine korresponderande organisatoriske
uttrykk – var ikkje opp til utfordringa. For å
motverke det tilfellet at vi ikkje skal klare å bruke den fordelen som
dei gunstige vilkåra som stig fram midt i
kapitalen sin stadig djupare strukturkrise skapar, må vi hugse på to
svært viktige spørsmål. Når det gjeld begge er utdanninga si rolle avgjørande
som den svært naudsynte utviklinga av sosialistisk medvit. Utan dette er sjølv
den svært alvorlige krisen i kapitalen sin samfunnsmessige orden for utveksling
mellom menneske og naturen rundt langt frå tilstrekkelig til å sette i gang
prosessen med å ”grunnlegge samfunnet på nytt”.
Det
første spørsmålet gjeld den naudsynte overgongen
frå den herskande ordninga til eit historisk berekraftig samfunn i framtida.
Som vi har sett tidligare er kapitalen si djupt forskansa samfunnsmessige orden
for utveksling mellom menneska og naturen rundt og mellom menneska og menneska
kjenneteikna av at motverdi
dominerar, dvs. at sløseri og øydelegging blir sett på som positivt. Dette
trekk med seg degradering av ”utdanning” til konformistisk tilpassing av folk
som må ”gjøre til sine eigne” kapitalsystemet sine destruktive og
sjølvmordariske krav i ei ånd som passer med oppretthaldinga og utbreiinga av motverdi. Slik sett er det å røre seg
frå ei ny samfunnsmessig ordning for utveksling, i overgongsamfunnet, uskiljelig frå det naudsynte å overvinne den nedarva sosiale tenkemåten til kapitalen
si reproduktive ordning. Det er bare gjennom utdanning sett som radikal sjølvutdanning av samfunnsmessige
individ, at desse individa blir både elevar og lærarar i løpet av ”endringa som bare kan finne stad ei praktisk rørsle, ein revolusjon”. Dette
er den einaste tenkelige måten vi kan bruke for å overvinne den konservative
todelinga i alle eliteprega oppfatningar som deler opp folk i noen få utvalde,
mystisk overlegne ”lærarar” mens resten av samfunnet blir varig plassert i den
underordna posisjonen som ”elevar”, som Marx understrekar. Ut frå dette må vi
heile tida vere klar over at rådet om ei ”endring av folket slik at dei blir i stand til å grunnlegge samfunnet på
nytt” bare kan gjennomførast gjennom ei utvikling av ”kommunistisk massemedvit” som omfattar den store majoriteten av
samfunnet.
Denne
utviklinga finn stad i eit overgangssamfunn
med sine gitte karakteristiske trekk som vi ikkje kan ønske vekk for at det
skal passe inn i ein idealisert førestelling om framtida. Dei eksisterande
formidlande løftestengene – dei praktiske formidlingane[lxxii]
som vi kan finne mellom notida og ei berekraftig framtid – er dei einaste midla
og metodane som kan brukast for å gjøre dei generelt
orienterande prinsippa for den sosialistiske omdanninga til verkande krefter og stadig forbetre
vilkåra for å utvikle dei positive potensiala og redusere makta til dei nedarva
negative innverknadene. For å få til ein vellukka prosess er det naudsynt å
stole på den praktiske dialektikken av både endring og kontinuitet ved å konsolidere dei positive potensiala og vinningane
som eit naudsynt grunnlag som vi så kan bygge vidare på. Naturligvis inneheld
den skikkelige måten å ta vare på dei tilgjengelige formidlande løftestengene i
overgangssamfunnet at vi medvite tilpassar til vårt eige opplegg dei
progressive håpa til den meir fjerne fortida – slik vi tidligare har sett dei
med omsyn til dei utdanningsideala til dei store opplysningstenkarane som ikkje
kunne settast ut i livet i deira tid. Slik attskaper vi ei tapt historisk kontinuitet som kapitalen
verkar heilt skadelig inn på det noverande trinnet i systemkrisa si. Vellukka overgong er ein livsviktig historisk
prosess som utfaldar seg i ein berekraftig dialektikk av endring og kontinuitet.
Viss vi ikkje tar omsyn til begge dei to gjeldande dialektiske sidene i ein
slik prosessen, for ikkje å seie undertrykke dei, kan vi bare øydelegge historia, slik kapitalen held
på å gjøre i dag. Den sjølvstendige rolla til sjølvutdannande utdanning når det
gjeld å gripe og på tilpasse det tradisjonelle samfunnet sine formidlande
løftestenger, er den naudsynte byggaren av positiv kontinuitet. Det er levande historie slik han utfaldar seg i
retning ei vald framtid, og på same tid er det dei samfunnsmessige individa sin
medvitne måte å leve si eiga historie i den vanskelige overgangsperioden.
Det
andre spørsmålet dreiar seg om den internasjonale
utfordringa vi står framfor. For ingen kan med alvor nekte på at dyrkinga
av det lokale – frå naiv romantikk som seier at ”lite er vakkert” til det
sjølvøydeleggande og einsidige slagordet ”tenke globalt, handle lokalt”, er totalt makteslaust mot kapitalen sine globale
ressursar for å dominere og øydelegge. Samstundes kan vi vanskelig nekte for at
tidligare forsøk på å gå mot kapitalen gjennom å organisere sosialistiske
internasjonalar ikkje levde opp dei erklærte måla sine. Ein av dei viktigaste
grunnane at det gikk gale med internasjonalane var den svært urealistiske
føresetnaden om doktrinær einskap som
utgangspunktet og naudsynte funksjonsmåte og at dei forsøkte å påtvinge saker på ei mengd måtar som
virka sjølvøydeleggande og leidde til at dei spora av og fall saman. Å rette på dette problemet på ein medviten
måte, i samsvar med dei krava og muligheitene som fins i vår historiske tid, er
ei stor utfordring i framtida.
På
den andre sida var kapitalen sin ideologiske dominans på det internasjonale
feltet kraftig understøtta av ein kultur
med verkelig ulikskap i rang og makt. Den fremma den sjølvtenande myten om
”verdshistoriske nasjonar” – ein
handfull med mektige kapitalistiske land som blei dominerande under bestemte
historiske omstende – til bate for mindre nasjonar som dei påsto var bestemt
til å bli underordna dei ”verdshistoriske” landa for alltid. Dette synet løfta
opp, i abstrakt filosofi, noe som var tydelig historisk tilfeldig til den høge statusen av noe slags a
priori ontologisk naudsynt (dette tyder at det var bestemt på
førehand og var ein del at naturlovene – omsettaren sin kommentar), og kulminerte
i ein orsakande læresetning som sa at dei ”verdshistoriske nasjonane” i Europa
representerte ”den absolutte slutten på historia”. På denne måten blei det
heilt urettferdige systemet med dominering og strukturell underlegging
rettferdiggjort gjennom den spekulative utkledinga som framstilte dei tilfeldig
oppretta, brutale maktforholda som kunne endrast historisk, som eit påstått
varig forhold av verkelig ulikskap i rang og makt.
Utdanninga
si rolle er også avgjørande i dette forholdet. For det er på den eine sida
naudsynt å avsløre – gjennom den avmystifiserande makta til den sosialistiske
utdanninga – den unnskyldande karakteren til den lenge etablerte kulturen med verkelig ulikskap, i alle formene sine,
for å føre oss nærare verkeliggjøringa av varig haldbare menneskelige forhold
av verkelig likeskap i rang og makt i
den historisk globale ordninga som endrast. På den andre sida er den positive
innverknaden av utdanninga vital for å møte den store internasjonale utfordinga i vår historiske tid når det gjeld å
utarbeide måtar for å møte kapitalen sin globale dominans på, gjennom
opprettinga av fungerande
organisasjonsformar for sosialistisk solidaritet.
Terje
Valen, 10.01.2010 22:38.
Rødt
gav i 2007 ut den vesle boka ”Sosialisme skapes
ikke i himmelen” av Michael A. Lebowitz. For dei som las boka litt nøye
dukka namnet Istvan Mészáros opp i tre sluttnotar i boka. Notane viste til boka
hans ”Beyond Capital: Toward i Theory of Transition” utgjeven på Merlin Press
og i pockeutgåve på Monthly Review Press i USA i 1995. Eg hugsa då at eg hadde
lese den første boka hans på engelsk etter at eg skreiv boka mi om ”Marxistisk
renessanse – kommunistisk offensiv”(han skriv på ungarsk og italiensk også,
blant anna). Den boka hadde tittelen ”Marx’s Theory of Alienation” og handla
altså om Marx sin framandgjøringsteori. Det er kanskje den beste boka om dette
emnet som er skrive, og boka peikar på mange tilhøve som er viktige for å kunne
oppheve kapitalismen og kapitalen og skape sosialisme og kommunisme. Eg bestemte
meg derfor til å studere fleire av skriftene til Mészáros og begynte med
”Beyond Capital, Towards a Theory of Transition” (Bortanfor kapitalen – mot ein
teori om overgang.) frå 1994. Så las eg altså ”The Challenge and Burden of
Historical Time – Socialism in the Twenty-First Century”, ”Den historiske tida
si utfordring og byrde – sosialisme i det tjueførste hundreåret”. Boka er ei
samling av artiklar og førelesningar pluss nye tekstar som utdjupar og fører
fram analysane til 2008. Den første teksten er frå 1997 og dei siste frå 2008.
Det er den som eg no omsett kapittel 8 frå. Eg har no og lese ferdig ”The Power
of Ideology” som kom ut i 2005 og ”Philosophy, Ideology & Social Science –
Essays in Negation and Affirmation” som kom ut i 1986 og som inneheld essays
frå 1970 og frametter, og har lese ”Social Structure and Forms of
Consciousness” – volume I: ”The Social Determination of Method” (2010). Eg har
no lese ferdig denne boka og er snart ferdig med bind 2: ”The Dialectic of
Structure and History” (2011).
Mészáros
er sikkert blant dei alle mest inspirerande akademiske marxistane i verda i
dag. Med ei bredd på marxforståing og ei djupn i forståing av den
sosialistisk/kommunistiske rørsla og ei filosofisk skolering som går utanpå dei
fleste. Og så er han kompromisslaust revolusjonær samstundes som han ikkje
nøler med å utfordre det han vil av heilage kuer. Mészáros si avdekking av dei
forskjellige formene for borgarlig ideologi frå byrjinga av og fram til i dag
er ei sann svir å lese. Trist han ikkje fins på norsk. Og han skriv også
relativt vanskelig på engelsk. Men har du forstått noen av termane hans, som
ikkje har vore så vanlige i den kommunistiske rørsla, men som er fulle av
innhald og ligg nært opp til Marx, så går det betre. Eg vonar at mi omsetting,
som ikkje på noen måte er perfekt, kan vere til hjelp for dei som vil lese meir
av Mészárov. Det er ikkje sikkert at første runde av omsettinga er konsekvent
når det gjeld valformer.
Terje
Valen, 25. januar 2010 – 2. oktober 2011.
[i]
Istvan Mészáros: The Challenge and Burden
of Historical Time, side 262.
[ii]
Friedrich Engels, Anti-Dühring,
Stockholm 1955, side 39.
[iii]
Mészáros, Marx’s theory of Alienation,
Merlin Press, 1970
[iv]
Marx, “The Eighteen Brumaire of Louis Bonaparte,” I Marx and Engels, Collected Works, bind 11 (London: Lawrence
and Wishart, 1979), 107.
[v]
Sjå kapittel 7 i Meszárós: The Challenge
and Burden of Historical Time – Socialism in the 21. Century: “The
Challenge of Sustainable Development and the Culture of Substantive Equality”,
ei førelesning gjeven på The Cultural
Forum of the Latin American Parliaments’ “Summit on the Social Debt and Latin
American Integration,” halde I Caracas, Venezuela, 10.-13. juli, 2001.
[vi]
Rousseau, A Discourse on Political Economy (Everyman edition), 262-264.
[vii]
Sjå til dømes Jean-Claude Paye, ”The End of Habeas
Corpus i Storbritannia”, Monthly
Review, November 2005. Her karakteriserer forfattaren den skadelige utviklinga i lovgjevinga til
det britiske parlamentet slik: “Lova angrip den formelle maktdelinga ved å gi
innanriksministaren juridiske fordelar. Vidare reduserer den retten til
forsvar til mest ingen ting. Den etablerer også ein praksis det mistanke har
forrang for fakta sidan tiltak for å avgrense rettar, noe som kan leie til husarrest, kan bli retta mot enkeltpersonar,
ikkje ut frå kva dei har gjort, men ut frå kva inn. Utanriksministaren tenkjer
at dei kan ha gjort eller kan gjøre. Derfor vender denne lova med overlegg
ryggen til eit samfunns styrt ut frå lovar og opprettar ein ny form for
politisk regime”. Sjå også kapittel 10 i denne studien, spesielt diskusjonen om
”Politikkens strukturelle krise”.
[viii] Dette kravet om
samfunnsmessig likeverdig universalisering av arbeid dukka opp for fleire
hundreår sidan i skriftene til noe store visjonære tenkarar, men utan i vinne
fram under den overmektige dynamikken i den pågåande samfunnsøkonomiske
utviklinga i deira tid. Sjå diskusjonen min om Parcelsus i kapittel 8 ovanfor.
[ix] Harry Magdoff og Fred
Magdoff, ” Approaching Socialism”, Monthly
Review, juli/august 2005.
[x]
Marx, The Poverty of Philosophy,
(London, Martin Lawrence Ltd.) side 47.
[xi] Den ulykksalige
Kyoto-historia er bare den siste fasen av denne utviklinga. For meir enn ti år
sidan påstod eg at ”Alle forsøk på å gå laus på dei problema som ein er
tilbakehaldande med å innsjå må skje
under den kvelande vekta av dei grunnleggande lovmessigheitene og strukturelle
antagonismane i systemet. Derfor vil dei ’korreksjonane’ som er foreslått innan
rammene for dei store internasjonale samkomene – som møtet i Rio de Janeiro i
1992 – ikkje føre til noe. Slik er det fordi dei må underordnast
oppretthaldinga av dei fastsette globale makttilhøva og kapitalmakta.
Årsakssamanhengar og tid må bli handsama som ei leikesak for dei dominerande
kapitalinteressene same kor påtrengande faren er. Derfor er framtida kynisk og
uansvarlig innskrenka til den trongaste horisonten til dei næraste
profittforventningane.” Mészáros, Beyond
Capital, side 148. ”Karakteristisk nok blir sjølv dei veike resolusjonane
frå konferansen i Rio de Janeiro i 1992 bare brukt som eit alibi for å fortsette som før og ikkje gjøre noe for å møte
utfordringane, mens dei let som dei ’oppfyller dei lovnadane som er gitt’”. (Same
verk, side 270.)
[xii]
Harry Magdoff, intervjua av Huck Gutman,”Creating a Just Society: Lessons from
Planning in the U.S.S.R. & the U.S.,” Monthly
Review, oktober 2002.
[xiii]
Marx, Kapitalen, bind 1 (Moskva: Foreign Languages Publishing House, 1959),
side 85.
[xiv]
John Stuart Mill, Principles of Political
Economy, (London: Longmans, Green, and Co., 1923), side 751.
[xv] Same stad, side 749.
[xvi] Same stad.
[xvii] Eg siterer heile den
pretensiøse tittelen på boka. The
Limits to Growth: A Report for the Club of Rome Project on the Predicament of
Mankind, A Potomac Associates Book (London: Earth Island
Limited, 1972).
[xviii]
Avslørande nok så avviste den leiande teoretikaren bak denne ”vekstavgrensings”
–framstøyten, professor Jay Forrester, på nedlatande vis all omsut for likskap
som bare ”tomt likskapssnakk”. Sjå intervju med han i Le Monde, 1. august, 1972.
[xix] Sjå kapittel 4 i denne
boka, spesielt avdeling 2: ”Den potensielt mest daudelige fasen i
imperialismen”.
[xx]
Vadim Medvedev, ”The Ideology of Perestroika” in Abel Aganbegyan, red. Perestroika Annual, bind 2 (London
Futura/MacDonald, 1989), sidene 31-32.
[xxi]
Tittelen på Hayeks mest berømte korsfararbok.
[xxii]
Gorbatsjov sitert i John Rettie, ”Only Market can Save Soviet economy”, The
Guardian, 17. oktober, 1990.
[xxiii]
For å sitere ein av Hegel sine idealiserande påstandar: ”Nasjonalstaten er
anden i sin verkelige fornuft og direkte aktualitet og han er derfor den
absolutte makta på jorda.” Hegel, Rettsfilosofi
(Oxford: Clarendon Press, 1942), side 212.
[xxiv]
Marx, Filosofiens elende i Marx and
Engels, Collected Works, bind 6
(London: Lawrence and Wishart, 1976), side 134. Sitert i kapittel 19 i Beyond Capital (“The Communitarian
System and the Law of Value in Marx and Lukács”). Sjå og kapittel 15 (“The
Decreasing Rate of Utilization Under Capitalism) og kapittel 16 (“The
Decreasing Rate of Utilization and the Capitalist State”) I Beyond Capital, som tar opp noen viktige
forhold som er knytt til dette.
[xxv]
Marx, Grunnriss (Harmondsworth:
Penguin Books), side 708.
[xxvi]
Same stad.
[xxvii]
Marx: Kritikk av Gotha-programmet, Marx
og Engels, Selected Works, bind 2, -Moskva, Foreign Languages Publishing
House, 1958.)
[xxviii]
Sjå Walt Rostow, The Stages of Economic
Growth: A Non-Communist Manifesto (London: Cambridge University Press,
1960). Rostow var eit framtredande medlem av president Kennedy si “brain trust”
(tankesmie).
[xxix]
Lenin, Collected Works, bind 36 (London: Lawrence and Wishart, 1960), side
606. (Desse
sitata er tatt frå noen notat som Lenin skreiv 30. og 31. desember 1922. Dei
kritiserte den planen som Stalin hadde foreslått for å slutt saman alle dei
forskjellige nasjonalitetane ut frå tanken om at dei skulle tre inn i Sovjet
Unionen på grunnlag av autonomi. Det vil seie at dei gav opp sjølvstendet sitt
i utgangspunktet. Lenin sitt forslag var at dei forskjellige republikkane
skulle tre inn i ein union der alle republikkane var heilt likestilte. Notata
førte til at Stalin sitt forslag blei forkasta og Lenin sitt forslag gav
retninga for korleis Sovjet Unionen blei danna. Omsettarens kommentar.)
[xxx] Same stad, side 610.
[xxxi] Sjå diskusjonen min om
desse problema i ”Den dramatiske tilbakekomsten av det nasjonale spørsmålet”,
som var del av ein artikkel med tittelen ”Socialismo hoy dia”, skriven mellom
desember 1989 og januar 1990 for det venezualanske kvartalstidsskriftet El ojo del huracán og utgjeven i
februar/mars/april-nummeret. Det blei seinare publisert opp att i del IV av Beyond Capital.
[xxxii] Engels,
Brev til August Bebel, 18.-28. mars, 1875.
[xxxiii] Rosa
Luxemburg, Juniuspamfletten (Colombo,
Young Socialist, 1964), side 54.
[xxxiv] Sjå seksjon 2 i dette
kapitlet om deltaking.
[xxxv] Bolívar kalte likskap
”lovenes lov” og la til at ”utan likskap forsvinn alle fridomar og alle rettar.
Vi må ofre oss for fridommen”. ”La ley de las leyes: l Igualdad. Sin ella
perecen todas las libertades. A ella debemos
hacer los sacrificios.”
[xxxvi] ”El
peligroso loco del Sur.”
[xxxvii] Se José
Martí, ”Discurso,” halde i Harman Hall, New York, den 10. Oktober, 1890 og «La
Verdad Sobre los Estados Unidos, » Patria,
17. April, 1884.
[xxxviii]
« Acaso sólo allí podrá fijarse algún día la capial de la tierra, como
pretendió Constantino que fuese Bizancio la del antiguo hemisferio. »
[xxxix] Kvart par med namn står
for erobrarar og erobra, Árpád var leiaren for dei ungarske stammene som vann
over Zalán på dei Karpatiske slettene, og Werbözcy var ein statsmann som tidlig
i det sekstande hundreåret brutalt slo ned bondeoppreisten til György Dózca.
[xl] Her kan vi føye til
krigane i Midt-Austen.
[xli] Mészáros, Marx’ Theory of Alienation (London,
Merlin Press, 1970), side 310.
[xlii] Same stad, side 342.
[xliii] Sjå artikkelen min:
”Strukturkrisa i politikken”, Monthly Review, september 2006.
[xliv] Rosa Luxemburg,
”Organisatoriske spørsmål når det gjeld det russiske sosialdemokratiet”, i The Russian Revolution and Leninism or
Marxism, (Den russiske revolusjonen
og leninisme eller marxisme) (Ann Arbor: The University of Michigan Press,
1970), side 98.
[xlv]
Rousseau, The Social Contract
(Samfunnskontrakten), (Everyman edition), side 78.
[xlvi] Rousseau, same verk,
side 79.
[xlvii] Dette er diskutert meir
i detalj i kapittel 14 i Beyond Capital.
[xlviii]
Same stad.
[xlix]
Adam Smith, The Wealth of Nations,
(Edinburgh: Adam and Charles Black. 1863), side 200.
[l]
Same verk, side 273.
[li]
Her er det verd å hugse på den store moralske indignasjonen som Thomas Münzer,
den anabaptistiske leiaren av den tyske bonderevolusjonen, viste to og eit
halvt hundreår seinare, då han forbanna (denounced) systemet med ”naturlig”
omdanning til varer og framandgjøring. Müntzer noterte kor
uuthaldelig det var ”at kvart levande
vesen må omdannast til eigedom,
fiskane i vatnet, fuglane i lufta, plantane på jorda”. Sitert i kapittel 7.1 i
denne teksten.
[lii] Lenin gjorde det heilt
klart at ”politiske revolusjonar kan
ikkje under noen omstende skygge for eller svekke slagordet om sosialitisk revolusjon … som vi ikkje må
sjå på som ei einstaka handling, men
som ein periode med omkvervlande
politiske og økonomiske oppstandar, den mest intense klassekamp, innbyrdeskrig,
revolusjonar og motrevolusjonar”, i Collected Works, bind 21 (London: Lawrence
and Wishart 1960), side 340. Mens Lenin heile tida haldt oppe medvitet om den
grunnleggane forskjellen mellom den pågåande politiske og sosiale revolusjonen,
sjølv då han uomgjengelig blei tvinga til å forsvare den reine overlevinga av
den politiske revolusjonen sjølv etter at den revolusjonære bølgja i Europa
hadde flata ut, så viska Stalin ut denne avgjørande forskjellen og let som det
uunngåelige første steg i retning den
sosialistiske omdanninga representerte sosialismen sjølv, slik at han enkelt
kunne følgjast opp ved å stige opp til ”kommunismens høgaste stadium” i ein
omringa stat.
[liii] Marx skreiv sjølv at
kapitalen, i løpet av den såkalla primitive kapitalakkumulasjonen trer fram
”drypande av blod frå hovud til fot, frå kvar pore”. Sjå del VIII av Marx, Kapitalen, bind 1: ”Den såkalla
primitive akkumulasjonen”.
[liv] Hegel, The Philosophy of History (New York:
Dover Publications, Inc., 1956), side 457.
[lv] Når det gjeld dette
tilhøvet, sjå seksjon 3 (”Historiske utfordringar for den sosialistiske
rørsla”) i kapittel 4 over, og kapittel 18 i
Bortanfor kapitalen.
[lvi] Økonomiske manuskript 1861-63 i
Marx and Engels, Collected Works,
bind 34 (London: Lawrence and Wishart, 1994), side 457. Ein annan viktig
kvalifisering som må føyast til her er at “produktivt arbeid –
verdiproduserande – alltid møter kapitalen som arbeidet til isolerte arbeidarar, same kva
samfunnsmessig samanslutning dei arbeidarane går saman i innan
produksjonsprosessen. Derfor er det slik at mens kapitalen representerer den
samfunnsmessige produktive krafta til arbeidet ovafor arbeidarane, så
representerer alltid det produktive arbeidet ovafor kapitalen bare arbeidet til
den isolerte arbeidaren” (same verk,
side 460).
[lvii] Same verk, side 456.
[lviii] Same verk, side 457.
[lix] Frå ”Behovet for å gå
til motangrep mot kapitalens utanomparlamentariske kraft”, avsnitt 18.4 i Bortanfor kapitalen, sidene 734-5.
[lx] Sjå kapittel 8 i denne
boka og kapittel 10 (”Framandgjøring og utdanningskrisa”) i mi bok om Marx framandgjøringsteori (London: The
Merlin Press, 1970).
[lxi] Økonomiske manuskript
frå 1861-63, det siterte verket, side 457.
[lxii] Marx, Grunnriss, side 708.
[lxiii] Sjå diskusjonen i
kapittel 5 ovafor, når det gjeld noen saker som er knytt til dette.
[lxiv] Fidel Castro Ruz, tale i
Katowice i Polen, 7. juni 1972, sitert i Carlos Tablada Pérez, Economia, etica e politica nel pensiero di
Che Guevara (Milano: Il Papiro, 1996), side 165.
[lxv] The Philosophy of History,
det siterte verket, side 103.
[lxvi]
Same verk, side 457
[lxvii]
Marx and Engels, Collected Works,
bind 3, side 184.
[lxviii]
Same stad.
[lxix]
Same stad.
[lxx]
Marx and Engels, Collected Works,
bind 5, side 52
[lxxi] Same verk, side 52-53.
[lxxii] Filosofisk sett får kategorien formidling særs stor vekt i den historiske perioden då det skjer overgong til ei ny samfunnsmessig ordning.